Viser innlegg med etiketten Hans Olav Lahlum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hans Olav Lahlum. Vis alle innlegg

18. desember 2025

Norsk krim 2025 del 2

 Dette har vore ein sterk krimhaust! Her kjem ein ny samleomtale.

Nattseileren av Heine Bakkeid
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites

For ei bok! For ei ubehageleg - og fascinerande - leseoppleving! Nattseileren er ingen kosekrim, her er det verkeleg mørkt, både på det ytre og det indre plan. Stemninga er uhyggeleg, handlinga rystande, galskapen rår - og vêret er naturlegvis skikkeleg dårleg. 

Bakkeid, mest kjent for serien om Thorkild Aske, har med dette utgitt ein frittståande og nervepirrande thriller, og det er lenge eg las noko liknande. Fekk nesten Stephen King-assosiasjonar, men Nattseileren er meir realistisk - og dermed meir skremmande.

Hovudpersonen Jakk er psykisk sjuk, og me møter han medan han er på rømmen frå psykiatrisk sjukehus. Er han så gal og så farleg som enkelte trur? Er han på hevntokt? Kva skjedde den gongen då systera hans Jenny forsvann? Kven skjuler sanninga? Som lesar er ein lenge usikker på kva som er motivet, kvifor han handlar som han gjer. Men gradvis og via tilbakeblikk får me vita meir av kva som har skjedd tidlegare - og det er ikkje sikkert at det er Jakk som er den farlegaste..

Me får også følgja lensmannen Annemor Anger og politibetjenten Helene Jakobsen si etterforsking. Det kjem etter kvart fram kvar Jakk skjuler seg, men korleis nå fram til dei involverte når stormen rasar og infrastrukturen er lamma?

Nattseileren er ei dramatisk, opprørande og trist historie som blir verande hos lesaren lenge etter avslutta lesing. Boka er så intens at ein nesten kvir seg for å lesa vidare, i frykt for kva som kan skje. Eit soleklart og sterkt terningkast 5.

De svarte enkene av Ingar Johnsrud
Aschehoug 2025
Speletid 11:52
Lytteeksemplar frå forlaget

Dette er også ei veldig spennande bok, men på ein heilt annan måte enn den over. Eg likte godt den forrige boka Patrioter, og slo til då forlaget tilbaud meg leseeksemplar. For meg vart det då lydbok. (Ver obs på at om du lyttar til boka kan det vera krevjande å halda styr på alle trådar og karakterar.)

Historia startar med at eit Herculesfly styrtar over Østersjøen. Ombord er åtte ukrainske soldater og tre norske besetningsmedlemmar. Samstundes, i Oslo, vert ein person drept i en parkeringskjellar. Alt dette skjer på sjølvaste 17. mai.
Det handlar vidare om krigen i Ukraina og kommande fredssamtalar. Men i boka er det verken president Trump eller europeiske leiarar som står bak, men norske styresmakter, - i all hemmelegheit. Jens Meidel er nyutnemnd justisminister og blir involvert i verdenspolitikken medan han må handtera intrigar og politisk maktkamp, samt kjærleiksforhold og familieforviklingar. Eit anna maktspel som finn stad er mellom E-tenesta og PST. 

Boka er aktuell, truverdig og realistisk, har eit voldsomt tempo og driv og er ein skikkeleg sidevendar. Det er planlagt at dette blir ein trilogi, så eg ser fram til neste bok! Terningkast 5.


Taperen av Terje Bjøranger
Cappelen Damm 2025
303 sider
Lånt ebok BookBites

Forfattaren held seg til tematikken frå dei føregåande bøkene i serien om Charlie Robertsen; æresrelatert kriminalitet, gjengkriminalitet og samfunnet si berøringsangst. Dette er bok nummer 6 i serien.

Den såkalla æreskulturen er det mange som lir under, både kvinner/jenter og menn/gutar, i dagens Noreg. I Taperen møter me eit ungt par på flukt frå Nabifamilien; ein kriminell klan. Men sjølv i Chile og under ny identitet er ikkje dei to trygge. Samstundes, i Sverige, er ein annan klan i konflikt/krig med Nabiklanen. 

Charlie Robertsen, vår "helt", er egentleg degradert på grunn av gjentekne tvilsame og utradisjonelle arbeidsmetodar. Men så blir han involvert i ei ekstraordinær etterforskargruppe; ei arbeidsgruppe med utvida fullmakter, for om mogleg å få has på kriminelle bakmenn og klanar. Det blir etter kvart veldig spennande - og skremmande realistisk.

Bjøranger har bakgrunn som politiadvokat i Kripos og veit kva han snakkar om når han skriv om kriminelle klanar/familiar, æresdrap og negativ sosial kontroll. 
Også Taperen får terningkast 5.

Alliansen av Aslak Nore
Aschehoug 2025
399 sider
Lånt ebok BookBites

Alliansen blir kategorisert som roman av forlaget, og det er sikkert riktig, men eg tek likevel boka med her i denne krimsamleomtalen. Serien om familien Falck (Alliansen er bok 3) er ikkje vanleg krim, men ein politisk thriller - litt i same gate som Ingar Johnsrud si bok over her og Kim Leine sin Karoline-trilogi. Men der Leine festar grepet om lesaren si interesse for kvar bok, skjer det motsette her. I alle fall for denne lesar. 

I Alliansen tykkjer eg at det blir for mange ord og for mange stereotype karakterar. Men det er slett ikkje uspennande, og det er gjort eit imponerande stykke arbeid når det gjeld research for å få til ei så omfattande forteljing som dette er. 

Det vart dessverre ein prikk mindre på terningen denne gongen.
Terningkast 4.

Gjøkungegåten av Hans Olav Lahlum
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites

Sorry Lahlum, dette held ikkje. Eg er mellom dei som (hittil) har likt retroserien om K2 og Patricia, men denne 13. boka er seig. Eg set egentleg pris på at Lahlum har sin eigen stil, at bøkene hans har visse nerdete innslag og litt (ufrivillig?) humor. Dette er også til stades i Gjøkungegåten, men alt blir så altfor omstendeleg og gjentakande. 

I "notid" - som i dette tilfellet er 1974 - vert K2 involvert i ei tragisk og mystisk sak. Ein ungdom har nettopp fått vita at han vart adoptert som liten. Same dag som han skal møta den biologiske mor si, døyr ho under uklare omstendigheiter. Oppdraget til K2 er å finna ut kven som er biologisk far, men han etterforskar også rundt dødsfallet. Deretter vert det fletta inn ei historie frå 1950-talet. 
K2 løyser sjølvsagt til slutt mysteriet, med god hjelp fra rådgjevaren Patricia, etter ei langvarig og langsam etterforsking.
Terningkast 3.

2. desember 2025

Oppsummering november 25

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Anne Holt - Diamanter og rust (Hanne Wilhelmsen #13) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
May Lis Ruus - Alle mine barn kom hjem (Lise Lotte Mehl #1) - Norsk krim - Lyd Storytel

Lese i november:
Espen Skorstad - Den fabelaktige narsissisten - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Arill Riise - Der ingen var einsam - Norsk dokumentar/ personleg beretning - Lyd Storytel
Hans Olav Lahlum - Gjøkungegåten (K2 og Patricia #13) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Stolleken (Opcop #2) - Svensk krim - Kjøpt lydfil 
Heine Bakkeid - Nattseileren - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Marte Michelet - Det har skjedd verre ting i utlandet - Norsk biografi/ personleg beretning - Lånt ebok BookBites
Ingar Johnsrud - De svarte enkene (Jens Meidell #2) - Norsk krim - Lytteeksemplar

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Terje Bjøranger - Taperen (Charlie Robertsen #6) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arnaldur Indriðason - Kongen og klokkemakeren - Islandsk historisk roman - Lyd Storytel

5 lyd, 3 ebøker, 1 papir
4 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
6 krim, 3 sak
8 norske, 1 svensk
Nye forfattarar: Ruus, Skorstad, Riise

6 av novemberbøkene mine er frå årets bokhaust. Eg har vore heldig som har fått låna ein del nye norske krimromanar i det siste, og i tillegg fekk eg tilbod om å få tilsendt De svarte enkene frå forlaget. I prinsippet tek eg ikkje imot lese-/lytteeksemplar, men i dette høvet gjorde eg eit unntak. Eg angrar ikkje på det, boka er veldig bra. Av dei norske krimutgjevingane er det likevel Nattseileren som har gjort mest inntrykk. Det er ei sterk og mørk forteljing, og det kjem nok ein samleomtale av desse bøkene på bloggen etter kvart. 

Eg likte godt alle dei tre sakprosa-bøkene og kan anbefala dei - sjølv om eg ikkje har gitt dei "meir" enn terningkast 4. (Marte Michelet si bok er "nesten ein 5'ar") 

Som tidlegare nemnt har eg venta på norsk oversetjing av serien om Opcop-gruppen i årevis, og den som ventar på noko godt ventar som kjent ikkje forgjeves. Stolleken er andre bok i serien og er ei fantastisk bok, - med føresetnad av at ein kjenner Arne Dahl og A-gruppen frå tidlegare.

I desember ventar fleire norske ferske krimbøker; til dømes Terje Bjøranger, Jan Mehlum og Aslak Nore sine nyaste utgjevingar. Eg ser dessutan fram til å lesa Levi Henriksen si nyaste bok, Lyset som ingen ser. Den boka skal vera eit framhald av den fine Snø vil falle over snø som har falt, så det spørs om eg ikkje skal lesa (ev. lytta til) denne på nytt igjen før eg tek fatt på den nye. 

Ynskjer alle ei fin adventstid! 

31. desember 2024

Oppsummering desember 24

Påbyrja i november, fullført i desember:
Robert Galbraith - Det beksvarte hjertet (Cormoran Strike #6) - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Guillou - Tempelridderen (Arn Magnusson #2) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel

Lese i desember:
Hans Olav Lahlum - Tåkemordet (K2 og Patricia #12) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Edvard Hoem - Ung mann vil ut - Norsk sjølvbiografisk roman - Lånt ebok BookBites
Jan Guillou - Riket ved veiens ende (Arn Magnusson #3) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel
Mary Higgins Clark - Stille natt - Amerikansk thriller - Lyd Storytel
Anders Heger (red.) - Aukrust Julehefte 2024 - Papir, fått i julegåve
Thomas Hylland Eriksen - Syv meninger med livet - Norsk sakprosa - Lyd Storytel

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Jan Guillou - Arven etter Arn (Arn Magnusson #4) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel
Stein Ringen - Fortellingen om Skandinavia - Norsk historisk dokumentar - Papir, fått i julegåve



4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
3 lånt, 4 abonnement, 1 fått
3 krim, 2 historiske romanar, 1 sjølvbiografisk roman, 1 noveller/kortprosa (julehefte), 1 sakprosa
4 norske, 2 svenske, 1 britisk, 1 amerikansk
Nye forfattarar: Ingen

Med åtte fullførte bøker i desember landa eg på totalt 96 bøker i 2024. Årsstatistikk kjem i eit eige innlegg på nyåret.
I desember las eg hovudsakleg det som er favorittlesestoffet mitt; krim og historiske romanar ispedd litt sakprosa. Pluss eit koseleg julehefte. Ingen formidlar nostalgisk julestemning betre enn Kjell Aukrust.

Julebøker er eg veldig skeptisk til; eg har gjort nokre forsøk av og til, men slike bøker er som oftast altfor klissete og søte for meg. Like før jul fann eg ein "julekrim" på Storytel, frå ein av mine gamle favorittar; Mary Higgins Clark. Kunne det vera noko?
Egenteg ikkje. Stille natt er ei OK historie, men handlinga er forutsigbar og avslutninga sukkersøt - og boksmaken min har dessutan endra seg i løpet av dei (25-30?) åra som har gått sidan sist eg las noko av Higgins Clark. 

Gjenlesinga av Jan Guillou sin middelalderserie er meir vellukka. Eg er vel ikkje fullt så begeistra som eg var fyrste gong eg las desse bøkene, men eg har absolutt hatt glede av å lesa dei på nytt. I skrivande stund er eg i ferd med å avslutta den fjerde og siste boka i serien. 

Når det gjeld Tåkemordet og Det beksvarte hjertet viser eg til samleomtalen.

Edvard Hoem har gitt meg mange fine leseopplevingar, så eg såg naturlegvis fram til den nye boka hans. No er det forfattaren sjølv som er hovudperson, med ei bok som handlar om ein ung gut sine famlande steg inn i vaksenlivet og forfattarlivet. Ung mann vil ut er inga dårleg bok, men eg likar betre Hoem sine bøker om forfedre og formødre og slekta elles.  

Årets siste fullførte, Syv meninger med livet, vart ei veldig god lese-/lytteoppleving. Nyleg avdøde Thomas Hylland Eriksen, forfattar, samfunnsdebattant og professor i sosialantropologi, les sjølv si eiga bok. Han meiner at nære relasjonar til andre menneske den vesentlegaste meininga med livet. Det 7. og siste kapittelet i boka handlar om å gi slipp. Han seier: 
Døden gir i seg selv gir ikke mening, men å erkjenne vår egen dødelighet er det som gjør oss til mennesker. Livet er et sluttet hele. (...) Å gi slipp på livet, og forsone seg med døden, er erkjennelsen av at «nå er det min tur, jeg har gjort det jeg skal». 

Hylland Eriksen si bok er inspirerande, tankevekkjande og full av gode refleksjonar - heilt perfekt lesestoff ved eit årsskifte.

Avslutningsvis vil eg ønskja alle eit riktig godt leseår i 2025.

27. desember 2024

Haust- og førjulslesing

Overskrifta var "haustlesing" då eg starta på dette innlegget, men av ulike årsaker har eg brukt så lang tid på å få det ferdigstilt at overskifta måtte endrast. Samleomtalen omfattar i dette høvet to svenske, to britiske, ein dansk, ein norsk og ein dansknorsk krim- og spenningsroman. Alle bøkene er del av serie.

Eg startar med det dansknorske innslaget; ein politisk thriller som er skremmande aktuell.

Karolines krig av Kim Leine
Cappelen Damm 2024
471 sider
Lånt ebok BookBites

Tredje og siste bok i trilogien om Karoline Blicher. Plottet er komplekst og kan nok opplevast utfordrande, men har ein lese dei to føregåande bøkene må ein faktisk lesa denne òg. 

I fyrste bok møtte me den skarpe og ambisiøse Karoline og kunne lesa om korleis ho brukte ulike metodar i privatliv, karrierejag og i eit politisk spel. I bok to nådde ho målet sitt om å bli topp-politikar, og i starten på bok tre får me vita at ho har fått helseutfordringar. 

Karoline er ein kompleks og fascinerande hovudperson, og i den siste boka er den aktuelle globale situasjonen vevd saman med hennar eige personlege drama. Me skal dessutan til Moskva og få eit glimt inn i Putin sine private gemakkar, samt til fronten i Ukraina. 

Karolines krig er ein velskriven og spennande roman som byr på fleire uventa vendingar.
Terningkast 5.

Dansk krim:

Løgner av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2024
Speletid 9:13
Lånt lydbok BookBites

Femte bok i Martin Juncker-serien omhandlar ei interessant sak som utviklar seg i ulike retningar. Boka er godt samanskrudd og inneheld fleire relevante sidehistoriar.

Undervegs er boka så spennande at det er vanskeleg å leggja ho frå seg, men avslutninga er utilfredsstillande og eit antiklimaks. Her har nok forfattarparet lagt opp til det som kjem i neste bok. Terningkast 4.


Så over til svensk krim.

Stol på meg av Anders Roslund
Cappelen Damm 2023
Speletid 10:35
Lydbok Storytel

Endeleg. Etter å ha venta i månadsvis, vart den siste boka i Grens/Hoffmann-serien tilgjengeleg i Storytel. Den forrige boka fekk eit sjeldent terningkast 6 av meg, så forventningane var høge.

Velskriven og velkomponert, aktuell tematikk og ekte engasjement. Slik kan alle bøkene i serien omtalast; dette er heilt klart ein av favorittseriane mine.

I 'Stol på meg' får me møta menneske frå 'Boks 21', ein av dei fyrste bøkene i serien. Det handlar om trafficking, organhandel og prostitusjon, - og det er sterkt, gripande, nervepirrande og rystande. Avslutninga virkar å vera definitiv, men truleg meir open enn ein skulle tru. Eg er veldig veldig spent på neste bok, '100 prosent'. 
Terningkast 5+.


Søvngjengeren av Lars Kepler
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 13:54
Lånt lydbok BookBites

Her var eg heldig og fekk tak i boka med det same ho kom ut. Og som alltid er det med skrekkblanda fryd eg startar på ei bok i denne serien. Lars Kepler - forfattarparet Ahndoril - er nemleg av det blodtørstige og råaste slaget.

I bok nummer 10 om Joona Linna handlar det om avkutta kroppsdelar, blod og gørr - og stemninga er skikkeleg mørk og skummel. Etterforskingsarbeidet er skildra (etter det eg kan forstå) på ein realistisk måte, medan drapa er ekstraordinære, brutale og spektakulære. Eg trur ikkje det finst så utspekulerte seriemordarar i den verkelege verda, så difor vart eg heller aldri skikkeleg skremt. Berre underholdt og fascinert. Og dessutan imponert over den fantasien og formidlingsevna som dette forfattarparet har. Det er ikkje tilfeldig at bøkene har blitt kjempepopulære verda over.
Terningkast 5.


Britisk krim.

Den som hvisker lyver av Cara Hunter
Cappelen Damm 2024
407 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer seks i serien om Adam Fawler og kollegaene hans i politiet i Oxford. Dette er britisk kvalitets-politikrim i Colin Dexter/Inspektør Morse-tradisjon og eg meiner at serien fortener større merksemd og fleire lesarar. Les gjerne serieomtalen min om dei fire fyrste bøkene.

Karakterane er truverdige og framstår som "ekte", medan sjølve saka i denne boka virka noko usannsynleg. Men der tok eg feil gitt; handlinga er faktisk basert på ei verkeleg kriminalsak. 

Som alltid frå Hunter; 'Den som hvisker lyver' er ei velskriven historie og har eit gjennomarbeida plott, men lesinga gjekk likevel overraskande tregt. Det er sannsynlegvis min eigen "feil". Terningkast 4+.

Det beksvarte hjertet av Robert Galbraith 
Cappelen Damm 2024
1072 sider
Lånt ebok BookBites

Sidetalet gjorde at eg i utgangspunktet var noko skeptisk. Ei krimbok på over 1000 sider er vel i overkant? 

Svaret er: ja, det er det. Halvparten hadde vore passe. Nokon - ein redaktør eller liknande - burde sett foten ned når ei bok eser ut over alle grenser som i dette tilfellet. 
Galbraith (J.K. Rawlings) er ein fantastisk bra forteljar, men her vart det for mykje. For mange karakterar, for omfattande, for detaljert, for skravlete.
Ein annan ting eg oppfatta som negativt er alle chatte- og twitermeldingane som vel egentleg skal liva opp og gjera historia meir interessant og tidstypisk. I desse sekvensane datt eg heilt av lasset. 

Eg skulle ønska at eg ikkje opplevde det slik, for eg er blitt så glad i hovudpersonane Cormoran Strike og Robin Ellacott. Forholdet mellom dei (som betyr at dei ikkje har eit forhold) er eit ekstra spenningsmoment i serien.

Etter kvart vart det skumlesing for berre å bli ferdig med boka. Men eg fullførte - og det er eg nøgd med.
Terningkast 3.

Avslutningsvis: Norsk krim.

Tåkemordet av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2024
367 sider
Lånt ebok BookBites

Me er komne fram til del 12 i retrokrimserien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen (K2) og rådgjevar Patricia. 

Hovudhandlinga er lagt til 1973, og K2 får i oppdrag av ein gammal frontkjempar og nazist å finna ut av ei drapssak frå 1943. Truleg var det nokon i motstandsrørsla som sto bak, og dermed er det ei litt delikat sak. 

Har du sans for kunstige dialogar, snirklete språk og langsam etterforsking, er dette ei perfekt bok for deg. Sjølv tykkjer eg at det går litt på tomgang i denne serien, men eg set pris på at Lahlum kjem med noko som er heilt annleis enn det som er vanleg i dagens krimlitteratur. 
Terningkast 4.

6. mars 2024

Bokomtale: Historien om Vinter-OL - Fra Torleif Haug til Marit Bjørgen

Bokverket består av to svære bind. Bind 1 handlar om vinter-OL arrangert i åra 1924 til 1988 og har 663 sider. Bind 2 handlar om OL-arrangementa 1992 - 2018 og har 778 sider. Bøkene kom ut på Cappelen Damm i 2021 og 2022, før OL i Beijing. 

Forfattarane er velkjende Hans Olav Lahlum og meir ukjende Øyvind Tronstad. Tronstad er ein av landets fremste ekspertar på tema vinter-OL, for han har følgd alle OL'ane sidan 1956 "med argusøyne og notatbøker". Samarbeidet mellom Lahlum og Tronstad om desse bøkene har vore særs vellukka. 

Du startar sjølvsagt ikkje på noko slikt som dette om du ikkje er sportsinteressert. Du treng ikkje vera fullstendig sportsidiot, men er du interessert (nok) i vintersport, idrettspolitikk og samfunnsutvikling - då får du ei skikkeleg lang og god lesestund. Det var skikkeleg kjekt å "møta" gamle heltar og interessant å bli påmint om utøvarar og hendingar som eg hadde gløymt.

Er du interessert i papirutgåvene, kan eg opplysa om at bøkene er med på årets Mammutsalg til kr 199 per stykk.

Eg har lytta til bøkene, og det tok si tid (48 timar!), og eg gjekk glipp av alle bileta som er i papirboka - men eg har kosa meg. Eg kosa meg med portretta av tidlegare tiders idrettsheltar, av grundige skildringar av dei ulike konkurransane og arrangementa og med nostalgiske glimt frå min eigen barndom og ungdom då eg følgde med på alt som var av sport på TV. Opplesar Per Andreas Tønder er grei å høyra på, men eg reagerer på at han konsekvent uttalar bronse som "brongsje". I tillegg uttalar han ein del namn på folk og stader som i mine øyre høyrest feil ut, men det kan jo henda at tidlegare tiders radio- og TV-kommentatorar har sagt feil?
Papirbøkene inneheld ein del statistikk og oversikter, dette er kutta ut i lydbokutgåvene. Ein finn massevis av OL-statistikk på nettet om ein har interesse for det.

I desse dagar er det 100 år sidan den fyrste vinterolympiaden gjekk av stabelen i Chamonix i Frankrike og det er 30 år sidan jubeldagane på Lillehammer. Det passa dermed veldig godt å fordjupa seg i olympisk historie akkurat no. 

I boka vert kvart einaste vinter-OL innleia med ein presentasjon av arrangørbyen og bakgrunnen for at nettopp den byen vart vald. Det vert opplyst om talet på konkurransar og talet på utøvarar, om kven som tende OL-elden, kven som sto for den offisielle opninga og kven som sa fram den olympiske eiden. Vidare får me vita kven som var norsk flaggbærar og høyra om fakkelstafett, OL-frimerker og OL-maskotar.

Neste del består av gjennomgang av alle konkurransane, kven som fekk medaljar og kven som var beste norske utøvar - og om dramatikk og/eller spesielle hendingar som fann stad.
Likestilling i idretten er eit tema som jamnleg kjem opp. Mannsdominansen har vore stor og IOC har alltid vore konservative. Like rettigheiter og lik tilgang til idrett har aldri vore sjølvsagt. Kvinner fekk ikkje delta i OL-langrenn før i Oslo i 1952, og då var ingen norske med. Fyrste gongen kvinner fekk delta i skiskyting var i Albertville i 1992 og i hopp i Sotsji i 2014. Kombinertkvinnene får framleis ikkje delta, heller ikkje i det kommande OL i 2026.
Det er påfallande kor stor motstand det har vore mot alt nytt her i landet. Det gjeld til dømes nye stilartar som skøyting og v-stil, men det var også stor skepsis til kvinnelege langrennsutøvarar og kvinnelege hopparar. (Takk til pionerane Ingrid Wigernæs og Anette Sagen!)

Som del tre kjem så portrettane/minibiografiane. For kvart einaste vinter-OL har forfattarane valt ut ein kvinneleg og ein mannleg utøvar der det vert fortalt meir grundig om familiebakgrunnar, idrettskarrierar og livshistoriar. Nokre ga seg på topp og andre var med litt for lenge. Nokre skapte seg nye suksesskarrierar etter den aktive perioden, andre trekte seg tilbake til eit roleg familieliv og atter andre gjekk rett og slett til grunne.

Forfattarane gjer også greie for kvifor dei har plukka ut dei utøvarane som dei gir ein nærare presentasjon av. Det handlar nemleg ikkje berre om dei store stjernene; her er det også gitt plass for meir ukjende utøvarar frå smale idrettar. Som til dømes Maya Pedersen som tok gull i skeleton i Torino i 2006. Portretta er veldig interessante og gjer bøkene ekstra leseverdige. 
Avslutningsvis vert det enkelte OL-arrangementet oppsummert og vurdert.

I barndomsheimen min fekk me TV i 1968, like før OL i Grenoble. Det var ei storhending for heile familien og me såg sikkert på alt som vart sendt frå OL. Eg hugsar ingen detaljar, men eg hugsar naturlegvis Ole Ellefsæter, Jentut’n og Fred Anton Maier. Det var lengdeløp på skøyter som interesserte meg mest då eg var ung; eg skreiv ned rundetider på alle distansar i alle mesterskap og kunne alle verdensrekordane på rams. No kan eg ikkje hugsa sist eg såg eit skøyteløp.
Men framleis ser eg på både langrenn, hopp, alpint og skiskyting - dersom det passar seg slik. Aking, bob, ishockey og kunstløp har eg aldri brydd meg om og eg er heller ikkje vidare interessert i nyare OL-øvelsar som freestyle og snøbrett. Curling hadde heller aldri interessert meg før under OL i Salt Lake i 2002. Som så mange andre sat eg då oppe midt på natta for å sjå på Pål Trulsen & co.

Det er ikkje same stasen med OL lenger. Såkalla sportsvasking, samt avdekking av organisert og systematisk dopingbruk og avsløringar av juksemakarar har påvirka engasjementet mitt. Dei siste åra har debattane rundt OL handla mykje om menneskerettar, doping, korrupsjon og IOC sitt gubbe- og pampevelde. Det vert hevda at IOC berre har fokus på pengar, sponsorar og TV-rettigheiter - og ikkje på idretten og dei olympiske ideala. 

OL-arrangementa er blitt gjennomkommersialiserte, dei er svært ressurskrevjande og ekstremt store. Tal frå nokre utvalde vinter-OL fortel litt om utviklinga dei siste 100 åra:
Chamonix 1924: 16 øvelsar, 9 idrettar. 258 utøvarar frå 16 nasjonar.
Oslo 1952: 22 øvelsar, 8 idrettar. 694 utøvarar frå 30 nasjonar.
Lillehammer 1994: 61 øvelsar, 12 idrettar. 1737 utøvarar frå 67 nasjonar.
Beijing 2022:109 øvelsar, 15 idrettar. 2871 utøvarar frå 91 nasjonslag.

Neste vinter-OL skal haldast i Cortina og Milano i Italia i 2026. Der skal det kjempast om medaljar i 116 øvelsar i 16 idrettar. 
(Kan legga til: Sommarolympiadane er endå mykje større: I Tokyo-OL i 2021 (utsett eit år grunna pandemi) deltok vel 11000 utøvarar i meir enn 300 øvelsar).

. . . . . . . . . . .

Eg merkar no at eg har fjerna meg frå å omtala eit bokverk til å omtala sjølve OL. Så dermed tilbake til bøkene, som eg kan anbefala varmt til alle sportsinteresserte. Eg likte best fyrste bind, her landar eg på ein 5'ar. Andre bind får terningkast 4+. Grunngjevinga er at denne er meir oppramsande i stilen, noko som er heilt naturleg i og med at konkurransane, medaljane og utøvarane vart fleire og fleire. Dessutan vart det - til og med for meg - ein "overdose" sport. Det ville heilt klart vore lurt med ein pause mellom dei to bøkene.

Heilt til slutt nokre få ord om dei to som er nemnde i tittelen på desse bøkene.
Torleif Haug (1894-1934) tok tre gull i den fyrste vinterolympiaden i 1924. 
Marit Bjørgen er tidenes mestvinnande vinterolympiar med med sine totalt 15 medaljar.

I lista over mestvinnande vinterolympiarar er det tre nordmenn "på pallen".
Den nederlandske skøyteløparen Ireen Wüst har like mange medaljar som Bjørndalen, men har "berre" seks gull.
Elles syner statistikken at Johannes Thingnes Bøe er på 12. plass som med sine 8 medaljar - hittil.
Han er framleis ung og aktiv og eg vil tru at han kjem til å krabba opp på pallplass før han gir seg.

2. mars 2024

Oppsummering februar 24

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Ingrid Berglund - En skygge på min grav (Oda Krogh #2) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 1 1924-1988 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel

Lese i februar: 
Johan Theorin - Bumerker (Ölandserien #6) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Lina Bengtsdotter - Flammene - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 2 1992-2018 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
Håkan Nesser - En fremmed banker på din dør - Svensk krim (noveller) - Lånt papirbok biblioteket
Jens Henrik Jensen - Pilegrim (Oxen #6) - Dansk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Heine Bakkeid - Sorgsankeren (Thorkild Aske #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tina Frennstedt - Skjærsild (Cold case #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lyd Storytel

Sidetal: 3254
1 papir, 2 lyd, 4 ebøker
5 lånt, 2 abonnement
4 krimromanar, 1 krimnovellesamling, 2 fakta/dokumentar
3 norske, 3 svenske, 1 dansk
5 menn, 2 kvinner
Nye forfattarar: Tronstad

Berre to lydbøker i februar, men dei er til gjengjeld skikkeleg omfattande og langvarige. Store deler av månaden har eg vore i eit nostalgisk OL-modus, takka vere Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad sine historiar frå vinter-OL dei siste 100 åra. Omtale kjem.

Av dei fire bøkene eg har gitt terningkast 5, må Håkan Nesser si bok haldast fram. En fremmed banker på din dør består av tre velskrivne langnoveller (eller kortromanar), alle i gjenkjenneleg nessersk skrivestil: humoristisk, melankolsk, satirisk og til ettertanke. Handlinga er lagt til Maardam og omegn, det vil sei frå stader alle som har lese serien om Van Veeteren kjenner til. Årsaka til at eg ikkje gir terningkast 6 er at eg skulle ønska at boka var meir omfattande. Eg kunne tenkt meg ei historie eller to til!

Jensen innfrir med den nye boka om Oxen. Det same gjer Theorin med den nyaste Ölandhistoria si og Lina Bengtsdotter med den frittståande Flammene. For Berglund sin del vart det eit knepp ned. 'En skygge på min grav' vart for tam og for enkel. 

30. november 2023

Oppsummering november 23

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Hans Olav Lahlum - Terningmorderen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman og Johannes Selåker - Til minne om en morder - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Lese i november:
Kim Leine - Karolines kamp - Dansknorsk roman - Lånt ebok BookBites
David Lagercrantz - Obscuritas - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Arnaldur Indriðason - Mur av taushet - Islandsk krim - Lånt papirbok biblioteket
John Hart - Den uvillige - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Ørjan N. Karlsson - Natten reiser alene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Hilary Mantel - Skygger av et liv du kunne ha levd - Britisk memoar/sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket
Tony Fischier - I mesterens skygge - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i november, utsett på ubestemt tid: 
Jørgen Jæger - Skjebnedøgn - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

3 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 1 abonnement
5 krim/spenning, 1 annan roman
2 norske, 2 svenske, 1 dansknorsk, 1 islandsk, 1 amerikansk
7 menn, 0 kvinner
Nye forfattarar: Selåker

Det har vore ein heller slapp månad, både når det gjeld lesing og særleg blogging. Ein ny runde med korona har ein del av skulda, og elles har eg vore oppteken med andre ting.

Mykje terningkast 4 i november, utan at det betyr at leseopplevingane har vore like. Eit terningkast 4 inneheld jo både dei bøkene som nesten er ein 5'ar og dei som er på grensa til ein 3'ar. Terningmorderen vurderer eg til dømes til terningkast 4 pluss (ei av dei beste i serien) og Natten reiser alene til 4 minus (påklistra naturskildringar, fleire lause trådar).

Månadens høgdepunkt vart Den uvillige av John Hart. Noko kosebok er det ikkje, og Hart har kanskje vore betre før ('Det siste barnet', 'Brødrene fra Iron House'), men dette er i alle fall eit langt steg i "riktig" retning, det vil sei ulik forrige bok Mørkets testament, som eg vart skuffa over. 

Kva skjedde med Skjebnedøgn, lurer du kanskje på? Jo, då eg hadde att kun eit par timar lytting, forsvann boka. Eg hadde rett og slett ikkje følgd med på innleveringstidspunktet - og plutseleg var boka borte frå BookBites-appen. Eg vart veldig snytt med det same, men boka var ærleg talt ikkje såå veldig spennande. Eg reknar med at eg får sjansen til å lesa/lytta ferdig ein annan gong.

17. november 2022

Norsk krim 2022 del 4

Nye bøker i Anton Brekke-serien og K2/Patricia-serien denne hausten:

Cassandra-saken av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2022
Speletid 9:50
Lånt lydbok BookBites

12 år etter at den fyrste boka Tysteren kom ut er Fjell klar med bok nummer ni om Anton Brekke. Serien har vore ein suksess; forfattaren har etablert seg som ein av landets beste og mest leste krimforfattarar og bøkene hans er oversette til fleire språk. Lista er såleis lagt høgt når ein skal ta til på den niende boka. 

Anton, no eks-kriposetterforskar, har det ikkje heilt greitt i denne boka. Han trivst ikkje som "navar", og når ei ung dame henvender seg til han om ei (muleg) uoppklart kriminalsak, tek han på seg eit slags privatdetektivoppdrag. Anton finn raskt ut at alt er ikkje slik som det skal vera i den aktuelle saka. Mykje tyder på eit justismord.
Magnus Torp, Anton Brekke sin "sidekick" i bokserien, jobbar parallelt med ei anna drapssak. Som lesar blir ein ikkje veldig overraska over at dei to sakene har ein samanheng.

Samspelet mellom Brekke og Torp er noko av det som gjer serien leseverdig. Dette samspelet og samarbeidet er etter kvart blitt betre og meir truverdig. Cassandra-saken er ei grei krimbok; lettlest, velskriven og med bra flyt. Enkelte overraskingar får ein også undervegs, og plottet er forståeleg og heng saman. Men eg saknar litt meir spenning, litt meir nerve.

Helge Winther-Larsen si lydbokstemme passar bra til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningkast 4+.

Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2022
298 sider
Lånt ebok BookBites

Lahlum sin retrokrimserie er no kommen til bok nummer 10 og året 1973. Kolbjørn Kristiansen, K2, har òg komme på kant med sin gamle arbeidsplass og har etablert seg som privatdetektiv. Oppdraga står ikkje akkurat i kø, men så får K2 (som Brekke) besøk av ei ung dame med ei heilt spesiell utfordring. Og som i boka over handlar det om at det truleg var feil person som vart pågripen og dømd i ei tidlegare drapssak. 

Denne serien er heilt annleis enn andre nye krimseriar, samstundes som serien er tru mot dei klassiske formlane innan kriminallitteratur. Her er det langsamt, puslespelaktig og omstendeleg - men slett ikkje uinteressant. 
K2 sitt kjærleiksliv og forholdet til Patricia er heldigvis litt meir neddampa denne gongen. Innimellom er K2 (og Lahlum) ufrivillig morosame; det er litt irriterande, men mest sjarmerande.
Eg ser på Søskenmysteriene som mellom dei beste bøkene i serien.
Terningkast 4.

1. november 2022

Oppsummering oktober 22

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober: 
Hans Olav Lahlum - Søskenmysteriene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman - Rottekongen - Svensk krim - Lånt papirbok privat 
Tomm Kristiansen - Mørk safari - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Levi Henriksen - Ned ned ned - Noveller - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Cassandra-saken - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tove Alsterdal - Synkehull - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Påbyrja og ikkje fullført
Nina Lykke - Full spredning - Norsk roman  [avbraut]

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
6 krim, 1 biografi, 1 novellesamling
5 norske, 3 svenske
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Kristiansen, Engman (+ Lykke)

Høgdepunkta i oktober vart (noko overraskande) ei bok av ein (til no) ukjent svensk krimforfattar, ein biografi utgitt fyrste gong i 1998 og ei novellesamling frå 2004.

Rottekongen er nummer to i serie, men den fyrste eg har lest av Pascal Engman. Den ga meirsmak.
Eg hadde heller aldri lest noko av Tomm Kristiansen før, men kjenner godt til han som journalist og tidlegare Afrika-korrespondent. Mørk safari er biografien om Henry Stanley (han som kom med den velkjende replikken «Dr. Livingstone, I presume?») og er interessant, grundig, lærerik og velskriven. Samt godt opplest av forfattaren sjølv.
Den tredje boka som får terningkast 5 av meg denne månaden er novellesamlinga Ned ned ned av Levi Henriksen. Eg likar romanforfattaren Henriksen, men er enno meir begeistra for novelleforfattaren. I novellene i denne boka vert det fortalt om dei nære ting og om store og små utfordringar livet gir. Også denne lydboka vert lest av forfattaren.

Eg kan anbefala både Cassandra-saken, Synkehull, Lekene og De nakne, men tykkjer nok at både Fjell, Alsterdal, Svernström og Borge har levert betre ved tidlegare høve. Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum er mellom dei beste i retrokrimserien om K2 og Patricia, men eg kan likevel ikkje strekka meg lenger enn til terningkast 4+. 

Nina Lykke har gitt ut ny bok no i haust, og det har fått ei viss merksemd. Eg fann då ut at det var på tide for meg å lesa Full spredning - Brageprisvinnar i 2019. Eg var skeptisk på førehand, for norske samtids- og samlivsromanar er ikkje akkurat mi greie. Vel - eg gjorde eit forsøk, men det viste seg at skepsisen var på sin plass. Eg likte rett og slett ikkje den masete og klagande forteljarstemma/hovudpersonen og den dårlege humoren - så eg ga opp.

I november skal eg prøva å få litt meir liv i denne bloggen. Det har vore lite aktivitet dei siste månadene.
(Eg skriv dette her for å leggja litt press på meg sjølv)

2. mars 2022

Oppsummering februar 22

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Hans Olav Lahlum - Sneen var ren - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Max Seeck - Heksejakt - Finsk krim - Kjøpt lydfil

Lest i februar:
Anne Spurkland - Frisk nok! - Norsk fakta - Lånt ebok BookBites
Jostein Sand Nielsen, Bente Ailin Svendsen, Helene Uri og Andreas Østby - Fakta faen - Norsk fakta/humor - Lyd Storytel
Mattias Edvardsson - En helt vanlig familie - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Hanne Sigbjørnsen (Tegnehanne) - Ikke tenk på meg - Humor/biografisk - Lånt ebok BookBites
David Baldacci - Uslettelig minne - Amerikansk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Siste skanse - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Cara Hunter - Ingen utvei - Britisk krim - Kjøpt ebok
Cara Hunter - Alt dette raseriet - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Tor Åge Bringsværd - Veneziansk spaserstokk med elefant - Div. tekstar - Lånt papirbok biblioteket
Åsa Larsson - Fedrenes misgjerninger - Svensk krim - Lånt papirbok privat


4 lyd, 3 papir, 3 ebøker
5 lånt, 3 abonnement, 2 kjøpt
7 krim, 1 fakta, 1 fakta/humor, 1 humor/biografisk
4 norske, 2 britiske, 2 amerikanske, 1 svensk, 1 finsk
5 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Nielsen, Svendsen, Østby, Spurkland, Edvardsson

Mykje skremmande skjer andre plassar i verda, så no om dagane set eg verkeleg pris på at eg har evna til å "flykta" inn i bøkene mine. 

Det vart altså 10 bøker og mange 4'arar i februar. To av bøkene er svært korte; Ikke tenk på meg på 199 sider (og mange illustrasjonar/teikningar) og Fakta faen på berre 76 sider (og heile 4 forfattarar!) For meg vart det 1 time 20 min. lytting, og her gjekk eg glipp av illustrasjonane.
Begge desse bøkene er vanskeleg å sjangerfesta. Begge er innan humorkategorien, men medan Tegnehanne brukar seg sjølv og livet sitt og dermed har gitt eit biografisk preg på si bok, er Fakta faen eit slags banneleksikon med både overraskande faktaopplysningar og artige kuriositetar.

Anne Spurkland si bok Frisk nok! er ei faktabok i ein heilt annan stil og på eit heilt anna nivå. Det er slik sett veldig urettvist å gje denne same terningkast som dei to føregåande, sidan denne er så viktig og så seriøs. Men - så er det jo leseopplevinga totalt sett eg går ut frå når eg set karakter. I alle fall; dette er ei bok som alle alternativarar og vaksinemotstandarar skulle ha blitt tvinga til å lesa. Spurkland er professor i medisin og forskar innanfor autoimmune sjukdommar og molekylær immunologi. Dei siste to åra har ho jamnleg vore i media og forklart vanskelege ting på ein enkel måte for folk flest. Denne formidlinga viser att i denne boka; ho forklarar korleis immunforsvaret virkar og kva som påverkar det; for eksempel søvn, mat, stress og vaksinar.

Adam Fawley-serien til Cara Hunter kan anbefalast og det same gjeld David Baldacci sin serie om Amos Decker. Bøkene er av typen amerikansk underhaldningskrim med alvorlege undertonar. Denne Decker er en ekstraordinær eks-politi/detektiv med ekstraordinære evner. På grunn av ein hjerneskade hugsar han absolutt alt, inkludert ting han helst ville ha gløymt. 

4. april 2021

Vårlesing: Krim og atter krim

Eit nytt samleinnlegg med ymse krim og ei ny rundreise i krimverda. 

Me startar i Noreg.

Svanemordet av Hans Olav Lahlum 
Cappelen Damm 2020
350 sider
Lånt papirbok privat

Den niande boka i serien inneheld alt eg hadde forventa på førehand: Eit godt og innvikla plott, snirklete språk og enkelte (ufrvillige?) morsomheiter. Samt at det historiske bakteppet er så korrekt som det går an å få det. Med andre ord, typisk Lahlum.
Etter mi meining er dette mellom dei beste i serien. Det vert aldri skikkeleg spennande, men ein vert meir og meir nysgjerrig på løysinga - slik at boka likevel får eit visst driv. 

Lahlum sin omstendelege skrivemåte passar ikkje for alle, men for dei som er fortruleg med stilen er dette ei god bok. 
Terningkast 4. 

Gudmoren av Ingar Johnsrud 
Aschehoug 2020
337 sider
Lånt papirbok privat

Boka er heilt annleis enn Wienerbrorskap-trilogien, som Johnsrud er mest kjent for. 
Her handlar det om å venda heim til eit slitent bygdesamfunn, om gammal urett, vonde motsetningar og uoppgjorte hendingar. 
Iført fotlenke reiser hovudpersonen Stella attende til barndomstraktene for å delta i gravferda til far sin. I notid føl me Stella si jakt på sanninga og innimellom får me tilbakeblikk der det vert avslørt kva som gjorde at ho braut all kontakt med heimstaden den gongen. Gudmoren er elles befolka med sære og (over)tydelege personar, noko som passar bra i ei historie som dette.

Det virkar som om forfattaren har henta inspirasjon frå Jo Nesbø. Eg fekk i alle fall visse assosiasjonar til både Kongeriket og Hodejegerne. 
Eg fann Gudmoren både underhaldande og velskriven. Terningkast 4+.


Vindbaroner av Hogne Hongset 
Hobi forlag 2019
Speletid 12:59
Lyd Storytel

Etter ein litt treg start vart dette ei ganske bra leseoppleving. Boka er ein  miljøthriller/spenningsroman/krim, men er òg eit relativt sterkt partsinnlegg innan vindkraftdebatten og energipolitikken. Dette engasjementet er ikkje negativt i seg sjølv, men for meg vert det i overkant teknisk og politisk. 
Karakterane er litt vage og stereotype: Dei som tener masse pengar på vindkraftutbygging (vindbaronane) er berre onde og dei som er vindkraftmotstandarar er berre gode. 
Boka er litt for lang og kunne hatt godt av ein ekstra redigeringsrunde. Mot slutten lengta eg berre etter å bli ferdig. 
Terningkast 4-.


Så - eit par svenske bøker som ga meg totalt ulike leseopplevingar.


Hun som må dø av David Lagercrantz
Lydbokforlaget 2019
Speletid 11:26
Lånt lydbok biblioteket

Ai-ai, dette var saker! Litt motvillig må eg vedgå at eg likte denne sjette Millenniumboka veldig godt. At Lagercrantz no på ein måte har fullført det Stieg Larsson sette i gang, har vore kontroversielt, og eg forstår innvendingane, ref. arvestriden etter Larsson. Men resultatet; eit "verdig punktum" for historia om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander, er etter mi meining veldig bra.

Hun som må dø er ein underhaldande roman og eit krimeventyr, som m.a. inneheld ei veldig fascinerande sidehistorie frå Mount Everest. "Finalen" er av det høgdramatiske slaget, der sekundane og millimetrane atter ein gong er avgjerande.

Lagercrantz har vidareført Stieg Larsson sin noko pompøse skrivestil, men tidvis vert det noko påklistra, utan at det går særleg ut over leseopplevinga. Anders Ribu er perfekt som opplesar av Millenniumserien i og med at han formidlar dette pompøse/storslagne på ein god måte.
Terningkast 5.


Den du ikke ser av Mari Jungstedt
Goliat forlag 2020
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Nyutgjeving av ei bok opprinneleg utgitt i 2005 - og eg skjønnar ærleg talt ikkje vitsen å gi ho ut på nytt no. Denne er rett og slett svak. Eg angrar på at eg brukte tid på ei så dårleg bok, og kjem ikkje til å lesa fleire i Anders Knutas-serien.
Handlinga er lagt til fascinerande Gotland, men heller ikkje det hjalp stort. Boka inneheld alt eg ikkje likar: Klissete romantikk, klisjéaktige karakterar, forutsigbar handling, rotete innhald, overforklarande, dårleg avslutning.
Og som ikkje det er nok, er også opplesaren av lydboka udyktig. Styr unna denne! 
Terningkast 2-.


Over til britisk krim og eit nytt forfattarnamn for meg. 

Hjemmets lune rede av Cara Hunter
Cappelen Damm 2018
301 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste bok i serien om kriminalinspektør Adam Fawley - og denne ga meirsmak. Hunter har visse likskapar med andre britiske krimforfattarar som S.J. Bolton, C.J. Tudor og M.J. Arlidge når det gjeld skrivestil og miljøskildringar.

Tema er "vanleg" i krimromansamanheng; eit forsvunne barn. Dette barnet - 8 år gamle Daisy - vert tilsynelatande borte midt blant mange andre på ein familiefest i sin eigen heim. Eller - var ho verkeleg der? Både far, mor, bror, naboar og vener har sine versjonar av handlingsforløpet. Det vert litt av ei nøtt å arbeida med for Fawley og kollegaene hans.
Ikkje alt er sannsynleg og/eller realistisk i denne forteljinga, men det må ein berre oversjå. Terningkast 4.


Til slutt eit amerikansk innslag.

Alle disse vakre løgnene av Peter Swanson
Cappelen Damm 2019
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Meir psykologisk thriller enn krim, sjølv om det etter kvart handlar om opptil fleire mord.
Hovudperson er Harry, ein ung mann som får ein sjokkerande telefon frå stemora Alice; faren er død, under mystiske omstendigheiter. Harry vender heim, og gradvis oppdagar han at både faren og Alice har "ei fortid". Han møter ei ung mystisk kvinne som han vert betatt av, men så viser det seg at ho har hatt eit slags forhold til faren. I tillegg opplever han at Alice legg an på han. Desse forholda og dei problematiske kjenslene dei fører til tek forholdsvis stor plass i handlinga i boka. Dei er dels ubehagelege å lesa om, dels gir dei boka ein ekstra nerve.
Christoffer Staib si opplesarstemme passar godt til forteljarstemma i boka.
Terningkast 4+.

31. oktober 2020

Oppsummering oktober 20

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober:
Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites



6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
9 norske, 2 britiske, 1 svensk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Harsem, Michaelides

Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge. 

Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.

Både Tollak til Ingeborg, Den tredje engelen og Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er gode bøker, kvar på sin måte, og kan anbefalast på det varmaste. Og dei er ikkje dårlege Bolton, Brekke, de Bourg og Borge sine bøker heller. 

Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les forkorta versjon i VG. 

Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3. 

Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den. 
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa. 

31. mars 2019

Oppsummering mars 2019

Påbyrja i februar, fullført i mars:
S.J. Bolton - Livredd - Britisk krim - Lydbok Storytel
Hans Olav Lahlum - Isbjørngåten - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i mars:
Ken André Ottesen - Ja, vi elsker - Norsk humor - Lånt papirbok biblioteket
Arne Dahl - Åpen sjø - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Roar Sørensen - Paradisets hjerte - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - En høyere rettferdighet - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Anders de la Motte - Høstdåd - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Peter May - Ualminnelige mennesker - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - Den evige ilden - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok og lydbok Storytel


3 papir, 2 lyd, 2 ebøker
4 lånt, 2 kjøpt, 1 abonnement
6 krim, 1 humor
3 norske, 3 svenske, 1 britisk
1 kvinne, 7 menn ('En høyere rettferdighet' har to forfattarar)
"Nye" forfattarar: Ottesen

Mars vart ein jamnt god lesemånad, med Arne Dahl som høgdepunkt og der ingen var nedturar/skuffelsar. Det slår meg kvar einaste månadsoppsummering; eg les innmari mykje krim, i alle fall i forhold til andre sjangrar eg les. Likevel held eg fram i den same tralten, for det er no eingong dette eg likar å lesa. Og difor har eg heller ingen umiddelbare planar om å endra leseåtferd - og slett ikkje neste månad, for då kjem påsken og tilhøyrande påskekrimlesing.
Ha ein kriminelt god lesemånad i april!

19. mars 2019

Vinterlesing: Norsk krim 2018

Nok eit krimsamleinnlegg: Tre kjappe omtalar av fjorårets norske.

Nullpunkt av Jørn Lier Horst og Thomas Enger

Lydbokforlaget 2018
Speletid 11.10
Lånt lydbok biblioteket


Verken Jørn Lier Horst eller Thomas Enger er mellom mine krimfavorittar. På ingen måte; Lier Horst sin krimhelt William Wisting er eg lei av for lenge sidan og Enger sin Henning Juul-serie, som byrja så lovande, enda for meg på ein utilfredsstillande måte. I utgangspunktet var eg såleis skeptisk til dette samarbeidet og til denne boka, men eg ville gjerne gi forfattarane ein ny sjanse. Nullpunkt er fyrste i ein planlagd serie.

Det opnar ganske friskt. Språket er enkelt og boka er greit komponert. Ein skjønnar at dette er ein slags seriemorder-thriller; ein sjanger som eg ofte likar. Etter kvart oppdagar ein likevel at plottet er så oppkonstruert, uverkeleg og lite truverdig at det går ut over den spenninga som forfattarane har prøvd å opparbeida. Hovudpersonane er (stereotypisk nok) ein middelaldrande politimann med ei fortid og ein ung kvinneleg journalist med private utfordringar. Etter kvart som eg nærmar meg slutten av boka merkar eg at det er verken spennande eller nifst, berre dumt. Helge Winther-Larsen gjer på si side ein god jobb som opplesar av lydboka.

Nullpunkt er enno ei av desse lettleste og lettgløymde krimbøkene. Jørn Lier Horst og Thomas Enger tilfører ingenting nytt med denne boka; eg hadde heile tida ei kjensle av at eg hadde lest alt saman før. Terningkast 3-.



Isbjørngåten av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2018
349 sider
Lånt ebok eBokBib


Så over til noko heilt anna - og til ein forfattar som faktisk har tilført noko nytt innan norsk krimlitteratur. Med serien om K2 og Patricia har Lahlum laga eit eige og "nytt" univers, med ein heilt eigen skrivestil og med røter i den klassiske kriminallitteraturen. Eg tykkjer han har lukkast godt. At han er litt "ufrivillig morosam" av og til er berre sjarmerande.

Isbjørngåten handlar om to ulike forsvinningar/ kidnappingar med omlag 40 års mellomrom. I 1973, i romanen si notid, vert ein tenåring meldt sakna. Det viser seg at guten sin biologiske far er ein rik og mektig mann - og at han har opplevd å mista ein son tidlegare. Er det ein samanheng mellom hendingane eller er det to ulike saker? Det er berre eitt av dei spørsmåla som Kolbjørn K2 Kristiansen må finna svar på. Saka vert lenge halden hemmeleg, men etter kvart må K2 ty til både media og til hjelparen Patricia.

Dette er bok nummer åtte i serien, men alle bøkene er frittståande og ein treng ikkje nødvendigvis lesa dei kronologisk. Isbjørngåten er ikkje superspennande, men anbefalast til alle som har sans for eit skikkeleg gammaldags kriminalmysterium. Terningkast 4.


Paradisets hjerte av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2018
Lånt ebok eBokBib

Bokserien om Stingo er skikkeleg bra. Både Magellans kors, Smertens aveny og Mørkets blod ga meg gode leseopplevingar - så dette er bøker som fortener meir merksemd og fleire lesarar. Den forrige boka var mørk, dyster og voldsom. Denne nye er heilt annleis - noko som også kjem tydeleg fram av coverbileta. Med Paradisets hjerte har forfattaren "leika seg"; dette er ei sprudlande og lettlest forteljing, meir som ein krimkomedie. Boka står seg fint åleine og ein må ikkje lesa dei føregåande før denne. Ho er velskriven og velkomponert og byr på opptil fleire overraskingar undervegs.

Handlinga er lagt til eit norsk miljø på Filippinene, og forteljinga startar med at Stingo er vitne til eit tilsynelatande naturleg dødsfall. Det skal imidlertid visa seg at det er enkelte uklare omstendigheiter - og ekspolitietterforskar Stingo får i oppdrag å finna ut kva som egentleg har skjedd. Oppdraget vert farefullt og utfordrande på mange måtar.

Paradisets hjerte er ein underhaldande og befriande "unorsk" actionkrim. Sørensen skriv med engasjement og krydrar historia med vittige metaforar og gode person- og miljøskildringar. Men bak den tøffe humoren og sarkasmen kan ein finna alvor, realisme og aktuell tematikk. Eg gir terningkast 4+. 

29. september 2017

Samleinnlegg: Kriminell seinsommarlesing

Det er ikkje alle bøker som treff like godt sjølv om dei tilhøyrer ein sjanger som eg egentleg likar. Her er nokre leseopplevingar i kategorien "lettlest og lettgløymt krim". Dei tre fyrste er av årets krimbøker, deretter ei frå 2013 og til slutt eit fransk innslag.


På overflaten flyter vannliljene av Frode Eie Larsen
Liv forlag 2017
368 sider, eBokBib

Det mest positive med denne boka er tittelen, som jo er ganske fin. Ein finn også enkelte andre fine poetiske vendingar her, men eg tykkjer dette stort sett er noko påklistra.

Handlinga er lagt til Larvik og Vestfold, men det endelege oppgjeret finn stad i Roma, Italia. Før det skjer har lesaren fått eit gjensyn med Eddi, kollegaen hans Kari og jounalisten Oscar som me har møtt i tidlegare bøker. I denne aktuelle saka peikar spor og indisiar mot ein heilt spesiell mistenkt, men sanninga og oppklaringa skal visa seg å vera heilt annleis.

På overflaten.. vart ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg må ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert heller, men for meg er det ein heil del som skurrar i denne historia. Trass i at Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal.

Avslutninga på historia er eit antiklimaks, den språklege poesien er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3-.


De fems tegn av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2017
383 sider, eBokBib

Går det an å kjenna sympati for ein seriemordar? Ja, ein kan nok det - når ein får kjennskap til bakgrunn og motiv for ugjerningane. Hovudpersonen i denne boka er ein gammal og einsam mann som bestemmer seg for å ta eit oppgjer med fortida. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor han handlar som han gjer - og det er litt ubehageleg og uvanleg at ein som lesar håpar på at politiet ikkje skal komma tidsnok til å avverga eit mord.

Lahlum sin skrivestil er gjenkjenneleg frå bøkene om K2 og Patricia: Også her dukkar den historiske nerden Lahlum fram i forteljinga. Det kan fort bli litt oppramsande og overforklarande, snirklete og langsamt - og av og til; ufrivillig morosamt.
Så frykteleg spennande vert det heller aldri, men det er ei interessant forteljing om ein moral, fortiing, skuld, hevn og rettferd. Boka er absolutt svakast når det gjeld den danske etterforskaren Pernille Frederikke Andersen sitt liv og arbeid. Pernille er ein krimhelt fullstendig utan sjarm og sjel. Terningkast 4-.


Hjerteknuser av Geir Tangen
Lydbokforlaget 2017
Speletid 12:53, Lånt lydbok + eBokBib

Fjorårets debutbok Maestro var brukbar, så det var med forventningar om ei bra leseoppleving eg starta på denne. Forventningane vart delvis innfridde.

Hovudpersonane Viljar og Lotte viser handlekraft og analytiske evner sjølv om dei vert utsette for kompliserte utfordringar og personlege vanskar. Plottet er fiffig, komposisjonen er vellukka og perspektiva er interessante. Spenninga er jamnt stigande utover i boka, utan at det vert altfor heseblesande og masete.
Tematikken med rusproblematikk og høgreekstremisme er i høgste grad aktuell, og skildringane frå ungdomsfesten og nynazistmiljøet er til ein viss grad truverdige.

Korleis er så Geir Tangen som opplesar av si eiga bok? Ikkje så verst faktisk. Han har ei behageleg stemme, les i passe tempo og med tydeleg diksjon. Han brukar si eiga avslepne hardangerdialekt sjølv om han skriv på bokmål. Det er positivt. I dialogane brukar han gjerne andre dialektar, både austnorsk og nordnorsk - og det vert tidvis veeeldig tilgjort og kunstig.

Tangen har ein sprudlande forteljarstil - og boblar over enkelte gonger. I forsøket på å vera ekstra frisk og morosam tippar han ofte over til å bli pinleg vulgær. På minussida må også nemnast alle dei unødvendige trivielle detaljane, alle overforklaringane og alle metaforane. Hjerteknuser har kvalitetar, men når ikkje heilt opp. Etter ei samla vurdering gir eg boka terningkast 3+.


Hanegal av Lars Ove Sæther
Cappelen Damm 2013
378 sider, Kjøpt papirbok + Lydbok Storytel

Eg starta på boka som lydbok, men ga opp lyttinga etter kort tid ettersom opplesaren les altfor sakte og har så monoton stemme.
Som ein ser på omslaget er dette vinnar av ein skrivekonkurranse. Boka er slett ikkje dårleg og alt i opningsscenen forstår ein at dette kan bli skummelt. Men dessverre dett historia saman mot slutten.

Sæther skriv flytande og friskt og har konstruert ei fantasifull historie. Det handlar om ein ung KRIPOS-etterforskar som må bistå i etterforskinga av eit muleg dobbeltdrap på ein avsidesliggjande stad. Saka viser seg å ha vide forgreiningar: Nokre underlege spor fører etterforskinga til Haiti.

Boka byr på bisarre hendingar og situasjonar som avkappa hovud, avkappa hender og ein gal hane, men sidan det heile er så oppkonstruert og lite truverdig vert det aldri særleg engasjerande.
Likevel må eg sei at dette er ein lovande debut. Ein oppfølgjar hadde vore på sin plass snart. Terningkast 3. 



Den tredje jomfru av Fred Vargas
Aschehoug 2008
445 sider, Lånt papirbok biblioteket

Ikkje eingong ein eminent forfattar som Vargas kan lukkast like godt kvar einaste gong. Dette er nok den svakaste av dei tre bøkene eg hittil har lest av henne.

Vargas har ei særeigen stemme, Adamsberg er ein spesiell etterforskar, medarbeidarane hans er originale og sakene dei etterforskar er intrikate på uvanlege måtar. I tillegg er resten av persongalleriet uvanleg fargerikt.

Det er også i denne boka ei etterforsking som stadig tek nye vendingar og uventa retningar. Humoren er lun og vittig - og vanvittig. Hendingane er også ofte så vanvittige at det passerer ei grense for kva ein realistisk krimlesar kan finna akseptabelt. Men Vargas nøstar opp i det meste, og då må ein berre godta at handlinga - og løysinga - er utanfor normalen.
Terningkast 4.