Viser innlegg med etiketten Graeme Macrae Burnet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Graeme Macrae Burnet. Vis alle innlegg

1. mars 2018

Oppsummering februar 2018

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Gert Nygårdshaug - Afrodites basseng - Norsk roman - Kjøpt pocket (OTS)
Roar Sørensen - Mørkets blod - Norsk krim - Kjøpt ebok

Lest i februar:
Jonas Bonnier - Helikopterranet - Svensk dokumentarkrim - Lånt lydbok biblioteket
Graeme Macrae Burnet - Med blodig forsett - Britisk historisk krim - eBokBib
Bernt Roughtvedt - Saken mot Abelone - Norsk historisk/dokumentarisk biografi - Storytel
Jens Lapidus - Top Dogg - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anders de la Motte - Sensommer - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Bernard Minier - Hvis helvete var av is - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Malin Persson Giolito - Størst av alt - Svensk krim - Lånt papirbok privat



  • 3 papir, 2 lyd, 2 ebøker
  • 4 lånt, 2 kjøpt, 1 abonnement
  • 5 krim/thriller, 1 roman, 1 bio/dok
  • 3 norske, 3 svenske, 1 britisk
  • 0 kvinner, 7 menn
  • "Nye" forfattarar: Bonnier, Burnet
Ein heilt grei lesemånad prega av lystlesing. Ikkje så mange bøker, noko som skuldast at eg har vore opptatt med andre ting. Er mest nøgd med at eg har gjennomført leseutfordringane biolesesirkel og bokhyllelesing.
Februar betyr Mammutsal for mange bokelskarar, men sjølv har eg ikkje eingong vurdert å kjøpa noko. Eg brukar verken tid eller pengar på denne kampanjen.

Elles noterer eg meg at eg bør passa på å lesa bøker av kvinnelege forfattarar i mars..

Langlesing:
Eg har gitt opp Sapiens - En innføring i menneskehetens historie - israelske Yuval Noah Harari si suksessbok som eg byrja på i november i fjor. Eg har lest vel halvparten av dei 440 sidene, men når boka no forsvant frå eBokBib for fjerde gong - så innser eg at ho ikkje har fenga meg nok. Neste langlesingsprosjekt framover vert Grensen av Erika Fatland. Den er så langt (50 sider lest) veldig veldig bra.
Det går mykje i svensk krim for tida


Lesemål - så langt i år:

14/100 bøker totalt
1/8 mursteinar (over 600 s.)
0/25 norske utgitt 2018
1/12 utgitt før 2000
2/10 biografiar
0/15 annan sakprosa
1/6 frå bokhylla
7/40 bokomtalar
3/30 "nye" forfattarar
1/20 Storytel

18. februar 2018

Kort om: Med blodig forsett av Graeme Macrae Burnet

Press 2018
301 sider

Lånt ebok eBokBib

Romanen Med blodig forsett vart nominert til Man Booker-prisen i 2016. Undertittelen er "Dokumenter vedrørende tilfellet Roderick Macrae" og det er ei bok som tangerer mange ulike sjangrar. Det er ein historisk kriminalroman framstilt som ein dokumentar eller true crime. Boka er i tillegg ei oppvekstskildring, eit rettsdrama og inneheld dessutan visse psykologisk thriller-element.

Me befinn oss i Skottland og året er 1869. 17 år gamle Roderick "Roddy" Macrae er sikta for - og har tilstått - eit blodig trippeldrap. Guten tilhøyrer ein fattig leilendingsfamilie, men er lynande intelligent. Kva kan ha fått han til å begå ugjerninga? Den oppnemnde forsvararen satsar på å kunna bevisa at Roddy er sinnssjuk - og slik redda han frå galgen. Medan han sit varetektsfengsla skriv Roddy utførleg om sin eigen bakgrunn og gir si grunngjeving for at han har utført drapa. Denne "redegjørelsen" utgjer hovudinnhaldet i boka. Andre personar; vitner og sakkyndige, kjem også til orde - og me får eit innblikk i avhøyr, protokollar og rapportar - i tillegg til sjølve rettssaka.

Forteljinga er tragisk. Roddy er ein gut nesten utan vener og heilt utan framtidsutsikter trass i at han utvilsamt har talent. Familien Macrae består av Roddy, systera Jetta, to små tvillingar og ein dyster og strengt religiøs far. Mora har døydd i barselseng for omlag eit år sidan og dei er alle sterkt prega av sorg, sakn og strev. Urimelege krav frå godseigar og godsforvaltar, ein vrang nabo og ein brutal og maktglad lokal konstabel fører til ytterlegare vanskar for familen.

Roddy sitt partsinnlegg, som altså er det mest sentrale i forteljinga, er skrive i eit omstendeleg og snirklete språk. Dette truleg for å framheva tidsbiletet og det historiske. Det er forsåvidt greit, men ikkje heilt truverdig - og det gjer boka noko tunglest. Det gjer elles inntrykk å lesa om haldningane dåtidas "ekspertar" hadde til kriminelle og lovbrytarar. Ut frå dagens syn er det heilt grotesk.

Med blodig forsett er ein uvanleg krim med mange lag - ei bok som utfordrar både lesaren og sjangeren. Forteljinga er interessant, lærerik og gripande og lagt til eit fascinerande landskap. Stemninga er ganske dyster og det ligg ei underliggjande uvisse og spenning heile vegen: Snakkar Roddy sant? Er han ærleg med seg sjølv? Er han tilrekneleg? Kjem han til å bli dømd - og hengd?
Eg likte boka - egentleg, men føler ved avslutta lesing at enkelte handlingstrådar vart hengande i lause lufta. Dei manglande avklaringane trekker ned heilskapsinntrykket og er årsaken til at eg ikkje gir toppkarakter.

Andre bloggmeiningar:
Den har jeg lest, Tones bokmerke, Beathes bokhjerte, Ebokhylla mi, Så rart