Viser innlegg med etiketten Tor Bomann-Larsen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tor Bomann-Larsen. Vis alle innlegg

7. desember 2020

Serieomtale: Haakon & Maud av Tor Bomann-Larsen

Tor Bomann-Larsen brukte 17 år på dei 8 binda i biografiverket om kong Haakon og dronning Maud. Eg har brukt ganske nøyaktig eitt år på å lesa bøkene, og no er tida inne for å summera opp inntrykka bokserien har gitt meg. Og det eg kjenner mest på akkurat no er takksemd. Takk for nokre fantastisk lærerike leseopplevingar! Tusen takk til ein forfattar som har brukt så mykje tid og krefter på å skriva eit grundig, tankevekkjande og interessant biografiverk - og her er det ikkje berre snakk om det tidlegare kongeparet og infløkte kongelege slektskapsforhold. Nei, her får ein kjennskap/kunnskap om politikk, samfunnsutvikling og viktige nasjonale og globale hendingar. Bøkene er opplysande og informative, men samstundes skin forfattaren sine personlege meiningar og betraktningar gjennom rett som det er. 

Kong Haakon sin innsats og handlekraft under 2. verdenskrig er udiskutabel og beundringsverdig. Men elles er eg ikkje spesielt opptatt av kongelege personar og rojale hendingar. Reint prinsippielt er eg ingen tilhengar av monarki, verken absolutte eller konstitusjonelle. At makt og privilegiar går i arv slik det gjer innan denne styreforma er - egentleg - svært lite demokratisk. På den andre sida: når ein eingong har eit monarki er me heldige som har eit moderne monarki og ein såpass oppegåande kongeleg familie som me har her i landet. 

Forfattaren har hatt tilgang til eit enormt arkivmateriale i fleire land og må ha hatt litt av eit arbeid med å plukka ut, systematisera og tolka relevante dokument, brev, dagbøker og andre kjelder. Bomann-Larsen går ikkje tilbake til "tidenes morgen", men han går grundig til verks alt frå start. Han gjer greie for den politiske situasjonen og utviklinga i Europa på 1800-talet generelt og forholda i unionen Noreg/Sverige spesielt. 

Samstundes presenterer han hovudpersonane sitt slektstre. Prins Carl av Danmark og prinsesse Maud av England hadde ein del felles røter i dette treet sidan dei var søskenbarn. Deira felles besteforeldre var kong Christian IX (frå fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg) og dronning Louise (frå fyrstehuset Hessen-Kassel) av Danmark. Begge frå gamle tyske fyrstehus altså, noko som er litt interessant med tanke på dei to verdenskrigane som skulle komma noko seinare. Christian og Louise vart kalla "amama" og "apapa" av barnebarna sine, og vart kjende som Europa sine svigerforeldre sidan dei gifta bort borna sine omkring i andre europeiske kongehus - England, Russland, Preussen og Hellas forutan Danmark. No i dag finst det uendeleg mange etterkommarar etter dei.

Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, til dagleg prins Carl, vart fødd 3. august 1872 som nest eldste barn av dåverande kronprins Frederik og kronprinsesse Louise av Danmark (jepp, nok ei Louise; denne var svensk-norsk prinsesse. Ein skal ha tunga beint i munnen for å halda styr på desse folka). Dei fekk tilsaman åtte barn. Denne Frederik var kronprins i over 40 år, og var konge i berre seks år. Han døydde under pinlege omstendigheiter på Reeperbahn i Hamburg.

Maud Charlotte Mary Victoria vart fødd 26. november 1869 som engelsk prinsesse. Foreldra var dei som seinare skulle bli kong Edvard VII og dronning Alexandra av Storbritannia, men då Maud vart fødd var det dronning Victoria som regjerte. Maud hadde fem søsken, deriblant han som skulle bli kong Georg V, farfaren til dagens dronning Elizabeth II.

1. Kongstanken (2002)
464 sider

Kongstanken er ingen hoffreportasje, men her kryr det av kongelege personar og familiar. Det vert fortalt om kvardagsliv og festlege samankomstar, og nokre skandalar er heller ikkje til å komma frå. Det vert sitert frå private brev og dagboknotat og ein kan ein lesa om kulturelle hendingar. Det store bakteppet er eit Europa i forandring og aukande ustabilitet samt påfølgjande utanrikspolitiske motsetnader.

I tillegg til ei grundig innføring i familie- og samfunnsforhold får ein i denne fyrste boka nokre glimt av personlegdomen til det framtidige norske kongeparet. Den unge Maud vert framstilt som barnsleg, bortskjemt, sutrete og unormalt knytta til mor si. Den unge Carl var skulesvak, umoden og usikker - overraskande nok, med tanke på kor stø, kompetent og reflektert han vart med åra.

Haakon og Maud kjende altså kvarandre godt alt frå barndommen, og som unge vaksne fann dei nok ut at det var "noko meir" enn venskap og slektskap.  I ei tid der kongelege ekteskap som oftast var reine tvangs-fornuftsekteskap, tyder alt på at det var ekte kjærleik mellom dei to. Ikkje alle var begeistra for forholdet, men dei sto imot og gifte seg i Buckingham Palace i 1896. På framsidefotoet ser ein det unge paret på bryllaupsdagen. Her ana dei ikkje at dei ni år etter skulle bli konge og dronning av Noreg. 

2. Folket (2004)
563 sider

Det nygifte paret buset seg i København og prinsen held fram i jobben som offiser i den danske marinen. Men Maud mistrivst i Danmark og lengtar seg sjuk tilbake til England og mother dear. Maud lir elles av diffuse sjukdommar og plager. Det er ganske tydeleg at ho har anoreksi, som det heiter i våre dagar. 

Barn blir det heller ikkje, på mange år. Fyrst i 1903 kjem prins Alexander - den seinare kong Olav - til verda. Det mest oppsiktsvekkjande i denne boka er at forfattaren antydar at prinsen vart til på "kunstig" måte og at prinsessa sin livlege var sædgjevar. Mykje tyder på at han har rett - og eg tenkjer: er det ikkje greitt at det (kanskje) kom litt friskt raudt blod inn blant det blå i dette høvet?

Hendingar rundt unionsoppløysinga i 1905 er elles sentralt i bind 2. I ei folkeavsteming i november same år seier eit stort fleirtal ja til monarki og ja til at prins Carl av Danmark skal verta Noreg sin nye konge. Det var den unge prinsen sjølv som insisterte på folkeavstemning. Boka avsluttar med at kong Haakon, dronning Maud og vesle kronprins Olav vert ønskte velkommen til landet av statsminister Christian Michelsen og eit jublande folk.

3. Vintertronen (2006)
382 sider

Bind 3 handlar om åra 1905 - 1913. Det nye kongeparet og det ferske monarkiet møter utfordringar, men har stort sett støtte i folket sitt. Kong Haakon - i ein heilt spesiell situasjon som folkevald monark - er i ferd med å finna si rolle. Han er aktiv og interessert innan det politiske arbeidet og søkjer brei støtte, samstundes som han har sine eigne meiningar og synspunkt. Det kjem fram i dagbøkene hans, som Bomann-Larsen har fått tilgang til i samband med biografiprosjektet. 

Han har óg hatt tilgang til dronning Maud sin omfattande brevkorrespondanse med ulike europeiske kongehus. Slik får ein eit detaljert innsyn i dåtidas tankar og rojale veremåte. Det er tydeleg at Maud trivst mykje betre i Noreg enn i Danmark, og ho likar t.d. godt å gå på ski saman med sonen. Men kvart einaste år har Maud lange opphald på sitt kjære Appleton.

Av funfacts frå bind 3 kan nemnast kongeparet sitt nære venskap med Fritjof Nansen. Så nært faktisk, at fru Eva Nansen var sjalu på dronninga og rasande på mannen sin. 

4. Makten (2008)
461 sider

Dette bindet omhandlar dei turbulente åra 1913 - 1928 - det vil sei at bakteppet her er fyrste verdenskrig, russisk revolusjon og norsk nøytralitetspolitikk. For kongeparet vart krigen ei belastning også på eit personleg plan, fordi dei hadde nære slektningar både i England, Tyskland og Russland. Tsar Nikolai II, som (saman med familien sin) vart henretta i 1918, var deira "fetter Nicky".

Også det politiske Noreg er prega av uro. Kong Haakon er skeptisk til det stadig sterkare (og på den tida revolusjonære) Arbeiderpartiet, men han syner seg som eit pragmatisk og kompromissvillig statsoverhovud. Han var alltid lojal mot politiske vedtak og parlamentariske prinsipp.”Jeg er også kommunistenes konge”, sa kongen, og bad Chrisopher Hornsrud danna regjering i 1928. Sjølv om denne regjeringa berre eksisterte i 18 dagar, vart det starten på eit nytt tilhøve mellom Arbeiderpartiet og kongehuset.


5. Æresordet (2011)
623 sider

Her handlar det om tidsrommet 1928 - 1940. Etter fyrste verdenskrig forsvann fleire av dei gamle konge- og keisardømma, og ulike nye ideologiar veks fram i Europa. Forfattaren vekslar framleis fint mellom det familiære, det dynastiske og det politiske, men i bind 5 er det lagt meir vekt på det innanrikspolitiske. Kong Haakon må forholda seg til nye poltikarar som Johan Nygårdsvold, Halvdan Koht og C.J. Hambro - tre markante skikkelsar som skal komma til å bety mykje for kongen, for kronprinsen - og for landet. 

Kronprins Olav innleiar eit forhold til si kusine, den svenske prinsesse Märtha. Det er slett ikkje uproblematisk, og dei må ta nokre rundar med slekta før det vert forloving og giftarmål. At Märtha sin familie er svært tyskarvenleg fell ikkje i god jord, og det nære slektskapet er noko som også uroar dei sjølve. Men det går bra; dei gifter seg i 1929 og to prinsesser, Ragnhild og Astrid, kjem til verda i hhv. 1930 og 1932, og til slutt vesleprinsen Harald i 1937. Dronning Maud slit framleis med helsa, og oppheld seg ofte utanlands. I ettertid er det kjent at ho hadde kreft, men den gongen vart ein slik sjukdom ikkje snakka om. Det gjer inntrykk å lesa om den siste tida hennar, og om kor einsam og sorgtung kongen vart då ho gjekk bort i 1938. 

Avslutningsvis i denne boka kan ein lesa om krigsutbrotet og kongefamilien og regjeringa si påfølgjande og dramatiske flukt ut frå hovudstaden. Kong Haakon var som kjent standhaftig og kompromisslaus i høve dei tyske okkupantane og sa eit klart NEI til norsk kapitulasjon.

6. Svaret (2013)
399 sider

Denne boka skil seg vesentleg frå dei føregåande. Den er fyrst og fremst politisk, og omhandlar kun nokre månader; sommaren og hausten 1940. Innhaldet er oppsiktsvekkjande. Eg har lest mykje om 2. verdenskrig, men har aldri tidlegare høyrt om riksrådsforhandlingane. 

Sommaren 1940 ser det ut til at krigen skal bli kortvarig og at Tyskland kjem til å vinna. Kongen og kronprinsen samt regjeringa er i London, kronprinsessa og borna oppheld seg mellombels på eit slott utanfor Stockholm.
I Noreg forhandlar sterke norske krefter om fred og samarbeid med okkupasjonsmakta. Eitt av forhandlingskorta er å avsetja kongen og setja inn tre år gamle prins Harald som barnekonge. 
Riksrådet sende ein anmodning til kongen om abdikasjon, men svaret vart også her - eit klart NEI. Spelet omkring dette er interessant lesnad, samstundes som det er bortimot uforståeleg sett no i ettertid. Og kvifor er det ikkje meir kjent? 

7. Hjemlandet (2016) 
535 sider

Her handlar det om krigsåra 1940-45. Å vera i eksil tærer på krefter og er utfordrande på fleire plan. Den stødige, men etter kvart aldrande kongen og den yngre og meir energiske kronprinsen er ikkje alltid samde, men diskuterer seg fram til det som dei meiner er til det beste for fedrelandet. «Sønnen fikk det som faren ville», heiter det i boka. Kong Haakon er heller ikkje alltid enig med statsminister Nygårdsvold, men har tydeleg stor respekt for han. Det er gjensidig. 

Kronprinsesse Märtha, fyrstedame etter at dronninga døydde, oppheld seg i USA denne perioden (som fortalt om i Atlantic Crossing), og får eit nært, fortruleg og pikant (men sannsynlegvis ikkje romantisk) forhold til president Roosevelt. 

Boka inneheld mengder med informasjon, namn og detaljar, men er likevel lett tilgjengeleg, skriven med sedvanleg iver og engasjement.

8. Kongen (2019)
508 sider

Så er me komne til siste bind i dette kjempesvære biografiverket - og til dei siste åra av kong Haakon sitt liv; 1945 - 1957.
Her samlar forfattaren trådar og syner dei lange linjene; om korleis historia om kong Haakon og historia om utviklinga av den norske velferdsstaten heng saman. Etter krigen vart kongen om muleg enno meir populær enn før. Sjølv om han hadde ei "opphøgd" stilling vart han eit samlande symbol og ein folkekonge.

Kronprinsesse Märtha var mykje sjuk og var inn og ut av sjukehus i åra etter krigen. Ho døydde i 1954, til stor sorg for kongen, kronprinsen, borna - og folket.

Kong Haakon overlot gradvis mykje av ansvaret til sonen. Heilt til det siste var kongen klår, men svært svekka fysisk etter eit lårhalsbrot. Det er sårt og vemodig å lesa om den siste tida hans.
Kong Haakon døydde 21. september 1957, 85 år gammal.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har "lest" alle bøkene som lydbøker, opplest av forfattaren sjølv. Ein kan ikkje sei at Bomann-Larsen har ei spesielt behageleg stemme, og han les dessutan noko seint. Men på den andre sida; ved å høyra på forfattaren forstår ein kor oppriktig og engasjert han er. For meg vart løysinga å lytta til bøkene i eit litt raskare tempo (1,2) - og stemma har eg gradvis vant meg til. Det ein går glipp av ved å kun høyra på desse bøkene er alt det interessante biletstoffet som ein finn i papirutgåvene. Dette vart for min del løyst ved å ta ein tur på biblioteket og bla litt i desse.


Om eg anbefalar bøkene? Ja, sjølvsagt - dette er bøker ein vert klokare av!
Les dei langsamt og la det gjerne gå litt tid mellom kvar bok.

Eg har gitt dei fleste enkeltbøkene i serien terningkast 5, men samla sett fortener dette biografiverket toppkarakter.

30. november 2020

Oppsummering november 20

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i november:
M.J. Arlidge - Elsker elsker ikke - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Kjell Ola Dahl - Assistenten - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Hjemlandet. Haakon & Maud 7 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Kongen. Haakon & Maud 8 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
[Roy Jacobsen og Anneliese Pitz - Mannen som elsket Sibir - Biografisk roman - Lyd Storytel - avbraut]

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Val McDermid - Myrgraven - Britisk krim - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Lang tids reise - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket


2 lyd, 1 papir, 3 ebøker
3 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
3 krim, 1 historisk roman, 2 biografiar
3 norske, 3 britiske
6 menn, 0 kvinner
"Nye" forfattarar: Ingen

Det vart ikkje så mange bøker i november samanlikna med månaden før. Men med tanke på at tre av dei er svært omfangsrike/langvarige, seier eg meg nøgd med innsatsen. Pr. 30. november har eg lest 98 bøker i år, så når eg er ferdig med dei to eg er i gang med har eg nådd målet om 100 bøker i 2020.

Heile månaden har eg lest i Ken Follett sin siste historiske mursteinsroman Aftentid og morgengry. Som så ofte før når det gjeld Follett er eg noko ambivalent; det meste av innhaldet er veldig interessant, men så vert enkelte deler skjemd av klisjéar og kleine skildringar. Omtale kjem.

Månadens høgdepunkt for meg må difor bli avslutninga av Tor Bomann-Larsen sitt biografiverk om Haakon og Maud; Hjemlandet (som omhandlar åra 1940-45) og Kongen (1945-1957). Laang serieomtale kjem.
Samstundes som respekten og beundringa for denne forfattaren og serien har vakse seg større, har interessa og trua på TV-serien Atlantic Crossing falle tilsvarande. Det får eg stadfesta når eg har følgd med på debatten i det siste. Eg såg bittelitt på episode 5, men avbraut etter nokre minuttar. TV-serien blir berre meir og meir hollywoodsk og mindre og mindre truverdig, så no er det definitivt slutt for min del. 

Boka Mannen som elsket Sibir vart også avbroten. Vanlegvis likar eg bøkene til Roy Jacobsen, men dette var altfor sært - og grusomt kjedeleg.

17. november 2020

Fake history?

I skrivande stund les eg Kongen; åttande og siste del i Tor Bomann-Larsen sitt historiske/biografiske verk Haakon & Maud. Bokserien bør få ny aktualitet i desse dagar, i samband med TV-serien Atlantic Crossing som no går på NRK. TV-serien har ført til ein debatt mellom filmskaparar på den eine sida og historikarar på den andre sida.
Ein konflikt mellom det kunstneriske og det faktabaserte virkar å vera uunngåeleg. Den populære BBC-serien The Crown og tilsvarande seriar har også vore omdiskutert. 

Debatten som har oppstått er interessant og naudsynt, sidan dramaserien er basert på og inspirert av historiske hendingar og verkelege personar. For kva er filmskaparane sitt ansvar? Kvar går grensa mellom historieforfalsking og "kunstnerisk fridom"? Kjem det godt nok fram at dette er serieskaparane si tolking av det som hende for 75-80 år sidan? 

I eit innlegg på NRK Ytring kjem nettopp historikaren og biografen Tor Bomann-Larsen med eit relativt sterkt angrep på det han kallar "fake history" i episode 4. Eg har ikkje problem med å forstå at Bomann-Larsen, med sin erfaring og kunnskap, reagerer som han gjer.

Vanlegvis ville eg ikkje ha brydd meg om å sjå Atlantic Crossing, for eg ser nesten aldri på filmar og TV-seriar. Men tilfeldigvis var eg i gang med Svaret og deretter Hjemlandet (del 6 og 7 i Bomann-Larsen sin bokserie) som omhandlar mange av dei same hendingane og personane som i dei fyrste episodane av TV-serien. Og dermed vart det interessant for meg å sjå på. Skilnaden er naturleg nok stor; TV-serien er sjølvsagt ei forenkla framstilling av mangfaldige og kompliserte forhold. På den andre sida er mykje av det Bomann-Larsen fortel om i si bok gjenkjenneleg på TV-skjermen. 

Det er eit faktum at president Franklin Roosevelt og kronprinsesse Märtha hadde eit nært og fortruleg forhold. Det kjem fram både i TV-serien og i fleire biografiar og historiske dokumentarar. Men ifølge Bomann-Larsen er det utenkjeleg at kronprinsessa hadde så stor påverknadskraft over politikken som det som kjem fram i dramaserien. (Kyle MacLachlan er forøvrig ein truverdig og fornøyeleg Roosevelt. Og Sofia Helin er ei bedårande kronprinsesse). 

Eg trur folk flest er klar over at ein slik dramaserie er forenkla og fortolka, og at sjåarane er i stand til å tenkja sjølv. På NRK sine nettsider kan ein finna ein interessant oversikt over kva som er fiksjon og kva som er fakta, samt andre vurderingar som er gjort i samband med TV-serien. Sjølv tvilar eg på om eg giddar å sjå meir enn dei fyrste fire episodane. For sjølv om eg er imponert over kulissar og tidsbilete irriterer eg meg over påklistra drama og kunstige dialogar. Pluss at eg har i bakhovudet at ein del av stoffet er fiksa, forenkla og altså; fake.

Men eg trur og håpar at folk som likar Atlantic Crossing vert såpass interesserte at dei søkjer meir informasjon om fakta kring krigshistoriske hendingar. I samband med det kan eg altså varmt anbefala Tor Bomann Larsen sitt omfattande bokverk om kong Haakon og dronning Maud, samt Alf R. Jacobsen sin dokumentarserie Angrepet på Norge. Begge seriane er tilgjengelege på Storytel.

31. oktober 2020

Oppsummering oktober 20

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober:
Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites



6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
9 norske, 2 britiske, 1 svensk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Harsem, Michaelides

Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge. 

Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.

Både Tollak til Ingeborg, Den tredje engelen og Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er gode bøker, kvar på sin måte, og kan anbefalast på det varmaste. Og dei er ikkje dårlege Bolton, Brekke, de Bourg og Borge sine bøker heller. 

Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les forkorta versjon i VG. 

Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3. 

Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den. 
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa. 

1. oktober 2020

Oppsummering september 20

Påbyrja i august, fullført i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i september:
Heine Bakkeid - Vi skal ikke våkne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jo Nesbø - Kongeriket - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tor Bomann-Larsen - Makten. Haakon & Maud 4 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Hjerteløs - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kristina Ohlsson - Henrys hemmelighet - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Erlend Loe - Helvete - Norsk roman - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Æresordet. Haakon & Maud 5 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel


4 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 4 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
7 norske, 1 britisk, 1 svensk
8 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Molde

September kom og gjekk. Eg trur det er den fyrste månaden utan eit einaste blogginnlegg etter at eg byrja å blogga i 2012. Årsaka til manglande bokblogging ligg ikkje i skrivesperre eller lesesperre, men i tid. Rettare sagt kva eg prioriterer å bruka den begrensa fritida mi på. 

Månadens høgdepunkt: Kongeriket - ein svært sterk 5'ar. Omtale av Jo Nesbø si nyaste bok kjem om kort tid. 

Eg likte óg veldig godt dei tre sakprosabøkene som eg har lytta til innimellom all krimlesinga. Det gjeld del 4 og 5 i biografiverket om Haakon og Maud, opplest av forfattaren sjølv og Audun Molde sin gjennomgang av pop-historia, lest av Håvard Bakke. 

Og når ein er inne på lydbok og opplesing; ingen les Erlend Loe sine bøker som Erlend Loe sjølv. For fyrste gong har eg lytta til ei "live" bokopplesing. Eg humra meg gjennom Helvete saman med Loe og publikum i Litteraturhuset. Sjølve boka og handlinga var kanskje ikkje så stor lesesoppleving, men stemninga var djevelsk god!

30. april 2020

Oppsummering april 20

Påbyrja i mars, fullført i april:
John Harvey - Av kjøtt og blod - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Div. forfattarar - Påskekrim 2020 - Krimnoveller - Kjøpt papirbok
Håkan Nesser - Halvmorderen - Svensk krim - Kjøpt lydfil

Lest i april:
Niklas Natt och Dag - 1794 - Svensk historisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tor Bomann-Larsen - Vintertronen (Haakon & Maud bind 3) - Norsk biografi/historisk dokumentar - Lydbok Storytel
Arnaldur Indridason - Fluktruten - Islandsk krim - Lyd Storytel
Sven Petter Ness - Den stille uke - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Katrine Engberg - Blodmåne - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Anders de la Motte - Våroffer - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Tana French - Flokkdyr - Irsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Zeshan Shakar - Tante Ulrikkes vei - Norsk roman - Papirbok fått i gåve
M.J. Arlidge - Dukkehuset - Britisk krim - Lånt ebok BookBites



3 papir, 5 lyd, 2 ebøker
5 lånt, 3 abonnement, 2 kjøpt
8 krimromanar, 1 krimnoveller, 1 biografi/dokumentar
2 norske, 3 svenske, 1 dansk, 1 islandsk, 1 irsk, 1 britisk, 1 diverse
7 menn, 2 kvinner, 1 begge
"Nye" forfattarar: Harvey, Ness, Engberg

Koronasituasjonen og eit noko avgrensa sosialt liv pregar framleis kvardagen, men ting går seg til og tilværet er i ferd med å normalisera seg. Bloggeaktiviteten har vore låg i det siste, men no har eg i alle fall starta på nokre omtalar, og dei skal etter kvart bli publiserte her.

Etter heller laber leseinnsats i mars vart det meir fart på sakene denne månaden. Mykje krim som vanleg, men så har det då også vore påske - og då les vel "alle" krim? Tre nye krimforfattarar for meg i april, og eg skal lesa meir av både Harvey og Ness. Engberg og hennar Blodmåne derimot, den innfridde ikkje forventningane mine. Det gjorde ikkje Fluktruten heller, for eg veit at Indridason kan betre enn dette.

Eg vart heller ikkje overbegeistra for Våroffer og ser på denne som den svakaste av Årstidkvartetten. Eg "belønnar" likevel boka med eit terningkast 4, der stilen vert vurdert til ein 5'ar og innhaldet til ein 3'ar. Høgdepunkt i april vart to andre svenskar: Veteranen Nesser med ein ny kriminalroman med strek under roman og Niklas Natt och Dag med ei sterk forteljing frå Stockholm anno 1794.

Nemnast må óg Tana French. Flokkdyr er femte bok i "den ukronologiske serien" Dublin Murder Squad. French er verkeleg dyktig, både når det gjeld språk, forteljarmåte og psykologisk innsikt. Då får ein heller bera over med at boka er så omfattande.

Eg er framleis ganske betatt av biografiserien om kong Haakon og dronning Maud, men eg fann ikkje del tre like interessant som dei føregåande to. Om eg kjem til å fullføra heile verket på 8 bind er uvisst. Det som er sikkert er at Tor Bomann-Larsen er ein strålande forfattar og formidlar.

Omsider er eg i gang med den prisbelønte oppvekstromanen Tante Ulrikkes vei. Då det kokte "som verst" rundt denne boka for eit par-tre år sidan mista eg rett og slett lysta til å lesa ho. Men så fekk eg boka i bursdagsgåve her i fjor, og dermed følte eg meg forplikta til å ta ho fram etter kvart. Etter halvlest bok har eg framleis visse motforestillingar og veit ikkje heilt om eg likar det eg les. Eg har i alle fall store vanskar med å forstå språket til den eine forteljarstemma. Vel - den endelege "dommen" kjem i mai ein gong.

Eg har ingen konkrete leseplanar for mai månad, men det er ein ganske variert "bunke" med papir-, e- og lydbøker som ventar. Me som likar å lesa slepp å kjeda oss!

30. mars 2020

Oppsummering mars 2020

Det nærmar seg slutten av den mest spesielle månaden me har hatt nokon gong. Før ei oppsummering av lest og ulest i mars må eg ta med nokre ord om koronasituasjonen - ei krise som har ført til menneskelege, økonomiske og samfunnsmessige omveltningar. Ein usynleg fiende har råka oss alle - eit virus som har ført til sjukdom og død for utallige - og som me ikkje anar dei fulle konsekvensane av enno. Pandemien er nok enno kun i oppstartsfasen. Kven skulle trudd for ein månad sidan at liva våre skulle endrast så drastisk - så raskt?

Samstundes kjenner eg meg takksam. Fyrst og fremst fordi eg bur i eit land med eit godt utbygd helsevesen og med helsemyndigheiter som sette i verk drastiske og naudsynte tiltak. Dernest fordi eg framleis har ein jobb; ein jobb i det offentlege med pålagt heimekontor. Dette siste sparar meg for arbeidsreisetid, men eg saknar kollegaene mine og kvardagane mine. (Eg er óg takksam for at eg slepp å driva med barnepass og heimeundervisning sidan ungane mine er vaksne..)

Mest av alt saknar eg å vera saman med vener og familie. Men dette med å halda avstand og å vera mest muleg heime må bli normalen for oss alle ei god stund framover. Folk flest forstår alvoret og innrettar seg deretter. Som det stadig vekk blir sagt; det er ein dugnad, dette.

Eg tykkjer det er positivt at mange syner solidaritet og kreativitet i ei vanskeleg og uviss tid. På nettet kan ein til dømes finna aktivitetar som digitale byvandringar, konsertar, bokopplesingar og kunstutstillingar. Eg nyttar meg av ein del av desse tilboda, og finn dessutan stadig nye podcastar som er verdt å lytta til. Tv-seriar og filmar derimot, - det er ikkje noko for meg. Biblioteka er stengde, men eg har lagt merke til at det er blitt betre utval av ebøker og lydbøker i BookBites i det siste. Storytel har også eit godt og variert utval til folk med ulik lesesmak.

Heldigvis så likar eg å vera åleine heime og lesa bøker. Eg kjedar meg aldri fordi eg alltid har bøker på vent. Men når det er så mykje som skjer i samfunnet rundt meg og alt er så uvisst gjer det noko med konsentrasjonen. Eg har nesten ikkje blogga og omtrent ikkje lest andre bloggar denne månaden. Eg las ferdig seks bøker i mars:

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Tor Bomann-Larsen - Folket (Haakon & Maud bind 2) - Norsk biografi/historisk dokumentar - Lydbok Storytel
C.J. Sansom - Opprør - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mars:
Val McDermid - Under overflaten - Britisk krim - Lydbok Storytel
Jo Nesbø - Flaggermusmannen - Norsk krim - Lydbok Storytel
Gard Sveen - Blod i dans - Norsk krim - Lydbok Storytel
Håkan Nesser - Nortons filosofiske memoarer - Svensk kortroman - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i mars, fullførast i april:
John Harvey - Av kjøtt og blod - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Div. forfattarar - Påskekrim 2020 - Krimnoveller - Kjøpt papirbok
Håkan Nesser - Halvmorderen - Svensk krim - Kjøpt lydfil


1 papir, 4 lyd, 1 ebok
2 lånt, 4 abonnement
4 krim, 1 kortroman, 1 biografi/dokumentar
3 norske, 2 britiske, 1 svensk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Ingen.

Marsbøkene mine er av høgst ulik omfang: Opprør av C.J. Sansom er på 789 sider, Nortons filosofiske memoarer på kun 96 sider, inkl. illustrasjonar.

I april skal eg fyrst og fremst lesa ferdig dei påbyrja bøkene. Av dei er det Halvmorderen av favoritten Håkan Nesser eg har størst forventningar til. Dagen før "alt" vart karonastengt henta eg Niklas Natt och Dag sin oppfølgjar av 1793 (som logisk nok har tittelen 1794) på biblioteket. Ei anna bilbiotekbok som ventar er Den stille uke av Sven Petter Næss. Den skal lesast i påskeveka, men eg anar ikkje om det er denne veka det er snakk om i boka. Elles har eg tenkt å halda fram å lesa om Haakon og Maud, lydboka av bind 3 i serien, Vintertronen, er alt lasta ned på telefonen. Andre ventebøker eg gledar meg til er Våroffer av Anders de la Motte (lånt ebok) og X måter å dø på av Stefan Ahnhem (lånt lydbok). Eg håpar på å få tid konsentrasjon nok til å skriva nokre bokmtalar i den kommande månaden.

Eg ynskjer alle god påske og ein god lesemånad i april. Ta vare på kvarandre der ute!

31. januar 2020

Oppsummering januar 20

Påbyrja i desember, fullført i januar: 
Tor Bomann-Larsen - Roald Amundsen - Biografi - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Formildende omstendigheter -Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i januar:
Ane Riel - Slakteren i Liseleje - Dansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Mimir Kristjánsson - Mamma er trygda - Norsk biografisk/dokumentarisk - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - Roser er døde - Britisk krim - Lydbok Storytel
Torkil Damhaug - Se en annen vei - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tana French - Flukt - Britisk krim - Lydbok Storytel
Erika Fatland - Sovjetistan - Norsk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar: 
Ingar Sletten Kolloen - Under krigen. Bind 1: Vi må ikke falle - Norsk krigshistorisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Camilla Grebe - Dvalen - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket



2 papir, 4 lyd, 2 ebøker
4 lånt, 4 abonnement
5 krim, 2 dokumentar, 1 biografi
5 norske, 1 dansk, 1 britisk, 1 irsk
4 menn, 4 kvinner
Ingen "nye" forfattarar

Bra start på året; lesing av krim i ulike stilartar og sakprosa med varierande tema. Eg les som regel mange fleire bøker av menn enn av kvinner, men denne månaden er det faktisk fifty-fifty.

Vidare tenkjer eg at eg har vore både heldig og dyktig som har plukka ut bøker som verkeleg har falle i smak. Heile 6 x terningkast 5 i løpet av ein månad er uvanleg. 

19. januar 2020

Bokomtale: Roald Amundsen av Tor Bomann-Larsen

Cappelen Damm 1995
Speletid 26:03

Lyd Storytel

Eg veit ikkje om dette er den beste biografien eg har lest nokon gong, men det er i alle fall den grundigaste. Papirutgåva har 574 sider, lydboka varer i 26 timar. Mykje av innhaldet kjende eg til frå før, for eg har lest mange bøker om polarhistorie og polfararar tidlegare. Likevel vart eg ikkje lei; boka er nemleg svært interessant. Det vert fortalt om ukjende sider av Amundsen personleg og det vert kasta nytt lys over hendingar som alt er kjende. Biografien gir dessutan lesaren innsikt i ein viktig epoke i norsk (polar-)historie.

Tor Bomann-Larsen har gjort eit omfattande researcharbeid og hatt tilgang til eit stort kjeldemateriale. Dette materialet - dagboknotatar, private brev, avisartiklar, rapportar osv. - har han omgjort til ei medrivande forteljing om ein heilt spesiell mann. Med eleganse, grundigheit og skråblikk får forfattaren formidla "heile biletet" - både mannen, familien, nasjonen og omverda.

Boka er ikkje ny; fyrsteutgåva kom ut i 1995 og har i ettertid komme ut i fleire utgåver. I 2016 las forfattaren inn boka som lydbok - og det er denne eg har lest no.

I biografien vert det fortalt om dei vel kjende ekspedisjonane Roald Amundsen leia; Gjøa-ekspedisjonen 1903-06 (Nordvestpassasjen), Tredje Framferd 1910-14 (Sydpolen), Maud-ekspedisjonen 1918-25 (Nordaustpassasjen), ekspedisjonen med N24 og N25 i 1925 (87° 43' nord) og Norge-ekspedisjonen i 1926 (over Nordpolen). I tillegg vert det fortalt om andre norske og internasjonale ekspedisjonar i arktiske og antarktiske strøk, om andre meir eller mindre kjende polarheltar, om rivalar og støttespelarar, om personlege og økonomiske opp- og nedturar og om familekonflikter og kvinnehistoriar.

Amundsen sin store helt og førebilete var Fritjof Nansen, men i si samtid nådde han aldri den statusen som Nansen fekk. Etter at han forsvann på mystisk vis i samband med ein leiteaksjon vart han likevel ein nasjonalhelt.

Det er ingen tvil om at Roald Amundsen var ein heilt spesiell person. Han var målbevisst, nysgjerrig og dristig. Men også omsynslaus, kravstor og egoistisk. Ved enkelte høve synte han dårleg dømmekraft og elendig leiarskap; tenk berre på Hjalmar Johansen sin lagnad. Han forlanga absolutt lydigheit sidan han var sjefen og vart fornærma om han ikkje fekk det akkurat slik som han ville. På den andre sida kunne han komma med krypande smiger dersom han meinte at han kunne tena på det. Bomann-Larsen nemner fleire eksempel på at han braut med folk som tidlegare hadde stått han nær; mest oppsiktsvekkjande er uvenskapet med broren Leon. Mot slutten av livet var han heilt klart i mental ubalanse. Dette er noko som óg kjem fram i Monica Kristensen si bok Amundsens siste reise.

Amundsen var sjølvsagt ikkje åleine om planlegging, finansiering og gjennomføring av ekspedisjonane sine. Han hadde dyktige medarbeidarar i alle ledd og knytta kontaktar verda over. For hundre år sidan fantest ikkje begrep som sponsoravtalar, logistikk og medierådgjevar, men desse rollene fylte Leon Amundsen med stø hand gjennom mange år. Mellom ekspedisjonane reiste Roald verda rundt og heldt forestillingar/foredrag for å finansiera i alle fall deler av kostnadene. Men ekspedisjonane var langvarige og dyre - og Roald levde ikkje særleg nøkternt. Han sleit med økonomien i mange år og gjekk til slutt personleg konkurs.

Roald Amundsen var aldri gift og fekk ikkje barn (i alle fall ikkje offisielt. Men truleg gjorde han og mannskapet på Gjøa opptil fleire inuittkvinner gravide under opphaldet i Gjoa haven) Seinare var han i ein periode pleiefar for to sibirske jenter. Desse tok han med heim til Noreg og dei gjekk på norsk skule. Han brydde seg nok verkeleg om desse barna, men det virkar som han vart lei av dei etter ei tid. Dei vart i alle fall sende tilbake til Sibir igjen.
Vidare fortel Bomann-Larsen at Amundsen hadde tre langvarige forhold; til dei tre gifte kvinnene Sigg, Kiss og Bess (sic). Det var ekstremt viktig for både Amundsen og medarbeidarane hans at desse forholda vart halde hemmeleg. I ettertid vart altså det heile kjent og Bomann-Larsen siterer frå ein del av kjærleiksbreva Amundsen sende - og innhaldet er så kleint at det rett og slett er ubehageleg å lesa.

Dette er ein gjennomarbeida og omfattande biografi om ein samansett person som levde på grensa - på fleire måtar. Boka fortel om små og store hendingar i Roald Amundsen sitt liv - og ein får i tillegg dei store linjene og samanhengane. Det er ei bok som får lesaren til å søkja ytterlegare kunnskap. Nettsida polarhistorie.no anbefalast til andre som er interessert i temaet.

Tone har óg lest og likt denne boka.

Lenker til andre polfararbiografiar, -dokumentarar og -romanar på denne bloggen:
Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen av Ragnar Kvam (biografi)
De fire store av Ragnar Kvam (dokumentarisk/biografisk om Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton)
Amundsens siste reise av Monica Kristensen (dokumentar)
Amundsen av Espen Ytreberg (biografisk roman)
Aldri rådløs av Per Egil Hegge (biografi om Otto Sverdrup)
Vår glemte polarhelt av David Vogt (biografi om Carsten Borchgrevink)

3. januar 2020

Oppsummering desember

Påbyrja i november, fullført i desember:
Tor Bomann-Larsen - Kongstanken - Dokumentarisk/historisk/biografisk - Lyd Storytel
Robert Dugoni - Siste åndedrag - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i desember: 
Jan Mehlum - Fornemmelse av skyld - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Robert Galbraith - Hvit død - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
A.J. Kazinski - Miraklenes natt - Dansk krim - Kjøpt lydfil
Agatha Christie - Poirots jul (Guds kvern maler langsomt) - Britisk krim - Lyd Storytel (Svensk) [gjenlesing]
Fred Vargas - Varulven - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Levi Henriksen - Bare mjuke pakker under treet - Novellesamling - Kjøpt lydfil [gjenlesing]
Stina Jackson - Sølvveien - Svensk krim - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Tor Bomann-Larsen - Roald Amundsen - Biografi - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Formildende omstendigheter - Chris Tvedt - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


4 papir, 4 lyd, 1 ebok
4 lånt, 2 kjøpt, 1 fått, 2 abonnement
7 krim, 1 biografi/dokumentar, 1 novellesamling
3 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 dansk, 1 amerikansk, 1 fransk
6 menn, 4 kvinner ("A.J. Kazinski" er to menn, "Robert Galbraith" er kvinne)
"Nye" forfattarar: Jackson

Etter ein slapp november lesemessig sett er eg nøgd med lesemånaden desember. Omsider kom også årets fyrste terningkast 6. Levi Henriksen sine julenoveller trefte meg ekstra denne gongen. Då eg las Bare mjuke pakker under snøen fyrste gong i 2013, ga eg terningkast 4. Etter 2013 har det imidlertid hendt mykje, både reint privat og elles, som gjorde at leseopplevinga vart både sterkare og nærare. Henriksen sine historiar handlar om dei som ikkje taklar jula så godt. Om at alle kjensler, både positive og negative, vert forsterka på denne tida.

Stina Jackson si debutbok 'Sølvveien' er overraskande bra. Jan Mehlum sin nyaste i Svend Foyn-serien er overraskande svak. 'Varulven' er god, men rar. 'Hvit død' er bra, men med sine nesten 700 sider aaaltfor lang. Den over 80 år gamle forteljinga om Poirots jul er Agatha Christie på sitt beste; elegant, smart og finurleg.

Elles har eg verkeleg fått sansen for Tor Bomann-Larsen sine biografiar. Del 1 i Haakon og Maud-serien er ei veldig interessant og velskriven bok. Det same er biografien om Roald Amundsen som eg er i gang med no ved årsskiftet.