30. juni 2019

Oppsummering juni 19

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Petter Northug og Jonas Forsang - Northug. Min historie - Biografi - Lyd Storytel
Lina Bengtsdotter - Francesca - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i juni:
Monika Yndestad - Graven - Norsk krim - Lyd Storytel
Mads Peder Nordbo - Kald angst - Dansk krim - Kjøpt lydfil
Bernt Roughtvedt - Mordet på lille Mary - Historisk true crime - Lyd Storytel
Tommi Kinnunen - Der fire veier møtes - Finsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Martin Holmén - Nede for telling - Svensk krim - Lånt ebok eBokBib
Tor Åge Bringsverd - Gobi. Barndommens måne - Norsk Roman - Lyd Storytel
Tom Egeland - Falken - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Sun Heidi Sæbø - Kim Jong-Un - Biografi - Lyd Storytel
Øistein Borge - Jeg er nummer 13 - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Arni Thorarinsson - Heksens tid - Islandsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Jo Nesbø - Kniv - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Tor Åge Bringsverd - Gobi. Djengis Khan - Norsk Roman - Lyd Storytel


4 papir, 7 lyd, 1 ebok
5 lånt, 6 abonnement, 1 kjøpt
7 krim, 2 romanar, 2 biografiar, 1 true crime
7 norske, 2 svenske, 1 dansk, 1 islandsk, 1 finsk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Northug/Forsang, Kinnunen, Sæbø, Thorarinsson

Juni vart bra med tanke på antal bøker, men heile fem terningkast 3-bøker tyder på at eg ikkje har truffe optimalt. På den andre sida så er eg nøgd med dei fire terningkast 5-bøkene. Eg trudde til dømes ikkje at Der fire veier møtes var bok for meg, men der vart eg positivt overraska. Både innhaldet og måten boka var bygd opp på gjorde inntrykk.

Eg har brukt Storytel mykje - heilt bevisst, men eg vart litt oppgitt etter to middels krim, to middelmådige biografiar og ei ditto true crime - før eg så gjorde eit funn: Tor Åge Bringsverd si berømte og populære romanserie frå 1980- og 90-talet; Gobi. Eg las deler av fyrste bok for mange år sidan. Den gongen fullførte eg ikkje fordi det då var feil tid og feil bok. Denne gongen vart det derimot rett tid og rett bok. Gobi-serien i lydbokformat vert sommarens leseprosjekt nummer 1 for meg.

I skrivande stund les eg den siste Harry Hole-boka, og for fyrste gong i år er eg byrja å tenkja på terningkast 6. Om eg landar der er litt tidleg å sei sidan eg framleis har att omlag 200 sider. Jo Nesbø imponerer i alle fall - nok ein gong.

Eg las kun ei ebok i juni - og det skuldast at eBokBib ikkje fungerer skikkeleg for tida. For kva skjer med eBokBib egentleg? Eg gjorde eit par reservasjonar i april og eit par i mai, men bøkene er framleis ikkje ledige - og eg er framleis laaangt bak i køen. Det er for dårleg!


Lesemål og statistikk 2019 så langt

47/100 bøker totalt: 10 ebøker, 18 lyd og 19 papir
2/10 mursteinar (over 600 s.)
6/10 biografiar
5/10 annan sakprosa
11/30 bokomtalar
18/30 "nye" forfattarar

19. juni 2019

Biolesesirkel: Familien Kim og familien Northug

I juni er Family tema i Moshonistas biolesesirkel. Eg har lest éin biografi denne månaden som er klart innafor kategori og ein annan som med litt velvilje er innafor. Begge er henta i Storytel og begge er glimrande opplest.
Elles kan ikkje bøkene samanliknast - og hovudpersonane - Kim Jong-Un og Petter Northug - har absolutt ingenting felles, det eg veit. Eg vart ikkje spesielt imponert over nokon av biografiane og har gitt dei terningkast 3. Eg skal grunngi dette nærare nedanfor.

Kim Jong-Un av Sun Heidi Sæbø

Cappelen Damm 2018
Speletid: 11:46
Lydbok Storytel


Det handlar om Nord-Korea og tre generasjonar med diktatorar; Kim Il-Sung, Kim Jong-Il og Kim Jong-Un. Det handlar om heilt spesielle samfunnsstrukturar, om ein allmektig familie som har levd i ekstrem luksus og om ein befolkning som har blitt svelta, tyrannisert, undertrykt og kontrollert i fleire tiår. Og som likevel elskar sin "store leder". Det er vanskeleg å forstå med våre demokratiske auge. Dei strenge sanksjonane som det internasjonale samfunnet har innført har hatt liten effekt; Nord-Korea har stadig store eksportinntekter. Dette er noko av det som blir problematisert i denne boka.

Landet er ekstremt lukka og forfattaren har brukt kjelder som nordkoreanske avhopparar og sørkoreansk etterretning. I tillegg har ho hatt tilgang til store mengder anna informasjon - og eg har ei kjensle av at ho ikkje har gjort nok ut av det materialet ho har hatt til rådvelde. Boka er altfor lang fordi forfattaren ikkje har klart å systematisera innhaldet på ein lesarvenleg måte. Her burde forlag og redaktør teke meir ansvar.

Historia om familiedynastiet Kim er både tragisk, komisk, bisarr og utruleg - og er slik sett eit eineståande gunnlag for ein familiebiografi. Men dessverre: Biografien om Kim Jong-Un og Kim-familien vart veldig rotete.

På pluss-sida: Tidlegare NRK-nyheitsanker Christian Borch som les lydboka på ein stødig og tydeleg måte.


Northug - Min historie av Petter Northug og Jonas Forsang

Pilar 2018
Speletid: 4:34
Lydbok Storytel

Han er ikkje så gamle karen, Petter Northug (fødd 1986), men det finst alt fleire biografiar om han. Dette er sjølvbiografien hans, fortalt av han sjølv og ført i pennen av journalisten og forleggaren Jonas Forsang.

Historia til Petter Northug er ein typisk journalistbiografi. Litt oppramsande, litt gjentakande og litt overfladisk. Men heller ikkje direkte uinteressant, for Northug har vore eit friskt pust i langrennsmiljøet og i sladrepressa i mange år. Petter har gitt oss (dvs. TV-publikum) god underhaldning med utrulege idrettsprestasjonar og friske uttalelsar som "Barneskirenn!" og "Kæm e kongen?" Familien har alltid betydd mykje for han, og det vert det gitt fleire eksempel på i boka.

Petter Northug var ein talentfull, særs seriøs og målbevisst idrettsutøvar, men eg har alltid tykt at han har vore litt "enkel". Det vert egentleg stadfesta av han sjølv i denne boka, for han påstår faktisk at han vart helbreda av Snåsamannen framfor ski-VM i Oslo i 2011. Oppegåande folk skjønnar jo at det ikkje var denne Joralf som gjorde han frisk. Her snakkar me om placeboeffekt og psykologi.

Om det elles kjem fram noko nytt i denne boka? Nei, det meste er kjent gjennom media frå tidlegare; både "fiendskapet" med svenskane, den berømte fyllekøyringa i 2014, det nemnde besøket hos Snåsamannen og affæren med Aylar Lie. Sistnemnde har i ettertid saksøkt forlaget for brot på "privatlivets fred". Ho tapte saka, men har anka.

På pluss-sida: At boka er så kort og at ho er godt opplest - på trønderdialekt - av Paul Ottar Haga.

12. juni 2019

Kort om: Hvitekrist av Tore Skeie

Lydbokforlaget 2018
Speletid: 9:26
Opplesar: Kai Remlov

Lånt på biblioteket

Det meste eg kunne og visste om Olav Haraldsson - Olav den heilage - frå før, lærte eg av Vera Henriksen, gjennom Sigrid-trilogien. I Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen er kong Olav ein sentral biperson. For vel er denne trilogien romanar og såleis oppdikta, men Vera Henriksen brukte skriftlege dokument og historisk kjeldemateriale for å få alt så korrekt som muleg.

No veit eg enno meir; om Olav Haraldsson, om livet hans, om samfunnet rundt han og om grunnlaget for alle mytane som vart danna i ettertid. Tore Skeie har skrive ein fabelaktig dokumentar - og eg skal definitivt lesa dei neste bøkene. Skeie har visstbok planar om å skriva fem bøker om Noreg sine store viking- og middelalderkongar. Boka om Olav Haraldsson er fyrste bok i serien.

Me skal altså 1000 år tilbake i tid, og dei skriftlege kjeldene er noko usikre. Skeie har brukt kjeldemateriale frå fleire ulike kantar; han har teke utgangspunkt i norrøne skaldekvad og sagaopplysningar og samanlikna desse med utanlandske kjelder som engelske og franske krønikar. I etterordet skriv forfattaren at målet har vore « å skrive en sammenhengende dokumenterbar framstilling bygget på primærkilder og på innsikten fra 150 års historisk, arkeologisk og filosofisk, uten å trette mine lesere med lange utgreiinger, diskusjoner og forbehold. Det er en vanskelig balansegang ettersom all kunnskap om denne for oss så fjerne tidsalderen er grunnleggende usikker.»

Eg tykkjer Tore Skeie har lukkast godt - og det er interessant og "nytt" at han plasserer vikingtidas Noreg i ein europeisk samanheng. Han fortel godt; forståeleg og enkelt, men ikkje altfor forenkla. Han forklarar kva som er fakta og kva som er usikkert. Her får ein høyra om slag og maktkampar, om drap og brutal framferd, om ladejarlar, småkongar og store kongar. Det heile er grundig og nøkternt fortalt og elegant utført. Ein får med denne boka eit nytt eksempel på at sakprosa kan vera vel så spennande lesing som skjønnlitteratur.

Og når Skeie nemner dei historiske Tore Hund, Sigrid Toresdatter og Kalv Arnesson i forteljinga si, nikkar eg gjenkjennande og tenkjer på Vera Henriksen sine bøker.

Hvitekrist er både rystande og lærerik lesing - og eg vart som du skjønnar veldig begeistra. Innhaldet er utan tvil lettare å få tak i dersom du nyttar papir- eller ebokformatet, men for meg fungerte lydboka fint. Kai Remlov er ein dyktig og rutinert opplesar.

Andre bloggmeiningar: Reidars bokblogg, Kleppanrova

2. juni 2019

Bokomtale: Eremittedderkoppen av Fred Vargas

Aschehoug 2019
456 sider

Lånt papirbok biblioteket

Fyrst: Eg har edderkoppskrekk. Såpass alvorleg at eg truleg har araknofobi. Ikkje noko anna levande vesen får meg til å mista fatningen. Løver og tigrar, ulv og isbjørn? Pytt-pytt. Eg er ikkje så glad i veps og ormar heller, men det er kun edderkoppar som kan gje meg panikk. Eg tykkjer til og med at det er ubehageleg med bilete av edderkoppar - så medan eg har lest denne boka har eg passa på at framsida vender nedover slik at eg slepp å sjå på det ekle dyret. Eg er fullstendig klar over at ei slik frykt er irrasjonell. I Noreg finst det ikkje farlege edderkoppar.

Eremittedderkoppen derimot - som held til i fjernare himmelstrøk - den er giftig! Men er den så giftig at han kan ta livet av folk? Neppe. Jean-Baptiste Adamsberg trur heller ikkje det. Så når tre gamle menneske ser ut til å ha døydd av edderkoppforgiftning, trur etterforskaren at det handlar om drap. Men for ein gongs skuld får Adamsberg problem med å overtyda medarbeidarane sine om at det er ei sak som bør etterforskast.

Handlinga i Eremittedderkoppen tek til omlag der den forrige Istider slutta - då me forlot Adamsberg på Island. I starten av denne boka vender han tilbake til Kriminalvakten i Paris, tilsynelatande endå meir åndsfråverande enn vanleg. Den fyrste saka han involverer seg i løyser seg ganske kjapt - men undervegs oppdagar han altså desse gamlingane som er døde av edderkoppbitt. Det er meir enn mystisk, for gifta frå eremittedderkoppen er då langt nær sterk nok til å ta livet av eit menneske? Trass i motstand, særleg frå adjutant Danglard, set Adamsberg i gang med ei heller uoffisiell gransking.

Fred Vargas har eit heilt spesielt elegant språk, skriv om heilt spesielle karakterar og konstruerar heilt spesielle plott. Bøkene hennar er då også heilt spesielle, prega av forteljarglede og frodig fantasi. Ho har ein miks av alvor og humor som er unik - og eg elskar karakterane hennar. Desse personane har sine sterke og svake sider og varierte opplevingar og utfordringar: Danglard, som er fembarnsfar, svak for kvitvin og med leksikonhjerne. Veyrenc, med raude striper i håret etter ei traumatisk ungdomsoppleving. Retancourt, som er kjempediger og stødig som eit fjell, både fysisk og mentalt. Froissy, som har matlager på kontoret og diskar opp med dei nydelegste rettar. Katten Nøstet, som bur på kopimaskina (utan løyve) og som må bærast på plass når han skal ha mat. Og Adamsberg sjølv, som har to ur på armen som ikkje virkar, som går rundt i "tåkehavet" med "gassbobler" av uferdige tankar, - men som av den grunn også ser vidare og klårare enn dei fleste.

Som alltid når det gjeld Fred Vargas sine bøker er miljøskildringane gode og personskildringane treffsikre. Dei uortodokse etterforskingsmetodane og dynamikken mellom etterforskarane er elles det eg set mest pris på når det gjeld denne serien. På grunn av fobien min var eg ein smule engsteleg for at Eremittedderkoppen kunne innehalda levande skildringar av kravlande edderkoppar, men det skjer heldigvis ikkje. Det som er ubehageleg å lesa om i denne boka er på eit heilt anna plan. For vel er handlinga urealistisk og til tider surrealistisk, men motivet for myrderia som finn stad i denne forteljinga er verkelege nok. Bakgrunnen for ugjerningane er hevn og gjengjeldig etter langvarig innesperring, overgrep og omsorgssvikt.

Eremittedderkoppen er ein velskriven, handlingsrik, elegant, snirklete og underhaldande kriminalroman. Anbefalast!

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg, Bjørnebok, Heartart, Bentebing