Påbyrja i november, fullført i desember: Hilary Mantel - Skygger av et liv du kunne ha levd - Britisk memoar/sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket Tony Fischier - I mesterens skygge - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Lese i desember: Edvard Hoem - Husjomfru - Norsk roman - Lånt papirbok privat Jane Casey - Den siste datteren - Britisk krim - Lyd Storytel Kjersti Johnsen - Jul på Himmelfjell hotell - Lyd Storytel [avbraut] Klas Ekman - De kapable - Svensk krim - Lyd Storytel Anders de la Motte - Glassmannen - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lånt lydbok BookBites
Påbyrja i desember, fullførast i januar: Ken Follett - Lysets rustning - Britisk historisk roman - Lånt e-bok BookBites
Det vart berre 6 fullførte bøker i desember, men totalt 103 bøker i 2023. Eg tykkjer det er bra - for eg har veldig mykje anna enn lesing som eg fyller livet mitt med. Oppsummering av leseåret 2023 og årsstatistikk kjem i eit seinare innlegg.
Eg gjorde eit forsøk på å lesa "julefeelgood" denne månaden, men det var ikkje særleg vellukka. Hovudgrunnen til at eg avbraut lyttinga var likevel ikkje sjølve boka, men opplesaren av lydboka: Ei forferdeleg irriterande stemme som eg ikkje orka å høyra på. Sidan det er uaktuelt å lesa ei slik type bok sjølv på papir eller nettbrett, gjekk eg dermed glipp av Jul på Himmelfjell hotell. Like så greit sikkert..
Deretter ga eg meg i kast med ei anna bok frå ein for meg ny forfattar; Klas Ekman. Her snakkar me "feelbad", og eg må tilstå at det passar meg mykje betre. De kapable er ein spennande thriller, fylt med usympatiske karakterar, ubehagelege situasjonar og masse svart humor. Usannsynleg handling, men veldig underhaldande. I ettertid har eg googla meg fram til at boka vart tildelt Crimetime Award for Årets krimdebut 2021.
Eg likar veldig godt Edvard Hoem sine bøker om sine eigne slektningar, forfedre og formødre. Difor hadde eg store forventningar til Husjomfru som handlar om livet til den yngste dottera til Felemakaren. Boka er slett ikkje dårleg, her får ein fine tidsbilete og eit bra innblikk i eit strevsamt liv. Likevel - eg vart ikkje så betatt og begeistra som eg hadde forventa - og lesinga gjekk merkeleg tregt. Les Tine sin fine omtale av boka.
Den siste boka eg fullførte i 2023 vart Glassmannen av Anders de la Motte. Denne likte eg veldig godt, og eg har så vidt starta på ein omtale.
Med dette ynskjer eg alle blogglesarar og følgjarar, bokormar og lesehestar, eit riktig godt nytt år!
Jon Hjørnevik skriv enkle og humoristiske dikt. Diktsamlingane hans har titlar som 'Shortsen til far min', 'Mor mi står i glaset', 'Heimekontor i gravferda' og 'Greatest dikts'. Dårleg humør? Les Jon Hjørnevik. Tykkjer du poesi er kjedeleg og utilgjengeleg? Les Jon Hjørnevik.
Forlaget presenterer han på denne måten: "Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt oppskatta opplesar av sine eigne dikt."
Ein av tidenes beste julesangar handlar verken om englar, nissar eller juletre.
'Fairytale of New York' vart skriven av The Pogues-medlemmane Jem Finer og Shane MacGowan, utgitt som singel i 1987 og deretter på albumet 'If I Should Fall from Grace with God' i 1988. Sangen handlar om to irske immigrantar i New York. Dei vart forelska i kvarandre og hadde håp og tru på framtida - men alt har blitt øydelagt av rusmisbruk. På julafta sit mannen i fyllearresten og minnest det turbulente forholdet.
Lagnaden til dei to vokalistane - Shane MacGowan og Kirstie MacColl - gjer den spesielle julesangen ekstra spesiell. MacColl døydde på tragisk vis i 2000 og MacGowan døydde nyleg av sjukdom. Sangen er difor ekstra vemodig denne jula.
Forfattaren Hilary Mantel døydde i fjor, berre 70 år gammal. Sjølvbiografien/memoarane hennar Skygger av liv du kunne ha levd kom ut på engelsk i 2003 (originaltittel Giving up the ghost) og no er boka omsider også utkommen på norsk.
Mantel er mest kjent for trilogien ho skreiv om Thomas Cromwell, og for at ho vart ein av få forfattarar som mottok den prestisjetunge Booker-prisen to gonger. Ho fekk prisen for Ulvetid(Wolf Hall) i 2009 og følgde opp med nok ein pris for Falkejakt(Bring up the bodies) i 2012. Også den tredje boka Speilet og lyset vart nominert, men nådde ikkje heilt opp.
Men her skal det egentleg handla om forfattaren sjølv. Skygger av liv du kunne ha levd er ingen tradisjonell sjølvbiografi - og er altså skriven før Mantel slo gjennom internasjonalt med Ulvetid - og lenge før ho vart Dame Hilary. Men i 2003 hadde ho alt gitt ut fleire bøker og var blitt ein relativt kjent og etablert forfattar. Klassereisa hennar var godt i gang.
Ho kom til verda som Hilary Mary Thompson i landsbyen Glossop, ikkje så langt frå Manchester. Begge foreldra tilhøyrde arbeidarklassa, dei var katolske og hadde irske røtter. Ressursane var små, buforholda dårlege og familieforholda sære - og det var neppe nokon lukkeleg barndom. Etternamnet Mantel kom frå stefaren Jack som kom inn i familien då Hilary var seks år gammal. Stefaren behandla henne dårleg, mora var som regel opptatt med andre ting og faren mista ho kontakt med. Barnet Hilary trekte seg difor ofte tilbake og gjorde seg usynleg for omverda, kun i selskap med sine eigne tankar og fantiasiar. Ho likte å lesa og var skuleflink, men som omslagsbiletet syner var ho tynn og bleik - og ho vart ofte sjuk. I tenåra vart Hilary sitt liv svært prega av ubehag og smerter, men ho tok likevel ei høgare utdanning. Medan ho var student møtte ho mannen ho gifta seg med (og skilte seg frå, og gifta seg på nytt med).
Fyrste halvdel av Skygger av liv du kunne ha levd handlar om barndom og ungdom. Andre del handlar om vaksenlivet - men svært lite om yrkesliv og forfattarliv. Det handlar aller mest om kvinnesjukdommen endomentriose; ein svært smertefull sjukdom som tidlegare ofte vart knytta til skam, sidan det handla om blødningar og underliv. Legane trudde ho var gal og ho fekk både psykosemedisin og vart lagt inn på psykiatrisk sjukehus. Men Hilary las og søkte informasjon og fann sjølv ut av diagnosen, og fekk etter kvart medhald av legar. Som 27-åring fekk ho fjerna livmora, i håp om at ho skulle bli betre. Etter inngrepet vart sjukdommen annleis, men ho vart aldri heilt bra. Medisinen ho måtte ta for å halda sjukdommen i sjakk hadde ubehagelege bivirkningar; mellom anna kraftig vektauke og hårtap. Det vanskelegaste var likevel at ho aldri kunne bli gravid og bera fram eit barn.
Boka er ei sterk personleg beretning der det vert teke opp alvorlege tema. Ein får nesten fysisk vondt av å lesa om alt Hilary Mantel måtte gjennomgå. Mantel er overraskande lite bitter; ho kjem i staden med jamnlege små stikk. Mellom alt det saklege og faktabaserte er det ein heil del sarkasme og mykje beisk humor.
Stemninga i boka er elles mest melankolsk og ettertenksam: Ei kvinne som tenkjer på det som det ikkje vart noko av - som ser skuggane av eit anna liv.
Då eg førebudde Dikt og slikt for månaden desember bestemte eg meg kjapt for at ein av Trygve Hoff (1938 - 1987) sine salmar/sangar måtte vera med. Nordnorsk julesalme er kanskje den best kjende, men eg valde meg diktet/salmen nedanfor.
Lyset i mørketida var ein adventserie sendt på NRK i 1985. Programmet er noko håplaust amatørmessig og gammaldags sett med 2023-auge, men ein kan likevel få eit inntrykk av kor god formidlingsevne Trygve Hoff hadde.
Et lys imot mørketida
Det kvile ei natt
Over landet i nord
Der husan e små og
Dær kor menneskan bor
Men tida e travel
I karrige kår
Rokken han svive
Og vævstoln går
Det lever i løa
I naustet og smia
Et lys et lys
Et lys imot mørketida
Snøen ligg tung
Over frossen jord
Ute står mørket
Om fjell og om fjord
Vår herre gir livberging
Søtmat og sul
Når døgnan sig fræm
Imot advent og jul
Så støype vi lys
Midt i haraste ria
Et lys et lys
Et lys imot mørketida
Dagen e borte
Og natta e stor
Men i mørketidslandet
Skal høres et ord
Om sol som skal snu
Så det bære mot dag
Om folk som skal samles
Til helg og til lag
På veien mot Betlehem
Bær ho Maria
Et lys et lys
Et lys imot mørketida
Ein litt for klissete versjon etter min smak, men her framfører Maria Haukås Mittet Et lys i mørketida (saman med Rune Larsen, Mariann Aas Hansen, Alexander Rybak og Hans Petter Moen)
Boka innleiar med nokre ord til ettertanke frå ein ukjent soldat:
"Vi de uvillige, ledet av de ukvalifisertetil å drepe de uheldige, dør for de utakknemlige."
Når ein skal ta til på ei bok av John Hart kan ein ikkje forventa ei lettlest og koseleg leseoppleving. Den uvillige stadfestar dette. Boka er mørk, dyster og valdeleg - men også svært velskriven.
Handlinga er lagt til North Carolina, USA, i 1972. Omgjevnader og landskap er kjent frå tidlegare bøker av Hart, og det same gjeld deler av tematikken; vanskelege oppvekstvilkår, dysfunksjonelle familiar, lokalsamfunn prega av krise, vald og kriminalitet. Bakteppet i denne forteljinga er dessutan ein krig (Vietnamkrigen) som hadde store konsekvensar, både politisk og menneskeleg.
Hovudpersonen er Gibson (Gibby) French, 18 år og yngstebarnet i familien. Dei to eldre brødrene hans, tvillingane Robert og Jason, har tenestegjort i Vietnam. Robert fall i krigen og Jason kom heim, men med sår og arr på kropp og sjel, og vart involvert i kriminelle aktivitetar. Når historia startar har Jason akkurat sona ferdig ei fengselsstraff - og han vil gjerne bli kjent med veslebroren på ny. Men Gibby er i skvis. Foreldra vil ikkje ha noko med Jason å gjera og forbyr også Gibby å ha kontakt med han. Gibby, på si side, er nysgjerrig på broren og det livet han fører. Samstundes er han svært bevisst på at han sjølv er og har vore overbeskytta, spesielt av mor si. Faren er politimann og det gjer alt endå meir problematisk.
Jason har planlagt ein perfekt dag saman med veslebroren; ein dag med bilkøyring, festing og damer. Men slik blir det ikkje. Ei av kvinnene blir i etterkant funnen drept på ein svært bestialsk måte, og Jason blir mistenkt for å ha teke livet av henne. Gibby blir brått og brutalt vaksen av denne hendinga, og det skal også få store konsekvensar for andre.
I ein annan handlingstråd møter me X, ein mystisk dødsdømt fange som har stor makt og som rår over uendeleg med ressursar. Dette trass i at han snart skal henrettast. Det er kanskje vanskeleg å tru på denne delen av historia, men eg valde å "godta" dette premisset - noko som er vesentleg for resten av handlinga og for sjølve leseopplevinga.
Den uvillige er ein rå thriller, skriven på ein måte som gjer lesaren så oppslukt at ein ikkje klarar å leggja boka frå seg. Det er spenning og skrekk, det er intensitet og desperasjon, det er overraskingar og vendingar. Dei fleste karakterane har noko dei slit med og mange er prega av verknadene av krigen. Kvar einaste karakter er "komplett" og "fleirdimensjonal", også bikarakterane, som Gibby sine vener Chanse og Becky. Me kjem veldig nær faren i familien, sidan han - naturleg nok - engasjerer seg så veldig. Han kjempar fleire kampar, både bokstaveleg og i overført tyding. Mora derimot, er fjern, både kjenslemessig og på andre måtar. Foreldra er øydelagde av bitterheit, sorg og sakn og det ser ikkje ut til at dei kan "reparerast". Korleis kan dei bli i stand til å takla det som er i ferd med å skje no?
Mykje av spenninga i boka handlar om korleis Gibby handlar og reagerer. Er han i stand til å ta dei rette vala i den ekstreme situasjonen som har oppstått? Den karakteren som er mest samansett og som gir sterkast inntrykk er likevel Jason. Om noko skal innvendast med boka, må det vera avslutninga. Den er mildt sagt overraskande, og det er muleg at forfattaren dreg det altfor langt her. John Hart er ein meisterleg historieforteljar og har alltid fleire "lag" i forteljingane sine. I denne boka er han innom fleire tema og kjensler: Familie, kjærleik, venskap, lojalitet, tap, sorg, sinne, skam, angst, smerte. I tillegg inneheld boka ein skarp kritikk av dåtidas (og kanskje notidas) politi- og påtalemakt og retts- og fengselsvesen.
I boka vert det sett søkelys på dei skadelege verknadene fengsel og krig gjer med enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn. Ein kan stilla spørsmål som: Kan kriminalitet bremsast og stoppast med harde straffer? Korleis ta vare på og følgja opp krigsveteranar?
Boka passar ikkje for alle, til det er handlinga for brutal og valdeleg. "Skrekkfilmskurkane" X og Reese vert framstilt som så ekstremt onde og kyniske at det nesten er uforståeleg at det går an å skapa noko slikt. Samstundes veit me at ondskap og kynisme er eit reellt problem innan visse miljø. Eg meiner det difor er innafor å visa ei slik "vrangside" av samfunnet.
John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg trur eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet, Brødrene fra Iron House, Syndenes forlatelse og Mørkets testament. Med unnatak av sistnemnde var dei alle sterke og gode leseopplevingar.
Kyrre Haugen Sydnes (mest kjent som kaptein Sabeltann) er opplesar av lydboka. Eg tykte han hadde for dårleg diksjon i starten, men det gjekk seg til. Det er effektfullt (og godt gjort) at han les så lågmælt, og likevel med så stort engasjement.
Illustrasjon: Utklipp frå bok365.no. Steffen Kverneland: En amputert klassiker til glede for nye lesere (Dagbladet 1998, gjenutgitt i «Amputerte klassikere III»)
(Kopi av ein bloggpost frå november 2018. Statistikken syner at innlegget har hatt svært mange visningar - så dette er ein slags "ønskereprise")
Eg er ikkje særleg "julete" av meg; eg tykkjer det er altfor mykje mas og (kjøpe)press i samband med desember og advent.
Ofte har eg mest lyst til å melda meg ut av heile jula og julehysteriet - men så går jo ikkje det heller. Det er eit paradoks at juleførebuingar - som egentleg skal vera så hyggeleg og koseleg - fører til at folk stressar seg forderva.
Samstundes er eg glad me har julemånaden óg, me treng kos og lys og varme i vintermørket. Løysinga er å gjera det beste ut av det; senka skuldrane og å unngå å samanlikna seg med "alle andre". Nokre av oss finn roen med julemusikk, juleforteljingar og juledikt. Kva som skal til for at det skal bli julestemningsfullt er sjølvsagt høgst individuelt, men nedanfor finn du favoritt-julediktet mitt.
Då Arild Nyquist skreiv Nå er det jul igjen i 1972 vart det bråk, - diktet hamna faktisk i Stortinget, der det vart lese opp frå talarstolen "til skrekk og advarsel" over innkjøpsordninga. Det etablerte og seriøse litteratur-Noreg likte ikkje slikt tøys.
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Ja, nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og spurven sitter!
I ne-e-e-ket!
Og jæææ-æææii stapper!
Min lange pipe!
Og synger:
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og han er nisse!
God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
Sett fra deg stokken!
Ta av deg maska!
Her har du flaska!
Ta av deg maska!
Her har du flaska!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!
Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!
Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skiskraperen!
Og jeg pakker opp skiskraperen!
Takk onkel Petter!
Takk tante Laura!
Den der var grei den!
Den der var grei den!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og ribba smaker!
Og her er kaker!
Og ribba smaker!
Og her er kaker!
En liten dram til?
Litt mere sursild?
Litt mere sursild
Litt mere sursild...
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Frå samlinga Nå er det jul igjen! og andre dikt (1972)
Påbyrja i oktober, fullført i november: Hans Olav Lahlum - Terningmorderen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Pascal Engman og Johannes Selåker - Til minne om en morder - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Lese i november: Kim Leine - Karolines kamp - Dansknorsk roman - Lånt ebok BookBites David Lagercrantz - Obscuritas - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites Arnaldur Indriðason - Mur av taushet - Islandsk krim - Lånt papirbok biblioteket John Hart - Den uvillige - Amerikansk krim - Lyd Storytel Ørjan N. Karlsson - Natten reiser alene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Påbyrja i november, fullførast i desember: Hilary Mantel - Skygger av et liv du kunne ha levd - Britisk memoar/sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket Tony Fischier - I mesterens skygge - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Påbyrja i november, utsett på ubestemt tid: Jørgen Jæger - Skjebnedøgn - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
3 lyd, 3 ebøker, 1 papir 5 lånt, 1 abonnement 5 krim/spenning, 1 annan roman 2 norske, 2 svenske, 1 dansknorsk, 1 islandsk, 1 amerikansk 7 menn, 0 kvinner Nye forfattarar: Selåker
Det har vore ein heller slapp månad, både når det gjeld lesing og særleg blogging. Ein ny runde med korona har ein del av skulda, og elles har eg vore oppteken med andre ting.
Mykje terningkast 4 i november, utan at det betyr at leseopplevingane har vore like. Eit terningkast 4 inneheld jo både dei bøkene som nesten er ein 5'ar og dei som er på grensa til ein 3'ar. Terningmorderen vurderer eg til dømes til terningkast 4 pluss (ei av dei beste i serien) og Natten reiser alene til 4 minus (påklistra naturskildringar, fleire lause trådar).
Månadens høgdepunkt vart Den uvillige av John Hart. Noko kosebok er det ikkje, og Hart har kanskje vore betre før ('Det siste barnet', 'Brødrene fra Iron House'), men dette er i alle fall eit langt steg i "riktig" retning, det vil sei ulik forrige bok Mørkets testament, som eg vart skuffa over.
Kva skjedde med Skjebnedøgn, lurer du kanskje på? Jo, då eg hadde att kun eit par timar lytting, forsvann boka. Eg hadde rett og slett ikkje følgd med på innleveringstidspunktet - og plutseleg var boka borte frå BookBites-appen. Eg vart veldig snytt med det same, men boka var ærleg talt ikkje såå veldig spennande. Eg reknar med at eg får sjansen til å lesa/lytta ferdig ein annan gong.
Påbyrja i september, fullført i oktober: Jan Guillou - Den som drepte helvetes engler - Svensk krim - Lyd Storytel
Lest i oktober: Sven Petter Næss - Tyv - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket Anne Holt - Tolv utemte hester - Norsk krim - Lånt papirbok privat Gard Sveen - En gang skal du dø - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Jeff Abbott - I siste øyeblikk - Amerikansk krim - Lyd Storytel Tore Renberg - Lungeflyteprøven - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat + Lånt lydbok BookBites Levi Henriksen - Som vi forlater våre skyldnere - Norsk novellesamling - Lånt lydbok BookBites
Påbyrja i oktober, fullførast i november: Hans Olav Lahlum - Terningmorderen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Pascal Engman og Johannes Selåker - Til minne om en morder - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Plutseleg november. Friskt og fint i dag, men etter kvart kjem det til å bli mørkt, grått og kaldt og dermed meir inneaktivitetar - og truleg meir lesing. Det vart "berre" 7 fullførte bøker i oktober, 5 av dei årets norske - og med Lungeflyteprøven som høgdepunkt.
Den som drepte helvetes engler er eit gjensyn med Erik Ponti og Carl Hamilton - som gamle menn. Sidan eg har lese mange av Jan Guillou sine bøker, såg eg fram til ei nostalgisk lesestund. Noko det vart, for her er det mange henvisningar til både Ondskapen, Hamiltonserien og Århundreserien. Boka er ikkje dårleg, men det vart for tregt, rett og slett - og kanskje noko patetisk. Kort oppsummert er det, etter mitt syn, ei bok me ikkje hadde bruk for. Samstundes forstår eg behovet Guillou har hatt for å knytta saman og oppsummera tidlegare bøker.
I siste øyeblikk er ikkje treg, tvert om. Andre bok i serien om Sam Capra er full av action, slåssing, skyting og biljakt. Samt ein dose romantikk. OK som underhaldning og avveksling, men likevel kjedeleg. Det er nesten som det er godt gjort å skriva ei bok som er både actionfylt og kjedeleg, men eg opplevde boka slik. Eg kjem neppe til å halda fram med denne amerikanske serien.
Pr. 1. november har eg lese 90 bøker i 2023. Det er innafor normalen og eg er nøgd med det.
Kva skal så lesast i november og desember? Vel - det blir som vanleg litt tilfeldig sidan eg fyrst og fremst låner bøker. Den fyrste eg har på vent er den siste til Jørgen Jæger. På vente- og ønskelista har eg mykje svensk krim: dei nyaste bøkene til Jens Lapidus, Håkan Nesser, Anders Roslund, Stefan Ahnhem og Anders de la Motte. I tillegg dei siste til danske Thomas Bagger og finske Max Seeck. Dessutan har eg sett meg på venteliste for ei bok eg har store forventningar til: Ken Follett si nyaste bok i det som er blitt Kingsbridge-serien; Lysets rustning.
Og når ein er inne på historiske romanseriar: Edvard Hoem kjem med ny bok i serien Familien i Rekneslia seinare denne månaden. Den har tittelen Husjomfru og handlar om Felemakaren si dotter. Og her må eg faktisk sitera meg sjølv frå min eigen omtale av Felemakaren: "Det er ikkje gitt noko hint, men eg anar at det kan komma fleire bøker basert på Hoemske forfedre og -mødre. Kanskje vert ein av døtrene til Lars og Gunhild hovudperson i neste bok?"
Oktober forlag 2023 558 sider Lånt papirbok privat og lånt lydbok BookBites
Fyrst: Eg likar ikkje omslaget på boka. Kva i alle dagar er det illustrasjonen viser? Ein blekksprut, ein plante, eit torturinstrument? eller noko heilt anna? Eg forstår ikkje kva det er og kva det har med boka å gjera - og eg tykkjer det er stygt. Eg nemner dette innleiingsvis, for sjølve omslaget er det einaste eg kan komma på som er negativt med boka - og så er me ferdige med det liksom.
Korleis omslaget ser ut har sjølvsagt ikkje noko å sei for innhaldet - for eg vart svært nøgd med denne leseopplevinga. "Makaber lesefest" var overskrifta på bokmeldinga i VG, og eg kan forsåvidt skriva under på at deler av boka er makaber. Og lesefest? Jo, absolutt. Boka er både lærerik, interessant, underhaldande, gripande og opprørande.
Romanen byggjer på verkelege hendingar, reelle rettssaker og historiske personar. Overraskande mykje er dokumentert, noko forfattaren gjer greie for både undervegs og i ein eigen oversikt over historiske personar bakerst i boka.
Me er i Leipzig i Sachsen i noverande Tyskland i 1681. Femten år gamle Anna Voigt vert tiltalt for å ha drepe det nyfødde barnet sitt - og om ho vert kjent skuldig ventar dødsstraff. Ein ung jurist, ein framsynt lege og ein knust far gjer det dei kan for å bevisa at ho er uskuldig. Anna drap ikkje barnet sitt, det var dødfødt.
Tittelen på boka viser til ei eksperimentell medisinsk prøve, som i ettertid vert sett på som starten på moderne rettsmedisin. Prøva skal visa om ei kvinne har bore fram eit dødfødt eller eit levandefødt barn: Eit barn som har døydd i mors liv har aldri drege pusten og lungene til barnet er kompakte. Om ein bit av lungene vert senka i vatn vil det synka. Har barnet levd, har det pusta, lungene er svampaktige og lungebiten vil flyta opp. Prøva som vart teke av Anna sitt barn flaut ikkje opp.
Rettsprosessen tok fleire år. Retten og samfunnet var ikkje klar for eit slikt vitenskapeleg og eksperimentelt prøvesvar, med få unntak, - som Anna sin forsvarar Christian Thomasius. Det som dominerte i rettssalane på denne tida var teologi, tradisjon og rykter. Spebarnsdrap var eit reellt samfunnsproblem, trass i dei harde straffene som venta dei som vart kjende skuldige: tortur, forvisning, dødsstraff. Ofte var uønskte svangerskapa resultat av overgrep, men det var kvinna som vart straffa (hardast) sidan ho hadde "latt seg besvangra".
Lungeflyteprøven er ein roman som flommar over av forteljarstemmer, folk og hendingar, men eg tykkjer at forfattaren har ei stødig hand over det heile. Av og til kjem forfattaren si stemme inn og forklarar kva som er fiktivt og kva som er historisk. Han undrar seg over kva dei involverte har tenkt, legg fram ulike alternativ, presiserer at enkelte ting er slikt som kunne ha hendt. Andre ting er historiske fakta og vel dokumentert. Glimta inn i kvardagsliva til dei ulike familiane fortel mykje om tidsepoken - altså starten på opplysningstida. Eg vil tru at både godseigarfamilien, advokatfamilien, pastorfamilien, legefamilien og skarprettarfamilien er tidstypiske og realistiske. Religion, ære, moral og ivaretaking av orden var sett på som grunnleggjande viktig av dei styrande i samfunnet, men hadde groteske utslag - sett med notidsauge. I boka får ein fleire eksempel på at dobbeltmoralen blomstra og at klasseskilnadene var djupe. Folk med nye tankar om likskap for lova og ny kunnskap basert på forsking og vitenskap møtte motstand frå mange hald, særleg frå kyrkja, men også frå andre autoritetar. Thomasius måtte etter kvart flykta frå Leipzig på grunn av dei kontroversielle standpunkta sine. Han var til dømes så "radikal" at han meinte at bruk av tortur burde avskaffast.Språket i boka er snirklete, noko gammalmodig - og passar til tida det vert fortalt om. Omgangsformene var ikkje slik som i dag og synet på medmenneske og samfunnet elles var totalt annleis. Stemninga varierer gjennom boka. Noko vert fortalt om på ein sakleg og nøktern måte, i andre sekvensar er det intenst, nærgåande, sorgtungt og desperat.
Boka passar ikkje for alle, deler av handlinga er rimeleg brutal og som sagt innleiingsvis; makaber. Men dette var ei brutal tid prega av vald og straff, så eg meiner det er innafor. Ein bør dessutan ha ei genuin interesse for historie om ein skal gi seg i kast med ei forteljing som dette, og gjerne ei særskilt interesse for kriminalhistorie, rettshistorie og politisk historie.
Alle som les denne bloggen veit at eg les mest (og helst) krim. Det er det eg slappar av med og kosar meg med. Men dei bøkene eg likar best og som gir meg mest - som "er med meg" lenge etter avslutta lesing - er dei svære (og barske) historiske forteljingane. Som til dømes Shardlake-serien, Hortten/Beouberge-serien og Grønland-trilogien.
Lungeflyteprøven er også eit storverk som ga meg mykje. Eg kjem aldri til å gløyma Anna Voigt og hennar lagnad. Eg kjem heller aldri til å gløyma faren Hans Heinrich Voigt, kampen han kjempa og sorga han måtte gjennomgå - og som førte han inn i galskapen.
Eg er mektig imponert over all jobben forfattaren må ha hatt med innhenting av historiske fakta og bakgrunnsstoff (Han skal ha brukt fem og eit halvt år på arbeidet). Vidare er eg imponert over at Tore Renberg stadig fornyar, utviklar og utfordrar seg som forfattar. Han har gjennom forfattarskapet sitt veksla mellom stilartar og målføre og skapt såpass ulike karakterar som Jarle, Tollak, Steinar og Rudi. Lungeflyteprøven er den fyrste historiske romanen til Renberg, og han må gjerne skriva fleire i denne sjangeren!
Eg var så heldig at eg fekk låna papirbok privat - og då eg var kommen vel halvveges var hellet med meg nok ein gong; lydboka var tilgjengeleg i BookBites. Sidan Tore Renberg er ein så fenomenal opplesar av sine eigne bøker vart valet enkelt: derifrå og ut vart det lyd.
Her kan du sjå og høyra forfattaren lesa prologen:
Då er det sanneleg på tide at Dikt og slikt-spalta presenterer eit Inger Hagerup-dikt.
Inger Hagerup (1905-85) vert rekna som ein av våre største lyrikarar. Velkjende er til dømes dikta Lykke og Våre små søsken, motstandsdiktetAust-Vågøyog barnerima Lille Persilleog Så rart. I tillegg til lyrikken ga ho ut skodespel og høyrespel, og ho oversette store verk og gjendikta poesi.
Eg fann diktet nedanfor i boka Samlede dikt på nb.no. Det kom opphavleg ut på diktsamlinga Flukten til Amerika (1942).
Kald morgen
Nå vandrer året inn til sin oktober i okergull og skinnende sinober.
Forbi oss rir en enslig morgenrytter. Han kraser sprøtt de frosne sølepytter.
En svartkledt samling deputerte kråker holder et verdig møte på en åker
som ligger vridd og naken etter plogen. Det bjeffer iltre øksehugg fra skogen.
Langs åsen henger rognens rike klaser. - En skulle kanskje tatt dem hjem i vaser -?
Vi går alene på en vei og tier. Og det er høst i alt vi ikke sier.
Er det på tide at Ingar Johnsrud får Rivertonprisen? Er det Jan-Erik Fjell sin tur no? Eller kjem Anne Holt til å få Rivertonprisen for andre gong? Uansett, denne hausten byr på mange kandidatar til denne prisen (og andre prisar.)
Tolv utemte hester av Anne Holt Gyldendal 2023 485 sider Lånt ebok BookBites
Den tolvte boka i Hanne Willhelmsen-serien er ganske omfangsrik, men eg opplevde aldri boka som for lang. Dette er nemleg Anne Holt på sitt beste; Tolv utemte hester er ei velskriven og gjennomarbeida historie, befolka med interessante karakterar og bikarakterar.
Hanne sine næraste består av kona Nefis, dottera Ida samt husvenene Henrik og Ebba. Henrik har vore med i fleire bøker, Ebba møtte me for fyrste gong i Det ellevte manus. I innleiinga i denne boka er det fullstendig krise: Nefis er rasande og i ferd med å forlata Hanne, til Ida si fortviling. Kva har skjedd? Me veit frå før at Hanne er sær og tverr; kva kan ho no ha gjort? Så går me to veker tilbake i tid, og gradvis får lesaren vita kva som er bakgrunnen - og den viser seg å vera sjokkerande dramatisk.
Herifrå og ut er denne lesaren "solgt", for dette vart rett og slett ei slukebok. Anne Holt er ein god forteljar som veit å engasjera lesaren. Dessutan er plottet særdeles originalt og kreativt. Dei tolv utemde hestane viser seg å vera ei gruppe "menn som hatar kvinner". Kva kan bli følgjene av at slike incels bestemmer seg for å bevega seg vekk frå tastaturet og ut i samfunnet?
Konklusjon: Tolv utemte hester er ein av årets beste norske krimbøker. Soleklar terningkast 5.
Dette er ein frittståande krim av typen politisk thriller. Historia er velskriven og godt komponert og handlar om kor lite som skal til for å trua demokratiet vårt.
Sjølv om dette er ei "eventyrforteljing" er deler av handlinga skremmande realistisk. Det handlar om kor langt enkelte er villige til å gå for å vinna eit val: Kva foregår i kulissane når det gjeld maktkamp og politiske og personlege motsetnader? Det handlar vidare som manipulasjon av valgomatar og anna digital teknologi som kan misbrukast. Dernest handlar det om terror.
Gjennom to sentrale forteljarstemmer vert det talt ned til stortingsvalet. Den eine stemma er politisk rådgjevar i AP og den andre er terroretterforskar. Ei ekstremistisk gruppe har produsert ei dødeleg gift som dei truar med å bruka på eit avgrensa område der det befinn seg mange menneske. Korleis kan dei stoppast? Terroristane har også kidnappa ei ung gravid kvinne. Korleis redda henne?
Patrioter er krim for vidarekomne. Det er ei spennande og underhaldande bok, men det kan nok opplevast som litt krevjande å halda styr på alle trådar. Terningkast 5-.
Nattravnen av Jan-Erik Fjell Bonnier norsk forlag 2023 381 sider Lånt ebok BookBites
Nok eit hyggeleg gjensyn med Anton Brekke og Magnus Torp. I den 10. boka i serien er rollene deira og forholdet dei imellom heilt annleis enn i starten. Det er difor ein fordel å ha lese dei foregåande bøkene.
Handling: Anton vert engasjert av ein truecrimejournalist som vil laga podcast om ei gammal forsvinningssak. Dette vert han noko motvillig med på, men ganske snart viser det seg at han då trakkar oppi "bedet" til Kripos og Torp. Eit nytt likfunn har funne stad i notid. Anton trur dette har samanheng med den gamle saka, men korleis? Fleire personar "veit noko", men å fortelja sanninga kan ha konsekvensar. Kvifor?
Fjell skriv med stø, men også med ledig penn. Nattravnen er underhaldande utan å vera lettvint. Terningkast 4+.
Tyv av Sven Petter Næss Vigmostad Bjørke 2023 190 sider Lånt papirbok biblioteket
Ei bok i serien De ti bud. Eg har berre lese ei av bøkene tidlegare; Andre guder. Den likte eg ikkje noko særleg, så dermed har eg (til no) valgt vekk serien.
Det er ikkje alle som beherskar det korte formatet, men eg tykkjer Næss har treft bra med kortromanen Tyv.
Boka handlar ikkje om nasking, ran eller tjuveri, men om bedrageri og identitetstjuveri. Og om hevn. Ei kvinne har vore utsett for ein svindlar og mista alt; mann, jobb, hus, rykte. Når ho etter ei tid møter vedkommande igjen, legg ho ein utspekulert og blodig plan.
Tematikken er aktuell; me kan stadig lesa om folk som vert svindla og lurte på det grovaste. Boka er til ettertanke og er meir interessant enn spennande. Terningkast 4.
Påbyrja i august, fullført i september: Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Sekten - Svensk krim - Lyd Storytel + Lånt papirbok privat Thomas Bagger - Mannen i tre deler - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Lese i september Tor-Håkon Gabriel Håvardsen - En seksti under - Norsk sakprosa - Lyd Storytel Jan-Erik Fjell - Nattravnen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Gunnar Staalesen - Forfulgt av død - Norsk krim - Lånt papirbok privat Nicci French - Kanalmorderen - Britisk krim - Lyd Storytel Chris Tvedt - På ære og samvittighet - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Ingar Johnsrud - Patrioter - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Peter Mohlin og Peter Nyström - Det siste livet - Svensk krim - Lyd Storytel
Påbyrja i september, fullførast i oktober: Jan Guillou - Den som drepte helvetes engler - Svensk krim - Lyd Storytel
September vart ein ualminneleg bra lesemånad med heile fem 5'arar. Dei fire 4'arane er også bra bøker. Om eg skal rangera 5'arane, held eg ein knapp på På ære og samvittighet.
Den boka som overraska meg mest var sakprosaen En seksti under. Boka har undertittel alt om dødsfall, likhenting, forråtnelse og en begravelsesagents liv og eg må innrømma at det er den morbide lesesmaken min som gjorde at eg plukka opp boka. At eg fekk ei så bra leseoppleving var likevel overraskande. Det er nemleg ei veldig bra bok; ei personleg bok om livet som gravferdskonsulent, - ei bok som er både informativ, respektfull, makaber og morosam. Anbefalast!