Viser innlegg med etiketten bokhyllelesing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bokhyllelesing. Vis alle innlegg

21. februar 2019

Bokhyllelesing: Atten grader minus av Stefan Ahnhem

Aschehoug 2017
637 sider

Papirbok fått i gåve

Leseutfordringa Bokhyllelesing er eit prisverdig tiltak som vert styrt av Hedda og bloggen hennar Boktanker. Utfordringa er fleksibel og har som mål at folk skal få lest noko frå stablane sine med uleste bøker. Sjølv har eg ikkje så veldig mange i ulesthylla mi; eg kan nok telja dei på to hender. Årsaka til at eg har få ventebøker er at eg fyrst og fremst er ein lånar, ikkje ein kjøpar - og eg tek sjeldan imot leseeksemplar.

Tema for bokhyllelesinga i januar var raud bok; "Les ei bok med rødt omslag" - og jammen hadde eg ei raud bok på vent: Atten grader minus som eg fekk i julegåve i 2017. Takka vere leseutfordringa har eg no omsider lest ut boka. Årsaka til at eg utsette lesinga såpass lenge er at ho er så sabla tjukk - og dessutan hadde eg lest nokre halvlunkne omtalar. Eg var heller ikkje altfor begeistra for Den niende graven av same forfattar som eg las i 2016. Offer uten ansikt har eg ikkje lest.

Ut frå tittelen på boka skulle ein kanskje tru at handlinga kunne vera lagt til polare område eller andre iskalde miljø, men det er det ikkje: Det handlar om temperaturen i fryseboksen. I denne boka finst nemleg ein mordar som brukar fryseboksar som torturredskap og mordvåpen..!

Protagonistane er dei same som i Den niende graven og handlinga er lagt til Danmark og Sverige; til Helsingør og Helsingborg. Denne gongen handlar det altså om ein særdeles utspekulert seriemordar som i tillegg til å ta ofra sine av dage på grusomt vis, stel identitetane deira og tømmer bankkontoane deira. I ein annan handlingstråd handlar det om ei gruppe ungdommar som mishandlar og tek livet av nokre stakkars heimlause. Plottet er skremmande, komplekst og kreativt - og litt rotete. Det hadde vore ein fordel om forfattaren hadde kutta ut ein tråd eller to: Ei strammare redigering hadde gjort Atten grader minus til ei mykje betre bok. Tidvis er det grøssande spennande, men på den andre sida er det også tidvis kjedeleg og tregt - særleg i byrjinga når alle handlingstrådane og persongalleriet skal presenterast. Det finst rett nok fleire spenningstoppar - særleg mot slutten - og historia får stadig nye vriar og tvistar. Hovudpersonen Fabian Risk er ein sympatisk mann som vert utsett for umenneskeleg press både på jobb og privat.

Forfattaren nyttar kjende krimthrillerverkemiddel som korte kapittel, kjappe sceneskift og cliffhangers. Eit anna kjent trekk i krimsamanheng er karakterane; sjølvgode og idiotiske politisjefar, etterforskarar med rusproblem og etterforskarar med samlivsvanskar, samt ein gjerningsperson med ekstrem vond oppvekst og hevnmotiv for sine ugjerningar. Ein har lest det før, mange gonger. Men - sidan eg fann denne boka fleire hakk betre enn den forrige, kjem eg nok til å lesa den nyaste boka til Stefan Ahnhem; Motiv X.

Andre bloggmeiningar:
Bjørn - Bjørnebok - som er lunken
Marianne - ebokhyllami - som er veldig begeistra

7. juni 2018

Bokhyllelesing: Hvem var Jason Bourne? av Robert Ludlum

Cappelen Damm 2009
576 sider
Kjøpt pocketbok + lydbok Storytel


Tema for bokhyllelesinga i mai var adaptasjon eller sagt på ein annan måte; "les boka bak filmen". Eg har lest Hvem var Jason Bourne? (The Bourne identity) - ei bok som kom ut fyrste gong i 1980 og som seinare vart TV-film i 1988 (med Richard Chamberlain i tittelrolla) og kinofilm i 2002 (med Matt Damon). Sistnemnde film vart ein suksess, så det har blitt ein heil filmserie ut av bokserien.

Robert Ludlum (1927 - 2001) skreiv tre bøker om Jason Bourne. Ein annan forfattar, Eric Van Lustbader, har halde fram med serien etter at Ludlum døydde, slik at det no finst åtte bøker i alt. Denne boka plukka eg tilfeldigvis med meg for lenge sidan, og ho har berre lege der, ulest. For å komma i gang brukte eg lydbok (Storytel), men så fann eg ikkje heilt ut av det med opplesaren heller - så eg har for det meste brukt papirboka.

Sjølv om eg tykte at Hvem var Jason Bourne var ein ganske underhaldande spenningsroman, kjem eg neppe til å lesa fleire av bøkene i serien. Eg vart ganske "mett" av heile fyren, av utfordringane hans og av at stadig nye kompliserte element vart lagt inn i forteljinga.

Ludlum handterer hendingar, bihistoriar og trådar på ein stødig måte, men eg tykkjer at personskildringane er ganske håplause og at kvinnesynet er utdatert. Sjølv om bøker egentleg ikkje går ut på dato, er det ganske merkbart at verdssamfunnet har endra seg sidan 1980. Det gjeld særleg teknologi og kommunikasjonsmåtar, men også menneskesyn og ideologiar. Tidsbileta er likevel interessante; dette var ei tid der ein kunne kalla ein mørkhuda person for neger og der ein stoppa ved telefonkioskar for å ringja til fasttelefonar. I dag er det snålt at det var slik.

Filmen frå 2002 har modernisert Jason Bourne sine omgjevnader. I filmen har Bourne erfaring som soldat i Afghanistan, i boka er han Vietnam-veteran. Filmen er annleis og er mykje enklare enn boka og er meir prega av tempo og action. Eg vil difor påstå at boka er betre enn filmen, men eg ser jo at filmen også har ein viss underhaldningsverdi. Dessutan skal ein sjølvsagt ta omsyn til at bok og film er to heilt ulike medium. Eg gir boka terningkast 4 minus og filmen terningkast 3 pluss.

Det hender at eg får spørsmål om eg har sett ein eller annan film. "Nei, men eg har lest boka", svarar eg ofte. Eg vil gjerne skapa mine eigne bilete og scener inne i mitt eige hovud heller enn å sjå dei på eit filmlerret.




Meir om filmen

Meir om boka 

8. februar 2018

Bokhyllelesing: Afrodites basseng av Gert Nygårdshaug

Tema for fyrste runde i bokhyllelesing 2018 er gul bok. Eg fann dermed fram den aller gulaste boka eg eig; Afrodites basseng. Boka skulle egentleg ha blitt lest i samband med ein tidlegare runde, men av ulike årsaker vart det ikkje noko av den gongen.

Afrodites basseng er tredje og siste del av Mino-trilogien. Den startar med den velkjende Mengeles Zoo og held fram med Himmelblomsttreet. Eg likte begge svært godt og er i det heile ein stor tilhengar av Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap. Afrodites basseng vart utgitt fyrste gong på Cappelen forlag i 2003.

- - - - - - - - - -

Juritzen 2014
488 sider

Kjøpt papirbok 

Medan store deler av handlinga i Mengele Zoo og Himmelblomsttreet foregår i Sør-Amerika, er handlinga i Afrodites basseng innleiingsvis lagt til velkjende nygårdshaugske trakter; til områda i Nord-Østerdalen som me m.a. kjenner att frå Prost Gotvins geometri. Men - me befinn oss samstundes i ein ørken ein eller annan plass i Nord-Afrika saman med den unge kvinna Ooni som flyktar frå noko grusomt til... kva?

Hovudperson er forstmannen og biobotanikaren Jonar Snefang. Saman med sonen Erlan har Jonar trekt seg tilbake frå eit uroleg samfunn og dei lever fredeleg og stille på ei seter, kun med sporadiske besøk av piloten Mino og budeia Hildra. Far og son har eit rørande nært forhold. Sonen tilbring dagane med å fiska og bada og faren driv med vitenskapelege eksperiment. Så ein dag skjer det noko ubegripeleg og urovekkande: Skogen og trea er i ferd med å veksa ukontrollert og spre seg i eit unaturleg høgt tempo. Mykje tyder på at ein katastrofe av ufattelege dimensjonar er i ferd med å utvikla seg.

Boka handlar elles om ei gammal kiste med eit merkeleg innhald, Gotvin Soleng sine teoriar, eit avansert puslespel, den franske forfatteren og krigsflygaren Antoine de Saint-Exupéry, eit kloster ved Gardasjøen og Ooni sine opplevingar og påkjenningar i ørkenlandskapet - for å nemna noko.

Stort meir skal ikkje røpast om sjølve handlinga. For enkelte kan det eg har nemnt over virka forlokkande og interessant, men eg har full forståing for dei som tykkjer at dette virkar sært og forvirrande. Det som er sikkert er at Gert Nygårdhaug er ein heilt spesiell forfattar som skriv heilt spesielle historiar. Her vert mytologi, vitenskap og filosofi sett i samanheng med faren for eit fullstendig økologisk, teknologisk og samfunnsmessig samanbrot på jorda. Så truverdig og realistisk er det ikkje; dette er meir ei form for avansert eventyr og moderne fabel.

Nygårdshaug sine bøker er ofte ei utfordring for lesaren og lesaren sin fantasi. Afrodites basseng er ei finurleg, fantasifull og til tider grotesk forteljing skriven på sedvanleg elegant, originalt og pludrande Nygårdshaug-vis. Det er sparsamt med punktum; setningane er likevel lesbare sidan det finst både komma, kolon, semikolon og spørsmålsteikn innimellom - slik at lesaren får nokre korte pustepausar. Innimellom dukkar det dessutan opp ein forfattar i forteljinga; heilt plutseleg og gjerne midt i ein setning.

Vanlegvis er ikkje eg noko glad i å lesa om telepatiske evner og overnaturelege fenomen. Eg tykkjer heller ikkje noko om fantasy, dystopiar eller postapokalyptiske bøker. Ein kan sei at Afrodites basseng touchar innom alt dette og at det då er overraskande at eg likar boka. Det som gjer at eg finn handlinga i boka "akseptabel" er måten Nygårdshaug skriv på: At han viser hjertevarme og omtanke for karakterane sine. At han syner humor, kunnskap og forteljarglede. At han går sin eigen veg og gir blaffen i kva andre gjer og meiner.
Økologi og klima- og miljøvern er hjertesaker for forfattaren - og denne boka er som dei to andre Mino-bøkene og Chimera eit bidrag til dette.

11. august 2017

Bokhyllelesing: Kjempenes fall av Ken Follett

Cappelen Damm 2011
922 sider
Kjøpt papirbok

Tema for juni/juli-utgåva av utfordringa Bokhyllelesing var tjukk bok - og eg las Kjempenes fall, ei bok eg har hatt ståande ulest lenge, nettopp fordi ho er så omfangsrik. Det tek naturlegvis litt tid å komma gjennom heile, men boka viste seg å vera både lettlest, interessant og underhaldande - så sidetalet var ikkje noko å grua seg til.

Kjempenes fall er fyrste del i Ken Follett sin triologi om det 20. hundreåret. Det er nærliggjande å samanlikna med Jan Guillou sin serie om den same tidsperioden, men dette er enno meir omfattande. Medan Guillou stort sett held seg til Skandinavia og ein enkelt familie, har Follett eit meir globalt perspektiv og me får følgja fem ulike familiar i England, Wales, Russland, Tyskland og USA. I fyrste bind befinn me oss i perioden 1911 til 1924, det vil sei at det handlar om store hendingar som opptakten til 1. verdenskrig, sjølve krigen og den russiske revolusjon. Kvinnekamp, fagforeningskamp og klassekamp er andre tema som vert berørt.

Dette er ein slektsroman med lange historiske linjer og storpolitiske trekk. Det er ein fordel å ha ein viss bakgrunnskunnskap og å vera historieinteressert; då fyrst får ein fullt utbytte av Kjempenes fall.

I prologen møter me 13 år gamle Billy Williams som har sin fyrste arbeidsdag i kolgruva i ein walisisk småby. Systera hans, Ethel, arbeider som tenestejente hos jarl Fitzherbert, kalla Fitz, frå den aristokratiske familien som eig gruva. I fyrste kapittel vert det fortalt om ein spesiell fest som jarlen har invitert til. Sjølvaste kong George V og dronning Mary er på vitjing i området, og Fitz vil gjerne visa seg og sine frå si beste side sidan han har ambisjonar om ein plass i Overhuset. I dette høvet vert andre sentrale karakterar presentert: Maud Fitzherbert; jarlen si syster og langt meir liberal enn den konservative broren. Walter von Ulrich; tysk og adeleg, jobbar i etterretningstenesta og er forelska i Maud. Gus Dewar; amerikansk diplomat som jobbar som rådgjevar for den amerikanske presidenten. Bea Fitzherbert; Fitz si kone, opphaveleg russisk og adeleg.

Alle desse får me følgja tett sidan dei har sentrale roller i denne forteljinga. Kontrastane er store; me får glimt både frå det farlege og slitsame arbeidet i gruvene og frå det overfladiske og luksuriøse overklassemiljøet. I tillegg vert ein kjent med eit russisk brødrepar som etter kvart havnar i to heilt ulike miljø på kvart sitt kontinent. Den eine vert soldat og revolusjonær bolsjevik og den andre vert ein småkriminell skjørtejeger i eit russisk/amerikansk gangstermiljø. Dei ulike familiane sine handlingar og lagnadene deira vert vikla inn i kvarandre på ulikt vis. Aller størst inntrykk gjer skildringane av den meiningslause og fryktelege skyttargravskrigen. Mange av hovudpersonane "våre" møter kvarandre på slagmarkene. På grunn av krigen vert mykje endra - både økonomisk, kulturelt og personleg. Etter fyrste verdenskrig mista aristokratiet mykje av makta si og grunnlaget for dagens velferdssamfunn vart lagt.

Kjempenes fall er super som ferielesing; det er ei lettlest og fengande bok med ei fascinerande og lærerik handling. Ken Follett krydrar alltid bøkene sine med romantikk og erotikk, noko som ikkje alltid er like vellukka. Ein finn nokre påklistra og pinlege sexskildringar i denne boka også, og dei bør egentleg berre skummast gjennom. Follett tek elles føre seg store tema som rik og fattig, krig og fred og kjærleik og hat. Det historiske i forteljinga er interessant og er skildra med klokskap og grundigheit. Dei mange verkelege historiske personane som dukkar opp som bipersonar i forteljinga gjer det heile ekstra levande for lesaren. Her møter me m.a. statsministrane Asquith og Lloyd George, keisar Wilhelm II, president Woodrow Wilson og Lenin og Trotskij.

Det er særleg interessant å lesa om det politiske spelet som fann stad i forkant av krigsutbrotet, om kor ekstrem situasjonen i Russland var i forkant av revolusjonen, om kontrarevolusjonen, om tilhøva i ein walisisk gruveby, om den tidlege kvinnekampen og om forholdet mellom tenestefolk og herskarar. Klasseskiljet var markert og nokså uoverstigeleg i dei dagar.
Follett er ein ordrik forteljar og han har tydeleg sans for detaljar - og difor er boka (altfor) tjukk. Ein kan også innvenda at persongalleriet hans er "eindimensjonalt"; ein finn gjerne att dei same typane i dei ulike bøkene. Likevel - eg likar det han skriv - og det er eg ikkje åleine om. Ifølge Forlagslivbloggen har Ken Follett selt utrulege 150 millionar bøker verda over.

Andre bloggomtalar:
Tones bokmerke, Hysj lesing pågår, Historiske romaner, Bokmerker.org

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I september kjem Ken Follett ut med ny bok. Den har tittelen A coloumn of fire - på norsk Den evige ilden. Handlinga er lagt til 1500-talet og me skal attende til Kingsbridge (som me kjenner att frå Stormenes tid og I all evighet. Gjett kven som gledar seg til å lesa den :-)

20. april 2017

Bokhyllelesing: Trollsteinen og Pilegrimsferd

Så - omsider - er eg klar med eit nytt bidrag i samband med bokhyllelesing 2017. Tredje runde har tema "Les et verk som enten er skrevet eller lagt til perioden mellom 1350-1700" og fjerde runde "Les ei skandinavisk bok utgitt mellom 1945 og 1990". Dei to fyrste bøkene i Beretningen om Bent Jonsson passar fint inn her. Handlinga i bøkene er lagt til 1500-talet og dei kom ut fyrste gong i hhv 1970 og 1971.

Eg las dei fem bøkene i serien for mange år sidan - og har lenge hatt planar om å lesa dei på nytt, fordi eg tykte dei var så fantastisk fine den gongen. No er eg i gang - og eg kan "avsløra" at det atter vart gode leseopplevingar for meg. Det tok ikkje lang tid før eg vart sugd inn i handlinga - og det var spesielt interessant å finna ut kor lite/mykje ein hugsa frå forrige gong. For ordens skuld: Eg har ikkje bøkene i mi eiga bokhylle, men har lånt samleutgåva (dei tre fyrste bøkene) av ein nær familiemedlem.

Handlinga i pentalogien er frå Bøverdalen og er lagt til tida etter reformasjonen. Noreg låg under dansk herredøme og krone den gongen og det var urolege tider. Mange av personane i bøkene er historiske, men sjølve hovudpersonen, Bent Jonsson Smiugjelsøygarden, er fiktiv. Titlane på bøkene er Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild. Som i Sigrid-trilogien er det ein del "indre dramatikk" i desse bøkene; religiøse grubleriar og filosofiske tankerekker - som innimellom kjedar meg litt. For meg er det meir interessant å lesa om den ytre dramatikken; om historiske hendingar og om korleis menneska tilpassa seg dei skiftande tidene, både praktisk, politisk, kulturelt, medmenneskeleg og mellommenneskeleg. 1500-talet var ei tid med sterke sosiale, religiøse og kulturelle motsetningar.

Det som vert fortalt om i Trollsteinen og Pilegrimsferd skjedde i ei fjern fortid, men likevel opplever eg at ein kjem nær både folk og miljø når ein les. Vera Henriksen fortel om kvardagsliv og høgtider, giftarmål og gravferder, skikk og bruk og tradisjonar - på ein levande måte. Ho skildrar moral og umoral og gjer greie for endring av lover og normer. Måten folk oppfører seg på og måten dei forheld seg til kvarandre på er ikkje så mykje annleis i dag. Menneska på 1500-talet hadde lengslar, forventningar og kjensler som notidsmenneske kan kjenna seg att i.

Visdalen er ein sidedal til Bøverdalen. Denne dalen midt i Jotunheimen har eit rikt kulturlandsskap og ein kan her finna mange spor etter menneskeleg aktivitet frå svundne tider; det gjeld t.d. ferdsel, jakt, seterdrift og utvinning av jern og kleberstein. Her finn ein også Smiugjelsøygarden, farsgarden til Bent Jonsson.

Trollsteinen
Me møter Bent Jonsson for fyrste gong sommaren 1562 når han er på veg heim til Lom etter eit lengre studieopphald i Danmark. På morssida slektar Jon på dansk adel og på farssida er han av bondeætt frå Bøverdalen. Han har studert teologi ved universitetet i København, men har ikkje blitt prestevigsla - han har ambisjonar om å bli universitetslærar. Me får ikkje greie på så mykje av barndoms- og ungdomstida til Bent i denne fyrste boka, men det synest klart at overgangen frå eit overklasseliv i Danmark til det enkle livet i dalen er stor. Føremålet med heimturen er å overbringa mora arven hennar i og med at morfaren nyss har gått bort, samt å vitja slektningane sine. Opphaldet skal komma til å bli utfordrande og vanskeleg - på fleire plan - og varar lenger enn planlagt.

Bent Johnson er eit symbol for den brytningstida det vert fortalt om. Han opplever at folk har vanskeleg for å tilpassa seg den nye lutherske læra. Sjølv er han også ein tvilar, for han ser at det er uheldige sider ved at folk vert tvinga til å slutta med det religiøse livet dei var vant til. Han slit også med dei motstridande forventningane som slektningane hans på begge sider har til han.

Dramatiske hendingar i familien fører til at Bent blir verande i dalen over vinteren. Naturen lagar også dramatikk: Kyrkja på Galde vert tatt av flaumen og garden Glømsdal vert råka av steinras. Som alltid vert menneska små når naturkreftene set inn. Bent møter skepsis i bygda, men fleire og fleire set pris på å ha ein slik velutdanna, velhalden og veltalande person mellom seg.

Henriksen skildrar det vanskelege forholdet Bent har til mora Magdalene, saknet etter faren som døydde då Bent var unggut, den varme velkomsten han får av farbroren Tore og motstanden han opplever at Sylfest; ein annan farbror, syner. Han får eit sjokkerande gjensyn med Live, tvillingsystera - som har "mista vettet" - eller er det mørke makter som herjar med henne? Med gamlepresten herr Gudbrand, som i skjul held seg til den katolske trua, har han ein god samtalepartner, medan han har problem med å forhalda seg til den nye "rettruande" presten. Han etablerer eit godt venskap med Lasse Glømsdal, og møter kjærleiken i Lasse si syster, Anne. Anne Glømsdal vert framstilt som stolt og sterk og på mange måtar ein likeverdig partner til Bent - men tradisjonelt og etter lova hadde kvinnene på denne tida begrensa med rettigheiter.

Bent er oppriktig glad i Anne og kan tenkja seg å gifta seg med henne, men den store store kjærleiken er det vel ikkje. Å gifta seg av kjærleik var det dessutan få som gjorde; ekteskap var som regel ei praktisk, politisk og familiær sak. Så Bent slit - med sine eigne og familien sine forventningar om ei heilt anna framtid. Skal han ta over ein liten gard som har vore vanstyrt i fleire år - eller skal han reisa attende til Danmark og ta imot det adelsbrevet som han truleg kan få? Han tenkjer mykje på kva som er rett og galt; om synd, bot, skam, skuld og tilgjeving. Men Bent får eit stadig nærare og inderlegare forhold til Anne - og det går slik som det gjerne går; Anne blir gravid. Bent og Lasse inngår dermed ein avtale der Bent forpliktar seg til å gifta seg med Anne etter at han har avklart si eiga stilling og framtid med dei danske slektningane sine. Bent gir seg sjølv ein frist på tre år - og boka vert avslutta med at han reiser attende til Danmark.

Det var mykje eg hugsa att frå boka etter meir enn 30 år - overraskande mykje faktisk. Det som eg hugsa best og som gjorde mest inntrykk på meg då eg las boka fyrste gong var skildringa av det nesten-incestuøse forholdet mellom Bent og Live. Og det slår meg no også; at Vera Henriksen var ein modig forfattar som kunne skriva om slike vanskelege og tabubelagte tema. Det eg hadde gløymt var kva lagnad Live fekk til slutt - og eg tenkjer no at det måtte vel berre enda slik som det gjorde..


Pilegrimsferd
Handlinga i denne boka tek til omlag der Trollsteinen sluttar; med at Bent kjem tilbake til Danmark og "det andre livet" sitt. Hjå morfamilien får Bent omsorg, men også ansvar og plikter - og god tid til å områ seg. Det er eit priviligert liv, men det er slett ikkje utan bekymringar. Bent sine lukkelege stunder vert ofte avløyst av tungsinn og grubling. Medan det knapt vert nemnt at far til Bent var teologiutdanna i den fyrste boka, vert det her greia vel ut om dette. Gjennom gamle brev som faren skreiv til morbroren Bent Bille får Bent Jonsson vita korleis og kvifor faren tvilte og sleit i forhold til tru og teologi. Faren sine tankar, haldningar og handlingar skal komma til å prega Bent i lang tid - og fører m.a. til at han reiser og oppheld seg i Paris for ei tid.

Lesaren får eit meir nyansert bilete av hovudpersonen i bok nummer to. Bent er utruleg søkjande og undrande - og ofte fylt av indre motsetningar og uro. Når han trur at han har fått svar på det som opptek han - då dukkar det opp andre spørsmål og utfordringar. Perspektivet er også vidare; ut mot Europa og dei straumane som finst der. Det ulmar - bokstaveleg talt - i fleire land i samband med religionskrigar, forfølging og straff, reformasjon og motreformasjon. På den andre sida er humanistiske tankar og ynskje om fridom for enkeltmenneske idear som er i ferd med å spre seg.

Etter ei langvarig og mangfaldig reise - på mange plan - gjer Bent som far hans gjorde før han; han vender tilbake til Lom - til Smiugjelsøygarden og til Anne og barnet deira. Det skjer ikkje utan ein djup indre kamp.

Pilegrimsferd er på mange måtar tyngre å lesa enn den fyrste boka, men ho er vel så interessant. Ein kan i denne boka tydeleg leggja merke til korleis Vera Henriksen har arbeidd med språket. Det er ei anna språkføring og det vert nytta andre formuleringar når det handlar om det danske overklasse- og akadermikarmiljøet; meir snirklete og "fordanska". Når handlinga går føre seg i fjellbygdene i Noreg er det meir kvardagsleg, konkret og direkte - noko som også er heilt naturleg.

Med tanke på at eg hugsa att mykje av handlinga i Trollsteinen, er det underleg å merka at eg hadde fullstendig gløymt kva Pilegrimsferd handla om. Det er berre nokre få hendingar eg hugsar frå då eg las boka fyrste gong. Eg skjønnar ikkje heilt kvifor det er slik. Kanskje det skuldast at eg den gongen var for ung til å forstå dei mange påkjenningane Bent gjekk gjennom? Det skal uansett bli interessant å finna ut kva som er gjenkjennbart i dei neste tre bøkene. Eg kjem til å ta fatt på Blåbreen umiddelbart etter at eg har skrive ferdig dette blogginnlegget, men deretter trur eg kanskje at eg treng ein pause frå middelalderliv og middelaldertankar før eg tek til på dei to siste bøkene; Staupet og Skjærsild.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Har du ikkje lest noko av Vera Henriksen? Vel - då har du mange svært gode leseopplevingar til gode! Grunnen til at eg har skrive eit såpass utfyllande handlingssamandrag er å få fleire til å lesa bøkene hennar. Eg håpar at enkelte kan bli frista til å ta fatt på historia om Bent Jonsson.
Her får du lenker til bibliografi (Wikipedia) og dei digitaliserte bøkene hennar (Nasjonalbiblioteket)

10. mars 2017

Bokhyllelesing: Haren med øyne av rav

Forlaget Press 2011
334 sider
Kjøpt papirbok 

Etter kvart vart dette ei forholdsvis leseverdig bok - men ho gav ikkje meg så veldig mykje. Deler av boka er fengande, medan andre deler er kjedelege og trege. Det er muleg at eg er for lite engasjert i kunst og har for dårlege kunnskapar i kunsthistorie til å få fullt utbytte av denne forteljinga.

I Haren med øyne av rav fortel forfattaren Edmund de Waal historia om sine eigne forfedre; den ein gong så velståande og mektige jødiske familien Ephrussi. Utgangspunktet er ein arva samling med japanske miniatyrar, netsuker: små figurar laga av hardt tre eller elfenbein. Desse gjenstandane arva Edmund de Waal frå grandonkelen sin, og dei hadde vore eigd av familien i fleire generasjonar. Korleis kunne samlinga framleis vera intakt og bevart - med tanke på alle omveltningane familien hadde vore gjennom i løpet av alle desse åra? De Waal bestemmer seg for å følgja netsukane - og dermed familien - si ferd rundt om i verda.

Familien Ephrussi kom frå Odessa i Russland, men de Waal startar forteljinga si i Paris i 1871. Då flytta Charles Ephrussi, yngste son i familien, til Paris. Denne Charles busette seg i eit herskapeleg hus og levde eit nesten vulgært luksuriøst liv. Han kjøpte og investerte mykje i kunst, mellom anna denne samlinga med netsuker. Netsukesamlinga vart etter kvart gitt vekk i bryllaupsgåve til forfattaren sine oldeforeldre i Wien. Ein får følgja desse miniatyrfigurane gjennom ulike eigarar og arvingar, i tjukt og tunt, i krig og i fred, frå kontinent til kontinent, frå generasjon til generasjon. Forteljinga er litt for saktegåande og omstendeleg etter min smak. Fyrste del av boka handlar for ein stor del om kunst, kultur og arkitektur - noko som berre kjeda meg - og eg var sååå nær å avbryta heile greia.

I del to fortel De Waal om framvekst av nazisme, antisemittisme og jødeforfølgelsar. Vidare får ein følgja familien gjennom fyrste og andre verdenskrig, om depresjon og inflasjon, om motgang, fornedrelsar og tap. Ein kjem i denne delen mykje nærare personane det fortalt om, og dermed vert forteljinga meir levande og meir interessant. Det gir inntrykk å lesa om at familien mista bortimot alt dei eigde i løpet av andre verdenskrig. Også avslutninga av boka er fascinerande og sterk lesing. Dermed justerer eg også terningkastet mitt; frå den svake 3'aren eg i utgangspunktet hadde tenkt å gi - opp til ein 4'ar.

Boka er, i tillegg til dei kulturhistoriske skildringane, ei biografisk framstilling av eit familiedynasti, ei slags reiseskildring - og truleg også ein del oppdikta hendingar. Ein vert kjend med mange ulike personar og miljø og får mange detaljerte og fine tidsbilete. Dersom du er interessert i historie er dette ei brukbar bok. Dersom du er interessert i kunst og kunsthistorie i tillegg, får du ei enno større leseoppleving.

Eg har lest Haren med øyne av rav i samband med runde to i årets Bokhyllelesing. Eg kjøpte boka for eit par år sidan, men ho har berre blitt liggjande. Eg byrja på (det unormalt lange) forordet eit par gonger, men kom aldri skikkeleg i gang med lesinga. Denne gongen hoppa eg over forordet - for liksom å gå "rett på sak" - men det tek altså si tid før boka vert verkeleg interessant.

29. januar 2017

Bokhyllelesing: Lycke av Mikaela Bley + litt Sandhamn

Cappelen Damm 2016
349 sider
Papirbok fått i gåve

Utfordringa og leseprosjektet Bokhyllelesing har som føremål å lesa hittil uleste bøker frå eigne hyller, etter felles kriteriar. I årets fyrste runde er temaet les ei bok med blått omslag. Eg valde ei bok som ikkje har samla støv så veldig lenge: Eg fekk boka i bursdagsgåve i september i fjor.

Eg har, som mine faste blogglesarar veit, ei særleg interesse for svensk krim. Difor er det spennande og interessant med nye namn, men eg tykkjer verkeleg at å utropa Mikaela Bley som "Sveriges nye krimdronning" kun på grunnlag av denne debutboka - det er å ta hardt i.

Lycke vart ei høgst middelmådig leseoppleving for meg. Dette er ei krimbok for nybyrjarar; lettlest, fortlest - og fortgløymt. For meir røynde krimlesarar vert dette for enkelt og for tamt. Det er tydeleg at Bley har vore inspirert av forfattarar som Camilla Läckberg og Liza Marklund, men ho når ikkje opp til desse.

Det handlar om Lycke - ei åtte år gammal jente som forsvinn utan å etterlata seg spor. Foreldra er ekstremt sjølvopptekne og har meir fokus på å motarbeida kvarandre enn å vera bekymra for den forsvunne dottera. Stemora er likegyldig, media er grafsande og politiet er udugelege. Den einaste som prøver å gjera noko for å spora opp jenta er "vår heltinne", TV-journalisten Ellen Tamm. Denne Ellen har både guts, mot og erfaring, men vert elles framstilt på ein særs klisjéaktig måte. I det heile er det mykje som ikkje stemmer med denne boka med tanke på realisme og truverdigheit.

Når ein tenkjer på kor opprørande og hjerteskjerande temaet i boka egentleg er, vil eg hevda at forteljinga er forbausande lite engasjerande og uspennande. Eg virkar negativ her, men poenget er vel helst at eg føler meg snytt. Her er nemleg forventningane skrudd opp altfor mange hakk i høve marknadsføring og blurbs.

Enkelt språk, korte setningar, oversiktleg plott og tydelege perspektivskift gjer boka enkel å følgja og rask å lesa. Likevel er eg snill når eg gir terningkast 3.

Du finn oversikt over fleire OTS-bøker med blått omslag på bloggen Boktanker.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg "slengjer på" enno ein kort bokomtale i dette blogginnlegget. Dei to bøkene har såpass mykje felles at det er naturleg. Dei er begge skrivne av svenske kvinnelege forfattarar og begge er i kategorien lettlest publikumsvenleg underhaldningskrim. Samstundes er det ein del som er forskjellig. Med tanke på tema i utfordringa finn ein også her, dersom ein ser godt etter, eit blåskjær på omslaget. Boka er ikkje henta frå bokhylla mi, men frå biblioteket sine utlånshyller.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Cappelen Damm 2016
Speletid 10:59
Opplesar Håkon Strøm

Medan Lycke er ei debutbok, er I maktens skygge bok nummer 7 i ein serie frå ein veletablert forfattar. For meg er Viveca Sten eit heilt nytt bekjentskap, men eg har fått med meg at krimserien hennar er populær.

Folk som likar Camilla Läckberg sin serie frå Fjällbacka likar sikkert denne serien frå Stockholmsskjærgarden óg. Sjølv er eg lei av Fjällbackaserien - fordi bøkene er så like. Har du lest ei bok har du lest alle liksom. Eg har inntrykk av at det same gjeld Sandhamn-serien.

Eg likte ikkje denne boka noko særleg, og det skuldast framfor alt at dette er dameromankosekrim. Plottet er lettfatteleg og persongalleriet oversiktleg - og ein har liksom lest det før - mange gonger. Her er mykje fokus på "dameting" som interiør, utsjånad og barnepass. Den mannlege helten er tafatt, etterforskinga amatørmessig og saka vert løyst ved hjelp av kvinneleg intuisjon. Eller flaks, som det óg heiter.

Sten har for så vidt gjort bra handverk. Boka er logisk, enkel og har ei grundig oppbygging. Det baud heller ikkje på noko problem å starta lesinga langt ute i serien.
Det som trekker ned er alle klisjéane og trivialitetane, dei stereotype karakterane, overforklaringane, mangelen på spenning og ein særdeles treig start.
Eg forventa betre frå ein bestseljande og forholdsvis kjend forfattar. Terningkastet avspeglar dette.

Om eg kjem til å lesa fleire av bøkene i denne serien? Neppe.
Svensk krim pleier å bety kvalitetskrim - men det stemmer ikkje alltid.

11. januar 2015

Bokhyllelesing: Pinnsvinets eleganse

Lydbokforlaget 2008
Speletid: 8:54
Opplesarar: Janne Kokkin og Silje Lindblad


Utfordringa bokhyllelesing startar friskt i år med ny runde alt den andre veka i januar. Kategori denne gongen er "Les ei bok med grønt omslag" - og eg leita i hyllene mine etter ei ulest bok med denne fargen, men fann ingen i farten. Deretter såg eg på dei lagra, men enno "uhøyrde" lydbøkene på PC'en min, - og fann ei bok som eg ikkje hadde prioritert enno; 1001-romanen Pinnsvinets eleganse. Med litt godvilje så ser ein eit lite grønskjær på dette coveret, ikkje sant? Litt grågrønt?


6. januar 2015

Planar for 2015 og bøker på vent

Årsskifte betyr blanke ark og nye fargestiftar. Ein ny start med nye mål. Eit heilt ubrukt år ligg framfor oss, og lesehestar, bokormar og bokbloggarar legg planar og set seg lesemål for 2015.

Bøker og lesing er noko eg er avhengig av, omlag som luft og mat, så egentleg treng eg ikkje nokon årsplan for å halda leselysta oppe og leseinteressa ved like. Eg trivst best når eg let lystprinsippet styra lesinga mi - men det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteka "mine" spelar også inn. Målet for leseåret vert difor noko uklart, med ein kombinasjon av det tilfeldige og det planlagde. Eg ønskjer ikkje å ha for ambisiøse og detaljerte lesemål for 2015. Då blir lesinga stress - og det vil eg ikkje at det skal bli.

8. februar 2014

Bokhyllelesing: Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug

Bokbloggar Bjørg (Mellom linjene) har invitert til leseprosjektet Bokhyllelesing, der ho utfordrar bokbloggarar til å lesa bøker frå hyllene sine - innan ulike tema. Fyrste utfordring har tema ei skandinavisk bok frå 1900-talet, og kan såleis romma eit svært breidt utval av bøker. Eg har absolutt sans for at folk les frå sine eige hyller og ikkje berre hiv seg over det som er nytt og spennande heile tida. Dette er ei markering av at bøker ikkje er ferskvare; at bøker ikkje har noko datostempling.

Sjølv har eg ikkje så mange uleste bøker i hyllene mine, og absolutt ingen som kunne passa innan det nemnde temaet. Eg har i alle år fyrst og fremst vore ein lånar, ikkje ein kjøpar, så boksamlinga mi er faktisk ganske skrøpelege greier; stort sett berre nokre bøker frå eit bokklubb-medlemskap på 80-talet og ein del pocketbøker - mest krim. Så eg tenkte at denne utfordringa berre fekk gå sin gang utan mi deltaking, men etter kvart fann eg ut at eg kunne delta med ei bok eg hadde tenkt å lesa likevel, nemleg Prost Gotvins geometri, utgitt fyrste gong i 1998. Poenget med utfordringa er å setja fokus på litt eldre bøker, så denne burde passa greitt inn. Anita (Artemisias verden) har meldt på den same boka, og det skal bli spennande å sjå kva ho meiner; om ho har hatt ei tilsvarande leseoppleving som den eg har hatt.

**********************

Cappellen Damm 2010
(papirutgåva kom ut på Cappellen i 1998)
Speletid: 14t 14 min
Opplesar: Anders Ribu

Fantasirikdom, kunnskap og sprudlande forteljarglede. Dette er ord som kan beskriva romanen Prost Gotvins geometri og dessutan mange andre (for meg) kjende og kjære bøker frå Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap.

Den blyge presten Gotvin Soleng kjem frå Vanndal, ei oppdikta lita fjellbygd i Østerdalen. Han er ein søkande og nysgjerrig person som ein dag bestemmer seg for å reisa til Santiago de Compostela i Spania for å sjå nærare på nokre katolske mirakel. Gotvins fyrste utanlandstur vert ei reise utanom det vanlege. På togturen møter den jomfruelege presten ei heilt spesiell kvinne - og for fyrste gong forelskar han seg, djupt og inderleg. Men denne kvinna, Lucienne, gir han ei gåte: Han får ein teikning av fire geometriske figurar av henne. Dersom han klarar å løysa gåta, vil ho treffa han igjen.

Gotvin startar så på ei heilt anna reise; ei reise mellom tru og tvil, - mellom synd og skam på den eine sida og lyst og begjær på den andre. Gotvin si gudstru vert sett på prøve, og han utfordrar kristendommen, utfordrar Gud. Han oppdagar erotikken - det vert slutt på sølibatet, - men held fram med å venda seg til Gud i bøn. Samstundes kjem han på sporet av store naturvitenskapelege mysteriar, kvantemekanikk og "det gyldne snitt" og "det gyldne triangel" og vert som besatt av Kristian Birkeland (mannen på 200-lappen) og Macody Lund. Alt dette vert blanda saman med mange underlege og eventyrlege situasjonar - og ei svært vakker kjærleikshistorie.

Boka er heilt spesiell. Eg datt av lasset fleire gonger; spesielt når det gjalt Gotvin sine religiøse og filosofiske tankar. Men så plutseleg har forfattaren fått meg på sporet igjen, med forteljingar om harrfiske, gastronomiske måltid, gode vinar, danske mellomalderborgar og paleo-arkeologi. Samt tema som omhandlar ein falsk valdtektsanklage, ein alzheimer-ramma gamling, ein nyutgravd dinosaur og litt gresk mytologi. Alt dette klarar Nygårdshaug til å henga saman i ei forteljing, og det er rett og slett imponerande. At eg innimellom mista litt av konsentrasjonen, ser eg ikkje på som noko poeng. Eg hoppa ganske glatt over avsnitta med ulike matematiske utgreiingar, - matematikk har eg alltid sett på som eit uinteressant og unødvendig fag. Og det er heilt normalt at eg "dett vekk" når det handlar om kristendom og funderingar om det guddommelege sidan eg er ein ikkje-religiøs person.

Prost Gotvins geometri er ei tankevekkjande bok som til tider er både morosam og rørande. Sentralt i boka er religionskritikk og konflikten mellom naturvitenskap og religion. Gotvin får eit psykisk samanbrot når han finn ut at han ikkje lenger kan stola på Gud, at grunnlaget for kristendommen mest truleg er feil og løgn. Boka er svært underhaldande, men krev at lesaren er på, open og interessert. Geografisk reiser me mykje: til Spania, Danmark, Tyskland og Egypt. Eg brukte internettet aktivt medan eg las boka. Mange stader, ord og begrep var i utgangspunktet framande for meg; men med Google og Wikipedia og diverse søkefunksjonar som hjelpemiddel har eg lest meg opp i "så ymse".

Språkleg og stilistisk er Nygårdshaug, som alltid, heilt suveren. Innhaldsmessig er det altså tidvis forvirrande, tidvis artig, tidvis veldig spennande og nesten heile tida interessant. Alt i alt ei stor leseoppleving - eller rettare sagt lytteoppleving i mitt tilfelle. Anders Ribu er forøvrig heilt perfekt som opplesar av Nygårdshaug sine bøker. Men av og til, når opplesaren ikkje har pusta på lenge, forstår ein at forfattaren har vore heller sparsam med teiknsetjinga i boka...

Forfattaren sin leik med personnamn må nemnast, det er eit av "varemerka" hans. Nygårdshaug sin fantasi og humor kjem til uttrykk ved t.d. namna på menigheitsrådet sine medlemer i Vanndal; dei heiter Bråten, Markbråten og Stormarkbråten. Gotvin sin ven og fortrulege er dyrlegen i bygda, Baron (uttalast med trykk på fyrste staving) Åkerjord, den stakkars forvirra faren lyder namnet Kastor... og brødrene heiter Ludens og Violon... for å nemna nokre få av bipersonane.

Eg ser fram til å lesa Fortellernes marked - med tid og stunder. Der møter me att fleire av karakterane og mange av dei same problemstillingane og tankane som me vart kjende med i denne boka.

Les oversikten: 1. runde i bokhylleutfordringa - Mellom linjene.