30. september 2019

Oppsummering september 19

Påbyrja i august, fullført i september:
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete - Humor/satire/dokumentar - Papirbok fått i gåve
Jørgen Brekke - Menneskehunger - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i september: 
Frank Aarebrot og Kjetil Evjen - Reformasjonen - den store historien - Historisk dokumentar - Lånt lydbok eBokBib
Anne Mette Hancock - Likblomsten - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Christoffer Carlsson - Den fallende detektiven - Svensk krim - Lydbok Storytel
Øystein Wiik - Tredje gang du dør - Norsk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Lars Mytting - Søsterklokkene - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Jan-Erik Fjell - Gjemsel - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


2 papir, 3 lyd, 1 ebok
3 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
4 krim, 1 dokumentar, 1 humor
4 norske, 1 svensk, 1 dansk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Evjen, Hancock

Lesemånaden september vart så som så; kun seks fullførte bøker. Både Kalvø si bok og alle krimbøkene var bra, men ikkje superbra. Mest underhaldande var utan tvil Øystein Wiik si bok; eg lo høgt fleire gonger medan eg las, dvs. lytta. Herregud for ein fantasi den mannen har! (Terningkastet avspeglar at eg har visse innvendingar óg. Dette skal eg grunngi nærare i ein samleomtale som kjem om ikkje så brått..)

Overraskande nok, også for meg sjølv, var det Aarebrot si bok om reformasjonen som vart høgdepunktet denne månaden. For ei formidlingsevne den mannen hadde!

Eg slit skikkeleg med Søsterklokkene; etter 2 veker lesing er eg kommen omlag halvveges. Eg kjem nok til å fullføra, men boka fengar ikkje noko særleg. Deler av innhaldet er greit nok, men det er så tregt og seigt. Ikkje er eg spesielt interessert i stavkyrkjer heller..
Omtalar kjem, både av Reformasjonen og av Mytting si bok.

23. september 2019

Kort om: Koke bjørn av Mikael Niemi

Oktober 2019
445 sider
Papirbok lånt privat

Mikael Niemi stadfestar med denne boka at han er ein dyktig forteljar. Han brukar språk og bilete på ein original måte samstundes som han syner kunnskap om og innsikt i så mangt. Den mest sentrale forteljarstemma i Koke bjørn tilhøyrer Jussi, ein samegut som Lars Levi Læstadius tok til seg, inspirert av bibelforteljinga om Den barmhjertige samaritan. Jussi er ein oppdikta person, men forfattaren byggjer óg på mange verkelege historiske personar og hendingar i denne boka. Hovudperson er vekkelsepredikanten, presten og naturforskaren Lars Levi Læstadius.

På førehand hadde eg eit bilete av Læstadius som ein streng og fundamentalistisk svovelpredikant. Niemi framstiller han på ein heilt annan måte; som ein mild, intelligent og forståingsfull person. Vel var han ein fundamentalist på enkelte område; særleg i synet på alkohol, men han hadde utvilsamt også gode eigenskapar. Det kan vera verdt å merka seg at han forsto samane, både språket og kulturen, sidan han sjølv hadde samisk bakgrunn.

Handlinga i boka er lagt til året 1852 i Pajala i Nord-Sverige. Ei ung tenestejente forsvinn og vert etter ei tid funnen død i ei myr. Den som i fyrste omgang får skulda er bjørnen. Det er ei forklaring som både lensmann og befolkning kan slå seg til ro med. Men Læstadius - ein mann med sans for naturvitenskap og forsking - trur ikkje på denne teorien. Saman med fostersonen Jussi freistar han å finna ut av mysteriet på sakleg vis og naturvitenskapleg grunnlag. Dei to er eit slags Sherlock Holmes og Dr. Watson etterforskarpar, og boka kan såleis lesast som ein klassisk kriminalroman.

Men boka er så mykje meir: Det er ei hjerteskjerande forteljing om utanforskap og einsemd, om kulturkonfliktar, klasseskilnad og undertrykking, samt eit lærerikt og interessant portrett av ein karismatisk religiøs leiar. Det må også nemnast at miljø- og landskapsskildringane er truverdige og at tidsbileta er skarpe og levande.

Koke bjørn er ei velskriven og fascinerande forteljing som verkeleg anbefalast.

13. september 2019

Sommarlesing del 3: Internasjonal krim

Heilt kort om nokre krimbøker eg har lest denne sommaren.

Den fjerde ape av J.D. Barker

Goliat 2019
378 sider
Kjøpt ebok


Her møter me ein seriemordar av det mest spinnville og utspekulerte slaget og ein politietterforskar med både kløkt, forstand, integritet - og ei fortid. Den fjerde ape er fyrste bok i serie, og den ga verkeleg meirsmak.

Plottet er genialt, tempoet høgt og spenninga formidabel - nesten heile tida. Boka er difor ein pageturner av dei sjeldne. Skildringane er svært blodige og til tider noko voldsomme.

"Se7en møter Nattsvermeren" heiter det på omslaget - og det stemmer, i alle fall til ein viss grad. Eg er ikkje noko filmmenneske, men både 'Se7en' og 'Nattsvermeren' er blant mine få filmfavorittar.

Den fjerde ape får terningkast 5.


Bristepunktet av Belinda Bauer

Cappelen Damm 2019
351 sider
Lånt papirbok biblioteket


Bauer konstruerer finurlege plott og byr alltid på overraskingar. Bristepunktet er meir ein thriller enn ein kriminalroman. I og med at boka er frittståande får ein eit ekstra spenningsmoment i og med at det ikkje er nokon "krimhelt" som skal følgjast vidare. Dermed kan alt muleg skje.

Forteljarstemmene er både unike og ulike, og ein får fleire perspektiv og forskjellige handlingstrådar som nærmar seg kvarandre utover i boka.

Eg likte denne godt, men Bauer kan faktisk enno betre. Terningkast 5-.


Krittmannen av C.J. Tudor

Cappelen Damm 2018
Speletid 9:51
Lydbok Storytel


Dette er ein fantasifull og underhaldande krimthriller. Oppbygginga er gjenkjenneleg frå utallige andre krimbøker: Dramatiske hendingar i fortida som aldri har fått ei forklaring, noko som fører til uventa hendingar i notid og til sist; ein endeleg konfrontasjon.

Boka byr på gode tidsbilete, truverdige karakterar og uventa tvistar. Eg forventa likevel meir sidan boka har fått så stor merksemd. Krittmannen var ei heilt grei leseoppleving, men eg er ikkje superimponert. Konkluderer med eit terningkast 4+


Vuggesang av Leïla Slimani

Cappelen Damm 2019
202 sider
Lånt papirbok biblioteket


Slett ikkje så verst denne heller, men eg vil hevda at boka er veldig oppskrytt. Forfattaren spelar på uhyggestemning og på ei muleg upåliteleg forteljarstemme.

Alt på fyrste side får vita at det handlar om eit lite barn som er blitt drept. Kva kan ha ført til ei slik uhyrleg handling? Boka skildrar korleis eit ektepar vert avhengig av ein dagmamma/hushjelp til å få familie-, arbeids- og dagleglivet til å gå i hop. Gradvis får lesaren vita at alt ikkje er som det skal vera med denne personen.

Det er positivt at boka er såpass kort. Terningkast 4.


3. september 2019

Gobi-serien av Tor Åge Bringsværd

Forfattaren Tor Åge Bringsværd har ein stor og variert produksjon bak seg; han debuterte i 1967 og er framleis aktiv: Nyleg vart boka Mens jeg har dere her lansert - ei bok om å bli gammal. Elles er forfattaren kanskje mest kjend for barnebøkene om Karsten og Petra og sjøormen Ruffen og for science fiction-prosjekta i samarbeid med Jon Bing.

Serien Gobi består av fem bøker som kom ut i perioden 1985 til 1997. Bokserien er tilgjengeleg på Storytel og eg har høyrt alle bøkene i sommar. Opplesar Jan Grønli les godt og med stor innleving, men svært sakte og lågt. For meg vart løysinga å skru opp volumet samt å stilla inn hastigheiten på 1,25. Då vart det akkurat passe tempo.

Dei fem bøkene i serien er sjølvstendige romanar og kan godt lesast enkeltvis, men eg tykkjer det er mest naturleg og "rettast" å lesa dei i rekkefølge.

Kronologien er slik:
1. Barndommens måne
2. Djengis Khan
3. Djevelens skinn og ben
4. Min prins
5. Baghdad

Det er litt vanskeleg å sjangerfesta bøkene; Bringsværd er ein forfattar som ofte har utfordra og leika seg med ulike sjangrar. "Fabelprosa" er eit uttrykk som av og til vert brukt i samband med bøkene hans. Gobiserien er fyrst og fremst historiske romanar, men dei har også dokumentariske og filosofiske element, samt trekk frå fantasysjangeren.

Dersom ein skal prøva å samanlikna med andre forfattarar og bokseriar tykkjer eg det er naturleg å nemna Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe. Her er fleire likskapar når det gjeld innhald, stil og språk. Dei har også det felles at dei består av mange lag, med anekdotar og historiar inni historiane. Historiane det vert fortalt om i Gobiserien er dels eventyr og mytologi, dels draumar og filosofiske betraktningar, samt store deler historiske fakta.


Handlinga er lagt til Gobi-ørkenen på 1200-talet. Forteljarstemme i bok 1, 2 og 4 er Wolfgang frå Godesberg og når me møter han fyrste gong lever i skjul frå nokon - eller noko - som er etter han. Han fortel historiar: Om sin eigen tidlege barndom der han vaks opp som son av ein bøddel, om då han deltok i det mytiske (og groteske) barnekorstoget, om ei ungdomstid som slave og om eit omflakkande liv som gjøglar og skodespelar i fleire land. Historiane er mange, innhaldsrike og fascinerande. Det vert samstundes fletta inn segner, myter, legender og eventyr fortalt av folk han har møtt i ulike land gjennom mange år. I bok nummer 2 handlar mange av forteljingane (som ein forstår av tittelen) om Djengis Khan; hans bakgrunn, barndom, familie og karriere. Noko av det er nok historisk korrekt, men naturleg nok har fantasifulle myter blitt danna gjennom tidene.

Eg "slukte" dei to fyrste bøkene, men den tredje sleit eg litt med. I Djevelens skinn og ben er det ein annan forteljar, stemninga er mørkare og dystrare og innhaldet er litt tungt. I Min prins er Wolfgang tilbake som forteljar, men han er her tydeleg sliten og muligens i ferd med å bli gal. I Baghdad er det Rodrigos, ei ny forteljarstemme, som fortel, men me møter på nytt Wolfgang; denne gong som ein gammal og stum gjøglar. I byen Baghdad er situasjonen desperat; mongolane står like utanfor bymurane og befolkninga kan venta seg store øydeleggingar og fryktar overgrep og massedrap. Det gir inntrykk å lesa om korleis Rodriges og Wolfgang prøver å hjelpa ein stor barneflokk. Sjølv når alt ser som håplaust ut finst det håp. Eller?

Eg fekk denne bokserien avbefalt for mange år sidan, men fyrste forsøk var lite vellukka. Eg byrja då på Barndommens måne, men kom aldri inn i handlinga og fullførte ikkje. Det har noko med timing og livssituasjonen å gjera; den gongen var det "feil" tid, no var det "rett" tid. Eg er så glad for at eg fann boka (og resten av serien) på nytt. Dette er nemleg den type litteratur som vert verande i kroppen og hjernen lenge etter avslutta lesing. Dei fem Gobi-bøkene er rett og slett store leseopplevingar.