Viser innlegg med etiketten Elizabeth George. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Elizabeth George. Vis alle innlegg

14. januar 2017

Favorittforfattarar: E

Del fem i gjennomgangen av favorittforfattarane mine - og heller ikkje denne gongen var det vanskeleg ut å plukka ut ein mann og ei kvinne som har skrive bøker som har betydd mykje for meg.

Foto:Linda Engelberth

Edvard Hoem

Norsk forfattar f. 1949.

Hoem er i løpet av dei siste par åra blitt ein Favoritt med stor F for meg. Eg har teke føre meg dei fleste historisk-biografiske romanane hans - og er fascinert av forteljarmåten og imponert over kunnskapen hans. Han skildrar folk og miljø med respekt, engasjement, openheit og forteljarglede. Språket hans er stilsikkert og poetisk.

Edvard Hoem har gitt ut over 40 bøker; romanar, skodespel, dikt, essays og biografiske verk. Han er også kjend som salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Det store gjennombrotet kom med romanen Kjærleikens ferjereiser i 1974. For den boka og for Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris. I 2013 fullførte han sitt fire band store og kritikarroste biografi om (dobbeltgjengaren sin) Bjørnstjerne Bjørnson.

Edvard Hoem er ein allsidig, folkekjær og markant forfattar - og han er ein framifrå opplesar av sine eigne bøker. Akkurat no er han aktuell med Land ingen har sett - ei bok som eg kan anbefala på det varmaste.


Amerikansk kriminalforfattar f. 1949

Kanskje ikkje den heilt store favoritten no lenger, men opp gjennom åra har eg lest og likt "utallige" bøker frå denne produktive forfattaren.

Dette er dama bak radarparet Lynley og Havers som mange kjenner frå TV-skjermen. George er altså amerikansk, men i bokserien skildrar ho dei ulike sidene av det britiske samfunnet så godt at sjølv engelsmennene reknar ho som ei av sine eigne. Det er då også BBC som har produsert TV-seriane om det umake paret: Sir Thomas Lynley; den perfekte og adelege og Barbara Havers; frå den heilt andre kanten av den sosiale rangstigen. Samspelet og samhandlinga mellom dei to er svært godt skildra i bøkene og er med på å gjera dei til gode leseopplevingar.

Elizabeth George debuterte med Mørkets gjerninger i 1988 og den 18. og førebels siste (utgitt på norsk) er Bare en ond handling frå 2013.


To namn som for meg er "nesten-favorittar" på E er krimklassiske Edgar Allan Poe og den friske svenske krimkometen Emelie Schepp.

Mange har sikkert den italienske forfattaren Elena Ferrante som ein soleklar favoritt-E. Eg óg prøvde meg på Mi briljante venninne for ei tid tilbake, men det vart det ikkje spesielt vellukka, for å sei det slik..

Kven har du som favoritt på E?

Ernest Hemingway og Erich Maria Remarque?
Erlend Loe og Erik Fosnes Hansen?
Eystein Hansen og Eirik Husby Sæther?

... eller E.L. James?

10. august 2015

Sommarlesing - del 3: Ymse veranda- og sofalesing

(Dette er innlegg nummer 300 på denne bloggen)


Hvite netter av Ann Cleeves
Vigmostad & Bjørke 2010
365 sider (kjøpt papirbok)

Denne puslespelkrimmen likte eg godt. Eit nærast klassisk britisk krimdrama som minner om noko som Agatha Christie og P.D. James kunne ha skrive i lag, på ein måte - om det hadde vore muleg.

Hvite netter er bok nummer to i Shetlandskvartetten. Eg skal definitivt lesa dei andre tre. Her er storslagen natur og eit særprega miljø, ein hovudperson/etterforskar med hovudsakleg sympatiske trekk, samt fleire interessante bipersonar.
Blod, gørr og neglebitande spenning er det lite av. Lesaren får i staden - gradvis og lagvis - i eit bedageleg tempo - fleire og fleire brikker som passar inn i "puslespelet". Avslutninga; eit oppgjer og ei tilståing på kanten av klippene der ute på den forblåste Shetlandskysten er skrekkeleg klisjeaktig - men samstundes veldig riktig til handlinga i denne boka. Terningkast 4.


Nattevandreren av Tore Aurstad og 
Carina Westberg
Kagge 2015
350 sider 
(lånt ebok)

Forfattarparet Aurstad/Westberg er mest kjende for fleire barne- og ungdomsbøker. Dette er den andre vaksenromanen dei har skrive saman. Nattevandreren er historisk krim med handling lagt til Kristiania ca. år 1900. Glitrande miljøskildringar. Groteske mord. Grusomme straffemetodar. Gåtefulle karakterar. Grøssande stemningsfullt. Men dessverre: For lite spenning og for dårleg framdrift. Historia tek ikkje av, og eg vart ikkje skikkeleg engasjert. Muligens var det ein tabbe at eg ikkje las Blodpenger fyrst; eg trengde nemleg ein del tid her på å få hovudpersonane og miljøet rundt dei "på plass". For meg er det som handlar om "synske" og "medium" berre tåpeleg. Men trass alt: Forfattarane samlar alle trådar etter kvart og landar historia på ein avklarande måte. Terningkast 3.


Lotus Blues av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2015
425 sider 
(lånt ebok)

Ei ganske fengande forteljing, som lesar blir ein nysgjerrig og spent alt frå fyrste side.
Forteljarstemme er advokaten Martin Brenner som tek på seg eit heilt spesielt oppdrag; å finna ut kva som skjedde då Sara "Texas" Bell vart kjend skuldig i - og tilsto - fem drap. Samt å finna ut kvar det vart av sonen hennar, vesle Mio, som forsvann same dag som Sara døydde. Tok ho livet av seg eller vart ho drept? Og: Var Sara skuldig eller uskuldig i drapa ho vart dømt for?
Ting heng ikkje heilt på greip - og etter kvart blir det farleg for advokat Brenner. Han og samarbeidspartneren/elskerinna hans Lucy får ein stri jobb med å få Sara frikjend posthumt.
Lotus Blues er ei underhaldande og lettlest bok, skriven i ein avslappa og klassisk hardkokt stil, - og inneheld ein dramatisk avslutning/cliffhanger. Terningkast 4.


Bare en ond handling av Elizabeth George
Pantagruel 2015
758 sider 
(kjøpt bok)

Ei bok mest for Lynley & Havers-fansen. Bok nummer 18 i serien om desse Scotland Yard-etterforskarane er grueleg lang og omstendeleg - men sidan eg har følgd denne serien i lang tid vart boka sjølvsagt fullført, utan skumlesing.
Eg har litt sans for EG sin omstendelege og detaljerte skrivestil, og boka har absolutt driv og nerve, med skiftande perspektivskift og korte kapittel - men tempoet er litt svakt for denne type bok.
Det er Barbara og naboen/venen hennar Azhar som er mest i fokus i denne boka. Sjølve kriminalgåta er tynn og havnar etter kvart litt i bakgrunnen. Lesaren møter m.a. med ei gal nonne, ein gal politisjef, ein suspekt journalist, ein nyforelska Lynley og ein usedvanleg engasjert og desperat Havers. Stikkord for handlinga elles er kidnapping, språkforvirring og mord. Handlinga er delvis lagt til Italia, så forfattaren har difor strødd omkring seg med italienske glosar. Det var berre irriterande. Terningkast 4.


Straffen av Jan Mehlum
Publicom 2011
365 sider 
(kjøpt bok)

Eg er veldig glad i Svend Foyn-skikkelsen, men likevel gløymde eg at eg hadde denne ståande ulest i hylla. Slik kan det gå når ein har mange bøker å halda styr på.
Bok nummer 12 i serien om den godhjerta og nysgjerrige advokaten likte eg veldig godt.
Som alltid rotar Foyn seg inn i ei sak og - ikkje overraskande  - kjem han på kant med både politi, påtalemyndigheit og andre innan advokatstanden. Som alltid har han Hulda (hunden) og Jaguaren (bilen) med seg der han ferdast. Som alltid har Mehlum teke tak i fleire aktuelle problemstillingar og tema.
Bøkene i serien er frittståande og treng ikkje lesast kronologisk. Sjølv har eg lest dei i heilt tilfeldig rekkefølge.
Lesaren kan alltid stola på at Mehlum "leverer varene". Straffen er ei stilsikker, velskriven, tankevekkjande, spennande og engasjerande bok. Terningkast 5.


Britt-Marie var her av Fredrik Backman
Cappelen Damm 2015
335 sider 
(lånt privat)

Ei grei sommarbok som passar godt som verandalektyre. Eg har hatt boka som "attåtbok" og lest ho innimellom andre bøker.
Hovudpersonen Britt-Marie har mykje til felles med Ove frå den fyrste boka til Backman, En mann med navn Ove. Også dette er ein feelgood-roman med hjertevarme og ein pussig hovudkarakter. På og mellom linjene finn ein både komikk og alvor.
Britt-Marie er sær, med dårleg utvikla sosiale antenner. Gradvis vert det avslørt for lesaren korleis og kvifor ho har blitt som ho har blitt. Det viser seg at ho har forlate ektefellen sin og at ho også ber på ei stor sorg. Boka byr på artige karakterar, forviklingar og hysteriske situasjonar - men er også til ettertanke. Latteren vert ofte ståande fast i halsen.
Stilen er underfundig, språket er naivt og lettlest.
Terningkast 4.


Jeg tror bestemor lå med Frank Zappa
av Tine J. Sir

Kvalshaug forlag 2014
90 sider 
(lånt papirbok)

Overraskande bra. Ut frå tittelen og formatet på boka forventa eg ei syltynn og morosam historie, men eg fekk noko anna. Dette er ei gjennomtenkt og grei bok om kjærleik og om å høyra til.
Bakteppet for boka er konserten Frank Zappa heldt på Kalvøya-festivalen i 1973.

Ein kan kalla boka ein kortroman eller ei langnovelle. Berre 90 sider, men forfattaren maktar likevel å fortelja mykje om livet generelt og om livet til bestemor spesielt. Om valet bestemor tok då ho var i ei slags midtlivskrise, den gongen på syttitalet.
Historia er enkel og fortalt på ein stillferdig, men treffande måte. Avslutninga er fin.
Terningkast 4.


Monika-saken av Robin Schaefer
Vigmostad & Bjørke 2015
258 sider
(lånt ebok)

Leiinga ved Hordaland politidistrikt handterte denne varslingssaka på ein særdeles dårleg og uverdig måte. Alt tyder i dag på at Schaefer hadde rett då han varsla om at Monika-saka burde takast opp igjen. Men han fekk mykje motstand då han "blanda seg inn" i ei henlagt sak - ei sak han ikkje hadde noko med å gjera. I løyndom og via bistandsadvokaten til mor til Monika vart det teke kontakt med Kripos-etterforskar - og saka hamna på framsidene av alle store aviser. Fyrst då vart det fortgang i saka.
Sjølve boka er ikkje spesielt god. Det er ei samling dagboksnotatar, sende og mottekne epostar, samt nokre refleksjonar og synspunkt på Monika-saka og varslingssaka. Det meste av det som kjem fram i boka er kjend frå tidlegare, men eg skjønnar godt at Schaefer - varslaren - har hatt behov for å formidla heile si historie. Terningkast 3. (Meir om sakene her)


Fleire samleinnlegg med sommarlesing:

1. august 2015

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Kurt Aust - Dødt løp - Norsk krim - Lånt ebok
Elizabeth George - Bare en ond handling - Britisk krim - Kjøpt pocket

Lest i juli:
Mons Kallentoft og Markus Luttemann - Zack - Svensk krim - Lånt lydbok
Robin Schaefer - Monika-saken - Sak/debatt - Lånt ebok
Ingvild H. Rishøi - Vinternoveller - Novellesamling - Lånt lydbok
Kristina Ohlsson - Lotus blues - Svensk krim - Lånt ebok
Jan Mehlum - Straffen - Norsk krim - Kjøpt papirbok
Gabi Gleichman - Udødelighetens elixir - Roman - Lånt lydbok (avbraut)
Fredrik Backman - Britt Marie var her - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Tine J. Sir - Jeg tror bestemor lå med Frank Zappa - Norsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
Tore Aurstad og Carina Westberg - Nattevandreren - Norsk historisk krim - Lånt ebok
Kjell Ola Dahl - Lindemans tivoli - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Eirik Husby Sæther - Heksedoktoren - Norsk krim - Leseeksemplar frå Juritzen

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Jan Guillou - Ikke ville se - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket


12 fullførte: 5 papirbøker, 4 ebøker og 3 lydbøker.
Juli vart ein grei lesemånad med leseopplevingar på det jamne. Ingen fekk toppkarakter og ingen var direkte dårlege. Litt skuffande at Udødelighetens elixir ikkje fenga meg meir - den passa meg ikkje akkurat no. Kanskje eg prøver igjen ved eit anna høve.

6. januar 2015

Planar for 2015 og bøker på vent

Årsskifte betyr blanke ark og nye fargestiftar. Ein ny start med nye mål. Eit heilt ubrukt år ligg framfor oss, og lesehestar, bokormar og bokbloggarar legg planar og set seg lesemål for 2015.

Bøker og lesing er noko eg er avhengig av, omlag som luft og mat, så egentleg treng eg ikkje nokon årsplan for å halda leselysta oppe og leseinteressa ved like. Eg trivst best når eg let lystprinsippet styra lesinga mi - men det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteka "mine" spelar også inn. Målet for leseåret vert difor noko uklart, med ein kombinasjon av det tilfeldige og det planlagde. Eg ønskjer ikkje å ha for ambisiøse og detaljerte lesemål for 2015. Då blir lesinga stress - og det vil eg ikkje at det skal bli.

1. september 2014

Oppsummering august

Påbyrja i juli, fullført i august:
Britt Karin Larsen - Før snøen kommer - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Jan Mehlum - Lengsel etter penger - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Jørgen Brekke - Doktor Fredrikis kabinett - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i august:
Robert Galbraith - Når gjøken galer - Britisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Britt Karin Larsen - Det synger i lauvet - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Torkil Damhaug - Sikre tegn på din død - Norsk krim - Lydfil Storytel
Frank Rossavik - Stikk i strid. Ein biografi om Einar Førde - Biografi - Papirbok lånt av mor
Jan Mehlum - Ren samvittighet - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Gert Nygårdshaug - Fortellernes marked - Norsk roman - Lydfil Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Elizabeth George - En løgn å tro på - Britisk krim - Papirbok lånt av mor

I tillegg har eg tatt fram igjen ei bok eg starta på i mars og som eg avbraut/utsette den gongen. Ho vert muligens ferdiglest i løpet av neste månad:
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok


Høgdepunkt denne månaden: Bok nummer 4 og 5 i Britt Karin Larsen sin stemningsfulle og lærerike serie om skogfinnane.

#augustkveld #verandalesing #sommarlektyre #lesetips

31. august 2014

Smakebit frå Lake District

På omslaget på den utgåva eg har av En løgn å tro på står det at dette er den niande boka i serien om Lynley og Havers. Det stemmer ikkje. Dette er faktisk bok nummer 17.

Denne gongen vert Lynley utkommandert på hemmeleg oppdrag. Handlinga er lagt til Cumbria, Lake District, i det nordlege England.
"Landskapet minnet om et lappeteppe med sine innhegninger og beitemarker, som var grønne av kløver og bølget oppover mot høylandsåsene i det fjerne. 
Det hadde begynt å regne, men når regnet det ikke i denne delen av verden? Denne delen av verden var kjent for regnet sitt, og det var også grunnen til den kraftige mosen som vokste på steinmurene, bregnene som skjøt opp fra fjellsprekkene og all laven som vokste under trærne og klatret oppover trestammene."
          (side 31) 

Etter å ha lest halve En løgn å tro på slit eg med motstridande kjensler. På den eine sida er "gjensynet" med Scotland Yard-etterforskarane Lynley og Havers som å møta att gamle kjære vener. På den andre sida finn eg så mange irritasjonsmoment i boka. Eg kosar meg med Elizabeth George sine glimrande miljøskildringar samtidig som eg irriterer meg over skriveleifar, dårleg oversetjing og manglande korrektur. Eg likar det mangfaldige persongalleriet i boka, men tykkjer handlinga (så langt) er lite spennande, treg og stilleståande. Boka er heldigvis ikkje så omfattande som den føregåande Denne dødens kropp (804 sider!) men ei bok på over 600 sider må vera god om lesaren skal halda konsentrasjonen og interessen oppe.

Eg har følgd denne bokserien i 25 år og har lest alle, i kronologisk rekkefølge. Bok nummer 18 er førebels ikkje oversett til norsk medan den nittande boka er planlagt å komma ut i 2015. Eg kjem nok til å lesa desse to også, med tid og stunder. Slik er det med slike gamle "venskap" - ein kan ikkje berre kutta ut.

Er du ute etter inspirasjon og lesetips kan du sikkert finna noko i Smakebit på søndag - denne gongen i bloggen Betraktninger.

10. april 2014

Repost: Klassiske påskekrimtips

Ikkje fordi eg er doven, men fordi eg har det litt travelt for tida. Dette er ein repost frå den gamle bloggen. Fjorårets påskekrim-bloggpost er like aktuell i år.

- - - - - - - - - -

For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.
Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).
Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarn, Mord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 
John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 
Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth George, bøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.
Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 
Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.
Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!

2. oktober 2013

Oppsummering september

Påbyrja i august, fullført i september:
Katherine Webb - Arven - Roman - Kjøpt E-bok
Elizabeth George - Denne dødens kropp - Britisk krim - Papirbok lånt av mor

Lest i september:
Frode Grytten - Flytande bjørn - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Øystein Wiik - Casanovasyndromet - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Mo Hayder - Hanging Hill - Britisk krim - Kjøpt pocketbok
Haruki Murakami - Kafka på stranden - Roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Karin Fossum - Carmen Zita og døden - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Britt Karin Larsen - Det vokser et tre i Mostamägg - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Britt Karin Larsen - Himmelbjørnens skog - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Jørn Lier Horst - Hulemannen - Norsk krim - Kjøpt lydbok

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jan Guillou - Dandy - Svensk roman - Kjøpt pocketbok



Månadens høgdepunkt:
 - Kafka på stranden - nydeleg og rar.
 - Casanovasyndromet - superspennande og herleg urealistisk.
 - Britt Karin Larsen sine bøker - lærerike, vakre og brutale.

Månadens nedtur:
 - Arven - usamanhengande og langtekkeleg

18. september 2013

Bokomtale: Denne dødens kropp av Elizabeth George

Pantagruel forlag 2013
Oversetjar: Lene Stokseth
804 sider

Dette er ein klassisk og stemningsfull, men litt stilleståande britisk krimroman, frå amerikanske Elizabeth George. Boka egnar seg ikkje for dei som ikkje kjenner til serien om Lynley og Havers frå før. Du bør ha ein viss bakgrunnskunnskap og kjennskap til gjennomgangsfigurane i serien for å ha utbytte av Denne dødens kropp.

Eg har omsider lese ferdig bok nummer 16 i serien. Det tok si tid - for dette er ikkje ei bok du rasar gjennom. George byr som vanleg på heile pakka: Eit par mord, eit svært stort persongalleri, fleire perspektiv, psykologi og sosialt engasjement, geografiske og historiske forhold og grundige skildringar av eit møysommeleg politi-/etterforskingsarbeid. Handlinga sneglar seg avgarde - puslespelbit for puslespelbit - og det vert sanneleg både intenst og spennande - etter kvart. Innimellom får lesaren også glimt frå ein psykolograpport om tre barn som har drept eit barn og som tilsynelatande ikkje har noko med dei øvrige handlingane å gjera. Men som lesaren skjønnar: Denne delen er vesentleg. Viktig for handlinga, samanhengen og oppklaringa.
Eg tykkjer det er positivt at forfattaren er tilbake der ho var før ho "tok livet av" Lady Helen. Dei to føregåande bøkene i serien var eg nemleg noko skuffa over.

Thomas Lynley er også tilbake i denne boka - men ikkje i kompaniskap med den tidlegare partneren Barbara Havers - i alle fall ikkje i første omgang. Lynley er kalla tilbake til avdelingen i ein slags rådgjevarrolle for Isabelle Ardery, den nye førstebetjenten. Det gamle teamet til Lynley stolar ikkje heilt på den nye fungerande leiaren og hennar leiarstil - det er tendensar til personlege konflikter og forvirring kring etterforskinga som pågår. Mykje av spenninga i boka er knytt til korleis medarbeidarane og den nye leiaren taklar dei nye tilhøva medan dei saman skal prøva å løysa ei særs komplisert drapssak.

Ei ung kvinne er funnen drept på ein avsidesliggjande kyrkjegard i London. Medan Lynley, Ardery og fleire av dei andre nøstar opp i trådane der, føl Havers og kollega Winston Nkata spora til den tidlegare heimen til den drepte kvinna; til New Forest i Hampshire, Sør-England. I dette idylliske landskapet vert mykje, både på det indre og ytre plan, halde skjult.

Den nye karakteren i denne boka, Isabelle Ardery, tykkjer eg ikkje mykje om - og eg oppfattar det som bevisst frå forfattaren si side at lesaren skal vera negativ til henne. Ardery slit - med familieforhold, med alkohol, med sine overordna og media - og etter kvart med eit konfliktfyllt og samstundes seksuelt forhold til Lynley. Han på si side slit fyrst og fremst med si eiga sorg, og dernest med korleis han skal opptre i høve lojalitet: Korleis støtta den nye kontroversielle leiaren utan at han støyter frå seg ein annan person som står han svært nær, nemleg Barbara?

Med denne boka føler eg nesten at eg har funne att nokre gamle vener, i Lynley og Havers. Eg var nemleg overbegeistra for dei fyrste bøkene i serien, - men etter kvart vart "venskapet vårt" litt bleikare og mindre intenst - fordi bøkene etter mi meining vart av dårlegare kvalitet. Barbara Havers er den soleklare favorittkarakteren min, - ho er ei dame som går sine eigne vegar, både på jobb og elles i livet. Eg likar spesielt godt korleis ho får Lynley, med sin adelege bakgrunn, "nedpå" - ved at ho kler seg og oppfører seg som ho gjer. Ekteparet St. James, Deborah og Simon, som er velkjende frå tidlegare, er kun bipersonar i denne boka og ganske uvesentlege i handlinga.

Parallellt med notidshistoria får me altså historia om mord på eit lite barn, skriven som ein faktatekst; ein psykolograpport om tre 10-11-åringar som ein gong gjorde seg skuldige i eit uhyggeleg brotsverk; mishandling og drap på ein 2-åring. Mot slutten av boka vert historia frå notida kobla saman med historia om barnemordarane. Forfattaren nøstar så opp alle dei lause trådane og viser lesaren vegen til løysinga.

Denne dødens kropp er velkomponert, fengande og lesverdig. Ho har gode skildringar og ei puslespelaktig handling. Eg likte i grunnen boka veldig godt, - ein tjukk kriminalroman som ein verkeleg kan synke ned i godstolen saman med er berre herleg, - men det er særleg to ting som trekker ned i mi vurdering:
For det fyrste: Boka er altfor lang, altfor omstendeleg og detaljert. Eg likar godt at ei bok kan ha fleire forteljarstemmer, mange ulike perspektiv og ei omfattande handling, men vel 800 sider er i overkant. Det går rett og slett for sakte.
For det andre: Språket, oversetjinga og korrekturlesinga. I store deler av boka flyt språket rett nok greitt, men eg har funne setningar som har vore heilt ubegripelege, - og det tyder på dårleg oversetjararbeid. Det finst også fleire skriveleifar og rettskrivingsfeil.
Slikt er  i r r i t e r a n d e.

Les også:
Smakebit på søndag: Denne dødens kropp

1. september 2013

Smakebit på søndag: Denne dødens kropp

Det er søndag kveld og tid for å dela ein smakebit frå boka ein les. Det er alltid kjekt å ta ein tur innom Flukten fra virkeligheten og "smaka litt" på alle bøkene ein finn der!

Eg har venta lenge på at This body of death av Elizabeth George skulle verta utgitt på norsk. No er ho her; den 16. boka i serien om Lynley og Havers, og den har fått tittelen Denne dødens kropp. Eg var ikkje klar over at boka var på heile 804 sider, men eg reknar med boka er bra og ser ikkje på sidetalet som altfor utfordrande. Men ho egnar seg ikkje som veskebok og som sengelektyre, sidan ho er så tung og tjukk.


Eg har lese alle dei føregåande bøkene i serien, eg "oppdaga" Elizabeth George tidleg på 90-talet og "falt for" både Lynley og Havers, Lady Helen, Deborah og Simon - karakterane som me vert godt kjende med i løpet av serien. Bok nummer 17, En løgn å tro på (Believing the lie), som kom ut på norsk i fjor, har eg ikkje lese. (Eg kjenner ikkje til kvifor dei norske utgåvene vart i feil rekkefølge). Bok 1 - 15 er utgitt på Tiden norsk forlag, dei to siste på Pantagruel. I oktober kjem den 18. boka i serien; Just one evil act. 

Susan Elizabeth George (f. 1949) er frå Ohio, USA. Ho var lærar fram til ho debuterte med Mørkets gjerninger (A Great Deliverance) i 1988. Ho er, vil eg tru, velkjend for kriminteresserte. Den amerikanske forfattaren har skrive mange gode bøker frå erke-engelske miljø der etterforskar Thomas Lynley og den ufikse (men smarte) makkeren Barbara Havers er hovudpersonar. Fleire av bøkene er filmatiserte; BBC har produsert 22 episodar med TV-krim basert på bøkene og karakterane.

Tilbake til Denne dødens kropp og ein smakebit frå denne. Ein ukjend person går etter ei kvinne inn i ein park:
Han skyndte seg etter henne og skottet bort på oppslagstavlen - stier gikk hit og dit, det skulle ligge en bygning et sted, og han registrerte også noen ord og et monument - men han oppfattet ikke hva parken het, så det var først da han var på god vei innover at det gikk opp for ham at han befant seg på en kirkegård 
.... 
De som var begravet her, var glemt for lengst, akkurat som selve kirkegården. Hvis det hadde vært inskripsjoner på gravsteinene en gang i tiden, var de visket ut av været og naturen, som ville gjenerobre det den hadde vært før menneskene kom på å begrave sine døde her.
Kort tid etter vert ei kvinne funnen drept på kyrkjegarden og mannskap frå Scotland Yard vert kalla ut.

31. august 2013

Oppsummering august

Påbyrja i juli, fullført i august:
Jan Guillou - Brobyggerne - Svensk roman - Kjøpt pocketbok
Agatha Christie - Plymouthekspressen - Britisk krim, novellesamling - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i august:
A.J. Kazinski - Søvnen og døden - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Lee Child - 61 timer - Amerikansk spenning - Papirbok lånt på biblioteket
Tom Kristensen - Dødsriket - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Jens Lapidus - Aldri fucke opp - Svensk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Roar Sørensen - Smertens aveny - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Agatha Christie - Mordet på seiersballet - Britisk krim, novellesamling - Lydbok lånt på biblioteket
Henning Mankell - Hånden - Svensk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Fredrik Backman - En mann ved navn Ove - Svensk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Håkan Nesser - Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i august, fullførast i september:
Katherine Webb - Arven - Roman - Kjøpt E-bok
Elizabeth George - Denne dødens kropp - Britisk krim - Papirbok lånt av mor


11 bøker vart fullførte i august, tre av dei er uvanleg korte (Dei to Agatha Christie-samlingane og Hånden), medan to er på over 500 sider (Aldri fucke opp og Brobyggerne). Dei resterande er av meir normal storleik, 250-400 sider. Denne dødens kropp er boka eg startar opp med i dag, den siste dagen i august, - og den tek eg med meg eit godt stykke ut i september. Den er på over 800 sider.

Månadens høgdepunkt: Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla. Berre Nesser er Nesser. Få kan konkurrera med han. (Omtale kjem seinare). Smertens Aveny var ei sterk og god bok som forener fleire lesarar.

Månadens nedtur:
Det går treeegt med Arven. Eg starta på e-boka i midten av månaden og er framleis ikkje halvveges. Det skuldast mest sjølve boka, som eg tykkjer er usamanhengande og har dårleg framdrift, men òg at eg ikkje er heilt fortruleg med å lesa på "ebokmåten" enno. Kanskje eg giddar å lesa ferdig boka i løpet av september.

-------------------------------
Blogghopp - via Anette