462 sider
Kjelde: Lånt papirbok, biblioteket
Eit nytt møte med eks-kriminelle Teddy og advokaten Emelie som me vart kjende med i VIP-rommet.
Det fyrste møtet mitt med Jens Lapidus var Stockholm Noir-trilogien som eg vart svært fascinert av. Bøkene hans har heilt klart ei forankring i tradisjonell nordisk kriminallitteratur, men han har ein heilt eigen stil. Lapidus fornyar sjangeren med språk, snert, sjarm og spenning.
Tittelen på boka kan synast merkeleg, men "Sthlm" er ei kortform av Stockholm og "delete" betyr som kjent slette. Ein sentral karakter i denne boka har nemleg - av omsyn til seg sjølv og familien - blitt sletta, dvs. at han er "død"; alle spor etter vedkommande er fjerna frå offentlege dokument og alle andre stader.
Miljø- og personskildringane i boka er detaljerte og skarpe. Det er lett å sjå for seg dei hardbarka yrkeskriminelle og dei hardtarbeidande advokatane, og ein kjem under huda på folk anten dei held til i fengselscellene, i ungdomsgjengane, i finansmiljøet eller hos Medelsvensson.
Teddy Maksumic er eks-gangsteren som drøymer om eit normalt og meiningsfullt liv. I samband med det tek han frilansoppdrag for advokatfirmaet Leijon i Stockholm. At han har sona 8 år i fengsel gjer at han har ein ballast og ein kjennskap til kriminelle miljø som kan vera nyttig for firmaet. I Leijon jobbar også Emelie, ein ung og ambisiøs jurist som i denne forteljinga får ekstraordinære utfordringar. Frå kvar sin kant viklar Teddy og Emelie seg inn i ei komplisert drapssak som har forgreiningar til organisert kriminalitet. Det handlar om jugoslavisk mafia, svensk finanselite, småkriminelle ungdommar og korrupte politifolk. Andre stikkord er kidnapping, utpressing, misbruk, svindel og bedrageri.
Språket til Lapidus har ein heilt eigen rytme. Tidvis stakkato, tidvis flytande - alt etter kven som har forteljarstemme - og heile tida i eit drivande tempo.
Sthlm delete er ei actionfylt, underhaldande og interessant bok. Plottet er innvikla, men svært godt samanskrudd og gjennomført. Alle trådane vert nøsta opp i og får si fulle forklaring - men så får lesaren ei ny overrasking heilt på slutten. Med den cliffhangeren er det opplagt at det kjem til å komma ei tredje bok i serien.
Anbefalast - men les VIP-rommet fyrst!