Tradisjonen tru vart det ein del krimlesing i påsken. Eg har dessutan kosa meg med litt polarhistorie.
Isens menn av Geir Hasle
Vega forlag 2008
174 sider, biblioteklånt papirbok
Boka har undertittel "under fremmed flagg" - og er ei lita perle for oss som er interesserte i polarhistorie. Ho er rikt illustrert, med gode og forklarande bildetekstar. På framsidefotoet ser me ishavsskuta Terra Nova, ekspedisjonsskipet til Robert F. Scott. Mellom deltakarane i Scotts fatale tur til Antarktis var nordmannen Tryggve Gran, den gongen berre 23 år gammal. Gran var med som skiinstruktør etter anbefalingar frå Fritjof Nansen. Han var også med i den patruljen som fann Scott og dei andre ihelfrosne etter at dei hadde tapt kappløpet til Sydpolen for Roald Amundsen.
Dette er berre ei av fleire interessante historiar i denne boka der fokus er lagt til dei meir anonyme polarheltane og dei heller ukjende ekspedisjonane. Her er historiar frå Arktis og Antarktis og andre polare strøk. Somme er vellukka og banebrytande, andre er tragiske og meiningslause - med andre ord; fascinerande lesing.
Terningkast 4+.
De dødes tjern av Bernhard Borge (André Bjerke)
Aschehoug 1998
195 sider, lånt ebok bokhylla.no
Ein velkjend norsk krimklassikar som eg har lest fleire gonger tidlegare. Dessverre vart leseopplevinga denne gongen berre sånn passe. I motsetning til tidlegare klarde eg ikkje no å ta til meg den skumle stemninga.
Det er over 70 år sidan boka kom ut fyrste gong - og det ber både handlinga, dialogane, personkarakteristikkane og miljøskildringane preg av, naturleg nok. Men Bjerke var ein ordkunstnar og ein svært elegant forfattar språkleg sett.
Denne forteljinga er ein blanding av eit kriminalmysterium, noko psykoanalyse og litt spøkelsehistorie. Det er spesielt det siste som gjer at eg ikkje finn historia spennande eller nifs - no lenger. Eg er vel blitt for kynisk og skeptisk med åra.
Eg tykkjer som regel at bøker vert dårlegare i filmversjon, men for ein gongs skuld vil eg i dette tilfellet heller anbefala
filmen eller
høyrespelet enn boka.
Terningkast 4.
En femte årstid av Torkil Damhaug
Cappelen Damm 2016
573 sider, lånt ebok eBokBib
Som for så mange andre vart
En femte årstid høgdepunktet i påskekrimlesinga for meg i år. Det er nesten ingen andre som kan skriva like djupe, sterke og overraskande spenningsromanar som Damhaug. Årets fyrste norske vart ei svært positiv leseoppleving!
Handlinga er lagt til ei fiktiv bygd på Romerike, der ein gammal nedlagd fabrikk dannar bakgrunnshistorie og er ei effektfull kulisse i forteljinga. Persongalleriet er rikt og alle som ein - spesielt alle ungdommane - er framstilte på ein gjenkjenneleg og truverdig måte. Det handlar elles mykje om familiar i boka; dysfunksjonelle familiar, tilsynelatande velfungerande familiar, oppløyste familiar, dine barn, mine barn, andre sine barn. Om kor skremmande langt enkelte foreldre er villige til å gå for å beskytta sine eigne barn.
Boka har alt fått mange positive omtalar, og dei kan eg berre streka under på. Ho er tjukk og god og egnar seg godt som selskap i ein godstol.
Terningkast 5+.
Dødens elv av Frits de Bourg
Vigmostad & Bjørke 2015
348 sider, biblioteklånt papirbok
Denne boka valde eg vekk då ho kom ut i fjor, litt på grunn av det ekle omslaget - men mest på grunn av den overpositive
blurb'en til "bokinspiratoren"..
Då
Dødens elv vart
Rivertonpris-nominert ombestemde eg meg og plukka fram boka likevel. Eg pleier alltid å lesa alle dei nominerte til denne prisen.
Om nomineringa er fortent? Til det vil eg svara eit klart
tja.
De Bourg skriv med snert, humor og alvor. Sjølve krimforteljinga (mistenkeleg sjølvmord og forsvunne ungjenter) er ordinær, og krimhelten (journalist med rusproblem) er gjenkjennbar, - men miljøet er spesielt: Handlinga er lagt til Drammensområdet ca. 1955 - og "Dødens elv" er såleis Drammenselva. Boka gir fine tidsbilete og er grei, lettlest og fortlest. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan komma til å lesa fleire bøker av denne forfattaren.
Terningkast 4.
Ikke bestått av Hjorth & Rosenfeldt
Lydbokforlaget 2016
Speletid 10:36, lytteeksemplar
Så over til svensk seriekrim og ein ny seriemordar i forteljinga om Sebastian Bergman og dei andre i Rikskrim. Eg har vore stor fan av denne serien heile tida - men eg tykkjer at forfattarane går litt på "tomgang" denne gongen. For alle del: Bok nummer 5 er underhaldande, smart, spennande, velkomponert - og avsluttar med ein cliffhanger, så neste bok må naturlegvis også lesast - men altså: Eg tek til å bli litt "mett" og lei av alle dei private forviklingane til hovudpersonane. Kvifor kan det ikkje skje noko positivt i liva deira?
Det er lydboka og opplesar Ivar Nergaard som gjer at
Ikke bestått (likevel) vart ei god leseoppleving.
Terningkast 4+.