Det er enno att eit par veker av 2013, men eg er så smått byrja å summera opp leseåret som snart er over.
----------------------
A for
Alexander og
Alexandra Ahndoril, aka Lars Kepler.
Sandmannen er ei av tre bøker som har fått terningkast 6 frå meg i 2013.
B for
Barbarottikvintetten, som Håkan Nesser har fullført med stil med
De sørgende.
C for
Utsikten fra Castle Rock.
Tittel på novellesamling frå årets Nobelprisvinnar i litteratur, Alice Munro.
D for Fredric
Drum. Krimhelt, kodeknekker og gourmetkokk - skapt av Gert Nygårdshaug. Årets Drumbok - den ellevte - har tittelen
Pergamentet. Hovudpersonen i denne er onkel Skarphedin Olsen.
E for Jerker
Eriksson & Håkan Sundquist. Svensk forfattarduo.
Victoria Bergmans svakhet er ein trilogi om dei mørkaste avkrokane i menneskesinnet. Kun for hardbalne og røynde krimlesarar.
F for
Finnskogen og Britt Karin Larsen sine
fine bøker.
G for
Gretchen Lowell, den vakre seriemordaren i Chelsea Cain sin thrillerserie.
Døden to ganger er ei spennande, ekkel og skrekkeleg god bok.
H for
Helga Flatland og hennar glimrande trilogi
Reis hvis du kan. Bli hvis du må,
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og
Det finnes ingen helhet. Om sorg, tap og død. Om å høyra til. Utan sentimentalitet. Anbefalast på det varmaste.
I for
Inferno. Eg likar Dan Brown og Robert Langdon.
J for
Japan. Eg oppdaga
Murakami i 2013.
K for
Kjerringer. Helene Uri si bok vart den einaste eg avbraut i 2013.
L for
Lydbok. Gode stemmer og
gode bøker kortar ned alt som er kjedeleg. Venting, reising og husarbeid går som ein leik med bok på øyret.
M for
Mo Hayder. Ei dame som er råare enn dei fleste. I 2013 har eg fått med meg både
Kuren, Borte og
Hanging Hill.
N for Viggo
Norlander og Gunnar
Nyberg. To av medlemmene i
A-gruppen. Arne Dahl sin eminente serie om gruppa fortener fleire lesarar. Stil- og temamessig kan bøkene karakteriserast som "Sjöwall & Wahlöö møter Håkan
Nesser". I år har eg lest
Blind jakt, Europa blues,
Skjulte dyp og Dødsmesse.
O for Hans
Olav Lahlum, som kom med ny retrokrim -
Kameleonmenneskene - i 2013.
P for
Politi. Say no more.
Q for Avdeling
Q. Jussi Adler-Olsen gav i år ut
Marco-effekten, bok nummer fem i serien om Carl, Assad og Rose i avdeling Q.
R for Marit
Reiersgård og Ingelin
Røssland. Eg vart positivt overraska over
Stolpesnø og
Kirsebærsnø.
S for Roar
Sørensen og
Smertens Aveny. Ei av dei bøkene som gjorde mest inntrykk på meg dette året. Hardkokt krim med godt plott og
sterke
skildringar.
T for
Thomas Lynley og
Denne dødens kropp. Den
tjukkaste boka eg las i 2013. Elizabeth George er
tilbake på sporet.
U for
ullpledd. Toppen på lukke: Godstol, bok og pledd.
V for
Vigmostad og Bjørke. Norsk forlag, utgjevar av m.a.
Det store århundret.
W for Jacob
Weinreich og Anders Rønnow Klarlund. Dansk forfattarduo. Betre kjende som A.J. Kazinski og forfattarar av
Den siste gode mann og
Søvnen og døden.
X for
X, krimbok av Helge Thime-Iversen. Lovande debut, terningkast 4.
Y for Mannen som elsket
Yngve - og den har eg ikkje lest i år, men bokstaven
Y var så vrien.. Tore Renberg gav ut
Vi ses i morgen i 2013.
Z for Mengele
Zoo. Endeleg har eg lese
folkets favoritt.
Æ for John
Færseth, forfattar av
KonspiraNorge. Underhaldande og skremmande dokumentar om konspirasjonsteoriar.
Ø for
Øystein Wiik. Operakrimforfattar,
Casanovasyndromet er årets mest elleville krim.
Å for
Åpne sår. Eg har lest - og likt - dei tre bøkene til Gillian Flynn i
år.
------------------------------
.. Dette var eit lite utval av det eg las i 2013.
Eg er snart klar for eit nytt alfabet og eit nytt leseår i 2014.