Påbyrja i april, fullførast i mai:
Pierre Lemaitre - Vi ses der oppe - Fransk roman - Lånt papirbok biblioteket
Harlan Coben - Når noen bare forsvinner - Amerikansk krim - Lydbok Storytel
Helga Flatland - Vingebelastning - Norsk roman - eBokBib
Oppsummert:
5 ebøker, 3 lyd, 2 papir
9 lånt, 1 lytteeksemplar
6 krimromanar, 3 andre romanar, 1 biografi/erindring
6 norske, 1 svensk, 1 dansk, 1 britisk, 1 amerikansk
Månadens høgdepunkt:
- Hillary Mantels historiske roman om Thomas Cromwell - Ulvetid.
- Patti Smith si velskrivne erindringsbok - Just kids
- Maja Lunde si forteljing om bier og biedød i fortid, notid og framtid - Bienes historie
- A.J. Kazinskis alternative kriminalroman - Den gjenfødte morderen Månadens nedtur:
- Ingen direkte dårlege leseopplevingar, men Maestro og Den syvende demonen var nok dei svakaste bøkene eg las i april.
Lydbokforlaget 2016 Speletid 15:06 Opplesar: Haakon Strøm Kjelde: Lytteeksemplar Bok nummer tre i serien om og med gisselforhandlar Niels Bentzon er vanvittig spennande, tildels interessant - og uhyre usannsynleg. Det kan vera lurt å leggja forventningar om realisme og naturlege forklaringar til side før ein startar lesinga av boka. Ver førebudd på ei fantasifull krimforteljing utanom det vanlege!
Utgangspunktet for historia er - sært nok kanskje - Sokrates' død. Den kjende filosofen fekk dødsstraff i år 399 f.Kr., då vart han dømt til å begå sjølvmord ved å innta gifta skarntyde. I Den gjenfødte morderen møter me to andre menn som har døydd av skarntydeforgiftning. Om det er sjølvmord eller mord er uklart. Den eine er ein ung student ved Oxford-universitetet i 1939, den andre er Christian Paludan, psykiater og overlege ved instutisjonen Sikringen - og ein god ven av Niels Bentzon.
Når me møter Bentzon i innleiinga er han i ferd med å bli innlagt på Sikringen, eit psykiatrisk sjukehus der dei farlegaste og mest sinnsjuke forbrytarane vert sperra inne. Etter kvart får me ei forklaring på kvifor dette skjer: Bentzon går undercover for på den måten å finna ut kva som egentleg skjedde med Paludan. Han skiftar identitet, får ei bakgrunnshistorie, vert innlagt og behandla som den farlege valdsforbrytaren han liksom er. Han har kontakt med omverda via ein øyrepropp (som ser ut som eit høyreapparat), men stort sett lyt han klara seg åleine. Han befinn seg i ein kontinuerleg farleg situasjon fordi han ikkje veit kven han kan stola på, verken av dei innlagde/innsette eller dei tilsette.
I handlingstråd nummer to får ein følgja Hannah Lund, astrofysikar og gift med Niels Bentzon. Via sine intellektuelle og analytiske evner (samt flaks og telepati) hjelper ho mannen sin og dei andre i etterforskarteamet frå ein heilt annan kant av kloden. I ein liten landsby i Guatemala finn ho ein person som har sterke band til personar tilknytta Sikringen. Seinare oppsøker ho ei eldre dame busett i England som har opplevd noko svært dramatisk i fortida si. Kva dette er får me gradvis greie på i ein tredje handlingstråd. Den er lagt til Oxford og London i tida rundt inngangen til 2. verdenskrig.
Miljøskildringane, særleg tilhøva ved den psykiatriske institusjonen Sikringen, er barske og presise og gjer inntrykk. Eg har ikkje særleg kjennskap til forholda på slike institusjonar i den verkelege verda, men det som vert fortalt om medisinering, fastspenning og elektrosjokk virkar realistisk, i alle fall i denne samanhengen. Som i Den siste gode mann og Søvnen og døden går mykje av handlinga i Den gjenfødte morderen ut på det åndelege, det kvasifilosofiske, det uforklarlege og det overnaturlege. Om grensa mellom liv og død, udødelege sjeler og reinkarnasjon. For meg personleg er slike tankar berre sprøyt, men eg er ikkje negativ til at det kan vera tema i ei forteljing som dette. Alt heng saman og får si "naturlege" forklaring dersom ein kan godta dei spesielle premissane for boka.
Tidvis kan boka lesast som ein normal kriminalroman, men her finn ein nokså uortodokse etterforskingsmetodar og samarbeidsformer. Boka inneheld mange tankesprang som omhandlar livet, døden og det eventuelle livet etter døden. Dersom ein skal pirka på noko, må det vera at enkelte av desse filosoferingane blir vel langdryge og at overgangane mellom handlingstrådane av og til kjem noko brått på. Avslutninga er også litt rar, men eg meiner at løysinga likevel er passande for denne spesielle historia.
Eit anna sentralt emne er kjærleiken; ein kjærleik i livet som er så sterk at den "overlever" døden. Forholdet og kjærleiken mellom Niels og Hannah vert også sett på prøve sidan dei begge vert utsette for store utfordringar.
Eg likte boka veldig godt, sjølv om - og trass i - at mykje av det som blir fortalt er urealistisk og lite truverdig. Ho er godt komponert, har naturlege temposkifte, eit språk som flyt lett og fint - og som opplesaren av lydboka formidlar på ein god måte.
Til slutt må det nemnast at boka, trass i eit heller alvorleg og dystert tema, også inneheld masse lun humor. Den gjenfødte morderen byr på mange timar med god underhaldning!
Andre bloggmeiningar: Anita - som er særdeles positiv Tine - som likar boka men er litt meir avmålt Bjørnebok - som ikkje kjøper det overnaturlege
Emelie Schepp har på nytt skrive ein sidevendar som ein tidvis får høg puls av. Handlinga i andre bok i serien om statsadvokat Jana Berzelius tek til ei tid etter der den fyrste Merket for livet slutta, og er på mange måtar eit framhald av den boka.
Det er tydeleg at ambisjonane til denne unge forfattaren er høge. Eg gledar meg alt til neste bok - for den må berre komma. Schepp har tydeleg blitt inspirert av andre dyktige svenske seriekrimforfattarar. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til bøker av t.d. Stieg Larsson, Roslund & Hällström, Jens Lapidus, Camilla Läckberg og Åsa Larsson.
Det er eit voldsomt driv over handlinga i Hvite spor. Her er effektivt språk, kjappe sceneskift, korte kapittel, stigande spenning, skiftande perspektiv og litt uvanlege karakterar. Enkelte stader blir spora som forfattaren legg ut overtydelege, men alt i alt er dette ei bok som gir lesaren god underhaldnig.
Ein finn ein del klisjéar i boka: Hovudpersonen som har ein mørk og hemmeleg bakgrunn, jenta som sit bakbunden i eit avsides hus og som desperat klarar å rømma, politietterforskarane som slit med sine private forviklingar, den stakkars politibetjenten som blir pressa til å begå eit feilgrep, den høgdramatiske avslutninga med ein kamp på liv og død, etc. etc. Mykje av dette har ein (på ein måte) lest før - så ein blir ikkje akkurat kjempeoverraska. Klisjébruken skuldast truleg (dei mulege) inspirasjonskjeldene som Schepp har gjort bruk av. Men - det funkar som berre det i denne historia.
Eg kan anbefala Hvite spor - men les Merket for livet fyrst!
Samlaget 2012
315 sider Papirbok lånt på biblioteket
Bioleserunden no i april har rock som tema, - nærare bestemt rockelegender. Eg har valgt meg boka Just kids - ein sjølvbiografi og ei erindringsbok skriven av rockelegenda Patti Smith. På Moshonista sin blogg finn du fleire omtalar av andre legendariske rockepersonlegdomar.
Eg kan tidfeste heilt nøyaktig fyrste gong eg "møtte" Patti Smith: Det skjedde nemleg 1. mai 1979 og har følgjande forklaring: Nokre år, på slutten av 70- og byrjinga av 80-talet, sende NRK (som då var den einaste TV-kanal som fantest, - det er knapt til å forstå for dagens unge) nattrock natt til 1. mai. Føremålet med dette TV-programmet var å halda ungdommar innandørs fordi det då nokre år hadde vore uro og opptøyer denne spesielle natta. Så - når eg høyrer om Patti Smith tenkjer eg på vår og russetid, "Because the night" og nattrock frå Rockpalast. Eg forsto umiddelbart den natta i 1979 at denne dama var heilt spesiell. Ho var ekte og kul. Ho var rock'n'roll.
For meg er Patti Smith (f. 30.12.1946) fyrst og fremst ein musikar og rockeartist, men det viser seg at ho er/har vore ein multikunstnar, noko som eg egentleg ikkje har kjent til før eg las denne boka. Alt frå tidleg barndom viste ho talent for teikning og dikting. Ho var tidleg bevisst på at ho ville bli kunstnar. For å leva ut denne draumen måtte ho ut: Ut i verda, til storbyen, for å søkja erfaring, inspirasjon og likesinna.
Just kids handlar om livet, døden, kunsten og kjærleiken. Det er to historiar som blir fortalt: Smith sine erindringar og skildringar av sitt eige liv - samt den sterke og vakre forteljinga om forholdet til og venskapet med den kontroversielle fotokunstnaren Robert Middlethorpe (1946-89). I tillegg gir forfattaren eit godt tidsbilete frå undergrunnskulturen i New York på 1960- og 70-talet.
Dei to ungdommane Patti Smith og Robert Middlethorpe møtte kvarandre tilfeldigvis i 1967 i New York. I starten levde dei frå hand til munn, brukte tida på kvarandre, på kunsten og på å overleve. Smith skildrar denne perioden på ein var, varm og levande måte - det er nesten som å vera tilstades der det skjedde. Ho fortel nøkternt og usentimentalt om sterke kjensler, vanskelege tilhøve og møte med unike personar. Smith og Middlethorpe var tvillingsjeler og slutta aldri å elska kvarandre. Heller ikkje då Middlethorpe etter kvart fann ut han var homofil. Anekdotane og historiane i boka er interessante og fascinerande. Det er den unge Patti Smith som fortel, sjølv om ho faktisk var over 60 år då ho skreiv boka.
For meg vart mange av namna i boka, både på personar og stader, framande og sa meg lite. Eg hadde også forventa meir om musikk og meir om Patti Smith Group. Men boka er svært leseverdig; eg trur aldri at eg har lest ein biografi med vakrare språk (og oversetjing).
I eit siste brev til Robert Middlethorpe skreiv Patti Smith dette:
"Du drog meg opp frå den mørkaste perioden av mitt unge liv og delte det heilage mysteriet med meg: Kva det vil seie å vere ein kunstnar. Gjennom deg lærte eg å sjå, og komponerer aldri ei line eller teiknar ei kurve som ikkje bygger på kunnskapen eg fekk i den dyrebare tida vi var saman."
Because the night vart skriven av Bruce Springsteen, men han ga vekk låta til Patti Smith som deretter omarbeidde sangen. (Meir om låta på nettsida songfacts.com)
Videoen ovanfor er frå 1978. Denne versjonen er av høg kvalitet og ein kan her tydeleg sjå kor stor utstråling og formidlingsevne Patti Smith hadde. Denne evna har ho fortsatt - noko boka Just kids viser.
Eg har sagt det før, men må berre gjenta: eBokBib er eit supert tilbod. Eit par tastetrykk på mobilen eller nettbrettet - og vips så får ein ferske bøker, rett i fanget, heilt gratis. I løpet av dei to åra eg har hatt tilgang til eBokBib har eg lånt omlag 70 bøker på den måten. (Ikkje alle har falle i smak, men då har eg berre levert dei inn igjen, delvis leste eller uleste, med eit nytt kjapt klikk).
For kort tid tilbake vart fire av årets norske krimbøker tilgjengelege på eBokBib. Den fyrste - og absolutt beste - var En femte årstid av Torkil Damhaug. Den boka ga eg terningkast 5+, sjå samleinnlegget Påskelesing. Her er mi meining om dei andre tre.
Eventuelle forventningar om ei realistisk kriminalhistorie må leggjast vekk før ein les bøkene i Singsaker-serien. Jørgen Brekke sine bøker er av typen underhaldningskrim og må lesast og vurderast deretter. Dette er bok nummer fire i serien.
Forfattaren har mykje på hjartet og fortel om spektakulære og blodige drap som vert "sausa i hop med" finurlege historiske og filosofiske forklaringar. Stikkord er avhogde hovud, hemmelege brorskap, mystiske kodar og konspirasjonar, samt vitenskapshistorie og kulturhistorie. Handlinga er tidvis ganske actionfylt og går føre seg i forskjellige miljø, på fleire ulike tidsplan og vert fortalt frå mange synsvinklar.
Stakkars Odd Singsaker får verkeleg prøvd seg i denne historia. Brekke har ei forholdsvis stø hand over det heile og let lesaren gradvis få ei oppklaring av dei ulike trådane. Terningkast 4.
Paradisbakken av Marit Reiersgård Gyldendal 2016 399 sider, lånt ebok eBokBib
Trass i likskap i tittelen, er denne boka av eit heilt anna slag enn Brekke si bok. Dette er krim meir i Karin Fossum og Unni Lindell-gata: Velskrive, finurleg, kvardagsleg - men også (eller kanskje nettopp difor) uhyggeleg. Det er tydeleg at Reiersgård legg vekt på å skapa grundige og gjennomarbeida historiar med truverdige karakterar.
Bok nummer tre i serien om etterforskarparet Bitte og Verner er bra. Dei mange forteljarstemmene gjer at ein ser dei ulike hendingane frå "alle" kantar - og ein får den eine overraskinga etter den andre. Historia endrar karakter alt etter kva som skjer og kven som fortel. Hendingar i notid heng saman med hendingar i fortid, men gjerne på andre måtar enn ein fyrst har trudd.
Boka er spennande utan å vera spesielt heseblesande. Reiersgård gir lesaren tid og rom for ettertanke. Ei god leseoppleving til Terningkast 4+.
Maestro av Geir Tangen Mata forlag 2016 372 sider, lånt ebok eBokBib
Nok ein underhaldningskrim. Denne er av den lettbeinte typen, med action, overraskingar og pussige situasjonar, - lettlest og fortlest.
Forfattaren har vore heilt open på at han har pøst på med kjende krimlitteratur-klisjéar i boka si. Det er greit nok, men eg vil hevda at klisjéane er like irriterande om dei er skrivne "med vilje".
Me møter mange gjenkjennelege karakterar, for eksempel: Nysgjerrig journalist med nerve- og rusproblem. Den deliriske sjefen hans. Dyktig kvinneleg etterforskar med utfordringar i privatlivet. Den sjølvgode Kripos-etterforskaren. Samt ein hevngjerrig og utspekulert seriedrapsmann. Me har lest om dei før, mange gonger..
Historia har bra driv og er godt komponert, men med litt for mange krumspring mot slutten etter min smak.
Det eg likar minst i denne boka er stilen. Du kan godt vera tøff i trynet om du heiter Jo Nesbø eller Harlan Coben. Her er det dumt, rart og påtatt. Men dette har òg med klisjéar å gjera.
Plottet er fiffig, men ikkje genialt og ikkje særleg elegant. Og - om ein har lest Iréne; heller ikkje spesielt originalt.
Konklusjon: Ein del å gå på, men likevel OK tidtrøyte og godkjent debut av Bokbloggeir. Terningkast 4 minus.
Forlaget Press 2010 695 sider Papirbok lånt på biblioteket
Denne boka vert sett på som eit mesterverk, ho vert beskriven som "fabelaktig", "fantastisk" og "sensasjonell" - og er den Bookerpris-vinnaren som er blitt selt mest - nokon gong. For meg vart det eit uvanleg langvarig og ganske utmattande leseprosjekt - og det er fleire grunnar til det.
For det fyrste hadde eg eit ynskje om å lesa boka skikkeleg, dvs. å ta meg tid til å gå grundig til verks.
For det andre er det ei omfattande bok på nesten 700 sider som inneheld utallige hendingar og samtalar og uendeleg mange personar. Oversikten bakerst i boka er slik sett uvurderleg.
For det tredje var forteljarstemma uklar for meg - lenge. Mantel nyttar ein temmeleg uvanleg måte å fortelja ei historie på. Noko er kronologisk, andre avsnitt er tilbakeblikk og digresjonar, utan at det går klart fram med tanke på overskrifter og oversikter. Eg måtte difor bla litt att og fram for å finna tibake til hovudtråden. Slikt tek tid.
Hendingar, personar og stader er historiske og verkelege. Handlinga er lagt til reformasjonen og Tudortida, hovudsakleg 1530-talet. Kongen i England er Henrik den 8., på denne tida gift med den fyrste dronninga si, spanskfødde og katolske Katarina av Aragon. Eg har ei grunnleggjande interesse for denne historiske epoken og har lest mykje, både sak- og skjønnlitteratur, samt sett ein del filmar og TV-seriar. Då har det stort sett handla om denne kongen og alle konene hans. I Ulvetid er hovudpersonen ein mann som sto på sidelinja, men som hadde tilgang til - og makt over - mange og mykje; Thomas Cromwell (1485 - 1540).
Det handlar om kampen om makta mellom krona og kyrkja - og om strid mellom gammal og ny tid og gamle og nye tankar. Gjennom Thomas Cromwell sine auge vert me vitne til korleis samfunnet endrar seg. Dette var ei tid med groteske straffemotodar og mykje brutalitet; avrettingar ved halshoggingar og bålbrenning var slett ikkje uvanleg - og det skjedde i religionen sitt namn. (Cromwell enda sjølv også sitt liv på skafottet, men det er ei anna historie..)
Ein får også kjennskap til privatpersonen og familiemannen Cromwell - og dermed eit interessant blikk inn i dagleglivet i ei heller velståande hus. Me møter ein pliktoppfyllande mann med store tankar som samstundes har omsorg for familien og hushaldningen sin.
Mantel framstiller Cromwell som ein språkmektig, kunnskapsrik, tilpassingsdyktig, engasjert og melankolsk mann. Han er ein diplomat, ein strateg og ein føregangsmann, men også ein manipulator. Han kom frå enkle kår, men fekk i kraft av sine kontaktar og sine evner, tilgang til dei inste gemakkane hos kongen - og hos hoffdamene. Han hadde eit nært forhold til pavens mann kardinal Wolsey, som etter kvart mista tilliten hjå kong Henrik og dermed også livet. Cromwell følte sorg etter dette, men tilpassa seg raskt den nye situasjonen.
Som kongen sin næraste rådgjevar spelte Thomas Cromwell ei stor rolle då Henrik den 8. ville ha ekteskapet med Katarina oppløyst for å gifta seg med Anne Boleyn. Kongen var desperat etter å få ein mannleg arving og det eksisterande og arrangerte 20 år gamle ekteskapet var kun ein formalitet. Han mislikte dessutan sterkt den makta pavekyrkja hadde og arbeidde for å få endra lovene. I dette arbeidet vart Thomas Cromwell sentral. Den engelske kyrkja vart gradvis reformert. (At Henrik den 8. og Katarina si dotter, Maria - med tilnamnet Den blodige - prøvde å gjeninnføra katolisismen eit par tiår seinare, er òg ei anna historie)
Eg likte Ulvetid, men er glad eg omsider vart ferdig. Boka er ikkje lett tilgjengeleg: Ho krev at ein er vaken og på medan ein les, særleg med tanke på alle familiane og forbindelsane mellom dei, alle personane, alle titlane (som gjerne endra seg etter som forteljinga skreid fram) og alle namna. Ta for eksempel alleThomas'ane: Cromwell sjølv (advokat, kongeleg rådgjevar og 1. jarl av Essex), Thomas Wolsey (rikskansler, kardinal og erkebiskop), Thomas More (advokat, filosof, forfattar, rikskansler (og seinare helgen)), Thomas Boleyn (diplomat, politikar, 1. jarl av Wiltshire og far til Anne Boleyn), Thomas Avery (Cromwell sin trufaste hushaldssekretær), Thomas Cranmer (erkebiskop og gudfar til Henrik og Anne si dotter, som seinare vart dronning Elizabeth 1.), Thomas Howard (politikar, 3. hertug av Norfolk og onkel til både Anne Boleyn og Katarina Howard (hhv. Henrik 8. si kone nr. to og fem)).
Mantel skriv i presensform, noko som gjer at ein som lesar føler at ein er tilstades på ein heilt spesiell måte. Store deler av handlinga er dialogar. Viktige samtalar, daglegdagse samtalar, hemmelege samtalar, farlege samtalar, samtalar som blir gjenfortalt. Alt sett frå Thomas Cromwell sitt perspektiv. Dei skarpe og presise personskildringane er også sett frå Cromwell sin ståstad.
Ein bør nok ha meir enn gjennomsnittleg interesse for britisk historie dersom ein skal ha glede av denne boka. Eg kan ikkje heilt slutta meg til superlativane eg refererer til innleiingsvis, til det gjekk det for langsamt og eg vart lei av å lesa i den same boka i halvannan månad. Men altså: Dette er ei fascinerande tidsreise, ei interessant og omfattande forteljing, fortalt på ein heilt spesiell måte; ujålete, detaljert og nært.
Det finst rikeleg med lettleste og overfladiske historiske romanar. Ulvetid er definitivt annleis.
Oppfølgjaren Falkejakt skal lesast, men ikkje med det fyrste. No teng eg ein pause frå Tudortida.
Hilary Mantel er aktuell med både sjølvbiografi og BBC-serie. Ho vart Dame Hilary tidlegare i år - og rett før det skjedde vitja ho Skavlan:
Tradisjonen tru vart det ein del krimlesing i påsken. Eg har dessutan kosa meg med litt polarhistorie.
Isens menn av Geir Hasle Vega forlag 2008 174 sider, biblioteklånt papirbok Boka har undertittel "under fremmed flagg" - og er ei lita perle for oss som er interesserte i polarhistorie. Ho er rikt illustrert, med gode og forklarande bildetekstar. På framsidefotoet ser me ishavsskuta Terra Nova, ekspedisjonsskipet til Robert F. Scott. Mellom deltakarane i Scotts fatale tur til Antarktis var nordmannen Tryggve Gran, den gongen berre 23 år gammal. Gran var med som skiinstruktør etter anbefalingar frå Fritjof Nansen. Han var også med i den patruljen som fann Scott og dei andre ihelfrosne etter at dei hadde tapt kappløpet til Sydpolen for Roald Amundsen.
Dette er berre ei av fleire interessante historiar i denne boka der fokus er lagt til dei meir anonyme polarheltane og dei heller ukjende ekspedisjonane. Her er historiar frå Arktis og Antarktis og andre polare strøk. Somme er vellukka og banebrytande, andre er tragiske og meiningslause - med andre ord; fascinerande lesing. Terningkast 4+.
De dødes tjern av Bernhard Borge (André Bjerke) Aschehoug 1998 195 sider, lånt ebok bokhylla.no
Ein velkjend norsk krimklassikar som eg har lest fleire gonger tidlegare. Dessverre vart leseopplevinga denne gongen berre sånn passe. I motsetning til tidlegare klarde eg ikkje no å ta til meg den skumle stemninga.
Det er over 70 år sidan boka kom ut fyrste gong - og det ber både handlinga, dialogane, personkarakteristikkane og miljøskildringane preg av, naturleg nok. Men Bjerke var ein ordkunstnar og ein svært elegant forfattar språkleg sett.
Denne forteljinga er ein blanding av eit kriminalmysterium, noko psykoanalyse og litt spøkelsehistorie. Det er spesielt det siste som gjer at eg ikkje finn historia spennande eller nifs - no lenger. Eg er vel blitt for kynisk og skeptisk med åra.
Eg tykkjer som regel at bøker vert dårlegare i filmversjon, men for ein gongs skuld vil eg i dette tilfellet heller anbefala filmen eller høyrespelet enn boka. Terningkast 4.
En femte årstid av Torkil Damhaug Cappelen Damm 2016 573 sider, lånt ebok eBokBib
Som for så mange andre vart En femte årstid høgdepunktet i påskekrimlesinga for meg i år. Det er nesten ingen andre som kan skriva like djupe, sterke og overraskande spenningsromanar som Damhaug. Årets fyrste norske vart ei svært positiv leseoppleving!
Handlinga er lagt til ei fiktiv bygd på Romerike, der ein gammal nedlagd fabrikk dannar bakgrunnshistorie og er ei effektfull kulisse i forteljinga. Persongalleriet er rikt og alle som ein - spesielt alle ungdommane - er framstilte på ein gjenkjenneleg og truverdig måte. Det handlar elles mykje om familiar i boka; dysfunksjonelle familiar, tilsynelatande velfungerande familiar, oppløyste familiar, dine barn, mine barn, andre sine barn. Om kor skremmande langt enkelte foreldre er villige til å gå for å beskytta sine eigne barn.
Boka har alt fått mange positive omtalar, og dei kan eg berre streka under på. Ho er tjukk og god og egnar seg godt som selskap i ein godstol. Terningkast 5+.
Dødens elv av Frits de Bourg Vigmostad & Bjørke 2015 348 sider, biblioteklånt papirbok
Denne boka valde eg vekk då ho kom ut i fjor, litt på grunn av det ekle omslaget - men mest på grunn av den overpositive blurb'en til "bokinspiratoren"..
Då Dødens elv vart Rivertonpris-nominert ombestemde eg meg og plukka fram boka likevel. Eg pleier alltid å lesa alle dei nominerte til denne prisen.
Om nomineringa er fortent? Til det vil eg svara eit klart tja.
De Bourg skriv med snert, humor og alvor. Sjølve krimforteljinga (mistenkeleg sjølvmord og forsvunne ungjenter) er ordinær, og krimhelten (journalist med rusproblem) er gjenkjennbar, - men miljøet er spesielt: Handlinga er lagt til Drammensområdet ca. 1955 - og "Dødens elv" er såleis Drammenselva. Boka gir fine tidsbilete og er grei, lettlest og fortlest. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan komma til å lesa fleire bøker av denne forfattaren. Terningkast 4.
Ikke bestått av Hjorth & Rosenfeldt Lydbokforlaget 2016 Speletid 10:36, lytteeksemplar
Så over til svensk seriekrim og ein ny seriemordar i forteljinga om Sebastian Bergman og dei andre i Rikskrim. Eg har vore stor fan av denne serien heile tida - men eg tykkjer at forfattarane går litt på "tomgang" denne gongen. For alle del: Bok nummer 5 er underhaldande, smart, spennande, velkomponert - og avsluttar med ein cliffhanger, så neste bok må naturlegvis også lesast - men altså: Eg tek til å bli litt "mett" og lei av alle dei private forviklingane til hovudpersonane. Kvifor kan det ikkje skje noko positivt i liva deira?
Det er lydboka og opplesar Ivar Nergaard som gjer at Ikke bestått (likevel) vart ei god leseoppleving. Terningkast 4+.