Liza Marklund - Jernblod - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Vidar Sundstøl - Djevelens giftering - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Øystein Wiik - Rekviem - Norsk krim - Lytteeksemplar
Lest i november:
Gard Sveen - Helvete åpent - Norsk krim - eBokBib
Kim Leine - Kalak - Dansk-norsk roman - Lånt papirbok privat
Sindre Kartvedt - Dumdum Boys - en vill en - Biografi - eBokBib
Gert Nygårdshaug - Eclipse i mai - Norsk roman - Kjøpt ebok, http://www.gertnyg.com/ebok/
Anne Holt - Offline - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jon Magnus - Sommerfuglene i Armero - Reiseskildring/dokumentarisk - eBokBib
Edvard Hoem - Bror din på prærien - Norsk roman - Lytteeksemplar
Ragnar Kvam jr - En sjøreise til Sibir - Reiseskildring/erindring/dokumentar - Lest via bokhylla.no
Espen Holm - Tilfellet Blumenfeld - Norsk krim - eBokBib
Thomas Enger - Banesår - Norsk krim - Lytteeksemplar
Påbyrja i november, fullførast i desember:
Nicci French - Blåmandag - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Frode Eie Larsen - Englefjær - Norsk krim - eBokbib
Britt Karin Larsen - De som ser etter tegn (Tatertrilogien 1) - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel
Månaden byrja med ein planlagd liten ferie - som vart avløyst av enno fleire ikkje-planlagde fridagar: Ein akutt betent blindtarm måtte fjernast så eg måtte halda meg heilt i ro nokre dagar - og det vart meir lesing enn forventa. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
På eBokBib hopa det seg opp med stadig nye tilgjengelege og interessante bøker - og i november har eg nok sett i rekord i antall leste ebøker på ein månad; nemleg 7 (og berre 3 lydbøker og 3 papirbøker, som må vera "bunn-rekord"). Eg har også, no i slutten av november, nådd lesemålet om 130 leste bøker i år. Truleg kjem eg til å havna på omlag same tal som i 2014 (142) når leseåret 2015 er omme.
Her er ingen sprenglesing av norske bøker utgitt i 2015, men eg les jo, som ein kan sjå - jamnt og trutt - og 10 av 13 leste bøker i november er nye og norske. Forholdet mitt til BBP 2015 er likevel svært avslappa - for eg les berre dei bøkene eg sjølv har lyst til å lesa. Pr. i dag har eg lest 24 i roman-/krimklassen og 5 i open klasse.
Månadens høgdepunkt: Mange! Fyrst og fremst Bror din på prærien, dernest Kalak og Sommerfuglene i Armero.
Månadens nedtur: Verken Sundstøl, Enger eller Kvam innfridde denne gongen, men den største skuffelsen var likevel Mi briljante venninne. At dette skal vera eit mesterverk og ei glitrande god bok, - nei, det kan eg ikkje skjønna. Eg valde å avbryta halvveges, for eg forsto tidleg at dette ikkje var noka bok for meg. Dette var langt frå briljant, men heller kjedeleg. For meg vart det mest irriterande detaljar, forvirrande persongalleri, gjentekne skildringar og manglande driv. Eg giddar ikkje å lesa fire bøker før eg får svar på kvar det er blitt av Lila liksom.
Ikkje vart eg så himla begeistra for språket heller; det er då vel høgst ordinært. Det same gjeld omsetjinga til nynorsk. Heilt greitt, ikkje noko meir.
Eg tilstår glatt at eg var negativ i utgangspunktet: Forlaget sende ut denne boka til "alle", meg inkludert. Eg mislikar sterkt å ikkje bli spurt på førehand - så boka vart sett bakerst og nederst i ventehylla. Men så synte det seg då; at boka vart ein kjempesuksess - og dermed vart eg nysgjerrig på kva i alle dagar dette dreia seg om. For å komma i gang med lesinga lånte eg lydbokversjonen i tillegg - utan at det hjalp. Lydboka er forlengst levert attende på biblioteket og mitt usedvanleg pent brukte leseeksemplar av Mi briljante venninne - den gjekk til papirgjenvinning.