Viser innlegg med etiketten Norsk roman. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Norsk roman. Vis alle innlegg

24. januar 2026

Kort om: Lyset de døde ser av Levi Henriksen

Gyldendal 2025
297 sider
Lånt papirbok privat


Lyset de døde ser er ein oppfølgar til Snø vil falle over snø som har falt, Levi Henriksen sin debutroman frå 2004. Som i den fyrste boka (og dei fleste andre bøkene til Henriksen) er handlinga lagt til den fiktive bygda Skogli utanfor Kongsvinger. Hovudperson og forteljarstemma er også i denne boka Daniel Kaspersen, som når forteljinga tek til nyleg er blitt enkemann. Tida på året er óg den same i begge bøkene; det er desember og jul. Vinter, kulde og snø. 

Norske samtidsromanar er ein sjanger eg vanlegvis ikkje bryr meg om. Levi Henriksen sine bøker er eitt av få unntak. 

Boka handlar om familie, om kjærleik og om døden. Om å komma heim og om å vera einsam. Levi Henriksen skriv kjenslevart og usentimentalt om sorg, sakn, trøyst og håp.

I Snø vil falle over snø som har falt møter Daniel sin store kjærleik, Mona. Livet har, etter alt det turbulente som fann stad i den boka, blitt stabilt. Men så blir Mona sjuk og døyr. Lyset de døde ser startar slik:

«Mona døde en tirsdag. På den andre sida av senga begynte Sebastian å gråte stille mens han holdt morens hånd mellom begge sine. Jakobine sto med ryggen til og ansiktet vendt ut mot parkeringsplassen, mot det store åpne, mot snøen som falt. Inne i seg hadde Daniel Kaspersen samme følelse som når du står i en heis og det i hele kroppen kjennes som om den går nedover, selv om pila viser det motsatte.»

Daniel og dei vaksne borna reagerer forskjellig på dødsfallet og taklar sorga på ulike måtar. Daniel, som fyrst er som lamma, reagerer med sinne på døden. Å snakka om kjensler er vanskeleg for han, så han blir egentleg ein handlingens mann. Han skal ordna opp, både i høve gamlelensmannen og den uoppklarte saka hans og i høve Jakobine og dei utfordringane ho står i.
Forfattaren tek her opp dei ulike sidene ved mannsrolla og farsrolla. På den eine sida er Daniel ein stillferdig familiemann, på den andre sida har han ei aggressiv framferd som kjem til uttrykk når han veit (eller føler) at folk som står han nær blir utsette for ting dei ikkje skulle blitt utsette for. 

Romanen skildrar korleis det er å mista nokon og om alle tankane som kjem når ein skal gå vidare i sitt eige liv etter eit slikt tap. Eg tykkjer Lyset de døde ser er ei god og stemningsfull bok og ein fin oppfølgjar. Ho inneheld mange sitatvenlege formuleringar og har dessutan visse element frå krimsjangeren, noko som driv handlinga framover. 

I alle bøkene til Levi Henriksen finn ein mange referansar frå musikken. I denne boka er ein sang med Marianne Faithful sentral:

        

27. oktober 2023

Bokomtale: Lungeflyteprøven av Tore Renberg

Oktober forlag 2023
558 sider
Lånt papirbok privat og lånt lydbok BookBites

Fyrst: Eg likar ikkje omslaget på boka. Kva i alle dagar er det illustrasjonen viser? Ein blekksprut, ein plante, eit torturinstrument? eller noko heilt anna? Eg forstår ikkje kva det er og kva det har med boka å gjera - og eg tykkjer det er stygt.
Eg nemner dette innleiingsvis, for sjølve omslaget er det einaste eg kan komma på som er negativt med boka - og så er me ferdige med det liksom.

Korleis omslaget ser ut har sjølvsagt ikkje noko å sei for innhaldet - for eg vart svært nøgd med denne leseopplevinga.
"Makaber lesefest" var overskrifta på bokmeldinga i VG, og eg kan forsåvidt skriva under på at deler av boka er makaber. Og lesefest? Jo, absolutt. Boka er både lærerik, interessant, underhaldande, gripande og opprørande. 

Romanen byggjer på verkelege hendingar, reelle rettssaker og historiske personar. Overraskande mykje er dokumentert, noko forfattaren gjer greie for både undervegs og i ein eigen oversikt over historiske personar bakerst i boka.

Me er i Leipzig i Sachsen i noverande Tyskland i 1681. Femten år gamle Anna Voigt vert tiltalt for å ha drepe det nyfødde barnet sitt - og om ho vert kjent skuldig ventar dødsstraff. Ein ung jurist, ein framsynt lege og ein knust far gjer det dei kan for å bevisa at ho er uskuldig. Anna drap ikkje barnet sitt, det var dødfødt.

Tittelen på boka viser til ei eksperimentell medisinsk prøve, som i ettertid vert sett på som starten på moderne rettsmedisin. Prøva skal visa om ei kvinne har bore fram eit dødfødt eller eit levandefødt barn: Eit barn som har døydd i mors liv har aldri drege pusten og lungene til barnet er kompakte. Om ein bit av lungene vert senka i vatn vil det synka. Har barnet levd, har det pusta, lungene er svampaktige og lungebiten vil flyta opp. Prøva som vart teke av Anna sitt barn flaut ikkje opp. 

Rettsprosessen tok fleire år. Retten og samfunnet var ikkje klar for eit slikt vitenskapeleg og eksperimentelt prøvesvar, med få unntak, - som Anna sin forsvarar Christian Thomasius. Det som dominerte i rettssalane på denne tida var teologi, tradisjon og rykter. Spebarnsdrap var eit reellt samfunnsproblem, trass i dei harde straffene som venta dei som vart kjende skuldige: tortur, forvisning, dødsstraff. Ofte var uønskte svangerskapa resultat av overgrep, men det var kvinna som vart straffa (hardast) sidan ho hadde "latt seg besvangra". 

Lungeflyteprøven er ein roman som flommar over av forteljarstemmer, folk og hendingar, men eg tykkjer at forfattaren har ei stødig hand over det heile. Av og til kjem forfattaren si stemme inn og forklarar kva som er fiktivt og kva som er historisk. Han undrar seg over kva dei involverte har tenkt, legg fram ulike alternativ, presiserer at enkelte ting er slikt som kunne ha hendt. Andre ting er historiske fakta og vel dokumentert.

Glimta inn i kvardagsliva til dei ulike familiane fortel mykje om tidsepoken - altså starten på opplysningstida. Eg vil tru at både godseigarfamilien, advokatfamilien, pastorfamilien, legefamilien og skarprettarfamilien er tidstypiske og realistiske. Religion, ære, moral og ivaretaking av orden var sett på som grunnleggjande viktig av dei styrande i samfunnet, men hadde groteske utslag - sett med notidsauge.
I boka får ein fleire eksempel på at dobbeltmoralen blomstra og at klasseskilnadene var djupe. Folk med nye tankar om likskap for lova og ny kunnskap basert på forsking og vitenskap møtte motstand frå mange hald, særleg frå kyrkja, men også frå andre autoritetar. Thomasius måtte etter kvart flykta frå Leipzig på grunn av dei kontroversielle standpunkta sine. Han var til dømes så "radikal" at han meinte at bruk av tortur burde avskaffast.

Språket i boka er snirklete, noko gammalmodig - og passar til tida det vert fortalt om. Omgangsformene var ikkje slik som i dag og synet på medmenneske og samfunnet elles var totalt annleis.
Stemninga varierer gjennom boka. Noko vert fortalt om på ein sakleg og nøktern måte, i andre sekvensar er det intenst, nærgåande, sorgtungt og desperat. 

Boka passar ikkje for alle, deler av handlinga er rimeleg brutal og som sagt innleiingsvis; makaber. Men dette var ei brutal tid prega av vald og straff, så eg meiner det er innafor. Ein bør dessutan ha ei genuin interesse for historie om ein skal gi seg i kast med ei forteljing som dette, og gjerne ei særskilt interesse for kriminalhistorie, rettshistorie og politisk historie.

Alle som les denne bloggen veit at eg les mest (og helst) krim. Det er det eg slappar av med og kosar meg med. Men dei bøkene eg likar best og som gir meg mest - som "er med meg" lenge etter avslutta lesing - er dei svære (og barske) historiske forteljingane. Som til dømes Shardlake-serien, Hortten/Beouberge-serien og Grønland-trilogien.

Lungeflyteprøven er også eit storverk som ga meg mykje. Eg kjem aldri til å gløyma Anna Voigt og hennar lagnad. Eg kjem heller aldri til å gløyma faren Hans Heinrich Voigt, kampen han kjempa og sorga han måtte gjennomgå - og som førte han inn i galskapen.

Eg er mektig imponert over all jobben forfattaren må ha hatt med innhenting av historiske fakta og bakgrunnsstoff (Han skal ha brukt fem og eit halvt år på arbeidet). Vidare er eg imponert over at Tore Renberg stadig fornyar, utviklar og utfordrar seg som forfattar. Han har gjennom forfattarskapet sitt veksla mellom stilartar og målføre og skapt såpass ulike karakterar som Jarle, Tollak, Steinar og Rudi.
Lungeflyteprøven er den fyrste historiske romanen til Renberg, og han må gjerne skriva fleire i denne sjangeren!

Eg var så heldig at eg fekk låna papirbok privat - og då eg var kommen vel halvveges var hellet med meg nok ein gong; lydboka var tilgjengeleg i BookBites. Sidan Tore Renberg er ein så fenomenal opplesar av sine eigne bøker vart valet enkelt: derifrå og ut vart det lyd. 

Her kan du sjå og høyra forfattaren lesa prologen:


Andre bloggmeiningar: Tine, Elida

21. januar 2023

Kort om: Kniven i ilden av Ingeborg Arvola

Cappelen Damm 2022
439 sider
Lånt papirbok privat

Bragepris. Rosande ord. Strålande omtalar. Høge terningkast.
Med dette i bakhovudet starta eg på Kniven i ilden.

På den andre sida: Eg var, basert på tidlegare erfaringar, ein smule skeptisk - for det hender, ikkje så reint sjeldan, at bøker som får slik allmenn skamros ikkje fell i smak hos meg. Samstundes hadde eg forventningar om ei bra leseoppleving, med tanke på at dette er ein historisk roman frå eit heilt framandt miljø: Handlinga er lagt til Aust-Finnmark for 150 år sidan. 

Eg har brukt nokre dagar på å fordøya det eg las - og konklusjonen er at eg er ambivalent i høve boka og leseopplevinga. Eg tykkjer det historiske, politiske og kulturelle bakteppet er interessant og eg likar at forfattaren har lagt inn nokre dokumentariske "faktaboksar" undervegs. Men andre deler av boka sleit eg med å få tak på.

Forfattaren har teke utgangspunkt i ein verkeleg historisk person - Arvola si eiga tipp-tipp-oldemor, Brita Caisa Seipajærvi. Hovudpersonen vert skildra på ein overbevisande måte, sjølv om eg tidvis tykkjer at det er litt rart at det vert skrive i 1. person. 

I 1859 utvandra Brita Caisa med dei to "uekte" borna sine, Aleksi på 12 og Heikki på 3 - frå Finland til Noreg. I fyrste omgang hamnar dei i Neiden, men målet hennar er Bugøynes der bror hennar bur og der det er arbeid å få. Dernest er målet å finna ein mann. Ein mann med båt og kanskje ei ku; ein mann som kan trygga tilværet for henne og sønene.

"Nå reiser jeg og kommer aldri tilbake. Det er ikke som de andre gangene, reisene til sesongarbeid, årene med tjeneste på storgårder med behov for hjelp. Jeg reiser for godt, skal aldri mer vende tilbake til stua til mor og far med nedslått blikk. Den veien. Fremover. Jeg må starte på nytt. I et nytt land."

Brita Caisa arbeider hardt og lever eit enkelt og strevsamt liv. Dessutan er ho svært vakker - noko alle, både andre kvinner, men spesielt menn, legg merke til. Møtet med den gifte gardbrukaren og sesongfiskaren Mikko skal bli skjebnesvangert for dei begge. Skildringane av dei voldsomme kjenslene og det ustyrlege begjæret minner meg mest av alt om dameromanar eller serieromanar - så eg tykkjer all denne erotikken er lite truverdig og veldig påklistra. 

Og det er ikkje berre dette som er påklistra. Eg har òg "problem" med det overnaturlege; til dømes at Brita Caisa "ser" ting som ingen andre ser, at ho liksom har "varme hender" som kan helbreda både menneske og dyr. Slikt trur eg ikkje på, og eg finn slike element merkeleg malplassert i ein elles så realistisk og historisk korrekt forteljing.
I ein roman kan sjølvsagt forfattaren fritt utstyra karakterane sine med allslags egenskapar og evner - men altså - for meg skurrar det her. Det skurrar så mykje at eg landar på terningkast 3.

Ein annan ting eg "sleit med" medan eg las er alle dei ulike namna på folk og stader. Me finn både finske, kvenske, samiske og norske namn. Fleire namn blir gjerne brukt på same person og same stad, noko som skapar forvirring.
I etterordet gjer forfattaren greie for ulike namnetradisjonar og kvifor ho har brukt ulike namn slik som det er gjort i denne boka. Det var oppklarande, og eg tenkjer at det egentleg hadde vore nyttig å lesa etterordet før resten av boka.

Andre bloggmeiningar: Ågots bokblogg, Tine sin blogg

22. november 2022

Bokomtale: Quintessence av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2022
247 sider
Lånt ebok BookBites

Gert Nygårdshaug (f. 1946) debuterte alt i 1966 og dette er den 43. boka han har gitt ut. Den nye boka hans har ein heilt uforståeleg tittel, - noko som var med på å gjera meg veldig nysgjerrig. Det er alltid stas med ny bok frå Nygårdshaug, men så veit ein liksom aldri kva han kan finna på. Eg har erfart fantastiske leseopplevingar - men også små nedturar når det gjeld bøkene hans.

Det er nokre element som alltid er med i Nygårdshaug sine bøker: Klima og miljø-problematikk, astronomi og gastronomi. Samt sære/rare namn på karakterane og gjerne kjempelange setningar med berre semikolon og komma. Dette siste er det ikkje så mange eksempel på i denne boka, så ho er lett å lesa. Men kjærleiken til naturen, fascinasjonen for stjerner, galaksar og universet og interessa for god mat og godt drikke - alt det er i høgste grad til stades i Quintessence.

Hovudperson i boka er Olion Soleng. Han er barnebarn av Gotvin Soleng som me møtte såvidt i Afrodites basseng og som er hovudperson i Prost Gotvins geometri og Fortellernes marked. Det er såleis ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap før ein les Quintessence. Då skjønnar ein også at ein må vera open for surrealistiske krumspring og usannsynlege hendingar. 

Tilbake til Olion. Han er 33 år, jobbar på statsministerens kontor og er fullstendig upolitisk. Men så, på ein av dei aller fyrste sidene skjer det noko: Den overvektige fru statsminister døyr i ei bisarr ulukke rett framfor augene på Olion og nokre andre sjokkerte vitne. Denne hendinga vert starten på eit nytt liv for Olion; eit nytt liv der han opplever fleire uforklarlege ting, der han møter ei ung kvinne som han blir betatt av og der han reiser tilbake til forfedrane sin heimstad. Og der den tidlegare så upolitiske Olion plutseleg befinn seg midt i ein politisk demonstrasjon med parolen "nei til monokulturelt landbruk!"

Elles er det ikkje så enkelt å gje noko handlingsreferat, for utover at Olion flyttar til Nord-Østerdalen skjer det egentleg ikkje så veldig mykje. Det er lite framdrift; det er tankar, prat, pludring og kvardagar - og enkelte pussige situasjonar. Undervegs får ein også, som vanleg frå denne forfattaren, stadig nye miniforedrag om ulike forhold. Romantikk og erotikk er det også plass til, samt nokre velfortente spark til byråkratar og politikarar.

Men den generelle bodskapen i denne boka, som i tidlegare Nygårdshaug-bøker, er dette: å ta vare på jorda og naturen og å ha respekt for framande kulturar og urfolk sine verdiar.

Når Nygårdshaug vender seg til lesarane sine på Facebook er gjerne overskriftene: Sprute mitt blekk! Juble min penn! Daske mitt tastatur! Eg set pris på den sprudlande forteljargleda, den leikne fantasien og den sære humoren.

Så ja - eg kosa meg medan eg las denne boka, nesten heilt til slutt. For den opne og brå avslutninga fann eg ikkje heilt ut av. Kanskje eg må låna boka ein gong til og lesa det siste kapittelet på nytt? Eg forstår framleis ikkje kva "quintessence" betyr.. 

11. april 2022

Omtale: Hundreårs-trilogien av Gunnar Staalesen

1900-trilogien, hundreårstrilogien eller Bergenstrilogien - kjært barn, mange namn - vart i fjor utvida til ein kvartett då 2020 Post festum kom ut. Eg las trilogien då bøkene kom ut i perioden 1997 - 2000 og likte dei veldig godt den gongen. Så eg var spent: Ville eg lika dei like godt om eg las dei på nytt no, over 20 år etter? 
Svaret er JA. Trilogien er både underhaldande, lærerik, storslått og overveldande. 

Bøkene er samla sett ei slags episk forteljing, og Gunnar Staalesen har då også fortalt at då han byrja på hundreårstrilogien var han inspirert av Hellemyrsfolket av Amalie Skram. I tillegg til å vera krimforfattar (Varg Veum-serien) er nemleg Staalesen ein av landets fremste Amalie Skram-kjennarar. Med 1900-trilogien har Staalesen på mange måtar vidareført Skram si historie om livet i og rundt Bergen.

I trilogien vert me kjende med mange karakterar frå ulike samfunnslag; med fleire familiar i fleire generasjonar gjennom skiftande tider. Eg vil tru at familiane er representative for innbyggjarane i Bergen på 1900-talet. Nokre av dei er "urbergensarar"; andre er innflyttarar frå Eksingedalen, Sunnfjord og Ryfylke. Me møter alt på dei fyrste sidene dei velsituerte familiane Friman og Dünner, forretningsfamiliane Helgesen og Brekke, opprørsfamilien Brandt og kulturfamilien Gade. Seinare møter me to greiner av Moland-familien, Pedersen-familien og innflyttarfamiliane Nesbø og Veum. Dei ulike menneska sitt liv og virke vert fletta inn i verkelege historiske hendingar som fann stad. 

Bøkene fortel om korleis Bergen, Noreg og verda endra seg gjennom hundreåret. For det er jo nesten utruleg at det er det same landet. Det vert fortalt om store endringar innan t.d. sosiale forhold, kvinner si stilling, utdanning, arbeidsliv, samferdsel, politikk, teknologi og kultur.
I tillegg er krimdramaturgien på plass; fyrste bok innleiar med eit mord som fann stad den 1. januar 1900. Oppklaringa skjer på dei siste sidene i siste bok; den 31. desember 1999.

1900 Morgenrød

Konsul Carl August Friman vert slått i hel natt til 1. nyttårsdag etter å ha vore på nyttårsfest hjå skipsreder Dünner. Politibetjentane Moland og Berstad vert sett på saka, og etter ei kort tids gransking har dei ein mistenkt. Pågripinga endar på ein tragisk måte, men saka vert likevel sett på som løyst og oppklart - noko ho slett ikkje er. Dette er liksom "ramma" og utgangspunktet for heile trilogien. 

I ein annan handlingtråd får me møta eksingedølen Torleif Nesbø som søkjer arbeid på anlegget på Bergensbana. Han vert stam-(ste)far for ein av dei mest sentrale familiane i trilogien. Ein annan sentral karakter er Maren Kristine Pedersen - trilogiens femme fatale. Ho er sterk og sjølvstendig og står på eigne bein, og har forhold til fleire menn. Ho får dermed kjennskap til mangt - noko som kan vera farleg. Mellom elskarane hennar finn me namn som Friman, Gade, Helgesen, Brekke - og Moland.

I år 1900 var Noreg i union med Sverige og Oscar 2. var konge. På den tida var det hestedrosjane som dominerte gatene i Bergen, men i løpet av dei fyrste par tiåra vart det meir og meir vanleg med tog, trikkar og bilar. Klasseskilnaden var enorm den gongen, og ei stakkars tenestejente hadde lite å stilla opp med når sonen i huset og kameratane hans finn ut at dei skal "forlysta seg" med henne. Det som hender med Tordis Sylte og korleis livet hennar vert øydelagt er opprørande lesing. 

Bergen har vore ramma av mange store brannar som på sett og vis har forma byen og gjort sitt til at busetnad og utsjånad er slik som det er i dag. Bybrannen i 1916 var svær og dramatisk og hadde store konsekvensar for mange av våre familiar i denne boka. Brannen - og følgjene av han - vert skildra frå ulike synsvinklar. 

Elles vert det fortalt om 1. verdenskrig, om påfølgande dyrtid, matmangel og bustadkrise og den globale pandemien spanskesjuka som tok mange menneskeliv, også i vårt land - og i Bergen. Mellomkrigstida var elles prega av arbeidskonfliktar, arbeidsledigheit og aukande politisk engasjement. Me får eksempel på at dei harde 30-åra var verkeleg harde for mange. 

1950 High Noon

Bakteppet når handlinga tek til i 1932 er ein ustabil internasjonal situasjon og globale økonomiske nedgangstider. Europa er prega av uro, polarisering og framvekst av nye ideologiar som kommunisme og fascisme. Me får lesa om den spanske borgarkrigen, sommar-OL i Berlin i 1936, om den tyske invasjonen 9. april 1940 og om kor dårleg førebudde norske styresmakter var på dette. I våre familiar finst både nazistar og motstandsfolk. Me får også møta den jødiske familien Liebermann som før krigen hadde ein naturleg plass i bybiletet i Bergen. Berre ein av dei overlever. 

Ein ny generasjon Moland etterforskar eit nytt mystisk dødsfall. Lesaren veit at det har ein viss samanheng med hendinga i 1900, men politiet finn ikkje ut av motiv og kva/korleis/kvifor. Kjærleiksforholdet mellom Christian Moland og Maren Kristine Pedersen, som starta i 1900, har aldri blitt kjent offentleg - men er heller aldri avslutta. Ikkje før i 1944, då den store eksplosjonsulukka i Vågen fann stad. Den ulukka vert fatal for dei begge og vert elles skildra på ein levande, brei og grundig måte i boka. Ei anna dramatisk hending som også får stor plass er Tragedien i Telavåg på Sotra. 

Då freden kom gjekk ein over til ein periode med gjenreising, utbygging og optimisme - men også med den kalde krigen. Enkelte folk fell frå og nye slektsledd kjem til i familiane me er blitt kjende med. I familien Veum vert det fødd ein liten gut i 1942 som får namnet Varg. At den biologiske far hans er jazzmusikaren Leif Pedersen og at han også har ei storesyster får ikkje Varg vita før i godt vaksen alder. 

Tittelen spelar på den amerikanske westernfilmen High Noon ("Sheriffen") frå 1952. Boka fortel detaljert om handlinga i filmen; motsetnaden og konflikta mellom engasjement og feigheit. Då eg las boka fyrste gong tykte eg at denne filmen tok altfor stor plass i boka. Eg meinar å hugsa at eg hoppa over den biten. No derimot forstår eg meir av symbolbruken og tematikken. 

Handlinga i denne boka går fram til året 1962 og Cubakrisa. Det er interessant å lesa om korleis denne krisa påverka vanlege folk, med tanke på dagens globale situasjon og krigen i Ukraina.

1999 Aftensang

Boka innleiar med ei forsvinnings- og overgrepssak; eit eksempel på at slike saker får store konsekvensar for enkeltpersonar i lang tid. 

Elles nærmar me oss "vår tid", og det er liksom med ei kjensle av at tida går fortare og fortare og at utviklinga også går raskare enn nokon gong. Me kan lesa om korleis hendingar internasjonalt og nasjonalt påverkar oss alle. Forfattaren zoomar inn og ut; me ser enkeltskjebnar samstundes som me ser det store overblikket. Alle som levde den gongen hugsar kvar dei var då dei fekk vita at president Kennedy vart skoten i 1963. Og for å ta eit nyare eksempel: alle i min generasjon hugsar då dei høyrde om ulukka med Alexander Kielland-plattformen i 1980. Den ulukka - og følgjene av den - er ei hending som vert skildra grundig og breitt i boka.

I siste del av boka er det Varg Veum som overtek forteljarstemma. Han får då eit heilt spesielt oppdrag; å etterforska ei svært gammal drapssak. Cecilie Brandt, fødd Frimann, drapsofferet si dotter som aldri vart kjend med sin eigen far, fyller 100 år. Kva kan Varg Veum finna ut? Basert på det som fleire før han har funne og nedskrive, gransking av offentlege arkiv - samt eit besøk i eit gammalt hus på Nordnes - vert saka faktisk oppklart. 

Hundreårsboken

Trilogien er svært omfattande og byr på mengder med informasjon og saksopplysningar, i tillegg til eit usedvanleg stort persongalleri. Hundreårsboken (skriven i samarbeid med Jo Gjerstad) kom ut i 2000 og er eit nyttig supplement til trilogien. Her finn ein slektstavler og oversikt over alle sentrale personar og familiar ein møter undervegs. 

Boka inneheld også mange kart, noko som er svært nyttig. Sjølv er eg rimeleg godt kjend i dagens Bergen, men store deler av sentrum såg heilt annleis ut for 120 år sidan.
Hovuddelen av boka består av gamle bilete, saman med utdrag frå tekstar henta frå dei tre bøkene. Dei aller fleste bileta er frå Bergen, men også frå andre deler av Vestland.

Eg vil rå til å bruka Hundreårsboken som eit oppslagsverk i samband med lesing ev. lytting av trilogien. Boka er tilgjengeleg på nb.no.

Sluttord

Eg er djupt imponert over detaljrikdommmen som kjem fram i bøkene og over kor levande alt vert framstilt. Staalesen er spesielt god når det gjeld skildringar frå ulike synsvinklar, både geografisk og sosialt. Alle personane er truverdige og samansette, med sine sterke og svake sider. 

Elles vart eg overraska over kor mykje av handlinga eg faktisk hadde gløymt. Dei historiske linjene hadde eg stort sett klart for meg, men alle folka måtte eg liksom bli kjent med på nytt. Overraskande var det at eg hugste ein god del frå fyrste bok, litt frå andre bok - og nesten ingenting frå tredje bok. 

Alle dei tre bøkene er kvar på godt over 500 sider. Lydbøkene varer tilsvarande lenge; tilsaman nesten 60 timar. 
Lydbøkene er strålande opplest av Sigmund Sæverud. Han beherskar alle dei ulike variantane av bergensdialekten, samt strilamål, sunnfjordmål, ryfylkedialekt, nordnorsk og austnorsk. Rett og slett imponerande!

Eg har gitt alle bøkene - kvar for seg - terningkast 5. Men leseopplevinga samla sett - heile trilogien - gir eg toppkarakter. Hundreårs-trilogien er eit verk som ruvar i norsk litteratur.

Avslutningsvis: Les gjerne Tine sin omtale av trilogien. 

22. september 2021

Bokomtale: Assalamu alaikum av Tore Renberg

Oktober 2021
Speletid 18:20
Kjøpt lydfil

Det har gått fire år sidan sist me møtte Rudi, Cecilie, Jan Inge og dei andre i og rundt Hillevågsgjengen. No er dei omsider tilbake, og eg kjenner at dette er ei bok eg verkeleg har venta på.
I Assalamu alaikum har det imidlertid kun gått nokre veker sidan hendingane i Skada gods. Det er januar 2013 i "verdens rikaste by" Stavanger. 

Den fyrste me møter er Jan Inge - Jani - og det er tydeleg at han ikkje har det godt. Han er visst rett og slett i ferd med å mista det heilt. Rudi på si side er lei av alle drittjobbane han vert sett til (av Jani) og han har dessutan nettopp hatt svineinfluensa. Cecilie - Chessi - er gravid med tvillingar og lengtar etter eit meir normalt liv.
For det er absolutt ikkje normalt at hagen deira er full av nedgravde likdeler og at frysaren er full av heroin. 

Saman med dei tre bur også "fosterbarnet" Shaun, ein så skada gut at han faktisk har det betre og tryggare saman med Jani & co. enn heime. Og her er ein viktig bodskap i denne serien: Om kor viktig det er å ta vare på kvarandre, om å sjå kvarandre, om å sjå barna som fell utanfor. For er det nokon som er prega av ein utrygg barndom så er det nettopp søskenparet Jani og Chessi. I denne boka får me vita meir om kva dei gjorde og opplevde i barne- og ungdomstida si. Det er temmeleg sterke saker.

Handlinga i boka er, som i dei tidlegare bøkene i Teksas-serien, nokså ellevill. Det er temmeleg drøyt det som foregår, og enkelte lesarar kan nok bli støtt av visse detaljerte skildringar. Det handlar om vald og drap, narkotika og porno - og Renberg pakkar ikkje akkurat inn det han vil fortelja om. 

Tittelen er spesiell. "Assalamu alaikum" betyr "fred vere med deg" på arabisk. Men "fred" kan det jo aldri bli i Hillevåg, så lenge dei driv med såpass spesielle "forretningar". Tittelen speglar i tillegg til andre hendingar i boka som ikkje skal røpast her. 

Kva kan ein elles sei om boka, utan å røpa noko særleg av handlinga? Jo - eg siterer meg sjølv frå ein tidlegare omtale (av Skada gods): "Det er morosamt og fælt, fascinerande og energisk, frekt og frodig, trist og sjarmerande, viltert og engasjerande." Me møter enkelte bikarakterar frå tidlegare bøker og vert presentert for nokre nye. Alle har sine spesielle eigenskapar og særtrekk og det er ikkje vanskeleg å sjå dei for seg. Tidvis tek forfattaren turar langt ut på viddene og blir veldig skravlete, - nesten masete. I andre sekvensar, med andre rolegare forteljarstemmer, er det gjerne forsiktig, vart og ettertenksamt. 

Av og til blandar forfattaren seg inn i forteljinga med sine tankar og forklaringar. Det er eit grep eg ikkje er spesielt begeistra for, men eg respekterer at han har hatt eit visst behov for å utdjupa.

Boka inneheld mange referansar til musikk og litteratur og er elles prega av sprudlande forteljarglede og sær fantasi. Ho er svært underhaldande, men også gripande og til tider ganske motbydeleg. Eg har både ledd, rista på hovudet og vridd meg i ubehag. Tore Renberg er ein av desse forfattarane som kan få ein lesar til å kjenna på mange ulike kjensler undervegs i lesinga. 

Som erfaren krimlesar ser eg at Assalamu alaikum har visse krimroman-element og thriller-trekk. Men boka byr på noko langt meir og er på fleire måtar ei stor leseoppleving. 

Eg anbefalar, så sterkt eg kan, lydbokversjonen. Tore Renberg er ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.

Kronologien i Teksas-serien er slik:

  1. Vi ses i morgen
  2. Angrep fra alle kanter
  3. Skada gods
  4. Assalamu alaikum
Alt tyder på at det kjem fleire bøker i denne serien. Eg håpar at det ikkje blir så lenge å venta til neste bok kjem!

5. august 2021

Bokomtale: Sangen om løpende hester av Britt Karin Larsen

Eg har lese fleire bokseriar om det 20. hundreåret. Til dømes serien om Det store århundret av Jan Guillou, Gunnar Staalesen sin århundretrilogi og Ken Follett sin omfattande trilogi. Eg har hatt stor glede av alle desse bøkene/bokseriane; underhaldande, lærerike, omfattande og langvarige som dei er.

Cappelen Damm 2015
Speletid 24:19
Opplesar Kjersti Borchgrevink Maagerø 

Britt Karin Larsen sin tatertrilogi handlar òg om 1900-talet. Her kan ein lesa om korleis taterfolk (De reisende som dei kalla seg sjølv) vart utsette for overgrep, tvang, forfølging og diskriminering. Ein vert òg kjend med korleis taterkulturen endra seg gjennom hundreåret; om korleis dei tilpassa seg storsamfunnet og om den gradvise utvatninga av kulturen som har funne stad. 

Romantrilogien vert rekna som "eit litterært monument over romanifolket i Noreg". Med desse bøkene vart forfattaren tildelt ytringsfridomsprisen Ossietzkyprisen i 2000. Noko som i høgste grad var fortent. Tater- og romanifolket og kulturen deira var i lange tider undertrykt, krenka, forakta og frykta - og ei skriftleg nedskriven historie har mangla. Så ein kan sei at det var på høg tid at dette folket fekk ei stemme. 

Sangen om løpende hester er altså tredje og avsluttande del av trilogien. Boka kom ut fyrste gong i 1999 og er rett og slett ei fantastisk leseoppleving. Det same er dei føregåande bøkene De som ser etter tegn og De usynliges by. Forutan å fortelja om enkeltfamiliar, enkeltpersonar og skjebnar, byr Britt Karin Larsen på mengder av sitatvenlege vendingar. For eksempel:
Det vakreste i livet, er det det som øyet kan se, eller øret kan høre? Er det det som en hånd kan finne og røre ved? Eller finnes det ingenting vakrere her på jorda, kanskje, enn tanken som formes av lengselen, sulten etter det vakre?

 Er det ikkje vakkert? 

Og er ikkje framsidebiletet fint? Det viser seg at det er eit utsnitt av eit bilete teke i Sverige i 1922 av ein omreisande bygdefotograf. Etter nokre nettsøk fann eg også namna på dei fotograferte. Ein ser kor stolt denne kvinna (Sofia Axelina Johansson f. Wiberg 1899-1978) viser fram barnet sitt (Karl Artur Torwald Johansson 1920-1970). Mannen til venstre er bror hennar Nils Reinhold Gudbrand Wiberg 1901-? og han som held kjerra er mannen hennar "Snus Oskar" Karl Oskar Gottfrid Johansson 1890-1971. Les meir her. 

Me har ei mørk historie når det gjeld handsaminga av taterfolk, romfolk og reisande, både her i landet og andre stader. Det gjer difor av og til nesten fysisk vondt å lesa denne trilogien. Britt Karin Larsen fortel med ekte engasjement, utan å gjera det sentimentalt og utan å vera dømmande. Men enkelte gonger kan ein ana harmen og sorga bak dei nøkterne skildringane. 

Sangen om løpende hester er ei sterk avslutning av ein gripande og lærerik trilogi. Bøkene fortel om familie og generasjonar, om kjærleik og hat, om stoltheit og skam, om liv og død. Dessutan får me ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år.

Boka har mange forteljarstemmer som ein berre får glimt av medan andre får større plass. I tillegg finst det ei svevande, samlande og allvitande forteljarstemme som driv handlinga framover.
Av og til går ein litt i surr i alle personane, familiane og stemmene, men eg fann ut at eg ikkje skulle henga meg så opp i kven som var i slekt med kven og kven som sa og gjorde kva og når.
Det luraste er å lata forteljinga gå sin gang og å lata seg flyta med. 

Lydbokversjonen kan verkeleg anbefalast. Kjersti Borchgrevink Maagerø les på ein framifrå måte.

12. november 2019

Kort om: Regnmakeren av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2019
233 sider
Lånt papirbok biblioteket

Gert Nygårdshaug har laga ei ny frittståande forteljing om urmakar Melkior Mussenden, kona hans Mathilde og dei andre innbyggarane i den idylliske namnlause landsbyen. Det er det same universet som vart skildra i Klokkemakeren og Nøkkelmakeren og tematikken er òg mykje av det same: Det enkle liv med enkle gleder. Tiden med stor T og liten t. Arroganse frå storsamfunn og byråkrati. Og bak det heile; eit fokus på bærekraft, naturressursar, miljø og klima.

Handlinga i boka er enkel og moralen høg. Ein finn sær humor, artige skildringar og karikerte karakterar. Om ein les Regnmakeren før eller etter dei to tidlegare bøkene er uvesentleg, for i denne bokserien spelar ikkje kronologi noko rolle. Nygårdshaug snur ofte opp/ned og bak/fram på tid og rom.

Urmakar Mussenden held seg oppdatert i det som skjer takka vere jamnlege turar til vertshuset Den Gyldne Aks der han møter dei andre medlemmene av Dueskytterforeningen. Her vert det som vanleg filosofert og fabulert medan medlemmene inntek rugbrødskiver med fleskepølse og genever.

Landsbyen er eit slags Kardemomme by-samfunn. Her er alle snille og hjelpsame med kvarandre, her finst lite moderne teknologi, her nyter ein god mat og gode samtalar. Her er det plass til og omtanke for ein stadig aukande mengde av tilflyttarar og innvandrarar. Og her regnar det. Kvar natt kjem ei forfriskande regnskur og kvar dag skin sola. Kornavlingane er rekordhøge og insekta har det bra. Overalt i landet elles er ein plaga med langvarig tørke, så det besynderlege meteorologiske fenomenet vert lagt merke til av Etaten, Staten og Hierarkiet. Dermed kjem Etaten på besøk, og han bestemmer seg for å bli verande i landsbyen. Kva kjem til å skje dersom Staten kjem? Vert Den Mektige Allierte involvert?

Boka er skiven i eit snirklete språk, noko som kler forteljinga. Dialogane er oppramsande og teiknsetjinga er alternativ, - og dette kan by på litt utfordringar for lesaren. I alle fall må ein ha god tid når ein les. Dei 233 sidene går ikkje unna i ein fei, for å sei det slik. Ein kan flira og humra av Nygårdshaug sine utlegningar, overdrivingar og skråblikk, men av og til set humringa seg fast i halsen. Det er sjølvsagt eit alvor bak den muntre forteljinga.

For å ha glede av Regnmakeren må du ha humoristisk sans og vera open for enkelte surrealistiske krumspring og urealistiske hendingar. Det er óg ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap.
Eg koste meg med boka og tykte innhaldet var både fornøyeleg og til ettertanke. Alle gjentakingane og alt det overtydelege trekker likevel ned heilskapsinntrykket.

13. mars 2017

Samleinnlegg: Litt meir vinterlesing

Kalendaren seier mars og fyrste vårmånad, men temperatur og andre verforhold seier fortsatt vinter. Her kjem eit nytt samleinnlegg der eg kort omtalar nokre av bøkene eg har lest i det siste.


Gjensynet av Knut Faldbakken
Gyldendal 2016
399 sider, lånt ebok eBokBib

Gjensynet er bok nummer ni i krimserien med den stødige og sympatiske politimannen Jonfinn Valmann ved Hamar politikammer. Serien kan seiast å vera kvardagskrim eller småbykrim: Her dreiar det seg ikkje om actionscener og bestialitetar, men heller om vanleg etterforskararbeid og om mellommenneskelege forhold. Karakterane, på både den eine og andre sida, er vanlege menneske med normale liv.

Det gjensynet som tittelen på boka viser til, er ein reunion og tretti års-jubileum for gymnasklassen som Valmann høyrde til. Ved forrige jubileum, for ti år sidan, skjedde det noko tragisk og kanskje mystisk, og ikkje alt vart oppklart ved det høvet. Valmann går difor gjennom ei muligens mangelfull etterforsking frå den gongen. Det går mot eit gjensyn med personar frå fortida som har litt av kvart dei ynskjer å skjula. Klarar Valmann å finna ut kva som hende? Kan han avverga at nye tragediar utspelar seg?
Boka er velskriven, lettlest og logisk oppbygd. Ho er ikkje utan nerve og uhygge, men den heilt store spenninga manglar. Terningkast 4.


Når det mørkner av Jørn Lier Horst
Gyldendal 2016
219 sider, lånt papirbok privat

William Wisting er også ein av desse trauste og truverdige krimheltane. Handlinga i bok nummer elleve i serien er lagt til 1980-talet, dvs. at me går attende i tid og møter den unge, uerfarne og ambisiøse politimannen Wisting.

WW er nybakt tvillingpappa samstundes som han får ei ny krevjande arbeidsoppgåve; den fyrste etterforskingssaka hans har forbindelsar til dramatiske hendingar som fann stad på 1920-talet. Den heile og fulle oppklaringa skjer fyrst i notid.

Boka er velskriven, handlinga er truverdig og sakleg og sjølve plottet er skrudd godt saman. Likevel er det noko som manglar, tykkjer eg. Eg blir liksom ikkje skikkeleg engasjert og interessert i det som skjer, verken i notid eller fortid. Det positive er at boka er kort og lettlest, men det vart berre ei middelmådig leseoppleving for meg. Terningkast 3.


Undergang av C. J. Sansom
Forlaget Press 2012
687 sider, lånt papirbok privat

Dette derimot - er ei mektig leseoppleving! Nesten 700 tettskrivne sider, så det tek si tid - men ein får så mykje gjennom denne historiske kriminalromanen: Underhaldning, kunnskap, spenning og flotte levande skildringar av både menneske og miljø.

Den femte romanen om advokat Matthew Shardlake er, som dei føregåande, fengande og lærerik. Handlinga er lagt til 1540-talet, og Shardlake og assistent Barak er på ein måte Tudortidas Sherlock Holmes og Dr. Watson. Også denne gongen er oppdraget deira todelt: For det fyrste skal dei finna ut av ei sak for Katherine Parr, Henrik VIII si sjette (og siste) dronning. I tillegg har Shardlake ei personleg sak som han ynskjer å finna ut av. Oppdraga skal føra Shardlake til Portsmouth og eit særdeles nært møte med krigsskipet Mary Rose.

Det er langsamt, omstendeleg og detaljert - utan at det virkar overlessa og utan at eg, som egentleg er ein litt utålmodig lesar, mistar tråden og interessa. C.J. Sansom har imponert meg nok ein gong. Terningkast 5.


Fvonk av Erlend Loe
Cappelen Damm 2011
speletid 4:32, lydbok Storytel

Til slutt - over til noko heilt anna.
Fvonk er enno ei av desse absurde Loe-romanane om ein middelaldrande frustrert mann i ubalanse både med seg sjølv, med andre og med samfunnet.
Tidvis vittig, tidvis genialt, tidvis irriterande - med andre ord ei varierande leseoppleving. Heldigvis er ikkje boka så lang. Erlend Loe er fin å høyra på, trass i at han har ei monoton stemme. Terningkast 3.