31. mars 2016

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Kim Leine - Profetene i Evighetsfjorden - Dansk/norsk roman - Lydbok Storytel

Lest i mars:
Pierre Lemaitre - Irene - Fransk krim - Lånt ebok, eBokBib
Håkan Nesser - Elleve dager i Berlin - Svensk roman - Lytteeksemplar
Geir Hasle - Isens menn - Dokumentar/polarhistorie - Lånt papirbok biblioteket
Torkil Damhaug - En femte årstid - Norsk krim - eBokBib
Bernhard Borge (André Bjerke) - De dødes tjern - Norsk klassisk krim, 1001-bok - Lånt ebok, bokhylla.no
Hjorth og Rosenfeldt - Ikke bestått - Svensk krim - Lytteeksemplar
Frits de Bourg - Dødens elv - Norsk krim - Lånt papirbok
Håkan Nesser - Alois - Svensk (kort)roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i april: (!)
Hilary Mantel - Ulvetid - Britisk historisk roman -  Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Jørgen Brekke - Paradisplaneten - Norsk krim - eBokBib


Oppsummert:
  • 3 ebøker, 4 lyd, 2 papir
  • 5 lånt, 2 abonnement (Storytel), 2 lytteeksemplar
  • 5 krimromanar, 3 andre romanar, 1 sakprosa
  • 4 norske, 3 svenske, 1 dansknorsk, 1 fransk 
  • 9 menn, 0 kvinner (med unnatak av Hilary Mantel som blir med meg over i neste månad)
  • "Nye" forfattarar: Mantel, Hasle, de Bourg

Trass i påskefri vart det færre bøker enn normalt i mars - men dei bøkene eg las var alle gode/brukbare leseopplevingar, så difor er eg nøgd med "innsatsen" - og eg er i rute i høve lesemåla for året.
Lånetida for Ulvetid er forlenga - denne historiske romanen vart eit uvanleg langvarig prosjekt - men eg likar boka - og ho skal lesast ut i løpet av medio april.

Månadens høgdepunkt vart Profetene i Evighetsfjorden og Damhaug sin nye og eminente krimthriller En femte årstid. Begge gjorde inntrykk, kvar på sin måte. Irène var også ei svært god bok, men sidan eg las Irène og Alex i feil rekkefølge, vart ikkje leseopplevinga så bra som ho kunne ha vore.

Månadens nedtur vart gjenlesinga av klassikaren De dødes tjern. Denne gongen var den pirrande uhyggekjensla og spenninga som eg hugsar frå tidlegare - heilt fråverande. Eg vart overraska og skuffa over dette og kan ikkje heilt forklara det. Men det er lenge sidan sist eg las boka, og ein har jo i løpet av den tida som har gått fått med seg utallige og varierande leseopplevingar og -erfaringar. Slik som eg hugsar De dødes tjern frå tidlegare, var boka ei klar Terningkast 6-leseoppleving. Denne gongen vart det kun 4 prikkar på terningen.
Eg hadde planar om å lesa Enhjørningen av Bjerke i løpet av påsken også, men den vart lagt vekk på grunn av at De dødes tjern ikkje fenga meg noko særleg.

21. mars 2016

Bokomtale: Elleve dager i Berlin av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2016
Speletid: 8:26
Opplesar: Morten Røhrt
Lytteeksemplar


Håkan Nesser avsluttar det han kallar storby-trilogien med denne boka. Dei føregåande bøkene er Carmine Street (som har handling frå New York) og den påfølgjande Himmel over London.

Elleve dager i Berlin er ei heilt anna type bok. Dette er "en saga för barn över arton år i Tage Danielssons och Astrid Lindgrens efterföljd" som det heiter på forfattaren si eiga nettside.
Dette er historia om Arne Murberg sitt eventyr i Berlin. Arne er ein Forrest Gump-liknande person; ein velmeinande, naiv, lettare tilbakeståande og noko sosialt funksjonshemma mann. Nesser skildrar han med forståing, ømheit, kjærleik og nærleik.

I opningsscenen i boka møter me Arne på dødsleiet til far sin. Då får han vita at mora hans, som han i alle år har trudd har vore død, lever. Arne får i oppdrag å reisa til Berlin for å finna mora og å gje henne eit skrin med eit hemmeleg innhald. Trass i at Arne har begrensa ressursar på både den eine og andre måten, går ferda vidare til Berlin - men fyrst etter førebuingar, formaningar og litt tyskopplæring frå onkel Lennart si side.

Etter kvart får lesaren møta to andre handlingstrådar og personar: Den heilsprø og onde professoren Anatolis Litvinas og den snille, kloke og einsame rullestolbrukaren Beate Bittner. Etter kvart skal desse tre personane (og trådane) møtast. I tillegg møter me eit ungt par frå ei fjern fortid; frå den gongen ein brende hekser på bål. Akkurat den tråden er - i mine auge - noko uklar.

Boka er underhaldande og koseleg, der humoren har ein sår undertone. Språkleg sett er det ein fryd å lesa, trass i dei gammaldagse uttrykka og dei finurlege formuleringane - men dette er no eingong eitt av Nesser sine "varemerke". Eg humra meg gjennom mange av Arne Murberg sine funderingar, gjeremål og språklege forvirringar i storbyen Berlin. Kjøpet av eit par gule sko, møtet med ei due som får namnet Evert Taube og samtalane med liksomvenen Perry Mason er fornøyeleg lesing.
Personskildringane er strålande, som alltid frå Nesser: Arne si sorg, einsemd og lengsel er skildra med innleving og varme. Skildringa av venskapet og den gryande kjærleiken mellom Arne og Beate er truverdig og inderleg.

Skrivestilen og forteljarmåten i Elleve dager i London minner om den som ein finn i dei to frittståande romanane Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla og Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen av same forfattar - men denne boka "manglar" krimelementet som var så vesentleg i dei to bøkene.

Eg likte forsåvidt denne boka; det er ei søt, lettlest og hyggeleg leseoppleving - ei bok som byr på "gode kjensler" - altså ein feelgood-roman. Opplesar Morten Røhrt gjer også ein storarta jobb. Han har ein litt barnsleg måte å lesa på som passar til Arne si undrande forteljarstemme i boka.

Men -
eg hadde nok forventa meg noko meir og noko anna frå Nesser si side. Det som gjer meg mest betenkt og skeptisk er når handlinga går tilbake i tid og Nesser introduserer ein slags alternativ verden - i reinaste Murakami-stil. Eg meiner; eg kan godta at Haruki Murakami skriv om parallelle univers - men eg finn det vanskeleg når Håkan Nesser gjer det same. Eg dett av lasset, rett og slett. Eg finn heller ingen klar bodskap i denne forteljinga - men kan hende har ikkje Nesser hatt noko motiv ut over det å laga ei god forteljing - om det gode og det onde, om å skapa litt underhaldning - og litt magi?
Eg vart altså ein smule skuffa over (deler av) handlinga - så denne boka får difor ikkje toppkarakter frå meg.

14. mars 2016

Kort om: Irène av Pierre Lemaitre

Aschehoug 2016
413 sider
Lånt ebok, eBokBib

Dette er fyrste bok i ein trilogi. Av ein eller annan merkeleg grunn var det bok nummer to, Alex, som kom ut fyrst her i landet. Eg las Alex i fjor og difor kjende eg til ein av dei viktigaste poenga/plotta i denne boka - og det førte til at leseopplevinga mi ikkje vart fullt så god som den kunne ha vore. Så har du planar om å lesa denne bokserien, start for all del med Irène.

Når det er sagt; Irène er ei svært god bok. Handlinga er sterk, barsk, mørk og blodig. Ho inneheld svært sterke scener - men måten alt er framstilt på og heng saman på gjer at eg likevel kan anbefala boka. Dersom du då tåler å lesa detaljerte skildringar av mord som kan assosierast med Jack the Ripper eller American Psycho...
Og sjølv om eg altså vart snytt for den største overraskinga i og med at eg las bøkene i feil rekkefølge, vart eg - ja, overraska. Fleire gonger faktisk - og når boka i byrjinga av andre del tek ein annan retning enn tidlegare, fekk eg det som gjerne kallast bakoversveis - og det likte eg!

Gjennomgangsfigur, hovudperson og den sentrale forteljarstemma er kriminalkommisær Camille Verhoeven. Han har eit handicap sidan han berre er 145 cm høg - men han har stor autoritet i si sentrale rolle i Paris-politiet. Med kløkt, intelligens og intuisjon leiar han drapsavdelinga han har ansvaret for. I privatlivet har han det godt; han er relativt nygift med vakre Irène som ventar deira fyrste barn.

Idyllen vert avbroten når Camille og medarbeidarane hans får to bestialske drapssaker i hendene. Mordaren har torturert, valdteke og skamfert ofra sine på uhyggeleg og gjennomtenkt vis - og etterlate seg ein signatur som viser til tidlegare uoppklarte saker. Det viser seg at mordaren har kopiert drap og drapsmetodar frå berømte kriminalromanar - men politiet og Camille har elles lite å gå etter. I tillegg vert etterforskarane og etterforskinga forstyrra av at media er unormalt godt orienterte om saksdetaljane.

Irène er ein uhyre velskriven, skremmande og original kriminalroman med eit rikt og utspekulert plott og svært fascinerande karakterar. Det er vanskeleg å leggja boka frå seg fordi ho er så full av nerve: Spenninga stig til utrulege høgder i den thrilleraktige avslutninga. Sjølv om eg altså var klar over (noko av) det som skulle komma til å skje, vart det så nervepirrande at eg kjende det godt - i heile meg - og lenge etterpå.

11. mars 2016

3 x Island og 1 x Grønland

Det har blitt "ein del Island" på meg i det siste. Og sanneleg vart det "litt Grønland" også..

Frihet, likhet, Island av Mímir Kristjánsson
Forlaget Manifest 2015
230 sider, eBokBib

Eg humra ofte og mykje då eg las denne. Kristjánsson brukar ein humoristisk penn når han fortel om seriøse ting som si eiga 30-årskrise og den islandske finanskrisa. Boka er velskriven og sitatvenleg.

Denne norske forfattaren med det svært så islandsk-klingande namnet hadde aldri budd på Island, men som halvt islending og sidan han var arbeidsledig, vart det naturleg å ta eit lengre opphald på sagaøya. Han skriv om ver og vind, vulkanutbrot og askeskyer, finansakrobatikk og bankkrise, turistliv og reiseliv, avfolking og sentralisering, uteliv og mat, språk og litteratur. Han fortel om det som sameinar og det som er skilnaden på det islandske og det norske. Han skildrar også sine eigne tankar rundt dette med fridom, einsemd, røtter og familie.
Eg tykkjer at forfattaren er i overkant fokusert på sin eigen navle, men meiner også at det er godt gjort å få fletta inn dette saman med historieundervisning, reisetips og reiseskildringar. Terningkast 4.


DNA av Yrsa Sigurðardóttir
Kagge forlag 2016
472 sider, eBokBib

Eg har stor sans for Sigurðardóttir sin skrivestil, men mislikar sterkt dei overnaturlege elementa som ho ofte pleier å ta med. I akkurat denne boka har ikkje spøkelsar og vetter nokon påtrengande plass, heldigvis.
DNA er (likevel) ei skikkeleg creepy historie, full av driv og spenning. Handlinga og skildringane er tidvis grusomme og ubehagelege, men stadige scene- og perspektivskift gjer at ein held ut - og må lesa litt meir - og litt meir - og plutseleg har ein lest ut heile boka.
Det handlar om at to ulike kvinner vert tekne av dage på ein spesielt motbydeleg måte. Frå kvar sin kant prøver politiet, ein barnepsykolog og ein radioamatør å finna ut av det som har skjedd. Sentrale stikkord for handlinga elles er, som ein kan skjønna av omslagsbilete og tittel, gaffatape og DNA-spor.
Sigurðardottir har levert ein pageturner som tek enkelte uventa vendingar - men eg er overtydd om at boka hadde blitt enno betre med ei strammare redigering. Eg irriterar meg over mykje pjatt om banale ting.
Terningkast 4+.


Skuggasund av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2015
Speletid 9:01, biblioteklånt lydbok

Ein veit kva ein får når ein les krimbøkene til Indriðason: Langsam handling, stemningsfulle skildringar og møysommelege forklaringar. Så også i denne nye boka der ein får møta ein litt annan etterforskartype enn i Erlendur Sveinsson-serien.
To parallelle historiar vert fletta saman; eit drap på ein gammal mann i notid har forgreiningar og samband med ei drapssak og ei forsvinningssak frå krigens dagar. Boka er slett ikkje så verst, men er noko treg og litt slitsamt repeterande.
Lasse Lindtner si stemme passar godt til innhaldet i boka. Terningkast 4-.


Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine
Cappelen Damm 2012
Speletid 21:46, lydbok Storytel

For ei bok! Heile vegen, frå og med den dramatiske prologen, gjennom den omfattande forteljinga og til den uventa epilogen vart eg liksom "sugd inn" i denne formidable historiske romanen.

Dette er den andre boka eg les av Leine, og på nytt vart eg fullstendig bergtatt. Han har ein heilt særeigen måte å skriva på; intenst, frodig og ekte. Forfattaren vart tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for denne boka i 2013. Høgst fortent, - det ser eg no, når eg omsider har fått lest boka.

Handlinga er lagt til Danmark og Grønland på slutten av 1700-talet. Hovudperson er den norskætta motvillige presten Morten Pedersen, som etter kvart tek etternamnet Falck. Gjennom teologistudenten sine auge får me oppleva eit Kongens København som er både opplyst og grotesk - og Morten sjølv observerer og deltek i synd - i fleire ulike former. Seinare går ferda til Grønland der målet er å frelsa "dei ville". Men det skal syna seg at det egentleg er dei danske koloniherrane som er syndige og som oppfører seg "usivilisert". Leine syner korleis dei bibelske lovene vert brotne, eitt for eitt. Og pastor Falck vert etter kvart sett i ein umuleg situasjon.
Det er skildringa frå kolonien på Grønland som gjev meg som lesar mest inntrykk. Ein får høyra om nauda, kulden, brutaliteten, epidemiane, stanken, skitten - og me får det ubehageleg nært. "Hvis det finnes en pris i å beskrive død og fordervelse, bør den gå til Leine" heiter det i bokmeldinga i Dagbladet, - og det er eit poeng: Boka er ikkje for sarte sjeler og dårlege magar. Men - set du pris på at ei bok inneheld levande skildringar og at ho gir deg "puls", får du ei særs god leseoppleving.

Forfattaren har utført eit omfattande researcharbeid og har budd på Grønland i 15 år. Det gjer at stader, karakterar og hendingar framstår som truverdige og autentiske. Boka er velkomponert, lærerik og er slett ikkje utan humor. Sarkastisk og mørk humor.
Anders Ribu er "som skapt" som opplesar av dei store forteljingane - og når det gjeld Profetene i Evighetsfjorden gjer han ein ny god jobb: Lydboka toppar leseopplevinga mi - og gjer at eg konkluderer med eit
Terningkast 6.

3. mars 2016

Kort om: Rein og Barins triangel av Håkan Nesser

Håkan Nesser er ein av mine favorittforfattarar og eg har forlengst lest alle bøkene hans som er utgitt på norsk. I dag kjem den nyaste Elleve dager i Berlin ut - og eg ser sjølvsagt fram til å lesa den. Som ei "oppvarming" har eg nyleg lytta til ei svensk lydbok; det er forfattaren sjølv som les boka med den merkelege tittelen Rein.

Barins triangel er ein roman frå 1996 som består av tre deler: Rein, Alois og Marr. I 2010 las Nesser inn desse tre delene enkeltvis. Dei tre forteljingane handlar alle om einsame menn i ei eller annan form for livskrise; menn utsette for og/eller skuldige i merkelege saker. Barins triangel er ikkje utgitt i Noreg, verken samla eller kvar for seg.

I Rein er det oversetjaren David Möerk som er hovudperson. Ein kveld medan han høyrer på ein radiosend konsert høyrer han eit host frå publikum. David er ikkje i tvil; det var kona hans Ewa som hosta. Ewa - som har vore forsvunnen i tre år! Ewa - som hadde vore utru og var i ferd med å forlata David då ho vart vekke. Ewa - som er død. Eller?

Kort tid etter får David eit spesielt oversetjar-oppdrag. Den berømte forfattaren Germund Rein er død og har etterlate seg eit merkeleg manuskript. David reiser til Rein sin heimby som også er byen den spesielle radiokonserten vart innspelt i.
Arbeidet med Rein sitt manuskript, leitinga etter Ewa, samt frynsete nervar og eit betydeleg alkoholinntak gjer etter kvart David sitt liv til eit mareritt. Er han skuld i det sjølv - eller er det andre som vil øydeleggja livet hans?

Den nesserske stilen er lett å kjenna igjen i Rein. Nesser er her, som i dei fleste andre bøkene sine: elegant, underfundig, filosofisk, sær, melankolsk. Som i Van Veeteren-serien er handlinga lagt til ein fiktiv by i eit uidentifisert sentraleuropeisk land. (Då Barins triangel kom ut, hadde Nesser berre skrive tre av bøkene i dekalogien med handling frå Maardam)

I tillegg til at Håkan Nesser er ein glimrande forfattar, er han også er ein særs dyktig opplesar. Han har ei behageleg og mørk stemme med tydeleg diksjon. Det siste er viktig når ein ikkje skjønnar absolutt alt som blir sagt. For sjølv om ein forstår svensk i utgangspunktet, er ein kanskje ikkje så vant til å lesa eller verkeleg lytta til språket. Rein er dessutan ei spesiell bok - og noko utfordrande å lytta til av den grunn. Lydboka varer egentleg berre i vel fem timar, men eg har nok brukt dobbelt så lang tid. Enkelte avsnitt fekk eg ikkje tak i ved fyrste gongs lytting; då vart det å stoppa opp, tenkja seg om, evt. sjekka med oversetjarverktøy - og ta det på nytt igjen. Difor kan ein sei at eg har lest denne boka ekstra grundig.

Barins triangel vert stundom kalla for ein däckare: ein kriminalroman, - andre gonger for ein roman. Eg vel å kalla det ein roman som har innlagde mysterie- og krimelement.
Eg kan anbefala Rein til alle som er glade i Nesser sitt forfattarskap. Sjølv er eg veldig nøgd med at eg oppdaga denne litt merkelege - men velskrivne - boka. Alois og Marr skal lesast, dvs. lyttast til, ved høve. Alle tre delene av Barins triangel er tilgjengelege på Storytel.