Viser innlegg med etiketten Jan Mehlum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jan Mehlum. Vis alle innlegg

5. februar 2026

Norsk krim 2025 del 3

Ny samleomtale som gjeld krim som kom ut i fjor. Alle bøkene er av svært røynde forfattarar og alle del av seriar. Og alle er etter mi meining i kategorien god grei krim.

Les også: 
Norsk krim 2025 del 1
Norsk krim 2025 del 2

Inn i mørket av Jan Mehlum
Gyldendal 2025
334 sider
Lånt papirbok biblioteket 

Bok nummer 23(!) om advokat Svend Foyn i Tønsberg - og 81-åringen Mehlum leverer framleis, på ein imponerande måte.

Innleiingsvis finn Foyn ein død person, og som alltid blandar han seg inn i saka. Han oppdagar etter kvart manglande etterforsking frå politiet si side og bestemmer seg for å snusa rundt. I samband med det fartar han mellom Tønsberg og Oslo og det blir óg ein snartur til København. 

Inn i mørket er ein velskriven kriminalroman, kanskje ikkje heilt på høgde med dei beste bøkene i serien, men likevel veldig bra. Mehlum har ein stødig penn, er oppteken av aktuelle saker og krydrar det heile med mørk humor og slagferdige replikkar. Han set dessutan søkelys på aktuelle samfunnsutfordringar. I denne boka skriv han m.a. om æreskriminalitet og politivald, og han kjem med ein krass (og velfortent) kritikk av NNPF.
Terningkast 4+.

Narrespill av Jørgen Jæger
Bonnier norsk forlag 2025
379 sider
Lånt papirbok privat

Det er som regel triveleg å besøka Fjellberghavn og Ole Vik. Det er det også i den 15. boka i serien, sjølv om veret er dårleg og sjølv om det skjer dramatiske og tragiske ting.

Ole Vik-serien er blitt svært populær, og det er ikkje så rart. Bøkene er lettleste og hovudpersonane Ole Vik og Cecilie Hopen er svært sympatiske.
Eit anna positivt trekk er at forfattaren flettar inn aktuelle saker og tema i handlinga. Den eine tråden i Narrespill er om transnasjonal diskriminering og undertrykking, eit tema eg ikkje visste noko særleg om på førehand. 

På plussida: Raske sceneskift, skiftande perspektiv og bra spenningsoppbygging. På minussida: Gjentakingar og overforklaringar. Konklusjon: Terningkast 4.


Her kommer natten av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Gyldendal 2025
364 sider
Lånt ebok BookBites

Omsider kom den fjerde boka i Edvard Matre-serien, - den forrige kom ut i 2014. Det vil sei; Matre har dukka opp i den andre serien til Tvedt (Mikael Brenne), og likeeins har Brenne ei birolle i Her kommer natten. 

Edvard Matre har forlate Kripos og flytta tilbake til heimbyen Bergen og jobb i politiet der. Saka som er mest sentral i denne boka er drapet på ein kontroversiell lagdommar. Kven kan ha hatt motiv for ugjerninga? Det viser seg at det kan vera mange.

Her kommer natten er, som tittelen indikerer, ei ganske mørk forteljing. Det er ei bra bok som fortener fleire lesarar og meir merksemd enn ho har fått.
Terningkast 4+.

Ulvestuen av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2025
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Den 11. boka i Anton Brekke-serien er også grei krim. Denne gongen har forfattaren nytta seg av eit anna forteljargrep enn tidlegare, og det funkar bra. Medan Brekke og Magnus Torp er på farten i notid, fortel Brekke om ei heilt spesiell uoppklart drapssak frå 2002. Det er denne saka som er hovudforteljinga i boka. 

Det er interessant å få bli kjent med ein talentfull ung Brekke, som den gongen ikkje var fullt så sær og kynisk - men som alt hadde sine utfordringar. 

Boka er ein type puslespelkrim. Forfattaren legg ut mengder av spor og villspor, og det vart aldri tydeleg for denne lesar kva som var løysinga og kven som var gjerningsperson.
Lydbok anbefalast. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningskast 4+.

31. desember 2025

Oppsummering desember 25 og årsstatistikk

Påbyrja i november, fullført i desember:
Terje Bjøranger - Taperen (Charlie Robertsen #6) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arnaldur Indriðason - Kongen og klokkemakeren - Islandsk historisk roman - Lyd Storytel

Lese i desember: 
Odd Nordstoga - Spelemann - Norsk sjølvbiografi - Lyd Storytel
Levi Henriksen - Snø vil falle over snø som har falt - Norsk roman - Lyd Storytel [gjenlesing]
Aslak Nore - Alliansen - Norsk spenningsroman - Lånt ebok BookBites
Jan-Erik Fjell - Ulvestuen - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Åge Aleksandersen og Levi Henriksen - Lørdagsbarn - Norsk dokumentar/biografi - Lånt lydbok BookBites
Edvard Elsrud - Berte Skrukkefyllhaugen - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Inn i mørket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Tore Skeie - Hardråde - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Levi Henriksen - Lyset de døde ser - Norsk roman - Lånt papirbok privat

6 lyd, 2 ebøker, 1 papir
5 lånt, 4 abonnement
4 krim, 2 andre romanar, 3 biografiar
8 norske, 1 islandsk
Nye forfattarar: Elsrud

Levi Henriksen vart månadens forfattar for meg. Eg las den fine Snø vil falle over snø som har falt for tredje gong (i bloggtid faktisk, det seier litt om kor god boka er) og har no i romjula starta lesing av oppfølgjaren Lyset de døde ser.
Dessutan oppdaga eg plutseleg at Henriksen har skrive bok saman med Åge Aleksandersen! Eg er glad i dei begge, og Lørdagsbarn vart ei særs fin leseoppleving der Åge fortel og Levi formidlar. Av Åge sine mange sangar og album har dei to (eg reknar med at dei har samarbeidd) plukka ut 21 sangar. Nokre velkjende, andre ikkje fullt så kjende og nokre heilt ukjende for folk flest.

Odd Nordstoga er ein triveleg kar. Triveleg er òg sjølvbiografien hans, spesielt sidan han les lydboka sjølv. Ein annan interessant biografi/dokumentar er historia om Vassfaret og Berte Skrukkefyllhaugen. Artig namn, tykkjer du kanskje? Javisst, Skrukkefyllhaugen vart i 2022 kåra til det artigaste stadnamnet i landet. På det meste var det 12 bruk i Vassfaret, den siste garden vart fråflytta i 1914 og Berte (1854 - 1950) var ein av dei siste fastbuande der. Boka kom ut fyrste gong i 1980.

Arnaldur Indriðason har med Kongen og klokkemakeren forlate krimsjangeren og gitt ut ein historisk roman. Boka skal ha fått god mottaking av anmeldarar, sjølv er eg meir lunken. Historia er ikkje uinteressant, men boka ville blitt betre med ei oppstramming.

Taperen (Bjøranger) og Alliansen (Nore) er alt omtalt og når det gjeld Ulvestuen (Fjell) og Inn i mørket (Mehlum) viser eg til ein kommande samleomtale. 

No ved årsskiftet har eg atter ein gong "hamna i" vikingtida. Eg les Hardråde, Tore Skeie si nyaste bok. Dette er veldig interessant lesing for alle som er fascinerte av vikingtid og middelalder. Forfattaren er ein veldig dyktig formidlar - og eg er minst like begeistra for Hardråde som for Hvitekrist. 

Kort årsstatistikk
(Fjorårets tal i parentes)

  • 102 (96)bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 68 (63) krim- og spenningsromanar
    - 8 (12) andre romanar
    - 26 (19) sakprosa
  • 67 (55) lydbøker, 19 (26) ebøker, 16 (13) papirbøker
  • 50 (50) lånt, 39 (42) Storytel-abonnement, 9 (1) kjøpt, 3 (3) fått, 1 (0) leseeksemplar
  • 15 (15) utgitt før 2011, 59 (43) utgitt 2011-2024, 28 (37) utgitt i år (av dei 17 (20) norske).

  • 50 norske, 26 svenske, 11 britiske, 7 islandske, 2 danske, 2 finske, 2 australske, 1 fransk, 1 kanadisk.
  • Terningkast: 46 5'arar, 49 4'arar og 7 3'arar
  • 24 "nye" forfattarar
  • 67 menn, 46 kvinner (dvs. 11 bøker skrivne av forfattarar av begge kjønn. Det var m.a.o. Maj Sjöwall som bidrog til at kjønnsfordelinga ikkje vart så skeiv som normalt i 2025)

Kort årsoppsummering

Eg las altså litt fleire bøker i 2025 enn i 2024, men blogging og omtalar har det blitt mindre av. Dette er det 27. blogginnlegget i år, noko som er all-time low. Men eg har verken lese- eller skrivevegring, eg berre prioriterer (fri)tida mi annleis enn før, - så eg kjem til å halda fram (litt) med blogging.
Eg kjem òg til å halda fram med å lesa etter innfallsmetoden og lystprinsippet, avgrensa av kva som er tilgjengeleg av lån og abonnement til ei kvar tid. 

Ynskjer alle eit godt nytt år!

5. august 2023

Norsk krim 2023 del 1

Eg er som vanleg bakpå når det gjeld bokomtalar. Å laga samleomtalar er (eit forsøk på) å gjera det smart og effektivt. 


Hitra av Samuel Bjørk
Bonnier norsk forlag 2023
504 sider
Lånt ebok BookBites 

- Samuel Bjørk er krimforfatter-pseudonymet til Frode Sander Øien.
 - I bok nummer 6 i serien om Mia Krüger og Holger Munch er handlinga lagt til - nettopp; Hitra. Difor litt meir bygdekrim-preg enn dei foregåande bøkene. 
 - Mia har trekt seg attende til øya etter å ha sagt opp etterforskarstillinga si. Ein dag får ho besøk av ei lita jente som ber henne finna leikekameraten som forsvann for ei tid tilbake.
- Så skjer eit brutalt drap på Hitra - og Munch entrar scena. Det litt skakke etterforskarparet er i gang igjen. Dei to kommuniserer og samarbeider på ein særeigen måte. 
- Langsam skrivestil, intrikat plott og eit truverdig og rikt persongalleri. Ei leseverdig (men kanskje litt for lang) bok.
 - Terningkast 5-.

666 av Tom Egeland
Bonnier norsk forlag 2023
509 sider
Lånt papirbok privat

 - Bok nummer 11 i Bjørn Beltø-serien - og eg vart atter ein gong sjarmert av denne antihelten. Desse bøkene har tonnevis med sjarm og kilovis med ironi, noko eg likar godt.
 - Som vanleg handlar det om kodar, mystikk og gamle dokument. Om Bjørn Beltø som leitar og leitar og om skumle typar som leitar og jaktar på Beltø. 
 - Rett og slett ei svært spennande og underhaldande eventyrbok.
 - Prikken over i-en (eller det som hevar boka frå ein 4'ar til ein 5'ar) er det omfattande etterordet/oppslagsverket på slutten av sjølve boka. Som alltid er det forbausande mykje av det som vert fortalt historisk og vitenskapeleg korrekt.
- Terningkast 5-.


Etterpå er vi alle kloke av Jan Mehlum
Gyldendal 2023
346 sider
Lånt ebok BookBites

 - Advokat Svend Foyn er ein gammal favoritt, og Mehlum skuffa ikkje no heller, men han har vore både betre og skarpare ved tidlegare høve. 
 - Eg likar den ironisk-melankolske skrivestilen, ein stil Mehlum har til felles med t.d. Gunnar Staalesen og Haakan Nesser.
 - Bok nummer 21(!) i serien. Det er verkeleg imponerande!
 - Hulda og Salvesen er borte, men jaguaren og Mørk er framleis i live. 
 - Aktuell tematikk: Justismord. Samanlikninga med Baneheia-dømte Viggo Kristiansen si sak er til ettertanke.
 - Terningkast 4+.


Den som hengir seg til djevelen av Lars Helle

Liv forlag 2023
484 sider
Lånt ebok BookBites

 - Det er mange år sidan eg har lest noko av denne forfattaren, og det var òg ein heilt annan krimserie. 
 - Hovudperson og protagonist er krimforfattaren Kurt Stille og dette er bok nummer 3 i serien. Det gjekk greit å lesa denne utan å ha lest dei to foregåande. 
 - Handlar om tidlegare tiders og dagens form for heksejakt. Samanlikninga er litt søkt. 
 - Bra bok, men burde vore strammare redigert. Det vart mange overforklaringar og gjentakingar. Dessutan er uhyggestemninga noko påklistra.
 - Terningkast 4.


Passasjeren av Sven Petter Næss
Aschehoug 2023
267 sider
Lånt ebok BookBites

 - 4. bok i serien om Harinder Singh, som no jobbar i ei anna avdeling enn tidlegare.
 - Denne gongen etterforskar Singh ei sak der ein taxisjåfør er blitt drept. Alt tyder på at den siste passasjeren i taxien er den skuldige. Men kven er vedkommande?
 - Solid og tilsynelatande truverdig etterforskarkrim.
 - Motivet for drapet er å finna i ei ulykke i fortida. Også dette framstår som truverdig.
 - Etter ein noko treg start vart det ei grei leseoppleving: Lettlest, oversiktleg og logisk oppbygging. 
 - Terningkast 4.



31. juli 2023

Oppsummering juli 23

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Kurt Aust - Hjertets mørke - Historisk krim/roman - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Etterpå er vi alle kloke - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i juli:
Ingrid Berglund - Den svarte svanen - Norsk krim - Lyd Storytel
Lars Helle - Den som hengir seg til djevelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørn Lier Horst - Forræderen - Norsk krim - Lyd Storytel
Yrsa Sigurðardóttir - Byttedyr - Islandsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Karsten Alnæs - Norske konger på 200 sider - Norsk dokumentar/fakta - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - Afrika på 200 sider - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
Jens Kihl - Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om - Norsk biografi - Lyd Storytel
Frode Grytten - Garasjeland - Norsk novellesamling - Lånt ebok BookBites
Katrine Engberg - Det brennende bladet - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Jens Henrik Jensen - Kullmannen - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Espen Skjerven - Kleptokratiet - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

6 lyd, 2 papir, 3 ebøker
6 lånt, 5 abonnement
6 krim,  1 historisk krim, 2 dokumentar/fakta, 1 biografi, 1 novellesamling
9 norske, 1 dansk, 1 islandsk
8 menn, 3 kvinner
Nye forfattarar: Berglund

Månadens høgdepunkt: Hjertets mørke, avslutninga av Thomas Boueberge og Petter Hortten-serien, samt Tomm Kristiansen si Afrika-bok.
Eg har lese dei fleste bøkene i den lettleste 200 sider-serien. Det har til no komme ut 10 bøker og det kjem visst stadig nye. 

Månadens nedtur: 'Byttedyr' vart eg skuffa over. Gode skildringar og velkomponert som alltid frå Yrsa, men for mykje spøkeri.

Til sist nokre ord om boka om Liv Signe Navarsete, ei bok eg omsider har fått lest etter lang ventetid på biblioteket (sidan biblioteket "mitt" ligg i heimbygda til Liv Signe, er det mange som vil lesa boka), men så vart boka plutseleg tilgjengeleg som lydbok på Storytel.
Eg er ingen senterpartist - og eg kjenner ikkje Liv Signe, men eg har møtt ho og snakka med ho fleire gonger. Ho er ei blid og hyggeleg dame, ganske ulik den tøffe/sinte politikaren ho vart framstilt som i media då ho var statsråd og SP-leiar. 
Det er elles ein heilt grei politisk biografi, ført i pennen av ein dyktig journalist. 

31. august 2022

Oppsummering august 22

Påbyrja i juli, fullført i august:
Sigbjørn Mostue - Taus savanne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jon Krakauer - Inn i villmarken - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel

Lest i august: 
Jan Mehlum - Ut av tiden - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Mimir Kristjansson - Jon Michelet - en folkets helt - Norsk biografi - Lyd Storytel
Karin Fossum - Natteløperen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Sigmund Falch - Varme hender frå Løten - Norsk humor - Lånt ebok BookBites
Sigmund Falch - For mange tommeltotter - Norsk humor - Lånt lydbok BookBites
Levi Henriksen - Tolv ord fra Oskar Maier - Norsk biografisk roman - Lyd Storytel
Peter May - En stille død - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Lotta Luxenburg - Forsvunnet - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Thomas Hylland Eriksen - Appenes planet - Norsk fakta/dokumentar - Lyd Storytel
Thor Gotaas - Norske utedoer - Norsk fakta/dokumentar - Lyd Storytel
Jan Eggum - Så langt har alt gått bra - Norsk sjølvbiografi - Lyd Storytel
David Baldacci - Sammensvergelsen - Amerikansk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Håkan Nesser - Sjakk under vulkanen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Bjørn Bakken - Lang lang rekke - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

10 lyd, 3 papir, 1 ebok
7 lånt, 7 abonnement
6 krim, 3 biografiar, 1 biografisk roman, 2 humor, 2 fakta
10 norske, 2 amerikanske, 1 svensk, 1 britisk
12 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Krakauer, Luxenburg, Eggum.

August vart bortimot "tidenes månad" med omsyn til tal leste bøker. Heile 14 stykk, men må leggja til at blant desse er det eit par veldig tynne/korte bøker. Litt ulike sjangrar, og som ein kan sjå av terningkasta vart det stort sett greie leseopplevingar. Lydbøker er det formatet eg nyttar mest for tida, og eg er ein meir aktiv og bevisst brukar av Storytel og BookBites no enn tidlegare.

Månadens høgdepunkt vart Mimir Kristijansson sin biografi om Jon Michelet. Det er ei svært velskriven og lettlest bok: Nærgåande, utan å vera dyneløftande - og grundig, utan å vera altfor detaljert. Dessutan: Nils Ole Oftebro er ein nærast perfekt opplesar av lydboka.

Prøvde meg på ein ny svensk krimforfattar, Lotta Luxenburg. 'Forsvunnet' er litt rotete, litt for ambasiøs, altfor lang. Her vart det dessutan fråtrekk for lydbokstemma. Men hovudpersonane er levande skildra og tematikken er hjerteskjerande, så det er heller ikkje ei dårleg bok. 

Eg likte godt 'En stille død' av Peter May, men landa likevel "berre" på terningkast 4. Eg forventa liksom noko meir frå forfattaren av 'Lewistrilogien'. Når ein har høge forventningar til ei bok vert lista lagt høgare, så det same gjeld egentleg også bøkene til Levi Henriksen, Jan Mehlum og Sigbjørn Mostue. Dei har alle levert betre ved tidlegare høve.

Elles har eg kobla av med to humorbøker frå Sigmund Falch, med fakta og ettertanke (og litt humor) frå Thomas Hylland Eriksen og med fakta og drittprat (og meir humor) frå Thor Gotaas. Og sanneleg har eg humra meg gjennom sjølvbiografien til Jan Eggum òg.
Det er viktig å fylla på med litt humor innimellom!

17. august 2022

Norsk krim 2022 del 2

Tre av våre mest røynde krimforfattarar har nyleg gitt ut bøker. Tom Egeland kom med den 10. boka i Bjørn Beltø-serien, Jan Mehlum med den 20. boka i Svend Foyn-serien og Karin Fossum med bok 2 i den nye serien hennar om Eddie Feber.

Metusalem-prosjektet av Tom Egeland
Bonnier norsk forlag 2022
456 sider
Lånt papirbok privat

Arkeologen Beltø leiar eit utgravingsprosjekt der det vert gjort opptil fleire overraskande funn. Ikkje lenge etter vert ein av deltakarane i prosjektet drept - og ein heilt spesiell gjenstand forsvinn. Og så skjer eit nytt drap..
Dermed er me i gang med ei ganske så underhaldande og interessant forteljing. Eg har lest alle dei tidlegare bøkene i serien og er blitt veldig glad i antihelten Bjørn Beltø - sjølv om bøkene har variert, både i kvalitet og innhald.

I Metusalem-prosjektet handlar det om norrøne gudar, om bibelske mystiske kjempar og om oppdaginga av Vinland. Mellom mykje anna. Handlinga går føre seg rundt omkring i fleire land på kloden.
Boka kan karakteriserast som ei eventyrforteljing og eg likte godt det eg las - lenge - men etter mitt syn held det ikkje heilt til mål. Årsaka kan eg ikkje sei her fordi eg då røpar noko vesentleg av handlinga. Boka er også minst 100 sider for lang.

Eg likar at boka er krydra med tørr humor og sjølvironi og at sceneskifta og perspektiva er tydelege for lesaren. Eg er også imponert over all researchen forfattaren må ha gjort på førehand. For forbausande mykje av det som vert fortalt er historisk og vitenskapeleg korrekt. Eg kosa meg egentleg meir med etterordet/oppslagsverket på slutten enn sjølve boka.
Terningkast 4.


Ut av tiden av Jan Mehlum
Gyldendal 2022
Speletid 9:22
Lånt lydbok BookBites

Svend Foyn er ein annan serie-/antihelt som eg er blitt godt kjent med etter kvart. Den fyrste boka i serien (Gylne tider) kom ut i 1996, men Foyn er ikkje blitt stort eldre på desse åra. Slik er det i bokverda.
Advokat Foyn sine faste følgesvener Hulda (hunden, som heller ikkje er blitt så veldig gammal), Jaguaren (bilen) og Alice (tilogfrå-kjæresten) er sjølvsagt med. Men ein annan kjenning frå tidlegare bøker - overrettssakførar Salvesen - går ut av tida i denne boka. Det er Foyn sjølv som finn han, knivstukken og drept. (Dette skjer heilt i starten av boka, så det er ingen spoiler)

Det viser seg at Salvesen har hatt kontakt med folk frå fleire ytterleggåande miljø. Kan motiv for drapet finnast i desse ekstreme miljøa eller er det ein heilt annan forklaring?
Som alltid jobbar Foyn på sida av den offisielle etterforskinga og gjerne med alternative metodar, heilt på grensa av det som er lovleg. Forteljarstemma er sakleg, men også herleg sarkastisk når det passar slik. Andre kjenneteikn med denne boka (og serien) er samfunnsaktuelle tema og høg grad av realisme. 

Eg likte boka, men kunne nok ønskt meg meir driv og spenning.
Det er sjølvaste Nils Nordberg som er opplesar av lydboka. Han gjer jobben på ein strålande måte.
Terningkast 4+.


Natteløperen av Karin Fossum
Cappelen Damm 2022
186 sider
Lånt papirbok privat

Eg vart veldig paff då eg fekk boka i hende. Ho er så tynn! 
Men er det nokon som er i stand til å fortelja ei stor historie med få ord - så er det Karin Fossum.
Her finst ikkje fyllstoff, her er ikkje ein einaste overflødig setning eller replikk. Boka - ein psykologisk thriller meir enn ein krim - er altså truleg grundig gjennomarbeida.

Fossum har lagt bort Konrad Sejer og presenterte den nye etterforskaren sin, Eddie Feber, i forrige bok. Me vert litt betre kjend med han denne gongen. Han framstår som ein spesiell, sjarmerande og dyktig politimann, men framleis tykkjer eg at han er litt "vag". Eg vil tru at det kjem fleire bøker etter kvart slik at me får sjå ein meir tydeleg Feber, for å sei det slik. 

I Natteløperen er det forbrytaren lesaren får eit nærgåande bekjentskap med. Fossum er flink til å spela på kjensleregisteret til lesaren; vekselvis tykkjer ein veldig synd i denne personen og andre gonger kjenner ein meir på ubehag, skrekk og frykt. Og eg kan godt sitera meg sjølv frå ein tidlegare omtale: "Eg veit egentleg ikkje om nokon som skildrar skakkøyrde personar på ein så overbevisande måte som nettopp Fossum."

Eg klagar ofte på at bøker er for tjukke, for omstendelege og/eller langtekkelege. Det er absolutt ikkje tilfelle her. Denne er heller litt for kort. Handlinga er ikkje superspennande, men har ein nerve og noko foruroligande som ein kjenner på heile vegen. Og avslutninga? Den er trist, men i ettertid ser eg at historia faktisk ikkje kunne ha enda på ein annan måte.
Terningkast 5-.

20. februar 2021

Vinterlesing: Norsk krim 2020 del 3

Heilt kort og i stikkordformat, men saman med terningkasta seier desse "mikroomtalane" kva eg meiner om bøkene nedanfor. Eg har lest det meste desse forfattarane har gitt ut tidlegare, og har stort sett sett pris på det dei har levert. 

Stammeren av Knut Faldbakken
Gyldendal 2020
371 sider
Lånt ebok BookBites

- Bok nummer 10 i serien om Jonfinn Valmann, men kan godt lesast åleine.
- Kult at 79-årige Faldbakken er så oppdatert på aktuelle ting.
- Småbykrim (Hamar), politikrim.
- Eit forferdeleg omslagsbilete.
- Ein forfattar som har erfaring med stamming og veit kor hemmande det kan vera.
- Handling: Eit likfunn i notid og ei forsvinningssak i fortid, tilfeldig eller ikkje?
- Truverdige karakterar, lite realistisk handling.
- Ikkje spesielt spennande, men brukbart engasjerande.
- Terningkast 4.

Lillemann ildebrann av Merete Junker
Liv forlag 2020
240 sider
Lånt papirbok biblioteket

- Heilt grei, lettlest småbykrim (Grenland).
- Bok nummer 2 med Eline Torp i hovudrolla, kan lesast for seg sjølv.
- Korte kapittel, cliffhangers, raske perspektivskift
- Enkel handling, bygger systematisk opp til ein dramatisk, men noko forutsigbar avslutning
- Pluss for at boka er passe lang (kort).
- Terningkast 4.
Lang tids reise av Jan Mehlum
Gyldendal 2020
299 sider
Lånt ebok BookBites

- Svend Foyn-roman nummer 19. Imponerande! Kan lesast åleine.
- Handlar om eit velbrukt tema i krimromansamanheng: eit forsvunne barn.
- Hulda og jaguaren er som vanleg med
- og som alltid aktuelle problemstillingar.
- Elegant og stødig språkføring
- med ironisk snert og spark til fleire kantar.
- Eit muleg justismord, vanskeleg å vita kva som er etisk riktig.
- Overraskande hendingar undervegs, truverdig oppklaring.
- Terningkast 4+.
Mandela-effekten av Anne Holt
Gyldendal 2020
378 sider
Lånt papirbok biblioteket

- Selma Falck-bok nummer 3, bør lesast kronoligisk.
- Denne er svakare enn dei føregåande.
- Originalt etterforskarpar i Selma og Einar.
- Til ein viss grad underhaldande og godt oppbygd
- men etter kvart veldig langtekkeleg.
- Litt unødvendig komplisert.
- Forventningane mine vart ikkje innfridde denne gongen.
- Terningkast 3.

12. januar 2020

Norsk krim 2019 del 4 - Advokatkrim

Begge dei to norske advokatkrimforfattarane Jan Mehlum og Chris Tvedt ga ut bøker i fjor, i hhv. Svend Foyn- og Mikael Brenne-serien. Eg har lest og likt dei fleste føregåande bøkene i begge seriane. Og det må seiast; dei har vore betre før, alle saman - både Tvedt og Brenne, Mehlum og Foyn.

Formildende omstendigheter av Chris Tvedt

Gyldendal 2019
359 sider
Lånt ebok eBokBib

Tvedt tek ofte opp etiske og juridiske dilemma i bøkene om forsvarsadvoktat Mikael Brenne. Det gjer han også i Formildende omstendigheter - den 8. boka i serien. Det handlar om nødverge og om retten til sjølvforsvar. Kan det finnast situasjonar der drap er uunngåeleg - og "riktig"?

Boka tek opp ulike interessante synspunkt og er skriven med fagleg tyngde. Brenne sin klient i denne historia meiner at ho ved å drepa eit menneske har gjort at andre menneskeliv er blitt spart. Når klienten beviseleg vert tatt i løgn vert forsvararjobben utfordrande for Brenne.

Det er tydeleg at forfattaren har jobba hardt for å gjera historia spennande, men eg tykkjer at boka manglar nerve. Dessutan gjer Brenne nokre merkelege og irriterande feilvurderingar undervegs, både privat og profesjonelt.
Terningkast 4.


Fornemmelse av skyld av Jan Mehlum

Gyldendal 2019
303 sider
Lånt ebok eBokBib

Så veldig spennande er ikkje denne boka heller. Tvert imot; Fornemmelse av skyld er overraskande kjedeleg og treg. Sjølv om tematikken i utgangspunktet er alvorleg og aktuelt vart eg aldri særleg engasjert.

Dette er bok nummer 18 i serien, og for oss som har følgd Svend Foyn gjennom flesteparten av desse bøkene, er det likevel eit gledeleg gjensyn med hunden Hulda og med alle dei velkjende bipersonane - og med Varg Veum.
Dette siste er jo litt artig, og truleg eit "takk for sist" sidan Gunnar Staalesen lot Varg Veum besøka Svend Foyn i fjorårets Utenfor er hundene.
Terningkast 3.

3. januar 2020

Oppsummering desember

Påbyrja i november, fullført i desember:
Tor Bomann-Larsen - Kongstanken - Dokumentarisk/historisk/biografisk - Lyd Storytel
Robert Dugoni - Siste åndedrag - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i desember: 
Jan Mehlum - Fornemmelse av skyld - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Robert Galbraith - Hvit død - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
A.J. Kazinski - Miraklenes natt - Dansk krim - Kjøpt lydfil
Agatha Christie - Poirots jul (Guds kvern maler langsomt) - Britisk krim - Lyd Storytel (Svensk) [gjenlesing]
Fred Vargas - Varulven - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Levi Henriksen - Bare mjuke pakker under treet - Novellesamling - Kjøpt lydfil [gjenlesing]
Stina Jackson - Sølvveien - Svensk krim - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Tor Bomann-Larsen - Roald Amundsen - Biografi - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Formildende omstendigheter - Chris Tvedt - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


4 papir, 4 lyd, 1 ebok
4 lånt, 2 kjøpt, 1 fått, 2 abonnement
7 krim, 1 biografi/dokumentar, 1 novellesamling
3 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 dansk, 1 amerikansk, 1 fransk
6 menn, 4 kvinner ("A.J. Kazinski" er to menn, "Robert Galbraith" er kvinne)
"Nye" forfattarar: Jackson

Etter ein slapp november lesemessig sett er eg nøgd med lesemånaden desember. Omsider kom også årets fyrste terningkast 6. Levi Henriksen sine julenoveller trefte meg ekstra denne gongen. Då eg las Bare mjuke pakker under snøen fyrste gong i 2013, ga eg terningkast 4. Etter 2013 har det imidlertid hendt mykje, både reint privat og elles, som gjorde at leseopplevinga vart både sterkare og nærare. Henriksen sine historiar handlar om dei som ikkje taklar jula så godt. Om at alle kjensler, både positive og negative, vert forsterka på denne tida.

Stina Jackson si debutbok 'Sølvveien' er overraskande bra. Jan Mehlum sin nyaste i Svend Foyn-serien er overraskande svak. 'Varulven' er god, men rar. 'Hvit død' er bra, men med sine nesten 700 sider aaaltfor lang. Den over 80 år gamle forteljinga om Poirots jul er Agatha Christie på sitt beste; elegant, smart og finurleg.

Elles har eg verkeleg fått sansen for Tor Bomann-Larsen sine biografiar. Del 1 i Haakon og Maud-serien er ei veldig interessant og velskriven bok. Det same er biografien om Roald Amundsen som eg er i gang med no ved årsskiftet.

6. desember 2018

Norsk krim 2018 del 5

Dei gamle er som kjent eldst - men er dei også best?

Krimforfattarane Jan Mehlum (f. 1945), Gunnar Staalesen (f. 1947) og Chris Tvedt (f. 1954) har alle gitt ut nye bøker i haust. Eg har lest bortimot alt desse tre forfattarane har gitt ut tidlegare og som oftast har bøkene deira vore gode leseopplevingar for meg. Forventningane mine til årets bøker var såleis høge, men eg var også spent:
Er dei i stand til å fornya seg og vera aktuelle? Eller er dei utbrukte og falma på sine gamle dagar? Går alt på rutine og erfaring? Kva med "heltane"; Svend Foyn, Varg Veum og Mikael Brenne - held dei framleis koken? Tek dei til å bli litt slitne etter så lang tid med krevjande etterforsking?

Mehlum, Staalesen og Tvedt har mykje felles. Alle tre brukar kriminallitteratur til å setja søkjelys på aktuelle saker i samfunnsdebatten og dei skriv alle realistisk, truverdig og oppriktig. Bruk av ironi og ein stødig skrivestil er også noko dei har felles. Både Veum og Brenne jobbar og bur i Bergen medan Foyn held til i Tønsberg. Brenne og Foyn er advokatar/ etterforskarar, Veum er privat etterforskar. Alle tre jobbar hovudsakleg åleine i sakene dei vert involverte i.

Årets bøker er nummer 7 i serien om Mikael Brenne, den 17. om Svend Foyn og den 21. i Varg Veum-serien.


Bevisets stilling av Chris Tvedt

Lydbokforlaget 2018
Speletid 8:51
Lånt lydbok biblioteket


Med forsvarsadvokat Mikael Brenne som hovudperson og med eit samfunnsaktuelt bakteppe leverer Chris Tvedt både underhaldning og engasjement. Boka opnar på ein høgdramatisk måte, og spenninga vert til ein viss grad halden ved like gjennom boka. Undervegs er det imidlertid tendens til overforklaringar og omstendelege resonnement. Kritikken mot politi og psykiatri er til dei grader overtydeleg i denne forteljinga, men miljøskildringane er, som alltid hos Tvedt, gode og presise.

Lasse Lindtner si dialekt og stemme passar naturlegvis bra til ein bergensroman som dette, men han overdriv og er liksom for flink. Dette er opplesing av ei lydbok og ikkje teater, Lindtner. Terningkast 4-.


Hvit engel, svart natt av Jan Mehlum

Gyldendal 2018
396 sider
Lånt ebok eBokBib


Mehlum har framleis ein skarp og vittig penn. Bakgrunnen for den syttande Svend Foyn-forteljinga er i høgste grad aktuell: Det handlar om flyktningsituasjonen i Noreg og Europa. Ei dramatisk hending fører til at advokat Foyn får ei sak så og seie rett i fanget, og det viser seg at saka har mange og vide forgreiningar. Etter kvart reiser Foyn til øya Lesbos for om muleg finna ut av flokene. Her lever som kjent tusenvis av asylsøkjarar under vanskelege uhaldbare forhold.

Svend Foyn er ein noko lurvete, men velmeinande og sjarmerande advokat/etterforskar. Dottera hans, Jaguaren hans, hunden Hulda samt overrettssakførar Salvesen og (no eks-)politietterforskar Mørk har som vanleg ein plass i handlinga. Kvar bok i serien er frittståande og ein treng ikkje lesa dei 16 føregåande bøkene for å ha glede av Hvit engel, svart natt. Terningkast 4+.


Utenfor er hundene av Gunnar Staalesen

Lydbokforlaget 2018
Speletid 9:36

Lånt lydbok biblioteket

Handlinga i Utenfor er hundene kan minna om den pågåande Dark Room-saka og dei tragediane og brotsverka som er knytt til den. Boka er eit slags framhald av Ingen er så trygg i fare, der Varg Veum vart trekt inn i ei omfattande overgrepssak.

I boka finn ein truverdige karakterar, gode dialogar og samfunnsaktuelle problemstillingar. Stemninga er mørkare enn vanleg hos Staalesen og stilmessig er det langsamt - på grensa til tregt. Opplesaren av lydboka les også seint og dessutan litt nølande til tider - men har "riktig" dialekt.

Eg har alltid tykt at Varg Veum og Svend Foyn har mykje til felles; begge er velmeinande og hardtarbeidande, dei har trøbbel med autoritetar og dei er begge herleg og syrleg ironiske. Både Veum og Foyn erfarar at den krevjande jobbsituasjonen deira går ut over privatliv og kjæresteforhold. Eg likar begge to - og tenk; i denne boka møtest dei! Ein krimentusiast set verkeleg pris på slike grep.

Gunnar Staalesen er framleis i stand til å skriva engasjerande og tankevekkjande kriminalromanar, men eg vil hevda at han - i likskap med Chris Tvedt og Jan Mehlum - har vore enno betre ved tidlegare høve. Terningkast 4+.

2. desember 2018

Oppsummering november

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Jan Mehlum - Hvit engel, svart natt - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Jens Henrik Jensen - Hengte hunder - Dansk krim - Lånt lydbok biblioteket

Lest i november:
Knut Røneid - Når barnet ditt ikkje vil leve lenger - Personleg beretning/dokumentar - Kjøpt papirbok
Bernt Hulsker - Alt fra Hulken - Sjølvbiografi/dokumentar - Lånt ebok eBokBib
Anders Roslund - Tre timer - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Sigri Sandberg Meløy - Polarheltinner - Norsk dokumentar/biografisk - Lånt papirbok biblioteket
Anne Holt - En grav for to - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket
Alexander McCall Smith - Skrivemaskinkurs for menn - Skotsk/botswansk krim - Lyd Storytel
Belinda Bauer - Den vakre død - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i september, fullførast i desember:
Ken Follett - På grensen til evigheten - Britisk roman - Kjøpt papirbok

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Lars Kepler - Lazarus - Svensk krim - Lånt ebok eBokBib
Gunnar Staalesen - Utenfor er hundene - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket



4 papir, 3 lyd, 2 ebøker
7 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt
6 krim/spenning, 3 dokumentar/biografisk
5 norske, 1 britisk, 1 dansk, 1 svensk, 1 skotsk-botswansk
3 kvinner, 6 menn
"Nye" forfattarar: Røneid, Sandberg Meløy, Hulsker

Det vart bra med lesing og lite blogging i november. Bror min si bok vart den desidert sterkaste leseopplevinga mi denne månaden. Då eg hadde fordøya den litt måtte eg ha noko lett og lystig lesestoff. Bernt Hulsker innfridde i så måte, medan fjerde del av Alexander McCall Smith sin kosekrimserie frå Afrika var berre middels. Boka om polarkvinnene burde/kunne vore bra, men den var dessverre rotete og overfladisk.

Kriminalromanane Tre timer og Den vakre død er svært gode. Korte omtalar kjem.

Eg håpar å bli ferdig med Ken Follett sin avsluttande del av århundretrilogien før årsskiftet. Eg likar På grensen til evigheten, men det går seint fordi boka er så upraktisk og uhandterlig med sine 1081 sider.

Eg ynskjer alle ei koseleg førjulstid! 

1. juni 2017

Oppsummering mai

Påbyrja i april, fullført i mai:
Britt Karin Larsen - Av lys er du kommet - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jan Mehlum - To komma åtte sekunder - Norsk krim - Lytteeksemplar
Jason Timbuktu Diakité - En dråpe midnatt - Svensk biografi - Lånt ebok eBokBib

Lest i mai:
Fred Vargas - Neptuns tenner - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Shari Lapena - Naboparet - Kanadisk krim - Lytteeksemplar
Mons Kallentoft og Markus Lutteman - Leon - Svensk krim - Lytteeksemplar
Daniel Cole - Filledokka - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib
Clare Mackintosh - Jeg lar deg gå - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Richard Herrmann - Med skjebnen i hånden - Historisk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Øistein Borge - Det som aldri dør - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Fred Vargas - Mannen med de blå sirklene - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord - Attentatet - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket


  •  3 papir, 4 lyd, 2 ebøker, 
  •  5 lånt, 1 abonnement, 3 fått som lytteeksemplar
  •  6 krim, 1 roman, 1 biografi, 1 historisk dokumentar
  •  3 norske, 2 svenske, 2 britiske, 1 kanadisk, 1 fransk
  •  4 kvinner, 5 menn
  • "Nye" forfattarar: Diakté, Vargas, Lapena, Cole, Mackintosh
For tida går det i tilfeldig lystlesing - og for meg betyr det då mest krimlesing. Ikkje alt er like bra, men eg oppdagar stadig nye og spennande krimnamn - noko som er positivt. I juni har eg ingen konkrete leseplanar så eg kjem vel til å halda fram med lystlesinga, dvs. krim og litt sakprosa innimellom.

4. mai 2017

Samleinnlegg: Kriminell vårlesing

Ein ny samleomtale utan altfor mange raude trådar.


Glemt av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2017
Speletid 9:02, biblioteklånt lydbok

Originaltittelen er "Fort Knox" og viser til namnet på ein amerikansk militærbase som i si tid var på Island. Handlinga er lagt til 1979, på slutten av den kalde krigen - og som i Reykjaviknetter møter me ein ung politietterforskar Erlendur Sveinsson. Det handlar også, som vanleg når det gjeld Erlendur, om ei enno eldre og gøymd sak. Ein finn elles mykje av det som er typisk Indridason; det langsame, mørke og melankolske.

Eg har lest dei fleste bøkene i Erlendur Sveinsson-serien, og må dessverre sei at dette er ei av dei svakaste. Ho er ikkje dårleg, for Indridason er ein skrivekunstnar og han har ein stor produksjon av kriminalromanar bak seg, - men ærleg talt; dette er for treeeegt. Eg klarar berre ikkje å halda interessa oppe gjennom heile boka. Avslutninga er både oppklarande og overraskande, men då eg var kommen såpass langt i lyttinga hadde eg heilt mista leselyst og konsentrasjon.
Opplesar Lasse Lindtner les sakte og tydeleg - og spelar litt mykje teater når han les. Terningkast 3+.



To komma åtte sekunder av Jan Mehlum
Lydbokforlaget 2016
Speletid 10:35, lytteeksemplar

Mesteparten av handlinga i bok nummer 16 i Svend Foyn-serien er lagt til København. Eg har lest dei fleste bøkene i serien og "veit" såleis kva eg får. Advokat Foyn si forteljarstemme er som før slentrande, sarkastisk og sliten - og som alltid rotar han seg borti saker som er både mystiske og farlege. Tematikken er som vanleg samfunnsaktuell og boka inneheld spark til både styresmakter og andre makter. Me får gjensyn med Hulda, jaguaren og Wilhelm Mørk som me kjenner frå tidlegare bøker.
Det handlar elles om organisert kriminalitet og korrupsjon i tillegg til drap. Enkelte deler av handlinga byggjer på verkelege hendingar i og med at forfattaren viser til (konspirasjons-)teoriar knytta til dødsfallet til Jan Wiborg i 1994.

Eg vart litt forundra då eg oppdaga at Helge Winther-Larsen ikkje var opplesar av lydboka - han har nemleg ei perfekt stemme for Foyn-bøkene. Men gode gamle Nils Nordberg er eit bra alternativ, og han imponerer med enkelte uttrykk på pære dansk. Eg oppfattar boka som noko uryddig og ujamn. Terningkast 4-.



De ingen savner av Eystein Hanssen
Cappelen Damm 2010
Speletid 12:43, lydbok Storytel

Eystein Hanssen er etter kvart blitt ein etablert krimforfattar - og dette er debutboka hans. For meg er han, om ikkje ukjent, så i alle fall ulest - til no.

Slett ikkje så verst til å vera debut - og tematikken med menneskehandel, barneprostitusjon og narkotikakriminalitet er like aktuell i dag - dessverre. Så himla engasjert vart eg likevel ikkje av denne historia fordi ein har lest mykje av det same tidlegare.  Boka inneheld mykje gjentakingar, overforklaringar, klisjèar og oppkonstruerte situasjonar. Eg "kjøper" heller ikkje kunstmotivet som der vert henvist til. Men hovudpersonen Elli Rathke virkar å vera ein småspennande karakter. Christoffer Staib er ein OK opplesar av lydboka. Terningkast 3.



Den stille flokken av Lars Mæhle
Samlaget 2017
365 sider, eBokBib

Hovudpersonen i denne serien, Ina Grieg, er også ein kampsportutøvande, ustyrleg, ung kvinneleg etterforskar. Likskapen med Elli i Hanssen si bok over er slåande, men truleg tilfeldig.

Den skammelege handsaminga av tatrar og romfolk er bakteppet for historia. Det gir sterkt inntrykk å lesa om det som gjekk føre seg på Svanviken arbeidskoloni - for mykje av dette skjedde verkeleg, for ikkje så altfor lenge sidan. Romfolk og tatrar vart tvinga til å bli bufaste og "nyttige" samfunnsborgarar - noko som av og til fekk tragiske konsekvensar. Ein kan godt tenkja seg at desse brutale overgrepa mot dei aller svakaste kunne føra til ulike hevnreaksjonar.

Stikkord for sjølve kriminalgåta er overgrep, hevn og psykiatri. Boka er dramatisk, lærerik og rystande - men vert aldri skikkeleg spennande. Terningkast 4.


Vredens dag av Kurt Aust
Aschehoug 2001
357 sider, privatlånt papirbok

Kurt Aust er aktuell denne våren med Skipet med det onde øyet, den 7. boka i den historiske krimserien hans. Vredens dag er den fyrste i serien, og eg tykte den var rimeleg interessant - men litt langsam og omstendeleg. Eg kjem likevel til lesa dei neste bøkene ved høve.

Her handlar det om noko uventa som hende ved årsskiftet 1699-1700. Under eit forrykande uver må professor Thomas av Bouberge og assistenten hans Petter Hortten søkja ly i ei vegkro på landsbygda i Danmark. Her har det nettopp skjedd eit mord, og i dei få dagane dei oppheld seg der, skal det komma til å skje fleire mord og mordforsøk.

Vredens dag er eit slags lukka rom-mysterium samstundes som det vert fortalt mykje om dåtidas tankar og teoriar, daglegliv og samfunnsliv. Boka har ein litt uvanleg innpakning ved at det heile vert fortalt i ettertid, av ein aldrande Petter Hortten. Terningkast 4+.

31. oktober 2015

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
David Lagercrantz - Det som ikke dreper oss - Svensk krim - Lånt lydbok, biblioteket
Ann Cleves - Svart som ravnen - Britisk krim - Lånt papirbok, biblioteket
Morten Øen - Tellemarck - Norsk roman - Lånt ebok, eBokBib

Lest i oktober:
Jan Mehlum - Et hardt slag - Norsk krim - Lytteeksemplar
Ragnar Kvam jr. - De fire store - Historisk/biografisk/dokumentar - Lånt papirbok, biblioteketb
Hanne Sigbjørnsen - Tegnehanne - Tegneserie/humor - Lånt papirbok, privat
Bergsveinn Bergisson - Svar på brev frå Helga - Islandsk roman - 2013 - Lånt ebok (avbraut)
Hans Olav Lahlum - Haimennesket - Norsk krim - Lånt ebok, eBokBib
Vetle Lid Larssen - Hvordan elske en far - og overleve - Personleg beretning/biografi - Lytteeksemplar
Claus Lundekvam og Thomas Karlsen - En kamp til - Biografi - Lånt papirbok, biblioteket
Jo Nesbø - Mere blod - Norsk krim - Lånt papirbok. privat
William Landay - Den ubehagelige sannheten - Amerikansk krim - Lånt ebok, eBokBib
Henning Mankell - Minnet om en skitten engel - Svensk roman - Lånt lydbok, biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Liza Marklund - Jernblod - Svensk krim - Lånt papirbok, privat
Vidar Sundstøl - Djevelens giftering - Norsk krim - Lånt ebok, eBokBib
Øystein Wiik - Rekviem - Norsk krim - Lytteeksemplar



Omsider er leselysta tilbake for fullt - og det er eg glad for. Oktober vart ein strålande lesemånad med fleire gode leseopplevingar. Og som ein kan sjå: Eg brukar ikkje mykje pengar på bøker. Alt eg las i oktober var lånt eller fått.
Eg likar når bøker viser seg å vera overraskande bra - og av oktoberbøkene mine må både Det som ikke dreper oss, Hvordan elske en far og Lundekvam sin sjølvbiografi framhevast som slike positive overraskingar. Eg likte også godt Ragnar Kvam si historisk/biografiske De fire store og Henning Mankells Minnet om en skitten engel, men sidan eg har lest såpass mykje av desse forfattarane tidlegare vart eg ikkje like overraska. Og etter å ha lest Til Jacobs forsvar tidlegare i år hadde eg også store forventningar til Den ubehagelige sannheten - som vart innfridde. Omtale kjem.
Nemnast spesielt må også artige Tegnehanne - og den ubehagelege og spesielle Tellemarck.

Svar på brev frå Helga vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2012, men eg likte ikkje denne i det heile tatt. Så for å spara meg sjølv for (ytterlegare) irritasjon og ergrelse, valde eg å avbryta etter halvgått løp. For det fyrste fordi boka kjeda meg og for det andre fordi eg fann erotikken og kjærleikshistoria uekte og påklistra. For det tredje fordi boka har eit heilt håplaust språk: Oversetjinga er gjort til eit forelda arkaisk nynorsk, som sikkert skal streka under det islandske - men eg trur at eit moderne nynorsk - eller bokmål, for den del - har like mykje (lite) til felles med det islandske språket som den gammaldagse nynorsken som her er brukt. Styr unna brevet til Helga, er mi tilråding.

19. oktober 2015

Bokomtale: Et hardt slag av Jan Mehlum

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 10:41
Opplesar Helge Winther-Larsen

Kjelde: Lytteeksemplar

Årets roman om advokat Svend Foyn er nummer 15 i rekka. Mehlum er ein svært produktiv forfattar; i tillegg til denne serien har han utgitt den frittståande thrilleren Lengsel etter penger og bidrege til fleire novellesamlingar. Alt dette etter debuten i 1996 (Gylne tider).

Sidan sist har Mehlum bytta forlag; han er attende i Gyldendal etter fleire utgjevingar på Publicom.

Svend Foyn er ein middelaldrande, rufsete, litt sliten, nysgjerrig, melankolsk og velmeinande advokat som stadig vekk vert blanda inn i meir eller mindre dramatiske hendingar.

I Et hardt slag får Foyn fyrst overraskande og urovekkande nyhende frå dottera Mari, og saman får dei så dramatikken bokstaveleg talt rett i fleisen: På sjølvaste nasjonaldagen slår terroren til i den elles så fredelege vestfoldbyen Tønsberg. Kvinna som skal halda talen for dagen vert brutalt skoten ned og drept - rett attmed der Foyn, ekskona hans og dotter deira befinn seg. Kven kan stå bak ei slik ugjerning? Politiet sine mistankar går fyrst til nokre høgreekstremistar, men saka får stadig nye vendingar. Mykje tyder på at det ikkje er terroristar som er på ferde likevel, men ein eller fleire enkeltpersonar som har sin eigen agenda. Kven har motiv? Var målet for skytinga ein annan person?
Foyn si jakt etter sanninga fører han rundt omkring i verda; til Tyskland, Spania og Argentina. Det skal syna seg at også Mari er involvert, men på ein meir indirekte måte. Sterke og onde krefter lurer, det vert farleg for både far og dotter. Foyn får bruk for sine evner når det gjeld intuisjon og alternative arbeidsmetodar, samt sine kontaktar på begge sider av lova.

Som alltid brukar Mehlum verkelege hendingar og reelle saker som inspirasjon. I denne boka har han henta idéar frå mellom anna Monica-saken og Cappelen-saken. Han rettar stikk til - og kritikk mot - politi, påtalemakt, Spesialenheten og media. Boka er i høgste grad realistisk, men lite truverdig etter mi meining. Då tenkjer eg fyrst og fremst på alt det "tilfeldige" og all flaksen som Foyn har. Kor sannsynleg er det å finna ein bestemt person i ein by med 3 millionar innbyggjarar etter to dagars leiting liksom?

I boka vert det lagt meir vekt på kvifor enn kven; dvs. fokuset er lagt meir på motivet bak brotsverket enn på kven gjerningspersonen er. Det er greitt, og den endelege avslutninga er både overraskande og oppklarande likevel.

Svend Foyn er ein triveleg kar som eg trivst i lag med. Eg likar den svarte humoren og sarkasmane hans, - og hunden hans, Hulda. Men; handlinga er noko treg i Et hardt slag. Tonen er liksom den same heile tida - og nokre av handlingstrådane og spora er uklare. Eg trur at dersom handlinga hadde vore "oppstramma" og boka vore strippa nokre titals sider ville leseopplevinga vorte enno betre. Lydbokversjonen er bra. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar svært godt til Foyn si forteljarstemme.

4. september 2015

Sommarlesing - del 4: Ferielesing og oppsamlingsheat

Piken på toget av Paula Hawkins
Bazar 2015
332 sider 
(lånt ebok)

Eit enkelt og treffande cover og ein norsk tittel som er litt merkeleg. Det heiter vel jenta på bokmål òg - ikkje piken?? Dessutan er det heller ikkje ei jente det handlar om - men ei vaksen kvinne.

Boka har fått mykje merksemd - og eg er usikker på om det er fortent. Piken på toget er fiffig konstruert, med tre ulike forteljarstemmer og med hopp fram og tilbake i tid. Dermed tek det ei tid før lesaren får tak i samanhengen og det store bildet i denne historia.
Ut frå førehandsomtalar og hype vart eg ein smule skuffa over boka. Eg hadde forventa meir hjertebank og spenning enn det eg fekk. Eg likte boka, men ho er slett ikkje så fantastisk som enkelte hevdar. Avslutninga er grei, men forfattaren trekker det veldig langt ut.. Terningkast 4.


VIP-rommet av Jens Lapidus 
Cappelen Damm 2014
479 sider 
(lånt ebok)

Knallbra start på ny serie! Velskrive, elegant, overraskande og rått frå mannen bak Stockholm noir-trilogien. Denne er litt annleis i stilen enn dei nemnde tre bøkene, men er vel så god. Stadige scene- og perspektivskift og fram og tilbake i tid gjer lesinga ein smule krevjande, men det skjer noko heile tida - så boka er likevel grei å lesa. Lapidus er spesielt dyktig når det gjeld å byggja opp truverdige karakterar og miljø. Språket er prega av gode og kjappe dialogar.

VIP-rommet handlar om ei kidnappingssak i notid, ei barnepornosak i fortid og eit fengselsopphald i fortid. Korleis desse sakene heng saman er uklart lenge - men så byrjar det å demra for lesaren - og ein må tenkja over det ein har lest tidlegare på nytt, på ein måte. Mot slutten, når ein trur ein har full oversikt, tek handlinga enno ein ny tvist. Herleg!
Eit sterkt terningkast 5.


Høyt henger de av Lene Lauritsen Kjølner 
Schibsted 2014
287 sider 
(papirbok fått av forfattaren)

Eg var stor i kjeften i eit kommentarfelt for ei tid tilbake då eg skreiv at eg var "allergisk mot kosekrim". Forfattar Kjølner fanga opp denne uttalelsen og sende meg debutboka si. Det var hyggeleg gjort.

Vel - eg kosa meg ikkje så veldig og er ikkje særleg imponert, men det skal bemerkast at eg las denne parallellt med VIP-rommet, boka over - og då datt Høyt henger de sjølvsagt fullstendig igjennom.
Eg kan oppsummera boka med lite spenning, forutsigbar handling og ein uinteressant hovudperson. Plottet er svakt og humoren er tam.
På den positive sida kan nemnast at boka inneheld enkelte fine miljøskildringar og at ho er uhyre lettlest og fortlest.
Eg er snill når eg gir boka terningkast 3.


Din eneste venn av Jan Mehlum
Publicom 2012
345 sider 
(kjøpt papirbok)

I likskap med Kjølner si bok over, samt den meir kjende Jørn Lier Horst sine bøker om William Wisting, er det Vestfold-kysten som er bakgrunnskulissa for Mehlum sin serie om Svend Foyn. Elles har gjennomgangsfiguren hans mykje til felles med Gunnar Staalesens Varg Veum, tykkjer eg.

Som alltid stødig frå Mehlum, men eg vart av ein eller annan grunn ikkje så engasjert i handlinga som eg pleier å bli av bøkene hans. Eg føler at han vil for mykje når det gjeld Din eneste venn. Ein annan ting som trekker ned leseopplevinga er skriftstorleiken i den hefta utgåva som eg har; den er for liten.

Svend Foyn er ute i hardt ver og får verkeleg køyrt seg i denne boka som m.a. handlar om gamle synder og justismord. Her er gode personskildringar og eit språk som er effektivt og med snert. Terningkast 4.


Ikke ville se av Jan Guillou 
Vigmostad & Bjørke 2014
397 sider 
(lånt ebok)

Enno ein Jan, denne gongen Jan Guillou og hans 4. avsnitt i prosjektet Det store århundret der han fortel historia om den norsk-svensk-tyske storfamilien Lauritzen. Samstundes er dette historieundervisning frå ei ganske nær fortid.

I Ikke ville se er me komne fram til krigsåra 1940-45. Trass i at Sverige liksom var "nøytrale", og trass i at dei velståande brødrene Lauritz, Oscar og Sverre er busette i landet, får den pågåande verdskrigen store konsekvensar for heile familien. Størstedelen av formuen til den opphaveleg norske familien er knytta til eigedommar i Dresden i Tyskland - og me kjenner vel alle til kva som skjedde med og i den byen..
Spesielt for eldstemann Lauritz vert krigsåra dramatiske på mange måtar - og det er han som "ikkje vil sjå". Han får oppleva store gleder, men også store sorger.
Eg likte boka godt, men ho er litt treg. Terningkast 4.


Lindemans tivoli av Kjell Ola Dahl
Lydbokforlaget 2008
Speletid 14:41 
(lånt lydbok)

Frittståande oppfølgjar til Lindeman & Sachs. Me møter att det same miljøet og nokre av dei same personane frå forrige bok. Om oppturar og nedturar i finansmiljø og næringsliv, om vellukka og feilslåtte val, maktspel og intrigar - og den evige jakta etter pengar. Samt om å "mista seg sjølv" i alt dette jaget.
Ikkje fullt så engasjerande som den fyrste boka, men ganske underhaldande og treffande.
Ei midt-på-treet leseoppleving til terningkast 4 minus.


Barnepiken av Kathryn Stockett
Cappelen Damm 2010
Speletid 17:42 
(lånt lydbok)

Ei ganske fin forteljing om eit viktig tema og ein spesiell periode i amerikansk historie. Årstalet er 1963, segregeringslovene står framleis sterkt i delstaten Mississippi og menneskeretts-forkjemparane har starta kampen sin.
Tema er hushjelper og fruer, svarte barnepiker og kvite barn, raseskille, klasseskille og fordommar. Boka er grei og forholdsvis underhaldande, men eg tykkjer ho er noko langtekkeleg. Det "dameroman-aktige" i historia har eg heller ikkje så mykje til overs for. Eit svakt terningkast 4.

- - - - - - - - - - - - - - -

Fleire samleinnlegg med sommarlesing:

31. august 2015

August 2015 - ein annleis månadsoppsummering

Påbyrja i juli, fullført i august:
Jan Guillou - Ikke ville se - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket

Lest i august:
Ann Cleeves - Hvite netter - Britisk krim - Kjøpt pocketbok
Jens Lapidus - VIP-rommet - Svensk krim - Lånt ebok
Jan Mehlum - Din eneste venn - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Gutten til Gustav - Sjølvbiografi - Papirbok lånt på biblioteket
Lene Lauritsen Kjølner - Høyt henger de - Norsk krim - Papirbok fått av forfattaren
Paula Hawkins - Piken på toget - Britisk thriller - Lånt ebok

Påbyrja, men utsett til eit seinare høve:
Eirik Husby Sæther - Judaskysset - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i august, fullførast i september:
Kathryn Stocket - Barnepiken - Amerikansk roman - Lånt lydbok
Gert Nygårdshaug - Himmelblomsttreet - Norsk roman - Kjøpt pocket


- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Dette har vore ein svært spesiell månad for meg og mine, noko som også har gitt seg utslag reint lesemessig. Det kjem klårt fram når eg no oppsummerer lesemånaden august.
Dei to-tre fyrste vekene var det ferie, reise og avkobling. Og lesing av greie bøker innimellom. Ikkje spesielt godt vêr, men greit nok. Då eg skulle attende på jobb - då kom sommaren og finvêret, endeleg.
Me fekk nokre strålande solfylte dagar - fram til om morgonen fredag 21. august - då endra alt seg:

Det kom melding om eit brått og uventa dødsfall.
Eit ungt familemedlem er borte.

Nevøen min - snille og stillferdige Kristoffer - valde å forlata livet.
Tilbake sit foreldre, søsken, besteforeldre - samt øvrige famile og vener - i sjokk, sorg og sakn - men òg med mange fine minne om ein god gut.
Kristoffer vart berre 18 og eit halvt år gammal.

Vêret vart med eitt heilt uviktig.
Det same vart bøkene eg las.

Livet vert sett i ventemodus for ein periode.
Det er tid for ettertanke og refleksjon.

- - - - - - - - - - - - - - - - - -