Den nittende øya av Thomas BaggerVigmostad Bjørke 2023
Speletid 11:19
Lånt lydbok BookBites
Her snakkar me krim etter min smak: Det er mørkt, skummelt, blodig og uforutsigbart. I del to i serien om spesialagentane Lucas Stage og David Flugt i Task Force 14, er det Lucas som er fokus. Han deler forteljarstemme med kriminalteknikaren Sidsel Jensen.
Handlinga er lagt til Færøyane der det har skjedd eit uhyggeleg massedrap. Fire prestar er funne drepne inne i sakristiet i ei kyrkje i ei lita bygd. Lucas vert sendt avgarde saman med Sidsel for å bistå det lokale politiet. Saka ser ut som eit rituelt kollektivt sjølvmord, men enkelte ting tyder på at det ikkje er slik. Likevel er det er ingen teikn eller spor om at nokon utanfrå har utført drapa. Og kvifor er det slike ubegripelege mengder med blod?
Sidan Sidsel vaks opp på Færøyane skulle ein tru at ho hadde betre grunnlag for å kommunisera med lokalbefolkninga. Slik er det ikkje, og etter kvart får me vita kvifor ho har bytta namn og kvifor ho ikkje lenger har kontakt med familien sin.
Parallelt med drapssaka får me Lucas si historie. Om ein tøff barndom på institusjon i Polen og at han vart adoptert til ein dansk familie som 12-åring. Det er ikkje tilfeldig at Lucas er blitt så eksentrisk som han har blitt.
Avslutninga av Den nittende øya er sjokkerande; her skjer ein brutal plottvist og ei omdreiing av historia som eg absolutt ikkje såg komma. Eg veit at andre har reagert negativt på dette, men sjølv set eg pris på slikt overraskingar.
Opplesar Trond Heien si låge og intense stemme passar utruleg godt til stemninga i boka.
Terningkast 5.
Så over til svenskane.
Skylden man bærer av Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt
Aschehoug 2023
Speletid 10:46
Lånt lydbok BookBites
Dette er ein av mine favorittseriar: Velskrive, gode plott, god oppbygging, overraskingar, spenning og særdeles interessante karakterar. I den 8. og mest truleg siste boka i serien om Sebastian Bergman samlast trådar frå dei tidlegare bøkene. Bokserien må lesast kronologisk.
Kriminalpsykolog Sebastian viser seg frå ei meir sympatisk side enn han har gjort tidlegare. Tidlegare har han "trakka på" folk og deira kjensler og haldningar, både privat og profesjonellt. No vil han gjerne framstå som respektabel og seriøs, men motivet for dette er mest for å halda ein god relasjon til dotter Vanja og barnebarnet. Nok ein gong vert han involvert i ei drapssak, sjølv om han egentleg ikkje er ønska av medarbeidarane i Riksmord. Men den aktuelle gjerningspersonen har lagt igjen spor som bortimot "ropar" etter Sebastian. Det vert etter kvart klart at det truleg er ein copycat som er på ferde; mordaren kopierar tidlegare saker som Sebastian har vore involvert i.
I ein annan handlingstråd møter me Cathy Cunningham. Far hennar Tom var ein gong Sebastian sin pasient og ven. No er han død, og ein av dei siste ønska han hadde var at Cathy og Sebastian skulle møtast. Kvifor det? Det viser seg at nesten alt Tom har fortalt til Sebastian er løgn. Kva kan vera motivet for det?Terningkast 5.
Mirage av Camilla Läckberg og Henrik Fexeus
Bonnier norsk forlag 2023
Speletid 11:19
Lånt lydbok BookBites
Den tredje og ganske heilt sikkert siste boka om Mina Dabiri og Vincent Walder.
Stemninga i etterforskarsgruppa har endra seg etter hendingane som fann stad i forrige bok. Handlinga er lagt til desember og jul, men det blir lagt ein dempar på julestemninga når det vert funne fleire samlingar med menneskebein i ein tunnel. Avdelingsleiar Mina tek igjen kontakt med mentalisten Vincent sidan dei ikkje kjem nokon veg i etterforskinga.
I ein annan tråd møter me justisministeren som vert trua på livet. Han er "tilfeldigvis" Mina sin eks-mann. Kven er det som er ute etter han - og familien hans? Vincent har også motteke truslar, og han slit dessutan både med familien og med karrieren som mentalist. Som i Sebastian Bergman-serien vert ein kjend med ei heil etterforskargruppe, der alle har sine private utfordringar i tillegg til sjølve jobben. I dei to fyrste bøkene tok privatlivet - spesielt Mina og Vincent sine tvangshandlingar - for stor plass, i denne boka er det ikkje så utbrodert.
Forfattarane "gir seg på topp" i og med at dette er den beste boka i serien. Mirage er underhaldande, svært spennande og har mange uventa bihistoriar og vendingar.
Men.
Eg er ikkje nøgd med avslutninga. Den blir rett og slett for søkt og eg føler meg litt "snytt" med ei slik sær forklaring.
Opplesar Anne Ryg les tydeleg, men seint. Eg set pris på at det er høve til å justera hastigheiten i appen.
Terningkast 4+.
Stormberget av Liza Marklund
Cappelen Damm 2024
268 sider
Lånt ebok BookBites
Den tredje og siste i Polarsirkel-serien, dei andre er Polarsirkelen og Kallmyren. Det er ein krimserie dette, men denne avsluttande boka er like mykje ei familiekrønike og/eller familedrama.
Sjølve krimgåta startar med eit likfunn i ei myr. DNA-analyse viser at vedkommande er ein nær slektning av Wiking Stormberg.
Wiking er ein svært sympatisk protagonist. Han har - og har hatt - sine utfordringar, og det kan ein trygt sei at forfedrene og -mødrene hans òg har hatt.
I notid er Karin, mor til Wiking, død. I samband med opprydding etter henne kjem mange hemmelegheiter til overflata. Wiking oppdagar at det er mykje han ikkje veit om sitt eige opphav.
I tilbakeblikk får ein historia om Karin og familien. Dessutan får me historia om Stenträsk og omegn, om alle naturinngrepa som dei store vasskraftutbyggingane på 1950- og 60-talet førte med seg. Om små samfunn som vart sett under vatn, om nye samfunn som vart til i samband med arbeidet, om at dei same samfunna deretter vart fråflytta. Og om oppvekst i eit slikt omskifteleg miljø.
Stormberget er både velskriven, interessant og spennande - men også her reagerer eg på avslutninga. Kvifor så oppramsande og brått? Fann forfattaren plutseleg ut at boka var lang nok?
Terningkast 4.