Viser innlegg med etiketten noveller. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten noveller. Vis alle innlegg

16. oktober 2019

Bokomtale: Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor av Levi Henriksen

Gyldendal 2019
186 sider
Lånt ebok eBokBib

Då eg oppdaga at Levi Henriksen var klar med ei ny novellesamling varte det ikkje lenge før eg kasta meg over boka. Eg har nemleg vore veldig begeistra for alle novellesamlingane hans.

Det handlar om livet på bygda, om dei nære ting og om nære relasjonar. Om dagane som kom og dagane som gjekk. Om fødsel og død. Om kjærleik og lengsel. Om familie, barn og foreldre. Om korleis forhold mellom familiemedlemmer endrar seg over tid og spesielt om korleis mannsrolla har endra seg. Henriksen gir lesaren varme og fine oppvekstskildringar, men også møter med djup fortviling, sår sorg og store tap.
"Og så var hun ikke mer, annet enn i bildene bak øynene mine hver gang jeg la meg for å sove, i lyden av telefonen som ikke ringte og i det vage avtrykket i madrassen på hennes side av dobbeltsenga."
Ramma for fleire av novellene er ganske like: Ein middelaldrande mann som tenkjer tilbake på barndoms- og ungdomstida, ofte utløyst av ei spesiell endring i livssituasjonen, som samlivsbrot, at eit nytt liv er på veg, at vaksne barn flyttar ut eller at aldrande foreldre går bort, på ein eller annan måte.
"Mamma er blitt en gammel villa, et skipperhus kanskje, der vindu etter vindu spikres igjen for å klare å bevare det som er av glød. Det lille av lys som innimellom gjør at hun makter å kjenne seg igjen og i noen sekunder fornemme hvor hun er, og noen ganger også hvem hun er."
Eg likar den litt undrande stilen og det ujålete språket som Levi Henriksen nyttar.
"De eneste barna som bodde alene med fedrene sine på Skogli da jeg var gutt, var de som hadde mistet mødrene sine. Mistet som i døde. Som barn lurte jeg ofte på hvorfor vi brukte et slikt uttrykk, det fikk det hele til å virke så tilforlatelig, som om disse personene bare var blitt forlagt som et nøkkelknippe eller en genser, noe man kunne finne igjen bare man tok seg tid til å lete. Jeg mistet virkelig mora mi, men jeg lette aldri etter henne."
Landskapet er gjenkjenneleg frå tidlegare bøker frå Henriksen; den fiktive bygda Skogli i Kongsvingertraktene. Historiane er allmenngyldige og lesaren kan lett kjenna att både personar, kjensler og hendingar. Det sorgmuntre er som alltid til stades og det er (som vanleg frå denne forfattaren) hyppige referansar til rockemusikken og til pinsebevegelsen. Som regel har novellene ein spesiell tvist eller ei overraskande avslutning.

Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor er ei kjempefin novellesamling som anbefalast på det varmaste.


28. oktober 2018

Smakebit på søndag: Jern & metall av Levi Henriksen

Gyldendal 2018
190 sider
Lånt ebok eBokBib

Levi Henriksen er ein forfattar som verkeleg beherskar novellekunsten. Dei 11 novellene i denne samlinga er alle fine leseopplevingar der ein finn truverdige miljø og overraskande avslutningar.

Novellesamlinga er slett ikkje noko revolusjonært kampskrift sjølv om tittelen Jern & metall gjerne får ein til å tenkja på fagrørsla og klassekamp. Men det handlar mykje om folk på grasrota og på golvet sine liv. Om vanlege folk med vanlege jobbar og vanlege liv. Om at alle desse vanlege folka er unike. Om kor viktig det er for alle å bety noko for andre.

Dei fine person- og miljøskildringane og den sorgmuntre melankolien er gjenkjenneleg frå tidlegare bøker. Landskapet er også denne gongen den fiktive bygda Skogli i nærleiken av Kongsvinger.

Ein kan ikkje sei at Levi Henriksen er ein jålete ordkunstnar, men han leikar seg med formuleringar og gode bilete.
«Jeg kaster et blikk mot åsene, og himmelrendene stirrer like tomme og værgrå tilbake.»
Fire av novellene handlar om jula, og desse har også vore på trykk i diverse julemagasin tidlegare. Har du lest Bare mjuke pakker under treet veit du kva du kan forventa; gripande, vare og såre julerelaterte forteljingar; ikkje utan sentimentalitet, men likevel heilt utan klissete føleri.
«Gjennom snødrevet kan jeg se det blinke i lysene på trærne langs veien, og jeg håper at jeg lot lyset stå på i huset slik at det ikke skal ligge som en nedsnødd gravstøtte i natta.»
Eg set pris på dei tvistane forfattaren ofte legg inn i avslutninga av forteljingane. Novellene handlar om dei nære ting og om store og små utfordringar livet gir. Levi Henriksen skriv klokt og forståeleg og det som slår meg medan eg les er at "det enkle er ofte det beste".
«Det er egentlig bare én ting som er tristere enn å ha bare tre-fire presanger å åpne på julaften, og det er å ikke ha noen å gi gaver til.»
Det vert fortalt om situasjonar og kjensler som me alle møter gjennom livet; om kjærleik og nærleik, om aldring og gløymsel og om sorg og einsemd.
«Ute er det fortsatt mørkt, og det kommer aldri til å bli lyst igjen. Jeg kan kjenne det i hele kroppen, som når man våkner om morgenen med vissheten om at det regner ute. Jeg sier navnet hennes, men den ligger bare kald i min.»
Eg er blitt veldig glad i denne forfattaren; eg føler ofte at han skriv direkte til meg som les. Av nolevande norske forfattarar (som ikkje skriv krim) har eg svært få favorittar. Levi Henriksen er ein av dei få.
«La oss bare si at jeg hadde et visst talent for å få linjer til å henge sammen på en måte som noen ganger kunne få andre mennesker til å nikke ettertenksomt.»
Novellesamlinga Jern & metall anbefalast på det varmaste.

Sidan eg har sitert frå boka, og sidan det no er blitt søndag, har eg lagt inn omtalen som eit Smakebit på søndag-bidrag. Dersom du klikkar deg inn på bloggen Flukten fra virkeligheten finn du fleire smakebitar frå ulike bøker. 

22. november 2014

Mord og mysterier

er den norske tittelen på den populære britiske TV-serien Midsomer Murders. Serien er basert på novellene til forfattaren Caroline Graham og handlar om mord, hemmelegheiter og skandalar i ein liten søvnig engelsk by. Tidlegare likte eg godt å sjå slike kosekrim-seriar, men interessen har dabba av etter kvart.

Dette innlegget skal imidlertid handla om svenske Mord og mysterier og ei skikkeleg godteripose av ei bok! John-Henri Holmberg er redaktør for ei samling svenske krimnoveller berekna på den anglo-amerikanske marknaden; A Darker Shade of Sweden. Svensk (og anna nordisk) krim har i tida etter suksessen med Stieg Larssons Millenniums-trilogi fått eit voldsomt oppsving internasjonalt, og har fått sitt eige begrep; Nordic Noir. Samlinga er også utkommen på norsk no - men den norske utgåva er delt i to. Del 1 har fått tittelen Mord og mysterier, del 2 heiter Kalde skygger og skal etter planen komma ut i mars 2015.

Ni noveller er med i denne fyrste delen av samlinga. Dei er i ulike stilartar og frå både kjende og ukjende krimforfattarar. Den mest overraskande er kan hende ei novelle av Stieg Larsson som ikkje er blitt publisert tidlegare; ei slags science fiction/krim-novelle han skal ha skrive som 17-åring.
Redaktør Holmberg har skrive ei svært grundig og interessant innleiing der han fortel om historia og utviklinga av svensk krim. Han presenterer mange spennande forfattarar og deira inspirasjonskjelder, samt at han gjer greie for dei ulike undersjangrane som finst innan kriminallitteraturen.

Samlinga inneheld elles noveller av Cilla og Rolf Börjlind, Maj Sjöwall og Per Wahlöö, Inger Frimansson, Johan Theorin, Magnus Montelius, Sara Stridsberg,Veronica von Schenck og Katarina Wennstam. Dei fire siste var heilt nye og ukjende for meg, men i boka har kvar novelle eit forord der redaktøren presenterer forfattaren og plasserer den enkelte novella inn i den krimtradisjonen ho høyrer til. Veldig bra.

Eg likte novellesamlinga svært godt. Dette er ei fin blanding av stemningsfulle, mørke og gode historiar. Eg anbefalar boka til alle som har sans for kvalitets-grøss - og eg gledar meg alt til del 2 av denne samlinga. Den inneheld noveller m.a. frå Henning Mankell, Håkan Nesser og Åsa Larsson.

Tom Egeland har anmeldt novellesamlinga i VG og konkluderer slik: «I mylderet av krimantologier kan du trygt velge denne. Ikke bare fordi historiene i seg selv er medrivende, men fordi hver og en er så velskrevet at den fortjener en dedikert lesers oppmerksomhet.»
Eg er heilt enig med Egeland.


Gyldendal forlag 2014
John-Henri Holmberg (red.): «Mord og mysterier»
Ni svenske krimnoveller
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
256 sider


19. mars 2014

Lydbok-noveller

Lydbokforlaget har nyleg lansert eit nytt "novellekonsept" - Lydbok-singlar. Dette er noveller og korte tekstar som vert utgitt berre på lydfiler. For folk som ønskjer å prøva ut lydbokformatet, er dette tilbodet midt i blinken. Men også for alle andre kan det vera ønskjeleg å kjøpa enkeltnoveller/singlar. Prisen er kroner 39 pr. lydfil. Les meir om det nye konseptet her.

Eg takka ja til tilbodet eg fekk om å prøvelytta dei fyrste tre singlane/novellene:
 - Bjørnen gikk over fjellet av Alice Munro (speletid 1t 59 min)
 - Kysset av Merethe Lindstrøm (speletid 41 min)
 - The life and death of Janis Joplin av Ingvild H. Rishøi (speletid 48 min)

Kysset

er ei vemodig kvardagshistorie med vemodige kvardagstankar. Den kvinnelege forteljaren møter tilfeldigvis att ei kvinne frå fortida. Denne kvinna var syster til ein mann som forteljaren hadde eit forhold til i ungdomstida, og dei har ikkje møtt kvarandre sidan den gongen. Møtet set i gang nye tankar og kjensler hos forteljaren, og handlinga i forteljinga vekslar så mellom notid og fortid. 
Eg tykte novella var stemningsfull og fin, men med ein litt brå slutt. (Slike opne avslutningar er jo vanleg når det gjeld noveller; det vert lagt opp til at lesaren skal tenkja seg korleis det går vidare, på ein måte..)
Eg har ikkje lest noko av Merethe Lindstrøm tidlegare, men kan absolutt tenkja meg å lesa meir av forfattaren på eit seinare tidspunkt. Det er tydeleg at ho beherskar novellekunsten.
Novella er med i novellesamlinga Gjestene og er godt opplest av radiostemma Lisa Strindberg.

The life and death of Janis Joplin

er skriven av Ingvild H. Rishøi og er henta frå novellesamlinga hennar Historien om Fru Berg. Novella handlar om ei ordblind og skulelei jente som får tru på seg sjølv når ein rådgjevar seier at ho liknar på Janis Joplin. Også denne novella er kvardagsleg og "enkel". Språket er nærast muntleg, men godt. Teksten har god rytme og flyt, - historia er fin, sår og gripande - og gjorde verkeleg inntrykk på meg.
Opplesar Runa Eilertsen les med innleving og formidlar stemninga i historia på ein god måte.

Rosina i pølsa av desse tre novellene vart likevel

Bjørnen gikk over fjellet 

av nobelprisvinnar og novellemester Alice Munro - henta frå samlinga Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap. Dette er ei vakker og rørande kjærleikshistorie som handlar om det aldrande ekteparet Fiona og Grant og utfordringane dei begge står overfor når Fiona vert meir og meir gløymsk. Ho vert etter kvart plassert på ein sjukeheim for demente. Opphaldet på institusjonen vert annleis enn det Grant har tenkt.
Novella er ganske lang (speletid 2 timar) - og er like innhaldsrik som ein roman. Forteljinga er gripande utan å vera sentimental, - og kjensleladd utan utbroderingar og klisjéar. Munro skriv fantastisk godt, og opplesar Bodil Vidnes-Kopperud utfører jobben på ein upåklageleg måte. Lydboka anbefalast på det sterkaste.



Eg vil rosa Lydbokforlaget for at det gjer ein innsats for noveller. Små historiar egnar seg fint på lydbok. Det tek ikkje så lang tid tid å høyra ei novelle, men historia kan gjerne "bli hos" lesaren lenge etterpå - dersom ho er god nok. Forlaget skal gi ut tre nye singlar kvar månad framover. Neste månad er det påske, og då kjem det ut tre krimnoveller. Det passar denne lyttaren bra.

2. januar 2014

Grøssande start

...på det nye året! Og det er akkurat slik eg likar det.

Eg har høyrt ferdig den fyrste lydboka i år; novellesamlinga Stemmen i natten og andre grøsserhistorier. Samlinga vart fyrste gong utgitt i 2006 og eg har lånt ho på biblioteket. Boka varer berre i vel 2 timar, men eg tykkjer det er greitt å ta ein pause mellom kvar novelle - så boka vart påbyrja i fjor og ferdiglest i år.

Grøssarsamlinga inneheld desse novellene:
  • Plenklipp av Stephen King
  • Feberfantasier av Ray Bradbury
  • Vertinnen av Roald Dahl
  • Eksamensdagen av Henry Slesar
  • Stemmen i natten av William Hope Hodgson
  • Tyggegummimysteriet av John Steinbeck
  • Elias og draugen av Jonas Lie
Henry Slesar og William Hope Hodgson er nye forfattarar for meg, og historiane deira var såpass bra at eg skal ta å sjekka ut om det finst meir brukbart lesestoff frå desse to. Novella 'Vertinnen' av Roald Dahl har eg lest før, samt sett filmatisert. Ei bisarr, stilig og typisk "Dahlsk" forteljing. Det var også artig med det gamle norske innslaget; 'Elias og draugen' av Jonas Lie.

Novellene er godt opplest av Ivar Nergaard.

18. desember 2013

Fin julebok

Det er berre nokre få dagar til jul; folk går rundt på kjøpesentra i "julepsykosen"; tomme blikk og (nesten) tomme lommebøker. Eg prøver alt eg kan å unngå juleforventningar, julekrav, julemas og julestress - eg har lyst til å finna roen og ettertanken, - som vel jula handlar mykje om.

No har eg i alle fall funne ei bok å roa meg ned med. Ei bok med forteljingar om det mislykka og ufullkomne, men også om tru og håp. Eg les i novellesamlinga Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen. Boka vart lånt på biblioteket med tanke på julelesing, men eg har alt lest ein heil del. Dette er fine og koselege forteljingar til ettertanke. Perfekt lesestoff akkurat no.

Bare mjuke pakker under treet er ei fin samling noveller der jul og juleforventningar er tema. Det er jul i Skogli, Henriksen si fiktive bygd som me kjenner att frå fleire andre bøker av denne forfattaren. Denne boka kom ut i 2005 og vart då godt motteken både av lesarar og kritikarar.

Jula er ei vanskeleg tid for mange. Særleg for folk som er einsame; ein vert gjerne ekstra einsam sidan det er forventa at ein skal kosa seg så veldig med vener og famile i jula. Me får møta fleire personar som har det litt vanskeleg i denne boka. Henriksen skildrar dei alle med varme og innleving. Språket er enkelt, ujålete og muntleg. Historiane er kvardagslege, fine og litt såre.

Og litt sentimentalitet er fint, i alle fall når det snart er jul. Boka anbefalast!

10. desember 2013

Alice Munro - Utsikten fra Castle Rock

Gyldendal 2008
Oversetjar: Aase Gjerdrum
313 sider


Den kanadiske novelleforfattaren Alice Munro mottek i dag Nobelprisen i litteratur for 2013. I samband med tildelinga inviterte bokbloggar Bjørg i Mellom linjene til "samlesing" av forfattaren - og til å publisera eit blogginnlegg på denne dagen - for å hylla årets nobelprisvinnar. Klikk deg inn for å sjå kva andre bokbloggarar skriv!

Sidan eg aldri hadde lest noko av Munro før, vart denne utfordringa eit glimrande høve til å lesa ei av novellesamlingane hennar. Eg gjekk på biblioteket og lånte Utsikten fra Castle Rock (The View from Castle Rock). Boka vart utgjeven i 2006 og kom på norsk i 2008.

Alice Munro (f. Laidlaw i 1931) vaks opp på eit gardsbruk nær ein småby i Ontario i Canada og debuterte med den fyrste novellesamlinga si i 1968. Etter kvart er ho blitt kjent som den store novellekunstnaren. Munro skriv om små og kvardagslege hendingar og nære relasjonar mellom menneske. Ho skriv enkelt, nært og allmenngyldig.

Fyrste del av Utsikten fra Castle Rock er som ei slektshistorie i novelleformat. Munro fortel om forfedrane og -mødrene som utvandra frå Skottland til Amerika tidleg på 1800-talet. Lesaren får eit innblikk i liva deira før dei drog over havet, om overfarten, om korleis dei livberga seg dei fyrste åra i det nye landet og om det strengt religiøse samfunnet dei tilhøyrde. Om draumar og forventningar, - og skuffelsar og nederlag.

Andre del handlar om Alice Munro sitt eige liv - eller kanskje ikkje. Novellene har i alle fall sjølvbiografiske trekk. Det handlar om barndom, ungdom, forhold til foreldre og slektningar og etter kvart om forholdet til barndomsheimen etter at ho vart vaksen. Munro gir lesaren glimt av den store skilnaden det var mellom folk på den tida Munro vaks opp - økonomisk og materiellt sett. Karakterane hennar er gjenkjennelege - dei liknar på naboen og deg og meg og - ja, "folk flest".

Dei 12 novellene i boka er kronologiske og spenner frå 1700-talet og heilt fram til våre dagar. I vid forstand handlar historiane om samhandling mellom menneske, men heilt sentralt er også nærleiken til natur, jord og landskap. Kva som er "sanning" og kva som er fiksjon når det gjeld historiane hennar, er uvisst. Som forfattaren sjølv seier i forordet sitt: "- jeg utforsket et liv, mitt eget liv, men ikke strengt og dokumentarisk. Jeg plasserte meg selv i sentrum og skrev om dette selvet, så inngående jeg kunne. Men skikkelsene som omga dette selvet, fikk sine egne liv og sine egne farger og gjorde ting de ikke hadde gjort i det virkelige liv."

I Wikipedia står det om Alice Munro sitt forfattarskap: "Fortellingene hennes dreier seg om mellommenneskelige forhold sett i et hverdagslig perspektiv". Det er ganske godt sagt. Ein får same kjensla når ein les denne boka som den ein får når ein lyttar til eit eldre menneske som fortel om "gamle dagar"; ikkje så veldig spennande - men likevel interessant, lærerikt og til ettertanke. Munro skriv nostalgisk, men ikkje romantisk. Distansert, men likevel nært. Og nært utan at det vert ubehageleg intimt og utleverande.

Eg likte godt dei skiftande stemningane, det fine språket og den lågmælte stilen i denne novellesamlinga. Alice Munro sine noveller kjem eg til å lesa meir av.

30. juli 2013

Krimnovellelydbøker på vent

Boken på vent er den faste spalta kvar tysdag hos Beathe og beathesbokhylle. Eg tykkjer det er både underhaldande og inspirerande å sjå kva slag bøker andre bokbloggarar og bokelskarar har på vent.

Denne tysdagen vil eg gjerne back to basic og visa fram to lydbøker eg har lånt på biblioteket.


For Agatha Christie er liksom basic for meg. Sidan eg vart introdusert for bøkene hennar då eg var ung, har eg lest - og likt - veldig mange av bøkene hennar. Kosekrim med Hercule Poirot og Miss Marple er verkeleg avslappande og fornøyeleg underhaldning. Dame Agatha er sjølve Krimdronninga med stor K: Ho ga ut 66 romanar, 154 noveller og 20 skodespel. Bøkene hennar er selde i ufattelege to milliardar eksemplar og oversette til meir enn 60 språk. Det er òg laga utallige filmar og TV-seriar basert på romanane og novellene hennar.

Eg er veldig fan av den smarte og pertentlege vesle belgiaren Hercule Poirot, som har hovudrolla i desse to lydbøkene:


Mordet på seiersballet

inneheld tre noveller:
  • Mordet på seiersballet
  • Historien om kokkepiken fra Clapham
  • Det doble sporet

I Plymouthekspressen er desse 5 novellene med:
  • Plymouthekspressen 
  • Vepsebolet
  • Mysteriet i Market Basing
  • Mysterium til sjøs
  • De hemmelige ubåttegningene

Alle novellene er henta frå samlinga Poirot løser gåten (Poirot's Early Cases) som kom ut i 1974. Handlinga er frå tida rett etter fyrste verdskrig, og det er Poirot sin gode ven og hjelpar, kaptein Hastings, som har forteljarstemma.

Innlesar av lydboknovellene er Nils Nordberg. Røysta hans er perfekt for slik klassisk krim.

19. juli 2013

Ei grei veskebok

Nyskrivne noveller av Aslak Nore, Stein Morten Lier, Birger Baug, Kurt Aust og av sjølvaste Chelsea Cain. Samt tidlegare publiserte noveller av Kim Småge, Unni Lindell og Tom Egeland. OG nokre eldre perler frå André Bjerke, Torolf Elster og P.D. James.
Sommerkrim frå Aschehoug er ein fin blanding, til sals i daglegvarebutikkar. Før opp kaffi, juice og krimbok på handlelista!

26. mai 2013

Ein smak av sommar

...har me hatt dei siste par dagane. Her inst i Sognefjorden er himmelen blå, liene grøne, toppane snøkvite og fjorden turkis. Postkortnatur. Me som bur her set vel kanskje ikkje nok pris på alt det vakre som naturen byr på i desse dagar.


Ein smak av sommar i litterær form dukka opp i postkassen min forrige veke; Sommerperler 2013, tilsendt frå Juritzen forlag. Ei fin lita bok å ta med i veska. Forlaget presenterer novellesamlinga slik:
"Sommerperler er den første boken i et helt nytt konsept for en fast utgivelse hver sommer. I Sommerperler får du 16 noveller skrevet av norske kvinnelige toppforfattere. Dette er en miks av litterære og underholdende noveller. Legg deg på stranden, og drøm deg bort med sommerens perler."

Enno har eg ikkje lese så mykje i boka, eg tenkjer ho skal få bli med meg rundt omkring, - og så kan eg ta ho fram og lesa ei novelle når det passar seg slik.

Ei av novellene eg har lese er Barnet som elsket veier av Cora Sandel. Ei fin, varm og vemodig historie om ein svunnen barndom. Novella startar slik:


Ute etter bok- og lesetips? Ta ein tur innom bloggen Flukten fra virkeligheten og få smakebitar frå mange ulike bøker!