har blitt ein populær og kritikarrost forfattarar, særleg gjennom Jarle Klepp-bøkene
. Og eg tenkte for meg sjølv; ei heil Renberg-bok utan Jarle?! då eg fekk høyra om denne nye boka. Men så kom eg på at den godaste Jarle egentleg var på god veg til å finna seg sjølv i
Ei ny bok om ein velfungerande og optimistisk Jarle Klepp hadde blitt kjedeleg. Kanskje det er slike tankar Tore Renberg har hatt òg. For her handlar det om eit heilt nytt univers; "underverda" og "vrangsida" av
Stavanger.
Forfattaren let lesaren bli godt kjend med omlag ti personar i tre ulike miljø. Alle har si forteljarstemme og me får følgja dei nokre få avgjerande og tildels dramatiske septemberdagar. Renberg er ein menneskekjennar som har god innsikt i livet og tankane til både dei som er litt "skrudde" - og dei som er litt meir "vanlege". I denne boka fortel han dei enkelte karakterane si historie, og det er opp til oss som lesarar å vurdera moralen/umoralen deira. For det er som sagt skuggesida og dei noko mørke trekka ved menneska det handlar om i
Vi ses i morgen.
Pål er den fyrste me møter, og han er faktisk eit gjensyn for oss som har lest kortromanen
Videogutten. I den boka var handlinga lagt til åttitalet og Pål var ein søkande 14-åring. No er han ein stakkarsleg par-og-førti-åring, sakshandsamar i kommunen, speleavhengig, blakk og desperat. Så desperat at han kastar alle vinduskonvoluttar uopna og søker "hjelp" av yrkeskriminelle. Han er åleinefar til to tenåringsjenter, Malene og Tiril.
Malene er den snille og flinke turnjenta som har tatt på seg omsorgsrolla i familien.
Tiril er den yngste, ho er ei opprørsk og svartkledd emojente som lyttar til Evanescense og har Amy Lee som førebilete.
Ei venninne av dei to er
Sandra, som
kjem frå ein vellukka og kristen heim, men sjølv har ho eit hemmeleg, intenst og intimt forhold til den farlege og vakre
Daniel William.
I alle desse ungdommane er det mykje hormonar og sterke kjensler.
Jan Inge, eller Jani (jepp, sjølvaste
Videogutten) er sjefen i Hillevåg-gjengen og ser på seg sjølv som ein bedriftsleiar av David Toska-typen, berre litt meir filosofisk - og ikkje fullt så grådig. Han er sterkt overvektig og er som systera Cecilie prega av at han vart forlatt som 13-åring. "Fridomen" han fekk den gongen vart brukt til horror-filmar, tjuveri, heleri og anna småkriminalitet.
Rudi er ein svær fyr med ADHD, han bablar i eitt sett, og er både ein håplaus romantikar og ein brutal kjeltring. Her har Renberg skapt ein heilt spesiell karakter som er irriterande og fascinerande på same tid. Han diggar heavy metal; Mötley Crüe, Metallica og W.A.S.P. Men han likar også Coldplay og
Viva la vida, noko han ikkje innrømmer for nokon. Han er veldig veldig skeptisk til nymotens påfunn som internett.
Cecilie, eller Chessie, har vore kjærasten hans i 27 år. Stakkars Cecilie er med i gjengen av gammal vane, og fordi ho er avhengig av Rudi og broren Jan Inge. Ho og broren var utsett for grov omsorgssvikt då dei var heilt unge, - mora var alkoholisert og døydde og faren reiste rett og slett frå dei, den gongen på åttitalet. Cecilie er kjenslemessig ustabil, er lite pen og elskar Van Halen og Aerosmith. Ho vert framstilt som lett tilbakeståande - eller kanskje ho er psykisk skadd etter gjentekne overgrep i ung alder.
Den fjerde personen i denne gjengen er den harde og kalde
Tong, som akkurat har sona ferdig fengselsstraffa si - og som Cecilie har innleia eit forhold til medan han har sete inne.
Dette var kort om ein del av personane og forteljarstemmene i boka - og på same tid eit slags handlingssamandrag. For det er dei enkelte si historie som held oppe og som
er handlinga i boka. Historiane til dei enkelte flettar seg inn i kvarandre, personane nærmar seg kvarandre på ulike vis og dei ulike hendingane skifter stadig perspektiv. Renberg skildrar karakterane sine mest ut frå måten dei snakkar på, men let òg lesaren ta del i tankane deira. Og det viser seg at både fjortisane og førtisane er heilt annleis inni enn utanpå. Ungdommane er tøffe i trynet, men usikre, einsame og redde inni seg. Det same er dei vaksne. Boka har ei stemning av noko håplaust, noko vemodig og hjelpelaust, - men det finst rikeleg med humor også. Barsk og mørk humor.
Mange anmeldarar har sagt at tempoet i denne boka er høgt. Slik oppfattar ikkje eg det, men det har truleg samanheng med at eg lyttar til Renberg si heller rolege stemme. Men handlingane er heftige, personane er energiske - her er både banning, sverging, puling og slåssing.
Vi ses i morgen har eit røft og tøft språk - særleg gjeld dette dialogane. Her er det ikkje snakk om å snakka rundt grauten. Alle bannorda og tabuorda kan oppfattast som provoserande, men eg trur faktisk at ein slik måte å snakka på er heilt vanleg i dei miljøa det her handlar om. Boka er skriven på bokmål, men Renberg les på si eiga stavangerdialekt, - og eg føler at det gjer boka meir ekte, meir realistisk og meir intim.
Som musikkinteressert likar eg godt dei mange musikkreferansane i boka. Forfattaren nemner utallige låtar og artistar eg sjølv likar og har høyrt mykje på. Eg har brukt lang tid på lydbok-lyttinga fordi det gjekk ei tid før eg vart engasjert i historia. Det er mange folk og mange detaljar og opplevingar å halda styr på. Etter kvart som eg vart meir kjend med stoffet og personane, vart lyttinga meir intensiv. Spenninga stig også etter kvart; for kva i alle dagar kjem til å skje på slutten? Lukkast Pål i å få tak i pengar? Vert "bransjeklassikaren" til Rudi og Jani vellukka? Kva skjer med Cecilie? Og Daniel William - klarar han å komma seg ut av flokene? Korleis går det med Tiril og framføringa hennar?
Korleis skal forfattaren klara å
landa ei så omfattande og absurd forteljing?
Vel - han landar som forventa; på ein absurd, tragikomisk og naiv måte. På ein litt uavklart og typisk renbergsk måte.
Tore Renberg er ein dyktig forfattar som skapar nye interessante historiar og sjarmerande karakterar i kvar einaste bok. Det vert spennande å sjå kva han kjem med neste gong.
Eg gir
Vi ses i morgen terningkast fem, som betyr at eg likte boka veldig godt,
men:
Trass i ei drivande handling, tykkjer eg at ho er for lang. Det vert tidvis så mykje tøys og tull . Eg tykkjer boka
inneheld for lange monologar og mange unødvendige detaljar. Papirboka er på 600 sider og lydbokversjonen på nesten 20 timar.
Det vert for mange ord, rett og slett.
Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.