Det nærmar seg slutten av den mest spesielle månaden me har hatt nokon gong. Før ei oppsummering av lest og ulest i mars må eg ta med nokre ord om koronasituasjonen - ei krise som har ført til menneskelege, økonomiske og samfunnsmessige omveltningar. Ein usynleg fiende har råka oss alle - eit virus som har ført til sjukdom og død for utallige - og som me ikkje anar dei fulle konsekvensane av enno. Pandemien er nok enno kun i oppstartsfasen. Kven skulle trudd for ein månad sidan at liva våre skulle endrast så drastisk - så raskt?
Samstundes kjenner eg meg takksam. Fyrst og fremst fordi eg bur i eit land med eit godt utbygd helsevesen og med helsemyndigheiter som sette i verk drastiske og naudsynte tiltak. Dernest fordi eg framleis har ein jobb; ein jobb i det offentlege med pålagt heimekontor. Dette siste sparar meg for arbeidsreisetid, men eg saknar kollegaene mine og kvardagane mine. (Eg er óg takksam for at eg slepp å driva med barnepass og heimeundervisning sidan ungane mine er vaksne..)
Mest av alt saknar eg å vera saman med vener og familie. Men dette med å halda avstand og å vera mest muleg heime må bli normalen for oss alle ei god stund framover. Folk flest forstår alvoret og innrettar seg deretter. Som det stadig vekk blir sagt; det er ein dugnad, dette.
Eg tykkjer det er positivt at mange syner solidaritet og kreativitet i ei vanskeleg og uviss tid. På nettet kan ein til dømes finna aktivitetar som digitale byvandringar, konsertar, bokopplesingar og kunstutstillingar. Eg nyttar meg av ein del av desse tilboda, og finn dessutan stadig nye podcastar som er verdt å lytta til. Tv-seriar og filmar derimot, - det er ikkje noko for meg. Biblioteka er stengde, men eg har lagt merke til at det er blitt betre utval av ebøker og lydbøker i BookBites i det siste. Storytel har også eit godt og variert utval til folk med ulik lesesmak.
Heldigvis så likar eg å vera åleine heime og lesa bøker. Eg kjedar meg aldri fordi eg alltid har bøker på vent. Men når det er så mykje som skjer i samfunnet rundt meg og alt er så uvisst gjer det noko med konsentrasjonen. Eg har nesten ikkje blogga og omtrent ikkje lest andre bloggar denne månaden. Eg las ferdig seks bøker i mars:
Påbyrja i februar, fullført i mars:
Tor Bomann-Larsen - Folket (Haakon & Maud bind 2) - Norsk biografi/historisk dokumentar - Lydbok Storytel
C.J. Sansom - Opprør - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Lest i mars:
Val McDermid - Under overflaten - Britisk krim - Lydbok Storytel
Jo Nesbø - Flaggermusmannen - Norsk krim - Lydbok Storytel
Gard Sveen - Blod i dans - Norsk krim - Lydbok Storytel
Håkan Nesser - Nortons filosofiske memoarer - Svensk kortroman - Lånt ebok BookBites
Påbyrja i mars, fullførast i april:
John Harvey - Av kjøtt og blod - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Div. forfattarar - Påskekrim 2020 - Krimnoveller - Kjøpt papirbok
Håkan Nesser - Halvmorderen - Svensk krim - Kjøpt lydfil
1 papir, 4 lyd, 1 ebok
2 lånt, 4 abonnement
4 krim, 1 kortroman, 1 biografi/dokumentar
3 norske, 2 britiske, 1 svensk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Ingen.
Marsbøkene mine er av høgst ulik omfang: Opprør av C.J. Sansom er på 789 sider, Nortons filosofiske memoarer på kun 96 sider, inkl. illustrasjonar.
I april skal eg fyrst og fremst lesa ferdig dei påbyrja bøkene. Av dei er det Halvmorderen av favoritten Håkan Nesser eg har størst forventningar til. Dagen før "alt" vart karonastengt henta eg Niklas Natt och Dag sin oppfølgjar av 1793 (som logisk nok har tittelen 1794) på biblioteket. Ei anna bilbiotekbok som ventar er Den stille uke av Sven Petter Næss. Den skal lesast i påskeveka, men eg anar ikkje om det er denne veka det er snakk om i boka. Elles har eg tenkt å halda fram å lesa om Haakon og Maud, lydboka av bind 3 i serien, Vintertronen, er alt lasta ned på telefonen. Andre ventebøker eg gledar meg til er Våroffer av Anders de la Motte (lånt ebok) og X måter å dø på av Stefan Ahnhem (lånt lydbok). Eg håpar på å fåtid konsentrasjon nok til å skriva nokre bokmtalar i den kommande månaden.
Eg ynskjer alle god påske og ein god lesemånad i april. Ta vare på kvarandre der ute!
Samstundes kjenner eg meg takksam. Fyrst og fremst fordi eg bur i eit land med eit godt utbygd helsevesen og med helsemyndigheiter som sette i verk drastiske og naudsynte tiltak. Dernest fordi eg framleis har ein jobb; ein jobb i det offentlege med pålagt heimekontor. Dette siste sparar meg for arbeidsreisetid, men eg saknar kollegaene mine og kvardagane mine. (Eg er óg takksam for at eg slepp å driva med barnepass og heimeundervisning sidan ungane mine er vaksne..)
Mest av alt saknar eg å vera saman med vener og familie. Men dette med å halda avstand og å vera mest muleg heime må bli normalen for oss alle ei god stund framover. Folk flest forstår alvoret og innrettar seg deretter. Som det stadig vekk blir sagt; det er ein dugnad, dette.
Eg tykkjer det er positivt at mange syner solidaritet og kreativitet i ei vanskeleg og uviss tid. På nettet kan ein til dømes finna aktivitetar som digitale byvandringar, konsertar, bokopplesingar og kunstutstillingar. Eg nyttar meg av ein del av desse tilboda, og finn dessutan stadig nye podcastar som er verdt å lytta til. Tv-seriar og filmar derimot, - det er ikkje noko for meg. Biblioteka er stengde, men eg har lagt merke til at det er blitt betre utval av ebøker og lydbøker i BookBites i det siste. Storytel har også eit godt og variert utval til folk med ulik lesesmak.
Heldigvis så likar eg å vera åleine heime og lesa bøker. Eg kjedar meg aldri fordi eg alltid har bøker på vent. Men når det er så mykje som skjer i samfunnet rundt meg og alt er så uvisst gjer det noko med konsentrasjonen. Eg har nesten ikkje blogga og omtrent ikkje lest andre bloggar denne månaden. Eg las ferdig seks bøker i mars:
Påbyrja i februar, fullført i mars:
Tor Bomann-Larsen - Folket (Haakon & Maud bind 2) - Norsk biografi/historisk dokumentar - Lydbok Storytel
C.J. Sansom - Opprør - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Lest i mars:
Val McDermid - Under overflaten - Britisk krim - Lydbok Storytel
Jo Nesbø - Flaggermusmannen - Norsk krim - Lydbok Storytel
Gard Sveen - Blod i dans - Norsk krim - Lydbok Storytel
Håkan Nesser - Nortons filosofiske memoarer - Svensk kortroman - Lånt ebok BookBites
Påbyrja i mars, fullførast i april:
John Harvey - Av kjøtt og blod - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Div. forfattarar - Påskekrim 2020 - Krimnoveller - Kjøpt papirbok
Håkan Nesser - Halvmorderen - Svensk krim - Kjøpt lydfil
1 papir, 4 lyd, 1 ebok
2 lånt, 4 abonnement
4 krim, 1 kortroman, 1 biografi/dokumentar
3 norske, 2 britiske, 1 svensk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Ingen.
Marsbøkene mine er av høgst ulik omfang: Opprør av C.J. Sansom er på 789 sider, Nortons filosofiske memoarer på kun 96 sider, inkl. illustrasjonar.
I april skal eg fyrst og fremst lesa ferdig dei påbyrja bøkene. Av dei er det Halvmorderen av favoritten Håkan Nesser eg har størst forventningar til. Dagen før "alt" vart karonastengt henta eg Niklas Natt och Dag sin oppfølgjar av 1793 (som logisk nok har tittelen 1794) på biblioteket. Ei anna bilbiotekbok som ventar er Den stille uke av Sven Petter Næss. Den skal lesast i påskeveka, men eg anar ikkje om det er denne veka det er snakk om i boka. Elles har eg tenkt å halda fram å lesa om Haakon og Maud, lydboka av bind 3 i serien, Vintertronen, er alt lasta ned på telefonen. Andre ventebøker eg gledar meg til er Våroffer av Anders de la Motte (lånt ebok) og X måter å dø på av Stefan Ahnhem (lånt lydbok). Eg håpar på å få