Viser innlegg med etiketten Islandsk krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Islandsk krim. Vis alle innlegg

4. juni 2025

Kort om: Svart is-kvartetten av Yrsa Sigurðardóttir

Eg har lese mange bøker av denne forfattaren, både seriar og frittståande bøker - og ho skriv alltid bra og har gode gjennomtenkte plott. Men enkelte av bøkene hennar, dei som inneheld overnaturlege element og spøkeri og uavklarte hendingar - dei har eg problem med. 

No har eg lese dei to fyrste bøkene i Yrsa sin nye serie Svart is-kvartetten. Det skal altså komma fire bøker i denne serien (dei er alt utkomne på Island), men ho må gjerne komma med fleire - for her er forfattaren på det eg meiner er "rett spor". For meg er det nemleg viktig med ein rasjonell (om ikkje alltid realistisk) forklaring på krimgåter. Fyrst då får eg ei god leseoppleving. 


Lukk, lukk og lås 
Bonnier norsk forlag 2024
414 sider
Lånt lydbok BookBites / Lånt papirbok privat

Eg byrja lesinga av denne fyrste boka som lydbok, men det gjekk ikkje. Heldigvis hadde eg tilgang også til papirutgåva. Nina Voxholtt er kan hende ein bra skodespelar, men ho er verkeleg ikkje nokon bra opplesar av lydbøker. 

Nok om det - for dette er ei bra bok! Eg var skeptisk på førehand, fordi boka har fått så veldig ulike og sprikande omtalar. 
For meg vart det ei rystande, grøssande og mørk leseoppleving, akkurat slik som eg likar det. Sigurðardóttir veit kva ho skal spela på for å få til den riktige uhyggen hos lesaren, og eg tykkjer det er dyktig gjort.
Bakteppe: dårleg vêr, barsk natur, aude landskap, skummelt hus, mystiske lydar og spesielle familieforhold. Historia er fæl: mor, to barn og ein au pair vert funne drepne. Faren i familien er borte. Det ser med andre ord ut som ei opplagt sak, ei familietragedie. Men rettsmedisinar og etterforskarar finn relativt tidleg ut at så "enkelt" er det ikkje. 

Det heile vert fortalt frå to synsvinklar over to tidslinjer: Politimannen Týr i notid og au pairen Sóldís i tida før drapa finn stad. Det er Sóldís si historie som er mest urovekkande og ubehageleg å lesa - i og med at me veit (alt frå starten) at ho kjem til å bli drept.
Men sjølv om lesaren "veit korleis det går" er det veldig, veldig nervepirrande. 


Vokt dine hender

Bonnier norsk forlag 2025
398 sider
Lånt papirbok privat

I den andre boka er handlinga lagt til Vestmannaeyjar. Vêret er (naturlegvis) også dårleg i denne forteljinga, noko som gjer lokalsamfunnet avsondra og handlinga i boka nokså klaustrofobisk. Når eg går inn på Google maps (noko eg ofte gjer når eg les) ser eg at naturskildringane stemmer bra med verkelegheita. Men i Street view er det dagslys og det ser ut som det er sommar, medan det i boka er vinter, mørkt, glatt, snø og vind. 

Også i denne boka er det ulike perspektiv og to ulike tidsplan. Denne måten å fortelja historia på er effektiv og aukar både spenningsnivået og framdrifta. Ein må berre lesa vidare.
Forteljarstemmene tilhøyrer rettsmedisinar Iðunn og medisinstudenten Traustir. I starten er Traustir glad og forventningsfull fordi han skal treffa igjen gamle studiekameratar. Dei skal riktig nok i ei gravferd fyrst, men etterpå er det planen at dei skal mimra, festa og ha det kjekt saman nokre dagar. Men det blir ikkje noko kjekt gjensyn. Tvert om utviklar det seg til eit grusomt mareritt.

Dette er ei superspennande bok som ga meg både gåsehud og puls. Det flatar bittelitt ut på slutten, - det er naturleg sidan det er ganske mange trådar som skal nøstast opp i.

Vokt dine hender kan lesast som frittståande bok, men eg set pris på å lesa i rett rekkefølge slik at eg blir meir kjent med etterforskarane sine personlege liv og erfaringar. I den fyrste boka får me vita ein heil del om Týr sin bakgrunn, i den andre er Iðunn mest sentral, - og eg reknar med at det er Karó som blir i fokus i neste bok. 

25. januar 2022

Vinterlesing: Nordisk krim

I desse mørke vintermånadene høver det bra med krimlesing. Det slår meg ofte kor mangfaldig krimsjangeren er, med tanke på kvalitet, innhald og skrivestil. Nedanfor kjem nokre eksempel på dette mangfaldet. 

Fyrst: Norsk krim, og ein veteran innan sjangeren.

Djevelen i detaljene av Chris Tvedt
Gyldendal 2021
370 sider
Lånt ebok BookBites

OK advokatkrim, og eit gjensyn med både forsvarsadvokat Brenne og etterforskar Matre, dei to figurane denne forfattaren har skapt. Dette er såleis bok 9 i Mikael Brenne-serien og bok 4 i Edvard Matre-serien.

Sjølve plottet er passe finurleg med enkelte overraskande vendingar. Etter ein litt treg og omstendeleg fyrste halvdel av boka tek det meir av i andre del, med fleire dramatiske scener. Handlinga vert oppfatta som både aktuell og truverdig, men likevel er det noko tamt og tregt over det heile.  
Terningkast 4-.


Så nokre svenske innslag.

Polarsirkelen av Liza Marklund
Cappelen Damm 2021
319 sider
Lånt papirbok privat

Lovande fyrste bok i ny serie (eller trilogi) frå dama bak den kjende Annika Bengtzon-serien. Handlinga er lagt til Nord-Sverige, eit landskap me kjenner frå diverse andre krimseriar. Handlinga vekslar fint mellom fortid (1980) og notid (2019). Eit likfunn i notid vert knytt til ei forsvinningssak i fortid og dermed nye møte mellom folk som ikkje har sett kvarandre på lang tid. 

Boka byr på gjenkjennande tidsbilete og presise karakteristikkar. Ikkje alt er like truverdig eller sannsynleg, men eg tykkjer likevel at plottet heng saman. Marklund skriv godt, og det er tydeleg at ho med denne boka er på "heimebane". 
Terningkast 4+.


Siste spiker av Stefan Ahnhem
Aschehoug 2021
Speletid 12:30
Lånt lydbok BookBites

Eg fekk eit dårleg fyrsteinntrykk av Fabian Risk-serien, men endra raskt meining og fekk etter kvart verkeleg sans for denne serien. Her får ein grøss og gru, motbydelege drap, utspekulerte gjerningspersonar og spenning frå fyrste til siste side. 

Ahnhem held fram med å utsetja dei stakkars karakterane sine for utfordringar, påkjenningar, sorger og bekymringar. Av og til vert det så voldsomt at det nærmar seg det parodiske. Men - eg likar skrivestilen hans og likar at han "leikar seg"; med alle krumspringa sine utfordrar han både lesaren og sjangeren. Boka er ganske rå og brutal, men har også høg underhaldningsfaktor. Her blir ein nesten andpusten av spenning og skvett til av dei uventa vendingane. Og antagonisten - han er ein av dei mest ufordragelege eg nokon gong har støtt på.

Om du har høve til strekklesing vil eg anbefala lydboka. Ivar Nergaard les på sedvanleg stødig og engasjerande vis. 
Terningkast 5.


Singöspionen av Anders Gustafson og Johan Kant
Lind & co. 2021
Speletid 13:16
Lydbok Storytel

Så over til noko heilt anna; skjærgårdskrim - og ei middelmådig leseoppleving. Begge forfattarane er nye for meg, og eg vil påstå at boka deira er ei krimbok for nybyrjarar; enkel og lettlest som ho er. Her finst enkelte actionscener, men mest av alt er det klisjéar, trivialitetar og overforklaringar. Ofte er det meir turistreklame enn krim, slik som i Sandhamn-serien. 

Eg må likevel innrømma at eg til ein viss grad vart sjarmert av hovudpersonen Solbritt og måten ho opptrer på. Elles er det ikkje så mykje å skryta av, og ikkje vart boka avslutta skikkeleg heller. Det er lagt opp til at ein "må" halda fram med lesinga i neste bok, men eg giddar faktisk ikkje meir. Opplesaren av lydboka er heller ikkje spesielt bra. Terningkast 3-.


Til slutt ein islandsk veteran:

Den tause moren av 
Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2021
Speletid 9:15
Lånt lydbok BookBites

Bok nummer 3 i Konrad-serien. Eg har ikkje lest dei to fyrste, men har tidlegare lest fleire bøker av denne forfattaren. Arnaldur er som alltid god på melankolsk stemning og karakteroppbygging. Når det gjeld tempo og engasjement kan det av og til bli litt langtekkeleg og uspennande. 
I denne boka handlar det om to gamle saker og ei ny sak - og steg for steg får me vita korleis desse sakene heng saman. Konrad er ein samansett person og ein sympatisk protagonist. Like grublande som Erlendur (frå Arnaldur sin mest kjente serie), men ikkje så depressiv.
Den tause moren er ei roleg, velskriven og trist bok til terningkast 4+.

14. mars 2020

Favorittforfattarar: Y og Ø

Nest siste avsnitt i spalta favorittforfattarar - og litt hurlumhei med alfabetiseringa. Ein del av dei siste bokstavane i alfabetet er sjeldne i samband med (forfattar)førenamn, så dermed vert det her éin forfattar på Y og éin forfattar på Ø.

Yrsa Sigurðardóttir
Foto: Kagge.no

Islandsk krimforfattar f. 1963.

Det er som regel ei heilt eiga stemning i islandsk litteratur - og i islandsk krim. Den mest kjende og produktive islandske krimforfattaren fram til no har vore Arnaldur Indriðason, men det spørs om ikkje Yrsa er i ferd med å bli like kjend og populær. Begge brukar det islandske landskapet som kulissar og stemningsskapar i bøkene sine - men medan Arnaldur ofte har eit melankolsk og nostalgisk skjær i bøkene sine, har Yrsa eit meir aktuelt blikk - og gjerne ein makaber vri.

Yrsa debuterte som barnebokforfattar i 1998 og som krimforfattar i 2005. Nyleg kom den femte boka i serien om Huldar og Freyja ut. Den har tittelen Dukken og skal lesast ved høve.


Foto: Lydbokforlaget.no

Øystein Wiik

Norsk krimforfattar f. 1956.

Her har me eit energisk multitalent av det sjeldne slaget. Når Øystein Wiik ikkje er oppteken med foredrag-, skodespelar- eller sangaroppdrag, syslar han med skriving. Han har funne sin eigen "nisje" innan kriminallitteraturen med sin elleville, actionfylte og eventyrprega serie om Tom Hartmann.

Wiik debuterte som kriminalforfatter i 2012 med romanen Dødelig applaus, ei bok med handling frå operamiljøet og som vart Riverton-nominert. I ettertid har det komme seks bøker til i denne serien, samt ei bok i ein ny serie med ny "helt".

Wiik er ein god skodespelar og dermed ein strålande opplesar av sine eigne bøker. Han byr på seg sjølv og gir lyttaren fantastisk underhaldande lese-/lytteopplevingar.

5. august 2019

Sommarlesing del 2: Mikroomtalar og oppsamlingsheat

Superkorte overfladiske omtalar er vel betre enn ingen omtalar? Fleire av bøkene nedanfor er forlengst utlest og enkelte av dei; alt tildels gløymde. Google bøkene om du vil lesa meir om dei.


Kald angst av Mads Peder Nordbo
(Gyldendal 2019)
Dansk krim, handling frå Grønland. Framhald av Jenta uten hud. Uvant miljø og interessante protagonistar. Terningkast 4.

Heksens tid av Arni Thórarinsson
(Cappelen Damm 2010)
Ny forfattar for meg. Islandsk krim med mørke stemningar og langsam stil. Irriterande opplesar forringa leseopplevinga. Terningkast 3-.

Frosten og døden av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden
(Samlaget 2018)
Bok nummer fire i bygdekrimserien med handling frå Lom. Lettlest og enkel, men ikkje banal. Fine miljøskildringar, litt dårleg tempo. Terningkast 3+.

Jeg er nummer 13 av Øistein Borge
(Font 2018)
Den tredje (og hittil beste) i Bogart Bull-serien. Groteske og avanserte drapsmetodar. Bra driv og spennande avslutning. Terningkast 4+.



Ikke et lik for mye av Jørgen Jæger
(Juritzen 2018)
Ei samling noveller av ujamn kvalitet, dei fleste med overraskande avslutningar. Ole Vik er med i fleire av forteljingane. Terningkast 4.

Intrigo av Håkan Nesser
(Gyldendal 2018)
Fem svært gode/velskrivne/underfundige noveller/kortromanar, kun ei av dei (tittel: 'Tom'), er nyskriven. Gledeleg gjenlesing med 'Rein' og den geniale 'Kjære Agnes', samt ytterlegare to historiar. Terningkast 5.

Utover enhver rimelig tvil av Malin Persson Giolito
(Cappelen Damm 2018)
Ingen snarvegar her; historia om eit muleg justismord er både truverdig og grundig utført. Litt for omstendeleg, noko som går ut over spenninga. Terningkast 4+.

Springflo av Cilla & Rolf Börjlind 
(Gyldendal 2011)
Fyrste bok i serie, omsider tatt fram frå hylla. Brukbar spenning, mange handlingstrådar, fleire originale karakterar. Lite truverdig, men likevel lovande. Terningkast 4.

20. mai 2019

Vårlesing del 2: Heilt kriminelt

Det vert lite blogging for tida. Våren og forsommaren fører til at ein prioriterer andre aktivitetar og gjeremål. Men eg les då ein del - og for å komma litt meir ajour her på bloggen er det greit og praktisk med samleomtalar.

Det går som vanleg mest i krim sidan eg er interessert i det - og eg skammar meg slett ikkje over at eg les mest slik litteratur. Når ein les krim lærer ein mykje, både om samfunnet og om menneskesinnet. Og det gler meg verkeleg at det finst andre som brenn for god krimlitteratur:
I den nyoppstarta podkasten Helt kriminelt set Elin Brend Bjørhei og Ellen Gustavsen Simensen fokus på mangfaldet innan kriminallitteratur og snakkar om kva krim er. Dei tek for seg aktuelle trendar og bøker og inviterer også med seg kjende krimforfattarar. Den fyrste episoden handlar om undersjangeren psykologisk thriller og er ganske interessant. Eg skal følgja med på denne podkasten framover.

Alle bøkene nedanfor er heilt kriminelle, sjølvsagt - men svært så ulike med omsyn til skrivestil og innhald. Dei seks bøkene er då også frå fem ulike nasjonar.

Livredd av S.J. Bolton

Cappelen Damm 2014
Speletid 11:58
Lydbok Storytel


Bok nummer to i serien om Lacey Flint er nifs, velskriven og svært spennande. Her befinn me oss i grenselandet mellom psykologisk thriller og etterforskarkrim. Stil- og handlingsmessig kan Bolton minna om andre britiske krimforfattarar; eg tenkjer på Val MacDermid, litt på Belinda Bauer - og muligens litt Mo Hayder. I denne boka handlar det om ein gjerningsperson som ser ut til å hypnotisera unge kvinner til å ta livet av seg - på høgst uvanlege og dramatiske måtar. Lacey Flint går undercover for å finna ut av saka.
Pluss for tempo og spenning, men handlinga elles er såpass urealistisk at Livredd ikkje når heilt opp. Men eg skal absolutt lesa meir av denne serien. Terningkast 4+.


Høstdåd av Anders de la Motte

Aschehoug 2019
543 sider
Lånt papirbok privat


Svenske de la Motte er blitt mektig populær her i landet, og det er forståeleg. Han er dyktig; skriv godt og fortel stemningsfulle historiar. I Høstdåd handlar det om venskap, oppvekstvilkår og familieforhold, og om ei tragisk hending i fortida som har fått konsekvensar for eit heilt lokalsamfunn. Det vert skifta tydeleg og forståeleg mellom tidsplan og synsvinklar.

Boka er nummer to i de la Motte sin årstidskrimserie, men er ein sjølvstendig roman. Sensommer og Vinterild er dei to andre som alt er utkomne. Den fjerde, Våroffer, kjem i 2020. Her er vakre naturskildringar, mørk stemning og truverdige karakterar. Men eg tykkjer forteljarmåten er litt seig og at boka er for lang. Det tek utruleg lang tid før den endelege oppklaringa finn stad. Terningkast 4.



Kommer alltid tilbake av Christina Erikson

Goliat 2019
393 sider
Lånt ebok eBokBib


Det finst utruleg mange kvinnelege svenske krimforfattarar - og det dukkar stadig opp nye. Dette er ein brukbar og lovande krimdebut. Boka er lettlest og har både spenning og driv. Kommer alltid tilbake er den fyrste i ein planlagd serie.

Boka handlar kort sagt om psykopati og seriemord. Hovudperson er kriminaletterforskar Elias Svenson som får bistand av ein forfattar som er ekspert på - og har erfaring med - psykopatar. Boka byr på ei nær og ubehageleg skildring av korleis ein psykopat manipulerer omgjevnadene sine.

Alt i alt ei grei krimbok som etterlet seg ein del lause trådar. Eg forventar at desse vert teke tak i ved seinare høve. Terningkast 4-.


Galgen av Yrsa Sigurðardóttir

Kagge 2019
383 sider
Lånt papirbok privat


Over til Reykjavik og Island og populære Yrsa. Ho er vanlegvis dyktig når det gjeld å skapa uhyggestemning, men eg saknar det litt i denne boka - sjølv om innhaldet forsåvdt er skummelt nok.

Eg les serien om Huldar og Freja litt ukronologisk - og det er muleg at eg har gått glipp av (eller gløymt) forhistoria mellom dei to hovudpersonane. I alle fall er det noko irriterande uavklart i forholdet mellom dei to. Huldar er altså drapsetterforskar og Freja er barnevernstilsett - og som alltid når det er barn med i biletet i ei kriminalhistorie; det er hjerteskjerande og engasjerande. Vesle Siggi sine opplevingar er dessverre ikkje uvanlege.

Galgen er ei lettlest bok med brukbart driv, i alle fall mot slutten. Innleiinga er litt treg. Terningkast 4.


Min søsters grav av Robert Dugoni

Gursli Berg 2016
453 sider

Lånt ebok eBokBib

Så skal me til USA; til ein liten småby i delstaten Washington. Forfattaren er ny for meg, men boka ga meirsmak. Min søsters grav er fyrste bok i serien om politietterforskaren Tracy Crosswhite. I den saka det vert fortalt om her vert ho ekstremt personleg engasjert: Det vert funne levningar etter ein person i eit fjellområde. Personen som er funnen viser seg å vera Tracy si syster, som forsvann for over tjue år sidan.

Boka er ein etterforskarkrim, ein advokatkrim, ei oppvekstskildring og ein thriller. Det er både spennande og engasjerande lesing, men løysinga er ein smule søkt - samstundes som eg forventa ei liknande forklaring. Avslutninga er klissete dårleg og trekker ned heilskapsinntrykket. Terningkast 4.



Den rasende horden av Fred Vargas

Aschehoug 2012
347 sider

Lånt papirbok biblioteket

Så til slutt; rosina i pølsa i dette innlegget: Franske Fred Vargas og hennar heilt spesielle etterforskarteam. Eg les serien om Jean-Baptiste Adamsberg ukronologisk - men det har lite å bety for leseopplevingane.

Fred Vargas er ein forfattar som leikar seg med krimsjangeren, ho har ein frodig fantasi og befolkar bøkene sine med dei mest absurde karakterar. Ein kan humra seg gjennom skildringane og karakteristikkane, men det finst nok eit alvor her. No har eg ikkje god  kjennskap til dei franske samfunnsforholda, men eg anar at det ligg ein kritikk av både styresmakter og politiorganisering i bøkene hennar.

I denne forteljinga får Adamsberg og medarbeidarane hans eit oppdrag på landsbygda i Normandie. Ei ung kvinne har hatt eit "syn" og blitt varsla om kommande dødsfall på konkrete personar. Det viser seg å stemma. Korleis kan dette ha seg? Vargas tek utgangspunkt i myter og segn i denne forteljinga, men har ei rasjonell (men ikkje heilt sannsynleg) forklaring på hendingane.

Den rasende horden har ein langsam skrivestil, men er både spennande, morosam og uhyre velskriven. Terningkast 5.