1900-trilogien, hundreårstrilogien eller Bergenstrilogien - kjært barn, mange namn - vart i fjor utvida til ein kvartett då 2020 Post festum kom ut. Eg las trilogien då bøkene kom ut i perioden 1997 - 2000 og likte dei veldig godt den gongen. Så eg var spent: Ville eg lika dei like godt om eg las dei på nytt no, over 20 år etter?
Svaret er JA. Trilogien er både underhaldande, lærerik, storslått og overveldande.
Bøkene er samla sett ei slags episk forteljing, og Gunnar Staalesen har då også fortalt at då han byrja på hundreårstrilogien var han inspirert av Hellemyrsfolket av Amalie Skram. I tillegg til å vera krimforfattar (Varg Veum-serien) er nemleg Staalesen ein av landets fremste Amalie Skram-kjennarar. Med 1900-trilogien har Staalesen på mange måtar vidareført Skram si historie om livet i og rundt Bergen.
I trilogien vert me kjende med mange karakterar frå ulike samfunnslag; med fleire familiar i fleire generasjonar gjennom skiftande tider. Eg vil tru at familiane er representative for innbyggjarane i Bergen på 1900-talet. Nokre av dei er "urbergensarar"; andre er innflyttarar frå Eksingedalen, Sunnfjord og Ryfylke. Me møter alt på dei fyrste sidene dei velsituerte familiane Friman og Dünner, forretningsfamiliane Helgesen og Brekke, opprørsfamilien Brandt og kulturfamilien Gade. Seinare møter me to greiner av Moland-familien, Pedersen-familien og innflyttarfamiliane Nesbø og Veum. Dei ulike menneska sitt liv og virke vert fletta inn i verkelege historiske hendingar som fann stad.
Bøkene fortel om korleis Bergen, Noreg og verda endra seg gjennom hundreåret. For det er jo nesten utruleg at det er det same landet. Det vert fortalt om store endringar innan t.d. sosiale forhold, kvinner si stilling, utdanning, arbeidsliv, samferdsel, politikk, teknologi og kultur.
I tillegg er krimdramaturgien på plass; fyrste bok innleiar med eit mord som fann stad den 1. januar 1900. Oppklaringa skjer på dei siste sidene i siste bok; den 31. desember 1999.
1900 Morgenrød
Konsul Carl August Friman vert slått i hel natt til 1. nyttårsdag etter å ha vore på nyttårsfest hjå skipsreder Dünner. Politibetjentane Moland og Berstad vert sett på saka, og etter ei kort tids gransking har dei ein mistenkt. Pågripinga endar på ein tragisk måte, men saka vert likevel sett på som løyst og oppklart - noko ho slett ikkje er. Dette er liksom "ramma" og utgangspunktet for heile trilogien.
I ein annan handlingtråd får me møta eksingedølen Torleif Nesbø som søkjer arbeid på anlegget på Bergensbana. Han vert stam-(ste)far for ein av dei mest sentrale familiane i trilogien. Ein annan sentral karakter er Maren Kristine Pedersen - trilogiens femme fatale. Ho er sterk og sjølvstendig og står på eigne bein, og har forhold til fleire menn. Ho får dermed kjennskap til mangt - noko som kan vera farleg. Mellom elskarane hennar finn me namn som Friman, Gade, Helgesen, Brekke - og Moland.
I år 1900 var Noreg i union med Sverige og Oscar 2. var konge. På den tida var det hestedrosjane som dominerte gatene i Bergen, men i løpet av dei fyrste par tiåra vart det meir og meir vanleg med tog, trikkar og bilar. Klasseskilnaden var enorm den gongen, og ei stakkars tenestejente hadde lite å stilla opp med når sonen i huset og kameratane hans finn ut at dei skal "forlysta seg" med henne. Det som hender med Tordis Sylte og korleis livet hennar vert øydelagt er opprørande lesing.
Bergen har vore ramma av mange store brannar som på sett og vis har forma byen og gjort sitt til at busetnad og utsjånad er slik som det er i dag. Bybrannen i 1916 var svær og dramatisk og hadde store konsekvensar for mange av våre familiar i denne boka. Brannen - og følgjene av han - vert skildra frå ulike synsvinklar.
Elles vert det fortalt om 1. verdenskrig, om påfølgande dyrtid, matmangel og bustadkrise og den globale pandemien spanskesjuka som tok mange menneskeliv, også i vårt land - og i Bergen. Mellomkrigstida var elles prega av arbeidskonfliktar, arbeidsledigheit og aukande politisk engasjement. Me får eksempel på at dei harde 30-åra var verkeleg harde for mange.
1950 High Noon
Bakteppet når handlinga tek til i 1932 er ein ustabil internasjonal situasjon og globale økonomiske nedgangstider. Europa er prega av uro, polarisering og framvekst av nye ideologiar som kommunisme og fascisme. Me får lesa om den spanske borgarkrigen, sommar-OL i Berlin i 1936, om den tyske invasjonen 9. april 1940 og om kor dårleg førebudde norske styresmakter var på dette. I våre familiar finst både nazistar og motstandsfolk. Me får også møta den jødiske familien Liebermann som før krigen hadde ein naturleg plass i bybiletet i Bergen. Berre ein av dei overlever.
Ein ny generasjon Moland etterforskar eit nytt mystisk dødsfall. Lesaren veit at det har ein viss samanheng med hendinga i 1900, men politiet finn ikkje ut av motiv og kva/korleis/kvifor. Kjærleiksforholdet mellom Christian Moland og Maren Kristine Pedersen, som starta i 1900, har aldri blitt kjent offentleg - men er heller aldri avslutta. Ikkje før i 1944, då den store eksplosjonsulukka i Vågen fann stad. Den ulukka vert fatal for dei begge og vert elles skildra på ein levande, brei og grundig måte i boka. Ei anna dramatisk hending som også får stor plass er Tragedien i Telavåg på Sotra.
Då freden kom gjekk ein over til ein periode med gjenreising, utbygging og optimisme - men også med den kalde krigen. Enkelte folk fell frå og nye slektsledd kjem til i familiane me er blitt kjende med. I familien Veum vert det fødd ein liten gut i 1942 som får namnet Varg. At den biologiske far hans er jazzmusikaren Leif Pedersen og at han også har ei storesyster får ikkje Varg vita før i godt vaksen alder.
Tittelen spelar på den amerikanske westernfilmen High Noon ("Sheriffen") frå 1952. Boka fortel detaljert om handlinga i filmen; motsetnaden og konflikta mellom engasjement og feigheit. Då eg las boka fyrste gong tykte eg at denne filmen tok altfor stor plass i boka. Eg meinar å hugsa at eg hoppa over den biten. No derimot forstår eg meir av symbolbruken og tematikken.
Handlinga i denne boka går fram til året 1962 og Cubakrisa. Det er interessant å lesa om korleis denne krisa påverka vanlege folk, med tanke på dagens globale situasjon og krigen i Ukraina.
1999 Aftensang
Boka innleiar med ei forsvinnings- og overgrepssak; eit eksempel på at slike saker får store konsekvensar for enkeltpersonar i lang tid.
Elles nærmar me oss "vår tid", og det er liksom med ei kjensle av at tida går fortare og fortare og at utviklinga også går raskare enn nokon gong. Me kan lesa om korleis hendingar internasjonalt og nasjonalt påverkar oss alle. Forfattaren zoomar inn og ut; me ser enkeltskjebnar samstundes som me ser det store overblikket. Alle som levde den gongen hugsar kvar dei var då dei fekk vita at president Kennedy vart skoten i 1963. Og for å ta eit nyare eksempel: alle i min generasjon hugsar då dei høyrde om ulukka med Alexander Kielland-plattformen i 1980. Den ulukka - og følgjene av den - er ei hending som vert skildra grundig og breitt i boka.
I siste del av boka er det Varg Veum som overtek forteljarstemma. Han får då eit heilt spesielt oppdrag; å etterforska ei svært gammal drapssak. Cecilie Brandt, fødd Frimann, drapsofferet si dotter som aldri vart kjend med sin eigen far, fyller 100 år. Kva kan Varg Veum finna ut? Basert på det som fleire før han har funne og nedskrive, gransking av offentlege arkiv - samt eit besøk i eit gammalt hus på Nordnes - vert saka faktisk oppklart.
Hundreårsboken
Trilogien er svært omfattande og byr på mengder med informasjon og saksopplysningar, i tillegg til eit usedvanleg stort persongalleri. Hundreårsboken (skriven i samarbeid med Jo Gjerstad) kom ut i 2000 og er eit nyttig supplement til trilogien. Her finn ein slektstavler og oversikt over alle sentrale personar og familiar ein møter undervegs.
Boka inneheld også mange kart, noko som er svært nyttig. Sjølv er eg rimeleg godt kjend i dagens Bergen, men store deler av sentrum såg heilt annleis ut for 120 år sidan.
Hovuddelen av boka består av gamle bilete, saman med utdrag frå tekstar henta frå dei tre bøkene. Dei aller fleste bileta er frå Bergen, men også frå andre deler av Vestland.
Eg vil rå til å bruka Hundreårsboken som eit oppslagsverk i samband med lesing ev. lytting av trilogien. Boka er tilgjengeleg på nb.no.
Sluttord
Eg er djupt imponert over detaljrikdommmen som kjem fram i bøkene og over kor levande alt vert framstilt. Staalesen er spesielt god når det gjeld skildringar frå ulike synsvinklar, både geografisk og sosialt. Alle personane er truverdige og samansette, med sine sterke og svake sider.
Elles vart eg overraska over kor mykje av handlinga eg faktisk hadde gløymt. Dei historiske linjene hadde eg stort sett klart for meg, men alle folka måtte eg liksom bli kjent med på nytt. Overraskande var det at eg hugste ein god del frå fyrste bok, litt frå andre bok - og nesten ingenting frå tredje bok.
Alle dei tre bøkene er kvar på godt over 500 sider. Lydbøkene varer tilsvarande lenge; tilsaman nesten 60 timar. Lydbøkene er strålande opplest av Sigmund Sæverud. Han beherskar alle dei ulike variantane av bergensdialekten, samt strilamål, sunnfjordmål, ryfylkedialekt, nordnorsk og austnorsk. Rett og slett imponerande!
Eg har gitt alle bøkene - kvar for seg - terningkast 5. Men leseopplevinga samla sett - heile trilogien - gir eg toppkarakter. Hundreårs-trilogien er eit verk som ruvar i norsk litteratur.