Viser innlegg med etiketten Rivertonprisen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rivertonprisen. Vis alle innlegg

18. mars 2023

Kort om: En nasjon i sjakk av Johan Høst

Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 10:30
Lånt lydbok BookBites

Forrige veke vart det kjent kven som er nominerte til Rivertonprisen for bokåret 2022; Torkil Damhaug, Johan Høst, Myriam H. Bjerkli, H. S. Palladino og Ingrid Berglund. Eg har kun lest ein av dei (Damhaug) og eg ga Hund uten grav terningkast 5, så her er eg samd med juryen. 

No har eg lest ei anna bok som er nominert - og eg kan ikkje fatta og begripa kva juryen tenkjer med. Eg forstår heller ikkje at den same boka fekk terningkast 6 av VG-anmeldar Sindre Hovdenakk. Etter mi meining er En nasjon i sjakk ei dårleg bok.

Det er kan hende slemt å hevda noko slikt om ei debutantbok, men sidan denne har fått så mykje merksemd og så mykje skryt frå anna hald - ser eg ingen grunn til å "pakka inn" meininga mi. 

Innleiinga er forsåvidt sprelsk og original; statsministaren vert kidnappa og kongefamilien utsett for eit bombeangrep - og eg trur ei lita stund at dette skal bli ei underhaldande leseoppleving. Men ganske snart mistar eg trua. 
Eg avstår frå å sei noko meir om handlinga her. La meg i staden grunngi kvifor eg meiner dette er ei overhypa og oppskrytt bok:

 - Plottet er svakt og oppkonstruert. 
 - Karakterane er flate, eindimensjonale og karikerte. 
 - Null spenning fordi alt er så lite truverdig.
 - Sjakkelementet er irriterande og forstyrrande sidan eg ikkje kan spelet.
 - Humoren er pinleg og kunstig.
 - Alvoret er påtatt og kunstig.
 - Merkeleg komponert og dårleg driv. 
 - Andre del er for lang og treg.

Kåringa av beste krimbok i 2022 skal skje den 30. mars. Dersom Johan Høst og En nasjon i sjakk skulle vinna då... nei då veit eg ikkje kva eg skal sei. 
Eg har i alle fall ikkje noko tiltru til vurderingsevna til Rivertonprisen sin jury lenger. 

Andre bloggmeiningar: I Bokhylla, Hverdagsnett
- - - - - - - - - - - - 

Redigert 10. april:

Tiltrua og tilliten til Rivertonpris-juryen er gjenoppretta. Årets vinnar vart Torkil Damhaug for boka Hund uten grav. Damhaug er dermed den fyrste som har fått prisen tre gonger. Vel fortent!

4. april 2017

Påskekrim 2017 - 20 gode tips

Kva kan vera betre enn å setja seg i solveggen eller ved peisen med ei skikkeleg spennande bok? Påsken er blitt den absolutte høgtida for krimbøker her i landet - og her er mine tips til deg som likar å lesa om mystikk, spenning, mord, etterforsking og oppklaring av brotsverk: Til saman 20 ulike bøker som alle er innan krim-, spennings- og/eller thriller-sjangeren. Mine subjektive terningkastvurderingar finn du i parentesane nedanfor.

Bøker er ikkje ferskvare - heller ikkje krimbøker. Dersom du har meir sans for klassisk krim, kan du sjekka ut påskekrimtipsa mine frå 2013. Desse tipsa kan eg fortsatt gå god for. Du kan også finna nokre brukbare tips i innlegget frå 2015. Her og no skal det imidlertid handla mest om krimbøker utgitt i løpet av 2016/2017. Nokre av dei er komne i pocket, noko som gjer dei meir praktiske med tanke på påskesekken.

For omlag eit år sidan gav Torkil Damhaug ut En femte årstid; ein knakande god kriminalroman som forfattaren nyleg og vel fortent vart tildelt Rivertonprisen for. Eg las boka i påsken i fjor og kan verkeleg anbefala den (terningkast 5+). Boka er ein psykologisk thriller og er frittståande.

Av nyare frittståande thriller-/ spenningsromanar som kan høva som påskelektyre vil eg halda fram desse:

  • John Hart: Syndenes forlatelse (terningkast 5)
    Dramatisk, mørk og uhyre velskriven amerikansk krimthriller. 
  • Ane Riel: Harpiks (4+)
    Melankolsk og original thriller frå dansk debutant.
  • Peter Swanson: Den tikkende kvinnen (4) og De som fortjener det (5-)
    Fengande, lettleste og fortleste spenningsromanar. 
  • Håkan Nesser: Elleve dager i Berlin (4)
    Egentleg ingen krim, men ei langsam, alternativ og småpussig feelgood/mystikk-bok.

Mykje - det meste - av det som vert gitt ut innan krimsjangeren er likevel seriekrim.

Ein treng slett ikkje byrja med den fyrste boka i ein romanserie - sjølv har eg erfart fleire gonger at det fungerer fint å starta eit stykke ut i ein serie. Dersom boka fell i smak kan ein så ta til på tidlegare bøker. Men det er også klart at ein går glipp av enkelte utviklingstrekk og samanhengar dersom ein ikkje les kronologisk. Ofte er det slik at handlinga i ei bok får konsekvensar for dei påfølgjande bøkene. Av seriekrim utgitt det siste året kan eg anbefala følgjande:

  • Robert Galbraith: Ondskapens kall (5-)
    Bok tre i J.K. Rowlings sjarmerande Cormoran Strike-serie. Når gjøken galer og Silkeormen bør lesast før denne.
  • Pierre Lemaitre: Camille (5+)
    Her er det faktisk ein føresetnad at ein har lest Irene og Alex fyrst. Fantastisk trilogi frå denne franske forfattaren.
  • Yrsa Sigurdardottir: Dragsug (4)
    Islandsk sidevendarkrim, bok nummer to om Huldar og Freyja. DNA er den fyrste.

Svenskane er suverene når det gjeld seriekrim:
  • Lars Kepler: Kaninjegeren (5)
    Uhyggeleg, brutal og intenst spennande. Del 6 i Joona Linna-serien - men kan lesast som sjølvstendig bok.
  • Joakim Zander: Broren (5)
    Kjempespennande og frittståande framhald av Svømmeren.

Nokre fleire norske krimtips:
  • Gunnar Staalesen: Storesøster (5-)
    Bok nummer tjue om Varg Veum kan lesast for seg. Fin blanding av humor og alvor, stødig kvalitetskrim.
  • Jan-Erik Fjell: Lykkejegeren (5-)
    Ei tempofylt og original historie, den femte i Anton Brekke-serien - men kan lesast åleine.
  • Gert Nygårdshaug: Budbringeren (4+)
    Fantasifull og underfundig med spesielle karakterar. Drum-serien er ukronologisk.
  • Anne Holt: I støv og aske (4+)
    Har fått litt lite merksemd, men er ei god bok. Dette er nummer ti i serien om Hanne Wilhelmsen, men ho står seg godt som sjølvstendig bok.
  • Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor (5)
    Den fyrste boka i ein ny serie - som også er eit framhald av Cato Isaksen-serien. Grøssande god; Lindell leverer alltid.
  • Hans Olav Lahlum: Sporvekslingsmordet (4+)
    Interessant 1970 tals-krim. Den 7. boka i serien om K2 og Patricia kan også lesast for seg sjølv.
  • Jo Nesbø: Tørst (5)
    Nesten unødvendig å nevna denne, for Nesbø kjem uansett til å bli påskens mest leste dette året. Harry Hole-bok nr. 11 kom ut i strategisk tid i så måte.



Sjølv har eg tenkt å lesa diverse halvgamle og halvnye krimbøker som har overvintra på hytta i påsken. I tillegg har eg skaffa meg Utmarker av Arne Dahl - og deretter kjem det an på kva som vert tilgjengeleg i eBokBib.


Med dette ynskjer eg alle blogglesarar ein kriminelt god påske!

23. juni 2014

Bokomtale: Den siste pilegrimen av Gard Sveen

Vigmostad & Bjørke 2013
520 sider
Kjelde: Kjøpt sjølv


Forfatteren Gard Sveen vart tidlegare i år tildelt Rivertonprisen for denne boka. I dag vart det offentleggjort at boka er tildelt enno ein gjev pris, nemleg Glassnøkkelen for beste skandinaviske krimroman.
Imponerande og overraskande!
Gratulerer!

Gard Sveen sin roman er inspirert av og bygger på verkelege historiske hendingar. Romanfiguren Kaj Holt har mykje, også namnet, til felles med den verkelege motstandsmannen Kai Holst. Holst var ein mann med sentral posisjon i Milorg under 2. verdskrig som vart funnen død under mystiske omstendigheiter i Stockholm rett etter at krigen var over. Den offisielle forklaringa var at Holst var deprimert og tok livet av seg, men mange - mellom dei forfattaren - er overtydde om at Holst vart drept. Nokon gjerningsperson er aldri blitt funnen.

Den siste pilegrimen er eit kriminalmysterium, ein spenningsroman og eit krigsdrama. Handlinga i boka vekslar mellom to ulike tidsplan - og alle historiane og forteljarstemmene vert fletta saman - på eit vis - til slutt. I notid (dvs. 2003) prøver politietterforskning Tommy Bergmann å finna ut av eit mysterium om nokre gamle beinrestar som nyleg er oppdaga inne i Nordmarka. Det syner seg at dette er levningane etter tre personar som vart melde sakna i 1942. Samstundes må ei anna sak oppklarast: Det bestialske drapet på ein gammal motstandsmann - som ser ut til å ha noko med funnet i marka å gjera. I fortid - både før, under og rett etter andre verdskrig - får lesaren følgja mellom anna den før nemnde Kaj Holt, dobbeltagenten Agnes Gerner, den gåtefulle gestapomannen Peter Waldhorst samt Agnes sin oppdragsgjevar og store kjærleik med dekknamnet Pilegrimen.

Sjølv likte eg historia frå 2. verdskrig best. I boka får ein møta nazistar, gestapistar, medlemer av motstandsrørsla, angivarar, agentar og dobbeltagentar, - og etterkomarar av desse. Boka er svært innhaldsrik og spennande og handlar om så mangt - t.d. ubehagelege ting som likvideringar, utført av motstandsrørsla. Forfattaren teiknar eit godt bilete av Agnes sitt liv og hennar vanskelege og farlege situasjon som dobbeltagent. Eg saknar ein meir grundig innføring i bakgrunnen hennar; korleis kunne ho lata seg bruka på ein slik måte, - som prostituert og leigemordar?

Politietterforskar Tommy Bergmann - protagonisten - er ein spesiell type som eg ikkje på nokon måte "falt for".  Sveen har her skapt ein figur som lesaren i beste fall blir nysgjerrig på - og i verste fall får avsmak på. Forfattaren har sikkert òg ei meining med å fortelja bihistoria som handlar om Tommy sitt problematiske forhold til kvinner, men etter mi meining kunne akkurat desse sekvensane vore utelatt. Boka er meir enn lang nok.

Språket i boka flyt fint, men er skjemd av ein del klisjear, gjentakingar og enkelte skriveleifar. Forlaget burde absolutt spandert ein grundigare språkvask før boka gjekk i trykken. Eg reagerte på at forfattaren konsekvent nyttar heile namnet på dei to hovudpersonane gjennom heile boka. At han nyttar både førenamn og etternamn på bipersonane me møter er greit, men han brukar altså stadig vekk "Agnes Gerner" og "Tommy Bergmann". Etter mi meining hadde det vore mest naturleg å kun nytta førenamna - sidan lesaren blir så godt kjende med og kjem så tett innpå desse to.

Eg sleit litt med å komma inn i handlinga; i fyrste del strevde eg med å sjå samanhengen mellom dei ulike historiane i dei to ulike tidsepokane. Etter kvart vart biletet klårare og spenningsnivået stigande. Siste halvdel av boka var så spennande at eg las ho nesten i eitt strekk - likevel vart enkelte av trådane hengande "i lause lufta" då eg hadde lest ut boka. At lesaren ikkje får oppklart alt han/ho har lurt på i løpet av lesinga, er eit moment som trekker ned i vurderinga. Eg har vakla mellom ein 4'ar og ein 5'ar her, - men "landar" på - sidan eg tykkjer hovudhistoria er så sterk og gripande - med å gi boka karakteren 5 minus - og ser fram til neste bok frå Gard Sveen.

4. juni 2014

Sommarlesing

I gårsdagens Boken på vent-spalte hos Beathes bokhylle vart ein invitert til blogghopp og om å fortelja om årets planlagde sommarlektyre. Sjølv likar eg ikkje å ha altfor fastspikra planar verken for lesing eller andre ting, men her er ein liten presentasjon av nokre av bøkene eg har på vent pr. i dag. For dei som kjenner meg og bloggen min er det ikkje noko bombe at ventebunken inneheld mest krim og spenning, og ikkje noko særleg av romantikk, sentimentalitet og føleri.

Dei varme forsommardagane me har no (her på Vestlandet) egnar seg ikkje for tung litteratur, men eg vil heller ikkje ha det altfor tanketomt og "lettbeint" når eg sit meg ned med ei bok. Eg les for tida m.a. den siste Bjørn Beltø-boka - Den 13. disippel - og storkosar meg med den.

Ut frå omslaget og tittelen på boka skulle ein nesten tru at Gard Sveen befinn seg litt i den same litterære gata som Tom Egeland. Eg har i alle fall tenkt å lesa Sveen si Rivertonpris-bok Den siste pilegrimen i nær framtid. Det er imponerande og spennande at ein debutant stikk av med den gjeve prisen Den gyldne revolver.

Historisk krim er ein sjanger eg likar svært godt, sidan eg ved å lesa desse bøkene kan få kombinert interessa mi for historie og samfunnsutvikling med spenning, grøss og gru. Difor ser eg fram til å få stifta bekjentskap med forfattaren C. J. Sansom. Han har fått fleire prisar og gode kritikkar for dei historiske romanane sine. Boka eg har på vent er Oppløsning (frå 2003, på norsk i 2008) Handlinga er lagt til England på 1500-talet og hovudpersonen er, bissart nok, ein pukkelrygga advokat.

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman (frå 1993, på norsk 1994) er ei anna krimbok som ligg og ventar. Det er nesten flaut at eg ikkje har fått lest denne enno, så kriminallitteratur-fiksert som eg er.. Boka er sett på som ei av dei beste bøkene frå 1990-talet, og forfattaren mottok m.a. Nordisk råds litteraturpris for nettopp denne boka.

Andre forfattarar eg har tenkt å tilbringa ein del tid i lag med til sommaren er Eirik Husby Sæther, Jorun Thørring, Arne Dahl, Mo Hayder, Roy Jakobsen, Harlan Coben, Jan Mehlum, Anna Gavalda, Haruki Murakami og Jens Bjørneboe. Kanskje også Jørgen Brekke, Jamie Ford og Jeffrey Deaver. Og muligens Ingvar Ambjørnsen og Khaled Hosseini.

Hugs på at lesing fint kan kombinerast med fysisk aktivitet. Eg oppfordrar difor alle bokblogglesarar, lesehestar og bokormar til å lasta ned ei lydbok eller tre på telefonen sin! Ha ein fin lesesommar! 

6. september 2013

Ei krimbok som ikkje er ei krimbok

Flytande bjørn av Frode Grytten
Fono forlag 2007
Lydbok lånt på biblioteket
Opplesar: Anderz Eide
Speletid: 7 t 37 min


Frode Grytten vart tildelt Rivertonprisen for denne boka, pussig nok. Ikkje det - eg likte boka ganske godt, men hallo! - dette er vel inga krimroman?! Boka har rett nok visse innslag av "noko" thrilleraktig, men eg oppfattar boka meir som ei skildring av eit samfunn i forfall. 


Det er høgsommar og varmt når ein ung gut vert funnen død, flytande i den kalde Sørfjorden. Den søvnige industristaden og bygdebyen Odda vert overfløymd av etterforskarar, kamerafolk og krimreportarar. Folk i lokalsamfunnet skuldar ein gjeng utlendingar som held til på asylmottaket for å ha teke livet av guten, - og media hausar opp den negative stemningen i småbyen. 


Robert Bell er hovudperson, antihelt og forteljar i boka - han slit med personlege problem og eit destruktivt forhold til kona til bror sin, - og er ein heller mislykka journalist ved BT sin lokalredaksjon i Odda. Likevel er Robert den som anar uråd; han anar at ting ikkje heng slik saman som det ser ut som.. 

Boka handlar om ein død person, men handlar like mykje om eit døyande samfunn. Når hjørnesteinsverksemda ikkje lenger eksisterer har det mange negative verknader i ein slik småby. Romanen rettar eit sterkt kritisk blikk på media, er samfunnskritisk og tek opp tema som industrinedlegging og innvandrings- og integreringsproblem, - men er ikkje "påtrengande" politisk. Grytten peikar på problema ved å nytta ironi og sarkasme, samt at han nyttar barsk, mørk humor. Men det melankolske og det ettertenksame er heller ikkje langt vekke. Persongalleriet og miljøet i Odda kjenner me att frå andre Grytten-bøker.

Eg kan tilrå lydbokversjonen av Flytande bjørn. Anderz Eide si stemme er heilt perfekt til innhaldet og stemningen i boka.

6. august 2013

Rivertonprisvinnar på vent

Tom Kristensen vart tildelt Rivertonprisen i 2006 for Dødsriket. I juryen si grunngjeving for tildelinga heiter det:
"Vinneren av årets Rivertonpris er en mester i å skape spennende plot. Til tross for mange og kompliserte handlingstråder klarer han å komponere en helhetlig, logisk og troverdig intrige med usedvanlig god driv, velkomponerte sceneskift og overraskende vendinger, ikke minst avslutningen. Stilen kjennetegnes av en sterk genrebevissthet, og scenarier og miljøer tegnes konsist og effektivt. Dette er godt thriller-håndverk."
Eg forventar meg ei slukebok, ei skikkeleg spennande leseoppleving.
For ein krimentusiast som meg er det eit mål å lesa alle Rivertonprisvinnarane, så det er ein annan grunn til at eg ser fram til å lesa denne. Dessutan er temaet i boka, finansiering av internasjonal terrorisme, svært så aktuellt framleis. Dessverre.

----------------

Dersom du har lyst til å sjå andre ventebøker - og kanskje få eit boktips eller tre - ta ein tur innom "hylla til Beathe" og Boken på vent.