Viser innlegg med etiketten sakprosa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sakprosa. Vis alle innlegg

16. januar 2026

Bokomtale: Hardråde av Tore Skeie

Gyldendal 2025
447 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste fullførte bok i 2026 vart, om ikkje ein innertiar, så i alle fall ei vellukka leseoppleving. Hardråde er ei perfekt bok for alle historieinteresserte - og særleg for alle som har interesse for vikingtida og middelalderen. 

Etter flotte leseopplevingar med Alv Erlingsson, Jomfruen fra Norge og Hvitekrist av same forfattar hadde eg store forventningar til denne nye boka - og gledeleg nok vart forventningane innfridde. 

Som tittelen på boka viser er hovudpersonen kong Harald III Sigurdsson (1015-1066) eller Harald Hardråde som han vart heitande i ettertid. Det handlar om tida han levde i og om den verda han var ein del av og reiste i. Det handlar om samfunnsstrukturar, maktforhold, menneskesyn, religion, kultur og politikk. Mellom anna.

Det eg visste om Harald Hardråde frå før kan kort oppsummerast slik; halvbror til Olav Haraldsson (den heilage), deltok i slaget på Stiklestad 15 år gammal, forlot deretter landet før han kom attende som konge, gift med dronning Ellisiv og far til Olav Kyrre, døydde i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Samt at dette slaget markerte slutten på vikingtida.
No veit eg mykje meir, både når det gjeld Harald sjølv og samtida hans. 

Sett med notidsbriller var samfunnet på 1000-talet hardt og valdeleg. Noreg var eit boklaust samfunn på den tida, fyrst på 1200-talet vart kongesogene nedskrivne. Forfattaren har sjølvsagt nytta dei norrøne kjeldene, og i tillegg er det vist til engelske, normanniske, slaviske, bysantinske og arabiske kjelder. Dei utanlandske kjeldene har stort sett blitt nedskrivne nærare Harald Hardråde si levetid og dermed truleg meir truverdige enn t.d. Heimskringla, Morkinnskinna og ymse skaldekvad.
Resultatet av arbeidet med reserarch og gransking av dei ulike kjeldene har gjort dette til ei svært interessant bok. Ho gir eit levande portrett av ein heilt spesiell mann som levde i ein heilt spesiell tidsalder.

Det er sjølvsagt mykje om livet for nesten 1000 år sidan me ikkje veit. Forfattaren strekar då også under dette fleire gonger. Mykje er "sannsynleg", noko er "usikkert" eller "ikkje usannsynleg", nokre hendingar er truleg legender og eventyr, som likevel kan bygga på det som verkeleg hende.
Noko som er heilt sikkert er at Harald (og støttespelarane hans) reiste svært langt; etter tapet på Stiklestad rømde han via Sverige til Rus-riket, fyrst til Novgorod (norrønt: Holmgard) og sidan til Kyiv der han hadde slektningar. Etter nokre år som leigesoldat hos Jaroslav 1. gjekk ferda vidare til Konstantinopel (norrønt: Miklagard, i dag Istanbul), på den tida hovudstad i det bysantiske riket. Også her vart Harald leigesoldat, og Skeie fortel om ulike dramatiske, brutale og i enkelte høve bisarre hendingar der Harald truleg/sannsynlegvis deltok. I alle fall tente han godt; han hadde tent seg opp rikeleg med både sølv og annan rikdom då han etter nokre år vende tilbake til Noreg som tronpretendent. Så rik var han at han fekk løyve av fyrsten av Kyiv å gifta seg med dottera hans.

Krona og arverekkefølga til dei norske, danske og engelske kongehusa var ustabile. Etter 1030 hadde Noreg stort sett vore under dansk styre, og Knut den mektige rådde ein periode over eit rike som besto av både Noreg, Danmark og England. Då Knut gjekk bort førte det til uro, slag, stridigheiter og maktkampar mellom mange ulike personar, familiar og varierande konstellasjonar. Harald Hardråde hadde gjennom livet synt ein brutal vilje til makt og meinte han hadde rett til å bli konge også i England. Det skulle det ikkje bli noko av, for som kjent tapte han slaget i 1066. 

Eg kunne ha skrive mykje meir om kva denne innhaldsrike boka handlar om, men eg nøyer meg med å avslutningsvis sei: Les! Boka er både underhaldande og lærerik, skriven av ein forfattar med ei eineståande god formidlingsevne. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Undervegs i lesinga av Hardråde kom eg på at eg for mange år sidan las romanen Kongespeil av Vera Henriksen. Den boka handlar faktisk óg om Harald Hardråde. Eg noterer meg at Kongespeil bør gjenlesast.

Har du lyst til å høyra ei meir lettbeint framstilling av Harald Hardråde sitt liv kan eg anbefala podcasten Kongerekka med Are Sende Osen.

20. februar 2025

Kort om: Hvit makt av Ketil Raknes

Kagge 2024
206 sider
Lånt ebok BookBites

Undertittel: USAs rasistiske historie

For mange av oss er det heilt ubegripeleg at amerikanarane kunne velja ein uberekneleg, løgnaktig, narsissistisk, mannssjåvinistisk og rasistisk president i 2016 - og på nytt i 2024. Denne boka bidreg til å gjera dette ubegripelege litt klårare.

Innleiingsvis fortel forfattaren om kor optimistisk han var med tanke på det amerikanske samfunnet då Barack Obama vart vald som president i 2008. Då såg det ut til at USA var på veg til å bli eit velfungerande fleirkulturelt demokrati. 
Han tok feil.
I etterpåklokskapens lys seier han: "Det jeg ikke forsto, er hvor dypt rasismen i det amerikanske samfunnet stikker, og hvordan det amerikanske samfunnet er uforståelig uten at man kjenner denne rasismens historie". 

Raknes meiner at USA si historie følgjer eit fast mønster. Kvar gong afroamerikanarane har fått ein rett eller oppnådd noko, har det komme voldsomme tilbakeslag og motreaksjonar. Det skjedde til dømes etter borgarkrigen då slaveriet formelt sett vart avskaffa, men der undertrykkinga og rasismen heldt fram, både i nord og i sør, i andre former.

USA har aldri teke noko oppgjer med den rasistiske historia si. Forfattaren hevdar at amerikanarane har brukt strategiar som kvitvasking, bagatellisering, fortrenging og rein historieforfalsking når det gjeld desse vanskelege sidene av si eiga historie. For det er ei grusom historie; om slaveri, massakrar, lynsjingar og apartheid. Om undertrykking og diskriminering så systematisk og gjennomført at det ikkje er til å tru. 

Boka er bygd rundt fire personar som brukte store delar av livet sitt til å kjempa for borgarrettar og mot rasisme: slaven og forfattaren Frederick Douglass, sosiologen og aktivisten W.E.B. Du Bois (som eg aldri hadde høyrt om før), fredsprisvinnaren Martin Luther King og den tidlegare presidenten Barack Obama. (På omslaget er også bilete av to kvinner som kjempa den same saka; Ida Wells og Rosa Parks, men desse blir berre nemnde såvidt i boka)

Den raude tråden elles i boka er den amerikanske sjølvstendefråsegna frå 4.juli 1776 der det heiter: «Vi mener at dette er selvklare sannheter: at alle mennesker er født like, og at de har fått visse umistelige rettigheter av sin skaper».
Teksten til fråsegna vart hovudsakleg skriven av Thomas Jefferson, ein av USA sine landsfedrar, men sjølv slaveeigar - og følgjeleg rasist. Afroamerikanarane vart ikkje kvitt slavelenkene før i 1865, og det skulle gå endå eit hundreår før dei fekk stemmerett. 

Hvit makt er ei lærerik, lettlest og veldig bra bok. Forfattaren har fått med seg mykje på dei vel 200 sidene. For å forstå dagens politiske situasjon er det nyttig med kunnskap og fakta om historia.
Me er mange som er bekymra for demokratiet i USA. Og i desse dagar kan ein legga til: bekymra for framtida for oss alle. 

Andre bloggmeiningar: Beathes bibliotek

- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

The land of the free?


Sangen Land of the free med The Killers er inspirert av saker som Sandy Hook-massakren, Eric Garner-drapet, muren mot Mexico, samt det faktum at USA er ein nasjon bygd på immigrasjon. I 2020 ga bandet ut ein ny akustisk versjon av låta og la til oppdatert tekst basert på drapet på George Floyd. Det er ein fin protestsang - stillferdig og samstundes samfunnskritisk.

15. oktober 2024

Samleinnlegg: Middelalderen

I denne samleomtalen skal det handla om høgmiddelalderen; i norsk historie rekna som perioden frå ca. år 1130 til ca. 1350; med andre ord frå då vikingtida tok slutt og til svartedauden kom. Bøkene nedanfor er veldig interessante og fortel mykje om denne dramatiske tida. I "mitt system" har eg kategorisert dei som historisk/biografiske dokumentarar. For meg fører lesing av slike bøker alltid til ein del nettsøk; eg vil gjerne lesa meir om personane og den historiske perioden. Dersom du som les dette også er interessert i vidare lesing har eg lagt inn ein del lenker.

Det handlar om følgjande historiske personar:
 - Ingerid Ragnvaldsdotter - norsk dronning, fødd ca 1108, død ca 1170
 - Magnus 6. Håkonson (Lagabøte) - norsk konge, fødd 1238, død 1280
 - Alv Erlingsson - norsk adelsmann, fødselsår ukjent, død 1290
 - Ingeborg Håkonsdotter - norsk kongsdotter og svensk hertuginne, fødd 1301, død ca 1361

Ingen av bøkene er "reine" biografiar, det handlar meir om tida dei levde i og om samfunnet rundt dei.  Hovudpersonane er likevel den raude tråden i kvar enkelt bok. 


Dronning Ingerids land av Mona Ringvej
Spartacus 2023
318 sider
Papirbok fått i gåve

I 1130 døydde kong Sigurd Jorsalfare, og i tida etter var landet prega av uro, konflikt og strid om kongemakta. Striden om makta hadde blodige og bisarre utslag og som dronning hamna Ingerid midt oppe i arvestrider og maktkampar. 
Ekteskap innan dei kongelege kretsane var storpolitikk den gongen - og Ingerid (som var av svensk kongsslekt) vart gifta bort alt som 12-åring. Gjennom ekteskap nummer to, med kong Harald Gille, vart ho norsk dronning. Då han vart myrda vart dei mindreårige sønene hans kongar, både "den ekte" som han hadde med Ingerid og "den uekte" som han hadde med frilla si. Barnekongane fekk seinare tilnamna Inge Krokrygg og Sigurd Munn. Kjeldene nemner ikkje Ingerid si rolle i samband med formyndarstyre, men forfattaren meiner at kongsmora må ha hatt ein svært sentral plass i styringa. Alt tyder på at ho var ei kvinne som hadde og søkte makt. Ingerid var gift fire gonger og fekk minst 10 barn, både i og utanfor ekteskap. 

Mona Ringvej har ein open og undrande skrivestil og fortel kva som er sannsynleg - og ho filosoferer over kva sagalitteraturen (Heimskringla, Fagrskinna, Morkinnnskinna, Sverressoga m.fl.) ikkje fortel om. Ringvej gir kvinnene ein plass i historia og gir oss eit anna syn enn det sagalitteraturen formidlar. Det er også interessant at forfattaren ruskar litt i ettermælet til kong Sverre og birkebeinarane.


Kongen, lova og landet av Jørn Øyrehagen Sunde
Kagge 2023
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Undertittel: Kong Magnus Lagabøter, landslova av 1274 og det landet han skapte. 
Me skal nokre generasjonar fram i tid frå dronning Ingerid - og til den einaste kongen i denne perioden som ikkje førte krig. I staden bygde han landet på fredeleg vis med lover. Landslova av 1274 var den fyrste riksdekkande lova for Noreg og dessutan den fyrste som var skriftleg. 
Magnus skal ha fått utdanninga si av fransiskanarane i Bergen, og landslova syner at folk skulle ha ei viss omsorg for dei fattige. For eksempel vart grusomme skikkar som ordinga med gravgangsmenn fjerna. 
«Kongen, lova og landet» er både rettshistorie, politisk historie og kulturhistorie. Forfattaren skriv om eit samfunn som var prega av 100 år med borgarkrigar og politisk dragkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Vidare skildrar han ein framsynt konge og gjer grundig greie for sjølve lovgjevingsprosjektet. 
Far til Magnus, den mektige Håkon 4. Håkonsson (han som vart frakta over fjellet som lite barn), førte ein aggressiv utanrikspolitikk og regjerte då Noregsveldet var på det største. Kong Magnus hadde andre ambisjonar og interesser, for å sei det slik. Rikspolitikken og utanrikspolitikken endra seg då også raskt etter at kong Magnus døydde av sjukdom i 1280. 

Kong Magnus var gift med Ingeborg Eiriksdotter, den fyrste dronninga som vart krona i Noreg. Henne får me lesa meir om i neste bok: 


Alv Erlingsson av Tore Skeie
Cappelen Damm 2010
Speletid 9:32
Lyd Storytel 
(ikkje lenger tilgjengeleg)

Undertittel: Fortellingen om en adelsmanns undergang.
Enkedronning Ingeborg fekk (eller tok?), som dronning Ingerid over, ei sentral rolle som rådgjevar for sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar. Ein av støttespelarane hennar var Alv Erlingsson.
Alv tilhøyrde ein mektig adelsfamilie og var ein mektig mann, så fallet hans var skikkeleg brutalt. Han enda opp som sjørøvar og vart lyst fredlaus - og til slutt henretta ved steile og hjul. 

Forfattaren og historikaren Tore Skeie skriv med innleving og kunnskap. Det er ei svært godt fortalt bok, ei bok som egentleg handlar meir om politikken, samfunnsstrukturen og tida hovudpersonen levde i - enn Alv sjølv. Borgarkrigstida var på dette tidspunktet over, men forholda til nabolanda Sverige og Danmark var utfordrande, og med stadig skiftande alliansar. 

Mykje av innhaldet i denne boka overlappar boka om Magnus Lagabøte over - og det same gjeld også for boka nedanfor. 
Kongelege og adelege arrangerte ekteskap var eit slags våpen i danninga av politiske, strategiske og militære alliansar. Det gjer inntrykk å lesa om at små barn - særleg døtre - vart brukte som eit middel for å oppnå slik makt.
"På samme måte som kongene giftet sine døtre inn i utenlandske kongehus, giftet de norske aristokratene seg inn i hverandres slekter. Strategiske ekteskap var den viktigste framgangsmåten for å bygge allianser med andre toneangivende familier, livsviktig for å holde seg innflytelsesrike i et urolig og stadig skiftende politisk landskap."
Meir om slik alliansebygging også i neste bok:

Jomfruen fra Norge av Tore Skeie
Cappelen Damm 2015
Lyd Storytel (ikkje lenger tilgjengeleg)

Boka er ein oppfølgar av Alv Erlingsson-boka, men er sjølvstendig og ei litt anna type bok. Dei mest sentrale personane i boka er kong Magnus Lagabøte og dronning Ingeborg sine søner Eirik 2. Magnusson og Håkon 5. Magnusson. I tillegg får me lesa om maktspel, intrigar og skiftande alliansar i og mellom dei norske, danske og svenske kongehusa. Konflikta mellom svenske kong Birger, hertug Erik og hertug Valdemar er heilt grotesk. 

Jomfrua som tittelen viser til er kong Håkon 5. og dronning Eufemia si dotter - som også heitte Ingeborg (og av og til Ingebjørg) - det same som farmora. Alt som liten baby vart Ingeborg Håkonsdotter lova bort til den svenske hertugen Erik Magnusson som då var rundt 20. Ho vart gift som 12-åring og fekk fyrste barnet då ho var 15. Ganske groteske greier det òg. 

Men Ingeborg var ikkje berre ei brikke og ei fødemaskin. Då både faren og ektemannen døydde vart den vesle sonen hennar (3 år) konge - både i Noreg og i Sverige. Hertuginne Ingeborg deltok heilt sikkert både i rådgjeving og styring, men kjeldene er noko uklare på dette punktet. Det ein veit er at då Ingeborg gifte seg på nytt med ein dansk hertug, vart det sett på som ein tryggleikspolitisk trussel. Dermed mista ho mykje personleg gods og vart fråteken politisk kontroll og makt.

Når ein lyttar til lydbok går ein gjerne litt i surr i alle Håkon'ane, Erik'ane, Magnus'ane og Ingeborg'ane. Eg tykkjer likevel at forfattaren gjer forteljinga om denne kaotiske og dramatiske tida i skandinavisk historie både levande, spennande og forholdsvis oversiktleg. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I samband med desse bøkene må eg i tillegg anbefala podkasten Kongerekka med Are Sende Osen. Her fortel programskaparen alternativt og humoristisk om norsk historie - men han får liksom fram essensen likevel. 

Lenke til podkast-episoden om Håkon 5

28. april 2024

Vårlesing: Vikingtida

Vikingtid og middelalder har interessert og fascinert meg lenge, - og eg trur grunnlaget for interessa vart skapt då eg som tenåring las Sigrid-trilogien for fyrste gong. Opp gjennom åra har eg lese mykje om denne epoken, både skjønnlitterære bøker og sakprosa. Eg har ofte tenkt at eg er rar som har ei slik sær interesse, men har oppdaga at eg ikkje er åleine om det. Populariteten til bøker, TV-seriar og filmar om vikingar og vikingtida er visstnok stor.

Øystein Morten sine bøker om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav den heilage har fått svært gode kritikkar, og i dette innlegget skal eg stadfesta at dei er velskrivne, interessante og underhaldande bøker. Andre vikingbøker som har fått gode omtalar er Den svarte vikingen av Bergsveinn Bergisson (meir om den også nedanfor) og ikkje minst Hvitekrist av Tore Skeie. Sistnemnde kjem med ny bok (om Harald Hardråde) til hausten, og det ser eg fram til.

Den vikingboka eg likte best (av dei eg har lese i det siste) er historia om oppdagaren Eirik Raude - og eg startar denne samleomtalen med den boka. 


Eirik Raude av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 11:25
Lyd Storytel


Øystein Morten er religionshistorikar og sakprosaforfattar - og sidan i fjor haust er han ordførar i Rollag kommune. Han har truleg ikkje så mykje tid til skriving, reising og gransking no for tida, men når han eingong gir seg i politikken bør han absolutt halda fram med å gi ut bøker. For eg vil gjerne ha meir! 

Det heiter at Eirik Raude  "oppdaga" Grønland, sjølv om det alt fantest folk og busetnader der då han kom dit i år 982. Men han og dei andre norsk-islandske landnåmsmennene grunnla dei fyrste norrøne busetnadene på øya - og det var han som gav øya namn. Elles er han kanskje mest kjent som far til Leiv Eirikson, mannen som "oppdaga" Amerika rundt år 1000. At han vart kalla "raude" hadde truleg samanheng med at han hadde raudt hår og skjegg, og det er muleg at han hadde eit heftig temperament. Han var i alle fall knytt til drapssaker både i Noreg og på Island, noko som gjorde at han vart dømd fredlaus. Ein annan årsak til at Eirik Raude for til Grønland var at det der på denne tida fantest mengder av ein verdifull ressurs: Kvalross. 

Forteljinga om Eirik Raude (fødd ca. 940 - død ca. 1002) byggjer på nokre få setningar i dei islandske sagaene. Desse setningane vert tolka (og utvida) av forfattaren, og han formidlar det heile vidare til oss lesarar på ein pedagogisk måte. Forfattaren byr dessutan på seg sjølv: Parallelt med at han granskar dei få skriftlege kjeldene som finst, inviterer han lesaren med på reiser til både Island og Grønland. Han skildrar natur, farvatn og omgjevnader og deler frustrasjonar og oppturar. Han fortel at han snakkar med ekspertar på ulike fagfelt og at han kjøper avansert VR-utstyr når koronanedstenging gjer at han ikkje kan reisa fysisk. 

Øystein Morten har ei fenomenal formidlingsevne, og som Åsmund Ådnøy (solvberget.no) skriv: "Hvis Indiana Jones og Lars Monsen hadde vært brødre og hatt en tredje bror, ville det vært Øystein Morten." 

Lydboka vert opplesen av forfattaren sjølv, også dette vert utført på ein god måte. 
Terningkast 5.

Då Øystein Morten var på Island i samband med innhenting av bakgrunnsstoff, lånte han hytta til forfattaren Bergsveinn Birgisson. Det vert òg ofte vist til boka om Birgisson sin fjerne forfar.

Den svarte vikingen av Bergsveinn Birgisson
Vigmostad Bjørke 2020 (Spartacus 2013)
Speletid 10:30
Lyd Storytel

Forfattaren er islending og etterkommar i 30. ledd etter Geirmund Heljarskinn, hovudpersonen i denne boka. Tidlegare har eg lese Birgisson si bok Mannen fra middelalderen som eg likte godt - og eg las (litt av) romanen han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for, Svar på brev frå Helga. Den likte eg ikkje i det heile tatt. Men boka om forfaren, denne svarte vikingen, likte eg ganske godt. 

Dette er sakprosa med skjønnlitterære element. Me skal nemleg svært langt tilbake i tid (800-talet) og forfattaren har i enkelte sekvensar dikta fram hendingar og samtalar. Dei skriftlege kjeldene er få og vage, og ofte sprikande. Desse har forfattaren vurdert opp mot kvarandre og gjerne samanlikna med segner og myter. Han har også støtta seg på vitenskaplege metodar og arkeologiske, lingvistiske og genealogiske funn.

Geirmund Heljarskinn altså, ein fascinerande mann med eit uvanleg liv og ei fargerik bakgrunn. Faren Hjør var høvding/konge på Avaldsnes (Karmøy) og mora Ljuvfina kom frå Bjarmeland og var av eit sibirsk urfolk. Geirmund hadde som mora mongolsk utsjånad og mørk hud - "heljarskinn". På nettsida Avaldsnes kan ein lesa meir om desse folka og sjå korleis ein tenkjer seg at familien såg ut. Etter at Harald Hårfagre tok over makta her i landet reiste Geirmund til Island. Han var ein av dei fyrste landnåmsmennene og dreiv internasjonal handel, mellom anna med kvalrosstenner frå Sibir og slavar frå Irland og Skottland. 

Den svarte vikingen vart nominert til Brageprisen 2013 for beste sakprosabok. Ikkje ufortent, for her er mykje interessant, men sjølv "datt eg av lasset" innimellom. Diktinga blir litt vidløftig, og det andre stoffet er ofte for detaljert, for repeterande og for springande. Som Øystein Morten gjer i sine bøker, skriv Birgisson seg sjølv inn i handlinga, men her er det ikkje så vellukka. 

Lydbokopplesar Endre Hellestveit les tydeleg og greit med passeleg engasjement.
Terningkast 4.

Det er altså sparsamt med skriftleg dokumentasjon bevart når det gjeld både Eirik Raude og Geirmund Heljarskinn. For dei to kongane nedanfor, Olav I Tryggvasson og Olav II Haraldson, er det i grunnen omvendt. Her er det nesten for mykje, fordi det vart dikta fram så mange vandrehistoriar, segner og legender om dei. Snorre og dei andre islandske sogeskrivarane sette saman sagaene sine omlag to hundreår etter at desse kongane levde. Dei bygde på endå eldre historiar og alle helteforteljingane vart nok pynta på og tilpassa det rådande samfunnssynet som fantest på 1200-talet. Det er opplagt at element er blitt lagt til og/eller trekt frå - og at enkelte historiar berre er tull og oppspinn. Øystein Morten har ikkje berre granska kongesagaene nøye; han har i tillegg brukt andre meir samtidige (og dermed sannsynlegvis meir truverdige?) kjelder.


Jakten på Olav den hellige av Øystein Morten
Spartacus 2013
Speletid 5:58
Lyd Storytel

Det er egentleg heilt utruleg at me aldri blir "ferdige med" denne kongen som levde for 1000 år sidan, men Morten kjem med nye vinklingar og interessante teoriar i denne boka. Det er ei todelt "jakt" det blir fortalt om. På den eine sida er det ei jakt etter det som kanskje er restane av deler av liket hans og på den andre sida; ei forteljing om mennesket Olav Haraldsson og samtida hans. 

Jakten på Olav den hellige er ei ganske kort bok (papirutgåva er på 256 sider), men forfattaren går grundig til verks. Han fortel utførleg om samfunnsforholda, storpolitikken og dei mange og skiftande alliansane som leda opp til den store konfrontasjonen då kongen fall på Stiklestad den 29. juli 1030. Det handlar også om kva som skjedde etterpå, både med maktforholda i Noreg - og med sjølve liket. 

Boka er interessant og lettlest. Til tider er det noko oppramsande, men Øystein Morten skriv med ein lett penn og med glimt i auga.
Eg vart dessverre aldri heilt fortruleg med opplesaren av lydboka. Den totale lese-/lytteopplevinga vart dermed eit terningkast 4. 


Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2019
Speletid 9:25
Lyd Storytel

Denne kongen levde i siste halvpart av 900-talet, og han var konge i Noreg berre i fire-fem år. Likevel er han "kjent" for folk flest, også i dag. Det er egentleg veldig rart. 

Forfattaren peikar på at dei eldste skriftlege kjeldene er sprikande, og at det difor er vanskeleg å sei kva som er sant og ikkje. Når forfattaren reiser i fotspora til Olav Tryggvasson blir det ei ganske omfattande reise, på kryss og tvers i Nord-Europa. Arkeologiske funn og andre spor tyder på at ein del av det Snorre og andre sagaforfattarar fortel om, stemmer - men det er minst like mykje som ikkje er sant. 

Jakten på Olav Tryggvasson er ei underhaldande bok der forfattaren pirkar borti vedtekne "sannheiter". Olav Tryggvasson var i alle fall neppe så sprek og tapper som sagaene vil ha det til, og han likna heilt sikkert ikkje på Fritjof Nansen. (Teiknaren Erik Werenskiold brukte naboen Nansen som modell då han illustrerte den norske praktutgåva av Heimskringla i 1899.)

Kvar er Svolder, staden der Olav Tryggvasson fall i eit slag i år 1000? Det er det ingen som veit heilt sikkert, men Øystein Morten meiner at det er snakk om øya Ven i Øresund - og at det ikkje fann stad i år 1000, men i 999. Forresten er det ikkje sikkert at kongen døydde ved Svolder/Ven heller. Ei av legendene som oppsto i ettertid var at han overlevde, flykta og levde resten av levetida som munk i Midtausten. 

Det fungerer fint med lydbok, men det er greitt å ha tilgang til kart og oppslagsverk medan ein lyttar. Her er forfattaren sjølv opplesar av boka. Terningkast 4+.

15. juli 2023

Kort om: Amerikansk karmageddon av Thomas Seltzer

Oktober 2022
Speletid 16:14
Lyd Storytel

Undertittel: Tanker om mitt fordømte fedreland

Dette er ei bok å bli opprørt av, å rista på hovudet av, å humra av, å bli klok av. Rett og slett ei veldig bra bok.

Det er mykje i det amerikanske samfunnet som er rart/uforståeleg for oss nordmenn. Difor kan det vera nyttig å sjå det gjennom augene til ein amerikansk statsborgar som har budd størsteparten av livet sitt i Noreg. 

Mange har sett TV-serien UXA – Thomas Seltzers Amerika der forfattaren gjennom ein reisedokumentar viser at for mange amerikanarar er den amerikanske draumen blitt til det amerikanske marerittet. USA er blitt eit djupt splitta og polarisert land. Korleis og kvifor vart det slik? 

"Amerika. For meg er det et av de aller største ordene som finnes. Det er helt der oppe med andre gedigne ord som frihet, rettferdighet og håp. Men for meg er det også et ord som betyr andre ting, som familielykke, nærhet og tilhørighet. Og savn. Jeg savnet Amerika så innmari etter at vi flyttet til Norge. Jeg drømte om Amerika hele tiden. Mine første minner var det Amerika som ga meg. Det var i Amerika jeg først skjønte at jeg var et menneske i verden, og det var Amerika som ga meg mitt første språk."

Tittelen på boka seier mykje om innhaldet. Armageddon - altså undergang - og karma - i ei litt finurleg tyding. Mange amerikanarar føler avmakt; dei har ei kjensle av at ingen har bruk for dei lenger. Seltzer viser til avindustrialisering og demografiske endringar - og eit økonomisk og politisk system som gjer at dei fattige vert fattigare og dei rike rikare.

Av andre tema i boka kan nemnast sosial- og helsesystem, rasisme, religion, kultur og konspirasjonsteoriar. Alt fortalt om på ein personleg måte og i eit lettfatteleg språk. Boka er skriven med sjarm og snert, sarkasme og melankoli, og krydra med mengder av fotnotar og digresjonar. 

Amerikansk karmageddon er Seltzer si debutbok, og det er imponerande kva han har fått til. Eg gir boka ein klar femmar på terningen og anbefalar boka på det sterkaste. Høyr gjerne lydboka, det er forfattaren sjølv som les.

12. mars 2023

Bokomtale: Polare tragedier av Odd Harald Hauge

Gyldendal 2019
Speletid 10:53
Lyd Storytel

Polarhistorie er eit tema som aldri sluttar å fenga og fascinera meg. Eg tykkjer det er skikkeleg interessant å lesa om tidlegare tiders polferder og polfararar. 

Opp gjennom tidene har det vore mange oppdagarferder og polekspedisjonar; utfordrande, banebrytande, imponerande - men også farlege, dumdristige og ikkje sjeldan tragiske. I denne boka er det lagt vekt på det siste: Boka består av ti tragediar, ti ekspedisjonar og ti kapitlar. Ei bok som skapt/skriven for ein sofapolfarar som meg.

Undertittel er "om mot, overmot - og død" - og når eg les om enkelte av ekspedisjonane i denne boka slår det meg at det er nesten rart at ikkje endå fleire mista livet. For dei la avgarde i ukjende strøk, med feilaktige/manglande kart, dei var dårleg/feil utstyrt, ofte med mangelfull kunnskap om (og respekt for) naturkreftene og utan moglegheit for kommunikasjon med omverda. 

Mange av ekspedisjonane det vert fortalt om enda altså tragisk - og fleire av dei (både folk, utstyr og skip) forsvann på mystisk vis. Desse forsvinningane og denne mystikken gjer forteljingane spennande, også no, lang tid etter at hendingane fann stad. Enkelte av mysteria har fått ein slags forklaring i ettertid, eksempelvis då dei fann restane av Andrées ballongferd i 1930 og funna av skipa Erebus og Terror frå Franklin-ekspedisjonen i hhv 2014 og 2016. At ein no kjenner til fleire skrekkelege overvintringar i polare strøk er fordi levningar, utstyr, dagbøker og nedteikningar er blitt funne i ettertid.

Forfattaren innleiar med nokre ekspedisjonar frå 15- og 1600-talet som eg aldri har høyrt/lest om tidlegare. Den fyrste er ein engelsk ekspedisjon beståande av tre skip, leia av Sir Hugh Willoughby i 1533. Ekspedisjonen hadde som føremål å finna den såkalla nordaustpassasjen. På denne tida hadde spanjolar og portugisarar oppdaga land og etablert handelsruter andre stader på kloden, og engelskmennene trudde det venta både ære og rikdom dersom dei fann ein "snarveg" til Kina og austen, nord for Russland. 
Men Willoughby vende aldri heim til England. Både han og mannskapa på to av skipa omkom. Om dei svalt i hel, fraus i hel eller døydde av skjørbuk eller kolosforgiftning er uklart. Det tredje skipet kom meir eller mindre tilfeldig fram til ein russisk busetnad ved Kvitsjøen. Denne hendinga vart starten på direkte handelssamkvem mellom England og Tsar-Russland, så ekspedisjonen vart på eit vis "vellukka" sjølv om målet om å finna nordaustpassasjen ikkje lukkast.
(Den finsk-svenske oppdagaren A.E. Nordenskiöld var den fyrste som segla gjennom nordaustpassasjen, 300 år seinare.)

Vidare får ein lesa om oppdagarane Barentz og Bering, mennene som har gitt namn til Barentzhavet og Beringstredet. Nederlendaren Willem Barentz oppdaga Bjørnøya og Spitzbergen (som han trudde var Grønland), men døydde på sitt eige hav, for å sei det slik. Danske Vitus Bering leia fleire russiske ekspedisjonar og døydde av skjørbuk på øya som i ettertid fekk namnet Beringøya. 

Ei anna interessant historie handlar om dansk-norske Jens Munk sin ekspedisjon som prøvde å finna nordvestpassasjen. Dei overvintra ved Hudsonbukta, men då våren kom var 61 av 64 menn døde. Dødsårsak: Skjørbuk.
Oppdagaren James Knight var 80 år gammal då han leia ein ekspedisjon i det same området. To skip og 40 mann berre forsvann.
Den best kjende og mest myteomspundne ekspedisjonen som forsvann i områda langs nordvestpassasjen var likevel ekspedisjonen leia av John Franklin i 1845. Dei to skipa Erebus og Terror og mannskapa deira forsvann sporlaust og førte til mange redningsekspedisjonar. Området vart av den grunn kartlagt grundig og ein fann omsider levningar, spor og hint om kva som kunne ha hendt. Ekspedisjonsmedlemane og -leiaren må ha teke fleire merkelege/feil/ulogiske val som gjorde at det enda så fatalt for alle saman. Undersøkingar i ettertid viste at nokon av dei truleg var så desperate av svolt at dei tydde til kannibalisme.
(Roald Amundsen var den fyrste som segla gjennom nordvestpassasjen, i samband med Gjøa-ekspedisjonen i 1905. Amundsen enda óg livet sitt på ein tragisk og mystisk måte, men den historia er ikkje med her.)

Den sørgelege historia om dei 17 fangstmennene som omkom i Svenskhuset på Svalbard er også med i boka. Dei unge mennene befann seg i eit hus med rikeleg tilgang til både mat og brensel, men ingen av dei overlevde overvintringa i 1872-73. Dei døde fekk ettermæle som dumme og dovne, men granskingar i nyare tid tyder på at dei omkom av blyforgiftning.

Ei anna mislykka og tragisk ferd var Jeanette-ekspedisjonen i 1879. Leia av George Washington DeLong skulle dei finna Nordpolen via Beringstredet. Enkelte meinte på den tida at det fantest ein "golfstraum" i Stillehavet og at polhavet var middelhavsvarmt, når dei berre kom seg forbi og gjennom eit islag. Det stemde sjølvsagt ikkje. Skipet vart skrudd ned i isen og mannskapet måtte returnera i tre små båtar. DeLong og mennene hans svalt i hel i Sibir.

Avslutningsvis handlar det om kappløpet mellom Scott og Amundsen i 1911-12, og sidan fokus er på tragediar, får me denne gongen historia frå Robert Scott sitt perspektiv.

Odd Harald Hauge har plukka ut ti interessante historiar om ulike polarpionerar og -ekspedisjonar i boka si. Han held fram sine eigne og andre sine meiningar og teoriar når det gjeld enkelte av mysteria det vert fortalt om.
Hauge må ha jobba mykje med bakgrunnsmateriale og har dessutan sjølv erfaring frå polare strøk. Når det gjeld vêr og temperaturar, terreng og landskap og snø- og isforhold veit han kva det handlar om. 

Polare tragedier til ei lærerik, gripande og spennande bok. 

Andre bloggmeiningar: Bokblogger.com
Podcastar om boka: Tur og tøys Podcast, NRK Radio

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Lenker til anna polarstoff på denne bloggen: 
Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen av Ragnar Kvam (biografi) (eit blogginnlegg som har hatt nesten 900 visningar sidan publiseringa i 2015)
De fire store og hvordan de ledet sine menn av Ragnar Kvam (dokumentarisk/biografisk om Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton)
Amundsens siste reise av Monica Kristensen (dokumentar)
Amundsen av Espen Ytreberg (biografisk roman)
Roald Amundsen av Tor Bomann-Larsen (biografi/dokumentar)
Aldri rådløs av Per Egil Hegge (biografi om Otto Sverdrup)
Vår glemte polarhelt av David Vogt (biografi om Carsten Borchgrevink)

22. mars 2022

Historisk true crime

Nils Johan Stoa er leiar av statsarkivet på Kongsberg, han er historikar, foredragshaldar og forfattar. Han har skrive lærebok i slektsgranskning, fleire fagartiklar - og bøkene I hine hårde dage og Kjødets lyst. Eg er jo glad i kriminallitteratur, men er også interessert i historie og les ofte om verkelege kriminalsaker. Slik sett er desse to bøkene midt i blinken for interessefelta mine. 

Kriminalsaker fengar - og det har det nok alltid gjort. I våre dagar med krimbøker, krimseriar, tabloide overskrifter og nettklikk. På 15-16-1700-talet ved at publikum møtte opp i fleng ved skafottet, heksebålet og andre henrettingsstader. 

I tidlegare tider var jussen i stor grad bygd på teologien - og straffene var, sett med våre dagars auge, barbariske. Det er ikkje meir enn 200 år sidan avhogde hovud vart sett på stake til "Skræk og Advarsel". Den siste norske henrettinga i Noreg (i fredstid) fann stad i 1876. Kristoffer Svartbækken frå Løten vart dømt for mord og tjuveri og 3000 menneske møtte fram for å sjå på at han vart halshogd. 

I hine hårde dage
- gamle norske kriminalhistorier

Cappelen Damm 2008
Lydbok Storytel


Boka omhandlar kriminalsaker (og straffemetodar) frå slutten av 1500-talet til midten av 1800-talet. Det vert fortalt om mange saker frå ulike deler av landet. Valdskriminaliteten var utvilsamt høg sjølv om dei altså risikerte brutalt harde straffer. 
Fattigdom og klasseskille kan forklara enkelte lovbrot og straffeutmålingar. Heller ikkje rikfolk kunne kjøpa seg fri frå strenge dommar, men dei kunne ofte påverka vitne og hadde gjerne midlar til å få saka si anka til ein høgare rettsinstans. 

Hekseprosessane har eit eige kapittel i boka. Mellom 1570 og 1700 vart over 2000 personar stilte for retten anklaga for trolldom her i landet. Ein fjerdedel av desse vart dømde til døden - dei "heldige" vart halshogne, mange vart brende levande. 
Eit anna kapittel handlar om bøddelen og korleis arbeidet og statusen hans endra seg gjennom tidene. Ei av mange tragiske historiar i boka handlar om korleis bøddelen sine døtre vart beskulda for å stå bak bybrannen i Fredrikstad i 1653. Den eine av dei vart dømd til døden (altså brent på bål), den andre vart forvist. 

Det gjer også inntrykk å lesa om dei kvinnene som vart dømde til døden for spedbarnsdrap. I enkelte høve var det nok snakk om at mødre i fortviling over skamma og livet generelt faktisk tok livet av barnet sitt. Men i mange høve var det i slike saker snakk om både overgrep, spontanabortar og dødfødslar. I hine hårde dage fortel om ein brutal og hjerteskjerande del av norgeshistoria. Det gjer også neste bok:


Kjødets lyst
- fortellinger om synd og straff

Cappelen Damm 2010
Lydbok Storytel


Historiane i denne boka byggjer på same lest som boka over - men her er det sett fokus på "sedelighetsforbrytelser". Altså om kriminelle handlingar og lovbrot av type hor, leiermål, bigami, incest, dyresex og sodomi (homoseksualitet). Alle slike handlingar var forbode og kunne bli hardt straffa. Kyrkja si makt og kyrkja sitt syn på samliv og kjønnsdrift sto sterkt og påverka det gjeldande synet i samfunnet.

Boka fortel også om saker der sex, utruskap og begjær var motiv for ugjerningar. Til dømes drap for å bryta ut av ekteskap og parforhold, samt sjalusidrap og æresdrap. 

Forfattaren har funne mengder med skriftleg materiale og begge desse bøkene er basert på dokument som rettsprotokollar, tingbøker og kyrkjebøker. Gjennom (og bak) alt "det saklege" finn me dramatikk og mystikk, tragiske historiar og gripande enkeltskjebnar. Begge bøkene er interessante - og underhaldande på ein bisarr og grotesk måte. Enno meir interessant ville det blitt om forfattaren hadde drege fleire historiske linjer, - til dagens rettspleie og strafferett. 

Eg har lest begge bøkene som lydbøker. Ivar Nergaard les som vanleg tydeleg og engasjert, så det funkar fint. Men ein går sjølvsagt glipp av ein vesentleg del, nemleg alle bileta og illustrasjonane som visstnok finst i papirutgåvene.

27. februar 2020

Kort om: Vi må ikke falle og Krigen på 200 sider

Eg har nettopp lest to bøker om andre verdenskrig i Noreg. To høgst ulike bøker med forskjellige tilnærmingar til stoffet.

Vi må ikke falle av Ingar Sletten Kolloen

Gyldendal 2019
492 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er fyrste del i ein bokserien Under krigen som kjem til å bli svært omfattande. I denne boka, som er på nesten 500 sider, er me ikkje komne lenger enn til slutten av 1940.

Ingar Sletten Kolloen si bok er av den langsame typen. Her vert det fortalt om kvardagsliv, enkeltepisodar og enkeltpersonar, - utbrodert og gjort greie for til minste detalj. Slett ikkje uinteressant, men etter kvart så omstendeleg at eg vart lei.

Her er ein del nytt og ukjent stoff, andre deler er vel kjende frå tidlegare. Eg tykte at det etter kvart vart så mange personar og hendingar å halda styr på at det vart uoversiktleg.
Mitt tips når det gjeld lesing av denne boka er at ein tek seg god tid, f.eks. ved å lesa eit kapittel eller to pr. dag. Terningkast 4-.

Krigen på 200 sider av Frank Aarebrot

Kagge 2018
202 sider
Kjøpt papirbok

Dersom du er ute etter dei lange linjene, om samanhengar - politiske og historiske - då er dette boka for deg. Nok ein gong er eg full av beundring over kor dyktig formidlar denne mannen var.

Aarebrot skriv enkelt og på ein måte som folk flest kan forstå. Sjølv om det naturleg nok er skrive i ein forenkla og forkorta form er det ikkje overfladisk av den grunn. Han dreg linjene frå krigens dagar fram til vår eiga tid og vår tids utfordringar.

Krigen på 200 sider er systematisk, logisk oppbygd og krydra med anekdotar og personlege vinklingar. Det er ei meiningsfull, underhaldande og lærerik bok.
Terningkast 5.

Bøkene ovanfor tangerer kvarandre og utfyller kvarandre - men også til andre bøker om same tema. For meg vart det mest nærliggjande å samanlikna med Alf R. Jacobsen sin glimrande dokumentarserie Angrepet på Norge; Krysseren Blücher, Kongens nei, Angrep ved daggry og Bitter seier.

- - - - - - - - - - - - - - - - - -

Krigen på 200 sider er óg mitt bidrag til fyrste runde i Bokhyllelesing 2020. Tema for denne runden er nemleg grøn bok. Meir om denne utfordringa på bloggen Boktanker.

13. februar 2020

Bokomtale: Sovjetistan av Erika Fatland

Kagge 2014
Speletid 16:36

Lydbok Storytel

Undertittel:
En reise gjennom Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan.

Erika Fatland har reist mykje. Før ho reiste og gjorde research til (den fabelaktige) boka Grensen var ho på ei anna omfattande reise; til dei fem tidlegare sovjetrepublikkane i sentral-Asia. Til "Langtvekkistan", til "Absurdistan" - eller som Fatland kallar det: til "Sovjetistan". Boka kom ut i 2014, men er framleis aktuell sjølv om det har skjedd enkelte ting i området sidan den tid.

Dei fem sentralasiatiske landa Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan vart sjølvstendige då Sovjetunionen braut saman i 1991. Dei har enkelte fellestrekk, men har ulik økonomi og næringsliv, varierande etnisk samansetning, ulike språk og forskjellige politiske system. Fatland gjer greie for skilnader og likskapar på ein oversiktleg og grei måte.

Reisa startar i Turkemenistan, eit ørkenland rikt på naturressursar, der hovudstaden Asjkabad har breie gater og marmorkledde bygningar. Men turkmenarane flest nyter ikkje spesielt godt av oljeinntektene, og brot på menneskerettane og omfattande korrupsjon er eit stort problem i landet. President Nijazov, som styrte landet sidan det vart sjølvstendig i 1991 og fram til han døydde i 2006, var både diktatorisk og eksentrisk, noko Fatland gir fleire eksempel på. Etterfølgjaren har ikkje vore stort betre.


Ferda går deretter vidare til Kasakhstan; det niande største landet i verda, men med berre 15 millionar innbyggjarar. Her er tilhøva betre når det gjeld levestandard, ytringsfridom og samfunnsforhold, men landet er lite demoratisk sett med våre auge. I Kasakhstan besøkte Fatland både den uttørka Aralsjøen og atomprøvesprengingsbyen Semipalatinsk - begge katastrofeområde når det gjeld natur og miljø.

Tadsjikistan er det fattigaste av dei sentralasiatiske statane. Her besøkte forfattaren m.a. Yagnobdalen, eit vanskeleg tilgjengeleg område der menneska bur i jordhytter og snakkar eit urgammalt språk. Det er tydeleg at dette var spesielt interessant for sosialantropologen Erika Fatland. Kirgisistan er det minste av dei fem landa og har store utfordringar når det gjeld etniske motsetnader, politisk uro og økonomiske vanskar. I fleire område i Kirgisistan er tradisjonen med bruderov vanleg. I Uzbekistan følgde Fatland Silkevegen og ein får høyra om byane Khiva, Bukhara og Samarkand.

Fatland har ein fin forteljarstil, er imponerande språkmektig og har eit ope sinn. Ho har dermed fått god kontakt med dei ho møter på reisene sine.

Sovjetistan er ei lærerik og underhaldande bok som byr på gode reiseskildringar og interessante møter med menneske og stader. I tillegg får ein fakta om kompliserte samfunnsforhold, politiske samanhengar og eit innblikk i lange historiske linjer. Boka kan absolutt anbefalast.


Sovjetistan - eit foredrag

3. oktober 2019

Bokomtale: Reformasjonen - den store historien av Frank Aarebrot og Kjetil Evjen

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid: 7:52

Lånt lydbok eBokBib

Statsvitaren, forfattaren, kommentatoren, professoren og foredragsholdaren Frank Aarebrot gjekk bort i 2017. Det er heilt sikkert mange som saknar han, for han var ei kjent og kjær stemme/ansikt for dei fleste.

Den etterspurde boka 200 år på 200 sider og det populære foredraget 200 år på 200 minutter er eksempel på at professoren nådde ut til eit breidt publikum. Han kunne fortelja om kompliserte ting og samfunnsaktuelle saker på ein måte som folk flest kunne forstå, utan å vera overforklarande.

Reformasjonen - den store historien vart Frank Aarebrot si siste bok: Manus vart levert forlaget berre nokre dagar før han døydde. Medforfattar Kjetil Evjen er statsvitar og universitetslektor og var kollega med Aarebrot.

Det er 500 år sidan Martin Luther sende ut dei 95 tesene i Wittenberg; denne hendinga vert sett på som starten på reformasjonen. Aarebrot/Evjen gjer i boka greie for bakgrunnen og dei teologiske, politiske og historiske kreftene i dåtidas Europa. Vidare set dei søkelys på korleis reformasjonen bidro til samfunnsutviklinga i åra som følgde. Den lutherske reformasjonen var ein slags revolusjon som førte til store politiske, religiøse, kulturelle, militære og økonomiske endringar i mange land.

Forfattarane ser på reformasjonen og følgjene av den med statsvitenskaplege briller - og det er det som er interessant. Eg er ikkje religiøs og har lite interesse av religion, men når ein får ei slik hending som reformasjonen sett i samanheng - då skjønnar ein at det var viktig; for nasjonar, for samfunnsutvikling, for språk og kultur.

Boka er krydra med anekdotar og digresjonar i akkurat passe porsjonar. Det gjer boka underhaldande og lett å lesa sjølv om det til tider er litt tungt stoff.
Då nettstaden bok365 skulle kåra årets bok i 2018 var det denne som vann.

Lydbokversjonen er OK. Per Andreas Tønder les lydboka nøytralt og utan særleg innleving. Det er heilt greit sidan det er sakprosa, men innimellom sakna eg det "aarebrotske" temperamentet og engasjementet.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Frank Aarebrot var humoristisk, karismatisk og hadde gode pedagogiske evner. For nokre år sidan hadde eg gleda av å sjå og høyra Aarebrot live. Det var stort -  for det var heilt spesielt å oppleva den unike formidlingsevna han hadde. Han var roleg og utan for mange fakter - og utan manus - men med sterk stemme, tydeleg diksjon, glimt i auga og merkbar utstråling. Tema for foredraget var 'Regionsreforma på Vestlandet'; i utgangspunktet eit heller tørt tema - men me som var publikum sat der trollbundne og sugde til oss kunnskap og ny innsikt.

Frank Aarebrot ga også ut bøkene USA på 200 sider og Krigen på 200 sider. Heilt sikkert lærerike bøker som eg ikkje har lest enno, men som eg har skaffa meg. Biografien om Frank Aarebrot kunne eg òg tenkja meg å lesa ein gong.

3. mars 2019

Vinterlesing: Sakprosa

Sakprosasjangeren omfattar mangt og mykje. Her er noko av det som har blitt lest i det siste.

Summen av små ting av Hege Duckert

Kagge 2018
286 sider
Lånt ebok eBokBib


Dette er ein dokumentar om kulturhistorie; om ting, gjenstandar, haldningar, endringar og hendingar. Hege Duckert har teke utgangspunkt i forskjellige konkrete ting og ulike konkrete personar og knytta dette til sentrale hendingar i nær fortid. Summen av små ting har blitt ei interessant og artig bok.

Undertittelen er Fra symaskin til selfiestang. 25 ting som har forandret Norge - og det slår meg kor fort endringane skjer i dagens samfunn: No i dag er me fullstendig avhengige av smarttelefonane våre, men det er berre nokre få år sidan dei kom på marknaden. Fleire av tinga i denne boka er knytta til nettopp telefon- og datateknologi; frå Kjetil Stokkans kjempe-mobiltelefon frå 1985 til Erna Solbergs selfiestang frå valkampen i 2015. Andre ting/tema som det vert fortalt om er symboltunge; Gro Harlem Bruntland sine rosa sko frå regjeringsutnemninga i 1986 (sjå omslaget) og Kim Friele sin brudekjole frå då ho og Wenche Lowsow gifta seg i 1993. Vidare kan ein lesa om såpass ulike ting som Vegard Ulvangs sokk, Jo Nesbøs kaffebar, Bjørn Kjos' trillekoffert og Trine Sandberg sin pizza.
Terningkast 4.

Oddvar Brå - et skiløperliv av Thor Gotaas

Gyldendal 2018
399 sider
Lånt papirbok biblioteket


Dette var perfekt opplading til det nyleg avslutta ski-VM i Seefeld. Her handlar det også om kulturhistorie - om skihistorie frå 1960, -70, -80 og 90-talet. Gjennom store deler av denne perioden var Oddvar Brå eit sentralt namn. Dersom du ikkje har sans for gamle resultat, gamle skiheltar og gamle skirenn og ikkje hugsar kvar du var då Brå brakk staven - då bør du styra unna denne boka. For oss som er interesserte i vinteridrett og som hugsar tilbake til noko av det, er det imidlertid interessant og nostalgisk lesing. 

Forfattaren Thor Gotaas er folkeminnegranskar og biografien om Oddvar Brå er skriven med "folkloristiske briller". Her får ein vita mykje nytt om oppvekst, bakgrunn og familie som ikkje har vore kjent tidlegare - i tillegg til ein grundig gjennomgang av skikarrieren til denne folkekjære langrennsløparen. Det som gjorde sterkast inntrykk på meg var skildringa av sorga over venen og konkurrenten Ivar Formo - samt forteljinga om farmora. Vanskelege familietilhøve gjorde at Oddvar aldri traff bestemora si sjølv om dei budde forholdsvis nær kvarandre. Gotaas fortel at farmora var svært stolt av barnebarnet sitt og at ho hadde eit bilete av han over senga si.

Oddvar Brå var forut si tid når det gjaldt treningsmengde og -intensitet og var som regel positiv til endringar. Medan mange andre var skeptiske til glasfiberski og skøyteteknikk, var Oddvar på frå fyrste stund. I løpet av dei 25 åra han konkurrerte på toppnivå skjedde det ei formidabel utvikling i langrennssporten, både utstyrsmessig og elles. Også personen Oddvar Brå forandra seg; frå ein mutt og fåmælt mann til ein meir mediavenleg type. Då Oddvar Brå endeleg tok det etterlengta individuelle gullet under Oslo-VM i 1982, jubla heile folket. Skiinteresserte nordmenn elskar slike slitarar som aldri gir opp og som lukkast til slutt, jf. Martin Johnsrud Sundby sin siger for nokre dagar sidan.

Biografien om Oddvar er veldig omfattande, men er såpass lettlest og velskriven at det ikkje er vanskeleg å fordøya stoffet. Dei mange flotte bileta gjer boka ekstra interessant medan visse gjentakingar og unødvendige detaljar trekker ned heilskapsinntrykket. Terningkast 4+.


Ja, vi elsker av Ken André Ottesen

Kagge 2018
145 sider
Lånt papirbok biblioteket


Frå forlaget sin omtale: "Denne boka er det aller morsomste beviset på at Norge er verdens beste land. Det er bare i Norge lokalavisen skriver om at noen har glemt en ost på torget og at Justin Bieber fløy over Sunnmøre."

Dersom du er følgjar av BadesKen på Instagram er du kjend med konseptet og humoren: "Gullkorn" frå lokalaviser og riksaviser, t.d. om nyhende med ekstremt lokale vriar, sære saker, uheldige overskrifter, merkelege ingressar og misvisande bilete. I Ja, vi elsker gir Ottesen eksempel frå slike rare saker frå aviser over heile landet, saman med litt funfacts om dei same avisene.

For ordens skuld; alle eksempla er verkelege - det er ikkje noko BadesKen har funne på. Han har berre sortert ut dei "beste" innlegga for oss. Det er ikkje akkurat stor litteratur, og det er det heller ikkje meint å vera. Dette er enkel humor med høg humrefaktor. Terningkast 4.

19. september 2018

På reise med Torbjørn Færøvik og Agatha Christie

I sommar var eg på to lange reiser saman med Torbjørn Færøvik. Den eine var ei togreise med den berømte Orientekspressen og den andre var ei lang og mangfaldig reise i Marco Polo sine spor. Eg har vore på reise med han tidlegare òg; ved eitt høve var me i Kina og ein annan gong var me i Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma.

Me snakkar naturlegvis om bokreiser her, - om reiseskildringar så levande fortalt at det nesten kjennest som om ein skulle ha vore deltakar sjølv. Gjennom Færøvik sine bøker lærer ein mykje nytt og ein får i tillegg friska opp halvgløymde kunnskapar. Denne forfattaren - som har vunne Bragepris heile tre gonger - er ein kunnskapsrik mann, eit sympatisk reisefølgje og ein eminent reiseskildrar. Orientekspressen - En vårreise er ganske ny (2016) medan Veien til Xanadu kom ut fyrste gong i 2002. Begge er tilgjengelege som (langvarige) lydbøker i Storytel.


Veien til Xanadu

Cappelen Damm
Speletid 18:32
Opplesar Henning A. Nilsen


Utgangspunkt og inspirasjon er Marco Polo si fantastiske og eventyrlege reise i åra 1271-95. Færøvik startar si reise i Marco Polo sin fødeby Venezia og held fram over Middelhavet til Tyrkia, gjennom Iran og Afghanistan, vidare til Gobi-ørkenen, Indre Mongolia og Kina. På turen er me innom landsbyar og millionbyar, gjennom ørkenar, over gigantiske stepper og via fjellpass, og ved hjelp av ulike framkomstmidlar. Overalt får Færøvik kontakt med lokalbefolkninga og han fortel gjerne om nær og fjern historie frå området.

Kvar er egentleg Xanadu? Er det ein myte eller var det ein verkeleg by? Det får ein etter kvart svar på i boka. Veien til Xanadu er ei innhaldsrik og dokumentarisk forteljing om historiske hendingar, politisk historie, kulturhistorie og om kjende og ukjende historiske personar.

Orientekspressen - En vårreise

Cappelen Damm
Speletid 21:45
Opplesar Anders Ribu


Den opprinnelege Orientekspressen (som har hatt fleire ulike ruter, den mest kjende gjekk frå Paris til Istanbul) eksisterer ikkje lenger, men Torbjørn Færøvik har i denne reiseboka teke ei utvida reise inspirert av den berømte togferda. Færøvik startar i London og reiser vidare tvers gjennom Europa og til Asia; heilt til Samarkand i Usbekistan. Torbjørn Færøvik har glimt i auga og ein viss ironisk distanse til det han fortel om. Mange av stadane og mykje av det historiske bakteppet er det same som Erika Fatland skriv om i Grensen.

Dei fleste av oss kjenner vel Orientekspressen best frå Agatha Christies Mord på Orientekspressen. Etter at eg hadde lytta ferdig Færøvik si reise, måtte eg berre lesa den berømte kriminalromanen på nytt.


Mord på Orientekspressen av Agatha Christie

Lydbokforlaget
Speletid 6:38
Opplesar Bjørn Fougner


Orientekspressen var i si tid eit luksuriøst framkomstmiddel. I Agatha Christie si kriminalforteljing frå 1934 reiser me fyrst med Taurusekspressen frå Aleppo til Istanbul og vidare på Orientekspressen i retning Paris - men så langt kjem me ikkje. Veret er nemleg særdeles ufyseleg og toget set seg bom fast i ei snøfonn på Balkan. Undervegs dit skjer eit mord, og Hercule Poirot, som "tilfeldigvis" befinn seg i nabokupéen til den myrda personen, får ei svært vanskeleg sak å finna ut av: Det viser seg at absolutt alle har eit motiv for å drepa vedkommande.

Det er interessant å lesa om denne gruppa av menneske som er fanga på ein avgrensa, nesten klaustrofobisk åstad. Mord på Orientekspressen er ei fiffig kriminalgåte og inneheld gode tidsbilete og fleire overraskande poeng. Boka er ein klassikar og kjem stadig ut i nye opplag. Ho er også filmatisert utallige gonger og finst til og med som dataspel. På omslaget til lydboka ser du bilete frå den nyaste filmatiseringa frå 2017 (med m.a. Johnny Depp og Judi Dench og regi ved Kenneth Branagh). 

4. mai 2018

Bokomtale: Grensen av Erika Fatland

Undertittel:
En reise rundt Russland gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge samt Nordøstpassasjen.

Kagge 2017
623 sider
Lånt ebok eBokBib

Eg er mektig imponert. Grensen er verkeleg ein interessant, lærerik og grundig dokumentar. Erika Fatland har gjort omfattande research og vore på reisefot - langt utanfor allfarveg - i over to år. Ho har tilegna seg kunnskapar og erfaringar som ho formidlar på ein storarta måte gjennom denne boka.

Russland er som me alle veit eit digert land, omkransa av 14 nasjonar av høgst ulik storleik, befolkningstettleik, levestandard og politisk system. Fatland har besøkt alle desse landa og fått kontakt med ein del innbyggjarar som har fortalt sine historiar. Boka består av desse personlege møta med lokalbefolkninga, fakta om dei ulike landa og spesielt om korleis forholdet til Russland er og har vore. I tillegg får me vita korleis Fatland sjølv opplever korleis det er å reisa og å opphalda seg i desse områda.

Grensene har stadig vore i endring opp gjennom historia. Nokre land og område har gjennomgått stadige maktovertakingar, brutale maktovergrep og gjentekne konfliktar. Strategiske og militærpolitiske omsyn samt behov for tilgang på naturressursar har alltid vore viktig for makthavarane i Russland/Sovjetunionen. Grunna klimaendringane har eit nytt strategisk viktig område openbara seg dei siste åra; Nordaustpassasjen. Den "globale logistikken" er i ferd med å endra seg sidan ismengdene i området har minka drastisk dei siste åra.

Noreg er det einaste landet av dei 14 som aldri har vore i krig eller konflikt med Russland. Alle dei andre har sår eller arr som følgje av naboskapet med Russland, fortel Erika Fatland. I avslutningskapittelet er tida inne for refleksjon og ettertanke:
"Etter å ha brukt over to år på å reise langs Russlands grense - både i ordets mest konkrete betydning langs støvete landeveier og over åpent hav, og i overført betydning, langs grensens lange og kompliserte historie - sitter jeg igjen med flere spørsmål enn svar. Det er ikke egentlig uventet. Fremfor alt melder det seg en følelse av å ha vært vitne til både retningsløshet og opportunisme. Det russiske imperiet ble så stort nettopp fordi den til enhver tid sittende hersker grep alle muligheter som bød seg til å utvide grensen, koste hva det koste ville, og sjelden vek unna for brutalitet, skittent spill eller nok en krig. Slik ble folk etter folk underlagt Det russiske imperiet, frivillig, ufrivillig, fra de nomadiske stammefolkene i Sibir til de muslimske khanatene i Sentral-asia og de slaviske broderfolkene i vest. I grenseland, i randsonene, har friheten kommet og gått. Historien har vist at folkene som en gang har ligget under det russiske riket, er i stor fare for å havne under åket igjen."
Sjølv er eg ikkje så glad i å reisa, men eg likar reiseskildringar - og eg likar å læra nytt om historie, geografi og samfunnsforhold. Difor er denne boka midt i blinken for ein "sofareisar" som meg. Eg brukte Google Maps flittig medan eg las boka og søkte i tillegg mykje på nettet om hendingar, personar og andre forhold som Fatland fortel om. Alt dette "ekstraarbeidet" gjorde at lesinga tok si tid, men det er såå verdt det.

Grensen er nominert til Bokbloggerprisen 2017 og er den fyrste (og muligens einaste) boka frå kortlistene eg les. Den kjem uansett til å få mi stemme.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden, Bokstavelig talt, Hedvigs bokhjørne, Min bok- og maleblogg

Nedanfor kan du sjå og høyra forfattaren i samtale med Cathrine Sandnes.