Påbyrja i mai, fullført i juni:
Bjørn Andreas Bull-Hansen - Jomsviking - Norsk historisk roman - Lånt ebok BookBites
Cilla og Rolf Börjlind - Den tredje stemmen - Svensk krim - Kjøpt papirbok og lyd Storytel
Lest i juni:
Camilla Grebe - Skyggejegeren - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Div. forfattarar - Beste sommerkrim - Norske krimnoveller - Kjøpt pocket
Dag Christensen - Med livet som innsats - Norsk krigsdokumentar - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Barcode - Norsk krim - Lyd Storytel
Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Bernard Minier - En sang for druknede sjeler - Lånt papirbok privat
Levi og Leah Henriksen - Vinter på savannen - Lyd Storytel
2 ebøker, 2 lyd, 1 papir og 1 kombinert papir/lyd.
3 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
3 krimromanar, 1 krimnoveller, 1 historisk roman, 1 krigsdokumentar
4 norske, 2 svenske
3 menn, 1 kvinne, 2 begge kjønn
"Nye" forfattarar: Bull-Hansen, Christensen, Bjøranger
Ikkje så mange titlar i juni; berre halvparten så mange som i mai. Dette må jomsvikingane ta mesteparten skulda for. Eg meiner; det tek si tid å komma gjennom ein historisk roman med ei så omfattande handling og av eit slikt format - og som dessutan fører til googling og søking.. Eg er i alle fall djupt imponert over kunnskapen og formidlingsevna til Bjørn Andreas Bull-Hansen - og kjem heilt sikkert til å lesa dei to påfølgjande bøkene om Torstein Knarresmed. Vikingtida fascinerer mange av oss, noko som kjem til uttrykk på ulike vis, m.a. gjennom litteratur, film og TV.
Eg er ein smule nerdete når det gjeld statistikk og oversikt, og slenger difor med nokre tørre tal frå fyrste halvår 2020.
Lest hittil i år
51 bøker, fordelt slik på sjanger:
- 35 krim-, thriller- og spenningsromanar
- 4 andre romanar
- 10 sakprosa
- 2 novellesamlingar
16 papirbøker, 12 ebøker, 23 lydbøker
22 lånt, 20 Storytel-abonnement, 8 kjøpt, 1 fått
19 Terningkast 5, 25 Terningkast 4, 7 Terningkast 3
Forfattarar
39 menn, 15 kvinner
(tre av bøkene har forfattarar av begge kjønn)
23 norske, 11 svenske, 9 britiske, 3 irske, 2 danske, 1 amerikansk, 1 islandsk, 1 fransk
Lesemål 2020

Halvårsstatistikk

- 51/100 bøker totalt
- 7/10 mursteinar (over 500 sider)
- 4/10 biografiar
- 6/10 annan sakprosa
- 6/30 bokomtalar
- 12/30 nye forfattarar
Eg ligg godt an i høve mål om 100 leste, samt måla som gjeld mursteinar, bio'ar og sakprosa. Vidare syner statistikken at eg ligg brukbart an i høve nye forfattarar og at eg er veldig bakpå i høve omtalar. Eit par samleinnlegg med raske/korte omtalar i det siste er eit forsøk på å "retta opp" litt. 32 av bøkene mine har fått korte omtalar i samleinnlegg.
Viktigare enn tal leste bøker er sjølvsagt kvaliteten på det som vert lest; leseforventingar og sjølve leseopplevinga. Eg har ikkje gitt eit einaste terningkast 6 til no i år, for toppkarakteren er kun for dei aller aller aller beste. Men som du kan sjå over har eg gitt 19 bøker nest høgaste karakter, og gledeleg (og overraskande?) er mange av dei innan sakprosa-sjangeren.
Så - la meg presentera mi personlege og subjektive topp 10-liste for fyrste halvår. På "pallplass" står dei som etter mi meining er dei beste sakprosa-forfattarane me har her i landet; Tor Bomann-Larsen, Erika Fatland og Alf R. Jacobsen.

Topp 10 januar - juni 2020
- Roald Amundsen av Tor Bomann-Larsen (utgitt fyrste gong på Cappelen 1995)
25 år sidan fyrsteutgåva altså, men gode bøker går ikkje ut på dato. Utruleg bra biografi, som i tillegg er polarhistorie, kulturhistorie og politisk historie. Grundig og balansert, med overblikk og skråblikk. - Sovjetistan av Erika Fatland (Kagge 2014)
Dokumentar/reiseskildring, godt fortalt, fantastisk lærerikt og interessant.
Heller ikkje heilt fersk bok, men det meste er stadig like aktuelt. - Farlig farvann av Alf R. Jacobsen (Vega forlag 2019)
Krigsdokumentar, tema er hurgtigrutene (og deira passasjerar) sin lagnad under krigen.
Oversikt, historikk, konsekvensar, enkeltskjebnar. Inkludert biografiske opplysningar og bilete av dei fleste ofra; sivile menn, kvinner, barn. Sterk lesing. - Opprør av C.J. Sansom (Press 2020)
Ny av året, avsnitt nummer sju i Shardlake-serien. Serien er britisk historisk krim på sitt beste. Tenk "Ulvetid" (Wolf Hall/Hilary Mantel) + finurlege kriminalmysterium. - X måter å dø på av Stefan Ahnhem (Aschehoug 2019)
Svensk seriemorderkrim på sitt beste. Forfattaren spelar på alle dei spenningstrengene som finst og gir lesaren jamnlege overraskingar og pustebesvær. - Folket av Tor Bomann-Larsen (Cappelen Damm 2017, fyrste gong utgitt 2004)
Bind 3 (av 8) i det svære biografiske verket om Haakon og Maud. Stødig, skikkeleg og med snert. - Halvmorderen av Håkan Nesser (Gyldendal 2020)
Svensk krim/roman frå ein gammal favoritt. Sorgmuntert om eit liv som vart annleis enn det kunne ha blitt. - 1794 av Niklas Natt och Dag (Cappelen Damm 2020)
Historisk krim, Bellman noir, Stockholm noir. Nattsvart, bestialsk og vakkert. - Jomsviking av Bjørn Andreas Bull-Hansen (Gyldendal 2018)
Historisk roman. Imponerande fagkunnskap, godt fortalt. - Mamma er trygda av Mimir Kristjanson (Kagge 2019)
Ein forfattar som byr på seg sjølv (og si eiga mor). Lærerikt, underhaldande og til ettertanke.