Dette er eit
blogghopp-innlegg om
Sommarlektyre som
Anitas blogg har teke initiativ til.
Sjå lenkefunksjonen nederst i denne bloggposten. Bli med du og då vel!
Plutseleg er me inne i den lysaste og trivelegaste tida i året. Kvar vart det av våren? Som dei fleste andre er eg reint svimmel av at tida går så fort. For korleis skal ein få tid til å lesa alt det ein ønskjer å lesa? Kva skal lesast sommaren 2013? Den tre veker lange sommarferien skal brukast til så mangt, ein kan ikkje sitja på terrassen og lesa heile tida heller...
Eg les sjelden/aldri verkeleg tung litteratur; det er ikkje
meg. Verda er full av andre bøker eg heller vil lesa. Om sommaren vert det gjerne enno lettare lesestoff enn elles i året. Eg har ikkje noko fastlagd leseliste for sommaren, for litt av hyggen med å lesa er nettopp å ta ting på sparket.
Ein må dessutan prøva å variera litt; etter at ein har lese ein fartsfylt actionkrim, må ein kanskje
roa ned med noko som må lesast sakte. Når eg les både lydbok og papirbok, må eg også passa på
den rette miksen. Det går fint å lesa to bøker samstundes dersom dei er ulike nok. Er dei for like i stil og innhald, vert det
rot i hovudet mitt og eg byrjar å blanda saman handlingar og personar. Sommarleseplanen for meg er ein kombinasjon av spontanitet og planlegging.
Desse bøkene skal heilt sikkert lesast i løpet av sommaren:
Jo Nesbø -
Politi
Som så mange andre, er eg stor fan av Harry Hole-serien. Bøkene vert lest umiddelbart etter at dei kjem ut. Boka skal lånast av mi snille mor som bur i nærleiken og som er trufast Bokklubb-medlem. Og sjølv om eg gler meg som ein liten unge til
Politi: Den aggressive marknadsføringa og dei ørtogførti epostane med tilbod om å førehandstinga boka i r r i t e r a r meg!!
Dan Brown -
Inferno
Ein annan opphausa bestseljar som eg skal låna av mor. Boka har fått altfor mykje merksemd etter mi meining, men eg må innrømma at eg er litt svak for både Dan Brown og Robert Langdon.
Gillian Flynn -
Åpne sår
Debutboka til Flynn står i bokhylla og ventar. Likte veldig godt
Mørke rom, medan
Flink pike var litt nedtur.
Lars Mæhle -
Den mørke porten
Nynorsk krim! Berre det er eit godt argument til å lesa denne boka. Meldareksemplar fått frå Samlaget. Bør lesast snart.
Tom Kristensen -
Korsbæreren
Lydbok lest av innlesarfavoritten min, Ivar Nergaard. Heldige meg har motteke gratis lydfil frå Lydbokforlaget. Har ikkje lese noko av Kristensen før, byrjar like godt med den siste. Forventar ei fartsfylt og spennande leseoppleving.
A. J. Kazinski -
Den siste gode mann
Enno ei lydbok motteke frå Lydbokforlaget, ein kritikarrost dansk krimroman. Spent på denne, sidan eg ikkje har lest noko av forfattaren før. Likar vanlegvis godt dansk krim.
Arne Dahl - Dødsmesse
Eg kosar meg med
serien om A-gruppen, og har det siste halvåret lese dei fyrste fem bøkene i serien. Bok nummer 6,
En midtsommernattsdrøm, las eg i 2010, så eg må nett skumma gjennom den for å få med meg utviklingstrekka og samanhengen i serien.
Dødsmesse er sjuande bok (av 10) i serien.
Så over på noko som ikkje er krim:
Cecilia Samartin -
Drømmehjerte
Lånte denne av mor mi i fjor sommar, men er enno ikkje lest. Samartin har ein noko svulstig og klisjèfylt språkbruk, men historiane hennar er gode. Så denne skulle passa bra som sommarlektyre.
Jan Guillou -
Brobyggerne
Kjøpte denne for mange månader sidan, bør lesast snart. Likar godt Guillou sine bøker, både Arn-serien og Carl Hamilton-serien. Dette er bok nummer ein i ein ganske ny serie.
Johan Harstad -
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet
Nok ei bok som har stått
ulest i hylla lenge.
Gert Nygårdshaug -
Mengele Zoo
Har vore på leseplanen lenge, har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Opplesar Helge Winther-Larsen.
Kanskje vert det tid til noko repriselesing i ferien?
Eg har lenge hatt lyst til å lesa
Vera Henriksen sin
mellomalderserie og
Sigrid-trilogien på nytt. Desse bøkene gjorde eit djupt inntrykk på meg då eg las dei fyrste gong, for over 30 år sidan.
Sølvhammeren, Jærtegn og
Helgenkongen - Sigrid-trilogien - har handling frå Steinkjærtraktene på 1000-talet; ei tid prega m.a. av gammal norrøn gudetru og brutal tvangskristning. Eg hugsar bøkene som lærerike, levande og med glimrande skildringar av menneske og den tida dei levde i.
Mellomalderserien;
Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og
Skjærsild, handlar om ein annan historisk epoke med store omveltningar. Hovudperson er Bent Jonsson frå Smiugjelsøygarden i Lom, og handlingane er lagde til tida etter reformasjonen.
Eg trur det hadde vore interessant å lesa alle desse bøkene på nytt no, i meir
vaksen alder. Vera Henriksen er ein svært kunnskapsrik forfattar, og utruleg dyktig på å formidla denne kunnskapen. Bøkene hennar gjer lesaren klokare, både når det gjeld norsk historie og når det gjeld menneskesinnet.
Då står det att å ønskja alle ein retteleg fin lesesommar!