Viser innlegg med etiketten Unni Lindell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Unni Lindell. Vis alle innlegg

11. januar 2025

Fjorårets beste krimbøker

Egentleg var eg ferdig med oppsummering av leseåret 2024, men så dukka det opp ein interessant artikkelserie på nettstaden krimlitteratur.com. Bidragsytarane der har plukka ut krimfavorittane sine for året som gjekk - og dermed vart eg inspirert til å gjera (noko av) det same. 

I 2024 las eg 31 krimbøker som vart utgitt i 2024; 15 norske og 16 omsette. 10 av dei 31 ga eg terningkast 5. Ikkje så verst egentleg, for eg er ganske kresen..
Når eg summerer opp viser det seg at mine 10 beste frå 2024 består av tre norske og sju omsette krimromanar. 

Norske


Heine Bakkeid: Sorgsankeren
 
Den femte boka i Thorkild Aske-serien er ei veldig bra bok og vart av den grunn ein av årets norske høgdepunkt for meg. Stemninga er mørk og dyster, hovudpersonen er hardkokt og desperat og gjerningspersonen er særdeles ond og utspekulert. 'Sorgsankeren' er velskriven, godt plotta og har eit veldig driv.

Terje Bjøranger: Den ingen ser
 
Denne boka er det mange som har nemnt som ein av dei beste i 2024 - og det er eg enig i. Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av aktuelle samfunnsproblem. 

Unni Lindell: Dukken i tauet 
Tredje bok i serien om Lydia "Snø" Winther er velskriven, velplotta og velkomponert. Forfattaren har behalde det kjende krimuniverset frå tidlegare bøker/seriar og tek samstundes opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.

Utanlandske
Dei omsette er fire svenske, to danske og (overraskande!) ei australsk.

Arne Dahl: I sirkelens sentrum 
Fyrste bok i ny serie frå sjølvaste Arne Dahl er ein knallbra kriminalroman; ei godt oppbygd historie med dramatiske hendingar og vendingar. Boka har eit spennande og aktuelt tema og eit intrikat plott. Forfattaren kan krimhandverket og brukar verktøya effektivt.

Håkan Nesser: Det kom et brev fra München 
Nummer åtte i serien om Barbarotti er ein "snill" og underhaldande feelgood-krim der innhald, plott, skrivestil og språk er på eit høgt nivå. Omgivelsane og deler av tematikken minner om klassisk britisk puslespelkrim.

Lars Kepler: Søvngjengeren 
Bok ti i Joona Linna-serien er handlingsrik, perspektivrik og svært spennande, - og som alltid frå dette forfattarparet; mørkt, skummelt og blodig. Så veldig realistisk er det ikkje, men Søvngjengeren er ein bladvendar som gir deg puls!

Lina Bengtsdotter: Flammene 
Svensk bygdekrim, ikkje del av serie. Stikkord for handlinga er vonde hemmelegheiter, vanskelege oppvekstmiljø og dysfunksjonelle familiar. 'Flammene' er ei gripande historie med stemning og truverdige karakterar.
Den 10. og siste boka i Avdeling Q-serien er både underhaldande og spennande. Persongalleriet er mangfaldig og det vert fleire gjensyn med karakterar frå tidlegare bøker. Alt i alt ei verdig avslutning av ein knallbra serie - og det er fornuftig av forfattaren å gi seg på topp.

Jens Henrik Jensen: Pilegrim
Eg har ikkje blogga om den sjette boka om Oxen (men eg laga ein gong ein serieomtale av dei fire fyrste bøkene). 'Pilegrim' er ikkje så rå og brutal som 'Gladiator', men er ei spennande historie med god spenningsoppbygging. Hovudpersonane er interessante og framstår som "fleirdimensjonale". Det er spesielt interessant å følgja Oxen sine tankar og handlingar sidan han har bakgrunn som jegersoldat med PTSD-problematikk. Kan lesast som frittståande bok, men då går ein glipp av samanhengar og utviklingstrekk.

Emma Viskic: Den skyldige
Heilt til slutt; det mest nyskapande og eksotiske innslaget av mine topp ti frå 2024. Eg har ikkje blogga om 'Den skyldige' heller, men her vart eg både imponert og fascinert. Omgivelsane er originale, historia er engasjerande og boka er elles kjenneteikna av intensitet og høgt tempo. Protagonisten har eit handicap som gjer at han ser på verda på ein alternativ måte; etterforskaren Caleb Zelic er nemleg døv. Perspektivet er dermed heilt annleis enn det som er vanleg i krimlitteratur-samanheng. 
Neste bok har norsk tittel 'Ildfall' og kjem i mars.



Eg kunne i tillegg ha lagt til Karolines krig (som eg ga ein femmar) i denne lista, for eg ser at bokbloggar Tine har den boka med i sine utvalde omsette bøker. Men denne boka blir (av forlaget) kategorisert som roman og ikkje krimroman.


30. september 2024

Oppsummering september 24

Påbyrja i august, fullført i september:
Eystein Hanssen - Konkong (Nora Wold #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Den ingen ser (Charlie Robertsen #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i september:
Bjørn Bakken - Forklarelsens øyeblikk (Sørlandskrim #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Bjørn Bakken - Blind hevn (Sørlandskrim #3) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Dukken i tauet (Snø #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørn Øyrehagen Sunde - Kongen, lova og landet - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Det blinde vitnet (Odd Singsaker #8) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Skeie - Jomfruen fra Norge - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Tore Skeie - Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel
Jussi Adler-Olsen - Sju m2 med lås (Avdeling Q #10) - Dansk krim - Lånt papirbok privat


5 lydbøker, 3 ebøker
4 lånt, 4 abonnement
6 krim, 2 sakprosa
8 norske 
Nye forfattarar: Øyrehagen Sunde

Fyrst no i oppsummeringa oppdaga eg at det vart kun norske bøker i september. Det er uvanleg, og heilt tilfeldig. Det som derimot er heilt vanleg er at det vart mykje krim.

Dessutan har eg vendt tilbake til middelalderen. I samband med den nasjonale feiringa av at landslova er 750 år i år har det blitt publisert ein heil del stoff om lovgivaren Magnus Lagabøte og om sjølve lova. Jørn Øyrehagen Sunde si bok handlar, som tittelen på boka indikerer; både om rettshistorie generelt og om tida denne kongen levde spesielt. Boka er interessant på ein nerdete måte og vert opplest av ein tydeleg engasjert og kunnskapsrik forfattar.
Tore Skeie er ein annan kunnskapsrik og strålande formidlar av norsk historie, og eg anbefalar bøkene hans på det varmaste. 

Så over til krimmen. Eg likte alle dei seks bøkene, men Lindell og Bjøranger sine skil seg ut som ekstra bra. Eystein Hansen si Kokong vart for meg eit knepp ned i høve Svart landskap og Jørgen Brekke har også vore betre før. Elles er eg imponert over kva Bjørn Bakken har fått til med Sørlandskrimmen sin. Bøkene er underhaldande og velskrivne og inneheld aktuell tematikk. Han gjer det kanskje litt vanskeleg både for seg sjølv og for lesaren når han undervegs legg inn ekstra mange overraskingar og twistar. Men altså - har du ikkje lese bøkene til Bjørnebok, tykkjer eg at du bør gi dei ein sjanse.

25. september 2024

Kort om: Dukken i tauet av Unni Lindell

Bonnier norsk forlag 2024
381 sider
Lånt ebok BookBites

Unni Lindell er ein favorittforfattar og eg gler meg alltid til å lesa bøkene hennar. Nesten utan unntak blir forventningane mine innfridde - og det vart dei også med årets bok.
Eg har lese mange bøker av Lindell; barnesitatbøker, antologiar, julehefter, - men for meg er ho fyrst og fremst ein dyktig kriminalforfattar.

Cato Isaksen, Marian Dahle og Lydia "Snø" Winther er, gjennom 15 bøker, blitt kjende og kjære karakterar. Dette er tredje bok i Snø-serien, og sidan Marian Dahle (tidvis) er leiaren hennar, vert det gamle krimuniverset til Unni Lindell "halde levande". Samstundes tek ho i denne boka opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.

Ei lita jente, Lucy, forsvinn frå barnehagen der ho går. Politi, tilsette og frivillige leitar desperat etter henne, men spor manglar og det er få vitne. Når det blir funne ei dokke opphengt i eit tre vert det slått full alarm. Ei liknande dokke med tilsvarande kjenneteikn vart nemleg funne då to andre i den same familien forsvann utan andre spor for omlag 30 år sidan. For etterforskarane handlar det no om å grava i den kalde saka og samanlikna med denne nye. Kva er samanhengen? Kven kjenner til alle detaljar frå den gamle saka?

Lesaren får vita at Lucy er blitt kidnappa av ein noko ustabil person, men at ho blir teken vare på, - i alle fall inntil vidare. For kven veit kva denne kidnapparen kan finna på sidan vedkommande lever i ei slags alternativ verd. 

Boka handlar om "fedrenes synder", om relasjonar og familieforhold, om gener og arv. Eg hadde faktisk rett i mistanken min om kven kidnapparen kunne vera. Likevel vart løysinga overraskande, for eg såg aldri korleis og kvifor. 

Eg la merke til at anmeldaren i VG saknar meir driv. Eg er litt enig, men tenkjer at den noko langsame starten gjer lesaren meir nysgjerrig på og interessert i karakterane. Drivet og spenninga tek seg då også kraftig opp utover i boka. Dukken i tauet er ei velskriven, velplotta og velkomponert historie som eg anbefalar.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden, Den kriminelle bokverden, Hverdagsnett

6. oktober 2022

Norsk krim 2022 del 3

Her kjem nokre korte og kjappe omtalar/vurderingar av tre nye norske krimbøker. Det handlar om den 13. boka i Harry Hole-serien, den andre i Unni Lindell sin nye serie om Lydia Winther ("Snø") og bok 5 i serien om Bogart Bull. Eg likte alle tre bøkene veldig godt, og dei hadde vel "fortent" grundigare omtalar enn det du kan lesa nedanfor. Men slik vart det.


Blodmåne av Jo Nesbø
Aschehoug 2022
487 sider
Lånt papirbok privat (+ lånt lydbok BookBites)

Ei bok eg berre måtte ha tak i med ein gong ho kom ut. Slik har det egentleg vore sidan eg las den fyrste Harry Hole-boka i 1997. Eg er stor fan av Jo Nesbø sin skrivestil og veldig glad i og fascinert av antihelten Harry Hole.
Forventningane var såleis høge til denne, og eg må sei dei vart innfridde - etter kvart. For boka startar ganske tregt - og eg vart litt frustrert av at eg ikkje kom skikkeleg inn i handlinga med ein gong.
Forfattaren brukar nemleg ein del tid - mange sider og mange ord - på å presentera nye og gamle karakterar, skissera problemstillingar og bygga opp handlingstrådar. Biletet vert gradvis klårare og dermed stig også spenninga. Ein vert skikkeleg nysgjerrig på kva som skal skje vidare - og uroleg for korleis det heile skal enda.

Når me møter Harry Hole i starten av boka befinn han seg i Los Angeles, i ferd med å drukna seg sjølv i sorg og alkohol. Men gjennom eit nytt bekjentskap får han eit oppdrag som fører han til Oslo. Tilbake i heimbyen - og med det livsviktige oppdraget - er Harry med eitt ein annan person; framleis sliten, men skjerpa, måtehalden og faktisk litt kul. Ved hjelp av gamle kontaktar set han saman ei merkeleg og alternativ etterforskargruppe med base på Radiumhospitalet. Etterforskinga er krevjande og saka er både mystisk og uhyggeleg. Det er absolutt ingen kosekrim dette; innhaldet er tidvis ganske så makabert. Jo Nesbø presenterer også i denne boka svært spektakulære drapsmetodar.

Elles vil eg ikkje sei så mykje om handlinga, men kan nemna at me får følgja Harry rundt omkring i ulike miljø der han møter fleire karakterar frå tidlegare bøker i serien. Eit heilt nytt bekjentskap for lesaren - og for Harry sjølv - er ein liten gut. Det viser seg at Harry er biologisk far til barnet.

Blodmåne er både spennande og underhaldande. Nesbø har skrudd saman ei velskriven historie med mange overraskande vendingar. Avslutninga gjer at eg gler meg skikkeleg til bok nummer 14!

Då eg var godt i gang med boka, vart lydbokutgåva plutseleg tilgjengeleg i BookBites. Eg anbefalar lydbok dersom du har evne og høve til å vera konsentrert nok. Dennis Storhøi si stemme passar nemleg perfekt til denne boka.
Terningkast 5.


Fremmedlegeme av Unni Lindell
Bonnier norsk forlag 2022
382 sider
Lånt papirbok privat

Ei bok som greip tak i meg frå fyrste side. Alt i prologen merkar ein stemninga; ei uhyggestemning som varer ved gjennom heile forteljinga.
Mykje av handlinga dreiar seg om vald i nære relasjonar. Om valdelege menn og farlege kvinner. Om flukt og om hevn. Om partnervald og partnerdrap. Om kor makteslause og handlingslamma offentlege etatar ofte kan vera i slike situasjonar. Om konsekvensar for barn som opplever slike ting.

Hovudperson er den unge politietterforskaren som blir kalla Snø (eit rart kallenamn som eg er i ferd med å venna meg til) og som me vart kjent med i Nabovarsel. Trass i private utfordringar tek ho på seg altfor mykje arbeid. Snø har nokre sosiale "manglar" som av og til fører henne inn i vanskelege dilemma og farlege situasjonar.

Partnervald og -drap er dessverre eit aktuelt og realistisk tema. At ofra tek hevn (så til dei grader) er ikkje like realistisk, men eg kan godt "kjøpa" at ein person som har vore utsett for vald som barn, har eit drapsmotiv som vaksen. Lindell overgår seg sjølv og er meir på Jo Nesbø-nivå når det gjeld spektakulær og grotesk drapsmetode i denne historia. Ikkje spesielt sannsynleg dette heller, men pluss for god fantasi.

Korte kapittel, skummel stemning, raske sceneskift og tilsvarande kjappe endringar av synsvinkel gjer boka drivande og spennande. Overraskande hendingar og interessante protagonistar gjer boka ytterlegare leseverdig. 
Terningkast 5.

De nakne av Øistein Borge
Cappelen Damm 2022
251 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er også ei veldig bra bok, men samanlikna med dei to bøkene over, er denne litt enkel og ganske tam. Og samanlikna med Harry Hole og Snø er Bogart Bull velsigna normal.

Som forholdsvis gammal småbarnsfar befinn nemnde Bull seg på ein heilt annan plass i livet enn i dei fyrste bøkene i serien. Bull er både samvittigheitsfull og sympatisk og har lett for å komma i kontakt med folk. Dette skal komma til nytte når jobben som etterforskar fører han til Danmark og ei spesiell drapssak. 

Opphavet til saka er, som så ofte i krimromansamanheng, å finna i fortida. Motivet er hevn - men i dette tilfellet er hevnmotivet ganske spesielt. Gjennom ei forteljarstemme i kursiv får me ei rystande og trist skildring frå eit liv i den beinharde og kyniske pornobransjen - og ikkje minst; det som førte vedkommande inn i denne bransjen.

Persongalleriet er passe stort og boka er passe lang. Eit ekstra pluss for godt og stødig språk.
Terningkast 4+.

30. september 2022

Oppsummering september 2022

Påbyrja i august, fullført i september:
Håkan Nesser - Sjakk under vulkanen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Bjørn Bakken - Lang lang rekke - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

Lest i september:
Jo Nesbø - Blodmåne - Norsk krim - Lånt papirbok privat + lånt lydbok BookBites
Øyvind Strømmen - Giftpillen - Norsk sak/debatt - Lyd Storytel
Bjørn Hatterud - Mjøsa rundt med mor - Personleg beretning - Lyd Storytel
Unni Lindell - Fremmedlegeme - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Are Kalvø - Våre venner kinesarane - Norsk humor - Lyd Storytel
Richard Osman - Mannen som døde to ganger - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites

Simon Stranger - 304 dager - Norsk roman - Lyd Storytel -  [Avbraut]

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel



5 lyd, 2 papir, 1 ebok
5 lånt, 3 abonnement
5 krim, 1 personleg beretning, 1 humor, 1 sak/debatt
6 norske, 1 svensk, 1 britisk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Bakken, Strømmen, Hatterud.

I september vart det tilbake til normalen når det gjeld talet på leste bøker. Men åtte fullførte bøker er innafor, tykkjer eg.
Høgdepunkta i månaden vart dei nyaste bøkene til mine gamle favorittar Håkan Nesser, Jo Nesbø og Unni Lindell. Både Sjakk under vulkanen, Blodmåne og Fremmedlegeme innfridde - og det er eg veldig nøgd med.

Debutboka til Bjørn Bakken er overraskande bra, men det er klart: ho kan ikkje måla seg med dei tre over. Lang lang rekke har ein frisk skrivestil og aktuell tematikk, samt dyktige Ivar Nergaard som lydbokopplesar. Ein oppfølgjar er òg kommen ut, og om/når den vert tilgjengeleg i lydbokformat og med Nergaard som opplesar, skal den lesast.

Eg anbefalar Øyvind Strømmen si informative og tankevekkande bok om konspirasjonsteoriar; Giftpillen. For meg som har vore fast lyttar av konspirasjonspodden i mange år, var det ikkje så mykje nytt stoff. Men medan podden som oftast fokuserer på det sære og latterlege ved konspirasjonsteoriar, er Strømmen sin bodskap at slikt tankegods er farleg. 

Månadens nedtur vart den oppskrytte Mjøsa rundt med mor - som eg fullførte, men som ikkje gav meg noko særleg, og Våre venner kinesarane - som eg humra til innimellom, men som egentleg er utgått på dato. 
Oppskrytt er også Mannen som døde to ganger. Kosekrim er visst ikkje mi greie.

Eg avbraut 304 dager etter kun ein times lytting. Boka er sikkert ikkje dårleg, men lydbokstemma (forfattaren sjølv) irriterte meg. Eg får heller lesa boka sjølv på eit seinare tidspunkt. 

3. juni 2022

Oppsummering mai 22

Påbyrja i april, fullført i mai:
Kjell Ola Dahl - Lazarus - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jens Henrik Jensen - Lupus - Dansk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mai:
Unni Lindell - Ti kuer i Horten - Humor/barnesitat - Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Rødt kort - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Douglas Stuart - Shuggie Bain - Britisk (skotsk) roman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Kongerekka - Norsk fakta/humor - Lånt ebok BookBites + lyd/podkast
Kim Faber og Janni Pedersen - Kveleren - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Minette Walters - Endetid - Britisk historisk roman - Lånt papirbok privat
Petter Nyquist og Eivind Hofstad Evjemo - Petter uteligger, en fortelling fra gata - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Jørn Lier Horst - Sak 1569 - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Tony Fischier - Mannen som forsvant - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Douglas Stuart - Unge Mungo - Skotsk roman - Lånt ebok BookBites


6 lyd, 2 papir, 2 ebøker
7 lånt, 3 abonnement
5 krim, 1 historisk roman, 1 annan roman, 1 humor, 1 humor/fakta, 1 dokumentar/biografi
6 norske, 2 danske, 2 britiske
8 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Stuart, Osen, Nyquist, Evjemo

Fleire bra leseopplevingar i mai, men det er ikkje tvil om kva som vart månadens høgdepunkt; nemleg Shuggie Bain. Eg trur eg aldri kjem til å gløyma Shuggie! Boka gjorde sterkt inntrykk og eg vurderte terningkast 6, men landa på ein sterk 5'ar. I skrivande stund er eg i gang med ein ny roman av Douglas Stuart; Unge Mungo.

Månadens nedtur er like soleklar. Endetid av Minette Walters er ikkje direkte dårleg, men sto ikkje til forventningane - og er ufatteleg treg. Walters, mest kjent som krimforfattar ('Døden i ishuset', 'Olive tok en øks', 'Kjerringbissel') er tilbake etter ein lang skrivepause med ein heilt annan sjanger; historisk roman. Men eg tykkjer altså ikkje at det er heilt vellukka. Skal du lesa om tida då England vart råka av Svartedauden vil eg heller anbefala I all evighet av Ken Follett. 

Som ein kan sjå har eg også gitt boka til Petter "uteligger" Nyquist terningkast 5. Ikkje fordi det er noko strålande litterært verk, men fordi tema ruspolitikk og rusreform er så viktig. I boka får ein fleire eksempel på at å straffa rusmisbrukarar ikkje virkar. Tvert imot. Eg ser på boka som eit innlegg i kampen for ein meir human narkotikapolitikk.

2. januar 2022

Oppsummering desember 21

Påbyrja i november, fullført i desember:
Aslak Nore - Havets kirkegård - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Nils Johan Stoa - Kjødets lyst - Norsk historisk/dokumentar - Lyd Storytel

Lest i desember:
Jørgen Jæger - Dommen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Stefan Ahnhem - Siste spiker - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
C.J. Tudor - De andre - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
David Baldacci - Hjem til jul - Amerikansk roman - Lyd Storytel
Liza Marklund - Polarsirkelen - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Val McDermid - Mord til jul - Britisk, krimnoveller - Lånt lydbok BookBites
Bergsveinn Birgisson - Mannen fra middelalderen - Islandsk, dokumentar/biografi - Papirbok fått i julegåve
Anne B. Ragde og Unni Lindell - Juleglede - Julehefte/ div. tekstar - Lånt privat

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Kim Leine - Etter åndemaneren - Dansk/norsk historisk roman - Lånt papirbok privat


4 lyd, 5 papir, 1 ebok
6 lånt, 3 abonnement, 1 fått
5 krim, 1 krimnovellesamling, 1 juleroman, 1 julehefte, 1 dokumentar, 1 biografi/dokumentar
4 norske, 2 svenske, 2 britiske, 1 amerikansk, 1 islandsk
6 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Stoa, (Birgisson)

Det vart 10 leste bøker i desember. Det er eg nøgd med, men eg var ikkje like heldig med tanke på "utbyttet" denne gongen. Det unormalt høge snittet i november (4,5) vart følgd av eit snitt på 3,9 i årets siste månad. Men for all del - dei tre terningkast 5-bøkene er veldig gode. 

Særleg positivt overraska vart eg av Mannen fra middelalderen. Boka er ein biografi om Tormod Torfæus og ein dokumentar om tidlegare tiders historiegransking og -samling. Eg fekk boka til jul og var i utgangspunktet litt skeptisk, sidan eg har "prøvd meg" på forfattaren tidlegare utan hell. ('Svar på brev frå Helga' som eg avbraut etter nokre titals sider) 

Dokumentaren Kjødets lyst (true crime frå gamle dagar) er også interessant lesing. 

Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om David Baldacci sin juleroman. Eg forventa meg noko action/thriller-aktig frå denne forfattaren, men det eg fekk var ei klissete historie, som juleromanar gjerne er. Eller kanskje boka er ein parodi på slike bøker, og som eg ikkje forsto?

Val McDermid beherskar (også) novelleformatet, og eg har stort sett kosa meg med Mord til jul. Nokre rare avslutningar på enkelte av novellene trekker likevel ned.

Så. Då var eg ferdig med 2021, også her på bloggen - og eg ser fram til eit nytt og bra leseår i 2022.

15. november 2020

Norsk krim 2020 del 2

Som eg skreiv i det fyrste samleinnlegget om norsk krim 2020, så er det ein uvanleg sterk norsk krimhaust i år. No har eg lest nokre fleire bra bøker innan denne kategorienen, og her er mine vurderingar av dei. 

Dei fem forfattarane nedanfor har ulik "fartstid" og krimforfattar-røynsle, men har det til felles at dei har "levd ei stund". Men jamnleg leverer dei nytt, spennande og underhaldande lesestoff, til glede for oss som er glade i krim. 

Bastarden av Øistein Borge
Cappelen Damm 2020
303 sider
Lånt papirbok biblioteket

Borge krimdebuterte i 2016, med suksess. Serien om Bogart Bull har fått ros av anmeldarar og er godt likt av krimlesarar. Bastarden er fjerde bok i serien.

Boka er velskriven og har, som dei tidlegare i serien, eit internasjonalt preg. Denne gongen er handlinga lagt til Mallorca, men me skal også innom Romania og Argentina. Ein tråd går bakover til krigens dagar og følgjene av jødeforfølgingar og Holocaust. Denne sidehistoria har sjølvsagt samanheng med Bogart Bull sitt oppdrag, som er å finna ein person og ein gjenstand som er forsvunnen. Etter kvart skjer det fleire urovekkande hendingar som har tilknytning til oppdraget. 

Pluss for godt og stødig språk og for at boka er passe lang. Terningkast 4+.


Dykket av Frits de Bourg
Vigmostad Bjørke 2020
299 sider
Lånt papirbok biblioteket

Denne forfattaren debuterte i "godt vaksen alder" med fyrste bok i serien om Nicolay Wolff i 2013. No er me komne til bok nummer 5. Dette er retrokrim; handlinga er lagt til Drammensdistriktet på 1950 og -60-talet.

Det er noko klaustrofobisk å lesa om dykking; ei ubehageleg spenning ligg i bakhovudet heile tida medan ein les. Her er då også handlinga lagt til året 1960, då teknologien innan dette feltet var annleis enn i dag. I tillegg er dykkeoppdraget ekstremt farleg sidan det handlar om eit skipsvrak fullasta med granatar - og muligens andre ting.

Med Dykket har de Bourg skrive ei interessant forteljing med truverdige karakterar og gode tidsbilete. Terningkast 4.


Assistenten av Kjell Ola Dahl
Aschehoug 2020
410 sider
Lånt ebok BookBites

Her skal me endå eit stykke bakover i tid; til mellomkrigstida - og dermed kan denne kategoriserast som historisk krim. Boka er frittståande og inngår ikkje i nokon serie. Dahl har vunne Rivertonprisen to gonger og har vore ein av mine norske krimfavorittar i lang tid.

Handlinga går føre seg på to tidsplan; ein "notidstråd" i 1938 og med enkelte tilbakeblikk på åra 1925-25. Dei mest sentrale karakterane er privatetterforskar Ludvig Paaske og assistenten hans, Jack Rivers. Begge har ei fortid; Paaske som politimann og Rivers som småkriminell. Ein dag har ei vakker kvinne eit oppdrag til dei og brått vert hendingar frå fortida igjen aktuelle.

Boka har imponerande gode miljøskildringar; tidsbileta er levande, interessante og realistiske. Det er stemningsfullt, dystert og langsamt. Språket er både stødig og tidsriktig, men noko repeterande. Ein ekstra omgang med redigering ville gjort seg. Terningkast 4+.


Nabovarsel av Unni Lindell
Capitana 2020
418 sider
Lånt papirbok privat

Den svært erfarne, produktive og allsidige Unni Lindell presenterer her ein ny hovudperson, den ferske politikonstabelen Lydia Winther - også kalla Snø. I starten er det forvirrande/rart med ein person med eit slikt namn, men det går seg til. "Universet" er elles det same som i bøkene om Cato Isaksen og Marian Dahle. 

Starten er herleg skummel, og me skjønnar alt frå fyrste stund at både nabovarslaren Sonja og hovudpersonen Snø kjem til å møta utfordringar. Mi største innvending når det gjeld handlinga er at det er høgst merkeleg at uerfarne Snø er den som finn spor og oppdagar samanhengar som ingen andre ser. Men - dersom ein godtek dette premisset er Nabovarsel ei bra bok. For meg vart det i overkant mange tilfeldigheiter, så eg klarar ikkje heilt å "tru" på det eg les.

Kanskje også denne boka ville blitt betre med ei grundig(are) redigering. Lindell har i alle fall etter mitt syn levert mykje betre ved tidlegare høve, så dermed "berre" terningkast 4 denne gongen.


Den tredje engelen av Gert Nygårdshaug
Cappelen Damm 2020
286 sider
Lånt ebok BookBites

Til slutt: Den desidert beste, mest originale og mest underhaldande boka i dette samleinnlegget. Nygårdshaug byr på eit nytt og etterlengta møte med dei herlege figurane Fredric Drum og Skarphedin Olsen. I denne 13. boka er fyrstnemnde kun ein bikarakter, medan Olsen er hovudperson, protagonist og sjef.

Nygårdshaug viser at han har ironi og humor, boblande forteljarglede og bisarr fantasi. Samt sin heilt eigne stil. Dei lange overskiftene (i parentes) oppsummerer innhaldet i kvart kapittel, utan at dei egentleg avslører noko som helst. Plottet er fantasifullt, til tider surrealistisk og med ganske elleville krumspring.

Den godaste Skarphedin Olsen, med sine uferdige tankeboblar og sine merkelege kollegaer kan berre samanliknast med éin annan litterær karakter: Fred Vargas sin Jean-Baptiste Adamsberg. (Men medan Adamsberg har to klokker på armen (som ikkje virkar), har ikkje Olsen noko armbandsur i det heile tatt. Han har berre den uvanen at han ser på den tomme armen sin (For å skjønna kor hysterisk morosamt dette er må du ha lest ein del av både Nygårdshaug og Vargas))
Nygårdshaug har då også sagt i eit intervju at denne boka er ein hommage (hyllest) til Fred Vargas. Det kan eg lika!

Eg kan også lika at forfattaren rettar spark og hint i fleire ulike retningar. For meg vart Den tredje engelen topp underhaldning! Terningkast 5.

31. oktober 2020

Oppsummering oktober 20

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober:
Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites



6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
9 norske, 2 britiske, 1 svensk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Harsem, Michaelides

Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge. 

Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.

Både Tollak til Ingeborg, Den tredje engelen og Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er gode bøker, kvar på sin måte, og kan anbefalast på det varmaste. Og dei er ikkje dårlege Bolton, Brekke, de Bourg og Borge sine bøker heller. 

Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les forkorta versjon i VG. 

Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3. 

Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den. 
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa. 

16. april 2019

Favorittforfattarar: U og V

Då var det på tide å halda fram med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarane mine. Når det gjeld U og V var det ikkje så mange å velja i - men eg har plukka ut to dyktige kvinnelege forfattarar - ei for kvar bokstav.


Foto: Aschehoug.no

Unni Lindell

Norsk forfattar og journalist f. 1957.

Svært produktiv og populær og mest kjent som kriminalforfattar. Lindell er dama bak krimheltane Cato Isaksen og Marian Dahle - og det sjarmerande vesle spøkelset Nifse Nella. Samt ein heil del andre interessante folk og dyr (som katten Knut). Barnesitatbøkene hennar er også svært populære.

Unni Lindell fekk Rivertonprisen i 1999 for Drømmefangeren og fekk prisen på nytt no i år for Dronen. 

Eg tykkjer krimromanane til Lindell er fascinerande lesing. Ho tek ofte utgangspunkt i vanlege menneske med vanlege liv som opplever noko ekstraordinært - og får det gjerne til å bli skikkeleg skummelt.

Foto: Aschehoug.no

Vera Henriksen

Norsk forfattar 1927 - 2016.

Produktiv og populær var også Vera Henriksen.
Forfattarskapet hennar har betydd mykje for meg personleg. Då eg var ung las eg mange av dei historiske romanane hennar, noko som førte til at eg vart skikkeleg interessert i den sjangeren. Då eg gjenlas Sigrid-trilogien og Bent Jonsson-serien for eit par-tre år sidan var det på nytt store leseopplevingar for meg.

Henriksen sine forteljingar er fengslande fyrst og fremst fordi dei er så historisk korrekte, men også fordi ho var så dyktig i formidlinga av det tidlause, det mellommenneskelege og det allmenngyldige.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Omsider nærmar eg meg slutten av den alfabetiske gjennomgangen - og det har sanneleg teke si tid. Slik er det når ein ikkje har ein tidsfrist å forhalda seg til. Bokstaven W hoppar eg over. Eg er klar over at det finst forfattarar på den bokstaven også, men ingen av dei passar inn for meg her i denne spalta. Og det finst vel knapt forfattarar (eller andre) med namn som byrjar på bokstavane X, Z og Æ, så dei kjem eg også til å droppa.
I neste avsnitt - det nest siste - kjem ein presentasjon av ein forfattar på Y og ein på Ø. I det siste innlegget kjem to forfattarar på Å samt ein oppsummering av dette "prosjektet".

20. desember 2018

Årets beste

Det er framleis att nokre dagar av året 2018, men kåringar av ymse slag er alt i gang. VG har kåra årets beste bøker - og det inspirerte meg til å gjera det same. Eg har lest kun ei av bøkene VG-anmeldarane plukka ut - men den er då også min favoritt og einaste terningkast 6-bok dette året: Rød mann, sort mann. I samband med VG si kåring har eg notert meg Hvitekrist av Tore Skeie og Krigernes fred av Lasse Gallefoss - både bøker og forfattarar hittil ukjende for meg. Bjørnen (Gard Sveen) har eg ikkje lest fordi eg enno ikkje har fått somla meg til å lesa den føregåande og Kastanjemannen (Søren Sveistrup) ventar eg med fordi den har vore hypa så mykje.

Eg likar ofte publikumsvenlege og populære bøker, men eg prøver likevel å unngå "overhypa" bøker. Difor har eg enno ikkje lest Søsterklokkene og Leksikon om lys og mørke. Heller ikkje fjorårets Blå og Tante Ulrikkes Vei. Det er muleg eg kjem til å lesa dei på eit seinare tidspunkt - men eg er så møkk lei av å lesa om dei. Nokre nye og populære bøker kjem eg aldri til å lesa; her tenkjer eg m.a. på Snøsøsteren (Når ei bok får sååå mykje skryt blir eg kvalm) og Menn i min situasjon (Eg likar rett og slett ikkje bøkene til Per Petterson). Eg bryr meg heller ikkje om Eleanor Oliphant har det fint eller ikkje.

Men - eg les mykje anna: Spenningsromanar, historiske romanar og historiske kriminalromanar. Norsk krim, svensk krim, dansk krim og britisk krim. Samt dokumentarar og biografiar - sjølv om ingen i dei sistnemnde kategoriane havna blant mine 10 på topp for 2018. Kim Leine si forteljing Rød mann, sort mann plasserer eg altså som nummer 1, dei andre rangerer eg ikkje. Men gode leseopplevingar har dei alle vore, kvar på sin måte. Eg har plukka ut 4 norske, 4 svenske, 1 dansk/norsk og 1 britisk. 6 krim/spenning, 2 historiske romanar, 1 annan roman og 1 novellesamling.



Kim Leine: Rød mann, sort mann
 - Historisk roman med handling frå Grønland. Frittståande, men miljøet er det same som i Profetene i Evighetsfjorden. Ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar.
Martin Holmén: Clinch
 - Svensk historisk krim med handling frå Stockholm. Den fyrste i trilogi.
Peter May: Lewisbrikkene
 - Britisk krim med handling frå Hebridene. Flott avslutning av ein strålande trilogi.
Gert Nygårdshaug: Zoo Europa
 - Fantasifull, velskriven og dystopisk. Nummer 5 i Mino-serien.
Lars Kepler: Lazarus
 - Adrenalinspennande og brutal svensk krim. Nummer 7 i serie. (Omtale kjem)
Levi Henriksen: Jern & metall
 - Novellesamling. Klokt og varmt om dei nære ting.
Unni Lindell: Dronen
 - Den norske krimdronninga leverer igjen.
Edvard Hoem: Jordmor på jorda - Huset under blåhammaren
 - Fantastisk forteljarkunst og glimrande opplesing av forfattaren sjølv. (Omtale kjem)
Anders Roslund: Tre timer
 - Fascinerande persongalleri og aktuelle problemstillingar.
Arne Dahl: Innland
 - Framhald av Utmarker, uhyggeleg og stemningsfull.

I tillegg til desse ti må Når barnet ditt ikkje vil leve lenger nemnast. Det vart ei leseoppleving heilt utanom det vanlege.

(Også Aftenposten har kåra sine Årets beste, men artikkelen ligg bak betalingsmur. Ut frå illustrasjonsbiletet ser det ut til at Levi Henriksens Jern & metall er blant dei utvalde)

Så - kva tykkjer du? Har bokåret 2018 vore bra? Har favorittane dine innfridd?
Kva har vore dine beste leseopplevingar?

20. oktober 2018

Norsk krim 2018 del 4

Bokhausten 2018 byr på mykje bra krim. Her kjem tre kjappe omtalar av tre gode kriminalromanar frå tre dyktige damer.


Dronen av Unni Lindell

Aschehoug 2018
375 sider, lånt papirbok privat

Lindell har levert nok ei knallbra bok med høg sidevendarfaktor. Det er imponerande at ho held koken og at ho stadig fornyar serien om Cato Isaksen og Marian Dahle. Frå eit lesarsynspunkt er det positivt at fokus i dei to siste bøkene har skifta frå Cato til Marian. Sistnemnde er ein langt meir interessant karakter.

Lindell er særleg dyktig når det gjeld spenningsoppbygging, perspektivskift og timing. Persongalleriet er truverdig og sjølve historia framstår som realistisk. Ein del av handlinga har då også visse likskapar med ei verkeleg kriminalsak. Tittelen Dronen er heilt konkret - men også symbolsk.

Etter dei fyrste femti bittelitt trege og ein smule forvirrande sidene, er det - om ikkje "full gass" - så i alle fall eit voldsomt driv, samt nervepirrande spenning og uklar uhygge resten av boka. Eg gir Dronen terningkast 5.

For meg er det Unni Lindell som er Krimdronninga her i landet, med Karin Fossum som ein klar nummer to:


Formørkelsen av Karin Fossum

Cappelen Damm 2018
332 sider, lånt 
papirbok privat

Konrad Sejer får ei tragisk og vanskeleg sak på bordet denne gongen. Ein liten gut er død; han har falle eller blitt kasta utfor eit hotellrom i 7. etasje. Dei einaste som opphaldt seg i det aktuelle rommet var foreldra til guten - og dei skuldar på kvarandre. Kva kan få menneske til å begå ei slik uhyrleg handling? Kven snakkar sant? Kven er skuldig? Kven er uskuldig? Er det muleg at ein tredjeperson kan vera med i biletet? Korleis er det muleg å gå vidare i livet etter ei slik tragisk hending? Korleis er det muleg at to som ein gong elska kvarandre blir bitre fiendar?

Desse spørsmåla stiller lesaren seg når ho les Formørkelsen; ei bok som er meir psykologisk thriller enn ein vanleg kriminalroman. Både lesaren og Sejer ser historia og forhistoriar frå begge kantar. Etter kvart vert det avslørt at mor har og har hatt eit alkoholproblem og at far har og har hatt psykiske vanskar. Klarar forhøyrseksperten og menneskekjennaren Konrad Sejer å finna ut av saka?

Eg hadde høge forventningar til Formørkelsen og dei vart stort sett innfridde. Det er ein velskriven thriller som eg gir terningkast 5-. 


Det de døde vet av Marit Reiersgård

Gyldendal 2018
342 sider, lånt ebok eBokBib


Som Lindell og Fossum leverer Reiersgård kvardagsleg uhygge og godt oppkonstruerte plott. Dette er fjerde bok i serien om politietterforskarane Verner Jacobsen og Bitte Røed. Det er sistnemnde som innleiingsvis er i fokus i det dramaet som utspelar seg her. 

I Bitte Røed sitt nabolag har ein familie opplevd ein ufatteleg tragedie; sonen på 18 er død i samband med russefeiring. Under eit ferieopphald i Spania ei tid seinare vert mora meldt sakna. Kva kan ha hendt? Har ho rømt eller er ho utsett for ei kriminell handling? Det kjem fram at ho har vore deprimert og at ho muligens er suicidal. Politiet er halvlunkne til saka medan faren i familien er uklar og oppfører seg merkeleg. Er det sorg og fortviling eller er det ugler i mosen? Bitte Røed granskar saka frå nært hald med hjelp frå Verner Jacobsen som oppheld seg i Spania. Verner gjennomlever her eit anna og heilt personleg drama.

Det de døde vet er ei realistisk og truverdig forteljing. Reiersgård skriv godt og med innleving og brukar både humor og alvor i skildringane sine. Ho er ikkje "så psykologisk" som Fossum, men også her finn ein gjenkjennelege miljø og "normale" menneske. Terningkast 4+. 

30. september 2018

Oppsummering september

Påbyrja i august, fullført i september:
Torbjørn Færøvik - Veien til Xanadu - Norsk dokumentar - Storytel
Martin Holmén - Clinch - Svensk krim - eBokBib
Carl-Johan Vallgren og Mikael Persbrandt - Sånn jeg husker det - Svensk biografi - Lånt papirbok biblioteket + Lyd Storytel

Lest i september: 
Tom Egeland - Codex - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Emelie Schepp - Pappas gutt - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Gert Nygårdshaug - Chimera - Norsk roman - eBokBib (gjenlesing)
Unni Lindell - Dronen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Samuel Massie - Hold fast! - Dok/bio - Lyd Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Gert Nygårdshaug - Zoo Europa - Norsk roman - eBokBib
Chris Tvedt - Bevisets stilling - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket
Ken Follett - På grensen til evigheten - Britisk roman - Kjøpt papirbok


  • 2 papir, 3 lyd, 2 ebøker, 1 kombinert lyd og papir
  • 6 lånt, 2 abonnement
  • 4 krim/spenning, 2 biografiar, 1 roman, 1 dokumentar
  • 5 norske, 3 svenske
  • 2 kvinner, 6 menn 
  • "Nye" forfattarar: Holmén, Massie
Ein rein norsk/svensk lesemånad og med leseopplevingar til 4 og 5. Det skal ein sei seg nøgd med. Gjenlesing av Chimera var bra og nyttig, Emilie Schepp og Unni Lindell leverer som forventa og Holmén si historiske krimforteljing var overraskande god. Eg likte begge biografiane; Persbrandt-biografien er sterk og egentleg meir velskriven, men det engasjerte, ekte og enkle hos Massie appellerte til meg. 

Lesemål - oppsummert etter 3. kvartal
71/100 bøker totalt
5/8 mursteinar (over 600 s.)
10/25 norske utgitt 2018
6/12 utgitt før 2000
8/10 biografiar
4/15 annan sakprosa
3/6 bokhyllelesing
24/40 bokomtalar
19/30 "nye" forfattarar
12/20 Storytel

Måla mine for leseåret 2018 var visst overambisiøse. Med kun tre månader att av året ser eg at dette går åt skogen. Det kan vera artig og nyttig å ha talfesta lesemål, men her må det gjerast endringar: Delmål må kuttast ut og tal justerast ned til neste år.

4. november 2016

Kort om: Jeg vet hvor du bor av Unni Lindell

Aschehoug 2016
399 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat

Unni Lindell er ein dyktig og produktiv forfattar. Sjølv har eg vore stor fan av henne sidan ho krimdebuterte med Slangebæreren i 1996. I tillegg har ho gitt ut både lyrikk og noveller, barne- og ungdomsbøker - samt dei morosame barnesitatbøkene.

Gjennom ti kriminalromanar har politietterforskar Cato Isaksen vore gjennomgangsfigur og hovudperson. I den sjette boka i serien, Honningfellen (2007) fekk Isaksen ein ny kollega, Marian Dahle. I dei påfølgjande bøkene har ein kunna lesa om korleis dei to har samarbeida i fleire kompliserte kriminalsaker. I forrige bok, Brudekisten, vart Dahle utsett for ei brutalt og dramatisk hending der ho vart redda i siste sekund.

I Jeg vet hvor du bor har Cato Isaksen kun ei birolle; her er det Marian Dahle som har hovudrolla. Etter mi meining er dette eit spennande og riktig grep frå forfattaren si side.

Marian er nemleg heilt annleis - og dermed mykje meir interessant - enn den forholdsvis (etter kvart) så trauste Cato. Ho har hatt ein vanskeleg oppvekst som har gjort ho sterk - men også sårbar. Ho er smart, opprørsk og utradisjonell. Når me møter Marian i starten av denne boka er ho langtidssjukmeld etter dei nemnde opplevingane ho vart utsett for i forrige bok. Saman med hunden Birka har ho flytta inn i eit nytt husvære i ein eldre villa, der ho dempar dei fysiske og psykiske skadane sine ved "hjelp av" piller og alkohol. Sjefen Cato Isaksen kjenner ikkje til kor alvorleg det faktisk står til med Marian og gir henne ei gammal forsvinningssak som ho kan "pusla med". Dette skal visa seg å bli noko heilt anna enn ein aktiv sjukmelding - for den gamle saka har samanheng med meir aktuelle saker.

Lindell triggar lesaren si eventuelle mørkeredsle og paranoia og spelar på uhygge, frykt og uvisse i denne boka. Miljøskildringane er glimrande med skremmande kulissar som gir den rette "gode" uhyggekjensla. I tillegg får me fine skildringar som dette:
"En tynn sølvtråd av høst hadde spunnet seg rundt trærne i oppkjørselen, og fasaden var tatovert av skyggene fra dem. Gresset langs bygget var høstskarpt i fargen, som om det lyste litt ekstra før forråtnelsen og frosten ville sette inn."
Korte kapittel, skummel stemning, raske sceneskift og tilsvarande kjappe endringar av synsvinkel gjer boka drivande og spennande. Overraskande hendingar, truverdige karakterar og aktuelle problemstillingar gjer boka interessant.
Jeg vet hvor du bor er Unni Lindell på sitt beste.

Andre bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Bjørnebok
Reading Randi
Rita leser
"Den andre" Berit

31. oktober 2016

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullført i oktober:
David Lagerkrantz - Syndefall i Wilmslow - Svensk spenningsroman - eBokBib
C.J. Sansom - Åpenbaring - Britisk historisk krim - Papirbok lånt biblioteket

Lest i oktober:
Alf R. Jacobsen - Bitter seier - Krigshistorisk - Storytel
Lars West Johansen og Jens Marius Sæther - Kongens flukt - Krigshistorisk - eBokBib
Renée Knight - Avslørt - Britisk thriller - Storytel
Janet Morgan - Agatha Christie, en biografi - Lånt ebok nb.no  (avbraut)
Gert Nygårdshaug - Budbringeren - Norsk krim - eBokBib
Unni Lindell - Jeg vet hvor du bor - Norsk krim - Papirbok lånt privat
Richard Herrmann - Victoria - en dronning for sin tid - Biografisk/historisk - 1989/2015 - Storytel

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Terry Hayes - Jeg er pilegrim - Britisk/australsk/amerikansk thriller - Lånt papirbok privat
Asbjørn Jaklin - Brent jord 1944-45 - Krigshistorisk - eBokBib



Oppsummert:  (Den ufullførte boka ikkje medrekna)
  •  2 papir,  3 ebøker,  3 lyd
  •  5 lånt,  3 abonnement
  •  5 krim/spenning,  3 sakprosa
  •  5 norske,  2 britiske, 1 svensk
  •  6 menn,  2 kvinner
  • "Nye" forfattarar: Johansen, Sæther, Knight, Hayes

Travle tider på jobb og elles i livet gjer at eg ikkje får lest (og blogga) så mykje som eg ynskjer, men nokre bøker blir det då i løpet av ein månad.

Månadens høgdepunkt er litt vanskeleg å plukka ut, men eg held nok ein knapp på Åpenbaring av C.J. Sansom. Den største skuffelsen var Agatha Christie-biografien som eg ikkje orka å lesa ferdig.

1. februar 2016

Oppsummering januar

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Unni Lindell - Min mor har en saks i ryggen - Krimnoveller - Lytteeksemplar
Morten A. Strøksnes - Havboka - Sakprosa, fakta - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - I all evighet - Historisk roman - Lånt papirbok privat

Lest i januar:
Ingrid Bjørnov - Lakse-enka, nødskrik fra en tørrfrue - Humor - Lydbok Storytel
Henning Mankell - Morder uten ansikt - Svensk krim, 1001-bok - Papirbok, gjenlesing, frå hylla
Henning Mankell - Kvikksand - Svensk erindring/memoar - Lytteeksemplar og eBokBib
Sidsel Wold - Landet som lovet alt: Min israelske reise - Dokumentar/personleg beretning - eBokBib
Tuula Karjalainen - Tove Janson: Arbeide og elske - Biografi - Lånt papirbok biblioteket
Harlan Coben - Seks år - Amerikansk krim - Lydbok Storytel
Susan Abulhawa - Det blå mellom himmel og hav - Am./palestinsk roman - Lånt lydbok biblioteket

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Sophie Hannah - Monogram-mordene - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Emily Brontë - Stormfulle høyder - Britisk 1001-roman - Lydbok Storytel



Lesemånaden januar vart ein grei start på leseåret 2016. 10 bøker er akkurat passe - dvs. eg er bra i rute m.o.t. "årsplanen".
  • 4 lyd, 3 papir, 2 ebøker og 1 kombinasjon lyd/ebok
  • 5 lånt, 2 abonnement (Storytel), 2 lytteeksemplar, 1 frå hylla
  • 1 (krim)novellesamling, 1 biografi, 1 filosofisk/biografisk memoar, 1 humor, 2 sakprosa, 2 krimromanar, 1 historisk roman, 1 "vanleg" roman. 
  • 4 norske, 2 svenske, 1 britisk, 1 finsk, 1 amerikansk, 1 amerikansk-palestinsk
  • 5 kvinner, 5 menn
Månadens høgdepunkt:
  • Min israelske reise. Sidsel Wold si bok om Israel/Palestina-konflikten er lærerik og tankevekkjande.
  • Parallell-lesing av Mankell anno 1992 og 2015
  • I all evighet, som eg starta med i romjula og vart ferdig med no ved månadsskiftet januar/februar. 1100 sider er utmattande mykje og dessutan upraktisk med tanke på formatet, men eg har verkeleg kosa meg med boka.

23. januar 2016

Vinter- og julelesing

Som det skippertakmennesket eg er, tyr eg til samleomtalar med jamne mellomrom. Dette oppsamlingsinnlegget gjeld leste bøker i desember og januar. Her er gammalt og nytt, likt og ulikt, smått og stort, forskjellige sjangrar og varierande format.


Seks år av Harlan Coben
Cappelen Damm 2014
Speletid 8:07, lydbok Storytel

Ein ganske underhaldande spenningsroman med ei forteljarstemme som vender seg direkte til lesaren. Litt action, litt romantikk, litt paranoia. Om identitet, sanning og løgner.
Eg likar egentleg stilen og stemma til Coben, og plottet er som vanleg passe finurleg - men denne boka vert skjemd av ei dårleg avslutning.
Ivar Nergaard er som alltid ein god opplesar. Terningkast 4.



De som ser etter tegn av Britt Karin Larsen
Gyldendal 1997
506 sider, papirbok lånt privat og lydbok Storytel

Medan eg venta på at Kaldere mot natten skulle bli tilgjengeleg, las eg den fyrste boka i Tatertrilogien. Sidan eg altså er vel kjend med Finnskog-serien var det spesielt å ta eit steg attende i forfattarskapet til Larsen. Eg kjende att ein del av forteljarmåten i denne boka, men stilen her er ikkje så rytmisk og poetisk.
De som ser etter tegn er ei samling med små historiar, med stadige skifte i tid og perspektiv og som på finurleg vis vert fletta inn i ei samanhengande forteljing. Persongalleriet er svært rikt og detaljert, så det er nyttig å slå opp bakerst i boka der ein finn dei ulike slektene og forholda mellom dei.
Boka er sterk, rå, gripande og ikkje minst lærerik. Taterkulturen er svært interessant - og historia om dette reisande folket er rystande. Her snakkar me om systematisk diskriminering og brutale overgrep, heilt opp til vår tid.
Kombinasjon av papir og lyd var perfekt for denne boka. Sigmund Sæverud les lydboka på ein framifrå måte. Terningkast 5.

En julefortelling av Charles Dickens
Cappelen Damm
Speletid 3:27, lydbok Storytel

Novella (eller kortromanen) som kom ut fyrste gong i 1843 er stadig jule-aktuell. Forteljinga om den gjerrige og egoistiske Scrooge er klassisk, kanskje gammaldags, og i høgste grad moralsk; ei viktig påminning til oss alle om kva jula egentleg handlar om.
Lydboka er opplest av Svein Tindberg, som her syner litt for mykje skodespelarfakter etter min smak. Det enkle er ofte det beste, også i opplesarsamanheng. Terningkast 5.


Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider
av Morten A. Strøksnes
Oktober forlag 2015 
315 sider, eBokBib

Eg hadde aldri trudd at dette var ei bok som kunne fenga meg, men der tok eg sanneleg feil. Eg måtte bruka Google for å finna ut kva håkjerring var for slags "fisk", så bakgrunnskunnskapen min var her elendig. Men etter å ha lest denne boka føler eg meg atskillig klokare.

Det handlar slett ikkje berre om håkjerringfangst; forfattaren flettar inn mykje fakta om miljø, klima, kultur, historie, biologi, filosofi, mytologi, geografi, geologi, teknologi og enno mykje meir. Strøksnes syner stor forteljarglede.
Eitt spørsmål står likevel ubesvart:
Fekk dei opp håkjerringa? Terningkast 4.


Tove Jansson - Arbeide og elske
av Tuula Karjalainen

Heinesen forlag 2014 
304 sider, lånt papirbok biblioteket

Fyrst og fremst ei svært pen bok; stort format, vakre og klåre illustrasjonar, tjukt papir og gullskrift på omslaget: Nesten som ei kaffibordbok.

Dernest er det ein velskriven biografi om ein folkekjær forfattar og kunstnar. Ein får eit grundig innblikk i bakgrunnen og livet til skaparen av Mummitrollet, Snorkfrøken og dei andre figurane frå Mummidalen.

Biografien er ryddig, kronologisk og oversiktleg - men eg fekk ikkje den heilt store leseopplevinga. Innhaldet i boka framstår som litt tamt og uengasjerande. Eg er ikkje kunstinteressert og skumma difor store deler av boka. Terningkast 3.



Lakse-enka - nødskrik fra en tørrfrue
av Ingrid Bjørnov

Vega forlag 2007
Speletid 1:04, lydbok Storytel

Eg har stor sans for artisten Bjørnov, men dette var ikkje allverden. Eg kjenner meg att i enkelte situasjonar som Bjørnov fortel om sidan eg deler husvære med ein eks-jeger. Ironien og dei karikerte situasjonane har ein klar humrefaktor, men lese-/lytteopplevinga vart berre sånn passe - og boka er veldig kort. Bjørnov har ei god radiostemme og les boka sjølv. Terningkast 3.



Min mor har en saks i ryggen av Unni Lindell
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:14, lytteeksemplar

Ei flott samling grøssande noveller. Berre tittelen kan få ein til å frysa på - nettopp: ryggen.
Lindell fortel overbevisande frå både offer og gjerningsperson sitt synspunkt. Mange av historiane har overraskande tvistar på slutten, slik som ei god novelle skal ha.
Opplesarane Frøydis Armand og Dennis Storhøi er begge dyktige og les med akkurat passe innleving. Terningkast 5.



Fangene som forsvant av Bjørn Westlie
Spartacus forlag 2015 
259 sider, eBokBib

Eg les krigshistoriske dokumentarar innimellom anna lesing. Ikkje for underhaldninga si del, men for kunnskapen sin del - for å forstå meir av den nære historia vår. Men det som blir fortalt i denne boka er nesten heilt uforståeleg. Ikkje at eg trur at forfattaren overdriv når han fortel om denne delen av krigshistoria, men fordi det er ei gåte at det ikkje er meir kjent.

Ufatteleg mange russiske krigsfangar vart utnytta på det grovaste av den tyske krigsmakta og Norges Statsbaner då Nordlandsbanen skulle vidareførast under krigen. Etter krigen var det knapt nokon som etterspurde dei russiske slavearbeidarane. Dei berre forsvann ut av historia. Berre éin av toppleiarane i NSB vart etterforska i samband med krigsoppgjeret. Det boka avdekkar er djupt tragisk, mørkt og skammeleg. Terningkast 4.


Landet som lovet alt. Min israelske reise
av Sidsel Wold

Spartacus forlag 2015 
311 sider, eBokBib

Svært interessant å lesa om unge Wold som såg på Israel som eit vakkert, fritt og demokratisk land, - spesielt sidan eg sjølv var på den heilt motsette sida då eg var ung: I mitt miljø gjekk ein med Palestinaskjerf, boikotta Jaffa-appelsiner og protesterte heftig mot Israel si brutale krigføring og okkupasjon av Vestbredden og Gaza.
Etter å ha sett seg meir inn i palestinarane sin situasjon og Israel sin segregerings- og okkupasjonspolitikk endra Sidsel Wold syn. Ho grunngjev dette godt - og legg heller ikkje skjul på at den prosessen var vond og vanskeleg. Wold har skaffa seg eit rikt kontaktnett på begge sider, språkmektig som ho er, - i tillegg har ho tilegna seg mykje og brei kunnskap. Ho viser både dei lange og dei noko kortare historiske linjene.

Boka er god og grundig, og faktisk; lettlest. Forfattaren viser kor konfliktfylt og fastlåst situasjonen i Midtausten er og fortel at dette heng saman med politikk, religion, kultur, etnisitet og demografi. Ekstremisme og fundamentalisme sprer seg og valden eskalerer - på alle frontar og i alle leirar, og ei fredeleg løysing er ikkje i sikte pr. i dag.
Denne boka gir ei sakleg, balansert og nyansert framstilling - og inneheld ein personleg vri - som gjer at boka er ekstra leseverdig og lærerik. Terningkast 5.


Det blå mellom himmel og hav
av Susan Abulhawa
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:14, lånt på biblioteket

Ganske interessant forteljing, spesielt sidan eg las boka til Wold (over) parallellt og hadde den som bakgrunnsmateriale.
Då staten Israel vart oppretta i 1948, var ikkje landet "tomt"; mangfoldige palestinarar vart då forviste/tvangsflytta frå heimane sine. I løpet av dei siste tiåra har situasjonen blitt verre for den palestinske befolkningen i dei okkuperte områda. Handlinga i denne boka byggjer på reelle historiske hendingar og er lagt til det klaustrofobiske og traumatiserte Gaza.
Det handlar om internasjonal politikk og er samstundes ei familiehistorie. Det handlar om korleis det er å leva heile livet som flyktning - og om å lengta "heim" og om å lengta etter fred for seg og sine. Abulhawa fokuserer spesielt på kvinnene sin situasjon. Enkelthistoriane er sterke, men leseopplevinga vart ikkje så bra - fordi dei nemnde historiane heng for dårleg saman. Det manglar ein samlande tråd.
Eg tykkjer temaet i denne boka er viktig og meiner det er gledeleg at ein forfattar med palestinske røtter har fått suksess. For meg vart likevel boka, om ikkje tunglest, så i alle fall vanskeleg å få "tak på", - mest fordi språket er ganske svulstig og framandt. Eg likte det realistiske og dokumentariske i historia - men mislikte dei "magiske" og "overnaturlege" sekvensane.
Boka er greit opplest av Ingrid Vollan. Terningkast 3.