Cappelen Damm 2022
247 sider
Lånt ebok BookBites
Gert Nygårdshaug (f. 1946) debuterte alt i 1966 og dette er den 43. boka han har gitt ut. Den nye boka hans har ein heilt uforståeleg tittel, - noko som var med på å gjera meg veldig nysgjerrig. Det er alltid stas med ny bok frå Nygårdshaug, men så veit ein liksom aldri kva han kan finna på. Eg har erfart fantastiske leseopplevingar - men også små nedturar når det gjeld bøkene hans.
Det er nokre element som alltid er med i Nygårdshaug sine bøker: Klima og miljø-problematikk, astronomi og gastronomi. Samt sære/rare namn på karakterane og gjerne kjempelange setningar med berre semikolon og komma. Dette siste er det ikkje så mange eksempel på i denne boka, så ho er lett å lesa. Men kjærleiken til naturen, fascinasjonen for stjerner, galaksar og universet og interessa for god mat og godt drikke - alt det er i høgste grad til stades i Quintessence.
Hovudperson i boka er Olion Soleng. Han er barnebarn av Gotvin Soleng som me møtte såvidt i Afrodites basseng og som er hovudperson i Prost Gotvins geometri og Fortellernes marked. Det er såleis ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap før ein les Quintessence. Då skjønnar ein også at ein må vera open for surrealistiske krumspring og usannsynlege hendingar.
Tilbake til Olion. Han er 33 år, jobbar på statsministerens kontor og er fullstendig upolitisk. Men så, på ein av dei aller fyrste sidene skjer det noko: Den overvektige fru statsminister døyr i ei bisarr ulukke rett framfor augene på Olion og nokre andre sjokkerte vitne. Denne hendinga vert starten på eit nytt liv for Olion; eit nytt liv der han opplever fleire uforklarlege ting, der han møter ei ung kvinne som han blir betatt av og der han reiser tilbake til forfedrane sin heimstad. Og der den tidlegare så upolitiske Olion plutseleg befinn seg midt i ein politisk demonstrasjon med parolen "nei til monokulturelt landbruk!"
Elles er det ikkje så enkelt å gje noko handlingsreferat, for utover at Olion flyttar til Nord-Østerdalen skjer det egentleg ikkje så veldig mykje. Det er lite framdrift; det er tankar, prat, pludring og kvardagar - og enkelte pussige situasjonar. Undervegs får ein også, som vanleg frå denne forfattaren, stadig nye miniforedrag om ulike forhold. Romantikk og erotikk er det også plass til, samt nokre velfortente spark til byråkratar og politikarar.
Men den generelle bodskapen i denne boka, som i tidlegare Nygårdshaug-bøker, er dette: å ta vare på jorda og naturen og å ha respekt for framande kulturar og urfolk sine verdiar.Når Nygårdshaug vender seg til lesarane sine på Facebook er gjerne overskriftene: Sprute mitt blekk! Juble min penn! Daske mitt tastatur! Eg set pris på den sprudlande forteljargleda, den leikne fantasien og den sære humoren.
Så ja - eg kosa meg medan eg las denne boka, nesten heilt til slutt. For den opne og brå avslutninga fann eg ikkje heilt ut av. Kanskje eg må låna boka ein gong til og lesa det siste kapittelet på nytt? Eg forstår framleis ikkje kva "quintessence" betyr..