Viser innlegg med etiketten Börge Hellström. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Börge Hellström. Vis alle innlegg

18. februar 2023

Bokomtale: Tre år av Anders Roslund

Cappelen Damm 2022
428 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer 10 i Ewert Grens-serien er skremmande bra; sterk, spennande og rystande. Tematikken er den same som i den fyrste boka i serien Udyret (utgitt 2005): Pedofili. Systematiske seksuelle overgrep på små barn.

Tre år - med undertittel "god natt" - er ei bok som skapar bilete inne i hjernen på lesaren. Bilete som ein helst ikkje vil sjå.
Men det skjer. Kvar dag. Året rundt. I Sverige, i Noreg og alle andre stader. At barn vert utsette for grove overgrep. At vaksne pedofile deler bilete og opptak av overgrep med kvarandre. At slike bilete er ein velorganisert milliardindustri. At etterforskarar jobbar som heltar for å oppklara slike saker.

Den svenske forfattaren Anders Roslund var den eine halvdelen av forfattarduoen Roslund & Hellström. Dei skreiv saman sju bøker i denne serien og etter at Hellström døydde i 2017 har Roslund halde fram med bokserien åleine. 

I dei siste 4-5 bøkene i serien har kriminalinspektøren Ewert Grens hatt ei heller tilbaketrekt rolle medan infiltratøren Piet Hoffmann har spelt hovudrolla. I denne boka er det litt annleis. 

Grens sit ved grava til si avdøde kone når han kjem i kontakt med ei kvinne ved ei anna grav. Ho fortel at det er ei tom kiste i grava. Den vesle jenta hennar forsvann for nokre år sidan og er seinare blitt erklært død. Grens minnest sitt eige vesle barn som aldri fekk veksa opp - og vert sterkt gripen av kvinna si historie. Når han oppdagar at ei anna lita jente forsvann på nøyaktig same dag i same by, vert Ewert som besatt. Han skal - vil - og må - finna ut kva som har hendt. Kvar er det blitt av vesle Alva og vesle Linnea? 

Ewert - med sine sosiale manglar og sin maniske natur - legg alt anna til side. Han bryt reglar, kryssar grenser, kranglar med sjefar og kolleger og vert suspendert frå jobb. Den pålagde lange "ferien" vert sjølvsagt brukt til heilt andre ting enn å slappa av. Han nektar å gi opp, brukar alle sine kontaktar - og finn til slutt eit viktig spor som fører han til Danmark. Når det viser seg at saka har forgreiningar til fleire stader på kloden treng han ytterlegare hjelp. Han treng Piet Hoffmann. 

Halvveges inn i boka kjem altså Hoffmann på bana, men då blir han i høgste grad involvert. Dette trass i at Grens har lova at han aldri skal etterspørja Hoffmann sine infiltrasjonstenester igjen. I det forrige dramatiske oppdraget mista familien Hoffmann huset sitt - og nesten livet. Og for familiefaren Hoffmann er det enormt vanskeleg å infiltrera ein pedofiliring. Mykje vanskelegare enn å gå undercover i meir actionfylte oppdrag og situasjonar. Han føler seg ekkel i rolla som pedofil og er engsteleg for om han spelar rolla "godt nok". Konsekvensane dersom han vert avslørt er alvorlege, for han sjølv og for borna. Klarar han å skjerpa seg?

Handlinga i boka veks til ei svær historie; etter kvart vert det ein internasjonal thriller fylt med spenning, dramatikk og ubehag. Ein veit at akkurat denne historia er fiktiv og at ofra i boka er oppdikta - men som sagt innleiingsvis; slike ting skjer. I Tre år er det ikkje nokon sprø seriemordar som pønskar ut spektakulære drap, noko som etter kvart er blitt så vanleg i krimromanar. Nei, her er det som blir fortalt om langt meir truverdig og realistisk. Dessverre. 

Det er ingenting spekulativt i boka: Roslund skriv om temaet på ein ryddig og respektfull måte. Valds- og overgrepsskildringane er nøkterne og "saklege" - men like fullt grusomme, fordi det er så kjenslevart og sterkt. Her overlet forfattaren det meste til lesaren sin fantasi - og ein får desse ubehagelege bileta på netthinna. Ved å setja fokus på tema pedofoli utfordrar (og provoserer?) forfattaren lesarane sine. Eg meiner at det vitnar om innsikt, mot og engasjement når Roslund skriv om det som er så mørkt og så vondt. 

Roslund gir også eit visst innblikk i korleis overgriparane tenkjer og syner kor avstumpa dei er, reint kjenslemessig. Korleis i alle dagar klarar dei å leva med seg sjølve?

Personskildringane i boka er veldig gode. Hovudkarakterane framstår som ekte menneske. Ein blir oppriktig glad i både Grens og Hoffmann og føler at ein kjenner dei ut og inn. Som lesar føler eg med frustrasjonen og desperasjonen deira når dei skal finna opplysningar og spor. Fleire av bikarakterane er óg glimrande portrettert - sjølv om dei ikkje "deltek" like mykje. Det gjeld til dømes Zofia, Piet Hoffmann si kone og den danske etterforskaren Birte som Ewert samarbeider så godt med. Det gjeld også datanerden Billy som bidreg med det han kan.
Forfattaren brukar litt humor innimellom slik at stemninga av og til blir litt lettare i ei elles mørk historie. Eg måtte dra på smilebandet fleire gonger av Ewert sine synspunkt og tankesprang og av dialogane mellom Ewert og Billy. 

Handlinga i Tre år er frykteleg - men Roslund skriv også frykteleg bra. Historia er intenst spennande og medan ein les føler ein den nervepirrande kampen mot klokka. 
Roslund skriv med ein intensitet og eit samfunnsengasjement som kunne vore ein "arv" etter forfattarparet Sjöwall & Wahlöö. Ja, han kan faktisk samanliknast med med sjølvaste Stieg Larsson. Anders Roslund er med andre ord blant dei aller beste.

Då eg var ferdig med boka ga eg umiddelbart terningkast 5. Det pleier eg å gi til kriminalromanar som er ekstra gode. Men eg har tenkt mykje på innhaldet i boka i ettertid, samt lest andre omtalar og bokmeldingar. No - medan eg er i ferd med å skriva ein forholdsvis lang omtale sjølv - ser eg at eg faktisk må justera opp terningkastet mitt. 

Ei bok som er så velskriven og velkomponert, som omhandlar eit så viktig og alvorleg tema og som fører til så mykje ettertanke - den fortener toppkarakter. 


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Her får du ein oversikt og rekkefølge på bøkene i serien. Dei må ikkje lesast kronologisk, men som alltid i bokseriar er det ein fordel. Då forstår ein meir av samanhengar og utvikling. Ein kan eventuelt starta på bok 5.
(Det er svært mange år (minst 15) sidan eg las dei fire fyrste bøkene. Eg likte dei den gongen, men ein blir jo meir kresen og kritisk med åra)

I dei fire fyrste bøkene er Ewert Grens hovudperson. Frå og med bok nummer fem kjem det inn ein annan sentral og likeverdig karakter, Piet Hoffmann.

Originaltitlar i parentes. Lenker til mine omtalar der dei finst.

1 Udyret (Odjuret)
2 Boks 21 (Box 21)
3 Oppreisningen (Edward Finnigans upprättelse)
4 Jenta under byen (Flickan under gatan)

5 Tre sekunder (Tre sekunder)
6 To soldater (Två soldater)
7 Tre minutter (Tre minuter)
8 Tre timer (Tre timmar)
9 Tre dager (Jamåhonleva)
10 Tre år (Sovsågott)

Ytterlegare to bøker er utgitt på svensk. Eg håpar og trur at det ikkje går så veldig lang tid før dei kjem ut på norsk.
11 (Litapåmig)
12 (100 procent)

13. desember 2018

Kort om: Tre timer av Anders Roslund

Litt merkeleg/feil at Hellström sitt namn står
på omslaget sidan han er død, tykkjer eg..
Cappelen Damm 2018
447 sider
Lånt papirbok biblioteket


Etter Tre sekunder og Tre minutter kom faktisk oppfølgjaren Tre timer. Det var uventa, sidan den eine halvparten av forfattarduoen Roslund & Hellström døydde i fjor. Anders Roslund skriv vidare på denne fantastiske romanserien åleine, og det set eg verkeleg pris på; Ewert Grens-serien er svensk kvalitetskrim på høgt nivå.

I Roslund og Hellström sin debutkrim Udyret (2004) møtte me for fyrste gong Ewert Grens; etterforskaren som er hovudkarakter gjennom heile serien. I Tre sekunder (2009) vart me så presentert for ein ny person; Piet Hoffman. Eg har stor sans for både Grens og Hoffman. Dei er to særdeles interessante karakterar - og samstundes to utradisjonelle krimheltar.

Med Hoffman sitt inntog i serien kom også det internasjonale gjennombrotet for forfattarparet. Mykje av spenninga i dei nemnde "Tre-"bøkene ligg i alt det som må haldast skjult for omverda - det vil sei dobbeltlivet til infiltratøren Piet Hoffman. Han er på den eine sida kjærleg ektemann og ansvarleg familiefar, og på den andre sida; samarbeidspartner med nokre av dei verste forbrytarane som finst.

I Tre timer er oppdraget hans å få innpass i ein organisasjon som driv med menneskehandel og flyktningsmugling. Det vert veksla mellom Ewert og medarbeidarane hans si etterforsking i Sverige og Hoffman sine opplevingar i Afrika. Glimtvis møter me óg eit ungt par på flukt frå krig og naud.
Roslund skriv med engasjement og innleving når han skildrar korleis kyniske bakmenn utnyttar desperate menneske - dei som tenar pengar på overfylte båtar i Middelhavet og låste kontainerar gjennom Europa. Tre timer er ein spennande kriminalroman med ei handling som ligg skremmande nær opptil det som faktisk skjer i den verkelege verda.

Forfattaren har uttalt at han er i gang med enno ei bok - som skal få tittelen 'Tre dagar'. (Og deretter kjem vel 'Tre veker', etterfølgd av 'Tre månader' og 'Tre år', tenkjer eg då..)

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok

26. september 2017

Kort om: Tre minutter av Anders Roslund og Börge Hellström

Cappelen Damm 2016
555 sider
Kjelde: Biblioteklånt papirbok

Tre minutter vart den aller siste boka den svenske forfattarduoen Roslund & Hellström skreiv. Börge Hellström døydde tidlegare i år, berre 59 år gammal. Det er ei trøyst at bøkene framleis lever.

Hellstöm var open om kreftsjukdommen sin, på same måte som han var open om kriminelle erfaringar, om rusmisbruk, om seksuelle overgrep i barndommen og om sjølvmordsforsøk. Han hadde med andre ord unik erfaring og personleg bakgrunn for enkelte historiar/hendingar som har blitt fortalt i bokserien.

Boka er nummer sju i rekka og eit verdig punktum for serien der den spesielle politietterforskaren Ewert Grens er gjennomgangsfigur. Kronologien er slik: 1. Udyret, 2. Boks 21, 3. Oppreisningen, 4. Jenta under byen, 5. Tre sekunder, 6. To soldater.

Tre minutter
 heng saman med og byggjer på hendingane som fann stad i Tre sekunder.

Handlinga føregår for det meste i Colombia og me møter igjen infiltratøren Piet Hoffmann. Han er på rømmen frå både polsk mafia og svensk politi og arbeider no som livvakt for ein colombiansk narkotikaforbrytar og er samstundes undercover for amerikanske styresmakter. Han er ikkje berre under press - nei, både han og familien befinn seg etter kvart i livsfare. For ikkje sjølv å bli avslørt, må han ta på seg vanskelege og umenneskelege oppgåver. Begeret er i ferd med å bli fullt når Hoffmann utarbeider ein ekstraordinær og spektakulær plan for å komma seg velberga ut av narkotikabanden sine klør. Dermed er det også duka for eit nytt møte med Ewert Grens - men denne gongen kjempar dei på same side.

Det heile er rått, sterkt og ekte. Roslund & Hellström skildrar tilværet i jungelen, i colombianske millionbyar og i Det hvite hus på ein eineståande og levande måte. Ein kjenner med heile seg at ein er til stades der det skjer. Når Piet Hoffmann skjønnar at det tek til å brenna under føtene på seg, kjenner eg faktisk, sjølv om eg sit heilt i ro og les, at pulsen stig. Eg held pusten og bit negler og håpar håpar håpar...

Forfattarane utfordrar også i denne boka lesaren når det gjeld moral/umoral og offer/gjerningsperson. Avslutninga på forteljinga er verkeleg til ettertanke i så måte.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok

Ta gjerne ein titt på denne boktraileren:



25. september 2016

Favorittforfattarar: B

I andre avsnitt av favorittforfattar-spalten kjem her ein presentasjon av to heilt ulike forfattarar. Eg set stor pris på begge. Den fyrste er ein velkjent norsk kvinneleg romanforfattar og den andre er den eine halvparten av ein dyktig svensk krimforfattarduo.


Foto: Glomdalen.no /Anita Krok

Britt Karin Larsen

Norsk forfattar og lyrikar f. 1945.

Ved sidan av kriminallitteratur er det historiske romanar som ligg mitt hjarta nærast. Britt Karin Larsen sine romanseriar om skogfinnane og tatrane er mellom dei beste leseopplevingane eg har hatt - nokon gong.

Med desse to seriane har Larsen fått ein stor og begeistra lesarskare. Det er høgst fortent.
Desse forteljingane ligg forholdsvis nært opp til vår eiga tid og er uhyre velskrivne, gripande og lærerike. Personskildringane hennar er nøkterne samstundes som dei er varme og levande. Naturskildringane er poetiske, spesielle og nesten overjordiske.
Kort sagt; stor forteljarkunst.

Larsen debuterte i 1978 og har ein omfattande produksjon bak seg - både dikt, barnebøker, sakprosa og romanar.


Foto: http://roslund-hellstrom.com/
Peter Knutson

Börge Hellström

Svensk kriminalforfattar f. 1957 og den eine halvparten av forfattarparet Roslund & Hellström. Saman med Anders Roslund har han gitt ut ein serie på sju kriminalromanar. Den siste Tre minutter kom ut på norsk for kort tid sidan.

Hellström er aktiv innan kriminalomsorg og arbeider med kriminelle og ungdom med stoffproblem. Han har sjølv "erfaring" som kriminell og rusmisbrukar, så han har inngåande kjennskap til mykje av det som dei to fortel om i bøkene sine. Lesaren får eit unikt innblikk i den kriminelle verda og truverdige skildringar frå livet innanfor fengselsmurane.

Hellström og Roslund sine bøker er samfunnskritiske og har ofte vore omdiskuterte. Dei stiller moralske, politiske og juridiske spørsmål og skriv om vrangsida av det svenske samfunnet; prostitusjon, gatebarn, korrupsjon, narkohandel og menneskehandel - og er opptekne av dei store spørsmåla omkring kriminalitet. Hovudfokus er ikkje på kven og kva, men meir på kvifor og korleis.
Bøkene i serien er i Sjöwall & Wahlöö-tradisjon og kan minna om Jo Nesbøs Harry Hole-bøker i stilen. Dei har ein fascinerande hovudperson, er svært underhaldande og byr jamnleg på neglebitande spenning.

- - - - - - - - - - - - - - - - -

Av andre favoritt-B'ar kan eg nemna dei britiske krimforfattarane Belinda Bauer og Barbara Vine. Sistnemnde er pseudonym for Ruth Rendell, særleg kjend for sine mørke og velskrivne psykologiske thrillerar.

Det er ikkje spesielt vanskeleg å finna forfattarar på denne bokstaven heller - men for meg vart det på langt nær så mange å velja mellom som under bokstaven A. Eg har t.d. aldri lest noko av dei norske samtidsforfattarane Brit Bildøen, Brynjulf Jung Tjønn og Birger Emanuelsen. Heller ikkje Beate Grimsrud eller Bergljot Hobæk Haff. Birger Baug har eg lest, men han er ingen favoritt.
Klassiske Bjørnstjerne Bjørnson kunne ha vore eit alternativ - men eg må tilstå at eg ikkje har lest stort meir enn "En glad gutt" av den B'en..

Har du ein favoritt på B?