Viser innlegg med etiketten Historisk roman. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Historisk roman. Vis alle innlegg

5. juni 2026

Omtale: Finnskog-trilogien av Åsta Holth

Gyldendal 2025
767 sider
Papirbok fått i gåve


Om eit par veker, den 21. juni, vert skogfinnane sin dag markert mange stader. Sidan 1999 har skogfinnar hatt status som nasjonal minoritet i Noreg og i 2022 fekk dei sitt eige flagg. 

Skogfinnane er etterkommarar av ei finskspråkleg folkegruppe som utvandra frå Finland og inn i Sverige på slutten av 1500-talet. Etter kvart trakk mange endå lenger vestover og frå midten av 1600-talet busette mange seg på austlandet, særleg i det skogsområdet som no vert kalla Finnskogen i Innlandet fylke. Dei tok med seg tradisjonane sine; både språk, kultur, byggeskikk og jordbruksteknikkar.

Språket deira døydde ut på midten av 1900-talet, men kulturen vert i dag teke vare på og halde levande gjennom fleire arrangement og ulike organisasjonar.
Forfattaren Åsta Holth (1904-1999) hadde eit sterkt personleg engasjement for skogfinnekulturen. I Finnskog-trilogien fortel ho om skogfinnane sin kultur og deira harde liv som nybyggarar og innvandrarar.

Den fyrste boka i trilogien er Kornet og freden som kom ut fyrste gong i 1955. Med denne boka fekk Holth sitt litterære gjennombrot. Seinare kom Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967). Eg tykte det var greitt å lesa dei samla og rett etter kvarandre i dette eittbindsverket. Samstundes har eg teke meg god tid med lesinga og lese mykje anna innimellom. 

Handlinga i den fyrste boka startar på slutten av 1600-talet der me blir kjende med Pål Tyyskiäinen og kona hans, Kerttu Mullikka. Sidan føl me etterkommarane deira utover på 1700- og 1800-talet. Holth skildrar, detaljert og med innsikt, livet på Finnskogen. Det handlar om hardt arbeid og slit, om skiftande årstider, om frykt for uår og rovdyr. Det handlar vidare om utanforskap, diskriminering og fattigdom, men også om samhald og (glimt av) lykke. Ho skriv direkte og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Det er sterkt å lesa om dei tøffe kåra som kvinnene på Finnskogen hadde; om tider med svolt og naud, om (altfor mange) graviditetar og barnefødslar, om fjøsstell, handarbeid og husarbeid og om ulike omsorgsoppgåver som måtte ivaretakast.

Menneska sitt forhold og nærleik til naturen står sentralt i bøkene:

Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.
Eg vart positivt overraska over språket Åsta Holth brukar. Det er veldig spesielt; nynorsk og noko radikal bokmål samt enkelte dialektord og -uttrykk. Sannsynlegvis meinte forfattaren at nynorsk var nærast hennar eiga dialekt, og med dette særeigne språket skapte ho ein heilt spesiell skrivestil. Andre ting som imponerer er forfattaren si formidlingsevne og hennar kunnskap om natur, kultur, folketru og tradisjonar.

Persongalleriet er stort, noko som er naturleg når handlinga går over eit par hundre år og fleire generasjonar. Nokre av personane kjem me under huda på medan andre berre flagrar forbi. Åsta Holth skal ha basert personane sine på verkelege menneske i si eiga slekt.

Finnskog-trilogien er eit stort og interessant romanverk, skrive med engasjement og i eit særeige språk.

For nokre år sidan las eg Britt Karin Larsen sin serie frå Finnskogen, og eg likte dei bøkene veldig godt. Larsen og Holth tilhøyrer kvar sin generasjon, og bøkene deira kan kanskje ikkje samanliknast - men eg tykkjer at dei utfyller kvarandre. Der Larsen er poetisk og svevande, har Holth meir fokus på det konkrete og på detaljar i høve levemåte og buforhold. Men kjærleiken til Finnskogen - den har dei felles.
Ein annan ting dei har felles er at bøkene deira gir oss ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år. 

24. januar 2025

Serieomtale: Arn Magnusson av Jan Guillou

Serien om Arn består av trilogien Veien til Jerusalem, Tempelridderen og Riket ved veiens ende, samt den frittståande oppfølgjaren Arven etter Arn. Bøkene kom ut fyrste gong i tida 1998 - 2001.

Handlinga er lagt til korsfarartida, dvs. tidleg middelalder. Det er ei svær forteljing på omlag 1800 sider tilsaman. Forfattaren har bygd på - og henta inspirasjon frå - legender, arkeologiske funn og verkelege historiske hendingar og personar. Tematikken er tidlaus: Det handlar om ære og skam, tru og vantru, kjærleik og hat, intrigar og alliansar. Mellom anna.

Eg las bøkene for mange år sidan og har lenge hatt ynskje om lesa dei på nytt - og no har eg gjort det. Eg vart kanskje ikkje like betatt denne gongen, men meiner framleis at denne serien er ei stor og god leseoppleving. Denne gongen gjekk eg for lydbokformatet. 

Ekstra inspirasjon til gjenlesing av serien fekk eg i fjor haust då eg las fleire sakprosabøker om middelalderen.

Hovudpersonen er altså Arn Magnusson (fødd omlag år 1150) som er ein fiktiv karakter. Samfunnet var veldig uroleg, omskifteleg og brutalt på den tida det her er snakk om - og dermed er det ein veldig kontrast når Arn framstår som snill, diplomatisk, kunnskapsrik, handlingskraftig, framsynt og tolerant. Altså egentleg altfor god til å vera truverdig, litt supermann, litt glattpolert og til tider litt "Carl Hamiltonsk" om du vil. Men eg har valt å sjå vekk frå slike (i denne samanheng bagatellmessige) innvendingar. 


Veien til Jerusalem
Som lite barn vart Arn sendt til kloster. Bakgrunnen var ein ulykke der vesle Arn heldt på å døy og foreldra i desperasjon og takksemd lova å gi han til Gud dersom han fekk leva. I klosteret får Arn opplæring i filosofi, skrivekunst, legekunst og latin. Av munken Guilbert, som har vore tempelriddar i Det heilage landet, får han dessutan læra våpenkunst på høgt nivå.
Arn vender tilbake til farsgården når han er 17, og oppdagar då at verda - og han sjølv - er blitt heilt annleis. Gjennom barndomsvenen Knut Eriksson blir Arn involvert i rivaliseringa og stridigheitene mellom dei ulike ættene som kjempa om makta i (det som etter kvart vart) Sverige.
Omlag på same tid møter Arn den store kjærleiken; Cecilia Algotsdotter. Det blir planlagt bryllaup trass i at familiane er skeptiske til forholdet. Men så skjer noko som gjer at dei blir skilde frå kvarandre i 20 lange år.

Tempelridderen
I denne boka får me følgja Arn som tempelriddar og borgherre i Gaza og Cecilia som nonne på Gudhem kloster. Begge skal oppleva mangt og gå gjennom mange prøvelsar.
Det mest fascinerande i boka er det som handlar om det historiske Gaza - og her kan ein trekka linjene til dagens situasjon i området. Måten Guillou framstiller dei kristne korsfararane og muslimane (sarasenarane) på er veldig interessant. Vidare skildrar forfattaren fleire møte mellom to kloke leiarar som har respekt for kvarandre; tempelriddaren Arn Magnusson og den muslimske hærføraren Saladin.
Mot slutten av boka er både Arn og Cecilia ferdige med soningstida si, men problema er likevel ikkje over.

Riket ved veiens ende
Arn kjem tilbake til heimlandet, prega av alt det dramatiske han har opplevd, og med mykje rikdom og kunnskap om m.a. handel.
Omsider vert Arn og Cecilia foreinte og startar på livet saman, men det blir ikkje heilt som forventa. Noko er personleg og noko skuldast krefter utanfrå; begge står nær personar som kjempar om kongsmakt. Storpolitikken og kampar om makt og kongekrone fører til blodige slag med fatale konsekvensar for samfunn og enkeltpersonar.

Arven etter Arn
Arn er forlengst død når handlinga tek til i denne frittståande oppfølgjaren, så her er det etterkommarane det handlar om. Det er dessutan ei forteljing om korleis Sverige vart til eit samla land.
Hovudperson er Birger Magnusson, Arn sitt barnebarn, - og me får følgja han frå han er ein ung gut og til han blir ein eldre mann. Ein kan kjenna att mange av Arn sine eigenskapar i Birger, men Birger framstår som barskare og meir omsynslaus. 
Birger Magnusson var ein verkeleg historisk person (levde 1210 - 1266) og er i ettertid mest kjent som Birger Jarl, riksforstandar, formyndarregent og grunnleggar av Stockholm. Han vart aldri konge, men var ei tid den egentlege regenten i landet. To av sønene hans vart kongar og ei dotter vart dronning av Noreg. 
Historiske fakta kombinert med fantasifull dikting fungerer fint. Arven etter Arn er (som dei andre bøkene i serien) ei lærerik og underhaldande bok, krydra med episodar og skildringar som gir liv til personane og driv i handlinga. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Bøkene er filmatisert (to filmar og ein TV-serie) - og det er også laga ein dokumentar om Arns rike der forfattaren sjølv er guide. I tillegg kan eg anbefala den glimrande dokumentarserien Historia om Sverige som ligg på NRK nett-TV.

23. januar 2024

Bokomtale: Lysets rustning av Ken Follett

Cappelen Damm 2023
637 sider
Lånt ebok BookBites

Ny bok med handling frå Kingsbridge! 
Eg er veldig svak for Ken Follett sine historiske mursteinsromanar. Trass i stereotype karakterar og trass i kleine erotiske skildringar.
For å sei det enkelt er dei gode veldig gode (og kloke) og dei onde veldig onde (og dumme) i Follett sine bøker. Likevel blir personane på ein merkeleg måte "ekte" og "levande" for meg som lesar, etter kvart. Det skuldast truleg at me får følgja dei over lang tid og at dei vert plassert inn i viktige historiske hendingar.

For altså, Follett får fortalt mykje. Om dåtidas samfunn, om samfunnsutvikling, om korleis folk levde, kva dei jobba med, kva dei var opptekne av. 
I Lysets rustning er handlinga lagt til tida for den industrielle revolusjon - og det folk flest var opptekne av på denne tida var nye teknologiske oppfinningar. Som "Spinning Jenny". 

Ny teknologi har "alltid" ført til utfordringar. På den eine sida økonomisk framgang for arbeidsgjevar og enklare løysingar for arbeidstakar - men på den andre sida; skepsis og motstand. Då dei fyrste spinnemaskinene erstatta tungt manuelt arbeid, var det på mange måtar framtidsretta og ein framgang med tanke på at arbeidet vart lettare og meir effektivt. Men mange var naturleg nok skeptiske til maskiner som skulle erstatta arbeidskraft; folk trengde arbeid for å kunna forsørga seg og sine. Sjølv om fabrikkarbeid var både slitsamt og tungt, fekk dei jo betalt (litt) for jobben dei gjorde. 

Handlinga går føre seg i åra 1772 til 1814 - og det er ei rivande utvikling desse tiåra, både lokalt for innbyggarane i den fiktive byen Kingsbridge, nasjonalt i England - og resten av verda. Historia vert fortalt gjennom ulike karakterar, og på den måten får ein god innsikt i dei sosiale, økonomiske og politiske endringane som fann stad i perioden. Eit anna bakteppe for handlinga i boka er den franske revolusjonen, revolusjonskrigane og napoleonskrigane.

Det handlar elles om klassekamp, kvinnekamp, arbeidarkamp - kampen for fridom, rett og slett. Dei ulike karakterane må tåla og overvinna mykje. Nokre kjempar med ord, andre med nevar. Nokre blir straffa hardt, andre snik seg unna. For enkelte er tilværet prega av fattigdom og svolt, for andre av kjærleik og begjær, for atter andre av (det som i dag heiter) innovasjon og nyskaping.

Dei mest sentrale personane i boka er enka Sal Clitheroe og sonen hennar, Kit. Når me møter dei i starten av boka har Sal mista mannen sin på tragisk vis og seksåringen Kit vert sett til å jobba på det lokale godset. Sal vert etter kvart ein viktig talsperson for arbeidarane sine rettar og Kit vert ein dyktig maskinist. Av personar elles må nemnast den gode vevaren Spade, den snille tekstilhandlaren Amos, den kloke bispedottera Elsie, den onde og harde arbeidsgjevaren Hornbeam og den slemme godseigarsonen Will Riddick. I tillegg møter me eit utal personar og bipersonar. Dei mange menneskeskjebnane flettar seg inn i kvarandre på ulike måtar. 

Eg er imponert over detaljkunnskapen Follett viser, både om spinnemaskiner og om militære strategiar. I boka vert m.a. slaget ved Waterloo skildra ganske inngåande. Litt for detaljert for oss som ikkje har militære erfaringar kanskje, men ganske interessant. Eg var til dømes ikkje klar over at slaget var så langvarig, så jamnt og så blodig.

Eg streva litt med å komma i gang med boka, men er usikker på om det er boka sin "feil" eller om det var meg som ikkje klarte å "kobla meg på" skikkeleg. Konklusjonen etter at eg vart ferdig med boka er i alle fall at Lysets rustning er ein velskriven og underhaldande historisk roman. Boka når rett nok ikkje opp til Stormenes tid og I all evighet, men eg kan likevel anbefala ho. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Er du i tvil om du vil gi deg i kast med ei såpass omfattande forteljing (637 sider), kan du kanskje bli frista av desse to videoane: 

Ken Follett om nokre av karakterane i boka:


Forfattaren om bakgrunnen for handlinga: 

  


Dette er bøkene i Kingsbridge-serien: 
  1. Stormenes tid - utgitt 1989, handling frå 1100-talet
  2. I all evighet - utgitt 2007, handling frå 1300-talet
  3. Den evige ilden - utgitt 2017, handling frå 1500-talet
  4. Aftentid og morgengry - utgitt 2020, handling frå 900-talet
  5. Lysets rustning - utgitt 2023, handling frå 17-1800-talet

27. oktober 2023

Bokomtale: Lungeflyteprøven av Tore Renberg

Oktober forlag 2023
558 sider
Lånt papirbok privat og lånt lydbok BookBites

Fyrst: Eg likar ikkje omslaget på boka. Kva i alle dagar er det illustrasjonen viser? Ein blekksprut, ein plante, eit torturinstrument? eller noko heilt anna? Eg forstår ikkje kva det er og kva det har med boka å gjera - og eg tykkjer det er stygt.
Eg nemner dette innleiingsvis, for sjølve omslaget er det einaste eg kan komma på som er negativt med boka - og så er me ferdige med det liksom.

Korleis omslaget ser ut har sjølvsagt ikkje noko å sei for innhaldet - for eg vart svært nøgd med denne leseopplevinga.
"Makaber lesefest" var overskrifta på bokmeldinga i VG, og eg kan forsåvidt skriva under på at deler av boka er makaber. Og lesefest? Jo, absolutt. Boka er både lærerik, interessant, underhaldande, gripande og opprørande. 

Romanen byggjer på verkelege hendingar, reelle rettssaker og historiske personar. Overraskande mykje er dokumentert, noko forfattaren gjer greie for både undervegs og i ein eigen oversikt over historiske personar bakerst i boka.

Me er i Leipzig i Sachsen i noverande Tyskland i 1681. Femten år gamle Anna Voigt vert tiltalt for å ha drepe det nyfødde barnet sitt - og om ho vert kjent skuldig ventar dødsstraff. Ein ung jurist, ein framsynt lege og ein knust far gjer det dei kan for å bevisa at ho er uskuldig. Anna drap ikkje barnet sitt, det var dødfødt.

Tittelen på boka viser til ei eksperimentell medisinsk prøve, som i ettertid vert sett på som starten på moderne rettsmedisin. Prøva skal visa om ei kvinne har bore fram eit dødfødt eller eit levandefødt barn: Eit barn som har døydd i mors liv har aldri drege pusten og lungene til barnet er kompakte. Om ein bit av lungene vert senka i vatn vil det synka. Har barnet levd, har det pusta, lungene er svampaktige og lungebiten vil flyta opp. Prøva som vart teke av Anna sitt barn flaut ikkje opp. 

Rettsprosessen tok fleire år. Retten og samfunnet var ikkje klar for eit slikt vitenskapeleg og eksperimentelt prøvesvar, med få unntak, - som Anna sin forsvarar Christian Thomasius. Det som dominerte i rettssalane på denne tida var teologi, tradisjon og rykter. Spebarnsdrap var eit reellt samfunnsproblem, trass i dei harde straffene som venta dei som vart kjende skuldige: tortur, forvisning, dødsstraff. Ofte var uønskte svangerskapa resultat av overgrep, men det var kvinna som vart straffa (hardast) sidan ho hadde "latt seg besvangra". 

Lungeflyteprøven er ein roman som flommar over av forteljarstemmer, folk og hendingar, men eg tykkjer at forfattaren har ei stødig hand over det heile. Av og til kjem forfattaren si stemme inn og forklarar kva som er fiktivt og kva som er historisk. Han undrar seg over kva dei involverte har tenkt, legg fram ulike alternativ, presiserer at enkelte ting er slikt som kunne ha hendt. Andre ting er historiske fakta og vel dokumentert.

Glimta inn i kvardagsliva til dei ulike familiane fortel mykje om tidsepoken - altså starten på opplysningstida. Eg vil tru at både godseigarfamilien, advokatfamilien, pastorfamilien, legefamilien og skarprettarfamilien er tidstypiske og realistiske. Religion, ære, moral og ivaretaking av orden var sett på som grunnleggjande viktig av dei styrande i samfunnet, men hadde groteske utslag - sett med notidsauge.
I boka får ein fleire eksempel på at dobbeltmoralen blomstra og at klasseskilnadene var djupe. Folk med nye tankar om likskap for lova og ny kunnskap basert på forsking og vitenskap møtte motstand frå mange hald, særleg frå kyrkja, men også frå andre autoritetar. Thomasius måtte etter kvart flykta frå Leipzig på grunn av dei kontroversielle standpunkta sine. Han var til dømes så "radikal" at han meinte at bruk av tortur burde avskaffast.

Språket i boka er snirklete, noko gammalmodig - og passar til tida det vert fortalt om. Omgangsformene var ikkje slik som i dag og synet på medmenneske og samfunnet elles var totalt annleis.
Stemninga varierer gjennom boka. Noko vert fortalt om på ein sakleg og nøktern måte, i andre sekvensar er det intenst, nærgåande, sorgtungt og desperat. 

Boka passar ikkje for alle, deler av handlinga er rimeleg brutal og som sagt innleiingsvis; makaber. Men dette var ei brutal tid prega av vald og straff, så eg meiner det er innafor. Ein bør dessutan ha ei genuin interesse for historie om ein skal gi seg i kast med ei forteljing som dette, og gjerne ei særskilt interesse for kriminalhistorie, rettshistorie og politisk historie.

Alle som les denne bloggen veit at eg les mest (og helst) krim. Det er det eg slappar av med og kosar meg med. Men dei bøkene eg likar best og som gir meg mest - som "er med meg" lenge etter avslutta lesing - er dei svære (og barske) historiske forteljingane. Som til dømes Shardlake-serien, Hortten/Beouberge-serien og Grønland-trilogien.

Lungeflyteprøven er også eit storverk som ga meg mykje. Eg kjem aldri til å gløyma Anna Voigt og hennar lagnad. Eg kjem heller aldri til å gløyma faren Hans Heinrich Voigt, kampen han kjempa og sorga han måtte gjennomgå - og som førte han inn i galskapen.

Eg er mektig imponert over all jobben forfattaren må ha hatt med innhenting av historiske fakta og bakgrunnsstoff (Han skal ha brukt fem og eit halvt år på arbeidet). Vidare er eg imponert over at Tore Renberg stadig fornyar, utviklar og utfordrar seg som forfattar. Han har gjennom forfattarskapet sitt veksla mellom stilartar og målføre og skapt såpass ulike karakterar som Jarle, Tollak, Steinar og Rudi.
Lungeflyteprøven er den fyrste historiske romanen til Renberg, og han må gjerne skriva fleire i denne sjangeren!

Eg var så heldig at eg fekk låna papirbok privat - og då eg var kommen vel halvveges var hellet med meg nok ein gong; lydboka var tilgjengeleg i BookBites. Sidan Tore Renberg er ein så fenomenal opplesar av sine eigne bøker vart valet enkelt: derifrå og ut vart det lyd. 

Her kan du sjå og høyra forfattaren lesa prologen:


Andre bloggmeiningar: Tine, Elida

27. juli 2023

Serieomtale: Thomas av Boueberge og Petter Hortten

Kurt Aust er pseudonym for Kurt Østergaard. Han er opphavleg dansk, men skriv på norsk og har budd i Noreg i over 40 år. Østergaard - eller Aust då - debuterte som romanforfattar i 1999 med Vredens dag, ein historisk kriminalroman med handling frå 1700-talet - den fyrste i denne serien som vart både populær og kritikarrost.

Eg likar serien og er spesielt imponert over jobben forfattaren har hatt med bakgrunnsstoff og research. Det har då også teke si tid; serien vart ikkje fullført før i 2020. I mellomtida har Kurt Aust skrive andre bøker, m.a. den gode sykkelkrimmen Dødt løp.

Nokon har sagt at serien kan minna om både Rosens navn av Umberto Eco og Agatha Christie sine Hercule Poirot-forteljingar. Eg er ikkje usamd i det, og i tillegg meiner eg at serien har mange likskapstrekk med både Shardlake-serien av C.J. Sansom, Niklas Natt och Dag sin Bellmann noir-trilogi og kanskje særleg med Arthur Conan Doyle sine forteljingar om Sherlock Holmes og Dr. Watson. 

Bøkene er utgitt på Aschehoug forlag og kronologien er slik:
* Vredens dag (1999)
* Den tredje sannhet (2001)
* Hjemsøkt (2003)
* Kongefrykt (2004)
* Når døde hvisker (2011)
* Stumme skrik (2013)
* Skipet med det onde øye (2017)
* Hjertets mørke (2020)

Aust vart tildelt både Rivertonprisen og Glassnøkkelen for Hjemsøkt og vart nominert til Rivertonprisen for Skipet med det onde øye og Hjertets mørke. 

Bøkene i serien bør lesast langsamt - og i rett rekkefølge.

I hovudrollane finn me den danske professoren Thomas av Boueberge og den norske assistenten hans Petter Hortten. Det er sistnemnde som er forteljarstemme og eg-person i bøkene. Aust brukar eit forteljargrep der det er den aldrande Petter Hortten som fortel om dramatiske hendingar tilbake i tid. Spranga ut av hovudhandlinga er med på å samla trådar og tankar og eit høve for den gamle Petter å gi eit etterpåklokskapens lys på dei nemnde hendingane. 
Kvar bok inneheld òg ei (eller fleire) finurlege krimgåter, fletta inn i den øvrige handlinga. Eg likar spenningsromanar der ein samstundes får med seg historiske fakta og kuriositetar.

Språk, stil og forteljarmåte understrekar det historiske. Bøkene gir gode skildringar av det dansk-norske samfunnet på 1700-talet og dei tankar og meiningar menneska hadde på den tida. Dette er i overgangen mellom middelalder og opplysningstid, det vil sei at enkelte tok til å leggja meir vekt på vitenskap, rasjonell tenking og fornuft. Professor Boueberge er i denne samanhengen ein representant for dei nye tankane om vitenskaplege metodar og humanisme, medan Petter Hortten, med sin enkle bakgrunn og si gudstru, representerer det konservative. I arbeidet som Thomas av Boueberge sin assistent vert Petter stadig vekk utfordra og ein forstår at det er vanskeleg for han å ta inn over seg alt det "radikale" som professoren står for. 

I løpet av dei åtte bøkene er eg blitt skikkeleg kjent med - og glad i - Thomas og Petter. Eg har også lært ein heil del historie, fått innblikk i andre måtar å sjå samfunnet på og fått mange timar med god underhaldning. Bøkene er stemningsfulle, spennande og lærerike. 

Det vart ikkje skikkeleg fart og flyt i lesinga av denne serien før i vår då eg oppdaga at alle bøkene var utgitt som lydbøker og tilgjengelege på Storytel. Eg anbefalar lydbøkene; Anders Ribu er ein heilt fenomenal opplesar av slike svære forteljingar. Ha likevel gjerne ei papirbok i tillegg. Det er nemleg veldig mange folk, titlar og namn å halda styr på, så ein treng gjerne eit slags "oppslagsverk".

Bøkene er grundige og omfangsrike, her er detaljar, utbroderingar og tankesprang, - og hopp fram og attende i tid. Men dei er samstundes veldig interessante og dramatiske, så eg vart aldri lei. 

Nedanfor følgjer nokre små samandrag av kvar enkelt bok. Det er såpass lenge sidan eg las dei fyrste bøkene at eg har gløymt ein god del av innhaldet. Eg har difor basert meg på og støtta meg til forlagsomtalane. 

Bok 1, 357 sider

Vredens dag 

Forteljinga om Thomas av Boueberge og Petter Hortten tek til ved årsskiftet 1699/1700 når dei to er på veg til Ribe i Danmark for å feira nyttår. Ein voldsom snøstorm gjer at dei må søkja ly på eit vertshus. Her vert ein person funnen død under mistenkelege omstendigheiter. Thomas, med hjelp frå Petter, tek til å granska og undersøka kva som kan ha hendt. I løpet av dei dagane stormen varer skjer det fleire mystiske dødsfall.  
Det er den gamle Petter som fortel om desse hendingane, og i boka si "notid" - slutten av 1740-talet - er Petter privatlærar for adelege barn i "det tyske", altså eit av dei tyske fyrstedømma. I andre glimt får lesaren vita korleis Thomas og Petter møtte kvarandre.

Bok 2, 538 sider

Den tredje sannhet 

I denne boka får Thomas og Petter eit oppdrag på eit gods på Jylland der ein høgtståande person er blitt brutalt myrda. Det skal visa seg å bli uhyre komplisert å finna ut kva som har skjedd i og med at det skjer så mange uforklarlege hendingar. Folk dei snakkar med vil ikkje sei noko og/eller dei kjem med motstridande opplysningar. Kva er sanning? Kva er løgn? Kan sanninga endra seg alt etter kvar ein befinn seg? 
Plottet er særs finurleg og boka er egentleg veldig bra, men såpass langsam at det krev at lesaren er konsentrert og "vaken" heile tida.

Bok 3, 382 sider

Hjemsøkt

Handlinga i denne boka går føre seg i Noreg i 1703. Etter fire år som Thomas av Boueberge sin sekretær i København får Petter eit viktig kongeleg oppdrag: Å vera vegvisar for ein paveleg utsending. I tillegg har Petter ei personleg interesse av reisa tilbake til heimtraktene; å finna meir ut av sin eigen bakgrunn.
Hemmelege møte, mystiske dødsfall og mistenkelege personar gjer Petter uroleg, men så dukkar heldigvis Thomas opp. Dessutan dukkar det opp ein annan person som skal komma til å bety mykje for Petter. Han forelskar seg i Sara, men så ser det ut til at ho er uoppnåeleg for han.
I boka si notid har det skjedd store endringar for den aldrande Petter. Han er blitt både heimlaus, arbeidslaus og einsam - kun med selskap av tenaren Bark. 
Også dette er ei bra bok, men ho etterlet seg ein del uløyste trådar. Desse får nærare oppklaring i i neste bok.

Bok 4, 626 sider

Kongefrykt

Handlinga baserer seg på ei verkeleg historisk hending, nemleg reisa kong Frederik 4 gjorde i Noreg i 1704. Aust skildrar denne reisa på ein måte som gjer at ein føler seg som ein deltakar. 
Thomas har fått vita at nokon har planlagt å ta livet av den eneveldige kongen, og Thomas og Petter får ansvaret for kongen sin tryggleik. Dette skal føra til dramatiske og absurde situasjonar. I løpet av reisa stiftar også Petter familie. 
Mot slutten av reisa - og boka - møter me ein unggut; Peter Wessel. Han vert ein viktig biperson i dei neste bøkene. 
Den gamle Petter er i år 1747 på veg mot Noreg saman med Bark og kona hans Katrine og eit nytt tilvære i gamlelandet. 

Bok 5, 471 sider

Når døde hvisker

Mesteparten av hovudhandlinga er lagt til øya Anholt i Kattegat. Thomas og Petter vert i 1705 sende til øya for å finna ut av kva som har hendt av skipsforlis, forsvinningar og andre mystiske ting. Opphaldet på øya skal bli uhyggeleg og dramatisk. Alt den fyrste dagen finn dei to eit lik på stranda. Og det vert snart fleire likfunn..
I den andre handlingstråden befinn Petter, Bark og Katrine seg mellombels på ein prestegard på den svenske vestkysten - og her får Petter ei stor overrasking. Dette bitt dei to trådane saman på snedig vis. 

Bok 6, 572 sider

Stumme skrik

København, framleis i 1705, kort tid etter hendingane på Anholt. Det er uro i den dansk-norske hovudstaden. Det skjer fleire groteske drap og folket er hevnlystne og forlangar gjengjelding. Men alt tyder på at den fyrst pågripne er heilt uskuldig. Klarar Thomas og Petter å finna ut noko? Det gjer dei, men det har ein høg pris. Thomas vert dessutan ramma av ei stor sorg.
Ludvig Holberg er ein bikarakter i boka.
Det er også høgst dramatisk for den aldrande Petter; han og Bark er tekne til fange av svenske røvarar. 
Boka er blodig og mørk - og svært god. 

Bok 7, 509 sider

Skipet med det onde øye

Etter hendingane i København i førre bok må Thomas og Petter komma seg vekk frå Danmark. Ved  hjelp av ein innfløkt plan kjem dei seg ombord på seglskuta Christianus Quintus. Petter er glad for at han har fått med seg Sara og vesle Sigmund. Dei ser fram til eit nytt liv på Kanariøyane, men det skal visa seg at ferda går lenger sør. På skipet møter dei igjen friskusen Peter Wessel som no er dekksgut (noko som er historisk korrekt). At skipet vert brukt til å frakta slavar over Atlanterhavet vert Thomas og Petter fyrst kjent med undervegs. 
Boka er actionfylt og spennande, med mange dramatiske og sterke scener. 
I "notid" møter gamle Petter Thomas si dotter i København. Det er eit sterkt møte og mange gamle kjensler vert vekte til live.

Bok 8, 596 sider

Hjertets mørke

Siste bok, dessverre. Det er faktisk vemodig. Og for ein avslutning av ein flott bokserie!
Tema er slavehandel, og mange er sikkert ikkje kjende med at Danmark-Noreg var såpass delaktige i denne groteske handelstrafikken. Men det var "me" faktisk, og handlinga er basert på verkelege hendingar og historiske personar. Handlinga er lagt til Christiansborg fort på Gullkysten (dagens Ghana), der det i si tid vart handla med slavar, elfenbein og gull. 
Boka byr elles på interessante sidehistoriar, sterke skildringar av groteske hendingar og eit ualminneleg fargerikt persongalleri. 
Sidan det er siste bok vert ymse trådar, både i fortid og i notid, samla opp og nøsta opp i. Det er godt gjort å få til det i eit så omfattande bokverk. 

21. januar 2023

Kort om: Kniven i ilden av Ingeborg Arvola

Cappelen Damm 2022
439 sider
Lånt papirbok privat

Bragepris. Rosande ord. Strålande omtalar. Høge terningkast.
Med dette i bakhovudet starta eg på Kniven i ilden.

På den andre sida: Eg var, basert på tidlegare erfaringar, ein smule skeptisk - for det hender, ikkje så reint sjeldan, at bøker som får slik allmenn skamros ikkje fell i smak hos meg. Samstundes hadde eg forventningar om ei bra leseoppleving, med tanke på at dette er ein historisk roman frå eit heilt framandt miljø: Handlinga er lagt til Aust-Finnmark for 150 år sidan. 

Eg har brukt nokre dagar på å fordøya det eg las - og konklusjonen er at eg er ambivalent i høve boka og leseopplevinga. Eg tykkjer det historiske, politiske og kulturelle bakteppet er interessant og eg likar at forfattaren har lagt inn nokre dokumentariske "faktaboksar" undervegs. Men andre deler av boka sleit eg med å få tak på.

Forfattaren har teke utgangspunkt i ein verkeleg historisk person - Arvola si eiga tipp-tipp-oldemor, Brita Caisa Seipajærvi. Hovudpersonen vert skildra på ein overbevisande måte, sjølv om eg tidvis tykkjer at det er litt rart at det vert skrive i 1. person. 

I 1859 utvandra Brita Caisa med dei to "uekte" borna sine, Aleksi på 12 og Heikki på 3 - frå Finland til Noreg. I fyrste omgang hamnar dei i Neiden, men målet hennar er Bugøynes der bror hennar bur og der det er arbeid å få. Dernest er målet å finna ein mann. Ein mann med båt og kanskje ei ku; ein mann som kan trygga tilværet for henne og sønene.

"Nå reiser jeg og kommer aldri tilbake. Det er ikke som de andre gangene, reisene til sesongarbeid, årene med tjeneste på storgårder med behov for hjelp. Jeg reiser for godt, skal aldri mer vende tilbake til stua til mor og far med nedslått blikk. Den veien. Fremover. Jeg må starte på nytt. I et nytt land."

Brita Caisa arbeider hardt og lever eit enkelt og strevsamt liv. Dessutan er ho svært vakker - noko alle, både andre kvinner, men spesielt menn, legg merke til. Møtet med den gifte gardbrukaren og sesongfiskaren Mikko skal bli skjebnesvangert for dei begge. Skildringane av dei voldsomme kjenslene og det ustyrlege begjæret minner meg mest av alt om dameromanar eller serieromanar - så eg tykkjer all denne erotikken er lite truverdig og veldig påklistra. 

Og det er ikkje berre dette som er påklistra. Eg har òg "problem" med det overnaturlege; til dømes at Brita Caisa "ser" ting som ingen andre ser, at ho liksom har "varme hender" som kan helbreda både menneske og dyr. Slikt trur eg ikkje på, og eg finn slike element merkeleg malplassert i ein elles så realistisk og historisk korrekt forteljing.
I ein roman kan sjølvsagt forfattaren fritt utstyra karakterane sine med allslags egenskapar og evner - men altså - for meg skurrar det her. Det skurrar så mykje at eg landar på terningkast 3.

Ein annan ting eg "sleit med" medan eg las er alle dei ulike namna på folk og stader. Me finn både finske, kvenske, samiske og norske namn. Fleire namn blir gjerne brukt på same person og same stad, noko som skapar forvirring.
I etterordet gjer forfattaren greie for ulike namnetradisjonar og kvifor ho har brukt ulike namn slik som det er gjort i denne boka. Det var oppklarande, og eg tenkjer at det egentleg hadde vore nyttig å lesa etterordet før resten av boka.

Andre bloggmeiningar: Ågots bokblogg, Tine sin blogg

11. april 2022

Omtale: Hundreårs-trilogien av Gunnar Staalesen

1900-trilogien, hundreårstrilogien eller Bergenstrilogien - kjært barn, mange namn - vart i fjor utvida til ein kvartett då 2020 Post festum kom ut. Eg las trilogien då bøkene kom ut i perioden 1997 - 2000 og likte dei veldig godt den gongen. Så eg var spent: Ville eg lika dei like godt om eg las dei på nytt no, over 20 år etter? 
Svaret er JA. Trilogien er både underhaldande, lærerik, storslått og overveldande. 

Bøkene er samla sett ei slags episk forteljing, og Gunnar Staalesen har då også fortalt at då han byrja på hundreårstrilogien var han inspirert av Hellemyrsfolket av Amalie Skram. I tillegg til å vera krimforfattar (Varg Veum-serien) er nemleg Staalesen ein av landets fremste Amalie Skram-kjennarar. Med 1900-trilogien har Staalesen på mange måtar vidareført Skram si historie om livet i og rundt Bergen.

I trilogien vert me kjende med mange karakterar frå ulike samfunnslag; med fleire familiar i fleire generasjonar gjennom skiftande tider. Eg vil tru at familiane er representative for innbyggjarane i Bergen på 1900-talet. Nokre av dei er "urbergensarar"; andre er innflyttarar frå Eksingedalen, Sunnfjord og Ryfylke. Me møter alt på dei fyrste sidene dei velsituerte familiane Friman og Dünner, forretningsfamiliane Helgesen og Brekke, opprørsfamilien Brandt og kulturfamilien Gade. Seinare møter me to greiner av Moland-familien, Pedersen-familien og innflyttarfamiliane Nesbø og Veum. Dei ulike menneska sitt liv og virke vert fletta inn i verkelege historiske hendingar som fann stad. 

Bøkene fortel om korleis Bergen, Noreg og verda endra seg gjennom hundreåret. For det er jo nesten utruleg at det er det same landet. Det vert fortalt om store endringar innan t.d. sosiale forhold, kvinner si stilling, utdanning, arbeidsliv, samferdsel, politikk, teknologi og kultur.
I tillegg er krimdramaturgien på plass; fyrste bok innleiar med eit mord som fann stad den 1. januar 1900. Oppklaringa skjer på dei siste sidene i siste bok; den 31. desember 1999.

1900 Morgenrød

Konsul Carl August Friman vert slått i hel natt til 1. nyttårsdag etter å ha vore på nyttårsfest hjå skipsreder Dünner. Politibetjentane Moland og Berstad vert sett på saka, og etter ei kort tids gransking har dei ein mistenkt. Pågripinga endar på ein tragisk måte, men saka vert likevel sett på som løyst og oppklart - noko ho slett ikkje er. Dette er liksom "ramma" og utgangspunktet for heile trilogien. 

I ein annan handlingtråd får me møta eksingedølen Torleif Nesbø som søkjer arbeid på anlegget på Bergensbana. Han vert stam-(ste)far for ein av dei mest sentrale familiane i trilogien. Ein annan sentral karakter er Maren Kristine Pedersen - trilogiens femme fatale. Ho er sterk og sjølvstendig og står på eigne bein, og har forhold til fleire menn. Ho får dermed kjennskap til mangt - noko som kan vera farleg. Mellom elskarane hennar finn me namn som Friman, Gade, Helgesen, Brekke - og Moland.

I år 1900 var Noreg i union med Sverige og Oscar 2. var konge. På den tida var det hestedrosjane som dominerte gatene i Bergen, men i løpet av dei fyrste par tiåra vart det meir og meir vanleg med tog, trikkar og bilar. Klasseskilnaden var enorm den gongen, og ei stakkars tenestejente hadde lite å stilla opp med når sonen i huset og kameratane hans finn ut at dei skal "forlysta seg" med henne. Det som hender med Tordis Sylte og korleis livet hennar vert øydelagt er opprørande lesing. 

Bergen har vore ramma av mange store brannar som på sett og vis har forma byen og gjort sitt til at busetnad og utsjånad er slik som det er i dag. Bybrannen i 1916 var svær og dramatisk og hadde store konsekvensar for mange av våre familiar i denne boka. Brannen - og følgjene av han - vert skildra frå ulike synsvinklar. 

Elles vert det fortalt om 1. verdenskrig, om påfølgande dyrtid, matmangel og bustadkrise og den globale pandemien spanskesjuka som tok mange menneskeliv, også i vårt land - og i Bergen. Mellomkrigstida var elles prega av arbeidskonfliktar, arbeidsledigheit og aukande politisk engasjement. Me får eksempel på at dei harde 30-åra var verkeleg harde for mange. 

1950 High Noon

Bakteppet når handlinga tek til i 1932 er ein ustabil internasjonal situasjon og globale økonomiske nedgangstider. Europa er prega av uro, polarisering og framvekst av nye ideologiar som kommunisme og fascisme. Me får lesa om den spanske borgarkrigen, sommar-OL i Berlin i 1936, om den tyske invasjonen 9. april 1940 og om kor dårleg førebudde norske styresmakter var på dette. I våre familiar finst både nazistar og motstandsfolk. Me får også møta den jødiske familien Liebermann som før krigen hadde ein naturleg plass i bybiletet i Bergen. Berre ein av dei overlever. 

Ein ny generasjon Moland etterforskar eit nytt mystisk dødsfall. Lesaren veit at det har ein viss samanheng med hendinga i 1900, men politiet finn ikkje ut av motiv og kva/korleis/kvifor. Kjærleiksforholdet mellom Christian Moland og Maren Kristine Pedersen, som starta i 1900, har aldri blitt kjent offentleg - men er heller aldri avslutta. Ikkje før i 1944, då den store eksplosjonsulukka i Vågen fann stad. Den ulukka vert fatal for dei begge og vert elles skildra på ein levande, brei og grundig måte i boka. Ei anna dramatisk hending som også får stor plass er Tragedien i Telavåg på Sotra. 

Då freden kom gjekk ein over til ein periode med gjenreising, utbygging og optimisme - men også med den kalde krigen. Enkelte folk fell frå og nye slektsledd kjem til i familiane me er blitt kjende med. I familien Veum vert det fødd ein liten gut i 1942 som får namnet Varg. At den biologiske far hans er jazzmusikaren Leif Pedersen og at han også har ei storesyster får ikkje Varg vita før i godt vaksen alder. 

Tittelen spelar på den amerikanske westernfilmen High Noon ("Sheriffen") frå 1952. Boka fortel detaljert om handlinga i filmen; motsetnaden og konflikta mellom engasjement og feigheit. Då eg las boka fyrste gong tykte eg at denne filmen tok altfor stor plass i boka. Eg meinar å hugsa at eg hoppa over den biten. No derimot forstår eg meir av symbolbruken og tematikken. 

Handlinga i denne boka går fram til året 1962 og Cubakrisa. Det er interessant å lesa om korleis denne krisa påverka vanlege folk, med tanke på dagens globale situasjon og krigen i Ukraina.

1999 Aftensang

Boka innleiar med ei forsvinnings- og overgrepssak; eit eksempel på at slike saker får store konsekvensar for enkeltpersonar i lang tid. 

Elles nærmar me oss "vår tid", og det er liksom med ei kjensle av at tida går fortare og fortare og at utviklinga også går raskare enn nokon gong. Me kan lesa om korleis hendingar internasjonalt og nasjonalt påverkar oss alle. Forfattaren zoomar inn og ut; me ser enkeltskjebnar samstundes som me ser det store overblikket. Alle som levde den gongen hugsar kvar dei var då dei fekk vita at president Kennedy vart skoten i 1963. Og for å ta eit nyare eksempel: alle i min generasjon hugsar då dei høyrde om ulukka med Alexander Kielland-plattformen i 1980. Den ulukka - og følgjene av den - er ei hending som vert skildra grundig og breitt i boka.

I siste del av boka er det Varg Veum som overtek forteljarstemma. Han får då eit heilt spesielt oppdrag; å etterforska ei svært gammal drapssak. Cecilie Brandt, fødd Frimann, drapsofferet si dotter som aldri vart kjend med sin eigen far, fyller 100 år. Kva kan Varg Veum finna ut? Basert på det som fleire før han har funne og nedskrive, gransking av offentlege arkiv - samt eit besøk i eit gammalt hus på Nordnes - vert saka faktisk oppklart. 

Hundreårsboken

Trilogien er svært omfattande og byr på mengder med informasjon og saksopplysningar, i tillegg til eit usedvanleg stort persongalleri. Hundreårsboken (skriven i samarbeid med Jo Gjerstad) kom ut i 2000 og er eit nyttig supplement til trilogien. Her finn ein slektstavler og oversikt over alle sentrale personar og familiar ein møter undervegs. 

Boka inneheld også mange kart, noko som er svært nyttig. Sjølv er eg rimeleg godt kjend i dagens Bergen, men store deler av sentrum såg heilt annleis ut for 120 år sidan.
Hovuddelen av boka består av gamle bilete, saman med utdrag frå tekstar henta frå dei tre bøkene. Dei aller fleste bileta er frå Bergen, men også frå andre deler av Vestland.

Eg vil rå til å bruka Hundreårsboken som eit oppslagsverk i samband med lesing ev. lytting av trilogien. Boka er tilgjengeleg på nb.no.

Sluttord

Eg er djupt imponert over detaljrikdommmen som kjem fram i bøkene og over kor levande alt vert framstilt. Staalesen er spesielt god når det gjeld skildringar frå ulike synsvinklar, både geografisk og sosialt. Alle personane er truverdige og samansette, med sine sterke og svake sider. 

Elles vart eg overraska over kor mykje av handlinga eg faktisk hadde gløymt. Dei historiske linjene hadde eg stort sett klart for meg, men alle folka måtte eg liksom bli kjent med på nytt. Overraskande var det at eg hugste ein god del frå fyrste bok, litt frå andre bok - og nesten ingenting frå tredje bok. 

Alle dei tre bøkene er kvar på godt over 500 sider. Lydbøkene varer tilsvarande lenge; tilsaman nesten 60 timar. 
Lydbøkene er strålande opplest av Sigmund Sæverud. Han beherskar alle dei ulike variantane av bergensdialekten, samt strilamål, sunnfjordmål, ryfylkedialekt, nordnorsk og austnorsk. Rett og slett imponerande!

Eg har gitt alle bøkene - kvar for seg - terningkast 5. Men leseopplevinga samla sett - heile trilogien - gir eg toppkarakter. Hundreårs-trilogien er eit verk som ruvar i norsk litteratur.

Avslutningsvis: Les gjerne Tine sin omtale av trilogien. 

15. januar 2022

Bokomtale: Etter åndemaneren av Kim Leine

Cappelen Damm 2021
844 sider
Lånt papirbok privat + lånt ebok BookBites

Eg byrja leseåret 2022 med ein skikkeleg murstein - og for ei leseoppleving! Avslutninga på Kim Leine sin grønlandstrilogi vart like storarta som forventa. 
Dei som kjenner meg og lesesmaken min veit at eg les mykje krim og trivst med det. Men dei bøkene som gir meg mest er svære historiske romanar fylt med interessante karakterar og dramatisk handling. Slik som denne boka.

Det er ein trilogi dette, men den er ukronologisk og bøkene heng berre lauseleg saman. Ein treng altså ikkje å lesa Profetene i Evighetsfjorden og Rød mann/sort mann før denne.
Etter åndemaneren er ikkje (fullt) så stinkande rå og brutal som dei to nemnde bøkene. Ho kan dermed framstå som litt "tam", men det er sanneleg rikeleg med ubehagelege scener også i denne boka. Ho har dessutan andre kvalitetar; levande skildringar, fargerike personar, truverdig handling og mørk humor.

Handlinga er lagt til Grønland og Danmark på 1880-talet. Danskar busette på Grønland såg nok framleis på seg sjølve som "siviliserte" og på grønlendarane som "ville hedningar" på den tida, men enkelte fekk etter kvart ei noko anna haldning til urbefolkninga. Mykje hadde endra seg sidan Egede starta misjoneringa si på 1720-talet. 
Slutten av det 19. hundreåret var óg tida for dei store polarekspedisjonane, og i denne boka får me lesa mykje om ein heilt spesiell ekspedisjon som fann stad på Grønland i 1883-85; Gustav Holm sin konebåt-ekspedisjon. Målet med forskingsreisa var å finna ut meir om natur, geografi, kultur og levemåte, på den til då uutforska austkysten av øya. Det vart ein vellukka ekspedisjon; faktisk kom fleire tilbake enn det reiste ut. Ekspedisjonen vart godt dokumentert for ettertida, både av ekspedisjonsleiaren sjølv og av "blandingen" Hanseeraq; han som leia grønlendarane (flest kvinner) som deltok. Denne dokumentasjonen er utgangspunkt for ein av handlingstrådane i Etter åndemaneren.

Dei mange "blandingane" rundt om på koloniane på Grønland var ei følgje av at mange barn vart fødde utanfor ekteskap (av grønlandsk mor og dansk far, aldri omvendt - og faktisk registrerte som "blanding" i folketeljingane) og desse folka vart gjerne sett ned på av begge partar. Ein av dei er altså Hanseeraq - ein verkeleg historisk person som er ein av forteljarstemmene i boka. Trass i at han (også) har eit dansk namn ser han på seg sjølv som rein grønlendar og nektar t.d. å snakka dansk sjølv om han faktisk kan språket.

Usikre farskap og uklare søskenforhold er eit gjennomgåande tema i boka. To andre forteljarstemmer tilhøyrer Jens - Hanseeraq sin nevø - og Sara - Hanseeraq si dotter. Begge desse er fiktive, og for begge sin del handlar det mykje om å finna sin eigen identitet og dei kampane dei må ta i samband med det. Jens dreg til København for å finna far sin. Saman med to andre har faren nemleg funne gull på Grønland, og det er muleg at gullet er oppbevart i København. Med sin  blandingsbakgrunn finn ikkje Jens seg til rette i Danmark. Ikkje finn han noko gull og ikkje finn han far sin heller. Han får heller ikkje ordentlege vener, men den einsame unge mannen vert dregen inn i det dekadente homsemiljøet rundt diktaren Herman Bang. Dette skal føra til både vanskelege forhold og dramatiske hendingar - og det skal gå lang tid før han får venda tilbake til Grønland. 

Forfattaren dreg også ein tråd framover nesten mot "vår eiga tid", i alle fall til året 1953 då Grønland fekk status som amt og dermed vart ein likeverdig del av den danske nasjonen. Åndemanaren Aappaluttoq, som me også "traff" i forrige bok er "med", men tek ikkje altfor mykje plass. Den mystiske gullbehaldninga er elles det som knyter handlingstrådane saman.

Det var kort oppsummert og noko overfladisk om litt av handlinga i den siste delen av Grønlandstrilogien. Etter åndemaneren er jo veldig omfattande med sine 844 sider, og lesinga tek si tid. Det er ei "bredt anlagt" forteljing om store kulturmotsetnader og voldsomme naturkrefter. Det handlar om galskap og ondskap, overgrep og incest, og om skam, skuld og anger. Likevel er boka ganske lettlest - og veldig interessant.
Boka kryp liksom under huda på deg, ho gjer deg opprørt og sjokkert, men er samstundes underhaldande og spennande. Det er ei bok som spelar på mange ulike kjensler - og sjølv måtte eg ta enkelte pausar undervegs. 

Kim Leine er norsk og busett i Danmark. Han skriv på dansk, overset/gjendiktar til norsk og utgir bøkene parallellt. På den måten skjønnar me at bøkene hans er uvanleg grundig gjennomarbeida. I tillegg må han ha hatt ein svær jobb med bakgrunnstoff og research. Grønlandstrilogien er på alle måtar eit stort verk og ein gedigen litterær prestasjon. 

Eg er ufatteleg "gjerrig" med 6'arane mine. I fjor ga eg kun èi bok dette terningkastet.
Men eg har gitt alle bøkene i denne trilogien terningkast 6.
Det seier sitt!
Anbefalast på det sterkaste!

Eg lånte og las papirboka i starten, men undervegs og tilfeldigvis vart eboka ledig i BookBites, så eg fekk fullført boka på iPad'en. Det var bra - ei papirbok i denne storleiken er veldig upraktisk.