Viser innlegg med etiketten Amy Tan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Amy Tan. Vis alle innlegg

3. juli 2018

Kort om: Beindoktorens datter av Amy Tan

Pax 2003
302 sider
Lånt papirbok biblioteket


Mitt fyrste møte med denne amerikanske forfattaren vart positivt. Både Amy Tan og forteljarstemma i boka, Ruth Young, har kinesiske røter - og eg vil tru at mykje av handlinga er sjølvopplevd og/eller er basert på historiar som har blitt fortalt i forfattaren sin familie.

Beindoktorens datter handlar om mor/dotter-forhold og andre familieband, vanskelege generasjonstilhøve og kulturelle motsetningar. Boka er delt i tre. Fyrst vert ein kjent med Ruth og hennar travle og kompliserte liv i California, med jobb, mann, stebarn og ei mor som tek til å bli dement. I denne situasjonen går det opp for Ruth at det hastar å få tak i mora, LuLing, si livshistorie. Den må takast vare på før den mentale helsa hennar gjer det umuleg.

I del to vert me så ført tilbake til LuLing sin barndom og ungdom i Kina på 1910-, 1920- og 1930-talet. Dette førrevolusjonære kinesiske samfunnet vert skildra på ein nær, detaljert og fascinerande måte. Her får me møta tittelfiguren, Beindoktorens datter, og hennar harde lagnad. Ho var barnepassar for LuLing og vart kalla Dyrebare Tante.

Andre del er den absolutt beste delen av boka. Amy Tan fortel levande og gripande om tilværet i landsbyen Udødelige Hjerte, om Pekingmannen, om Lille Onkel og Store Onkel og mange andre slektningar, om orakelbein og dragebein - og om dystre familiehemmelegheiter. Gradvis vert alt dette avdekka for Ruth og for lesaren. I del tre er ein tilbake i notida og til LuLing og Ruth sine utfordringar vidare i livet.

Notidshistoria som handlar om Ruth Young og hennar liv er ikkje altfor fengande, men elles er boka lærerik og overraskande morosam. LuLing si beretning om Beindoktorens datter gir oss ei svært interessant og original historie frå eit framandarta miljø. Anbefalast!

30. juni 2018

Oppsummering juni og fyrste halvår 2018

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Asbjørn Bakke - Erik Bye - Norsk biografi - Lånt ebok eBokBib
Frode Granhus - Forsvinningen - Norsk krim - Lånt lydbok eBokBib
Conn Iggulden - Stormfugl - Britisk historisk roman - Lånt ebok eBokBib

Lest i juni:
Trude Teige - Pasienten - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jonas Moström - Den du ikke ser - Svensk krim - Lydbok Storytel
Peter May - Lewisbrikkene - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Amy Tan - Beindoktorens datter - Amerikansk roman - Lånt papirbok biblioteket
Fred Vargas - Istider - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Ingar Johnsrud - Korset - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Kim Leine - Rød mann, sort mann - Dansk/norsk roman - Lånt papirbok privat
Kjell Ola Dahl - Søsteren - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


  • 4 papir, 1 lyd, 3 ebøker
  • 7 lånt, 1 abonnement
  • 5 krim/spenning, 2 romanar, 1 biografi
  • 3 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 amerikansk, 1 fransk
  • 3 kvinner, 5 menn 
  • "Nye" forfattarar: Bakke, Iggulden, Moström, Tan


Lesemål og 2018 så langt
Junilesing

48/100 bøker totalt: 12 ebøker, 15 lyd og 21 papir
3/8 mursteinar (over 600 s.)
3/25 norske utgitt 2018
5/12 utgitt før 2000
5/10 biografiar
1/15 annan sakprosa
2/6 frå bokhylla
17/40 bokomtalar
16/30 "nye" forfattarar
6/20 Storytel

Fyrste halvår 2018 er prega av at eg har gått tilbake til "gamle synder" når det gjeld lesing:
Krim, spenning, krim, thriller, krim, spenning..
Eg orkar liksom ikkje å lesa stort anna. Den einaste sakprosaboka eg har fullført hittil i år er Grensen - og eg har berre lest 5 "vanlege" romanar.

Av dei 48 fullførte bøkene er 10 av norske forfattarar.
Kjønnsfordelinga er like skeiv som den brukar å vera; 34 mannlege vs. 15 kvinnelege forfattarar.

Men elles har eg det fint -
og eg ynskjer alle blogglesarar ein riktig god sommar 😃