Gjennom jamnlege kåseri i radioen (det fantest berre ein kanal på den tida) formidla Herrmann britisk historie og kvardagsliv på ein frisk og personleg måte. Han skreiv også ein heil del dokumentariske, historiske og biografiske bøker. Dei har alle ein kåserande og sjarmerande stil og er fantastisk underhaldande. Journalisten, kåsøren og forfattaren Richard Herrmann budde i Storbrittania mesteparten av livet sitt. "Den andre stemmen fra London" gjekk bort i 2010, 90 år gammal.
Eg har tidlegare her på bloggen omtalt Herrmann sine bøker om dronningane Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria. Bøkene nedanfor touchar innom enkelte historiske hendingar i desse tre bøkene. I enkelte høve overlappar dei også kvarandre. Det gjer ingenting, for forfattaren viser oversikt og trekker på denne måten dei lange linjene og sørger for at ein ikkje treng å lesa dei i "rett" rekkefølge.
Nyleg har eg lytta til Med skjebnen i hånden og Gammel krone for en ny tid, begge via Storytel.
Med skjebnen i hånden har undertittel Churchill-slekten i krig og fred og det handlar som ein kan skjønna mest om mannen som var britane sin statsminister under andre verdenskrig; Winston Churchill. Men Herrmann dreg dei vanlege historiske linjene og gjer greie for samfunnsutviklinga og bakgrunnen til den fyrste Churchill; John. Denne John Churchill (1650-1722) var offiser og militærgeni og vart av den grunn utnemnd til jarl og seinare hertug av Marlborough. Både han og kona hans Sarah var nært knytta til kongefamilien, på ulike måtar. Som takk for innsatsen og sigeren over franskmennene i slaget ved Blindheim i 1704, fekk Churchill høve til å setja i gang bygging av ein herregård som etter kvart fekk namnet Blenheim Palace. Denne gedigne eigedommen høyrer framleis til i slekta - og det var her Winston Leonard Spencer Churchill vart fødd i 1884.
Herrmann fortel om ymse interessante personar i slekta, men hovudpersonen i boka er altså den store Winston Churchill. Han fortel om dei positive og om dei negative sidene hans, om oppvekst og utdanning, militær- og politikarkarriere, privatliv og familieliv, slektskapsforhold og samfunnsforhold. Det vert fortalt utførleg om foreldra som han lengta etter merksemd frå, men som han ikkje fekk særleg kontakt med i barndommen. Slik var det vel i den engelske overklassen familien tilhøyrde. Churchill vart elles kjend for sigar- og whiskybruken sin, for retorikken sin og for ambisjonane og visjonane sine. Sjølv om Churchill vart ein populær mann og ein samlande figur for britane i dei harde krigsåra, fekk han ikkje fornya tillitt av veljarane sine i valet etter krigen.
Gammel krone for en ny tid handlar om utviklinga av det britiske samfunnet og samveldet etter dronning Victoria og fram til 1990-talet. Med Buckingham Palace og kongefamilien som utgangspunkt greier Herrmann ut om historiske fakta, politiske hendingar, samfunnsmessige endringar - og krydrar det heile med mengder med anekdotar og kuriosa. Enkelte historiske hendingar og nokre historisk viktige personar har sine eigne kapittel; for eksempel om den konstitusjonelle krisa som oppsto då kong Edward 8 abdiserte i 1936 og om framveksten av eit økonomisk sterkt, men meir klassedelt samfunn i "jernladyen" Margaret Thatcher si regjeringstid.
Har du meir sans for det kriminelle og morbide enn for det politiske og konstitusjonelle, kan eg anbefala Herrmann sine historiar om berømte britiske mordsaker. Desse True crime-historiane er samla i lydbøkene Brudene i badekaret, Død mann fra skyene, Seks skudd ved stengetid og Med kniv om natten.