Viser innlegg med etiketten biografi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biografi. Vis alle innlegg

16. januar 2026

Bokomtale: Hardråde av Tore Skeie

Gyldendal 2025
447 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste fullførte bok i 2026 vart, om ikkje ein innertiar, så i alle fall ei vellukka leseoppleving. Hardråde er ei perfekt bok for alle historieinteresserte - og særleg for alle som har interesse for vikingtida og middelalderen. 

Etter flotte leseopplevingar med Alv Erlingsson, Jomfruen fra Norge og Hvitekrist av same forfattar hadde eg store forventningar til denne nye boka - og gledeleg nok vart forventningane innfridde. 

Som tittelen på boka viser er hovudpersonen kong Harald III Sigurdsson (1015-1066) eller Harald Hardråde som han vart heitande i ettertid. Det handlar om tida han levde i og om den verda han var ein del av og reiste i. Det handlar om samfunnsstrukturar, maktforhold, menneskesyn, religion, kultur og politikk. Mellom anna.

Det eg visste om Harald Hardråde frå før kan kort oppsummerast slik; halvbror til Olav Haraldsson (den heilage), deltok i slaget på Stiklestad 15 år gammal, forlot deretter landet før han kom attende som konge, gift med dronning Ellisiv og far til Olav Kyrre, døydde i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Samt at dette slaget markerte slutten på vikingtida.
No veit eg mykje meir, både når det gjeld Harald sjølv og samtida hans. 

Sett med notidsbriller var samfunnet på 1000-talet hardt og valdeleg. Noreg var eit boklaust samfunn på den tida, fyrst på 1200-talet vart kongesogene nedskrivne. Forfattaren har sjølvsagt nytta dei norrøne kjeldene, og i tillegg er det vist til engelske, normanniske, slaviske, bysantinske og arabiske kjelder. Dei utanlandske kjeldene har stort sett blitt nedskrivne nærare Harald Hardråde si levetid og dermed truleg meir truverdige enn t.d. Heimskringla, Morkinnskinna og ymse skaldekvad.
Resultatet av arbeidet med reserarch og gransking av dei ulike kjeldene har gjort dette til ei svært interessant bok. Ho gir eit levande portrett av ein heilt spesiell mann som levde i ein heilt spesiell tidsalder.

Det er sjølvsagt mykje om livet for nesten 1000 år sidan me ikkje veit. Forfattaren strekar då også under dette fleire gonger. Mykje er "sannsynleg", noko er "usikkert" eller "ikkje usannsynleg", nokre hendingar er truleg legender og eventyr, som likevel kan bygga på det som verkeleg hende.
Noko som er heilt sikkert er at Harald (og støttespelarane hans) reiste svært langt; etter tapet på Stiklestad rømde han via Sverige til Rus-riket, fyrst til Novgorod (norrønt: Holmgard) og sidan til Kyiv der han hadde slektningar. Etter nokre år som leigesoldat hos Jaroslav 1. gjekk ferda vidare til Konstantinopel (norrønt: Miklagard, i dag Istanbul), på den tida hovudstad i det bysantiske riket. Også her vart Harald leigesoldat, og Skeie fortel om ulike dramatiske, brutale og i enkelte høve bisarre hendingar der Harald truleg/sannsynlegvis deltok. I alle fall tente han godt; han hadde tent seg opp rikeleg med både sølv og annan rikdom då han etter nokre år vende tilbake til Noreg som tronpretendent. Så rik var han at han fekk løyve av fyrsten av Kyiv å gifta seg med dottera hans.

Krona og arverekkefølga til dei norske, danske og engelske kongehusa var ustabile. Etter 1030 hadde Noreg stort sett vore under dansk styre, og Knut den mektige rådde ein periode over eit rike som besto av både Noreg, Danmark og England. Då Knut gjekk bort førte det til uro, slag, stridigheiter og maktkampar mellom mange ulike personar, familiar og varierande konstellasjonar. Harald Hardråde hadde gjennom livet synt ein brutal vilje til makt og meinte han hadde rett til å bli konge også i England. Det skulle det ikkje bli noko av, for som kjent tapte han slaget i 1066. 

Eg kunne ha skrive mykje meir om kva denne innhaldsrike boka handlar om, men eg nøyer meg med å avslutningsvis sei: Les! Boka er både underhaldande og lærerik, skriven av ein forfattar med ei eineståande god formidlingsevne. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Undervegs i lesinga av Hardråde kom eg på at eg for mange år sidan las romanen Kongespeil av Vera Henriksen. Den boka handlar faktisk óg om Harald Hardråde. Eg noterer meg at Kongespeil bør gjenlesast.

Har du lyst til å høyra ei meir lettbeint framstilling av Harald Hardråde sitt liv kan eg anbefala podcasten Kongerekka med Are Sende Osen.

15. oktober 2024

Samleinnlegg: Middelalderen

I denne samleomtalen skal det handla om høgmiddelalderen; i norsk historie rekna som perioden frå ca. år 1130 til ca. 1350; med andre ord frå då vikingtida tok slutt og til svartedauden kom. Bøkene nedanfor er veldig interessante og fortel mykje om denne dramatiske tida. I "mitt system" har eg kategorisert dei som historisk/biografiske dokumentarar. For meg fører lesing av slike bøker alltid til ein del nettsøk; eg vil gjerne lesa meir om personane og den historiske perioden. Dersom du som les dette også er interessert i vidare lesing har eg lagt inn ein del lenker.

Det handlar om følgjande historiske personar:
 - Ingerid Ragnvaldsdotter - norsk dronning, fødd ca 1108, død ca 1170
 - Magnus 6. Håkonson (Lagabøte) - norsk konge, fødd 1238, død 1280
 - Alv Erlingsson - norsk adelsmann, fødselsår ukjent, død 1290
 - Ingeborg Håkonsdotter - norsk kongsdotter og svensk hertuginne, fødd 1301, død ca 1361

Ingen av bøkene er "reine" biografiar, det handlar meir om tida dei levde i og om samfunnet rundt dei.  Hovudpersonane er likevel den raude tråden i kvar enkelt bok. 


Dronning Ingerids land av Mona Ringvej
Spartacus 2023
318 sider
Papirbok fått i gåve

I 1130 døydde kong Sigurd Jorsalfare, og i tida etter var landet prega av uro, konflikt og strid om kongemakta. Striden om makta hadde blodige og bisarre utslag og som dronning hamna Ingerid midt oppe i arvestrider og maktkampar. 
Ekteskap innan dei kongelege kretsane var storpolitikk den gongen - og Ingerid (som var av svensk kongsslekt) vart gifta bort alt som 12-åring. Gjennom ekteskap nummer to, med kong Harald Gille, vart ho norsk dronning. Då han vart myrda vart dei mindreårige sønene hans kongar, både "den ekte" som han hadde med Ingerid og "den uekte" som han hadde med frilla si. Barnekongane fekk seinare tilnamna Inge Krokrygg og Sigurd Munn. Kjeldene nemner ikkje Ingerid si rolle i samband med formyndarstyre, men forfattaren meiner at kongsmora må ha hatt ein svært sentral plass i styringa. Alt tyder på at ho var ei kvinne som hadde og søkte makt. Ingerid var gift fire gonger og fekk minst 10 barn, både i og utanfor ekteskap. 

Mona Ringvej har ein open og undrande skrivestil og fortel kva som er sannsynleg - og ho filosoferer over kva sagalitteraturen (Heimskringla, Fagrskinna, Morkinnnskinna, Sverressoga m.fl.) ikkje fortel om. Ringvej gir kvinnene ein plass i historia og gir oss eit anna syn enn det sagalitteraturen formidlar. Det er også interessant at forfattaren ruskar litt i ettermælet til kong Sverre og birkebeinarane.


Kongen, lova og landet av Jørn Øyrehagen Sunde
Kagge 2023
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Undertittel: Kong Magnus Lagabøter, landslova av 1274 og det landet han skapte. 
Me skal nokre generasjonar fram i tid frå dronning Ingerid - og til den einaste kongen i denne perioden som ikkje førte krig. I staden bygde han landet på fredeleg vis med lover. Landslova av 1274 var den fyrste riksdekkande lova for Noreg og dessutan den fyrste som var skriftleg. 
Magnus skal ha fått utdanninga si av fransiskanarane i Bergen, og landslova syner at folk skulle ha ei viss omsorg for dei fattige. For eksempel vart grusomme skikkar som ordinga med gravgangsmenn fjerna. 
«Kongen, lova og landet» er både rettshistorie, politisk historie og kulturhistorie. Forfattaren skriv om eit samfunn som var prega av 100 år med borgarkrigar og politisk dragkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Vidare skildrar han ein framsynt konge og gjer grundig greie for sjølve lovgjevingsprosjektet. 
Far til Magnus, den mektige Håkon 4. Håkonsson (han som vart frakta over fjellet som lite barn), førte ein aggressiv utanrikspolitikk og regjerte då Noregsveldet var på det største. Kong Magnus hadde andre ambisjonar og interesser, for å sei det slik. Rikspolitikken og utanrikspolitikken endra seg då også raskt etter at kong Magnus døydde av sjukdom i 1280. 

Kong Magnus var gift med Ingeborg Eiriksdotter, den fyrste dronninga som vart krona i Noreg. Henne får me lesa meir om i neste bok: 


Alv Erlingsson av Tore Skeie
Cappelen Damm 2010
Speletid 9:32
Lyd Storytel 
(ikkje lenger tilgjengeleg)

Undertittel: Fortellingen om en adelsmanns undergang.
Enkedronning Ingeborg fekk (eller tok?), som dronning Ingerid over, ei sentral rolle som rådgjevar for sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar. Ein av støttespelarane hennar var Alv Erlingsson.
Alv tilhøyrde ein mektig adelsfamilie og var ein mektig mann, så fallet hans var skikkeleg brutalt. Han enda opp som sjørøvar og vart lyst fredlaus - og til slutt henretta ved steile og hjul. 

Forfattaren og historikaren Tore Skeie skriv med innleving og kunnskap. Det er ei svært godt fortalt bok, ei bok som egentleg handlar meir om politikken, samfunnsstrukturen og tida hovudpersonen levde i - enn Alv sjølv. Borgarkrigstida var på dette tidspunktet over, men forholda til nabolanda Sverige og Danmark var utfordrande, og med stadig skiftande alliansar. 

Mykje av innhaldet i denne boka overlappar boka om Magnus Lagabøte over - og det same gjeld også for boka nedanfor. 
Kongelege og adelege arrangerte ekteskap var eit slags våpen i danninga av politiske, strategiske og militære alliansar. Det gjer inntrykk å lesa om at små barn - særleg døtre - vart brukte som eit middel for å oppnå slik makt.
"På samme måte som kongene giftet sine døtre inn i utenlandske kongehus, giftet de norske aristokratene seg inn i hverandres slekter. Strategiske ekteskap var den viktigste framgangsmåten for å bygge allianser med andre toneangivende familier, livsviktig for å holde seg innflytelsesrike i et urolig og stadig skiftende politisk landskap."
Meir om slik alliansebygging også i neste bok:

Jomfruen fra Norge av Tore Skeie
Cappelen Damm 2015
Lyd Storytel (ikkje lenger tilgjengeleg)

Boka er ein oppfølgar av Alv Erlingsson-boka, men er sjølvstendig og ei litt anna type bok. Dei mest sentrale personane i boka er kong Magnus Lagabøte og dronning Ingeborg sine søner Eirik 2. Magnusson og Håkon 5. Magnusson. I tillegg får me lesa om maktspel, intrigar og skiftande alliansar i og mellom dei norske, danske og svenske kongehusa. Konflikta mellom svenske kong Birger, hertug Erik og hertug Valdemar er heilt grotesk. 

Jomfrua som tittelen viser til er kong Håkon 5. og dronning Eufemia si dotter - som også heitte Ingeborg (og av og til Ingebjørg) - det same som farmora. Alt som liten baby vart Ingeborg Håkonsdotter lova bort til den svenske hertugen Erik Magnusson som då var rundt 20. Ho vart gift som 12-åring og fekk fyrste barnet då ho var 15. Ganske groteske greier det òg. 

Men Ingeborg var ikkje berre ei brikke og ei fødemaskin. Då både faren og ektemannen døydde vart den vesle sonen hennar (3 år) konge - både i Noreg og i Sverige. Hertuginne Ingeborg deltok heilt sikkert både i rådgjeving og styring, men kjeldene er noko uklare på dette punktet. Det ein veit er at då Ingeborg gifte seg på nytt med ein dansk hertug, vart det sett på som ein tryggleikspolitisk trussel. Dermed mista ho mykje personleg gods og vart fråteken politisk kontroll og makt.

Når ein lyttar til lydbok går ein gjerne litt i surr i alle Håkon'ane, Erik'ane, Magnus'ane og Ingeborg'ane. Eg tykkjer likevel at forfattaren gjer forteljinga om denne kaotiske og dramatiske tida i skandinavisk historie både levande, spennande og forholdsvis oversiktleg. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I samband med desse bøkene må eg i tillegg anbefala podkasten Kongerekka med Are Sende Osen. Her fortel programskaparen alternativt og humoristisk om norsk historie - men han får liksom fram essensen likevel. 

Lenke til podkast-episoden om Håkon 5

28. april 2024

Vårlesing: Vikingtida

Vikingtid og middelalder har interessert og fascinert meg lenge, - og eg trur grunnlaget for interessa vart skapt då eg som tenåring las Sigrid-trilogien for fyrste gong. Opp gjennom åra har eg lese mykje om denne epoken, både skjønnlitterære bøker og sakprosa. Eg har ofte tenkt at eg er rar som har ei slik sær interesse, men har oppdaga at eg ikkje er åleine om det. Populariteten til bøker, TV-seriar og filmar om vikingar og vikingtida er visstnok stor.

Øystein Morten sine bøker om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav den heilage har fått svært gode kritikkar, og i dette innlegget skal eg stadfesta at dei er velskrivne, interessante og underhaldande bøker. Andre vikingbøker som har fått gode omtalar er Den svarte vikingen av Bergsveinn Bergisson (meir om den også nedanfor) og ikkje minst Hvitekrist av Tore Skeie. Sistnemnde kjem med ny bok (om Harald Hardråde) til hausten, og det ser eg fram til.

Den vikingboka eg likte best (av dei eg har lese i det siste) er historia om oppdagaren Eirik Raude - og eg startar denne samleomtalen med den boka. 


Eirik Raude av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 11:25
Lyd Storytel


Øystein Morten er religionshistorikar og sakprosaforfattar - og sidan i fjor haust er han ordførar i Rollag kommune. Han har truleg ikkje så mykje tid til skriving, reising og gransking no for tida, men når han eingong gir seg i politikken bør han absolutt halda fram med å gi ut bøker. For eg vil gjerne ha meir! 

Det heiter at Eirik Raude  "oppdaga" Grønland, sjølv om det alt fantest folk og busetnader der då han kom dit i år 982. Men han og dei andre norsk-islandske landnåmsmennene grunnla dei fyrste norrøne busetnadene på øya - og det var han som gav øya namn. Elles er han kanskje mest kjent som far til Leiv Eirikson, mannen som "oppdaga" Amerika rundt år 1000. At han vart kalla "raude" hadde truleg samanheng med at han hadde raudt hår og skjegg, og det er muleg at han hadde eit heftig temperament. Han var i alle fall knytt til drapssaker både i Noreg og på Island, noko som gjorde at han vart dømd fredlaus. Ein annan årsak til at Eirik Raude for til Grønland var at det der på denne tida fantest mengder av ein verdifull ressurs: Kvalross. 

Forteljinga om Eirik Raude (fødd ca. 940 - død ca. 1002) byggjer på nokre få setningar i dei islandske sagaene. Desse setningane vert tolka (og utvida) av forfattaren, og han formidlar det heile vidare til oss lesarar på ein pedagogisk måte. Forfattaren byr dessutan på seg sjølv: Parallelt med at han granskar dei få skriftlege kjeldene som finst, inviterer han lesaren med på reiser til både Island og Grønland. Han skildrar natur, farvatn og omgjevnader og deler frustrasjonar og oppturar. Han fortel at han snakkar med ekspertar på ulike fagfelt og at han kjøper avansert VR-utstyr når koronanedstenging gjer at han ikkje kan reisa fysisk. 

Øystein Morten har ei fenomenal formidlingsevne, og som Åsmund Ådnøy (solvberget.no) skriv: "Hvis Indiana Jones og Lars Monsen hadde vært brødre og hatt en tredje bror, ville det vært Øystein Morten." 

Lydboka vert opplesen av forfattaren sjølv, også dette vert utført på ein god måte. 
Terningkast 5.

Då Øystein Morten var på Island i samband med innhenting av bakgrunnsstoff, lånte han hytta til forfattaren Bergsveinn Birgisson. Det vert òg ofte vist til boka om Birgisson sin fjerne forfar.

Den svarte vikingen av Bergsveinn Birgisson
Vigmostad Bjørke 2020 (Spartacus 2013)
Speletid 10:30
Lyd Storytel

Forfattaren er islending og etterkommar i 30. ledd etter Geirmund Heljarskinn, hovudpersonen i denne boka. Tidlegare har eg lese Birgisson si bok Mannen fra middelalderen som eg likte godt - og eg las (litt av) romanen han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for, Svar på brev frå Helga. Den likte eg ikkje i det heile tatt. Men boka om forfaren, denne svarte vikingen, likte eg ganske godt. 

Dette er sakprosa med skjønnlitterære element. Me skal nemleg svært langt tilbake i tid (800-talet) og forfattaren har i enkelte sekvensar dikta fram hendingar og samtalar. Dei skriftlege kjeldene er få og vage, og ofte sprikande. Desse har forfattaren vurdert opp mot kvarandre og gjerne samanlikna med segner og myter. Han har også støtta seg på vitenskaplege metodar og arkeologiske, lingvistiske og genealogiske funn.

Geirmund Heljarskinn altså, ein fascinerande mann med eit uvanleg liv og ei fargerik bakgrunn. Faren Hjør var høvding/konge på Avaldsnes (Karmøy) og mora Ljuvfina kom frå Bjarmeland og var av eit sibirsk urfolk. Geirmund hadde som mora mongolsk utsjånad og mørk hud - "heljarskinn". På nettsida Avaldsnes kan ein lesa meir om desse folka og sjå korleis ein tenkjer seg at familien såg ut. Etter at Harald Hårfagre tok over makta her i landet reiste Geirmund til Island. Han var ein av dei fyrste landnåmsmennene og dreiv internasjonal handel, mellom anna med kvalrosstenner frå Sibir og slavar frå Irland og Skottland. 

Den svarte vikingen vart nominert til Brageprisen 2013 for beste sakprosabok. Ikkje ufortent, for her er mykje interessant, men sjølv "datt eg av lasset" innimellom. Diktinga blir litt vidløftig, og det andre stoffet er ofte for detaljert, for repeterande og for springande. Som Øystein Morten gjer i sine bøker, skriv Birgisson seg sjølv inn i handlinga, men her er det ikkje så vellukka. 

Lydbokopplesar Endre Hellestveit les tydeleg og greit med passeleg engasjement.
Terningkast 4.

Det er altså sparsamt med skriftleg dokumentasjon bevart når det gjeld både Eirik Raude og Geirmund Heljarskinn. For dei to kongane nedanfor, Olav I Tryggvasson og Olav II Haraldson, er det i grunnen omvendt. Her er det nesten for mykje, fordi det vart dikta fram så mange vandrehistoriar, segner og legender om dei. Snorre og dei andre islandske sogeskrivarane sette saman sagaene sine omlag to hundreår etter at desse kongane levde. Dei bygde på endå eldre historiar og alle helteforteljingane vart nok pynta på og tilpassa det rådande samfunnssynet som fantest på 1200-talet. Det er opplagt at element er blitt lagt til og/eller trekt frå - og at enkelte historiar berre er tull og oppspinn. Øystein Morten har ikkje berre granska kongesagaene nøye; han har i tillegg brukt andre meir samtidige (og dermed sannsynlegvis meir truverdige?) kjelder.


Jakten på Olav den hellige av Øystein Morten
Spartacus 2013
Speletid 5:58
Lyd Storytel

Det er egentleg heilt utruleg at me aldri blir "ferdige med" denne kongen som levde for 1000 år sidan, men Morten kjem med nye vinklingar og interessante teoriar i denne boka. Det er ei todelt "jakt" det blir fortalt om. På den eine sida er det ei jakt etter det som kanskje er restane av deler av liket hans og på den andre sida; ei forteljing om mennesket Olav Haraldsson og samtida hans. 

Jakten på Olav den hellige er ei ganske kort bok (papirutgåva er på 256 sider), men forfattaren går grundig til verks. Han fortel utførleg om samfunnsforholda, storpolitikken og dei mange og skiftande alliansane som leda opp til den store konfrontasjonen då kongen fall på Stiklestad den 29. juli 1030. Det handlar også om kva som skjedde etterpå, både med maktforholda i Noreg - og med sjølve liket. 

Boka er interessant og lettlest. Til tider er det noko oppramsande, men Øystein Morten skriv med ein lett penn og med glimt i auga.
Eg vart dessverre aldri heilt fortruleg med opplesaren av lydboka. Den totale lese-/lytteopplevinga vart dermed eit terningkast 4. 


Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2019
Speletid 9:25
Lyd Storytel

Denne kongen levde i siste halvpart av 900-talet, og han var konge i Noreg berre i fire-fem år. Likevel er han "kjent" for folk flest, også i dag. Det er egentleg veldig rart. 

Forfattaren peikar på at dei eldste skriftlege kjeldene er sprikande, og at det difor er vanskeleg å sei kva som er sant og ikkje. Når forfattaren reiser i fotspora til Olav Tryggvasson blir det ei ganske omfattande reise, på kryss og tvers i Nord-Europa. Arkeologiske funn og andre spor tyder på at ein del av det Snorre og andre sagaforfattarar fortel om, stemmer - men det er minst like mykje som ikkje er sant. 

Jakten på Olav Tryggvasson er ei underhaldande bok der forfattaren pirkar borti vedtekne "sannheiter". Olav Tryggvasson var i alle fall neppe så sprek og tapper som sagaene vil ha det til, og han likna heilt sikkert ikkje på Fritjof Nansen. (Teiknaren Erik Werenskiold brukte naboen Nansen som modell då han illustrerte den norske praktutgåva av Heimskringla i 1899.)

Kvar er Svolder, staden der Olav Tryggvasson fall i eit slag i år 1000? Det er det ingen som veit heilt sikkert, men Øystein Morten meiner at det er snakk om øya Ven i Øresund - og at det ikkje fann stad i år 1000, men i 999. Forresten er det ikkje sikkert at kongen døydde ved Svolder/Ven heller. Ei av legendene som oppsto i ettertid var at han overlevde, flykta og levde resten av levetida som munk i Midtausten. 

Det fungerer fint med lydbok, men det er greitt å ha tilgang til kart og oppslagsverk medan ein lyttar. Her er forfattaren sjølv opplesar av boka. Terningkast 4+.

14. desember 2023

Bokomtale: Skygger av liv du kunne ha levd av Hilary Mantel

Forlaget Press 2023
222 sider
Lånt papirbok biblioteket

Forfattaren Hilary Mantel døydde i fjor, berre 70 år gammal. Sjølvbiografien/memoarane hennar Skygger av liv du kunne ha levd kom ut på engelsk i 2003 (originaltittel Giving up the ghost) og no er boka omsider også utkommen på norsk. 

Mantel er mest kjent for trilogien ho skreiv om Thomas Cromwell, og for at ho vart ein av få forfattarar som mottok den prestisjetunge Booker-prisen to gonger. Ho fekk prisen for Ulvetid (Wolf Hall) i 2009 og følgde opp med nok ein pris for Falkejakt (Bring up the bodies) i 2012. Også den tredje boka Speilet og lyset vart nominert, men nådde ikkje heilt opp.

Men her skal det egentleg handla om forfattaren sjølv. Skygger av liv du kunne ha levd er ingen tradisjonell sjølvbiografi - og er altså skriven før Mantel slo gjennom internasjonalt med Ulvetid - og lenge før ho vart Dame Hilary. Men i 2003 hadde ho alt gitt ut fleire bøker og var blitt ein relativt kjent og etablert forfattar. Klassereisa hennar var godt i gang.

Ho kom til verda som Hilary Mary Thompson i landsbyen Glossop, ikkje så langt frå Manchester. Begge foreldra tilhøyrde arbeidarklassa, dei var katolske og hadde irske røtter. Ressursane var små, buforholda dårlege og familieforholda sære - og det var neppe nokon lukkeleg barndom. Etternamnet Mantel kom frå stefaren Jack som kom inn i familien då Hilary var seks år gammal. Stefaren behandla henne dårleg, mora var som regel opptatt med andre ting og faren mista ho kontakt med. Barnet Hilary trekte seg difor ofte tilbake og gjorde seg usynleg for omverda, kun i selskap med sine eigne tankar og fantiasiar. Ho likte å lesa og var skuleflink, men som omslagsbiletet syner var ho tynn og bleik - og ho vart ofte sjuk. I tenåra vart Hilary sitt liv svært prega av ubehag og smerter, men ho tok likevel ei høgare utdanning. Medan ho var student møtte ho mannen ho gifta seg med (og skilte seg frå, og gifta seg på nytt med).

Fyrste halvdel av Skygger av liv du kunne ha levd handlar om barndom og ungdom. Andre del handlar om vaksenlivet - men svært lite om yrkesliv og forfattarliv. Det handlar aller mest om kvinnesjukdommen endomentriose; ein svært smertefull sjukdom som tidlegare ofte vart knytta til skam, sidan det handla om blødningar og underliv. Legane trudde ho var gal og ho fekk både psykosemedisin og vart lagt inn på psykiatrisk sjukehus. Men Hilary las og søkte informasjon og fann sjølv ut av diagnosen, og fekk etter kvart medhald av legar. Som 27-åring fekk ho fjerna livmora, i håp om at ho skulle bli betre. Etter inngrepet vart sjukdommen annleis, men ho vart aldri heilt bra. Medisinen ho måtte ta for å halda sjukdommen i sjakk hadde ubehagelege bivirkningar; mellom anna kraftig vektauke og hårtap. Det vanskelegaste var likevel at ho aldri kunne bli gravid og bera fram eit barn. 

Boka er ei sterk personleg beretning der det vert teke opp alvorlege tema. Ein får nesten fysisk vondt av å lesa om alt Hilary Mantel måtte gjennomgå. Mantel er overraskande lite bitter; ho kjem i staden med jamnlege små stikk. Mellom alt det saklege og faktabaserte er det ein heil del sarkasme og mykje beisk humor. 

Stemninga i boka er elles mest melankolsk og ettertenksam: Ei kvinne som tenkjer på det som det ikkje vart noko av - som ser skuggane av eit anna liv.

30. mars 2023

Dikt og slikt: Ein av dei kalde, klåre dagane

Onsdagsdikt på ein torsdag...

Eg har nyleg lest biografien om Marie Takvam, skriven av sonen Magnus Takvam; Hun skrev for å kunne leve. Det er ei interessant bok og eit nært portrett av ei heilt spesiell kvinne, skriven av den personen som sto henne nærast. Men som han seier: "Å ha et nært forhold til sin mor er i utgangspunktet positivt. Mitt problem ble at hun aldri slapp taket".

Marie Takvam (1926 - 2008) sine dikt har betydd mykje for mange. Også etter at ho vart psykisk sjuk skreiv ho mange fine dikt, for eksempel dette:


Ein av dei kalde, klåre dagane

Eg gøymer hendene mine under bordet.
Ikkje i skam over skitne negler
eller visnande hud over høge, mørke blodårer.
Nei, eg gøymer dei i redsle
over å sjå at dei er tome.

Sjå denne venstre!
Kvilde ho eingong mot min eigen mage
kjende at barnet der inne levde?
Og denne høgrehanda!
Kor mange tusen gonger har ho ikkje stroke
over panna til den eg elska.

Om eg no famla etter eit andlet eller ei hand
ville mennesket rykke seg hastig bort.
Nei, desse hendene kan aldri meir
kjærteikne varm hud.

Den høgre handa klamrar seg til eit glas
fylt av sterk vin.
Den venstre dreg gardinet til.
Eg er åleine med desse hendene
som har mjølka kyr, baka brød,
hogge hol i isen etter vatn, bladd i bøker
bore ringar,
vorte kyste av småborn og av menn.

Så grenselaust elskar eg dette livet
at eg ikkje kan visne roleg
men legg handflatene over augene
og ropar ut mi sorg.


- Frå samlinga Auger, hender (1975)

18. mai 2021

Vårlesing: Biografiar

I dette innlegget vil eg slå eit slag for sakprosa i lydbokformat. Eg har nemleg hatt mange positive lytteopplevingar innan denne sjangeren; både dokumentarar, populærvitenskap, debatt- og faktabøker - og særleg biografiar.

På Storytel finst det uendeleg mange biografiar å velja mellom. Her kan ein finna godbitar som Tor Bomann-Larsen sin biografi om Roald Amundsen, Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen, Ola Henmo sitt portrett av Kim Friele og sjølvbiografien Jeg er Zlatan. Mellom anna. 

Det er gjerne kjendisbiografiar som får mest merksemd, men ofte er det biografiar/forteljingar om ukjende folk som gir mest inntrykk. Om meir eller mindre vanlege folk som har levd meir eller mindre uvanlege liv, som t.d. Wilhelm Holst.
Her kjem heilt kort om nokre biografiar eg har lytta til dei siste månadene. Ingen av "dei biograferte" er kjende for eit breiare norsk publikum, verken no eller medan dei levde, men det var likevel interessant å lesa om dei. 


Sepp av Nina Kristin Nilsen 
Cappelen Damm 2019
Speletid 7:31
Lyd Storytel

Leonhard Seppala (1877 - 1967) var i si tid ein svært kjend hundekøyrar. I Alaska og andre deler av USA vart han særleg berømt for innsatsen i Serumløpet i 1925. 
Seppala var fødd i Skibotn i Troms og hadde kvenske anar. Han utvandra til Nome i Alaska i 1900, midt under klondyketida. Men gull vart det lite av, så i tillegg til arbeidet i gruvene tok han på seg fraktoppdrag med hundesledar. Han vart ein dyktig hundetrenar og fekk m.a. ansvaret for å trena hundar i samband med ein av ekspedisjonane til Roald Amundsen. Seppala tenkte heile tida nytt og utradisjonelt og foredla hunderasen siberian husky. 

Nilsen har skrive ein interessant biografi om ein mann som aldri ga opp og som hadde ein heilt uvanleg omsut for og kontakt med hundane sine. I tillegg inneheld boka utvandrings- og polarhistorie, fortalt på ein oversiktleg og lærerik måte.
Terningkast 4+.

Du kan lesa meir om Leonhard Seppala på nettsida til Seppalaløpet.
Kleppanrova har òg nyleg lest/høyrt denne boka. Les gjerne hennar grundige omtale.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Thor Gotaas, forfattar og folkeminnegranskar, er nok mest kjent for alle bøkene om langrenn- og hoppsporten; om Birken, om Wirkola og om Oddvar Brå, for å nemna nokre få. Men han har også skrive om ein norsk proffboksar:


Magnus "Wolf" Larsen av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 2:11
Lyd Storytel

Denne kan knapt kallast biografi, - som forfattaren seier sjølv innleiingsvis er det meir eit omriss av eit liv. Eit kort liv dessutan. 

Magnus Larsen (1901 - 1931) hadde alle odds mot seg då han vart fødd, men han "slo seg fram". Frå ein tøff oppvekst som bortplassert tatergut rømde han til sjøs som 14-åring. Etter kvart gjekk han i land i New York og byrja med boksing. Med eit naturleg talent vann han mange kampar, men det vart ingen langvarig suksess. Larsen døydde berre 30 år gammal av alkoholmisbruk og bokseskadar.
Ei trist historie, dette. All ære til Gotaas som har løfta fram ei ukjend historie om ein ukjend mann.
Terningkast 4.


Josef Elvebakken av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 3:32
Lyd Storytel

Nok ei trist historie om ein mann med taterbakgrunn. 
Josef Olaus Aleksander Alting (1900 - 1972) vart fødd på landevegen og var på reise med familien dei fyrste åra av livet sitt. Då Josef vart morlaus som sjuåring vart han, som vanleg i dei dagar i slike tilfelle, "sett vekk" dvs. plassert i fosterheim.
Gotaas skildrar Josef sin tøffe og tragiske oppvekst og eit tilvære heilt nederst på rangstigen i samfunnet. Han fekk skulda for det meste, fekk fleire fengselsdommar og vart tvangsinnlagd på Reitgjerdet. Forståeleg då at han vart mistenksam og folkesky. Han flytta til skogs og budde åleine i ei koie på fire kvadratmeter i mange år. Her livnærte han seg på jakt, fiske og skogsarbeid.

Biografien handlar om ein mann som levde i og av naturen og som vart sett ned på av "folk flest" og resten å samfunnet. Boka gjorde djupt inntrykk på meg. Terningkast 5.


Olga Wilsons dobbeltliv av Bjørn Erik Thon
Cappelen Damm 2019
Speletid 8:51
Lyd Storytel

Dette er meir som ein trippelbiografi. Her handlar det om Olga, mor hennar Anna - og den som truleg var far hennar; USAs 27. president, William Taft. Ganske sensasjonelt altså, men ifølge forfattaren kan ikkje farskapet bevisast. (Men kan ikkje ein DNA-test avgjera det? innvender krimlesaren i meg)

Uansett. Thon fortel vekselvis om Anna/Olga og William Taft. Om ei oppvakt jente frå Indre Østfold som utvandra til Amerika i 1892. Om mor og dotter som levde, reiste, budde og arbeidde i lag heile livet. Og om ein mann som vart president fordi folk rundt han forventa det.
Boka er litt rotete og repeterande, men ganske interessant. Terningkast 4-.

7. desember 2020

Serieomtale: Haakon & Maud av Tor Bomann-Larsen

Tor Bomann-Larsen brukte 17 år på dei 8 binda i biografiverket om kong Haakon og dronning Maud. Eg har brukt ganske nøyaktig eitt år på å lesa bøkene, og no er tida inne for å summera opp inntrykka bokserien har gitt meg. Og det eg kjenner mest på akkurat no er takksemd. Takk for nokre fantastisk lærerike leseopplevingar! Tusen takk til ein forfattar som har brukt så mykje tid og krefter på å skriva eit grundig, tankevekkjande og interessant biografiverk - og her er det ikkje berre snakk om det tidlegare kongeparet og infløkte kongelege slektskapsforhold. Nei, her får ein kjennskap/kunnskap om politikk, samfunnsutvikling og viktige nasjonale og globale hendingar. Bøkene er opplysande og informative, men samstundes skin forfattaren sine personlege meiningar og betraktningar gjennom rett som det er. 

Kong Haakon sin innsats og handlekraft under 2. verdenskrig er udiskutabel og beundringsverdig. Men elles er eg ikkje spesielt opptatt av kongelege personar og rojale hendingar. Reint prinsippielt er eg ingen tilhengar av monarki, verken absolutte eller konstitusjonelle. At makt og privilegiar går i arv slik det gjer innan denne styreforma er - egentleg - svært lite demokratisk. På den andre sida: når ein eingong har eit monarki er me heldige som har eit moderne monarki og ein såpass oppegåande kongeleg familie som me har her i landet. 

Forfattaren har hatt tilgang til eit enormt arkivmateriale i fleire land og må ha hatt litt av eit arbeid med å plukka ut, systematisera og tolka relevante dokument, brev, dagbøker og andre kjelder. Bomann-Larsen går ikkje tilbake til "tidenes morgen", men han går grundig til verks alt frå start. Han gjer greie for den politiske situasjonen og utviklinga i Europa på 1800-talet generelt og forholda i unionen Noreg/Sverige spesielt. 

Samstundes presenterer han hovudpersonane sitt slektstre. Prins Carl av Danmark og prinsesse Maud av England hadde ein del felles røter i dette treet sidan dei var søskenbarn. Deira felles besteforeldre var kong Christian IX (frå fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg) og dronning Louise (frå fyrstehuset Hessen-Kassel) av Danmark. Begge frå gamle tyske fyrstehus altså, noko som er litt interessant med tanke på dei to verdenskrigane som skulle komma noko seinare. Christian og Louise vart kalla "amama" og "apapa" av barnebarna sine, og vart kjende som Europa sine svigerforeldre sidan dei gifta bort borna sine omkring i andre europeiske kongehus - England, Russland, Preussen og Hellas forutan Danmark. No i dag finst det uendeleg mange etterkommarar etter dei.

Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, til dagleg prins Carl, vart fødd 3. august 1872 som nest eldste barn av dåverande kronprins Frederik og kronprinsesse Louise av Danmark (jepp, nok ei Louise; denne var svensk-norsk prinsesse. Ein skal ha tunga beint i munnen for å halda styr på desse folka). Dei fekk tilsaman åtte barn. Denne Frederik var kronprins i over 40 år, og var konge i berre seks år. Han døydde under pinlege omstendigheiter på Reeperbahn i Hamburg.

Maud Charlotte Mary Victoria vart fødd 26. november 1869 som engelsk prinsesse. Foreldra var dei som seinare skulle bli kong Edvard VII og dronning Alexandra av Storbritannia, men då Maud vart fødd var det dronning Victoria som regjerte. Maud hadde fem søsken, deriblant han som skulle bli kong Georg V, farfaren til dagens dronning Elizabeth II.

1. Kongstanken (2002)
464 sider

Kongstanken er ingen hoffreportasje, men her kryr det av kongelege personar og familiar. Det vert fortalt om kvardagsliv og festlege samankomstar, og nokre skandalar er heller ikkje til å komma frå. Det vert sitert frå private brev og dagboknotat og ein kan ein lesa om kulturelle hendingar. Det store bakteppet er eit Europa i forandring og aukande ustabilitet samt påfølgjande utanrikspolitiske motsetnader.

I tillegg til ei grundig innføring i familie- og samfunnsforhold får ein i denne fyrste boka nokre glimt av personlegdomen til det framtidige norske kongeparet. Den unge Maud vert framstilt som barnsleg, bortskjemt, sutrete og unormalt knytta til mor si. Den unge Carl var skulesvak, umoden og usikker - overraskande nok, med tanke på kor stø, kompetent og reflektert han vart med åra.

Haakon og Maud kjende altså kvarandre godt alt frå barndommen, og som unge vaksne fann dei nok ut at det var "noko meir" enn venskap og slektskap.  I ei tid der kongelege ekteskap som oftast var reine tvangs-fornuftsekteskap, tyder alt på at det var ekte kjærleik mellom dei to. Ikkje alle var begeistra for forholdet, men dei sto imot og gifte seg i Buckingham Palace i 1896. På framsidefotoet ser ein det unge paret på bryllaupsdagen. Her ana dei ikkje at dei ni år etter skulle bli konge og dronning av Noreg. 

2. Folket (2004)
563 sider

Det nygifte paret buset seg i København og prinsen held fram i jobben som offiser i den danske marinen. Men Maud mistrivst i Danmark og lengtar seg sjuk tilbake til England og mother dear. Maud lir elles av diffuse sjukdommar og plager. Det er ganske tydeleg at ho har anoreksi, som det heiter i våre dagar. 

Barn blir det heller ikkje, på mange år. Fyrst i 1903 kjem prins Alexander - den seinare kong Olav - til verda. Det mest oppsiktsvekkjande i denne boka er at forfattaren antydar at prinsen vart til på "kunstig" måte og at prinsessa sin livlege var sædgjevar. Mykje tyder på at han har rett - og eg tenkjer: er det ikkje greitt at det (kanskje) kom litt friskt raudt blod inn blant det blå i dette høvet?

Hendingar rundt unionsoppløysinga i 1905 er elles sentralt i bind 2. I ei folkeavsteming i november same år seier eit stort fleirtal ja til monarki og ja til at prins Carl av Danmark skal verta Noreg sin nye konge. Det var den unge prinsen sjølv som insisterte på folkeavstemning. Boka avsluttar med at kong Haakon, dronning Maud og vesle kronprins Olav vert ønskte velkommen til landet av statsminister Christian Michelsen og eit jublande folk.

3. Vintertronen (2006)
382 sider

Bind 3 handlar om åra 1905 - 1913. Det nye kongeparet og det ferske monarkiet møter utfordringar, men har stort sett støtte i folket sitt. Kong Haakon - i ein heilt spesiell situasjon som folkevald monark - er i ferd med å finna si rolle. Han er aktiv og interessert innan det politiske arbeidet og søkjer brei støtte, samstundes som han har sine eigne meiningar og synspunkt. Det kjem fram i dagbøkene hans, som Bomann-Larsen har fått tilgang til i samband med biografiprosjektet. 

Han har óg hatt tilgang til dronning Maud sin omfattande brevkorrespondanse med ulike europeiske kongehus. Slik får ein eit detaljert innsyn i dåtidas tankar og rojale veremåte. Det er tydeleg at Maud trivst mykje betre i Noreg enn i Danmark, og ho likar t.d. godt å gå på ski saman med sonen. Men kvart einaste år har Maud lange opphald på sitt kjære Appleton.

Av funfacts frå bind 3 kan nemnast kongeparet sitt nære venskap med Fritjof Nansen. Så nært faktisk, at fru Eva Nansen var sjalu på dronninga og rasande på mannen sin. 

4. Makten (2008)
461 sider

Dette bindet omhandlar dei turbulente åra 1913 - 1928 - det vil sei at bakteppet her er fyrste verdenskrig, russisk revolusjon og norsk nøytralitetspolitikk. For kongeparet vart krigen ei belastning også på eit personleg plan, fordi dei hadde nære slektningar både i England, Tyskland og Russland. Tsar Nikolai II, som (saman med familien sin) vart henretta i 1918, var deira "fetter Nicky".

Også det politiske Noreg er prega av uro. Kong Haakon er skeptisk til det stadig sterkare (og på den tida revolusjonære) Arbeiderpartiet, men han syner seg som eit pragmatisk og kompromissvillig statsoverhovud. Han var alltid lojal mot politiske vedtak og parlamentariske prinsipp.”Jeg er også kommunistenes konge”, sa kongen, og bad Chrisopher Hornsrud danna regjering i 1928. Sjølv om denne regjeringa berre eksisterte i 18 dagar, vart det starten på eit nytt tilhøve mellom Arbeiderpartiet og kongehuset.


5. Æresordet (2011)
623 sider

Her handlar det om tidsrommet 1928 - 1940. Etter fyrste verdenskrig forsvann fleire av dei gamle konge- og keisardømma, og ulike nye ideologiar veks fram i Europa. Forfattaren vekslar framleis fint mellom det familiære, det dynastiske og det politiske, men i bind 5 er det lagt meir vekt på det innanrikspolitiske. Kong Haakon må forholda seg til nye poltikarar som Johan Nygårdsvold, Halvdan Koht og C.J. Hambro - tre markante skikkelsar som skal komma til å bety mykje for kongen, for kronprinsen - og for landet. 

Kronprins Olav innleiar eit forhold til si kusine, den svenske prinsesse Märtha. Det er slett ikkje uproblematisk, og dei må ta nokre rundar med slekta før det vert forloving og giftarmål. At Märtha sin familie er svært tyskarvenleg fell ikkje i god jord, og det nære slektskapet er noko som også uroar dei sjølve. Men det går bra; dei gifter seg i 1929 og to prinsesser, Ragnhild og Astrid, kjem til verda i hhv. 1930 og 1932, og til slutt vesleprinsen Harald i 1937. Dronning Maud slit framleis med helsa, og oppheld seg ofte utanlands. I ettertid er det kjent at ho hadde kreft, men den gongen vart ein slik sjukdom ikkje snakka om. Det gjer inntrykk å lesa om den siste tida hennar, og om kor einsam og sorgtung kongen vart då ho gjekk bort i 1938. 

Avslutningsvis i denne boka kan ein lesa om krigsutbrotet og kongefamilien og regjeringa si påfølgjande og dramatiske flukt ut frå hovudstaden. Kong Haakon var som kjent standhaftig og kompromisslaus i høve dei tyske okkupantane og sa eit klart NEI til norsk kapitulasjon.

6. Svaret (2013)
399 sider

Denne boka skil seg vesentleg frå dei føregåande. Den er fyrst og fremst politisk, og omhandlar kun nokre månader; sommaren og hausten 1940. Innhaldet er oppsiktsvekkjande. Eg har lest mykje om 2. verdenskrig, men har aldri tidlegare høyrt om riksrådsforhandlingane. 

Sommaren 1940 ser det ut til at krigen skal bli kortvarig og at Tyskland kjem til å vinna. Kongen og kronprinsen samt regjeringa er i London, kronprinsessa og borna oppheld seg mellombels på eit slott utanfor Stockholm.
I Noreg forhandlar sterke norske krefter om fred og samarbeid med okkupasjonsmakta. Eitt av forhandlingskorta er å avsetja kongen og setja inn tre år gamle prins Harald som barnekonge. 
Riksrådet sende ein anmodning til kongen om abdikasjon, men svaret vart også her - eit klart NEI. Spelet omkring dette er interessant lesnad, samstundes som det er bortimot uforståeleg sett no i ettertid. Og kvifor er det ikkje meir kjent? 

7. Hjemlandet (2016) 
535 sider

Her handlar det om krigsåra 1940-45. Å vera i eksil tærer på krefter og er utfordrande på fleire plan. Den stødige, men etter kvart aldrande kongen og den yngre og meir energiske kronprinsen er ikkje alltid samde, men diskuterer seg fram til det som dei meiner er til det beste for fedrelandet. «Sønnen fikk det som faren ville», heiter det i boka. Kong Haakon er heller ikkje alltid enig med statsminister Nygårdsvold, men har tydeleg stor respekt for han. Det er gjensidig. 

Kronprinsesse Märtha, fyrstedame etter at dronninga døydde, oppheld seg i USA denne perioden (som fortalt om i Atlantic Crossing), og får eit nært, fortruleg og pikant (men sannsynlegvis ikkje romantisk) forhold til president Roosevelt. 

Boka inneheld mengder med informasjon, namn og detaljar, men er likevel lett tilgjengeleg, skriven med sedvanleg iver og engasjement.

8. Kongen (2019)
508 sider

Så er me komne til siste bind i dette kjempesvære biografiverket - og til dei siste åra av kong Haakon sitt liv; 1945 - 1957.
Her samlar forfattaren trådar og syner dei lange linjene; om korleis historia om kong Haakon og historia om utviklinga av den norske velferdsstaten heng saman. Etter krigen vart kongen om muleg enno meir populær enn før. Sjølv om han hadde ei "opphøgd" stilling vart han eit samlande symbol og ein folkekonge.

Kronprinsesse Märtha var mykje sjuk og var inn og ut av sjukehus i åra etter krigen. Ho døydde i 1954, til stor sorg for kongen, kronprinsen, borna - og folket.

Kong Haakon overlot gradvis mykje av ansvaret til sonen. Heilt til det siste var kongen klår, men svært svekka fysisk etter eit lårhalsbrot. Det er sårt og vemodig å lesa om den siste tida hans.
Kong Haakon døydde 21. september 1957, 85 år gammal.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har "lest" alle bøkene som lydbøker, opplest av forfattaren sjølv. Ein kan ikkje sei at Bomann-Larsen har ei spesielt behageleg stemme, og han les dessutan noko seint. Men på den andre sida; ved å høyra på forfattaren forstår ein kor oppriktig og engasjert han er. For meg vart løysinga å lytta til bøkene i eit litt raskare tempo (1,2) - og stemma har eg gradvis vant meg til. Det ein går glipp av ved å kun høyra på desse bøkene er alt det interessante biletstoffet som ein finn i papirutgåvene. Dette vart for min del løyst ved å ta ein tur på biblioteket og bla litt i desse.


Om eg anbefalar bøkene? Ja, sjølvsagt - dette er bøker ein vert klokare av!
Les dei langsamt og la det gjerne gå litt tid mellom kvar bok.

Eg har gitt dei fleste enkeltbøkene i serien terningkast 5, men samla sett fortener dette biografiverket toppkarakter.

17. november 2020

Fake history?

I skrivande stund les eg Kongen; åttande og siste del i Tor Bomann-Larsen sitt historiske/biografiske verk Haakon & Maud. Bokserien bør få ny aktualitet i desse dagar, i samband med TV-serien Atlantic Crossing som no går på NRK. TV-serien har ført til ein debatt mellom filmskaparar på den eine sida og historikarar på den andre sida.
Ein konflikt mellom det kunstneriske og det faktabaserte virkar å vera uunngåeleg. Den populære BBC-serien The Crown og tilsvarande seriar har også vore omdiskutert. 

Debatten som har oppstått er interessant og naudsynt, sidan dramaserien er basert på og inspirert av historiske hendingar og verkelege personar. For kva er filmskaparane sitt ansvar? Kvar går grensa mellom historieforfalsking og "kunstnerisk fridom"? Kjem det godt nok fram at dette er serieskaparane si tolking av det som hende for 75-80 år sidan? 

I eit innlegg på NRK Ytring kjem nettopp historikaren og biografen Tor Bomann-Larsen med eit relativt sterkt angrep på det han kallar "fake history" i episode 4. Eg har ikkje problem med å forstå at Bomann-Larsen, med sin erfaring og kunnskap, reagerer som han gjer.

Vanlegvis ville eg ikkje ha brydd meg om å sjå Atlantic Crossing, for eg ser nesten aldri på filmar og TV-seriar. Men tilfeldigvis var eg i gang med Svaret og deretter Hjemlandet (del 6 og 7 i Bomann-Larsen sin bokserie) som omhandlar mange av dei same hendingane og personane som i dei fyrste episodane av TV-serien. Og dermed vart det interessant for meg å sjå på. Skilnaden er naturleg nok stor; TV-serien er sjølvsagt ei forenkla framstilling av mangfaldige og kompliserte forhold. På den andre sida er mykje av det Bomann-Larsen fortel om i si bok gjenkjenneleg på TV-skjermen. 

Det er eit faktum at president Franklin Roosevelt og kronprinsesse Märtha hadde eit nært og fortruleg forhold. Det kjem fram både i TV-serien og i fleire biografiar og historiske dokumentarar. Men ifølge Bomann-Larsen er det utenkjeleg at kronprinsessa hadde så stor påverknadskraft over politikken som det som kjem fram i dramaserien. (Kyle MacLachlan er forøvrig ein truverdig og fornøyeleg Roosevelt. Og Sofia Helin er ei bedårande kronprinsesse). 

Eg trur folk flest er klar over at ein slik dramaserie er forenkla og fortolka, og at sjåarane er i stand til å tenkja sjølv. På NRK sine nettsider kan ein finna ein interessant oversikt over kva som er fiksjon og kva som er fakta, samt andre vurderingar som er gjort i samband med TV-serien. Sjølv tvilar eg på om eg giddar å sjå meir enn dei fyrste fire episodane. For sjølv om eg er imponert over kulissar og tidsbilete irriterer eg meg over påklistra drama og kunstige dialogar. Pluss at eg har i bakhovudet at ein del av stoffet er fiksa, forenkla og altså; fake.

Men eg trur og håpar at folk som likar Atlantic Crossing vert såpass interesserte at dei søkjer meir informasjon om fakta kring krigshistoriske hendingar. I samband med det kan eg altså varmt anbefala Tor Bomann Larsen sitt omfattande bokverk om kong Haakon og dronning Maud, samt Alf R. Jacobsen sin dokumentarserie Angrepet på Norge. Begge seriane er tilgjengelege på Storytel.

19. januar 2020

Bokomtale: Roald Amundsen av Tor Bomann-Larsen

Cappelen Damm 1995
Speletid 26:03

Lyd Storytel

Eg veit ikkje om dette er den beste biografien eg har lest nokon gong, men det er i alle fall den grundigaste. Papirutgåva har 574 sider, lydboka varer i 26 timar. Mykje av innhaldet kjende eg til frå før, for eg har lest mange bøker om polarhistorie og polfararar tidlegare. Likevel vart eg ikkje lei; boka er nemleg svært interessant. Det vert fortalt om ukjende sider av Amundsen personleg og det vert kasta nytt lys over hendingar som alt er kjende. Biografien gir dessutan lesaren innsikt i ein viktig epoke i norsk (polar-)historie.

Tor Bomann-Larsen har gjort eit omfattande researcharbeid og hatt tilgang til eit stort kjeldemateriale. Dette materialet - dagboknotatar, private brev, avisartiklar, rapportar osv. - har han omgjort til ei medrivande forteljing om ein heilt spesiell mann. Med eleganse, grundigheit og skråblikk får forfattaren formidla "heile biletet" - både mannen, familien, nasjonen og omverda.

Boka er ikkje ny; fyrsteutgåva kom ut i 1995 og har i ettertid komme ut i fleire utgåver. I 2016 las forfattaren inn boka som lydbok - og det er denne eg har lest no.

I biografien vert det fortalt om dei vel kjende ekspedisjonane Roald Amundsen leia; Gjøa-ekspedisjonen 1903-06 (Nordvestpassasjen), Tredje Framferd 1910-14 (Sydpolen), Maud-ekspedisjonen 1918-25 (Nordaustpassasjen), ekspedisjonen med N24 og N25 i 1925 (87° 43' nord) og Norge-ekspedisjonen i 1926 (over Nordpolen). I tillegg vert det fortalt om andre norske og internasjonale ekspedisjonar i arktiske og antarktiske strøk, om andre meir eller mindre kjende polarheltar, om rivalar og støttespelarar, om personlege og økonomiske opp- og nedturar og om familekonflikter og kvinnehistoriar.

Amundsen sin store helt og førebilete var Fritjof Nansen, men i si samtid nådde han aldri den statusen som Nansen fekk. Etter at han forsvann på mystisk vis i samband med ein leiteaksjon vart han likevel ein nasjonalhelt.

Det er ingen tvil om at Roald Amundsen var ein heilt spesiell person. Han var målbevisst, nysgjerrig og dristig. Men også omsynslaus, kravstor og egoistisk. Ved enkelte høve synte han dårleg dømmekraft og elendig leiarskap; tenk berre på Hjalmar Johansen sin lagnad. Han forlanga absolutt lydigheit sidan han var sjefen og vart fornærma om han ikkje fekk det akkurat slik som han ville. På den andre sida kunne han komma med krypande smiger dersom han meinte at han kunne tena på det. Bomann-Larsen nemner fleire eksempel på at han braut med folk som tidlegare hadde stått han nær; mest oppsiktsvekkjande er uvenskapet med broren Leon. Mot slutten av livet var han heilt klart i mental ubalanse. Dette er noko som óg kjem fram i Monica Kristensen si bok Amundsens siste reise.

Amundsen var sjølvsagt ikkje åleine om planlegging, finansiering og gjennomføring av ekspedisjonane sine. Han hadde dyktige medarbeidarar i alle ledd og knytta kontaktar verda over. For hundre år sidan fantest ikkje begrep som sponsoravtalar, logistikk og medierådgjevar, men desse rollene fylte Leon Amundsen med stø hand gjennom mange år. Mellom ekspedisjonane reiste Roald verda rundt og heldt forestillingar/foredrag for å finansiera i alle fall deler av kostnadene. Men ekspedisjonane var langvarige og dyre - og Roald levde ikkje særleg nøkternt. Han sleit med økonomien i mange år og gjekk til slutt personleg konkurs.

Roald Amundsen var aldri gift og fekk ikkje barn (i alle fall ikkje offisielt. Men truleg gjorde han og mannskapet på Gjøa opptil fleire inuittkvinner gravide under opphaldet i Gjoa haven) Seinare var han i ein periode pleiefar for to sibirske jenter. Desse tok han med heim til Noreg og dei gjekk på norsk skule. Han brydde seg nok verkeleg om desse barna, men det virkar som han vart lei av dei etter ei tid. Dei vart i alle fall sende tilbake til Sibir igjen.
Vidare fortel Bomann-Larsen at Amundsen hadde tre langvarige forhold; til dei tre gifte kvinnene Sigg, Kiss og Bess (sic). Det var ekstremt viktig for både Amundsen og medarbeidarane hans at desse forholda vart halde hemmeleg. I ettertid vart altså det heile kjent og Bomann-Larsen siterer frå ein del av kjærleiksbreva Amundsen sende - og innhaldet er så kleint at det rett og slett er ubehageleg å lesa.

Dette er ein gjennomarbeida og omfattande biografi om ein samansett person som levde på grensa - på fleire måtar. Boka fortel om små og store hendingar i Roald Amundsen sitt liv - og ein får i tillegg dei store linjene og samanhengane. Det er ei bok som får lesaren til å søkja ytterlegare kunnskap. Nettsida polarhistorie.no anbefalast til andre som er interessert i temaet.

Tone har óg lest og likt denne boka.

Lenker til andre polfararbiografiar, -dokumentarar og -romanar på denne bloggen:
Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen av Ragnar Kvam (biografi)
De fire store av Ragnar Kvam (dokumentarisk/biografisk om Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton)
Amundsens siste reise av Monica Kristensen (dokumentar)
Amundsen av Espen Ytreberg (biografisk roman)
Aldri rådløs av Per Egil Hegge (biografi om Otto Sverdrup)
Vår glemte polarhelt av David Vogt (biografi om Carsten Borchgrevink)

19. juni 2019

Biolesesirkel: Familien Kim og familien Northug

I juni er Family tema i Moshonistas biolesesirkel. Eg har lest éin biografi denne månaden som er klart innafor kategori og ein annan som med litt velvilje er innafor. Begge er henta i Storytel og begge er glimrande opplest.
Elles kan ikkje bøkene samanliknast - og hovudpersonane - Kim Jong-Un og Petter Northug - har absolutt ingenting felles, det eg veit. Eg vart ikkje spesielt imponert over nokon av biografiane og har gitt dei terningkast 3. Eg skal grunngi dette nærare nedanfor.

Kim Jong-Un av Sun Heidi Sæbø

Cappelen Damm 2018
Speletid: 11:46
Lydbok Storytel


Det handlar om Nord-Korea og tre generasjonar med diktatorar; Kim Il-Sung, Kim Jong-Il og Kim Jong-Un. Det handlar om heilt spesielle samfunnsstrukturar, om ein allmektig familie som har levd i ekstrem luksus og om ein befolkning som har blitt svelta, tyrannisert, undertrykt og kontrollert i fleire tiår. Og som likevel elskar sin "store leder". Det er vanskeleg å forstå med våre demokratiske auge. Dei strenge sanksjonane som det internasjonale samfunnet har innført har hatt liten effekt; Nord-Korea har stadig store eksportinntekter. Dette er noko av det som blir problematisert i denne boka.

Landet er ekstremt lukka og forfattaren har brukt kjelder som nordkoreanske avhopparar og sørkoreansk etterretning. I tillegg har ho hatt tilgang til store mengder anna informasjon - og eg har ei kjensle av at ho ikkje har gjort nok ut av det materialet ho har hatt til rådvelde. Boka er altfor lang fordi forfattaren ikkje har klart å systematisera innhaldet på ein lesarvenleg måte. Her burde forlag og redaktør teke meir ansvar.

Historia om familiedynastiet Kim er både tragisk, komisk, bisarr og utruleg - og er slik sett eit eineståande gunnlag for ein familiebiografi. Men dessverre: Biografien om Kim Jong-Un og Kim-familien vart veldig rotete.

På pluss-sida: Tidlegare NRK-nyheitsanker Christian Borch som les lydboka på ein stødig og tydeleg måte.


Northug - Min historie av Petter Northug og Jonas Forsang

Pilar 2018
Speletid: 4:34
Lydbok Storytel

Han er ikkje så gamle karen, Petter Northug (fødd 1986), men det finst alt fleire biografiar om han. Dette er sjølvbiografien hans, fortalt av han sjølv og ført i pennen av journalisten og forleggaren Jonas Forsang.

Historia til Petter Northug er ein typisk journalistbiografi. Litt oppramsande, litt gjentakande og litt overfladisk. Men heller ikkje direkte uinteressant, for Northug har vore eit friskt pust i langrennsmiljøet og i sladrepressa i mange år. Petter har gitt oss (dvs. TV-publikum) god underhaldning med utrulege idrettsprestasjonar og friske uttalelsar som "Barneskirenn!" og "Kæm e kongen?" Familien har alltid betydd mykje for han, og det vert det gitt fleire eksempel på i boka.

Petter Northug var ein talentfull, særs seriøs og målbevisst idrettsutøvar, men eg har alltid tykt at han har vore litt "enkel". Det vert egentleg stadfesta av han sjølv i denne boka, for han påstår faktisk at han vart helbreda av Snåsamannen framfor ski-VM i Oslo i 2011. Oppegåande folk skjønnar jo at det ikkje var denne Joralf som gjorde han frisk. Her snakkar me om placeboeffekt og psykologi.

Om det elles kjem fram noko nytt i denne boka? Nei, det meste er kjent gjennom media frå tidlegare; både "fiendskapet" med svenskane, den berømte fyllekøyringa i 2014, det nemnde besøket hos Snåsamannen og affæren med Aylar Lie. Sistnemnde har i ettertid saksøkt forlaget for brot på "privatlivets fred". Ho tapte saka, men har anka.

På pluss-sida: At boka er så kort og at ho er godt opplest - på trønderdialekt - av Paul Ottar Haga.

28. april 2019

Biolesesirkel: Odd Børretzen - Barndom

Cappelen Damm 2004
Speletid 4:42
Lydbok Storytel

Lydboka Barndom består av to små bøker; Min barndoms verden og Kristian Kvart og jeg, fyrste gong utgitt i hhv 1997 og 1998. Det var både hyggeleg og nostalgisk å høyra forfattaren sjølv lesa. Børretzen hadde ein heilt spesiell stil som kjem tydlegast fram når ein lyttar til stemma hans.

Dette blir ein svært kort omtale av to korte, men gode bøker. Det er ikkje så lett å få formidla kor fine dei er. Men altså - har du Storytel-abonnement - last ned Barndom og få ei humrande god leseoppleving!

Eg har høyrt boka i samband med Moshonista sin biolesesirkel, som denne månaden har tema Funny. Barndom er ikkje "funny" i tydinga latter og gapskratt, men det er absolutt ei underfundig og humoristisk bok, med skråblikk og naivt undrande betraktningar. Boka er heller ingen sjølvbiografi i tradisjonell forstand, men ei erindringsbok der ein får eit innblikk i ein avgrensa del av livet til forfattaren, samt nokre gode tidsbilete frå ei svunnen tid.

I Min barndoms verden fortel Børretzen om tidlege barndomsminner frå oppveksten på Grorud i Oslo. "Barndommens verden" er ikkje så stor for nokon av oss, og det var den heller ikkje for vesle Odd. Han var ein tenksam og litt engsteleg liten gut, full av fantasi og spørsmål. Børretzen var fødd i 1926, så han vaks opp i "dei harde tredveåra". Han og familien leid inga naud, men ein kan heller ikkje sei at han hadde noko priviligert oppvekst.

I Kristian Kvart og jeg fortel Odd Børretzen om ungdomstid og pubertet. Han fortel om krigen og om ein ny kvardag der alt var farleg, om knappheit på materielle ting, men der fantasien blomstra. Og aller mest opptatt var den unge Odd av damer. Han var (som dei fleste pubertetsgutar, vil eg tru) veldig opptatt av det andre kjønn, men var samstudes så sjenert og redd at han lenge måtte nøya seg med å sjå på og fantasera om damene.

Odd Børretzen hadde ein unik formidlingsevne, han kunne vera både treffande, reflekterande og herleg sjølvironisk.
Børretzen døydde i 2012, nær 86 år gammal. Han fekk eit langt og innhaldsrikt liv og heldt konsertar, ga ut bøker og spelte inn plater til nesten siste stund.

 Søndag er "smakebit-dag" på bloggen Flukten fra virkeligheten. Her er ein liten smakebit frå Min barndoms verden: