Likar du britisk politikrim? Då tenkjer eg t.d. på dei "klassiske" bøkene/seriane til Elizabeth George, P.D. James og Colin Dexter - og krimheltar som Lynley, Dalgliesh og Morse. I tilfelle får du her omtale av ein veldig bra serie innan det som kan karakteriserast som "tradisjonell" og "realistisk" britisk krim.
Cara Hunter bur og lever i heimbyen til nemnde Detective Chief Inspector Morse; Oxford - og handlinga i bøkene hennar er òg lagt til denne byen. Hovudpersonen, Detective Inspector Adam Fawley, har ikkje så mykje til felles med Morse, men han er absolutt ein sympatisk mann og ein menneskeleg leiar av etterforskarteamet sitt.
Forfattaren er inspirert at true crime og har gitt bøkene ein dokumentarisk stil. Innimellom sjølve forteljinga presenterer forfattaren m.a. rapportar, epostar, SMS'ar, kommentarar frå sosiale media og avisartiklar med tilhøyrande kommentarfelt. Alt dette er ikkje noko avbrot i forteljinga, men det utdjupar, strekar under, gir andre synsvinklar på det som hender og får handlinga til å virka autentisk. Det kjem stadig nye "brikker" i form av elektroniske funn, tekniske bevis, avhøyr og vitne inn i det omfattande puslespelet som ei drapssak ofte er. Deretter vert det etterforskarane sin jobb er å finna ut om og kvar dei enkelte brikkene skal leggjast. Å løysa ei drapssak er arbeidskrevjande for mange over lang tid.
Etterforskarane sitt privatliv og dynamikken i etterforskargruppa har ein naturleg plass i handlinga. Frustrasjonar, motsetningar, samarbeidsklima og arbeidsforhold vert fletta inn i handlinga elles. Samfunnsforhold og økonomiske forhold er òg ein del av bakteppet.
Eg tykkjer serien vert betre og betre for kvar bok. Ein kan lesa bøkene enkeltvis, men for å bli skikkeleg kjend med hovudpersonane og for å forstå samanhengar er det naturlegvis ein fordel å lesa bøkene i rett rekkefølge. Eg las dei fyrste to bøkene i fjor og har så vidt nemnd dei i samleomtalar her og her. No har eg nettopp lest nummer 3 og 4 i serien.
Kronologien er slik:
- Hjemmets lune rede (Close to home)
- I mørket (In the dark)
- Ingen utvei (No way out)
- Alt dette raseriet (All the rage)
To bøker er enno ikkje oversette til norsk - The whole truth
- Hope to die
Bøkene i serien har hyppige perspektivskift, noko som gjer dei raske å lesa. Fawley si forteljarstemme er i 1. person, dei andre i 3. person. I tillegg vert det som oftast nytta presensform, noko som gjer at lesaren kjem nærare det som hender. Handlinga er truverdig og som oftast basert på vanlege folk sine liv og på noko som kunne ha skjedd. Om menneske som tek feil val, som lyg eller som skjuler noko, som er på feil plass til feil tid, og som av slike årsaker set seg sjølv i ein umuleg/vanskeleg situasjon.
Adam Fawley og kona Alex (som er advokat) har ei stor sorg; sonen deira Jack som tok sitt eige liv berre 12 år gammal. Denne sorga påvirkar både ekteskapet, forholdet til kollegaer og til sakene som vert etterforska. I den fyrste boka handlar det om eit forsvunne barn, og den saka går sjølvsagt ekstra sterkt inn på Fawley.
Boka har altså eit tema som er "vanleg" i krimromansamanheng, men Hunter har ein eigen vri på historia om 8-åringen Daisy som tilsynelatande vert borte midt blant mange andre på ein fest i sin eigen heim. Men var ho verkeleg til stades? Ingen la egenteleg merke til ho, og ingen såg at ho forlot festen. Både far, mor, bror, naboar og vener har sine versjonar av handlingsforløpet. Funn av nokre blodige strømpebukser gjer familien - og politiet - skikkeleg bekymra.
Gislingham, Quinn, Everett og dei andre i Fawley sitt team jobbar beinhardt medan folk og media vert stadig meir engasjerte, urolege og omsynslause.
Terningkast 4.
Ei kvinne og eit barn vert funne innelåste i ein kjellar, knapt i live og sterkt traumatiserte. Ingen veit kven dei er og ingen er sakna. Den gamle senile mannen som bur i huset veit og skjønnar ingenting. Er dei to ofra mor og son? DNA-analysar gir etter kvart eit overraskande svar. Men kva har egentleg hendt? Kor lenge har dei vore innesperra? Nokre år tidlegare forsvann ei ung kvinne som budde i nærleiken på mystisk vis. Er det ein samanheng?
Twittermeldingar, epost-utvekslingar og avisartiklar vert fletta inn i historia for å belysa ulike sider av saka.
Saka vert spesielt vanskeleg for Adam Fawley, også på eit personleg plan. Kona Alex kjem til å få ei viss rolle i oppklaringa. Elles vert ein gradvis meir kjend med Fawley sitt team, og etterforskarane sitt privatliv har forholdsvis stor plass. Rivaliseringa mellom etterforskarane Quinn og Gislingham går mot eit oppgjer og får ei ny avklaring.
I mørket byr på jamt stigande spenning og overraskande vendingar.
Terningkast 4+.
Boka startar med ei sterk skildring av ein voldsom brann i eit bustadhus. Brannfolka som kjem til staden finn to barn; det eine er sterkt skada og det andre er død. Men kvar er foreldra? Ligg dei døde ein plass i brannruinane eller har dei to borna vore åleine heime?
Etter kvart kjem det fram at brannen var påsett. Kven kan stå bak ei så ond handling?
I tilbakeblikka får me bli meir kjend med familien som budde i huset som brann. Her kjem det gradvis fram mykje grums; både omsorgssvikt og psykiske lidingar, pengeproblem og arveoppgjer.
Fawley har ei meir tilbaketrekt rolle i denne boka, sidan han har problem på heimebane. Dermed får fungerande leiar Gislingham, degraderte Quinn samt kollegaene Everett og Somer mesteparten av ansvaret for å løysa ei vanskeleg og profilert sak.
Ingen utvei er ei velskriven bok med eit godt samanskrudd plott.
Terningkast 5-.
Ei ung jente vert funnen i ein forkommen tilstand, og alt tyder på at ho er blitt utsett for eit overgrep. Men ho vegrar seg for å snakka med politiet og nektar å bli undersøkt. Det ho ynskjer å halda hemmeleg er at ho er ein transperson.
Trass motstand frå jenta og familien hennar set Fawley og teamet hans i gang med å undersøka saka. Og så vert enno ei jente busett i det same området meldt sakna...
Fawley ser at sakene har uhyggeleg mange likskapar med ei tidlegare sak han var sterkt involvert i for mange år sidan. Kan det vera ein copycat? Eller var det feil gjerningsperson som vart dømt den gongen? Alt dette er vanskeleg å finna ut av. Lettare blir det ikkje når Fawley får beskjed om å trekka seg ut av saka.
Eitt tema i denne boka er hatkriminalitet. Eit anna tema er korleis det er å vera pårørande og deltakar i kriminalsaker når pressa og sosiale media er så tett på heile tida. Eit tredje tema er kor grusomme ungdommar kan vera med kvarandre.
Alt dette raseriet er ei svært spennande bok. Ikkje dirrande neglebitande spenning, men med ei underliggjande og urovekkjande handling som bygger opp spenninga gjennom boka. Forfattaren tek opp mange aktuelle problemstillingar og får dette fram på ein overbevisande måte.
Terningkast 5.
Eg treng vel ikkje nemna at eg er veldig spent på dei neste to bøkene. Håpar dei kjem ut på norsk om ikkje så lenge! Cliffhangeren på slutten av fjerde bok var av det uuthaldelege slaget.