Viser innlegg med etiketten 1001-bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1001-bøker. Vis alle innlegg

8. februar 2016

1001-boka Stormfulle høyder av Emily Brontë

Cappelen Damm 2008
Speletid 9:43
Opplesar Unni Jortveit
Lasta ned frå Storytel
Eg har høyrt på denne lydboka i samband med Lines bibliotek sin 1001-lesesirkel. Tema for januarutfordringa var å lesa ei bok ein har hatt lyst til å lesa lenge, - og eg melde meg like godt opp med to gjenlesingsbøker; Morder uten ansikt av Henning Mankell frå 1992 og altså; Stormfulle høyder, utgitt fyrste gong i 1847.

Det vart noko overambisiøst - og eg er "for seint ute"; kalendaren syner snart medio februar. Men spesielt lesinga/lyttinga av Stormfulle høyder måtte berre ta den tida det tok. Ein hastar ikkje gjennom ei slik bok.

Det handlar som sagt om gjenlesing for meg - og kjensla av noko skummelt, dystert og tåkete er det eg hugsar best frå då eg las Stormfulle høyder fyrste gong, då eg var 15-16 år gammal. Eg hugsar ingenting av handlinga, men eg hugsar godt stemninga boka sette meg i. Difor var eg spent på korleis leseopplevinga skulle bli denne gongen. Eg kan òg hugsa at eg i ung alder såg ein film eller TV-serie basert på boka, der ein ung Timothy Dalton hadde hovudrolla som Heathcliff. Men denne Dalton har berre eitt ansiktsuttrykk, så det er ein filmversjon eg ikkje kan anbefala.
I tida som har gått sidan eg las boka fyrste gong (40 år!) har ein naturlegvis fått ein del livserfaring - og dessutan har ein lest ein heil del fleire bøker, så eg kjenner berre delvis att den nemnde stemninga. Det er dystert: javisst, og tåkete: absolutt - men skummelt? Nei, slett ikkje. Stormfulle høyder er ein roman som omhandlar voldsomme kjensler og dramatiske hendingar - men eg må tilstå at lagnaden til forfattaren egentleg gjer meir inntrykk på meg enn historia som blir fortalt.
Då Emily Brontë døydde (av tuberkulose) berre 30 år gammal i 1848 etterlot ho seg ein einaste roman. Stormfulle høyder vert sett på som eit mesterverk og er som alle veit ein klassikar innan engelsk litteratur: Det er ei bok som "må" lesast - og som difor har hamna på 1001-lista. Mange forskarar, lesarar, psykologar og andre har undra seg over at denne kvinna, som var så ung og som knapt nok var vekke frå barndomsheimen, kunne vera i stand til å skildra såpass sterke kjensler som ein kan finna her. Lidenskap og begjær, hat og hevn, død og sorg - alt skildra med sterk overtyding og "krydra" med meir eller mindre mystiske hovudpersonar og mektige naturskildringar.

Det er spekulert i om Emily Brontë hadde Aspergers syndrom; mykje tyder nemleg på at ho hadde fleire kjenneteikn på dette. Eg meiner det er ein interessant teori som sikkert har mykje for seg, men som det er litt meiningslaust å spekulera i. Sikkert er det at ho vart prega av fleire dødsfall i nær familie (mor og to søstre) medan ho var heilt lita - og at dette kjem til syne i denne romanen. Både dødsangst og dødslengt - og tragedie og sorg - er skildra med hjarteskjerande innleving. Det er òg eit faktum at ho i ungdommen leid av det som i dag heiter spiseproblem (anoreksi). I denne boka kan ein lesa at både Heathcliff og Catherine i sine depressive periodar nekta å ta til seg mat.

Eg er ambivalent i høve boka og leseopplevinga. All dramatikken og alle desse voldsomme kjenslene; spesielt det destruktive kjærleik/hat-forholdet mellom Heathcliff og Catherine - er vanskeleg å ta inn over seg. Og når all tragedien og alt hatet/ondskapen og kjærleiken/lidenskapen så går "i arv" til neste generasjon, - ja, då vert det for mykje for meg. Hovudpersonane er gjennomgåande usympatiske og mykje av hendingane ubehagelege å lesa om. Eg måtte ta meg fleire pausar enn vanleg då eg lytta til boka - pausar frå dei ulukkelege karakterane, deira forpinte kjærleik, deira uheldige val, deira sjalusi - og deira galskap.
Samstundes tykkjer eg det er interessant å lesa om denne historiske tida (ca. 1780 - 1800) og dette landskapet (Yorkshire). Eg likar også forteljargrepet: At forteljaren er ein utanforståande som høyrer historia gjennom Nelly Dean, hushjelpa som har stått familiane Earnshaw og Linton nær gjennom alle år. Historia heng saman, i mange lag, i ulike tider - og det er fleire karakterar i ulike generasjonar å halda styr på.

Det tok ei tid å bli vant til opplesarstemma. I starten var eg irritert på den kunstig teatralske måten å lesa på, men etter kvart vart det "greit nok". Språket og oversetjinga legg ein ikkje så veldig merke til når ein lyttar til ei bok, men det kan virka som om oversetjaren har lagt seg nær opptil den originale teksten. Det betyr utdaterte ord og vendingar og snirklete setningar - og dermed eit "truverdig" uttrykk i høve alderen på boka.
Stormfulle høyder er kjend som ein stor kjærleiksroman, men sjølv har eg vanskar med å sjå og forstå den kjærleiken som vert skildra. Den einaste som syner hjertevarme og omtanke er den nemnde Nelly. Boka fortel ei djupt tragisk og gripande historie, med mykje mørke og ondskap - og sjølv om mykje er uavklart kan ein ana eit visst håp om ekte kjærleik - heilt på slutten. Eg er egentleg ingen tilhengar av lukkelege avslutningar, men akkurat i denne boka vart det for meg veldig "riktig".

* * * * * * * * * * * * * * * 
Artisten Kate Bush har same fødselsdag som Emily Brontë, 30. juli. Bush var berre 19 år då sangen hennar Wuthering Hights nådde hitlistene i 1978. Sangen fortel på mange måtar essensen av boka og startar slik:

10. januar 2016

Smakebit og gjenlesing: Kurt Wallander

Jula er rydda vekk, det snør ute og TV'en viser vintersport. Ein skikkeleg innekos-søndag, med andre ord. Smakebit på søndag-spalten på bloggen Flukten fra virkeligheten sesongopnar også i dag. Mitt bidrag denne gongen handlar om Kurt Wallander, politietterforskar frå Ystad, skapt av Henning Mankell.

Mitt aller fyrste møte med Kurt Wallander var via TV-skjermen for mange år sidan då eg såg TV-serien basert på Mankell sin kriminalroman Morder uten ansikt. I ettertid har både Mankell, Wallander og skodespelaren Rolf Lassgård betydd mykje for meg.

Rolf Lassgård som Kurt Wallander i Morder uten ansikt.
Foto: tv.nu

For meg er det Rolf Lassgård som "er" Wallander. Det er hans skikkelse, hans ansikt og hans stemme eg ser framfor meg når eg les bøkene i Wallander-serien. Lassgård skal óg ha vore Mankell sin personlege favoritt. I alt spelte Lassgård rolla som Wallander i ni filmar og TV-seriar. Krister Henriksson, som har spelt Wallander i enno fleire filmar, er sikkert ein god skodespelar, men for meg er han "feil" Wallander. Det same tykkjer eg at Kenneth Branagh i BBC-versjonen av Wallander er.

Då Henning Mankell døydde i fjor haust fann eg ut at eg ville gjenlese dei fyrste bøkene i denne serien. Det er fleire år sidan eg las dei - og eg var spent på om dei har tålt "tidens tann". Eg bestemte meg for å ta bøkene for meg kronologisk - ikkje i den rekkefølga dei kom ut - men i rett rekkefølge med tanke på handlinga i bøkene. Difor starta eg ikkje gjenlesinga av Wallander-serien med Morder uten ansikt frå 1991, men med novellesamlinga Pyramiden som er den niande boka i serien og som kom ut i 1999.

Pyramiden er ei bok som tek eit steg attende; i dei seks novellene får me møta glimt frå Kurt Wallander sitt liv frå 1969 og tjue år fram i tid. Boka har følgjande dedikasjon:


I opningsnovella "Hogget" er Wallander 21 år gammal og jobbar i ordenspolitiet i heimbyen Malmö. Han er blitt kjæreste med Mona, har eit komplisert forhold til faren og har bestemt seg for å bli ein god politimann og ein dyktig drapsetterforskar. I ein av dei andre novellene møter han "læremeisteren" Rydberg. Alle desse personane skal komma til å bety mykje for Wallander og lesaren får stadig møta dei i løpet av bokserien. Vidare får ein i denne boka fleire eksempel på at Wallander er ein politimann med samvit, lojalitet, integritet og samfunnsansvar. Flyttinga til Ystad og forholdet til dottera Linda vert det også fortalt om. Boka er med på å nyansere biletet av hovudpersonen og passar for alle oss som ikkje "kan få nok av" Kurt Wallander.

Tittelnovella er filmatisert med nemnde Rolf Lassgård i hovudrolla. Denne filmen er rystande og voldsom, men svært bra; stødig regi, super filming, glimrande skodespelarprestasjonar og stemningsskapande musikk. Her er ein smakebit:



Novella Pyramiden sluttar grytidleg ein januardag i 1990 - på same tidspunkt som romanen Morder uten ansikt tek til;
"Det er noe han har glemt. Det vet han med sikkerhet da han våkner. Noe han har drømt om natten. Noe han bør huske. Han prøver å komme på det. Men søvnen er som et svart hull."
Dette er fyrste avsnitt - og det er ein bonde på ein avsides plass i Skåne som vaknar opp på denne måten. Han står opp fordi det er eit eller anna som er forandra - og oppdagar at noko grufullt har funne stad i nabohuset: Eit gammalt ektepar har blitt utsette for eit uvanleg brutalt overfall. Mannen er død når han finn dei, kona lever - så vidt.
Politiet i Ystad, med Kurt Wallander i spissen, tek seg av det meiningslause brotsverket. Dei står nesten utan spor; kun ein knute på eit tau og dei siste orda til kona som vart overfalt: "utenlandsk".
Etterforskinga er vanskeleg og etterforskarane frustrerte - men dei får enno fleire "situasjonar" å ta seg av; ein påsett brann på eit asylmottak og deretter; eit drap på ein asylsøkjar. Er det eit rasistisk motivert drap - eller noko heilt anna? Er det ein samanheng mellom sakene?

Privat er Wallander no nyskilt frå Mona og har nesten ingen kontakt med dottera Linda. Han saknar dei begge. Faren hans, den eksentriske liksomkunstnaren, er i ferd med å bli senil - og sjølv er Wallander på god veg til å bli alkoholikar. Livet er hardt og utfordringane mange - men oppi alt dette må drapssakene løysast.
Detaljar som bruk av fasttelefon, sjekkhefte og skrivemaskin viser at handlinga er lagt til 1990, men Morder uten ansikt er - faktisk - aktuell enno. Mankell tek opp tema som framandfrykt, rasisme og grådigheit - og som me veit; slike ting er ikkje uaktuelle i januar 2016 heller. Mankell skildrar gjennom serien eit samfunn som vert meir og meir brutalt.

Etter mi meining er ikkje dette den beste boka i serien, men som ein introduksjon til Wallander sitt univers fungerer ho bra. Serien er ein av mine absolutt favorittar - og det gler meg at den fyrste boka "tåler" gjenlesing, såpass mange år etter at ho vart utgitt fyrste gong.
Mankell sitt språk er som alltid flytande og lettleseleg, om enn noko omstendeleg. Eg tykkjer språket på det viset står i stil med hovudpersonen.

Morder uten ansikt vart kåra til beste skandinaviske kriminalroman i 1991, vart vinnar av Glassnøkkelen i 1992 og er ei 1001-bok.

29. januar 2015

Bestialitetens historie

Eg har nettopp lest ut Stillheten, den siste boka i 'Bestialitetens historie' - og tida er inne for å formulera nokre setningar om denne trilogien som vert sett på som hovudverket til Jens Bjørneboe. Verket består av tre frittståande romanar; Frihetens øyeblikk (som kom ut fyrste gong i 1966), Kruttårnet (1969) og Stillheten (1973). Alle omhandlar det same temaet; Det Ondes Problem og menneska sin ondskap - i ulike former, i eit europeisk historisk perspektiv. 'Bestialitetens historie' er med på lista over 1001 bøker du må lese før du dør.


Før eg starta på Frihetens øyeblikk for nokre månader sidan, hadde eg forventningar om at dette kom til å bli tungt fordøyeleg lesestoff. Det var det ikkje. Eg har tvert imot hatt ei stor leseoppleving - og mesteparten av æra for det skal jo forfattaren ha, men dernest er det Nils Ole Oftebro si fantastiske opplesing av lydbøkene. Opplesaren les med innleving og intensitet, med skiftande tempo og stemmeleie, som speglar innhaldet og forteljarstemma sine ulike sinnsstemningar.

Språkleg sett var Jens Bjørneboe konservativ; her er det frem, nu og efter om gjeld, - ja faktisk også sneen, øen og stenen. Til vanleg er eg ikkje særleg begeistra for riksmål, - det er eit stivt og unaturleg skriftspråk, - men her er det gjennomført og elegant, tykkjer eg, - og dessutan høyrest det nesten heilt naturleg ut når Oftebro les.

Det er vanskeleg å forklara kva bøkene handlar om, fordi dei har lite ytre handling. Det dreiar seg meir om vidløftige tankar og mykje filosofi. Kva er fridom? Kva er sanning? Kva er ondskap? Ein får ein kavalkade over alt det grusomme dei styrande; rettsvesenet, politiske system og kyrkja, har utført gjennom tidene. Kva er det som fører til ondskap? Kva med all ondskapen, brutaliteten og overgrepa som har skjedd opp gjennom historia - i Guds namn?
«Belgierne drev også en flittig misjonsvirksomhet blant de sorte. Efter noen år var Kongos befolkning redusert fra over 30 millioner til bare 8. Til gjengjeld var disse 8 blitt kristne.»
Eg likar makaber og morbid humor og tykkjer slik intelligent ironi er verknadsfullt. Bjørneboe viser lesaren inn i ei mørk verd; inn i dei mørke avkrokane av menneskesinnet og verdensutviklinga. Forfattaren fortel om ein del av verdenshistoria - utan filter - og skildrar ei lang rekke overgrep, straffemetodar, torturmetodar, henrettelsar og folkemord. Samt krigar, undertrykking og utbytting. Ein kan kanskje sei at det fyrst og fremst handlar om moral og umoral. Forteljaren, eller protokollføraren som hovudpersonen kallar seg, har eit ønskje om å forstå og forklara kvifor menneska er så opptatt av å pina og øydeleggja kvarandre.
«Fra mitt liv kan jeg nesten ikke huske annet enn mord, krig, konsentrasjonsleire, tortur, slavearbeide, henrettelser, utbombede byer og halvbrente barnelik.»
Eg meiner at ein trygt kan sei at tematikken er like aktuell i dag som for 40-50 år sidan; gjennom nyhendesendingar får ein dagleg stadfesta at menneske er onde og bestialske. Ein kan også forstå at bøkene i si tid vekte oppsikt og avsky.

Bjørneboe brukte fleire år på å skriva Bestialitetens historie - så skrivinga av desse bøkene sleit han ut, både psykisk og fysisk. Han vart utslitt, utbrend, alkoholisert og deprimert. Han hadde visstnok planar om å skriva 'Frihetens historie' etter at han var ferdig med 'Bestialitetens historie' - men så langt kom han aldri. To år etter at Stillheten kom ut, tok Bjørneboe sitt eige liv.

Eg er litt forundra over at eg likte bøkene - og klarar ikkje heilt å forklara kva som gjorde det. Bøkene kan sikkert tolkast på ulike måtar, alt etter kva bakgrunn og bakgrunnskunnskapar ein har. Mot slutten av Stillheten datt eg litt av lasset; det vart så mykje prat og det vart for fabulerande og filosofisk for meg. Ein føler ikkje akkurat leseglede medan ein les, det er heller ikkje spesielt spennande eller underhaldande, men likevel altså: Det vart ei mektig leseoppleving. Eg trur det er kontrasten mellom dei grusomme forteljingane og dei vakre formuleringane som gjer det. Dessutan er det tidlause i forteljinga så tankevekkjande - og så brutal.

Men heilt på slutten av Stillheten kan ein lesa følgjande:
«Jeg tror ikke at mennesket er ondt, eller at mennesket er godt, - jeg tror at mennesket er delvis ondt og delvis godt. Hvilken side som skal få vokse og utvikle seg, avhenger av oss selv. På en planet hvor mennesket fritt har valgt å la seg brenne levende for sannhetens skyld, må det gode ha store muligheter.»
Jens Bjørneboe (1929 - 1976) var ein markant og omstridd forfattar; han var (og er framleis) både omtykt og utskjelt. Dei engasjerte og kritiske romanane hans om ymse kontroversielle tema gjorde at han sjølv var ein omdiskutert person. Han vart i si tid eit idol for mange unge fordi han var ein rebell; ein opprørar med djup forakt for autoritetar. Det kan nemnast at han, trass i at han vaks opp i eit høgst borgarleg miljø, som ung skuleelev vart så "uhandterleg" for lærarane sine at han vart utvist frå skulen. Seinare vart han - særleg gjennom bøkene sine - ei refsande og provoserande stemme i samfunnsdebatten.

11. januar 2015

Bokhyllelesing: Pinnsvinets eleganse

Lydbokforlaget 2008
Speletid: 8:54
Opplesarar: Janne Kokkin og Silje Lindblad


Utfordringa bokhyllelesing startar friskt i år med ny runde alt den andre veka i januar. Kategori denne gongen er "Les ei bok med grønt omslag" - og eg leita i hyllene mine etter ei ulest bok med denne fargen, men fann ingen i farten. Deretter såg eg på dei lagra, men enno "uhøyrde" lydbøkene på PC'en min, - og fann ei bok som eg ikkje hadde prioritert enno; 1001-romanen Pinnsvinets eleganse. Med litt godvilje så ser ein eit lite grønskjær på dette coveret, ikkje sant? Litt grågrønt?


3. oktober 2013

Bok nummer 100

Eg berre nemner det: No har eg lest over 100 bøker i år - og det er truleg "ny rekord". Det er mi eiga blogging og bokblogglesinga som har "skulda"; dvs. eg vert inspirert til å lesa meir når eg bloggar og les andre bloggar - og leselysta vert ytterlegare stimulert av tilbakemeldingar frå blogglesarar. Eg merkar òg at eg les fleire og fleire bøker som er utanfor komfortsona mi - som jo er krim og spenning.

Bok nummer hundre som vart fullført dette året vart Kafka på stranden av Haruki Murakami. Ei spesiell og fantastisk bok, og eg føler meg i grunnen ikkje "kompetent nok" til å skriva ein omtale av ein roman som er så kjent og gjennomanalysert av mange kloke folk tidlegare. Men her er i alle fall nokre tankar om mi leseoppleving.


Når ein skal lesa Murakami, må ein gje slepp på ein del vante tankar og det som er verkeleg. Ein må berre lena seg tilbake og ta inn over seg at forfattaren snur opp/ned og bak/fram på røyndomen. "Surrealisme" og "magisk realisme" er begrep som ofte vert brukt om Murakami sitt forfattarskap. Altså overnaturlege hendingar i ei verd som elles er "naturleg" og realistisk. Så når Murakami skriv om at det regnar fisk og igler og at ein mann kan snakka kattespråk, godtek ein det - fordi han samstundes har fortalt om det "verkelege" livet - ned til minste detalj. Eg har hatt ei ut-av-meg-sjølv-oppleving medan eg har lest denne boka. Ei svært positiv leseoppleving - men eg skjønnar ikkje heilt kvifor.

Boka har to spor og to hovudpersonar. Den fyrste er femten år gamle Kafka Tamura som rømmer heimefrå. Han rømmer frå ein skrekkeleg spådom frå far sin; om at sonen ein dag skal drepa faren og ligga med mor si. Etter kvart vert han buande i eit fantastisk og gåtefullt bibliotek, der han vert kjent med den androgyne Oshima og den mystiske kvinna Saeki.
Den andre hovudpersonen er den gamle og litt tilbakeståande Nakata. Han kan verken lesa eller skriva og har dårlege sosiale antenner, men er i stand til å snakka med katter. Truleg skuldast dei manglande evnene hans nokre merkelege hendingar i fortida. Etter eit dramatisk møte med kattemordaren Johnny Walker må Nakata forlata heimbyen for fyrste gong - og han vert kjend med og får hjelp av trailersjåføren Hoshima.
Gradvis vert opplevingane til Kafka og historia til Nakata fletta saman - men det er uvisst om dei nokon gong verkeleg møter kvarandre.

Lesaren vert dregen inn i noko magisk og mystisk og boka inneheld elles mykje rart. Her er spenning, humor, kvardagslege detaljar, absurde situasjonar, metaforar, symbol, erotikk, kjærleik og venskap. Skildringa av venskapet mellom Nakata og Hoshima og mellom Kafka og Oshima er veldig fine. Boka byr på mange gode og morosame dialogar. Mykje av det som vert fortalt er "verkeleg" og andre hendingar er draumar og fantasiar - eller finn stad i ei slags alternativ verkelegheit. Det er vel dette som kan kallast "Murakami sitt univers". Alt vert fortalt i eit heller langsamt tempo - og med mengder av digresjonar.

Som eg alt har nemnt i fleire blogginnlegg: Eg har lest lydbokversjonen, - og nettopp lydboka gjorde dette til ei verkeleg stor leseoppleving. Duc Mai-The framfører mange stemmer og dialektar og brukar heile sitt stemmeregister og gir på den måten personane liv. Spesielt likte eg Hoshima - som snakkar telemarksdialekt!

Kafka på stranden kan sikkert analyserast i det uendelege og tolkast på tallause måtar. Sjølv er eg for mykje av ein realist til verkeleg å forstå heile historia og endar opp med å gje boka terningkast 5 (men dersom eg ein gong i framtida les boka på nytt, har eg ei kjensle av at eg kjem til å gje ho ein 6'ar).

Lydbokforlaget 2008
Originaltittel: Umibe no Kafuka
Oversetjar: Ika Kaminka
Opplesar: Duc Mai-The
Speletid: 21t 16min


Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.

10. september 2013

Bok på vent: Kafka på stranden


Valet er overstått, naturen har kledd seg i haustfargar, kveldane er mørke. Og eg er klar for 1001-boka Kafka på stranden.

Tidlegare i år har eg lest - rettare sagt høyrt - både 1Q84 og Elskede Sputnik, og eg vart veldig betatt av både Haruki Murakami og opplesaren Duc Mai-The. Eg er stadig nysgjerrig på Murakami sitt forfattarskap, og har no Kafka på stranden liggande på vent, motteken som lydfil frå Lydbokforlaget. Opplesinga varer i over 21 timar, så det er muleg eg kjem til å låna papirboka på biblioteket i tillegg.

Omtale frå forlaget:
"På 15-årsdagen rømmer Kafka Tamura hjemmefra. Han vil vekk fra den iskalde faren sin og den foruroligende ødipale spådommen som alltid har fulgt ham. Men Kafka bærer også på håpet om å finne moren og søsteren, som forsvant elleve år tidligere. I byen Takamatsu slår han seg ned i et lite bibliotek, der han blir kjent med den androgyne Oshima og den gåtefulle kvinnelige bestyreren. Og her får han hjelp når politiet tar opp jakten på ham etter en blodig hendelse.
Nakata er også på flukt fra politiet. Etter en mystisk ulykke som barn har Nakata kunnet snakke med katter, og det er da han leter etter en forsvunnet katt at han får blod på hendene og må legge ut på reise. Gradvis veves trådene i Kafkas og Nakatas liv sammen."
Kafka på stranden er ei svært kjend bok som "alle" har lest. Eg forventar ei bok utanom det vanlege; ei rar, utfordrande og god leseoppleving.

Fleire fine ventebøker finn du om du klikkar deg inn på bloggen Beathes bokhylle!