Viser innlegg med etiketten Thomas Seltzer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Thomas Seltzer. Vis alle innlegg

15. juli 2023

Kort om: Amerikansk karmageddon av Thomas Seltzer

Oktober 2022
Speletid 16:14
Lyd Storytel

Undertittel: Tanker om mitt fordømte fedreland

Dette er ei bok å bli opprørt av, å rista på hovudet av, å humra av, å bli klok av. Rett og slett ei veldig bra bok.

Det er mykje i det amerikanske samfunnet som er rart/uforståeleg for oss nordmenn. Difor kan det vera nyttig å sjå det gjennom augene til ein amerikansk statsborgar som har budd størsteparten av livet sitt i Noreg. 

Mange har sett TV-serien UXA – Thomas Seltzers Amerika der forfattaren gjennom ein reisedokumentar viser at for mange amerikanarar er den amerikanske draumen blitt til det amerikanske marerittet. USA er blitt eit djupt splitta og polarisert land. Korleis og kvifor vart det slik? 

"Amerika. For meg er det et av de aller største ordene som finnes. Det er helt der oppe med andre gedigne ord som frihet, rettferdighet og håp. Men for meg er det også et ord som betyr andre ting, som familielykke, nærhet og tilhørighet. Og savn. Jeg savnet Amerika så innmari etter at vi flyttet til Norge. Jeg drømte om Amerika hele tiden. Mine første minner var det Amerika som ga meg. Det var i Amerika jeg først skjønte at jeg var et menneske i verden, og det var Amerika som ga meg mitt første språk."

Tittelen på boka seier mykje om innhaldet. Armageddon - altså undergang - og karma - i ei litt finurleg tyding. Mange amerikanarar føler avmakt; dei har ei kjensle av at ingen har bruk for dei lenger. Seltzer viser til avindustrialisering og demografiske endringar - og eit økonomisk og politisk system som gjer at dei fattige vert fattigare og dei rike rikare.

Av andre tema i boka kan nemnast sosial- og helsesystem, rasisme, religion, kultur og konspirasjonsteoriar. Alt fortalt om på ein personleg måte og i eit lettfatteleg språk. Boka er skriven med sjarm og snert, sarkasme og melankoli, og krydra med mengder av fotnotar og digresjonar. 

Amerikansk karmageddon er Seltzer si debutbok, og det er imponerande kva han har fått til. Eg gir boka ein klar femmar på terningen og anbefalar boka på det sterkaste. Høyr gjerne lydboka, det er forfattaren sjølv som les.

4. juli 2023

Oppsummering juni 23

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Atle Nielsen - Mord og kjærlighet - Norsk krim - Lyd Storytel
Camilla Grebe - Velkommen til Evigheten - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i juni:
Thomas Seltzer - Amerikansk karmageddon - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Tom Egeland - 666 - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kurt Aust - Skipet med det onde øye - Historisk krim/roman - Lyd Storytel
Sven Petter Næss - Passasjeren - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Ulf Kvensler - Sarek - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Jo Nesbø - Natthuset - Norsk - Grøsser/spenning - Lånt papirbok privat

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Kurt Aust - Hjertets mørke - Historisk krim/roman - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Etterpå er vi alle kloke - Norsk krim - Lånt ebok BookBites


3 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 3 abonnement
5 krim,  1 historisk krim, 1 grøsser, 1 dokumentar
6 norske, 2 svenske
7 menn, 1 kvinne
Nye forfattarar: Seltzer, Kvensler

Det har vore ein svært travel månad på jobb - og eg er nøgd med (og litt overraska over) at eg faktisk fekk lest åtte bøker i juni. No er det sommarferie, men det er dermed ikkje sagt at det vert noko meir lesing og/eller lytting. Det vil visa seg i neste månadsoppsummering.

Blogging og omtalar har ikkje vore prioritert i det siste, men som ein kan sjå på terningkasta vart det nokre bra leseopplevingar. Eg likte veldig godt både den nyaste Bjørn Beltø-boka 666, Velkommen til evigheten og Skipet med det onde øye. Alle er velskrivne krimforteljingar, kvar på sin måte. 
Thomas Seltzer si bok om USA er både opplysande og underhaldande og anbefalast på det sterkaste. 

Eg gir Jo Nesbø si nyaste bok terningkast 3. Ikkje fordi Nesbø skriv dårleg, men fordi sjangeren ikkje passar meg og lesesmaken min.