Dei tre bøkene nedanfor er alle nummer to i serie. Er "den vanskelege andreboka" ein myte eller er det noko i det?
Haakon Strøm er ein god opplesar av lydboka. Terningkast 4+.
Dei tre bøkene nedanfor er alle nummer to i serie. Er "den vanskelege andreboka" ein myte eller er det noko i det?
Påbyrja i september, fullført i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel
Lest i oktober:
Hans Olav Lahlum - Søskenmysteriene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman - Rottekongen - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Tomm Kristiansen - Mørk safari - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Levi Henriksen - Ned ned ned - Noveller - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Cassandra-saken - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tove Alsterdal - Synkehull - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Påbyrja og ikkje fullført
Nina Lykke - Full spredning - Norsk roman [avbraut]
Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
6 krim, 1 biografi, 1 novellesamling
5 norske, 3 svenske
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Kristiansen, Engman (+ Lykke)
Høgdepunkta i oktober vart (noko overraskande) ei bok av ein (til no) ukjent svensk krimforfattar, ein biografi utgitt fyrste gong i 1998 og ei novellesamling frå 2004.
Rottekongen er nummer to i serie, men den fyrste eg har lest av Pascal Engman. Den ga meirsmak.
Eg hadde heller aldri lest noko av Tomm Kristiansen før, men kjenner godt til han som journalist og tidlegare Afrika-korrespondent. Mørk safari er biografien om Henry Stanley (han som kom med den velkjende replikken «Dr. Livingstone, I presume?») og er interessant, grundig, lærerik og velskriven. Samt godt opplest av forfattaren sjølv.
Den tredje boka som får terningkast 5 av meg denne månaden er novellesamlinga Ned ned ned av Levi Henriksen. Eg likar romanforfattaren Henriksen, men er enno meir begeistra for novelleforfattaren. I novellene i denne boka vert det fortalt om dei nære ting og om store og små utfordringar livet gir. Også denne lydboka vert lest av forfattaren.
Eg kan anbefala både Cassandra-saken, Synkehull, Lekene og De nakne, men tykkjer nok at både Fjell, Alsterdal, Svernström og Borge har levert betre ved tidlegare høve. Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum er mellom dei beste i retrokrimserien om K2 og Patricia, men eg kan likevel ikkje strekka meg lenger enn til terningkast 4+.
Nina Lykke har gitt ut ny bok no i haust, og det har fått ei viss merksemd. Eg fann då ut at det var på tide for meg å lesa Full spredning - Brageprisvinnar i 2019. Eg var skeptisk på førehand, for norske samtids- og samlivsromanar er ikkje akkurat mi greie. Vel - eg gjorde eit forsøk, men det viste seg at skepsisen var på sin plass. Eg likte rett og slett ikkje den masete og klagande forteljarstemma/hovudpersonen og den dårlege humoren - så eg ga opp.
I november skal eg prøva å få litt meir liv i denne bloggen. Det har vore lite aktivitet dei siste månadene.
(Eg skriv dette her for å leggja litt press på meg sjølv)
Påbyrja i april, fullført i mai:
Atle Nielsen - Ett blod - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Den tredje sannhet - Norsk historisk krim - Lånt papirbok privat
Lest i mai:
Jens Kihl - Dette er også Noreg - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Ofrenes offer - Svensk krim - Lyd Storytel
Bjørn Erik Thon - Olga Wilsons dobbeltliv - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Tina Frennstedt - Forsvunnet - Svensk krim - Lyd Storytel
Emilie Schepp - Ni liv - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jan Brøgger - Epidemier - en natur- og kulturhistorie - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Jan Guillou - Slutten på historien - Svensk roman - Kjøpt lydfil
Terje Bjøranger - Business - Norsk krim - Lyd Storytel
Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Bernard Minier - Natt - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Richard Osman - Torsdagsmordklubben - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tom Egeland - Sølvpengene - Norsk krim - Lånt papirbok privat
7 lyd, 2 papir, 1 ebok
4 lånt, 5 abonnement, 1 kjøpt
6 krim, 1 annan roman, 2 dokumentar, 1 biografi
6 norske, 4 svenske
8 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Nielsen, Kihl, Svernström, Thon, Frennstedt, Brøgger
Kun norske og svenske forfattarar i mai, men er i gang med ei britisk og ei fransk bok no ved månadskiftet. Dessutan - av dei 10 maibøkene er heile 6 av for meg nye forfattarar. Det er truleg rekord, og noko som eg er veldig nøgd med. For det er stadig nye/ukjende/uleste forfattarar der ute!
Mange terningkast 4, og eit terningkast 4 kan bety så mangt: Alt frå dei som nesten kunne ha fortent ein 5'ar - som Den tredje sannhet, men som ramlar ned eit hakk fordi boka er for lang - og til Slutten på historien der eg vurderte ein 3'ar sidan eg veit at Jan Guillou kan så mykje betre, men som på den andre sida var ei grei avslutning på Århundre-bokserien.
Ein annan og meir soleklar 4'ar er Dette er også Noreg - "ein kommunal feelgood" - midt i blinken for personar som jobbar i ein kommuneadministrasjon. Som meg sjølv.
Ofrenes offer og Ni liv er svensk kvalitetskrim. Det same kan forsåvidt seiast om Forsvunnet, men den manglar det vesle ekstra som ville gitt terningkast 5.
(Dersom du lurer: Kva skjedde med Skjebnesteinen som eg heilt bestemt skulle lesa i mai? Jo, den forsvann frå BookBites og eg havna i ny lang kø igjen. Sjølvsagt vart boka etterspurt etter Rivertonpris og greier. Pr i dag er eg nummer 3 i køen, så då er det vel kanskje håp om at den kan bli junilesing..)
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Til slutt limer eg inn ein omtale eg la inn på nettsida bokelskere.no for eit par dagar sidan. På bokelskere.no finst det nemleg ein brukar som legg ut konspirasjonsteoriar en masse, utan at det har noko særleg med litteratur eller bokomtalar å gjera. Eg ignorerer som regel slike folk og slike innlegg, men har merka meg at enkelte brukarar av nettstaden er i ferd med å få nok av konspitullet til vedkommande. Difor la eg inn eit slags motinnlegg i form ein av bokomtale. Eg har så langt ikkje fått nokon reaksjon.
I tilfelle diskusjonar med koronaskeptikarar og vaksinemotstandarar kan ein finna mange saklege og nyttige argument i boka Epidemier (med undertittel en natur- og kulturhistorie). Boka kom ut i 2002 og er på ein måte "utgått på dato", men på den andre sida har ho fått ny aktualitet i samband med den pågåande pandemien. Det var nok også grunnen til at forlaget ga ut boka på nytt i 2020.
Forfattaren Jan Brøgger (1936-2006) var psykolog og sosialantropolog og gjer i boka greie for kva epidemiar og pandemiar har hatt å sei for utforming og utvikling av samfunnet. Han viser også til at folk gjennom tidene alltid har jakta på alternative løysingar og syndebukkar i slike høve. Konspirasjonsteoriar er nemleg ikkje av ny dato: I den mørke mellomalderen vart gjerne sjukdom forklart med syndig livsstil og hekseri, og elles har jo jødane fått skulda for det meste..
I dag ser me at konspirasjonsteoretikarar meiner at Covid 19-viruset ikkje finst og at koronaen er ein del av "ein større plan" og at det liksom skal vera "ein skjult agenda" bak pandemien. Enkelte av desse skrullingane hevdar at koronavaksina ikkje er ei vaksine, men ei giftsprøyte. Sprøyta/vaksinen inneheld aborterte foster og microchip'ar og gud veit kva andre skrudde teoriar som er lanserte. Og slik held dei på i sine eigne ekkokammer, med andre liknande misvisande og feilaktige opplysningar.
Men eg tenkjer: Takk og lov for at det finst vaksinar! At me er blitt kvitt fryktelege sjukdommar som kopper, kolera, poliomyelitt og tuberkulose skuldast sjølvsagt at dyktige forskarar og vitenskapsmenn- og kvinner har utvikla vaksinar - og at folk flest no er vaksinerte mot desse sjukdommane.
Når det er sagt: Eg skjønnar at folk stiller spørsmål om bivirkningar og er litt usikker på om ei vaksine er trygg. Ein er ikkje konspirasjonsteoretikar om ein er skeptisk. Men då må ein søka opp vitenskapeleg faktainformasjon og ikkje støtta seg på lugubre Facebook-grupper, liksomdoktorar og "Youtube-universitetet".
Fyrst i denne samleomtalen: Eit par norske krimdebutantar. Når det gjeld krimdebutar prøver eg vanlegvis å vera open for det meste; positivt nysgjerrig - men også ein smule skeptisk - "klok av skade" kan ein vel sei.
Eg måtte bita skepsisen i meg denne gongen, for begge to viste seg å vera innan kategorien "grei og lettlest krim". Stilmessig er dei veldig ulike. Den fyrste er mørk og barsk, den andre er meir lettbeint og underhaldande.
Ei bok som har fått svært blanda mottaking, så denne var eg spent på. Typisk nok hamna eg midt mellom dei som har slakta boka og dei som har lovprist ho. Eg kan godt anbefala denne boka, og særleg til unge kvinnelege bloggarar som eksponerer seg sjølv og legg ut "alt" om livet sitt. Det kan vera farleg!
Fem dager i mai er ein dramatisk, engasjerande og provoserande spenningsroman. Korte setningar, stadige perspektivskift og ulike forteljarstemmer driv handlinga framover, så boka er både lettlest og fortlest.
Dei to mennene i hovudrollene - protagonisten og antagonisten - er ubehageleg like. Begge har eit skeivt blikk på samfunnet og eit forstokka syn på kvinner. I begge tilfella kan det forklarast med vanskeleg oppvekst og dårlege erfaringar tidleg i livet. Korleis kan det forklarast at dei kvar på sin måte er mislykka og utanfor?
Eg fekk ei merkeleg kjensle av å ha lest boka før. Truleg er det tema 'ung jente kidnappa' som gjer det, sidan det er eit tema som er ganske vanleg i krimromansamanheng. Eit anna tema i boka er ulike former for ekstremisme og fundamentalisme.
Slik som historia utvikla seg var det ikkje vanskeleg å forstå kven som var gjerningsperson. Det trekker litt ned heilskapsinntrykket, for helst vil eg jo bli overraska. Likevel meiner eg at boka fortener eit terningkast 4+.
Nielsen - eit velkjent ansikt og stemme frå TV2 - har gitt ut nokre bøker tidlegare innan quiz og sport. No har han altså debutert som krimforfattar - og han har kalla helten sin for Ole Bull.
Ett blod er underhaldande, befolka med artige (men nokså stereotype) karakterar og med eit forholdsvis truverdig plott. Forfattaren brukar sine eigne erfaringar som TV-journalist og sportsanker, - han har jamvel skrive seg sjølv inn i handlinga. Fotballinteressa og den humoristiske sansen er på ein måte basisen i forteljinga. Handlinga er lagt til Bergen, London - og faktisk; til Leikanger i Sogn.
Boka er til tider noko overforklarande og gjentakande, men eg tykte dette alt i alt var eit friskt pust. Eg les gjerne meir om journalisten Ole Bull i framtida.
Atle Nielsen les lydboka sjølv. At han då tidvis les så nølande og sakte er overraskande. Truleg skuldast det at han ikkje er så vant til lydbokopplesing. Terningkast 4.
Veldig tynn/kort bok, meir som ei lang novelle. Men storleiken har ikkje noko å sei for intensiteten og alvoret: Dette er ein forfattar som får sagt mykje på få sider.
Bok nummer tre i serien om advokaten Sophia Weber handlar om jakta på ein gjerningsmann etter at det har skjedd eit grusomt terrorangrep. Å bli mistenkt i ei slik sak kan få fatale konsekvensar, også om den mistenkte viser seg å vera heilt uskuldig.
Prosessen er ei forteljing til ettertanke. Enkel og lettlest, men med djupne og meining. Det er truleg fleire referansar til Prosessen av Kafka i denne boka, men den har eg aldri lest - så eventuelle poeng og referansar derifrå gjekk meg hus forbi.Ambisiøs og langsam forteljing som går over fleire generasjonar og tiår. Omfattande og innfløkt plott og heller komplisert med tanke på lydbokformatet. Men boka er såpass interessant at eg heldt så nokonlunde styr på trådane.
Stikkord for handlinga er russisk mafia, svensk teleteknologi og vanskelege kjærleiksforhold. Handlinga går føre seg i Russland/Sovjet og i Sverige, på 1990-talet og med tilbakeblikk på 1940-talet.
Opplesar Bendik Østbye Johannessen er flink, men les veldig sakte. Då er det praktisk å ha mulegheit til å justera lesehastigheit. Terningkast 4-.
Dette er ei bok som ikkje egnar seg for sensitive lesarar; spesielt fyrste del inneheld mange skildringar av tortur og drap utført på ulike bestialske måtar.
Heile 5 personar er blitt utsett for ein ualminneleg sadistisk mordar. Vekselvis får lesaren følgja politiet si etterforsking og journalistane sitt arbeid. Fellesnemnar for ofra i saka er at dei har ei kriminell fortid og truleg mange fiendar. Er løysinga å finna her? Er det eit offer for ofra som er ute etter hevn? Kan det vera fleire gjerningspersonar? Kva er grunnen til at pressa er så godt informert?
Så kjem det ei stor overrasking; ein plottvending av det uventa slaget - og som gjer at boka etter mi meining hevar seg over det som kan kallast vanleg krim. I andre del er det gjerningspersonen som er forteljarstemme, og me får vita meir om kva som kan vera motiv for dei grusomme drapa. Plutseleg veit lesaren kven som er den skuldige - og ein er ikkje kommen lenger enn halvveges i boka. Ein skulle tru at spenninga dermed vart øydelagt - men det skjer ikkje. I staden endrar boka karakter, frå krimroman til thriller. Mot slutten kjem det enno ein twist, men den er eg meir førebudd på.
Ivar Nergaard les boka med sedvanleg engasjement, passe tempo og tydeleg diksjon. Dette er noko som hevar leseopplevinga.
Det er muleg at forfattaren kunne spart seg (og lesaren) for dei aller verste og utbroderte skildringane, men denne boka er verkeleg så velskriven og velkomponert at eg landar på terningkast 5-.