Viser innlegg med etiketten dokumentar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dokumentar. Vis alle innlegg

16. januar 2026

Bokomtale: Hardråde av Tore Skeie

Gyldendal 2025
447 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste fullførte bok i 2026 vart, om ikkje ein innertiar, så i alle fall ei vellukka leseoppleving. Hardråde er ei perfekt bok for alle historieinteresserte - og særleg for alle som har interesse for vikingtida og middelalderen. 

Etter flotte leseopplevingar med Alv Erlingsson, Jomfruen fra Norge og Hvitekrist av same forfattar hadde eg store forventningar til denne nye boka - og gledeleg nok vart forventningane innfridde. 

Som tittelen på boka viser er hovudpersonen kong Harald III Sigurdsson (1015-1066) eller Harald Hardråde som han vart heitande i ettertid. Det handlar om tida han levde i og om den verda han var ein del av og reiste i. Det handlar om samfunnsstrukturar, maktforhold, menneskesyn, religion, kultur og politikk. Mellom anna.

Det eg visste om Harald Hardråde frå før kan kort oppsummerast slik; halvbror til Olav Haraldsson (den heilage), deltok i slaget på Stiklestad 15 år gammal, forlot deretter landet før han kom attende som konge, gift med dronning Ellisiv og far til Olav Kyrre, døydde i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Samt at dette slaget markerte slutten på vikingtida.
No veit eg mykje meir, både når det gjeld Harald sjølv og samtida hans. 

Sett med notidsbriller var samfunnet på 1000-talet hardt og valdeleg. Noreg var eit boklaust samfunn på den tida, fyrst på 1200-talet vart kongesogene nedskrivne. Forfattaren har sjølvsagt nytta dei norrøne kjeldene, og i tillegg er det vist til engelske, normanniske, slaviske, bysantinske og arabiske kjelder. Dei utanlandske kjeldene har stort sett blitt nedskrivne nærare Harald Hardråde si levetid og dermed truleg meir truverdige enn t.d. Heimskringla, Morkinnskinna og ymse skaldekvad.
Resultatet av arbeidet med reserarch og gransking av dei ulike kjeldene har gjort dette til ei svært interessant bok. Ho gir eit levande portrett av ein heilt spesiell mann som levde i ein heilt spesiell tidsalder.

Det er sjølvsagt mykje om livet for nesten 1000 år sidan me ikkje veit. Forfattaren strekar då også under dette fleire gonger. Mykje er "sannsynleg", noko er "usikkert" eller "ikkje usannsynleg", nokre hendingar er truleg legender og eventyr, som likevel kan bygga på det som verkeleg hende.
Noko som er heilt sikkert er at Harald (og støttespelarane hans) reiste svært langt; etter tapet på Stiklestad rømde han via Sverige til Rus-riket, fyrst til Novgorod (norrønt: Holmgard) og sidan til Kyiv der han hadde slektningar. Etter nokre år som leigesoldat hos Jaroslav 1. gjekk ferda vidare til Konstantinopel (norrønt: Miklagard, i dag Istanbul), på den tida hovudstad i det bysantiske riket. Også her vart Harald leigesoldat, og Skeie fortel om ulike dramatiske, brutale og i enkelte høve bisarre hendingar der Harald truleg/sannsynlegvis deltok. I alle fall tente han godt; han hadde tent seg opp rikeleg med både sølv og annan rikdom då han etter nokre år vende tilbake til Noreg som tronpretendent. Så rik var han at han fekk løyve av fyrsten av Kyiv å gifta seg med dottera hans.

Krona og arverekkefølga til dei norske, danske og engelske kongehusa var ustabile. Etter 1030 hadde Noreg stort sett vore under dansk styre, og Knut den mektige rådde ein periode over eit rike som besto av både Noreg, Danmark og England. Då Knut gjekk bort førte det til uro, slag, stridigheiter og maktkampar mellom mange ulike personar, familiar og varierande konstellasjonar. Harald Hardråde hadde gjennom livet synt ein brutal vilje til makt og meinte han hadde rett til å bli konge også i England. Det skulle det ikkje bli noko av, for som kjent tapte han slaget i 1066. 

Eg kunne ha skrive mykje meir om kva denne innhaldsrike boka handlar om, men eg nøyer meg med å avslutningsvis sei: Les! Boka er både underhaldande og lærerik, skriven av ein forfattar med ei eineståande god formidlingsevne. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Undervegs i lesinga av Hardråde kom eg på at eg for mange år sidan las romanen Kongespeil av Vera Henriksen. Den boka handlar faktisk óg om Harald Hardråde. Eg noterer meg at Kongespeil bør gjenlesast.

Har du lyst til å høyra ei meir lettbeint framstilling av Harald Hardråde sitt liv kan eg anbefala podcasten Kongerekka med Are Sende Osen.

15. oktober 2024

Samleinnlegg: Middelalderen

I denne samleomtalen skal det handla om høgmiddelalderen; i norsk historie rekna som perioden frå ca. år 1130 til ca. 1350; med andre ord frå då vikingtida tok slutt og til svartedauden kom. Bøkene nedanfor er veldig interessante og fortel mykje om denne dramatiske tida. I "mitt system" har eg kategorisert dei som historisk/biografiske dokumentarar. For meg fører lesing av slike bøker alltid til ein del nettsøk; eg vil gjerne lesa meir om personane og den historiske perioden. Dersom du som les dette også er interessert i vidare lesing har eg lagt inn ein del lenker.

Det handlar om følgjande historiske personar:
 - Ingerid Ragnvaldsdotter - norsk dronning, fødd ca 1108, død ca 1170
 - Magnus 6. Håkonson (Lagabøte) - norsk konge, fødd 1238, død 1280
 - Alv Erlingsson - norsk adelsmann, fødselsår ukjent, død 1290
 - Ingeborg Håkonsdotter - norsk kongsdotter og svensk hertuginne, fødd 1301, død ca 1361

Ingen av bøkene er "reine" biografiar, det handlar meir om tida dei levde i og om samfunnet rundt dei.  Hovudpersonane er likevel den raude tråden i kvar enkelt bok. 


Dronning Ingerids land av Mona Ringvej
Spartacus 2023
318 sider
Papirbok fått i gåve

I 1130 døydde kong Sigurd Jorsalfare, og i tida etter var landet prega av uro, konflikt og strid om kongemakta. Striden om makta hadde blodige og bisarre utslag og som dronning hamna Ingerid midt oppe i arvestrider og maktkampar. 
Ekteskap innan dei kongelege kretsane var storpolitikk den gongen - og Ingerid (som var av svensk kongsslekt) vart gifta bort alt som 12-åring. Gjennom ekteskap nummer to, med kong Harald Gille, vart ho norsk dronning. Då han vart myrda vart dei mindreårige sønene hans kongar, både "den ekte" som han hadde med Ingerid og "den uekte" som han hadde med frilla si. Barnekongane fekk seinare tilnamna Inge Krokrygg og Sigurd Munn. Kjeldene nemner ikkje Ingerid si rolle i samband med formyndarstyre, men forfattaren meiner at kongsmora må ha hatt ein svært sentral plass i styringa. Alt tyder på at ho var ei kvinne som hadde og søkte makt. Ingerid var gift fire gonger og fekk minst 10 barn, både i og utanfor ekteskap. 

Mona Ringvej har ein open og undrande skrivestil og fortel kva som er sannsynleg - og ho filosoferer over kva sagalitteraturen (Heimskringla, Fagrskinna, Morkinnnskinna, Sverressoga m.fl.) ikkje fortel om. Ringvej gir kvinnene ein plass i historia og gir oss eit anna syn enn det sagalitteraturen formidlar. Det er også interessant at forfattaren ruskar litt i ettermælet til kong Sverre og birkebeinarane.


Kongen, lova og landet av Jørn Øyrehagen Sunde
Kagge 2023
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Undertittel: Kong Magnus Lagabøter, landslova av 1274 og det landet han skapte. 
Me skal nokre generasjonar fram i tid frå dronning Ingerid - og til den einaste kongen i denne perioden som ikkje førte krig. I staden bygde han landet på fredeleg vis med lover. Landslova av 1274 var den fyrste riksdekkande lova for Noreg og dessutan den fyrste som var skriftleg. 
Magnus skal ha fått utdanninga si av fransiskanarane i Bergen, og landslova syner at folk skulle ha ei viss omsorg for dei fattige. For eksempel vart grusomme skikkar som ordinga med gravgangsmenn fjerna. 
«Kongen, lova og landet» er både rettshistorie, politisk historie og kulturhistorie. Forfattaren skriv om eit samfunn som var prega av 100 år med borgarkrigar og politisk dragkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Vidare skildrar han ein framsynt konge og gjer grundig greie for sjølve lovgjevingsprosjektet. 
Far til Magnus, den mektige Håkon 4. Håkonsson (han som vart frakta over fjellet som lite barn), førte ein aggressiv utanrikspolitikk og regjerte då Noregsveldet var på det største. Kong Magnus hadde andre ambisjonar og interesser, for å sei det slik. Rikspolitikken og utanrikspolitikken endra seg då også raskt etter at kong Magnus døydde av sjukdom i 1280. 

Kong Magnus var gift med Ingeborg Eiriksdotter, den fyrste dronninga som vart krona i Noreg. Henne får me lesa meir om i neste bok: 


Alv Erlingsson av Tore Skeie
Cappelen Damm 2010
Speletid 9:32
Lyd Storytel 
(ikkje lenger tilgjengeleg)

Undertittel: Fortellingen om en adelsmanns undergang.
Enkedronning Ingeborg fekk (eller tok?), som dronning Ingerid over, ei sentral rolle som rådgjevar for sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar. Ein av støttespelarane hennar var Alv Erlingsson.
Alv tilhøyrde ein mektig adelsfamilie og var ein mektig mann, så fallet hans var skikkeleg brutalt. Han enda opp som sjørøvar og vart lyst fredlaus - og til slutt henretta ved steile og hjul. 

Forfattaren og historikaren Tore Skeie skriv med innleving og kunnskap. Det er ei svært godt fortalt bok, ei bok som egentleg handlar meir om politikken, samfunnsstrukturen og tida hovudpersonen levde i - enn Alv sjølv. Borgarkrigstida var på dette tidspunktet over, men forholda til nabolanda Sverige og Danmark var utfordrande, og med stadig skiftande alliansar. 

Mykje av innhaldet i denne boka overlappar boka om Magnus Lagabøte over - og det same gjeld også for boka nedanfor. 
Kongelege og adelege arrangerte ekteskap var eit slags våpen i danninga av politiske, strategiske og militære alliansar. Det gjer inntrykk å lesa om at små barn - særleg døtre - vart brukte som eit middel for å oppnå slik makt.
"På samme måte som kongene giftet sine døtre inn i utenlandske kongehus, giftet de norske aristokratene seg inn i hverandres slekter. Strategiske ekteskap var den viktigste framgangsmåten for å bygge allianser med andre toneangivende familier, livsviktig for å holde seg innflytelsesrike i et urolig og stadig skiftende politisk landskap."
Meir om slik alliansebygging også i neste bok:

Jomfruen fra Norge av Tore Skeie
Cappelen Damm 2015
Lyd Storytel (ikkje lenger tilgjengeleg)

Boka er ein oppfølgar av Alv Erlingsson-boka, men er sjølvstendig og ei litt anna type bok. Dei mest sentrale personane i boka er kong Magnus Lagabøte og dronning Ingeborg sine søner Eirik 2. Magnusson og Håkon 5. Magnusson. I tillegg får me lesa om maktspel, intrigar og skiftande alliansar i og mellom dei norske, danske og svenske kongehusa. Konflikta mellom svenske kong Birger, hertug Erik og hertug Valdemar er heilt grotesk. 

Jomfrua som tittelen viser til er kong Håkon 5. og dronning Eufemia si dotter - som også heitte Ingeborg (og av og til Ingebjørg) - det same som farmora. Alt som liten baby vart Ingeborg Håkonsdotter lova bort til den svenske hertugen Erik Magnusson som då var rundt 20. Ho vart gift som 12-åring og fekk fyrste barnet då ho var 15. Ganske groteske greier det òg. 

Men Ingeborg var ikkje berre ei brikke og ei fødemaskin. Då både faren og ektemannen døydde vart den vesle sonen hennar (3 år) konge - både i Noreg og i Sverige. Hertuginne Ingeborg deltok heilt sikkert både i rådgjeving og styring, men kjeldene er noko uklare på dette punktet. Det ein veit er at då Ingeborg gifte seg på nytt med ein dansk hertug, vart det sett på som ein tryggleikspolitisk trussel. Dermed mista ho mykje personleg gods og vart fråteken politisk kontroll og makt.

Når ein lyttar til lydbok går ein gjerne litt i surr i alle Håkon'ane, Erik'ane, Magnus'ane og Ingeborg'ane. Eg tykkjer likevel at forfattaren gjer forteljinga om denne kaotiske og dramatiske tida i skandinavisk historie både levande, spennande og forholdsvis oversiktleg. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I samband med desse bøkene må eg i tillegg anbefala podkasten Kongerekka med Are Sende Osen. Her fortel programskaparen alternativt og humoristisk om norsk historie - men han får liksom fram essensen likevel. 

Lenke til podkast-episoden om Håkon 5

6. mars 2024

Bokomtale: Historien om Vinter-OL - Fra Torleif Haug til Marit Bjørgen

Bokverket består av to svære bind. Bind 1 handlar om vinter-OL arrangert i åra 1924 til 1988 og har 663 sider. Bind 2 handlar om OL-arrangementa 1992 - 2018 og har 778 sider. Bøkene kom ut på Cappelen Damm i 2021 og 2022, før OL i Beijing. 

Forfattarane er velkjende Hans Olav Lahlum og meir ukjende Øyvind Tronstad. Tronstad er ein av landets fremste ekspertar på tema vinter-OL, for han har følgd alle OL'ane sidan 1956 "med argusøyne og notatbøker". Samarbeidet mellom Lahlum og Tronstad om desse bøkene har vore særs vellukka. 

Du startar sjølvsagt ikkje på noko slikt som dette om du ikkje er sportsinteressert. Du treng ikkje vera fullstendig sportsidiot, men er du interessert (nok) i vintersport, idrettspolitikk og samfunnsutvikling - då får du ei skikkeleg lang og god lesestund. Det var skikkeleg kjekt å "møta" gamle heltar og interessant å bli påmint om utøvarar og hendingar som eg hadde gløymt.

Er du interessert i papirutgåvene, kan eg opplysa om at bøkene er med på årets Mammutsalg til kr 199 per stykk.

Eg har lytta til bøkene, og det tok si tid (48 timar!), og eg gjekk glipp av alle bileta som er i papirboka - men eg har kosa meg. Eg kosa meg med portretta av tidlegare tiders idrettsheltar, av grundige skildringar av dei ulike konkurransane og arrangementa og med nostalgiske glimt frå min eigen barndom og ungdom då eg følgde med på alt som var av sport på TV. Opplesar Per Andreas Tønder er grei å høyra på, men eg reagerer på at han konsekvent uttalar bronse som "brongsje". I tillegg uttalar han ein del namn på folk og stader som i mine øyre høyrest feil ut, men det kan jo henda at tidlegare tiders radio- og TV-kommentatorar har sagt feil?
Papirbøkene inneheld ein del statistikk og oversikter, dette er kutta ut i lydbokutgåvene. Ein finn massevis av OL-statistikk på nettet om ein har interesse for det.

I desse dagar er det 100 år sidan den fyrste vinterolympiaden gjekk av stabelen i Chamonix i Frankrike og det er 30 år sidan jubeldagane på Lillehammer. Det passa dermed veldig godt å fordjupa seg i olympisk historie akkurat no. 

I boka vert kvart einaste vinter-OL innleia med ein presentasjon av arrangørbyen og bakgrunnen for at nettopp den byen vart vald. Det vert opplyst om talet på konkurransar og talet på utøvarar, om kven som tende OL-elden, kven som sto for den offisielle opninga og kven som sa fram den olympiske eiden. Vidare får me vita kven som var norsk flaggbærar og høyra om fakkelstafett, OL-frimerker og OL-maskotar.

Neste del består av gjennomgang av alle konkurransane, kven som fekk medaljar og kven som var beste norske utøvar - og om dramatikk og/eller spesielle hendingar som fann stad.
Likestilling i idretten er eit tema som jamnleg kjem opp. Mannsdominansen har vore stor og IOC har alltid vore konservative. Like rettigheiter og lik tilgang til idrett har aldri vore sjølvsagt. Kvinner fekk ikkje delta i OL-langrenn før i Oslo i 1952, og då var ingen norske med. Fyrste gongen kvinner fekk delta i skiskyting var i Albertville i 1992 og i hopp i Sotsji i 2014. Kombinertkvinnene får framleis ikkje delta, heller ikkje i det kommande OL i 2026.
Det er påfallande kor stor motstand det har vore mot alt nytt her i landet. Det gjeld til dømes nye stilartar som skøyting og v-stil, men det var også stor skepsis til kvinnelege langrennsutøvarar og kvinnelege hopparar. (Takk til pionerane Ingrid Wigernæs og Anette Sagen!)

Som del tre kjem så portrettane/minibiografiane. For kvart einaste vinter-OL har forfattarane valt ut ein kvinneleg og ein mannleg utøvar der det vert fortalt meir grundig om familiebakgrunnar, idrettskarrierar og livshistoriar. Nokre ga seg på topp og andre var med litt for lenge. Nokre skapte seg nye suksesskarrierar etter den aktive perioden, andre trekte seg tilbake til eit roleg familieliv og atter andre gjekk rett og slett til grunne.

Forfattarane gjer også greie for kvifor dei har plukka ut dei utøvarane som dei gir ein nærare presentasjon av. Det handlar nemleg ikkje berre om dei store stjernene; her er det også gitt plass for meir ukjende utøvarar frå smale idrettar. Som til dømes Maya Pedersen som tok gull i skeleton i Torino i 2006. Portretta er veldig interessante og gjer bøkene ekstra leseverdige. 
Avslutningsvis vert det enkelte OL-arrangementet oppsummert og vurdert.

I barndomsheimen min fekk me TV i 1968, like før OL i Grenoble. Det var ei storhending for heile familien og me såg sikkert på alt som vart sendt frå OL. Eg hugsar ingen detaljar, men eg hugsar naturlegvis Ole Ellefsæter, Jentut’n og Fred Anton Maier. Det var lengdeløp på skøyter som interesserte meg mest då eg var ung; eg skreiv ned rundetider på alle distansar i alle mesterskap og kunne alle verdensrekordane på rams. No kan eg ikkje hugsa sist eg såg eit skøyteløp.
Men framleis ser eg på både langrenn, hopp, alpint og skiskyting - dersom det passar seg slik. Aking, bob, ishockey og kunstløp har eg aldri brydd meg om og eg er heller ikkje vidare interessert i nyare OL-øvelsar som freestyle og snøbrett. Curling hadde heller aldri interessert meg før under OL i Salt Lake i 2002. Som så mange andre sat eg då oppe midt på natta for å sjå på Pål Trulsen & co.

Det er ikkje same stasen med OL lenger. Såkalla sportsvasking, samt avdekking av organisert og systematisk dopingbruk og avsløringar av juksemakarar har påvirka engasjementet mitt. Dei siste åra har debattane rundt OL handla mykje om menneskerettar, doping, korrupsjon og IOC sitt gubbe- og pampevelde. Det vert hevda at IOC berre har fokus på pengar, sponsorar og TV-rettigheiter - og ikkje på idretten og dei olympiske ideala. 

OL-arrangementa er blitt gjennomkommersialiserte, dei er svært ressurskrevjande og ekstremt store. Tal frå nokre utvalde vinter-OL fortel litt om utviklinga dei siste 100 åra:
Chamonix 1924: 16 øvelsar, 9 idrettar. 258 utøvarar frå 16 nasjonar.
Oslo 1952: 22 øvelsar, 8 idrettar. 694 utøvarar frå 30 nasjonar.
Lillehammer 1994: 61 øvelsar, 12 idrettar. 1737 utøvarar frå 67 nasjonar.
Beijing 2022:109 øvelsar, 15 idrettar. 2871 utøvarar frå 91 nasjonslag.

Neste vinter-OL skal haldast i Cortina og Milano i Italia i 2026. Der skal det kjempast om medaljar i 116 øvelsar i 16 idrettar. 
(Kan legga til: Sommarolympiadane er endå mykje større: I Tokyo-OL i 2021 (utsett eit år grunna pandemi) deltok vel 11000 utøvarar i meir enn 300 øvelsar).

. . . . . . . . . . .

Eg merkar no at eg har fjerna meg frå å omtala eit bokverk til å omtala sjølve OL. Så dermed tilbake til bøkene, som eg kan anbefala varmt til alle sportsinteresserte. Eg likte best fyrste bind, her landar eg på ein 5'ar. Andre bind får terningkast 4+. Grunngjevinga er at denne er meir oppramsande i stilen, noko som er heilt naturleg i og med at konkurransane, medaljane og utøvarane vart fleire og fleire. Dessutan vart det - til og med for meg - ein "overdose" sport. Det ville heilt klart vore lurt med ein pause mellom dei to bøkene.

Heilt til slutt nokre få ord om dei to som er nemnde i tittelen på desse bøkene.
Torleif Haug (1894-1934) tok tre gull i den fyrste vinterolympiaden i 1924. 
Marit Bjørgen er tidenes mestvinnande vinterolympiar med med sine totalt 15 medaljar.

I lista over mestvinnande vinterolympiarar er det tre nordmenn "på pallen".
Den nederlandske skøyteløparen Ireen Wüst har like mange medaljar som Bjørndalen, men har "berre" seks gull.
Elles syner statistikken at Johannes Thingnes Bøe er på 12. plass som med sine 8 medaljar - hittil.
Han er framleis ung og aktiv og eg vil tru at han kjem til å krabba opp på pallplass før han gir seg.

7. desember 2020

Serieomtale: Haakon & Maud av Tor Bomann-Larsen

Tor Bomann-Larsen brukte 17 år på dei 8 binda i biografiverket om kong Haakon og dronning Maud. Eg har brukt ganske nøyaktig eitt år på å lesa bøkene, og no er tida inne for å summera opp inntrykka bokserien har gitt meg. Og det eg kjenner mest på akkurat no er takksemd. Takk for nokre fantastisk lærerike leseopplevingar! Tusen takk til ein forfattar som har brukt så mykje tid og krefter på å skriva eit grundig, tankevekkjande og interessant biografiverk - og her er det ikkje berre snakk om det tidlegare kongeparet og infløkte kongelege slektskapsforhold. Nei, her får ein kjennskap/kunnskap om politikk, samfunnsutvikling og viktige nasjonale og globale hendingar. Bøkene er opplysande og informative, men samstundes skin forfattaren sine personlege meiningar og betraktningar gjennom rett som det er. 

Kong Haakon sin innsats og handlekraft under 2. verdenskrig er udiskutabel og beundringsverdig. Men elles er eg ikkje spesielt opptatt av kongelege personar og rojale hendingar. Reint prinsippielt er eg ingen tilhengar av monarki, verken absolutte eller konstitusjonelle. At makt og privilegiar går i arv slik det gjer innan denne styreforma er - egentleg - svært lite demokratisk. På den andre sida: når ein eingong har eit monarki er me heldige som har eit moderne monarki og ein såpass oppegåande kongeleg familie som me har her i landet. 

Forfattaren har hatt tilgang til eit enormt arkivmateriale i fleire land og må ha hatt litt av eit arbeid med å plukka ut, systematisera og tolka relevante dokument, brev, dagbøker og andre kjelder. Bomann-Larsen går ikkje tilbake til "tidenes morgen", men han går grundig til verks alt frå start. Han gjer greie for den politiske situasjonen og utviklinga i Europa på 1800-talet generelt og forholda i unionen Noreg/Sverige spesielt. 

Samstundes presenterer han hovudpersonane sitt slektstre. Prins Carl av Danmark og prinsesse Maud av England hadde ein del felles røter i dette treet sidan dei var søskenbarn. Deira felles besteforeldre var kong Christian IX (frå fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg) og dronning Louise (frå fyrstehuset Hessen-Kassel) av Danmark. Begge frå gamle tyske fyrstehus altså, noko som er litt interessant med tanke på dei to verdenskrigane som skulle komma noko seinare. Christian og Louise vart kalla "amama" og "apapa" av barnebarna sine, og vart kjende som Europa sine svigerforeldre sidan dei gifta bort borna sine omkring i andre europeiske kongehus - England, Russland, Preussen og Hellas forutan Danmark. No i dag finst det uendeleg mange etterkommarar etter dei.

Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, til dagleg prins Carl, vart fødd 3. august 1872 som nest eldste barn av dåverande kronprins Frederik og kronprinsesse Louise av Danmark (jepp, nok ei Louise; denne var svensk-norsk prinsesse. Ein skal ha tunga beint i munnen for å halda styr på desse folka). Dei fekk tilsaman åtte barn. Denne Frederik var kronprins i over 40 år, og var konge i berre seks år. Han døydde under pinlege omstendigheiter på Reeperbahn i Hamburg.

Maud Charlotte Mary Victoria vart fødd 26. november 1869 som engelsk prinsesse. Foreldra var dei som seinare skulle bli kong Edvard VII og dronning Alexandra av Storbritannia, men då Maud vart fødd var det dronning Victoria som regjerte. Maud hadde fem søsken, deriblant han som skulle bli kong Georg V, farfaren til dagens dronning Elizabeth II.

1. Kongstanken (2002)
464 sider

Kongstanken er ingen hoffreportasje, men her kryr det av kongelege personar og familiar. Det vert fortalt om kvardagsliv og festlege samankomstar, og nokre skandalar er heller ikkje til å komma frå. Det vert sitert frå private brev og dagboknotat og ein kan ein lesa om kulturelle hendingar. Det store bakteppet er eit Europa i forandring og aukande ustabilitet samt påfølgjande utanrikspolitiske motsetnader.

I tillegg til ei grundig innføring i familie- og samfunnsforhold får ein i denne fyrste boka nokre glimt av personlegdomen til det framtidige norske kongeparet. Den unge Maud vert framstilt som barnsleg, bortskjemt, sutrete og unormalt knytta til mor si. Den unge Carl var skulesvak, umoden og usikker - overraskande nok, med tanke på kor stø, kompetent og reflektert han vart med åra.

Haakon og Maud kjende altså kvarandre godt alt frå barndommen, og som unge vaksne fann dei nok ut at det var "noko meir" enn venskap og slektskap.  I ei tid der kongelege ekteskap som oftast var reine tvangs-fornuftsekteskap, tyder alt på at det var ekte kjærleik mellom dei to. Ikkje alle var begeistra for forholdet, men dei sto imot og gifte seg i Buckingham Palace i 1896. På framsidefotoet ser ein det unge paret på bryllaupsdagen. Her ana dei ikkje at dei ni år etter skulle bli konge og dronning av Noreg. 

2. Folket (2004)
563 sider

Det nygifte paret buset seg i København og prinsen held fram i jobben som offiser i den danske marinen. Men Maud mistrivst i Danmark og lengtar seg sjuk tilbake til England og mother dear. Maud lir elles av diffuse sjukdommar og plager. Det er ganske tydeleg at ho har anoreksi, som det heiter i våre dagar. 

Barn blir det heller ikkje, på mange år. Fyrst i 1903 kjem prins Alexander - den seinare kong Olav - til verda. Det mest oppsiktsvekkjande i denne boka er at forfattaren antydar at prinsen vart til på "kunstig" måte og at prinsessa sin livlege var sædgjevar. Mykje tyder på at han har rett - og eg tenkjer: er det ikkje greitt at det (kanskje) kom litt friskt raudt blod inn blant det blå i dette høvet?

Hendingar rundt unionsoppløysinga i 1905 er elles sentralt i bind 2. I ei folkeavsteming i november same år seier eit stort fleirtal ja til monarki og ja til at prins Carl av Danmark skal verta Noreg sin nye konge. Det var den unge prinsen sjølv som insisterte på folkeavstemning. Boka avsluttar med at kong Haakon, dronning Maud og vesle kronprins Olav vert ønskte velkommen til landet av statsminister Christian Michelsen og eit jublande folk.

3. Vintertronen (2006)
382 sider

Bind 3 handlar om åra 1905 - 1913. Det nye kongeparet og det ferske monarkiet møter utfordringar, men har stort sett støtte i folket sitt. Kong Haakon - i ein heilt spesiell situasjon som folkevald monark - er i ferd med å finna si rolle. Han er aktiv og interessert innan det politiske arbeidet og søkjer brei støtte, samstundes som han har sine eigne meiningar og synspunkt. Det kjem fram i dagbøkene hans, som Bomann-Larsen har fått tilgang til i samband med biografiprosjektet. 

Han har óg hatt tilgang til dronning Maud sin omfattande brevkorrespondanse med ulike europeiske kongehus. Slik får ein eit detaljert innsyn i dåtidas tankar og rojale veremåte. Det er tydeleg at Maud trivst mykje betre i Noreg enn i Danmark, og ho likar t.d. godt å gå på ski saman med sonen. Men kvart einaste år har Maud lange opphald på sitt kjære Appleton.

Av funfacts frå bind 3 kan nemnast kongeparet sitt nære venskap med Fritjof Nansen. Så nært faktisk, at fru Eva Nansen var sjalu på dronninga og rasande på mannen sin. 

4. Makten (2008)
461 sider

Dette bindet omhandlar dei turbulente åra 1913 - 1928 - det vil sei at bakteppet her er fyrste verdenskrig, russisk revolusjon og norsk nøytralitetspolitikk. For kongeparet vart krigen ei belastning også på eit personleg plan, fordi dei hadde nære slektningar både i England, Tyskland og Russland. Tsar Nikolai II, som (saman med familien sin) vart henretta i 1918, var deira "fetter Nicky".

Også det politiske Noreg er prega av uro. Kong Haakon er skeptisk til det stadig sterkare (og på den tida revolusjonære) Arbeiderpartiet, men han syner seg som eit pragmatisk og kompromissvillig statsoverhovud. Han var alltid lojal mot politiske vedtak og parlamentariske prinsipp.”Jeg er også kommunistenes konge”, sa kongen, og bad Chrisopher Hornsrud danna regjering i 1928. Sjølv om denne regjeringa berre eksisterte i 18 dagar, vart det starten på eit nytt tilhøve mellom Arbeiderpartiet og kongehuset.


5. Æresordet (2011)
623 sider

Her handlar det om tidsrommet 1928 - 1940. Etter fyrste verdenskrig forsvann fleire av dei gamle konge- og keisardømma, og ulike nye ideologiar veks fram i Europa. Forfattaren vekslar framleis fint mellom det familiære, det dynastiske og det politiske, men i bind 5 er det lagt meir vekt på det innanrikspolitiske. Kong Haakon må forholda seg til nye poltikarar som Johan Nygårdsvold, Halvdan Koht og C.J. Hambro - tre markante skikkelsar som skal komma til å bety mykje for kongen, for kronprinsen - og for landet. 

Kronprins Olav innleiar eit forhold til si kusine, den svenske prinsesse Märtha. Det er slett ikkje uproblematisk, og dei må ta nokre rundar med slekta før det vert forloving og giftarmål. At Märtha sin familie er svært tyskarvenleg fell ikkje i god jord, og det nære slektskapet er noko som også uroar dei sjølve. Men det går bra; dei gifter seg i 1929 og to prinsesser, Ragnhild og Astrid, kjem til verda i hhv. 1930 og 1932, og til slutt vesleprinsen Harald i 1937. Dronning Maud slit framleis med helsa, og oppheld seg ofte utanlands. I ettertid er det kjent at ho hadde kreft, men den gongen vart ein slik sjukdom ikkje snakka om. Det gjer inntrykk å lesa om den siste tida hennar, og om kor einsam og sorgtung kongen vart då ho gjekk bort i 1938. 

Avslutningsvis i denne boka kan ein lesa om krigsutbrotet og kongefamilien og regjeringa si påfølgjande og dramatiske flukt ut frå hovudstaden. Kong Haakon var som kjent standhaftig og kompromisslaus i høve dei tyske okkupantane og sa eit klart NEI til norsk kapitulasjon.

6. Svaret (2013)
399 sider

Denne boka skil seg vesentleg frå dei føregåande. Den er fyrst og fremst politisk, og omhandlar kun nokre månader; sommaren og hausten 1940. Innhaldet er oppsiktsvekkjande. Eg har lest mykje om 2. verdenskrig, men har aldri tidlegare høyrt om riksrådsforhandlingane. 

Sommaren 1940 ser det ut til at krigen skal bli kortvarig og at Tyskland kjem til å vinna. Kongen og kronprinsen samt regjeringa er i London, kronprinsessa og borna oppheld seg mellombels på eit slott utanfor Stockholm.
I Noreg forhandlar sterke norske krefter om fred og samarbeid med okkupasjonsmakta. Eitt av forhandlingskorta er å avsetja kongen og setja inn tre år gamle prins Harald som barnekonge. 
Riksrådet sende ein anmodning til kongen om abdikasjon, men svaret vart også her - eit klart NEI. Spelet omkring dette er interessant lesnad, samstundes som det er bortimot uforståeleg sett no i ettertid. Og kvifor er det ikkje meir kjent? 

7. Hjemlandet (2016) 
535 sider

Her handlar det om krigsåra 1940-45. Å vera i eksil tærer på krefter og er utfordrande på fleire plan. Den stødige, men etter kvart aldrande kongen og den yngre og meir energiske kronprinsen er ikkje alltid samde, men diskuterer seg fram til det som dei meiner er til det beste for fedrelandet. «Sønnen fikk det som faren ville», heiter det i boka. Kong Haakon er heller ikkje alltid enig med statsminister Nygårdsvold, men har tydeleg stor respekt for han. Det er gjensidig. 

Kronprinsesse Märtha, fyrstedame etter at dronninga døydde, oppheld seg i USA denne perioden (som fortalt om i Atlantic Crossing), og får eit nært, fortruleg og pikant (men sannsynlegvis ikkje romantisk) forhold til president Roosevelt. 

Boka inneheld mengder med informasjon, namn og detaljar, men er likevel lett tilgjengeleg, skriven med sedvanleg iver og engasjement.

8. Kongen (2019)
508 sider

Så er me komne til siste bind i dette kjempesvære biografiverket - og til dei siste åra av kong Haakon sitt liv; 1945 - 1957.
Her samlar forfattaren trådar og syner dei lange linjene; om korleis historia om kong Haakon og historia om utviklinga av den norske velferdsstaten heng saman. Etter krigen vart kongen om muleg enno meir populær enn før. Sjølv om han hadde ei "opphøgd" stilling vart han eit samlande symbol og ein folkekonge.

Kronprinsesse Märtha var mykje sjuk og var inn og ut av sjukehus i åra etter krigen. Ho døydde i 1954, til stor sorg for kongen, kronprinsen, borna - og folket.

Kong Haakon overlot gradvis mykje av ansvaret til sonen. Heilt til det siste var kongen klår, men svært svekka fysisk etter eit lårhalsbrot. Det er sårt og vemodig å lesa om den siste tida hans.
Kong Haakon døydde 21. september 1957, 85 år gammal.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har "lest" alle bøkene som lydbøker, opplest av forfattaren sjølv. Ein kan ikkje sei at Bomann-Larsen har ei spesielt behageleg stemme, og han les dessutan noko seint. Men på den andre sida; ved å høyra på forfattaren forstår ein kor oppriktig og engasjert han er. For meg vart løysinga å lytta til bøkene i eit litt raskare tempo (1,2) - og stemma har eg gradvis vant meg til. Det ein går glipp av ved å kun høyra på desse bøkene er alt det interessante biletstoffet som ein finn i papirutgåvene. Dette vart for min del løyst ved å ta ein tur på biblioteket og bla litt i desse.


Om eg anbefalar bøkene? Ja, sjølvsagt - dette er bøker ein vert klokare av!
Les dei langsamt og la det gjerne gå litt tid mellom kvar bok.

Eg har gitt dei fleste enkeltbøkene i serien terningkast 5, men samla sett fortener dette biografiverket toppkarakter.

27. februar 2020

Kort om: Vi må ikke falle og Krigen på 200 sider

Eg har nettopp lest to bøker om andre verdenskrig i Noreg. To høgst ulike bøker med forskjellige tilnærmingar til stoffet.

Vi må ikke falle av Ingar Sletten Kolloen

Gyldendal 2019
492 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er fyrste del i ein bokserien Under krigen som kjem til å bli svært omfattande. I denne boka, som er på nesten 500 sider, er me ikkje komne lenger enn til slutten av 1940.

Ingar Sletten Kolloen si bok er av den langsame typen. Her vert det fortalt om kvardagsliv, enkeltepisodar og enkeltpersonar, - utbrodert og gjort greie for til minste detalj. Slett ikkje uinteressant, men etter kvart så omstendeleg at eg vart lei.

Her er ein del nytt og ukjent stoff, andre deler er vel kjende frå tidlegare. Eg tykte at det etter kvart vart så mange personar og hendingar å halda styr på at det vart uoversiktleg.
Mitt tips når det gjeld lesing av denne boka er at ein tek seg god tid, f.eks. ved å lesa eit kapittel eller to pr. dag. Terningkast 4-.

Krigen på 200 sider av Frank Aarebrot

Kagge 2018
202 sider
Kjøpt papirbok

Dersom du er ute etter dei lange linjene, om samanhengar - politiske og historiske - då er dette boka for deg. Nok ein gong er eg full av beundring over kor dyktig formidlar denne mannen var.

Aarebrot skriv enkelt og på ein måte som folk flest kan forstå. Sjølv om det naturleg nok er skrive i ein forenkla og forkorta form er det ikkje overfladisk av den grunn. Han dreg linjene frå krigens dagar fram til vår eiga tid og vår tids utfordringar.

Krigen på 200 sider er systematisk, logisk oppbygd og krydra med anekdotar og personlege vinklingar. Det er ei meiningsfull, underhaldande og lærerik bok.
Terningkast 5.

Bøkene ovanfor tangerer kvarandre og utfyller kvarandre - men også til andre bøker om same tema. For meg vart det mest nærliggjande å samanlikna med Alf R. Jacobsen sin glimrande dokumentarserie Angrepet på Norge; Krysseren Blücher, Kongens nei, Angrep ved daggry og Bitter seier.

- - - - - - - - - - - - - - - - - -

Krigen på 200 sider er óg mitt bidrag til fyrste runde i Bokhyllelesing 2020. Tema for denne runden er nemleg grøn bok. Meir om denne utfordringa på bloggen Boktanker.

13. februar 2020

Bokomtale: Sovjetistan av Erika Fatland

Kagge 2014
Speletid 16:36

Lydbok Storytel

Undertittel:
En reise gjennom Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan.

Erika Fatland har reist mykje. Før ho reiste og gjorde research til (den fabelaktige) boka Grensen var ho på ei anna omfattande reise; til dei fem tidlegare sovjetrepublikkane i sentral-Asia. Til "Langtvekkistan", til "Absurdistan" - eller som Fatland kallar det: til "Sovjetistan". Boka kom ut i 2014, men er framleis aktuell sjølv om det har skjedd enkelte ting i området sidan den tid.

Dei fem sentralasiatiske landa Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan vart sjølvstendige då Sovjetunionen braut saman i 1991. Dei har enkelte fellestrekk, men har ulik økonomi og næringsliv, varierande etnisk samansetning, ulike språk og forskjellige politiske system. Fatland gjer greie for skilnader og likskapar på ein oversiktleg og grei måte.

Reisa startar i Turkemenistan, eit ørkenland rikt på naturressursar, der hovudstaden Asjkabad har breie gater og marmorkledde bygningar. Men turkmenarane flest nyter ikkje spesielt godt av oljeinntektene, og brot på menneskerettane og omfattande korrupsjon er eit stort problem i landet. President Nijazov, som styrte landet sidan det vart sjølvstendig i 1991 og fram til han døydde i 2006, var både diktatorisk og eksentrisk, noko Fatland gir fleire eksempel på. Etterfølgjaren har ikkje vore stort betre.


Ferda går deretter vidare til Kasakhstan; det niande største landet i verda, men med berre 15 millionar innbyggjarar. Her er tilhøva betre når det gjeld levestandard, ytringsfridom og samfunnsforhold, men landet er lite demoratisk sett med våre auge. I Kasakhstan besøkte Fatland både den uttørka Aralsjøen og atomprøvesprengingsbyen Semipalatinsk - begge katastrofeområde når det gjeld natur og miljø.

Tadsjikistan er det fattigaste av dei sentralasiatiske statane. Her besøkte forfattaren m.a. Yagnobdalen, eit vanskeleg tilgjengeleg område der menneska bur i jordhytter og snakkar eit urgammalt språk. Det er tydeleg at dette var spesielt interessant for sosialantropologen Erika Fatland. Kirgisistan er det minste av dei fem landa og har store utfordringar når det gjeld etniske motsetnader, politisk uro og økonomiske vanskar. I fleire område i Kirgisistan er tradisjonen med bruderov vanleg. I Uzbekistan følgde Fatland Silkevegen og ein får høyra om byane Khiva, Bukhara og Samarkand.

Fatland har ein fin forteljarstil, er imponerande språkmektig og har eit ope sinn. Ho har dermed fått god kontakt med dei ho møter på reisene sine.

Sovjetistan er ei lærerik og underhaldande bok som byr på gode reiseskildringar og interessante møter med menneske og stader. I tillegg får ein fakta om kompliserte samfunnsforhold, politiske samanhengar og eit innblikk i lange historiske linjer. Boka kan absolutt anbefalast.


Sovjetistan - eit foredrag

3. oktober 2019

Bokomtale: Reformasjonen - den store historien av Frank Aarebrot og Kjetil Evjen

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid: 7:52

Lånt lydbok eBokBib

Statsvitaren, forfattaren, kommentatoren, professoren og foredragsholdaren Frank Aarebrot gjekk bort i 2017. Det er heilt sikkert mange som saknar han, for han var ei kjent og kjær stemme/ansikt for dei fleste.

Den etterspurde boka 200 år på 200 sider og det populære foredraget 200 år på 200 minutter er eksempel på at professoren nådde ut til eit breidt publikum. Han kunne fortelja om kompliserte ting og samfunnsaktuelle saker på ein måte som folk flest kunne forstå, utan å vera overforklarande.

Reformasjonen - den store historien vart Frank Aarebrot si siste bok: Manus vart levert forlaget berre nokre dagar før han døydde. Medforfattar Kjetil Evjen er statsvitar og universitetslektor og var kollega med Aarebrot.

Det er 500 år sidan Martin Luther sende ut dei 95 tesene i Wittenberg; denne hendinga vert sett på som starten på reformasjonen. Aarebrot/Evjen gjer i boka greie for bakgrunnen og dei teologiske, politiske og historiske kreftene i dåtidas Europa. Vidare set dei søkelys på korleis reformasjonen bidro til samfunnsutviklinga i åra som følgde. Den lutherske reformasjonen var ein slags revolusjon som førte til store politiske, religiøse, kulturelle, militære og økonomiske endringar i mange land.

Forfattarane ser på reformasjonen og følgjene av den med statsvitenskaplege briller - og det er det som er interessant. Eg er ikkje religiøs og har lite interesse av religion, men når ein får ei slik hending som reformasjonen sett i samanheng - då skjønnar ein at det var viktig; for nasjonar, for samfunnsutvikling, for språk og kultur.

Boka er krydra med anekdotar og digresjonar i akkurat passe porsjonar. Det gjer boka underhaldande og lett å lesa sjølv om det til tider er litt tungt stoff.
Då nettstaden bok365 skulle kåra årets bok i 2018 var det denne som vann.

Lydbokversjonen er OK. Per Andreas Tønder les lydboka nøytralt og utan særleg innleving. Det er heilt greit sidan det er sakprosa, men innimellom sakna eg det "aarebrotske" temperamentet og engasjementet.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Frank Aarebrot var humoristisk, karismatisk og hadde gode pedagogiske evner. For nokre år sidan hadde eg gleda av å sjå og høyra Aarebrot live. Det var stort -  for det var heilt spesielt å oppleva den unike formidlingsevna han hadde. Han var roleg og utan for mange fakter - og utan manus - men med sterk stemme, tydeleg diksjon, glimt i auga og merkbar utstråling. Tema for foredraget var 'Regionsreforma på Vestlandet'; i utgangspunktet eit heller tørt tema - men me som var publikum sat der trollbundne og sugde til oss kunnskap og ny innsikt.

Frank Aarebrot ga også ut bøkene USA på 200 sider og Krigen på 200 sider. Heilt sikkert lærerike bøker som eg ikkje har lest enno, men som eg har skaffa meg. Biografien om Frank Aarebrot kunne eg òg tenkja meg å lesa ein gong.

12. juni 2019

Kort om: Hvitekrist av Tore Skeie

Lydbokforlaget 2018
Speletid: 9:26
Opplesar: Kai Remlov

Lånt på biblioteket

Det meste eg kunne og visste om Olav Haraldsson - Olav den heilage - frå før, lærte eg av Vera Henriksen, gjennom Sigrid-trilogien. I Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen er kong Olav ein sentral biperson. For vel er denne trilogien romanar og såleis oppdikta, men Vera Henriksen brukte skriftlege dokument og historisk kjeldemateriale for å få alt så korrekt som muleg.

No veit eg enno meir; om Olav Haraldsson, om livet hans, om samfunnet rundt han og om grunnlaget for alle mytane som vart danna i ettertid. Tore Skeie har skrive ein fabelaktig dokumentar - og eg skal definitivt lesa dei neste bøkene. Skeie har visstbok planar om å skriva fem bøker om Noreg sine store viking- og middelalderkongar. Boka om Olav Haraldsson er fyrste bok i serien.

Me skal altså 1000 år tilbake i tid, og dei skriftlege kjeldene er noko usikre. Skeie har brukt kjeldemateriale frå fleire ulike kantar; han har teke utgangspunkt i norrøne skaldekvad og sagaopplysningar og samanlikna desse med utanlandske kjelder som engelske og franske krønikar. I etterordet skriv forfattaren at målet har vore « å skrive en sammenhengende dokumenterbar framstilling bygget på primærkilder og på innsikten fra 150 års historisk, arkeologisk og filosofisk, uten å trette mine lesere med lange utgreiinger, diskusjoner og forbehold. Det er en vanskelig balansegang ettersom all kunnskap om denne for oss så fjerne tidsalderen er grunnleggende usikker.»

Eg tykkjer Tore Skeie har lukkast godt - og det er interessant og "nytt" at han plasserer vikingtidas Noreg i ein europeisk samanheng. Han fortel godt; forståeleg og enkelt, men ikkje altfor forenkla. Han forklarar kva som er fakta og kva som er usikkert. Her får ein høyra om slag og maktkampar, om drap og brutal framferd, om ladejarlar, småkongar og store kongar. Det heile er grundig og nøkternt fortalt og elegant utført. Ein får med denne boka eit nytt eksempel på at sakprosa kan vera vel så spennande lesing som skjønnlitteratur.

Og når Skeie nemner dei historiske Tore Hund, Sigrid Toresdatter og Kalv Arnesson i forteljinga si, nikkar eg gjenkjennande og tenkjer på Vera Henriksen sine bøker.

Hvitekrist er både rystande og lærerik lesing - og eg vart som du skjønnar veldig begeistra. Innhaldet er utan tvil lettare å få tak i dersom du nyttar papir- eller ebokformatet, men for meg fungerte lydboka fint. Kai Remlov er ein dyktig og rutinert opplesar.

Andre bloggmeiningar: Reidars bokblogg, Kleppanrova

19. november 2017

Smakebit på søndag frå Jølster hotell

Samlaget 2017
175 sider

Lånt ebok eBokBib

Så enkelt - og så bra - kan det gjerast. Katrine Sele har skrive ei god bok om flyktningsituasjonen og flyktningpolitikken og om menneske som er råka av krig og konflikt. Det er ei bok som inneheld sterke historiar og som gir oss eit innblikk i kvardagen til personane som sit i mottak og ventar.

Jølster hotell er ein staseleg, men noko nedsliten, bygning i Vassenden i Jølster kommune. Bygget er (delvis) i sveitserstil og det ser imponerande ut med dei vakre utskjeringane på fasaden. Sidan 1880-talet har det vore hotelldrift her på denne staden som er eit trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane. Hotellet vart mottak i 2010 og har husa mange asylsøkjarar frå mange ulike land og kulturar. I februar 2017 vart mottaket nedlagt.

Forfattaren er sjølv busett i Jølster. Ho har oppsøkt asylmottaket, blitt kjend med bebuarane der og fått dei i tale. Ho har følgd personane i boka i ein lengre periode, også etter at dei "vart busette", som det heiter.

Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak er basert på Sele sine møte med ni flyktningar frå Syria, Sudan, Etiopia, Somalia og Eritrea, samt nokre av personalet på mottaket. Sele skriv enkelt og nøkternt, men også med innleving. Ho byr på seg sjølv og brukar eigne opplevingar og erfaringar for å prøva å setja seg inn i flyktningane sin situasjon. Ho innleiar boka på denne måten:
"Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira."
Forfattaren vart slått av kor stusseleg det var i mottaket. Fellesområda var påfallande lite brukte; folk budde, sov, laga mat og åt på romma sine. Alle dei ni menneska me møter hadde livet sitt på vent. Venting på avklaring, venting på vedtak, venting på familiemedlemer. Ingen av dei ni kan seiast å vera lykkejegerar og snyltarar - som det frå enkelte hald vert hevda at dei fleste asylsøkjarar er. Den lange sakshandsamingstida slit voldsomt på dei som bur i mottak; dei mistar gjerne gnisten når dei berre vert gåande å venta. Dagane vert prega av uro, passivitet og motløyse.

Det er tydeleg at Sele vart opprørt av det ho såg og høyrde på mottaket. Ho fekk innsikt i sakn og uvisse, vonde opplevingar og tunge lagnader. Ho har klart å formidla denne innsikta til lesaren på ein varm og opplysande måte. Boka inneheld også sakleg informasjon og opplysningar om dagens flyktningsituasjon, samt nokre tankar om våre haldningar til flyktningar og asylsøkjarar.

Eg anbefalar Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak. Dette er ei bok å bli klok av.

Utfordringa Smakebit på søndag er no å finna på bloggen Betraktninger. 

4. juli 2017

Bokomtale: Amundsens siste reise av Monica Kristensen

Forlaget Press 2017
351 sider

Kjelde: eBokBib

Denne boka "kasta eg meg over" med ein gong eg vart merksam på at ho var utkommen. Som eg skreiv i omtalen av Espen Ytreberg sin roman Amundsen tidlegare i år så skulle eg gjerne lest meir om resten av livet til Amundsen - særleg den dramatiske avslutninga. Og her, i denne velskrivne og velkomponerte boka, får me akkurat det: Ei fascinerande, engasjerande og detaljrik skildring av det som skjedde - og kanskje skjedde - då den store polarhelten Roald Amundsen forsvann.

Amundsens siste reise er ei dokumentarbok, men inneheld trekk og verkemiddel som ein kjenner at frå krimsjangeren. Ikkje så rart; Monica Kristensen har også skrive fleire spennande kriminalromanar. I tillegg har ho gitt ut fleire dokumentarbøker om opplevingar og erfaringar som polfarar og ekspedisjonsleiar i polare strøk. Kristensen er utdanna glasiolog og har arbeidserfaring frå m.a. Metereologisk Institutt, Vervarslinga for Nord-Norge, Kings Bay AS og Redningsselskapet.

Dette er ingen ny biografi om Roald Amundsen - det trengst kanskje heller ikkje, for det har m.a. Tor Bomann-Larsen sørga for tidlegare - men Kristensen går ganske tett på den "aldrande" polarfararen. Han vart forresten ikkje så gammal, kun 56 år, men både utsjånad og haldningar var nok eldre enn det alderen skulle tilsei. På midten av 1920-talet var Amundsen ein litt falma helt.

I Ytreberg sin roman vert Amundsen framstilt som tverr og sur, sjølv om han "vann" kappløpet mot Sydpolen i 1911. Kristensen understrekar dette inntrykket av ein negativ og fornærma person. Og faktum er at han mot slutten av livet hadde problem - både med populariteten, med tidlegare vener, med økonomien - og med helsa. Leitinga etter den tidlegare samarbeidspartneren Nobile kan ha vore ein siste innsats for å redda stumpane - og æra. I ettertid vart Amundsen, som alle døde heltar, hylla og beundra.

Utgangspunktet for denne historia er redningsaksjonen etter den italienske polfararen Umberto Nobile og mannskapet hans på luftskipet "Italia" i mai 1928. Luftskipet nådde Nordpolen og havarerte på isen då dei var på veg tilbake til Svalbard. Seks menn forsvann med sjølve ballongen og vart aldri funne. Av dei ti i gondolen overlevde ni sjølve krasjet med isen. Fleire av dei var hardt skada, men sidan dei hadde tilgang på ein del mat, eit lite telt og faktisk også ein radio såg situasjonen ikkje så altfor mørk ut. Det skulle gå 48 dagar før alle dei overlevande vart henta ut. Då var gruppa splitta, enno ein deltakar var død og fleire var i elendig forfatning fysisk og psykisk. Samstundes vart det sett i gang enno ein leite- og redningsaksjon; sjølvaste Roald Amundsen og mannskapet hans på flybåten Latham vart meldt sakna. Fly, skip og mannskap frå mange ulike nasjonar deltok i ein langvarig og omfattande leiteaksjon i eit gedigent og verhardt område.

Monica Kristensen skildrar det heile med kunnskap, engasjement og innleving. Boka er dramatisk og spennande som ein krimthriller sjølv om ein "veit korleis det går": Roald Amundsen, Leif Dietrichson og fire franskmenn kom aldri tilbake. Omkomne og flykroppen vart aldri funne, men vrakdeler vart funne nordvest for Bjørnøya - men også så langt sør som ved Haltenbanken. På nokre av vrakdelene fann ein spor etter forsøk på reparasjonar.

Forsvinninga er ei av dei store mysteria i polarhistoria. Basert på loggføring, historisk materiale, nyare forsking og kjennskap til Amundsen sin tankegang, lanserer Kristensen i denne boka ein ny og spennande teori om kva som kan ha skjedd.

Ho viser til at det i 1936 vart funne ein forlatt leirplass på Nordaustlandet på Svalbard. Staden hadde avtrykk av eit telt og det låg gamle boksar, sjokoladepapir, italienske dokument, gummiert bomullsduk av den typen som vart brukte til luftskip - og ein bit av ei norsk avis der. Kven som hadde opphalde seg på plassen vart aldri klarlagt. Kan nokon ombord på Latham ha overlevd ei eventuell krasjlanding? Eller kan det ha vore nokon frå det såkalla Ballongpartiet på luftskipet Italia som slo leir medan dei venta og håpa på å bli redda? Det var forventa at Latham skulle mellomlanda i Ny-Ålesund, men kanskje reiste dei direkte til den posisjonen ein antok at Ballongpartiet var? Ingen veit, og Amundsen heldt som regel korta tett til brystet og hadde ikkje avslørt planane sine på førehand. Funna av vrakdelene på ulike stader kan forklarast med ver, vind, straumar og tilfeldigheiter.

Det er svært interessant å følgja resonnementa til Kristensen. For meg vart denne boka ei kjempebra leseoppleving. Det som trekker litt ned er alle dei tekniske, praktiske og geografiske detaljane. Samstundes er det desse detaljane som gjer boka så gjennomført og grundig.

Det er nok ein fordel å vera interessert i polarhistorie for å ha glede og utbytte av Amundsens siste reise, men egentleg passar denne boka for alle som likar å lesa ei god dokumentarisk forteljing.

Andre bloggmeiningar: Pervoluto

29. mars 2017

Syriabøker

Konfliktane i Syria har innverknad på vårt eige land, på ulike måtar. Etter at eg las To søstre kjende eg at eg hadde behov for å lesa meir om ulike tema som den boka tek opp: om framandkrigarar og jihad, om islam, om Syria, om opprøret mot Assad, om IS og andre islamistgrupper, om kulturhistoriske samanhengar og om storpolitiske linjer. Andre aktuelle tema som flyktningkrise og flyktninghets heng også saman med dette.

Ei av dei største utfordringane i verda akkurat no er menneske på flukt frå krig, vald og fattigdom. Det finst inga enkel løysing, men eg tykkjer det er rimeleg klart at omverda må hjelpa til på ulike måtar. Dette er ikkje "snillisme" eller "godhetstyranni" - men vår simple plikt som medmenneske. Eller nestekjærleik, som det vel heiter i Bibelen.
Ein ser i enkelte samanhengar at islamkritikk går over i muslimhets og rasisme. Me har ein kristenkonservativ innvandrings- og integreringsminister som smiler breidt medan ho gir ordre om ein stadig strengare asylpolitikk. På Facebook får ho gjerne hundrevis av likes og hyllingskommentarar på sine innvandringsfiendtlege utspel. Det finst også Facebook-grupper der medlemene fyrer kvarandre opp og sprer om seg med drapstruslar, hets og hat.

Det er ikkje bra. Eg vert rett og slett dårleg av å lesa slikt. Det virkar som om det har blitt så mykje framandfrykt - og det skremmer meg. Det er skremmande fordi frykt ofte fører til hat. Det skremmer meg at folk som Donald Trump, Geert Wilders, Marine Le Pen og Sylvi Listhaug vinn fram med sine framandfiendtlege haldningar og fordummande politikk.

Kva er det som skjer? Kvar er det blitt av empatien? Kvar er det blitt av solidariteten med menneske som har flykta frå bomber, tortur og krig? Rasisme, løgner og stigmatisering av store folkegrupper er forkasteleg!

Det stemmer ikkje at flyktningane er unge skjeggete menn som kjem fløymande over grensene til Europa for å steina, halshogga, valdta og innføra sharialover. Flyktningar frå Syria kjem ikkje hit for å spre terror. Det er terror dei flyktar frå.

Det handlar om enkeltmenneske. For å forstå kva som skjer må ein prøva å setja seg inn i enkeltpersonar sin situasjon. Difor les eg bøker som handlar om menneske. Men eg les også bøker som gjer greie for historia, forhistoria og det internasjonale samfunnet sine aksjonar og reaksjonar. Eg les fordi eg ynskjer å forstå, fordi eg ynskjer å bli klokare. Eg er lei av urimelege påstandar og halvsanningar frå folk som tykkjer at islam og muslimar er rota til alt ondt. Eg les for å kunna møta muslimhets og rasisme med argument og fakta. Og eg tykkjer det er fint å lesa skjønnlitterære framstillingar av dei same problemstillingane som dokumentarbøkene fortel om.

(Dette vart ei lang innleiing. Som de skjønnar er dette noko som engasjerer og opprører meg.)


Flukten fra Syria av Linn Kongsli Hillestad
Gyldendal 2016
295 sider, lånt ebok eBokBib

Undertittelen er et land i ruiner. To presidenter. Tre familiers skjebner og boka fortel historia om tre unge syriske flyktningar som i dag er busette i Trondheim.

Parallellt med at forfattaren gir eit portrett av dei tre, trekker ho opp dei historiske linjene og bakgrunnen for konflikten i Syria.
Den arabiske våren i 2011 gjorde at syrarane augna eit håp om ei betre framtid. Men - det som starta med eit høgst forståeleg opprør mot det brutale Assad-regimet, skulle etter kvart føra til noko enno verre.
Terrororganisasjonen IS spreidde skrekk og frykt medan dei kontrollerte fleire og fleire område i landet. Uroa eskalerte, kampane vart hardare, brutaliteten større og livet i Syria vart uuthaldeleg for desse tre unge menneska.

Eg tykkjer Flukten fra Syria er ei god og viktig bok. Ho er skriven i eit lettfatteleg språk og i ein nøktern stil. Ho er ikkje så fengande som To søstre, men stilmessig har dei to bøkene mykje til felles. Ein kan sei at dei to bøkene utfyller kvarandre. Medan Hillestad i denne boka har mest fokus på dei som flykta frå krig og terror, handlar Seierstad si bok mest om dei som søkjer til Syria, for å kjempa for den Islamske Staten.



Dette livet eller det neste av Demian Vitanza
Aschehoug 2017
342 sider, lånt ebok eBokBib

Ei bok som gjorde sterkt inntrykk, særleg fordi ho går så nær inn på enkeltmenneske. Dette er ein dokumentarroman med ei tydeleg, direkte og truverdig stemme. Forteljaren er norskpakistanske "Tariq" som i dag sonar ei fengselsstraff for medverknad til terror og deltaking i aksjonar for IS og Nusrafronten. Boka er såleis eit einsidig partsinnlegg frå ein muleg terrorist - noko som tidvis gjer lesinga ubehageleg.

Det vert fortalt om oppveksten i Østfold, om ein familie som følte seg utanfor det norske samfunnet, om ungdomstid prega av rus og kriminalitet, om lengsel etter ei meining med livet - som han opplevde at han fann i religionen. Stadig strengare religiøsitet og radikalisering saman med sterke inntrykk frå media om det pågåande opprøret i Syria - samt barnsleg eventyrlyst - gjorde at Tariq og ein kamerat reiste avgarde. Sjølv hevdar Tariq at han reiste til Syria fyrst og fremst for å driva humanitært arbeid, men eg sit att med ei kjensle av at han ikkje fortel alt om si eiga rolle og eigne handlingar som jihadist.

Forfattaren har samtala med hovudpersonen i fengselet, og boka - romanen - har form som eit intervju der me berre ser svara, og ikkje spørsmåla. Lesaren må difor tenkja seg til kva som vert sagt mellom linjene, på ein måte. Det er svært spesielt, og eg mislikte akkurat dette forteljargrepet i starten av boka. Etter kvart vart eg vant til det - og konklusjonen min etter at eg har lest ut boka er at det er verknadsfullt og dyktig utført.
Denne boka skal eg ta med meg i vurderinga for nominering til neste års Bokbloggerpris.


Syria - En stor krig i en liten verden av Cecilie Hellestveit
Lydbokforlaget 2017 
Speletid 12:47, lest av forfattaren

Informativt, oversiktleg og lærerikt om bakgrunnen for og utviklinga av borgarkrigen i Syria. Forfattaren er statsvitar, jurist og Midtausten-ekspert - og eg er verkeleg imponert over kunnskapsnivået og formidlingsevna hennar.

Boka er delt i to: Syria i verden og Verden i Syria. Krigen i Syria er uhyre komplisert, så det er ikkje berre-berre å forklara det slik at folk forstår. Hellestveit gjer i denne boka greie for det storpolitiske spelet, det historiske bakteppet og viser konfliktlinjene i det som er ein ideologisk, religiøs og politisk krig.

I boka drøftar Hellestveit den rolla sosiale media har og har hatt i høve krigen og forklarar kvifor "den arabiske våren" fekk andre følgjer i Syria samanlikna med Libya, Tunisia og Egypt. Ho peikar på dei mange aktørane utanfrå, nokre av dei støttar ulike opprørsgrupper og terrorgrupper og andre støttar Assad-regimet og regjeringsstyrkane. Vidare er naboland og fleire andre land i regionen samt FN, EU og NATO involverte - på avstand og i ulik grad. Det problematiske forholdet til Israel, problemet med kurdarar og palestinarar og konfliktane mellom sjia og sunni er andre element i det som føregår. Ulike land har inngått avtalar og alliansar seg imellom på tvers av tidlegare avtalar, planar og konvensjonar. Dei skjøre alliansane og terrorbalansen mellom ulike statar er blitt endra slik at det heile har blitt enno meir komplisert. Klimatiske forhold, befolkningsvekst og tilgang til vatn og naturressursar er også ein del av biletet. At det internasjonale samfunnet, som t.d. FNs Tryggingsråd, aldri synte handlekraft medan konflikten var i oppstartsfasen står for meg som ein stor tragedie.

Mangel på samordning mellom motstandsgruppene er ei av forklaringane på at krigen er blitt så langvarig. Framandkrigarane har ikkje berre slutta seg til IS, men også til andre ulike opprørsgrupper. Syria er i det heile eit gigantisk lappeteppe når det gjeld religion, kultur og etnisitet. I dag er store deler av landet øydelagt, omlag 400.000 menneske har mista livet, sivilbefolkningen lir og flyktningstraumen har ingen ende. Og Bashar al-Assad, 2. generasjons diktator i Syria, er framleis president. Kva som skjer framover er ikkje lett å sei. Vegen til forhandlingsbordet er lang og vanskeleg i og med at vetomaktene i Tryggingsrådet støttar kvar si side i den pågåande krigen. Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen og FN-rådgjevar for Syria, er ikkje spesielt optimistisk. Det er ikkje Cecilie Hellestveit heller, men ho skisserer avslutningsvis i boka si nokre teoriar og tankar om løysingar.

Hellestveit har eit sakleg og "kjøleg" perspektiv på borgarkrigen i Syria. Ho fortel i liten grad om menneskelege lidingar og enkeltpersonar sine forteljingar; ho ser meir på dei store bileta og dei lange linjene. Men å få det heile presentert på ein slik usentimental måte gir faktisk like stort inntrykk. Lydboka fungerte fint for meg. Hellestveit les boka sjølv, i passe tempo og med tydeleg diksjon.
At boka etter kvart tok til å kjeda meg skuldast vel helst at eg ikkje klarde å halda konsentrasjonen oppe. Det er nemleg vel detaljert - og dessutan repeterande, og ein blir litt "mett" når ein får fakta gnidd inn på den måten. Likevel - dette er ein klar kandidat til Bokbloggerprisen 2017 - open klasse.