Då har eg lest tre av årets norske utgjevingar innan krimsjangeren. Alle tre er bra bøker - "heilt grei krim" - men ingen av dei vart innertiar for meg. Dette har sjølvsagt samanheng med dei forventningane eg hadde på førehand. Eg meiner at både Dahl, Aust og Brekke har levert betre tidlegare.
Handlinga er lagt til 2. verdenskrig og utgangspunkt for historia er det same som i Kureren - det norske eksilmiljøet i Stockholm. Lazarus er ein velskriven agent-thriller og historisk spenningsroman. Det er tydeleg at forfattaren har gjort grundig research og at han er oppriktig interessert i tematikken og i denne historiske perioden. Han skildrar korleis folk i eksil og i motstandsrørsla levde i uvisse - at dei knapt kunne stola på nokon.
Ein norsk flyktning får i oppdrag å finna ut av ei sak der ein kurer på veg til Noreg med illegale aviser og dokument til Heimefronten vart drept. Er det ein utru tenar som har avslørt noko til fienden? Eller er det nokon i Heimefronten som har gjennomført ei likvidering? Kva er i tilfelle årsaka til det?
Boka byr på ytre og indre dramatikk, levande tidsbilete og gode miljøskildringar. Språket er stødig og virkar å vera "tidsriktig". Boka er interessant og stemningsfull, men forteljarstilen er så langsam at det er lett å mista taket i handlingstrådane.
Terningkast 4+.
Dette er ei bok eg verkeleg såg fram til. Eg tykkjer nemleg at Kurt Aust er ein framifrå forfattar av både historisk krim og notidskrim. Som i Dødt løp har forfattaren henta inspirasjon frå sportsverda. Men medan Dødt løp handla om sykkelsport, handlar Rødt kort om fotball. Ein treng ikkje vera fotballekspert for å skjønna/lika boka, men er ein fotballinteressert er boka ekstra interessant og underhaldande.
Hovudperson og den mest sentrale forteljarstemma tilhøyrer den norske fotballproffen Zac Utheim. Han har tidlegare spelt for fleire klubbar i Europa og har hatt ei heilt grei karriere. Men landslagsspelar er han ikkje, av litt spesielle årsaker som kjem fram etter kvart.
At Utheim melder overgang frå italiensk Serie A og storklubben Roma til britisk Championship (nest øverste divisjon) og den vesle (fiktive) fotballklubben Exeter United vert sett på som oppsiktsvekkande. Men Utheim har sine grunnar til å skifta beite; han skal ikkje berre spela fotball i Exeter, han har også eit anna oppdrag. I tillegg har han ein heilt personleg grunn.
Exeter United slit økonomisk etter pandemien, som mange andre småklubbar i Europa. Vidare slit dei med utru medarbeidarar, kravstore supporterar, kritiske journalistar og dårlege sportslege resultat. Det foregår både sportsvasking og kampfiksing, utpressing og drap. For å "redda" klubben er det enkelte som er villige til å gå over lik.
Eg likte boka, men ho er dessverre tidvis noko langsam og prega av gjentakingar. Ei oppstramming kunne ha heva leseopplevinga. No landa eg på terningkast 4+.
Poetisk tittel på denne boka tykkjer du kanskje? Ikkje så rart - tittelen er henta frå ei diktsamling av Stein Mehren; Corona - Formørkelsen og dens lys. Corona altså - eller korona som er meir normal skrivemåte - og vesentleg for handlinga i boka. Både koronapandemien, sidan handlinga er lagt til mars 2020, og dessutan at korona betyr "kransen" rundt sola som er synleg ved solformørkelsar. Ein av dei sentrale karakterane i boka er ein kunstnar som har formørkelse og lys som gjentakande motiv.
True Crime-forfattar Helene Paus - som me vart kjende med i Nå er natten alt - er hovudperson. Ei kvinne påstår å ha opplevd ein brutal overfallsvaldtekt for mange år sidan. No er ho dødssjuk - og ho henvender seg til Helene fordi ho har bevis som peikar mot ein namngjeven person; ein verdenskjent filmregissør og biletkunstnar. Ein kollega av Helene jobbar med ei uoppklart forsvinningssak der same mann/namn har dukka opp. Som om ikkje det var nok kan han koblast til nokre overgreps- og drapssaker i USA.
Dei mange spora kan tyda på at vedkommande er gjerningspersonen - men er det ikkje for opplagt? Kan det vera nokon andre som står bak? Nokon som rettar søkelys på denne mannen for å flytta fokus? Og: Korleis få kontakt med mannen som har busett seg på ei øy langt ute i havgapet - medan pandemi og nedstenging gradvis lammar samfunnet?
Handlinga går føre seg på fleire tidsplan og lesaren får vita kva som har hendt, sakte og gradvis. Boka er på berre 290 sider, men virkar lenger. Det er nemleg lenge ganske saktegåande - før det dreg seg til mot slutten. Eg likte boka ganske godt, men tykkjer nok at film- og kunstreferansane tek for stor plass. Eg er heller ikkje så begeistra for (over)forklaringane me får heilt til sist.
Terningkast 4.