Viser innlegg med etiketten Fransk krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fransk krim. Vis alle innlegg

23. mars 2025

Vinter- og vårlesing

Det har hopa seg opp med "uomtalte bøker". Igjen. 
Nytt samleinnlegg følgjer. Alle del av serie og alle i krimsjangeren, men ulike i stil, omfang og innhald.

Eg startar med ein ny og knallbra dansk krim..

Kaoskoden av Thomas Bagger
Vigmostad Bjørke 2025
511 sider
Lånt ebok BookBites

Den fjerde boka i Task Force 14-serien er heilt i min smak. I hovudrollene finn me to fascinerande og komplekse personar, spesialagentane David Flugt og Lucas Stage. I tillegg møter me fleire andre interessante karakterar, det er masse action, stadig ny informasjon og skremmande aktuell tematikk. 
Boka er omfangsrik, men likevel forholdsvis rask å lesa - fordi det heile tida kjem inn nye og overraskande moment. Stikkord for handlinga er konspirasjonsteoriar, kunstig intelligens, cyberkriminalitet, politisk ekstremisme og (frykt for) terrorisme.
Historia blir fortalt vekselvis frå David og Lucas sitt perspektiv, dei jobbar med kvar si sak som viser seg å henga saman. Lesaren veit, heilt frå fyrste bok, at sjølv om dei to på eit vis er kollegaer, er dei også bitre motstandarar. Lucas ber med seg eit mørke som kan gjera han farleg.
Det er framleis ein heil del lause trådar i denne serien, og epilogen hintar om kva som kan bli tema i neste bok.
Kaoskoden er ein intens, velkomponert sidevendar av ein spenningsroman.
Terningkast 5+.

..og held fram med eit like ferskt fransk innslag.


Et øye i natten av Bernard Minier
Aschehoug 2025
430 sider
Lånt papirbok privat

I del 8 i serien om Martin Servaz leikar forfattaren seg med skrekkfilmsjangeren. Det er tydeleg at han har stor kunnskap om - og interesse i - denne filmsjangeren. Det har ikkje denne lesar, men eg hadde likevel glede av boka. 
Kulissane er skumle, stemninga mørk, vêret dårleg, drapa groteske og etterforskinga er både tradisjonell og alternativ.
Persongalleriet er stort, men likevel oversiktleg. Ein del fargerike og sære folk, både blant etterforskarar, gjerningspersonar og bipersonar.
Boka har fleire overraskingar undervegs, mellom dei ein sørgeleg twist omlag halvveges - som slo meg litt ut. Derifrå og ut er det fantastisk spennande. Særleg truverdig og realistisk er det ikkje, men det vart ei fascinerande leseoppleving.
Hovudhistoria blir greit oppklart, og avslutningsvis kjem ein cliffhanger av det slaget som gjer at ein nesten ikkje klarar å venta på neste bok.
Eg gir eit lite fråtrekk for alle skrekkfilmreferansane - som eg ikkje forsto.
Terningkast 5-. 

Så over til ein velskriven finsk krim.


Djevelpakten av Max Seeck
Aschehoug 2023
Speletid 12:29
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Del tre i Jessica Niemi-serien, der Jessica sjølv har ei heller tilbaketrekt rolle. Tittelen gjorde at eg forventa at djeveldyrking og satanisme kunne vera ein del av handlinga, men der tok eg (heldigvis) feil. Det er meir jordnært enn som så. 
Her handlar det om hevn; eit vanleg motiv i krimromansamanheng, men her er det ytterst raffinert og utspekulert. Etterforskarane får verkeleg noko å bryna seg på. 
Boka har god framdrift og høgt tempo, eit oversiktleg persongalleri og fleire overraskingar.
Terningkast 5.

Nestemann er australsk.

Dragemannen av Garry Disher
Aschehoug 2021
Speletid 7:57
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Svært lovande start på Peninsula-serien. Omgivelsane er eksotiske: det er jul, midtsommar og steikande heitt på halvøya utanfor Melbourne, Australia. Elles er det ein heller tradisjonell krim slik me kjenner det, med høg grad av realisme i høve etterforskingsarbeid.
Eg likte umiddelbart hovudkarakteren Hal Challis, elles sleit eg litt med å halda styr på dei mange ulike karakterane. Det er ofte eit problem når ein les lydbok. 
Konklusjon: Ein fin introduksjon til ein ny serie som eg gjerne følgjer opp i framtida. 
Terningkast 4.

På tide å snu nasen i retning norden - og til ein svenske som er sådär.


Grevgatan av Maria Fallström
Lind & Co 2023
Speletid 7:39
Lånt lydbok BookBites

Ei bok av den typen som Anita kallar "knekkebrødkrim". Det vil sei ei bok av den lettfordøyelege og lettgløymde typen - og som av og til er det rette lesestoffet om ein skal slappa av. 
Dette er fyrste del i serien "Enhet for grova brott". Veldig bra opplesar av lydboka, elles ga ikkje boka noko særleg inntrykk. Ein får liksom kjensla av at ein har lese det før. 
Terningkast 3.


Til slutt - heim igjen til gamlelandet og tre norske innslag


Plutselig var det ingen drømmer igjen av Lars Helle
Liv forlag 2024
364 sider
Lånt ebok BookBites

Del 4 i Kurt Stille-serien. Eg har lese berre ei av dei foregåande, men det er ikkje vanskeleg å komma inn i forteljinga. 
Protagonisten er ein krimforfattar som vert oppfordra til å sjå nærare på ei uoppklart kald sak. Det set sjølvsagt i gang uro, bekymringar og spekulasjonar for familie og andre som var involverte den gongen.
Dette er ei bok i kategorien bygdekrim, der hemmelegheiter og ondskap ulmar under overflata. Boka er godt oppbygd med eit gjennomarbeida plott, i ei fortid- og ei notidsforteljing, der biletet blir gradvis klårane for lesaren. Løysinga er truverdig, og ikkje altfor usannsynleg. 
Terningkast 4+.



Fritt vilt av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2024
358 sider
Lånt ebok BookBites

Meir bygdekrim, denne gongen med handling frå Hardanger. I den fjerde boka i Bengt Alvsaker-serien tek forfattaren føre seg fleire aktuelle tema. Sjølve krimgåta handlar om ei drukningsulukke som kanskje ikkje er ei ulukke og ei ung jente som er sakna. Etterforsking og leiteaksjon blir ytterlegare komplisert av at vêret er ekstremt dårleg. Vidare handlar det om ungdommar som lever liv foreldra ikkje har kontroll over. Dei er gjerne tøffe utanpå, men egentleg veldig sårbare og dermed lette å manipulera.
Fritt vilt er ei grei krimbok der det blir sett fokus på alvorlege problemstillingar. Så veldig spennande blir det vel kanskje ikkje, men Matre har ein god penn, karakterane framstår som ekte og handlinga er truverdig.
Terningkast 4+.


Tørt land av Jørn Lier Horst
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 7:40
Lånt lydbok BookBites

Styrken til Lier Horst er at det alltid er truverdig og realistisk når det gjeld teknisk og taktisk etterforsking. Så også i den nyleg Riverton-nominerte Tørt land, som er nummer 18 i serien om William Wisting. 
Eg har ikkje lese alle bøkene i serien. Interessa for Wisting forsvann gradvis etter den 7.-8. boka, for eg tykte forfattaren etter kvart berre gjentok seg sjølv. Det var liksom så forutsigbart, traust og uengasjerande. 
Men eg må innrømma at Tørt land er ei bra bok. Her klarar faktisk WW (eller Lier Horst då) å overraska meg.
Terningkast 4.

19. april 2023

Samleomtale: Påskelesing

Kjappe omtalar/vurderingar av dei som vart mine påskekrimbøker i år.
Ei papirbok, ei ebok, tre lydbøker. Ei fransk, ei britisk, tre norske. Ein 5'ar, ein 3'ar og tre 4'arar.


Jakten av Bernard Minier
Aschehoug 2023
461 sider
Lånt papirbok biblioteket

Den sjuende boka i serien om Martin Servaz er noko annleis enn dei foregåande. Jakten er ikkje så grotesk og heller ikkje så hyperspennande som dei tidlegare bøkene, og kan difor virka litt tam, men ho har andre kvalitetar. Antagonisten i denne boka kan heller ikkje samanliknast med ravande gale og utspekulerte Julian Hirtmann, og Martin sjølv har gått vidare i livet sitt, som det heiter.

Jakten er ein blanding av thriller og politikrim og inneheld dessutan ein heil del samfunnsaktuelle kommentarar til dagens uro i Frankrike. Historia blir stadig meir fengslande og spenninga meir intens utover i boka. Sjølve mordgåta er bisarr og mystisk og oppklaringa skal visa seg å bli krevjande for alle involverte.

For meir informasjon: Les Tine sin omtale av boka.
Terningkast 5-.

Rotteøya og andre fortellinger av Jo Nesbø
Aschehoug 2021
Speletid 10:22
Lyd Storytel

Ei bok eg i utgangspunktet var noko skeptisk til. Eg er nemleg  ikkje så glad i dystopiske forteljingar, men sanneleg vart eg positivt overraska denne gongen.
Jo Nesbø er jo ein fenomenal forteljar og beherskar også novellekunsten. Min favoritt blant forteljingane er tittelnovella Rotteøya. Det er ei lang novelle - nærast ein miniroman - mørk og dyster, men også med eit ørlite håp. 
Det er fleire ulike opplesarar av lydboka, mellom dei forfattaren sjølv.
Terningkast 4+.


Langsom ild av Paula Hawkins
Cappelen Damm 2021
Speletid 8:12
Lyd Storytel

Britisk langsam krim, men ikkje av det tradisjonelle slaget, sjølv om me finn nokre Miss Marple-typar her. Langsom ild er vel så bra som den meir berømte (og overhypa) Piken på toget av same forfattar. 
Om familiehemmelegheiter, løgner og svik. Det viser seg at det er fleire som har mykje å skjula og som dermed kan ha hatt drapsmotiv. 
Godt komponert, mange overraskingar og fleire interessante forteljarstemmer. 
Terningkast 4+.

Løgnere av Trude Teige
Aschehoug 2022
Speletid 6:10
Lånt lydbok BookBites

Nummer 7 i Kaisa Koren-serien stadfestar at Teige er både dyktig og aktuell. Her snakkar me om skikkeleg handverk, realistisk handling og truverdige karakterar. Tema er overgrep og kva konsekvensar slike opplevingar kan gjera med eit menneske, på kort og lang sikt.
Lettlest med enkel handling, passar dermed utmerket som lydbok. 
Terningkast 4.


Isen av John Kåre Raake
Gyldendal 2019
367 sider
Lånt ebok BookBites

Eg har hatt nokre negative leseopplevingar når det gjeld debutantkrimmar i det siste, men gir ikkje opp. Kunne Isen falla i smak tru? Joda, ikkje så verst. Kulissane er i alle fall originale og interessante nok. Me befinn oss nemleg på Nordpolen. 
Raake brukar alle verktøya i krim-verktøyskrinet: Korte kapittel, stadige overraskingar, hurtige sceneskift, cliffhangers. Men - også ein god del krim-klisjéar. 
 
Etter kvart blir det "for mykje av alt" og altfor mange tilfeldigheiter. Både historia og karakterane blir liksom mindre og mindre truverdige. Samstundes får eg ei kjensle av å ha "lest det før": deler av handlinga minner sterkt om Iskaldt bedrag av Dan Brown. 
Terningkast 3.

25. august 2021

Sommarlesing: Internasjonal krim

Ei ny rundreise i krimverda, i form av korte omtalar/vurderingar i stikkordformat. Og eg må berre gjenta noko eg har sagt fleire gonger før: Krim er så mangt. Innhald, kvalitet og skrivestil er høgst varierande. Det er heller ikkje rett å sei at noko er typisk engelsk eller typisk fransk, sjølv om ein kan sjå typiske kjenneteikn i enkelte bøker og hos enkelte forfattarar.

Me startar i England.

Torsdagsmordklubben av Richard Osman
Gursli Berg 2021
430 sider
Lånt papirbok biblioteket

 - Puslespelkrim, kosekrimaktig.
 - Assosiasjonar til engelsk landsbykrim.
 - Spesielle forteljarstemmer.
 - Overraskande vendingar.
 - Tidvis langsam og tildels langtekkeleg
 - men til ein viss grad også underhaldande
 - Oppfattar boka som oppskrytt:
 - ei eventuell neste bok fristar ikkje så veldig.
 - Terningkast 4-.
Håndverkeren av Sharon Bolton
Cappelen Damm 2020
Speletid 12:16
Lyd Storytel

 - Skremmande handling, creepy stemning.
 - Utspekulert plott.
 - Gode personskildringar.
 - Overnaturlege greier; hekseri og svartekunstar? Nei takk.
 - Dårleg avslutning 
 - så overraskande skuffande frå Bolton denne gongen.
 - Terningkast 3-.

I skuddlinjen av John Harvey
Cappelen Damm 2016
412 sider
Lånt ebok BookBites

 - Forventa eit nytt møte med Frank Elder, men han er ikkje med i denne boka.
 - Vel så interessante hovudpersonar her.
 - To parallelle, grundig oppbygde handlingstrådar.
 - Svært gode skildringar av ulike miljø og menneske.
 - Skrive med innleving og engasjement.
 - Realistisk og samfunnsaktuell.
 - Noko langsam, men interessant.
 - Terningkast 4+.

 

Så går ferda vidare til Frankrike.

Natt av Bernard Minier
Lydbokforlaget 2020
Speletid 16:17
Kjøpt lydfil

 - Fjerde bok i serien om Martin Servaz.
 - Omstendeleg og grundig, men ikkje langtekkeleg. 
 - Artig og interessant at deler av handlinga er lagt til Noreg
 - Elegant og sofistikert, skummelt og mørkt
 - og dessutan innslag av humor
 - Finurleg og utspekulert plott, stadige vendingar.
 - Ikkje særleg realistisk og sannsynleg
 - men veldig spennande 
 - samt ei overraskande avslutning
 - Terningkast 5.

Konfirmanten av Bernard Minier
Aschehoug 2021
410 sider
Lånt papirbok privat

 - Femte bok i serien om Martin Servaz.
 - Ikkje så rå som forrige bok
 - og dermed heller ikkje så fengande og spennande som forventa
 - Ei ny drapssak har koblingar til Servaz si fyrste drapssak
 - Interessant møte med Servaz som ung etterforskar
 - Svakare enn dei to foregåande i serien, men eg ser likevel fram til neste bok.
 - Terningkast 4+.

Svarte vannliljer av Michel Bussi
Cappelen Damm 2020
Speletid 13:11
Lyd Storytel

 - Sjølvstendig bok, ikkje del av serie
 - Ulike og tydelege forteljarstemmer 
 - om ugjerningar i fortid som får eit oppgjer i notid.
 - Fransk impresjonisme og Claude Monet er sentralt i handlinga
 - så altfor mykje kunstsnakk etter min smak
 - Terningkast 3.

27. august 2020

Sommarlesing del 2. Internasjonal krim

På tide med eit nytt samleinnlegg med korte omtalar/vurderingar i stikkordformat. Her handlar det om krim frå mange land, om ulike stilartar og forskjellige krimtradisjonar.

Eg startar denne "reisa" midt i Europa med
Fransk krim.

En sang for druknede sjeler av Bernard Minier
Aschehoug 2018
637 sider
Papirbok lånt privat

- Andre bok i Martin Servaz-serien vart ei mykje betre leseoppleving for meg enn den fyrste, noko som truleg skuldast at eg no las boka sjølv og ikkje nytta lydbok
- Gjensyn med den same onde og superskumle antagonisten.
- Elegant, ordrikt og "typisk fransk".
- Artig med fotball-VM 2010 som bakgrunnsteppe.
- Komplisert og raffinert plott.
- Mange handlingstrådar.
- Svært mange karakterar. Ein del interessante, andre tildels "flate".
- Underhaldande og med fleire spenningstoppar.
- Men altfor lang.
- Terningkast 4

Tiden er en morder av Michel Bussi
Cappelen Damm 2018
Speletid 15:32
Lydbok Storytel

- Frittståande thriller.
- Handling frå Korsika i 1989 og 2016.
- Kan ei grusom "ulykke" frå fortida får ei forklaring?
- Lettlest om familiehemmelegheiter og -forviklingar.
- Etter kvart ganske spennande.
- Dameroman-preget trekker ned heilskapsinntrykket.
- Terningkast 4-.

Me reiser så over kanalen og til ein annan type krimtradisjon - og ein forfattar som held tradisjonen ved like.
Britisk krim

Til jord skal du bli av John Harvey
Cappelen Damm 2014
Lånt ebok BookBites

- Andre bok i serien om Frank Elder, ein truverdig og sympatisk (eks-)politimann med sterke og svake sider.
- Både Elder, ekskona hans og dottera deira slit med dei traumatiske opplevingane i fyrste bok.
- Samstundes vert Elder engasjert i drapet på ein tidlegare kollega. Ved å følgja i fotspora hennar i den saka ho etterforska håpar han å finna ut kva som hende.
- Gode miljøskildringar og presise personskildringar.
- Ikkje altfor spennande historie, men velskrive og grundig.
- Terningkast 4.
I mørket av John Harvey
Cappelen Damm 2014
Lånt ebok BookBites

- Tredje bok i Elder-serien - og den beste hittil. (Den fjerde og førebels siste er ikkje oversatt til norsk enno)
- Enno mørkare stemning enn dei foregåande.
- Greie overgangar mellom Elder sitt personlege liv og etterforskinga.
- Gripande, realistisk og urovekkande lesing.
- Ei god bok, men heller ikkje denne gongen blir det så intenst og spennande som det vert lagt opp til.
- Terningkast 4+.


Så over til ein forfattar som på mange måtar har funne sin eigen stil. Dette er
Irsk krim

Inntrengeren av Tana French
Cappelen Damm 2018
Speletid 15:32
Lydbok Storytel

- Bok 6 i den ukronologiske Dublin Murder Squad- serien.
- Same etterforskarpar som i bok 5 - og korleis forholdet mellom dei utviklar seg er like spennande som den ytre handlinga.
- På minussida: Sakte tempo, omfattande, omstendeleg.
- På plussida: Uhyre velskrive og velformulert, med snert og med klokskap.
- Gode dialogar og avhøyrsscener.
- Opplesar Ivar Nergaard gir både liv og nerve til handlinga i boka.
- Terningkast 4+.

Neste forfattar skriv óg godt og er ein typisk representant for
Amerikansk krim

Tidens spill av David Baldacci
Cappelen Damm 2018
Speletid 11:53
Lydbok Storytel

- Del 3 i Maxwell & King-serien.
- Underhaldande og lettlest, men likevel ikkje heilt enkel handling.
- Hovudpersonane er som vanleg "overjordisk" smarte, dyktige og heldige - men dei har også sine djupare og sårbare sider.
- Mange mord, masse dramatikk.
- Terningkast 4.

Et enkelt geni av David Baldacci
Cappelen Damm 2018
Speletid 11:07
Lydbok Storytel

- Del 4 i Maxwell & King-serien.
- Treg start, men etter kvart svært så engasjerande.
- Michelle Maxwell med urovekkande åtferd, må få psykologhjelp.
- Hemmelege tenester, kodeknekking, agentverksemd, dopsmugling, drap.
- Ei 11 år gammal jente med eksepsjonelle evner er ein sentral karakter.
- Mange overraskingar undervegs og uhyre spennande avslutning.
- Ivar Nergaard er som vanleg ein dyktig opplesar.
- Terningskast 4+.

Avslutningsvis tek me turen til den andre sida av jorda og det som kallast "aussie noir" -
Australsk krim.

Krattlandet av Chris Hammer
Cappelen Damm 2018
Speletid 13:01
Lydbok Storytel

- Ny forfattar for meg, og då tek det som vanleg litt tid å komma i gang skikkeleg.
- Uvant miljø, spesiell natur.
- Omstendeleg handling, noko rotete og mange "uklare" karakterar.
- Påklistra romantikk og klissete avslutning.
- Dårleg opplesing. Anbefalar ikkje lydboka i dette tilfellet.
- Terningkast 3-.

23. februar 2020

Kriminell vinterlesing del 2

Det går unna med lesinga om dagen, men det går det heller trått med skrivinga. Dermed eit nytt skippertakinnlegg. Alle bøkene nedanfor er innan krim-/spenningssjangeren, men er høgst ulike med tanke på forteljarstil, innhald, omfang og tema.

Utrygg havn av Tana French 

Cappelen Damm 2013
Speletid 17:24
Lydbok Storytel

Fyrst til Irland og ein forfattar eg er begeistra for. Eg las den tredje boka i Dublin Squad-serien - Flukt - i januar og følgde opp med Utrygg havn no i februar. Og eg tykte boka var skikkeleg god - lenge. Nesten heilt til slutt faktisk. Men sjølve avslutninga vart ein nedtur for meg; eg tykte boka enda rart og "ope", noko som forringa leseopplevinga mi ein del.

Undervegs likte eg det eg las, sjølv om dette er ei langsam og ordrik bok. French er nemleg veldig dyktig når det gjeld stemningsfulle uhyggestemningar. Skildringa av forholdet og dynamikken mellom den erfarne og dyktige etterforskaren og den unge og ferske "lærlingen" er óg dyktig utført. Det er inga dirrande spenning, men heile vegen kjenner lesaren på ein undertone av mystikk, uhygge og desperasjon, - noko forfattaren formidlar på ein overbevisande måte.

Handlinga er lagt til eit halvferdig/delvis forlatt bustadfelt utanfor Dublin; eit fenomen kalla ghost estate og som er eit problem i Irland. Sjå video der Tana French fortel om boka og bakgrunnen for denne spesielle settinga.
Boka låg lenge an til å få ein femmar på terningen, men den flate avslutninga gjer at eg konkluderer med eit terningkast 4.


Se en annen vei av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2019
366 sider
Papirbok lånt privat

Meir psykologisk uhygge, no frå den norske mesteren innan denne sjangeren; Torkil Damhaug. Se en annen vei er ei interessant, mystisk og trist historie der store deler av handlinga er lagt til Budapest.

Med innleving, kunnskap og perfekt timing mellom scene- og perspektivskift har Damhaug skrive ei mørk og medrivande bok som bør få mange lesarar.

Torkil Damhaug har alt fått to Rivertonprisar, men eg blir ikkje veldig overraska om han skulle få ein tredje. Eg tykkjer handlinga er litt stilleståande til tider, men det er ikkje tvil om at Se en annen vei er ein  thriller av høg kvalitet.
Terningkast 5-.


Dvalen av Camilla Grebe

Gyldendal 2019
472 sider
Papirbok lånt biblioteket


Så over til svensk krim og Camilla Grebe og hennar bøker som vert betre og betre. Dette er den frittståande oppfølgjaren til Husdyret.

Dvalen er velskriven, thrilleraktig og ganske så spennande. Me får følgja tre parallelle historiar frå tre ulike karakterar sine perspektiv. Dei tre ulike historiane heng sjølvsagt saman og det blir ein ganske nervepirrande avslutning.

Eg tykkjer boka er for lang. Ho ville vore enno betre om ho hadde blitt stramma opp ein del. Terningkast 4+.



Rosy & John av Pierre Lemaitre

Aschehoug 2019
151 sider
Papirbok lånt biblioteket

Denne boka er derimot for kort; så kort at eg heller vil karakterisere ho som ei lang novelle og ikkje som krimroman.

Det er ei forunderleg historie og eit originalt plott Lemaitre har skrudd saman denne gongen óg, men eg vart aldri skikkeleg engasjert. I alle fall ikkje dersom eg samanliknar med dei knallsterke tidlegare bøkene Irene, Alex og Camille. Og det er naturleg at ein samanliknar ettersom det handlar om det same universet og den same hovudpersonen.

Camille Verhoeven er heller ikkje heilt i slag i denne forteljinga, sjølv om han naturlegvis ser løysinga før alle andre.
Pluss for mørk og underfundig humor, minus for at historia er så tynn. Terningkast 3.



Den synske av Belinda Bauer 

Cappelen Damm 2016
Speletid 8:39
Lydbok Storytel


Eg hadde aldri starta på ei bok med ein slik tittel dersom ikkje forfattaren hadde vore Belinda Bauer. Såkalla "klarsynte" og deira "tenester" irriterer meg grenselaust. Men kva gjer ein ikkje om ein er desperat? Når du har mista barnet ditt og absolutt ingen, heller ikkje politiet, har spor? Når alt du kan tenkja på og leva for er det forsvunne barnet ditt? Vil du ikkje då klamra deg til det håpet som den synske kan gi deg?

Eg tykkjer Bauer er fabelaktig i å skildra galskap og desperasjon. På den andre sida tykkjer eg at ho dreg det vel langt og at det er i overkant mange tilfeldigheiter her.
Terningkast 4.




13. september 2019

Sommarlesing del 3: Internasjonal krim

Heilt kort om nokre krimbøker eg har lest denne sommaren.

Den fjerde ape av J.D. Barker

Goliat 2019
378 sider
Kjøpt ebok


Her møter me ein seriemordar av det mest spinnville og utspekulerte slaget og ein politietterforskar med både kløkt, forstand, integritet - og ei fortid. Den fjerde ape er fyrste bok i serie, og den ga verkeleg meirsmak.

Plottet er genialt, tempoet høgt og spenninga formidabel - nesten heile tida. Boka er difor ein pageturner av dei sjeldne. Skildringane er svært blodige og til tider noko voldsomme.

"Se7en møter Nattsvermeren" heiter det på omslaget - og det stemmer, i alle fall til ein viss grad. Eg er ikkje noko filmmenneske, men både 'Se7en' og 'Nattsvermeren' er blant mine få filmfavorittar.

Den fjerde ape får terningkast 5.


Bristepunktet av Belinda Bauer

Cappelen Damm 2019
351 sider
Lånt papirbok biblioteket


Bauer konstruerer finurlege plott og byr alltid på overraskingar. Bristepunktet er meir ein thriller enn ein kriminalroman. I og med at boka er frittståande får ein eit ekstra spenningsmoment i og med at det ikkje er nokon "krimhelt" som skal følgjast vidare. Dermed kan alt muleg skje.

Forteljarstemmene er både unike og ulike, og ein får fleire perspektiv og forskjellige handlingstrådar som nærmar seg kvarandre utover i boka.

Eg likte denne godt, men Bauer kan faktisk enno betre. Terningkast 5-.


Krittmannen av C.J. Tudor

Cappelen Damm 2018
Speletid 9:51
Lydbok Storytel


Dette er ein fantasifull og underhaldande krimthriller. Oppbygginga er gjenkjenneleg frå utallige andre krimbøker: Dramatiske hendingar i fortida som aldri har fått ei forklaring, noko som fører til uventa hendingar i notid og til sist; ein endeleg konfrontasjon.

Boka byr på gode tidsbilete, truverdige karakterar og uventa tvistar. Eg forventa likevel meir sidan boka har fått så stor merksemd. Krittmannen var ei heilt grei leseoppleving, men eg er ikkje superimponert. Konkluderer med eit terningkast 4+. 


Vuggesang av Leïla Slimani

Cappelen Damm 2019
202 sider
Lånt papirbok biblioteket


Slett ikkje så verst denne heller, men eg vil hevda at boka er veldig oppskrytt. Forfattaren spelar på uhyggestemning og på ei muleg upåliteleg forteljarstemme.

Alt på fyrste side får vita at det handlar om eit lite barn som er blitt drept. Kva kan ha ført til ei slik uhyrleg handling? Boka skildrar korleis eit ektepar vert avhengig av ein dagmamma/hushjelp til å få familie-, arbeids- og dagleglivet til å gå i hop. Gradvis får lesaren vita at alt ikkje er som det skal vera med denne personen.

Det er positivt at boka er såpass kort. Terningkast 4.


2. juni 2019

Bokomtale: Eremittedderkoppen av Fred Vargas

Aschehoug 2019
456 sider

Lånt papirbok biblioteket

Fyrst: Eg har edderkoppskrekk. Såpass alvorleg at eg truleg har araknofobi. Ikkje noko anna levande vesen får meg til å mista fatningen. Løver og tigrar, ulv og isbjørn? Pytt-pytt. Eg er ikkje så glad i veps og ormar heller, men det er kun edderkoppar som kan gje meg panikk. Eg tykkjer til og med at det er ubehageleg med bilete av edderkoppar - så medan eg har lest denne boka har eg passa på at framsida vender nedover slik at eg slepp å sjå på det ekle dyret. Eg er fullstendig klar over at ei slik frykt er irrasjonell. I Noreg finst det ikkje farlege edderkoppar.

Eremittedderkoppen derimot - som held til i fjernare himmelstrøk - den er giftig! Men er den så giftig at han kan ta livet av folk? Neppe. Jean-Baptiste Adamsberg trur heller ikkje det. Så når tre gamle menneske ser ut til å ha døydd av edderkoppforgiftning, trur etterforskaren at det handlar om drap. Men for ein gongs skuld får Adamsberg problem med å overtyda medarbeidarane sine om at det er ei sak som bør etterforskast.

Handlinga i Eremittedderkoppen tek til omlag der den forrige Istider slutta - då me forlot Adamsberg på Island. I starten av denne boka vender han tilbake til Kriminalvakten i Paris, tilsynelatande endå meir åndsfråverande enn vanleg. Den fyrste saka han involverer seg i løyser seg ganske kjapt - men undervegs oppdagar han altså desse gamlingane som er døde av edderkoppbitt. Det er meir enn mystisk, for gifta frå eremittedderkoppen er då langt nær sterk nok til å ta livet av eit menneske? Trass i motstand, særleg frå adjutant Danglard, set Adamsberg i gang med ei heller uoffisiell gransking.

Fred Vargas har eit heilt spesielt elegant språk, skriv om heilt spesielle karakterar og konstruerar heilt spesielle plott. Bøkene hennar er då også heilt spesielle, prega av forteljarglede og frodig fantasi. Ho har ein miks av alvor og humor som er unik - og eg elskar karakterane hennar. Desse personane har sine sterke og svake sider og varierte opplevingar og utfordringar: Danglard, som er fembarnsfar, svak for kvitvin og med leksikonhjerne. Veyrenc, med raude striper i håret etter ei traumatisk ungdomsoppleving. Retancourt, som er kjempediger og stødig som eit fjell, både fysisk og mentalt. Froissy, som har matlager på kontoret og diskar opp med dei nydelegste rettar. Katten Nøstet, som bur på kopimaskina (utan løyve) og som må bærast på plass når han skal ha mat. Og Adamsberg sjølv, som har to ur på armen som ikkje virkar, som går rundt i "tåkehavet" med "gassbobler" av uferdige tankar, - men som av den grunn også ser vidare og klårare enn dei fleste.

Som alltid når det gjeld Fred Vargas sine bøker er miljøskildringane gode og personskildringane treffsikre. Dei uortodokse etterforskingsmetodane og dynamikken mellom etterforskarane er elles det eg set mest pris på når det gjeld denne serien. På grunn av fobien min var eg ein smule engsteleg for at Eremittedderkoppen kunne innehalda levande skildringar av kravlande edderkoppar, men det skjer heldigvis ikkje. Det som er ubehageleg å lesa om i denne boka er på eit heilt anna plan. For vel er handlinga urealistisk og til tider surrealistisk, men motivet for myrderia som finn stad i denne forteljinga er verkelege nok. Bakgrunnen for ugjerningane er hevn og gjengjeldig etter langvarig innesperring, overgrep og omsorgssvikt.

Eremittedderkoppen er ein velskriven, handlingsrik, elegant, snirklete og underhaldande kriminalroman. Anbefalast!

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg, Bjørnebok, Heartart, Bentebing

20. mai 2019

Vårlesing del 2: Heilt kriminelt

Det vert lite blogging for tida. Våren og forsommaren fører til at ein prioriterer andre aktivitetar og gjeremål. Men eg les då ein del - og for å komma litt meir ajour her på bloggen er det greit og praktisk med samleomtalar.

Det går som vanleg mest i krim sidan eg er interessert i det - og eg skammar meg slett ikkje over at eg les mest slik litteratur. Når ein les krim lærer ein mykje, både om samfunnet og om menneskesinnet. Og det gler meg verkeleg at det finst andre som brenn for god krimlitteratur:
I den nyoppstarta podkasten Helt kriminelt set Elin Brend Bjørhei og Ellen Gustavsen Simensen fokus på mangfaldet innan kriminallitteratur og snakkar om kva krim er. Dei tek for seg aktuelle trendar og bøker og inviterer også med seg kjende krimforfattarar. Den fyrste episoden handlar om undersjangeren psykologisk thriller og er ganske interessant. Eg skal følgja med på denne podkasten framover.

Alle bøkene nedanfor er heilt kriminelle, sjølvsagt - men svært så ulike med omsyn til skrivestil og innhald. Dei seks bøkene er då også frå fem ulike nasjonar.

Livredd av S.J. Bolton

Cappelen Damm 2014
Speletid 11:58
Lydbok Storytel


Bok nummer to i serien om Lacey Flint er nifs, velskriven og svært spennande. Her befinn me oss i grenselandet mellom psykologisk thriller og etterforskarkrim. Stil- og handlingsmessig kan Bolton minna om andre britiske krimforfattarar; eg tenkjer på Val MacDermid, litt på Belinda Bauer - og muligens litt Mo Hayder. I denne boka handlar det om ein gjerningsperson som ser ut til å hypnotisera unge kvinner til å ta livet av seg - på høgst uvanlege og dramatiske måtar. Lacey Flint går undercover for å finna ut av saka.
Pluss for tempo og spenning, men handlinga elles er såpass urealistisk at Livredd ikkje når heilt opp. Men eg skal absolutt lesa meir av denne serien. Terningkast 4+.


Høstdåd av Anders de la Motte

Aschehoug 2019
543 sider
Lånt papirbok privat


Svenske de la Motte er blitt mektig populær her i landet, og det er forståeleg. Han er dyktig; skriv godt og fortel stemningsfulle historiar. I Høstdåd handlar det om venskap, oppvekstvilkår og familieforhold, og om ei tragisk hending i fortida som har fått konsekvensar for eit heilt lokalsamfunn. Det vert skifta tydeleg og forståeleg mellom tidsplan og synsvinklar.

Boka er nummer to i de la Motte sin årstidskrimserie, men er ein sjølvstendig roman. Sensommer og Vinterild er dei to andre som alt er utkomne. Den fjerde, Våroffer, kjem i 2020. Her er vakre naturskildringar, mørk stemning og truverdige karakterar. Men eg tykkjer forteljarmåten er litt seig og at boka er for lang. Det tek utruleg lang tid før den endelege oppklaringa finn stad. Terningkast 4.



Kommer alltid tilbake av Christina Erikson

Goliat 2019
393 sider
Lånt ebok eBokBib


Det finst utruleg mange kvinnelege svenske krimforfattarar - og det dukkar stadig opp nye. Dette er ein brukbar og lovande krimdebut. Boka er lettlest og har både spenning og driv. Kommer alltid tilbake er den fyrste i ein planlagd serie.

Boka handlar kort sagt om psykopati og seriemord. Hovudperson er kriminaletterforskar Elias Svenson som får bistand av ein forfattar som er ekspert på - og har erfaring med - psykopatar. Boka byr på ei nær og ubehageleg skildring av korleis ein psykopat manipulerer omgjevnadene sine.

Alt i alt ei grei krimbok som etterlet seg ein del lause trådar. Eg forventar at desse vert teke tak i ved seinare høve. Terningkast 4-.


Galgen av Yrsa Sigurðardóttir

Kagge 2019
383 sider
Lånt papirbok privat


Over til Reykjavik og Island og populære Yrsa. Ho er vanlegvis dyktig når det gjeld å skapa uhyggestemning, men eg saknar det litt i denne boka - sjølv om innhaldet forsåvdt er skummelt nok.

Eg les serien om Huldar og Freja litt ukronologisk - og det er muleg at eg har gått glipp av (eller gløymt) forhistoria mellom dei to hovudpersonane. I alle fall er det noko irriterande uavklart i forholdet mellom dei to. Huldar er altså drapsetterforskar og Freja er barnevernstilsett - og som alltid når det er barn med i biletet i ei kriminalhistorie; det er hjerteskjerande og engasjerande. Vesle Siggi sine opplevingar er dessverre ikkje uvanlege.

Galgen er ei lettlest bok med brukbart driv, i alle fall mot slutten. Innleiinga er litt treg. Terningkast 4.


Min søsters grav av Robert Dugoni

Gursli Berg 2016
453 sider

Lånt ebok eBokBib

Så skal me til USA; til ein liten småby i delstaten Washington. Forfattaren er ny for meg, men boka ga meirsmak. Min søsters grav er fyrste bok i serien om politietterforskaren Tracy Crosswhite. I den saka det vert fortalt om her vert ho ekstremt personleg engasjert: Det vert funne levningar etter ein person i eit fjellområde. Personen som er funnen viser seg å vera Tracy si syster, som forsvann for over tjue år sidan.

Boka er ein etterforskarkrim, ein advokatkrim, ei oppvekstskildring og ein thriller. Det er både spennande og engasjerande lesing, men løysinga er ein smule søkt - samstundes som eg forventa ei liknande forklaring. Avslutninga er klissete dårleg og trekker ned heilskapsinntrykket. Terningkast 4.



Den rasende horden av Fred Vargas

Aschehoug 2012
347 sider

Lånt papirbok biblioteket

Så til slutt; rosina i pølsa i dette innlegget: Franske Fred Vargas og hennar heilt spesielle etterforskarteam. Eg les serien om Jean-Baptiste Adamsberg ukronologisk - men det har lite å bety for leseopplevingane.

Fred Vargas er ein forfattar som leikar seg med krimsjangeren, ho har ein frodig fantasi og befolkar bøkene sine med dei mest absurde karakterar. Ein kan humra seg gjennom skildringane og karakteristikkane, men det finst nok eit alvor her. No har eg ikkje god  kjennskap til dei franske samfunnsforholda, men eg anar at det ligg ein kritikk av både styresmakter og politiorganisering i bøkene hennar.

I denne forteljinga får Adamsberg og medarbeidarane hans eit oppdrag på landsbygda i Normandie. Ei ung kvinne har hatt eit "syn" og blitt varsla om kommande dødsfall på konkrete personar. Det viser seg å stemma. Korleis kan dette ha seg? Vargas tek utgangspunkt i myter og segn i denne forteljinga, men har ei rasjonell (men ikkje heilt sannsynleg) forklaring på hendingane.

Den rasende horden har ein langsam skrivestil, men er både spennande, morosam og uhyre velskriven. Terningkast 5.

8. mai 2018

Kort om: Brudekjolen av Pierre Lemaitre

Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:51

Opplesarar Elisabeth Vatn og Ola G. Furuset
Lånt lydbok biblioteket

Brudekjolen er ein underhaldande krimthriller. Boka handlar om å mista seg sjølv, om manipulering, om psykologi, psykiatri og psykopati. Gjennom to sentrale forteljarstemmer får ein to ulike perspektiv. Historia endrar totalt karakter midtvegs og ein får også nokre twists & turns mot slutten.

I fyrste del av boka er forteljaren Sophie; ei ung kvinne som ein gong hadde eit normalt liv, men som vaknar opp til (og frå) eit sant mareritt. Alt tyder på at ho er gal og at ho har teke livet av eit barn. Det einaste ho har i tankane i denne situasjonen er å flykta. Det er skikkeleg ubehageleg å lesa om forvirringa og reaksjonane hennar på veg bort frå det livet ho har hatt. Sophie handlar "fornuftig" sett frå hennar ståstad, men kvifor ber ho ikkje om hjelp? Kva har Sophie opplevd i si fortid som gjer at ho handlar som ho gjer? Er ho sinnsforvirra eller er det krefter utanfrå som spelar inn?

Lesaren får gradvis vita kva den forvirra kvinna har opplevd, men det er fyrst når forteljarstemme nummer to, den skremmande karakteren Fritz, kjem på bana - at ein skjønnar kor omfattande Sophie sine vanskar er, har vore og kan bli. Det er når ein får kjennskap til Fritz sine tankar og planar at boka blir skikkeleg nifs.

Eg ynskjer ikkje å sei noko meir om handlinga fordi eg då kan avsløra for mykje. La meg berre kort leggja til at boka har upålitelege forteljarstemmer og overraskande vendingar. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til bøkene Før jeg sovner, Flink pike og Hennes største frykt.

Pierre Lemaitre har frodig fantasi og er ein dyktig forteljar. Brudekjolen utkom fyrste gong i 2009, men kom ikkje i norsk oversetjing før i år. Boka er ikkje så rå som Camille-trilogien, og er heller ikkje så elegant komponert som t.d. Alex. Men her kan ein finna ein heil del mørk humor, mange småhysteriske situasjonar og mykje "snadder" som ligg til rette for ei nervepirrande lesestund. Ein kan innvenda at handlinga er "hinsides all fornuft" og særs lite truverdig og at fyrste del er litt treg, men alt i alt likte eg boka ganske godt.

Andre bloggmeiningar: Heartart, Bjørnebok, Hverdagsnett

11. mars 2018

Kort om: Hvis helvete var av is av Bernard Minier

Lydbokforlaget 2017
Speletid 21:05
Opplesar Yngve Berven

Kjøpt lydfil

Denne våren er Bernard Minier aktuell med En sang for druknede sjeler, og eg fann då ut at det var på tide å lesa fjorårets Hvis helvete var av is. Eg har lagt merke til at boka har fått gode kritikkar og hadde difor ganske høge forventningar til denne. Dei vart berre delvis innfridde.

Boka startar med ein pangopning, men vert etter kvart svært langsam og omstendeleg - og dessutan ein smule forvirrande og irriterande. Det var også vanskeleg å ta til seg den stemninga som forfattaren har lagt opp til. La meg her leggja til at eg ikkje hadde erfaring med Minier og forfattaren sin skrivestil frå før.

Handlinga er lagt til ein avsidesliggjande stad i dei franske Pyrineene og forfattaren gjentek i det uendelege kor dystert, kaldt og uhyggeleg dette landskapet er. Historia startar med at det vert funne ein hovudlaus daud hest, plassert og dandert på ein særs oppsiktsvekkjande måte. Eigar av hesten er ein velståande forretningsmann og politiet spekulerer i om drapet på hesten er ein personleg hevnaksjon. Men så finn dei DNA'et til ein seriemordar på åstaden. Problemet er at denne personen sit innesperra i ein høgsikkerheits psykiatrisk institusjon - og det heile er fullstendig uforklarleg og mystisk. Inn kjem så "vår mann" kriminalførstebetjent Martin Servaz for å bistå det lokale politiet og gendarmeriet. Snart skjer det eit nytt spektakulært drap - denne gongen på eit menneske - og det synest openbart at det har samanheng med hestedrapet. Alt har dessutan ei viss tilknyting til nokre tragiske hendingar som fann stad i området for fleire år tilbake.

Mange ting skjer på ein gong, og det er slett ikkje enkelt å halda oversikt over hendingar, stader, motiv, personar og synsvinklar. For som sagt; det er ufatteleg omstendeleg - lydboka varer i 21 timar og papirutgåva er på heile 632 sider. Eg tykkjer boka er "overbefolka" og inneheld stadig nye unødvendige vinklingar. Det eg reagerer mest på er alle dei flate personskildringane og dei svulstige og gjentekne miljøskildringane. Men det er rart med det; etter kvart som ein les (lyttar) og historia "går seg til", legg ein ikkje så godt merke til det som irriterer lenger.

Hvis helvete var av is er slett ikkje uinteressant og uspennande og sett i ettertid vart det ei relativt brukbar leseoppleving. Det er muleg at eg hadde likt boka betre om eg hadde lest ho sjølv, dvs. i papir- eller ebokformat. Yngve Berven les lydboka greit og tydeleg, men eg vart fyrst og fremst letta då eg endeleg var ferdig. Eg fekk aldri god nok "kjemi" med boka og kjem neppe til å lesa oppfølgjaren.

Andre bokbloggarar har ei meir positiv oppfatning av denne boka:
Tine sin blogg, ebokhylla mi, Heartart, Artemisias verden, Bjørnebok

27. april 2017

Kort om: Etter styrten av Michel Bussi

Lydbokforlaget 2017
Speletid 14:42
Opplesar Kim Haugen

Lånt på biblioteket

Denne likte eg! Etter styrten er ei eventyrleg, spennande og sjarmerande forteljing. Boka vart tildelt Gullkulen under Krimfestivalen i mars - og skulle dermed vera interessant for folk som likar å lesa krim.

Utgangspunktet er ein ufatteleg tragedie; ei flyulukke som skjedde i 1980 der 168 av 169 passasjerar omkom. Den einaste overlevande er ei tre månader gammal jente. "Tilfeldigvis" var det to små jentebabyar blant passasjerane - og to par besteforeldre hevdar at den overlevande er deira barnebarn. Den påfølgjande rettssaka skal avgjera kven av besteforeldrepara som skal få jenta - og det andre paret kjem såleis til å mista - alt. Klarar retten å fatta rett vedtak?

Ikkje alle slår seg til ro med avgjerda - og privatdetektiven Crédule Grand-Duc vert engasjert av den tapande parten. Han driv på med omfattande og detaljert etterforsking - i 18 år - men så er det stopp. Det meste av historia vert fortalt gjennom augene til Grand-Duc, men to bestemødre og to storesøsken spelar også sentrale roller. Det same gjer naturlegvis den overlevande jenta. Er ho Lyse-Rose eller Emilie? Dei to bestefedrene får av ulike årsaker ei meir perifer rolle. DNA-analyse vert tilgjengeleg i 1995 - og dermed skulle ein tru at alt som inntil då har vore uklart får eit definitivt svar og ei løysing. I "notid", dvs. i 1998 viser det seg at ho har vakse opp i trygge omgjevnader og at ho er blitt ei ung velfungerande kvinne. Spelar det då noko rolle kven ho er, biologisk sett? Svaret er ja. Det er livsviktig.

Etter styrten er ein godt fortalt spenningsroman. Det vert gjort greie for forhistoria gjennom privatdetektiven si sarkastiske forteljarstemme og parallellt og vekselvis får ein høyra om dei mange dramatiske hendingane som går føre seg i 1998. Det handlar om utspekulerte drap og begjær etter pengar og makt - men også om gode venskap og varm kjærleik.

Eg tykkjer nok at boka er litt for lang og at ho kunne hatt godt av ei viss oppstramming. Eg vart difor ikkje heilt enig med meg sjølv om eg skulle gi ein sterk 4'ar eller ein svak 5'ar, men eg har etter kvart landa på terningkast 5-.

Eg set pris på forteljargleda, sjarmen og hjertevarmen som ein kan finna i boka. Eg likar tidsbileta og musikk- og fotball-referansane. At historia er i overkant usannsynleg og urealistisk får ein berre ta med på kjøpet. Michel Bussi har skrive ein svært underhaldande og original roman.

Andre bloggmeiningar: Tips-bloggen, OP-5, Den kriminelle bokverden