Palmehelga er her - og påsken nærmar seg. Eg håpar på
klisjépåske, liknande den me hadde for to år sidan - med strålande vêr og hyttekos med tilhøyrande kvikklunsj, appelsiner, kakao - og kanskje litt vin? - og sjølvsagt lesing. I samband med påsken er krimlesing
ekstra aktuelt - og her kjem mine anbefalingar for denne påsken.
 |
| Eit glimt frå klisjépåsken 2013 |
To av våre mest folkekjære nordiske krimforfattarar er nyleg utkomne med nye bøker i dei populære seriane sine - i "strategisk" passande tid i høve påsken. Ein treng ikkje vera spesielt synsk for å "sjå" at både bok nummer 6 i Avdeling Q-serien,
Den grenseløse (Jussi Adler-Olsen) og bok nummer 9 i Fjällbacka-serien,
Løvetemmeren (
Camilla Läckberg) kjem til å bli lest av svært mange denne påsken. Eg har alt lest Den grenseløse - og anbefalar den gjerne. Läckberg-boka skal også lesast ein gong, men eg er egentleg litt lei av Patrik, Erica og heile Fjällbacka.
Av nye
norske krimbøker kjem garantert
Blod på snø av
Jo Nesbø og
Wienerbrorskapet av debutanten
Ingar Johnsrud til å bli pakka ned i mange påskesekker i år.
Blod på snø fordi det er ei Nesbø-bok og Wienerbrorskapet fordi boka fekk terningkast 6 i VG. Sjølv tykkjer eg at desse bøkene har fått litt ufortent mykje merksemd. Eg har lest begge og tykkjer dei er greie nok, men vil faktisk heller rå til å ta med nokre andre nye og spennande stemmer:
Timberlid, Kroken og
Kolden.
 |
| Nynorsk krim frå Timberlid, Kroken og Kolden. |
For kort tid sidan las eg ei knakande god krimbok;
Satans mor av
Rune Timberlid - og i skrivande stund er eg ganske så oppslukt av
Død manns kiste av
Kroken og Kolden. Handlinga i desse to bøkene er lagt til hhv Indre Sogn og Bøverdalen, så her er det altså snakk om skikkeleg bygdekrim. Forfattarane er lite kjende, men eg anbefalar begge desse bøkene. Dette er krimbøker utan altfor innfløkte handlingstrådar og med begrensa persongalleri - og dei egnar seg for både verandalesing og framfor hyttepeisen - eller som kafélektyre.
Elles er
Rivertonprisen og nominasjonane til denne ein bra peikepinn på kva som kan vera verdt å lesa.
Karin Fossum vart som kjent nyleg tildelt prisen for andre gong for Konrad Sejer-bok nummer 12,
Helvetesilden - og det var vel fortent.
Eg anbefalar både den boka og
Gunnar Staalesen si riverton-nominerte Varg Veum-bok
Ingen er så trygg i fare. Dersom du ikkje har lest fjorårets prisvinnar,
Den siste pilegrimen av
Gard Sveen, kan den boka vera eit bra påskekrimtips. Eg tykte det var ei sjelden bra bok - lærerik, til ettertanke og dessutan svært spennande.
Broren av Olav William Rokseth og
Dødspakten av
Tom Kristensen kan vera eit bra val dersom du har sans for krimbøker av typen action/spion/thriller. Dersom du heller likar å lesa stemningsfull psykologi/psykiatri-krim kan eg anbefala
Sikre tegn på din død av Torkil Damhaug.
Som eg har sagt (utallige gonger) før: Eg er veldig glad i svensk seriekrim - dette er noko eg alltid vender tilbake til. For stadig vekk, og gledeleg nok, finn eg noko nytt og spennande. Ta for eksempel
Carl-Johan Vallgren og boka
Skyggegutten og
Joakim Zander si debutbok
Svømmeren. Andre svenskar eg kan anbefala er
Den stumme jenta av forfattarparet Hjorth og Rosenfeldt og
Stalker av Kepler-forfattarparet, men her er det absolutt ein fordel om du har lest dei tidlegare bøkene i hhv Sebastian Bergmann-serien og Joona Linna-serien. Dersom du heller har lyst til å lesa svenske krim
noveller, anbefalar eg dei spennande antologiane
Mord og mysterier og
Kalde skygger.
Av andre nyare krimutgjevingar kan anbefalast
Robert Galbraith (J.K. Rowling) og bøkene
Når gjøken galer og
Silkeormen, der ein får møta den slitne antihelten og privatdetektiven Cormoran Strike. Eg likar desse bøkene veldig godt; dette er underhaldande klassiske kriminalforteljiingar, men i ei moderne innpakning, fylt av artige karakterar og som inneheld humor, snert og spenning.
Har du sans for det meir makabre og blodige, anbefalar eg
M.J. Arlidge og bøkene hans med dei heller misvisande barnslege titlane
Elle melle og
Bro bro brille.
Og har du ikkje lest
Sannheten om Harry Quebert-saken av
Joël Dicker (ei bok som
mellom anna er ei krimforteljing men som vanskeleg kan plasserast i "rett" sjanger/kategori) så bør du absolutt få med deg den før eller seinare.
Dersom du brukar biblioteket, kjem du sikkert til å oppdaga at dei aller nyaste krimbøkene er utlånte, men som regel har biblioteka mengder med litt eldre spenningsbøker som du kan låna. Heldigvis er ikkje bøker ferskvare!
Sjølv skal eg lesa frå hylla mi i påsken; eg har ein ganske stor stabel med halvgamle og halvnye bøker som har blitt nedstøva og nedprioriterte ei tid, sjå biletet nedanfor. I tillegg har eg nokre lydbøker og ebøker liggjande på lur - så eg fryktar ikkje at påskeferien skal bli kjedeleg på nokon måte..!
(Eg må dessutan tilstå at eg har blitt påvirka av nye trendar og har skaffa meg
Den hemmelige hagen og nye fargeblyantar. Faren er stor for at eg kan bli hekta på desse fargeleggingsgreiene. Men fargelegging kan kombinerast med lydbok, har eg høyrt..)
 |
| Ein liten del av ventebøkene |
Likar du gammaldags klassisk krim? Agatha Christie, for eksempel - eller Stein Riverton?
Les blogginnlegget frå i fjor og i forfjor:
Klassiske påskekrimtips
Fleire andre bokbloggarar har laga sine eigne påskelesetipsinnlegg. For som kjent er smaken som baken og det er blitt meg fortalt at det faktisk finst folk som ikkje les krim i påsken(!!)
Så ta gjerne ein tur innom bloggane til
Ingalill,
Anita,
Hedda,
Karete og
Linn for alternative/ytterlegare boktips (Har eg gløymt/oversett nokon? Gje beskjed i kommentarfeltet, så skal eg laga lenke til blogginnlegget)
God påske til alle blogglesarar!