Hausten 2007 kom det ut to ulike biografiar om Einar Førde (1943-2004). Den eine var skriven av Førde sin gode ven, forfattaren Tor Obrestad, den andre av journalisten
Frank Rossavik. Eg har no - i samband med
Moshonista sin biolesesirkel - lest den sistnemnde sin biografi. Rossavik vart tildelt Brageprisen for boka.
- - - - - - - - - - - - -
Spartacus forlag
373 sider
Kjelde: Lånt privat
I forordet fortel Frank Rossavik at han ikkje kjende Førde personleg. Likevel klarar han å formidla eit levande, nyansert og nært bilete av mennesket og politikaren. Han har støtta seg på mange kjelder; familie, vener, studiekameratar, politiske kollegaer og mediafolk - i tillegg til mykje skriftleg materiale frå ymse arkiv. Boka inneheld òg mange gamle og interessante bilete.
I boka kan me lesa om oppveksten i industristaden Høyanger, skuletida ved Eidsvoll landsgymnas, studentlivet i Oslo og om dei mange politiske verva Einar Førde etter kvart fekk. Røtene til Høyanger og Sogn stakk djupt og prega han livet ut, men han var berre 15 år då han flytta austover. I ungdommen var han elles eit stort friidrettstalent og vart i si tid norsk juniormester på 1500 meter.
Rossavik går nær inn på personlege og private forhold - men utan å verta altfor grafsande og dyneløftande. At Einar Førde i fleire år hadde eit utanomekteskapeleg forhold til ein partikollega er ein av dei tinga som vert "avslørt" i boka - men no i ettertid vert vel ingen spesielt sjokkerte av ei slik opplysning. Utruskapen var ikkje nemnd med eitt ord i media den gongen på 80-talet. Og som Førde skal ha sagt ein gong:
«Det gjeld å skaffe seg eit rykte som er så lurvete at du etterpå slepp unna med kva det skal vere».
Vidare kan ein i boka lesa om det turbulente samarbeidet med Gro Harlem Bruntland og det nære venskapet med Arne Treholt. Einar Førde klatra aldri
heilt til topps i Arbeiderpartiet, - han var kanskje for kontroversiell til det. Men som nestleiar, parlamentarisk leiar, stortingsrepresentant og kyrkje- og undervisningsministar var han med på å prega norsk politikk og samfunnsliv i mange år. Mediepolitikk var noko han engasjerte seg i, og då Stortinget debatterte innføringa av fargefjernsynet (dette var faktisk ei svært omdiskutert sak!) rista han på hovudet av motstandarane som meinte
at
«synda har kome til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar».
Førde gav seg som politikar i 1989 for å bli kringkastingssjef. Førde sto i spissen for å reformera og modernisera det noko tungrodde NRK-systemet, og "
Einar i tre kanalar" vart etter kvart eit kjent slagord.
Eg likte å lesa denne boka - ho er på mange måtar skriven i stil med hovudpersonen - humoristisk og med snert. Einar Førde var ein fargeklatt i det grå politiske miljøet; ein engasjert og karismatisk person. Den frekke kjeften hans gjorde at han vart - på den eine sida - folkeleg og populær - men på den andre sida - arrogant og fjern. Sjølv sa han:
«Du veit eg kjem frå den delen av landet kor det ikkje er noko som heiter høvisk tale. Det dreiar seg om grader av sjikane.»
- - - - - - - - - - - - -
Dei siste par ti-åra har det blitt utgitt eit "hav" av politiske biografiar, dokumentarar og memoarar. Eg har vel knapt bladd i desse bøkene, men har lest ein heil del om dei. Eventuelle kontroversielle tema og pikante personlege avsløringar som kjem fram i slike biografiar vert jo som regel plukka opp og omtala i media - og dermed mistar ein gjerne lysta til å lesa meir. Slik har eg det, i alle fall.
Sidan det er nokre år sidan
Stikk i strid kom ut, kan ein hevda at denne biografien i dag er "gammalt nytt" og difor utan interesse lenger. Vel - kanskje det, - men Einar Førde var ein annleis politikar - ein humoristisk, kunnskapsrik og rappkjefta samfunnsdebattant - og difor interessant å lesa om. Dessutan var han
sogning.