Medan det var heller uproblematisk å finna favorittar på bokstavane
A,
B og
C, vart det noko vanskelegare å finna passande kandidatar på D. Men etter å ha fundert litt fann eg fram til to stykker denne gongen også. Dei representerer to svært ulike retningar/stilartar innan krim- og spenningslitteraturen.
Dorothy L. Sayers
Britisk kriminalforfattar 1893 - 1957.
Dorothy L. Sayers var samtidig med Agatha Christie og vert av den grunn ofte samanlikna med henne. Men dei var heilt ulike stilmessig; der Christie hadde fokus på finurlege plott og spektakulære drapsmetodar, var Sayers som oftast meir opptatt av språket og hadde grundigare person- og miljøskildringar.
Som barn og ungdom var Dorothy L. Sayers vissnok svært så skarp og talentfull på mange område. Ho var mellom dei fyrste kvinnelege studentane ved universitetet i Oxford, og arbeidde både som lærar og tekstforfattar i eit reklamebyrå før ho vart forfattar. Ho er mest kjent for bøkene om den aristokratiske detektiven Lord Peter Wimsey.
Ein kan kanskje sei at Sayers sine bøker har gått ut på dato, men eg tykkjer dei er sjarmerande og underhaldande og at dei absolutt har ein verdi, også i dag.
Dødsklokkene (The nine taylors, 1934) vert rekna som eit høgdepunkt innan klassisk kriminallitteratur og er ei 1001-bok. Eg likar godt forfattarar som Elizabeth George, PD James og Ruth Rendell - og dei har alle hatt Dorothy Sayers som føredøme og blitt inspirerte av bøkene hennar.
Dan Brown
Amerikansk spenningsforfattar f. 1964.
Brown er ein forfattar som eg har eit noko ambivalent forhold til. På den eine sida er eg ein overbegeistra lesar som sluker bøkene hans - men på den andre sida er eg irritert og sur på den aggressive måten dei vert marknadsførde på. Dan Brown er ein "rockestjerneforfattar" med megasuksess - og det vert utnytta fullt ut av forlag, forhandlarar og andre som ynskjer ein del av kaka.
Dan Brown slo gjennom med eit brak med
DaVinci-koden i 2003 - og det
er ei fantastisk spennande bok. Forteljargrepet med kortkorte kapittel og utallige cliffhangers var noko nytt den gongen. Sett i ettertid meiner eg boka er oppskrytt. Det er også (over)tydeleg at boka vart skriven med tanke på at ho skulle filmatiserast - noko som også vart gjort. Både denne og
Engler og demoner vart til heseblesande, underhaldande og publikumsvenlege filmar. Og Tom Hanks er ein perfekt Robert Langdon.
Dan Brown sine bøker gir ofte lesaren stor underhaldning; eventyr, konspirasjonar, kodeknekking, spenning og mystikk - i eit høgt tempo og
ofte med cliffhangers i kursiv.
- - - - - - - - - - - - - -
Andre namn på D som eg har vurdert i denne samanhengen er såpass ulike forfattarar som David Lagercrantz, Dashiell Hammett, Daphne du Murier og Desmond Bagley.
Av andre D'ar finst jo Doris Lessing; ein kjend og anerkjend forfattar, men eg har aldri lest noko av henne. Eg "prøvde meg" på Dag Solstad ein gong, men han passa ikkje for meg. Den avdøde danske forfattaren Dea Trier Mørch bør òg nemnast. Boka hennar 'Vinterbarn' hugsar eg ikkje så mykje av lenger; eg hugsar berre at ho gjorde djupt inntrykk på meg då eg las ho for mange år sidan.