Påbyrja i februar, fullført i mars:
Frode Granhus - Malstrømmen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Torbjørn Færøvik - Buddhas barn - Dokumentar - Lydbok lånt på biblioteket
Lest i mars:
Johan Theorin - Gravrøys - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Agatha Christie - Poirot løser gåten: Den tilslørte damen - Krimnoveller - Lydbok lånt på biblioteket
Frode Granhus - Djevelanger - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jørgen Jæger - Ridderkorset - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Karin Fossum - Helvetesilden - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Roy Jacobsen - Vidunderbarn - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jo Nesbø - Sønnen - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Julie Otsuka - Buddha på loftet - Japansk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Påbyrja i mars, fullførast i april:
Anders Roslund og Börge Hellström - To soldater - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Hanne Kristin Rohde - Mørke hjerter - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok
I tillegg har eg lytta til tre lydbok-singlar i mars:
Alice Munro - Bjørnen gikk over fjellet
Merethe Lindstrøm - Kysset
Ingvild H. Rishøi - The life and death of Janis Joplin
31. mars 2014
28. mars 2014
Bokomtale: Sønnen av Jo Nesbø
Aschehoug 2014
511 sider
Kjelde: Lånt privat
Det er alltid med store forventningar eg startar på ei ny Nesbø-bok. Sidan Sønnen ikkje handlar om Harry Hole, forventa eg meg ein underhaldningsroman av typen Hodejegerne. Men der tok eg feil.
Miljøet og settingen kunne vore henta frå ei av bøkene i serien om Harry Hole; det urbane, det mørke og det brutale i historia er gjenkjenneleg. Lesaren kan også lett kjenna att forteljarstilen; ei mengd bipersonar som med sine ulike perspektiv driv handlinga framover.
Sønnen er ein hardkokt actionthriller av godt gammalt Nesbø-merke og med høg sidevendarfaktor frå fyrste stund. Alt i opningsscenen møter me antihelten, hevnaren og sønnen. I tolv år har Sonny Lofthus vore innesperra i fengselet "Staten" - han har tilstått andre sine grove brotsverk - og fått heroin som betaling. Som ein annan Jesus sonar han straffa for andre. Sonny er konstant høg, har eit skjær av noko guddommeleg over seg og er skriftefar for dei andre fangane. Men så ein dag får han høyra eit skriftemål som gjer at han endrar fokus. Sonny rømmer frå "det rømmingsfrie" fengselet på ein spektakulær måte. Det er tid for hevn.
Faren til Sonny var politimannen Ab Lofthus, ein heilt spesielt dyktig etterforskar. Då sonen var 16 år, skaut faren seg sjølv og let etter seg eit brev der han skriv at han hadde vore muldvarp; han må ha drive eit dobbeltspel og ført både familie, jobb og samfunn bak lyset. Eller..? Var det sleipe og hjartelause bakmenn som sto bak det som hende med Lofthus senior?
Ei drapsbølge herjar i Oslo denne sommaren, og Simon Kefas - protagonisten og "vår mann" - står sentralt i etterforskinga av fleire av desse sakene. Simon er snart pensjonist og "tørrlagd" speleavhengig, og har fått eit nytt ankerfeste i livet gjennom den unge kona Else. Simon var ein nær ven og kollega av Ab Lofthus. Når det viser seg at Sonny har motiv for fleire av drapa, vert det viktig for Simon å få kontakt med sonen til den avdøde venen.
Sønnen inneheld mange og tydelege bibelske assosiasjonar. I tillegg til "faderen" og "sonen" finn ein bibelske personnamn som Simon, Ab(raham), Maria, Martha og Ponthius. Nesbø brukar mykje religiøs symbolikk og forteljinga handlar då også om frelse, forsoning og tilgjeving. Om synder, hat og hevn. Om håp, tru og nåde.
Historia fungerer og engasjerer. Dei høge forventningane eg hadde til boka vart stort sett innfridde, - dette er intelligent og samstundes lettlest krim. Sceneskifta skjer på akkurat dei rette stadene i handlinga, - slik at ein stakkars lesar vert sitjande oppe til langt på natt "for å sjå korleis det går". Eg klarde knapt å leggja Sønnen frå meg, men likevel vart enkelte hendingar forutsigbare. Eg vart ikkje så overraska - og andpusten! - som eg vart av dei meir intense Snømannen, Panserhjerte og Politi. Plottet er på mange måtar innvikla, men Den raude tråden er klar og tydeleg.
Forteljinga er truverdig, men ikkje realistisk, - og det har nok heller aldri vore noko mål for Nesbø. Det norske samfunnet; media, fengselsvesen, politi og styresmakter er framstilte på ein ganske så karikert måte, men at ting vert sett på spissen slik har ingenting å sei for innhaldet og leseopplevinga. Dei to hovudpersonane - Sonny og Simon - er, kvar på sin måte, spennande typar. Og sjølv om dei i høgste grad er oppdikta, er det nettopp desse to karakterane som tilfører boka det lesaren kan tru på, dei oppfattast som ekte. Dei fleste bipersonane er kun med for å gje lesaren eit meir nyansert bilete av hovudpersonane.
Boka er unorsk i stil og innhald. Ein merkar ganske tydeleg at boka er skriven for utanlandske krimlesarar og tilpassa den internasjonale bokmarknaden, - og kanskje Hollywood? Namn som Scorsese og DiCaprio vert faktisk nemnde i samband med utgjevinga av Sønnen. Det bør ikkje forundra nokon om det kjem eit filmmanus og ein kommande storfilm bygd på denne boka.

23. mars 2014
Smakebit på søndag: Buddha på loftet
Plutseleg er helga over. Det aller siste eg skal gjera denne søndagskvelden er å presentera ein smakebit frå ei av bøkene eg les akkurat no. Andre smakebitar finn du på bloggen Flukten fra virkeligheten.
Slik opnar den "fleirstemde" forteljinga Buddha på loftet av Julie Otsuka:

"På båten var vi flest jomfruer. Vi hadde langt, svart hår og brede plattføtter og var ikke særlig høye. Noen av oss hadde ikke spist annet enn risvelling som barn og hadde krumme bein, og noen av oss var bare fjorten og fremdeles barn selv. Noen av oss var fra byen og gikk i smarte byantrekk, men mange flere av oss var fra landet og gikk med den samme gamle kimonoen som vi hadde gått med i årevis - falmet, arvet etter en søster, lappet og farget om igjen flere ganger. Noen av oss var fra fjellet og hadde aldri sett havet før, bortsett fra på bilder, og noen av oss var fiskerdøtre og hadde vært ved havet hele livet..."Handlinga er lagt til 1920-talet. Boka fortel om ei gruppe unge japanske kvinner som er på veg til California, USA, for å gifta seg. Dei kommande ektemennene er japanarar som alt har skapt seg eit nytt liv på den andre sida av Stillehavet. Under den lange båtturen ser dei fleste kvinnene optimistisk på det nye livet som ventar dei.
Forfattaren brukar fyrsteperson fleirtal-formen og beheld "oss" og "vi" gjennom heile romanen; eit forteljargrep som eg aldri har vore borti før. Eg er litt usikker på om eg likar det, - men eg har så vidt starta på boka. Det skal bli spennande å sjå korleis denne skrivestilen fungerer.
Andre bokbloggmeiningar om Buddha på loftet: Rose-Marie, Tine, Isabella

21. mars 2014
Bokomtale: Ridderkorset av Jørgen Jæger
Juritzen 2014
479 sider
Lånt på biblioteket
I løpet av kort tid skjer fleire dramatiske ting i Fjellberghavn. Eit barnelik vert funne på fjellet, ei død kvinne vert funne drivande i sjøen og under eit grovt ran vert ein vektar skoten og drept. Lensmann Ole Vik er framleis sjukmeld etter all dramatikken i Stemmen, og Cecile Hopen får mykje å hanskast med.
Dette er bok nummer 7 i Jørgen Jæger sin krimserie. Boka fekk ei viss merksemd og oppslag i VG for ei tid tilbake fordi forfattaren (mis)brukar ein viss nolevande verkeleg person som han skriv inn i handlinga - nemleg Jens Stoltenberg. Den tidlegare statsministeren vert i boka beskulda for både valdtekt og drap!
Eg er enig i dei som finn akkurat dette påfunnet usmakeleg. Sidan Jæger har dikta opp staden der mesteparten av handlingane utspelar seg; Fjellberghavn, kunne han godt brukt ein fiktiv statsminister også, meiner eg.
Eg tykkjer Ridderkorset er liksomspennande og liksomdramatisk og at dette er eit tilbakesteg i forhold til den forrige boka, som ikkje var så verst. Forfattaren gjer eit forsøk på å gjera boka realistisk og samfunnsaktuell, men lukkast ikkje særleg godt med forsøket. Eg finn det også irriterande med alle detaljar og uvesentlegheiter og med at forfattaren overforklarar. Enkelte ting kan og bør overlatast til lesaren sjølv! Eg vert litt frustrert når eg ser løysingane lenge før etterforskarane gjer det.
Persongalleriet er oversiktleg og språket flytande, - men spenninga er dessverre fråverande. Det er forutsigbart, klisjèfylt og handlinga er prega av dei tidlegare nemnde uvesentlege detaljane som gjer at historia får dårleg framdrift. Hovudpersonane Cecilie og Bernhard framstår for meg som "uekte" trass i at forfattaren gjer dei kvardagslege og gjerne vil ha lesaren til å "tru på" dei.
Ridderkorset har fått god mottaking frå både lesarar og anmeldarar, så nok ein gong føler eg meg både slem og sær sidan eg er så "lunken". Boka er ikkje direkte dårleg, men er heller ikkje så veldig god. Skal eg vera ærleg - og det skal ein jo - er eg ikkje så begeistra for bøkene til Jæger. Likevel har eg faktisk lest alle saman. Uforståeleg, også for meg sjølv.
Eg vil rå Jørgen Jæger til å friskmelda Ole Vik og heller ta fram att det meir kosekrim-aktige som prega dei fyrste bøkene i serien. For sjølv om eg heller ikkje likar at det er for koseleg, vil eg heller ha kos enn krampaktig liksomrealisme.

Etikettar:
bokomtale,
Jørgen Jæger,
krim,
Norsk krim
19. mars 2014
Lydbok-noveller
Lydbokforlaget har nyleg lansert eit nytt "novellekonsept" - Lydbok-singlar. Dette er noveller og korte tekstar som vert utgitt berre på lydfiler. For folk som ønskjer å prøva ut lydbokformatet, er dette tilbodet midt i blinken. Men også for alle andre kan det vera ønskjeleg å kjøpa enkeltnoveller/singlar. Prisen er kroner 39 pr. lydfil. Les meir om det nye konseptet her.
Eg takka ja til tilbodet eg fekk om å prøvelytta dei fyrste tre singlane/novellene:
- Bjørnen gikk over fjellet av Alice Munro (speletid 1t 59 min)
- Kysset av Merethe Lindstrøm (speletid 41 min)
- The life and death of Janis Joplin av Ingvild H. Rishøi (speletid 48 min)
Eg vil rosa Lydbokforlaget for at det gjer ein innsats for noveller. Små historiar egnar seg fint på lydbok. Det tek ikkje så lang tid tid å høyra ei novelle, men historia kan gjerne "bli hos" lesaren lenge etterpå - dersom ho er god nok. Forlaget skal gi ut tre nye singlar kvar månad framover. Neste månad er det påske, og då kjem det ut tre krimnoveller. Det passar denne lyttaren bra.

Kysset
er ei vemodig kvardagshistorie med vemodige kvardagstankar. Den kvinnelege forteljaren møter tilfeldigvis att ei kvinne frå fortida. Denne kvinna var syster til ein mann som forteljaren hadde eit forhold til i ungdomstida, og dei har ikkje møtt kvarandre sidan den gongen. Møtet set i gang nye tankar og kjensler hos forteljaren, og handlinga i forteljinga vekslar så mellom notid og fortid.
Eg tykte novella var stemningsfull og fin, men med ein litt brå slutt. (Slike opne avslutningar er jo vanleg når det gjeld noveller; det vert lagt opp til at lesaren skal tenkja seg korleis det går vidare, på ein måte..)
Eg har ikkje lest noko av Merethe Lindstrøm tidlegare, men kan absolutt tenkja meg å lesa meir av forfattaren på eit seinare tidspunkt. Det er tydeleg at ho beherskar novellekunsten.

Novella er med i novellesamlinga Gjestene og er godt opplest av radiostemma Lisa Strindberg.
Opplesar Runa Eilertsen les med innleving og formidlar stemninga i historia på ein god måte.
Rosina i pølsa av desse tre novellene vart likevel
Novella er ganske lang (speletid 2 timar) - og er like innhaldsrik som ein roman. Forteljinga er gripande utan å vera sentimental, - og kjensleladd utan utbroderingar og klisjéar. Munro skriv fantastisk godt, og opplesar Bodil Vidnes-Kopperud utfører jobben på ein upåklageleg måte. Lydboka anbefalast på det sterkaste.
The life and death of Janis Joplin
er skriven av Ingvild H. Rishøi og er henta frå novellesamlinga hennar Historien om Fru Berg. Novella handlar om ei ordblind og skulelei jente som får tru på seg sjølv når ein rådgjevar seier at ho liknar på Janis Joplin. Også denne novella er kvardagsleg og "enkel". Språket er nærast muntleg, men godt. Teksten har god rytme og flyt, - historia er fin, sår og gripande - og gjorde verkeleg inntrykk på meg.Opplesar Runa Eilertsen les med innleving og formidlar stemninga i historia på ein god måte.
Rosina i pølsa av desse tre novellene vart likevel
Bjørnen gikk over fjellet
av nobelprisvinnar og novellemester Alice Munro - henta frå samlinga Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap. Dette er ei vakker og rørande kjærleikshistorie som handlar om det aldrande ekteparet Fiona og Grant og utfordringane dei begge står overfor når Fiona vert meir og meir gløymsk. Ho vert etter kvart plassert på ein sjukeheim for demente. Opphaldet på institusjonen vert annleis enn det Grant har tenkt.Novella er ganske lang (speletid 2 timar) - og er like innhaldsrik som ein roman. Forteljinga er gripande utan å vera sentimental, - og kjensleladd utan utbroderingar og klisjéar. Munro skriv fantastisk godt, og opplesar Bodil Vidnes-Kopperud utfører jobben på ein upåklageleg måte. Lydboka anbefalast på det sterkaste.
Eg vil rosa Lydbokforlaget for at det gjer ein innsats for noveller. Små historiar egnar seg fint på lydbok. Det tek ikkje så lang tid tid å høyra ei novelle, men historia kan gjerne "bli hos" lesaren lenge etterpå - dersom ho er god nok. Forlaget skal gi ut tre nye singlar kvar månad framover. Neste månad er det påske, og då kjem det ut tre krimnoveller. Det passar denne lyttaren bra.
Etikettar:
Alice Munro,
Ingvild H. Rishøi,
lydbok,
Lydbokforlaget,
Merethe Lindstrøm,
noveller
16. mars 2014
Bokomtale: Helvetesilden av Karin Fossum
Cappelen Damm 2014
256 sider
Kjelde: Lånt privat
Egentleg las eg i to andre bøker då eg fekk Helvetesilden i hendene her ein kveld. Eg skulle berre nett kikka litt i boka, - og plutseleg hadde eg lest fleire titals sider. Dei påbyrja bøkene vart lagt til side og kvelden etter var boka utlest.
Dette er altså ei bok som tek tak i lesaren frå fyrste stund. For meg vart det ei slukebok, sjølv om ho kanskje heller fortener at ein les ho sakte - for å få med seg alle detaljar og nyansar.
Eg var kritisk til den forrige boka til Karin Fossum; Carmen Zita og døden, - fyrst og fremst fordi spenningen var så fråverande - og fordi hovudpersonen Konrad Sejer var blitt så kjedeleg og grå. I Helvetesilden føler eg at Sejer er tilbake på sporet. Han er klok, roleg og sindig - og full av forståing - for både offer, pårørande og gjerningsperson.
Boka opnar brutalt. I opningsscenen er Sejer blitt utkalla til åstaden for eit sjokkerande dobbeltdrap. I ei overoppheta campingvogn ligg ei kvinne og den vesle sonen hennar. Begge er knivdrept, og den einaste ledetråden er eit fotspor, sett frå ein stor sko midt i alt blodet på drapsstaden.
Karin Fossum er dyktig når det gjeld ubehagelege psykologiske skildringar og ho tek gjerne opp aktuelle samfunnsspørsmål og etiske dilemma i bøkene sine. I den forrige boka sette ho søkjelys på sorteringssamfunnet, i denne nye boka er det usunne morsbindingar og fråverande fedre som er tema.
Eg har lest alle dei 11 føregåande bøkene i serien om Konrad Sejer, - eg har likt dei fleste - men slett ikkje alle. Helvetesilden er likevel Fossum på sitt aller beste og eg anbefalar boka sterkt.
- - - - - - - - - - -
Sidan det i skrivande stund er søndag - og sidan det er sitert frå boka - legg eg denne omtalen inn som eit bidrag til boktema Smakebit på søndag.
Bloggen Flukten fra virkeligheten byr på mange fleire smakebitar. Her får ein høve til å oppdaga nye bøker og bli kjend med mange ulike bokbloggar!

"Sejer gikk inn. Adrenalinet gjorde ham tørr i munnen. Han skrittet over barnekroppen, passet på og ikke trå i blodet, fikk øye på en kniv som lå på gulvet foran benken. En kniv med treskaft og nagler, og et langt, smalt blad, en slik man brukte til å filetere med, kjøtt eller fisk. På det blanke bladet, render av blod, det hadde rent i strie strømmer og det luktet rått. På benken, en håndveske med en lommebok, den var rød med mange rom. En ryggsekk og en halvspist pizza, litt klær i en hylle. I lommeboka, tusen kroner i kontanter."I to parallelle historiar får lesaren møta to åleinemødre og sønene deira, deira kvardagar og utfordringar. Mass bur saman med sonen Eddie; han er 21, sterkt overvektig og har ein uklar diagnose. Mora er overbeskyttande og sonen er både underdanig og dominerande på same tid. Begge er uføre og sterkt knytte til kvarandre. Bonnie arbeider som heimehjelp og er åleinemor for vesle Simon. Ho slit med ein krevjande jobb, dårleg økonomi og at sonen mistrivst i barnehagen. Spenninga i boka ligg i korleis og kvifor det er ein samanheng mellom desse to kvardagsforteljingane.
Karin Fossum er dyktig når det gjeld ubehagelege psykologiske skildringar og ho tek gjerne opp aktuelle samfunnsspørsmål og etiske dilemma i bøkene sine. I den forrige boka sette ho søkjelys på sorteringssamfunnet, i denne nye boka er det usunne morsbindingar og fråverande fedre som er tema.
Eg har lest alle dei 11 føregåande bøkene i serien om Konrad Sejer, - eg har likt dei fleste - men slett ikkje alle. Helvetesilden er likevel Fossum på sitt aller beste og eg anbefalar boka sterkt.
- - - - - - - - - - -
Sidan det i skrivande stund er søndag - og sidan det er sitert frå boka - legg eg denne omtalen inn som eit bidrag til boktema Smakebit på søndag.
Bloggen Flukten fra virkeligheten byr på mange fleire smakebitar. Her får ein høve til å oppdaga nye bøker og bli kjend med mange ulike bokbloggar!
Etikettar:
bokomtale,
Karin Fossum,
krim,
Norsk krim,
smakebit på søndag
15. mars 2014
Bokomtale: Djevelanger av Frode Granhus
Lydbokforlaget 2014
Opplesar: Nils Johnson
Speletid: 9 t
Kjelde: Lytte-eksemplar
Djevelanger bør få plass i påskesekken til krimlesarar i år! Den tredje boka om Rino Carlsen i Bodø-politiet har ein spennande natur som effektivt bakteppe - og er ein godt samanskrudd krimforteljing.
Eg vart veldig begeistra for den forrige boka, Stormen, som eg las i fjor. For kort tid sidan las eg også bok nummer ein, Malstrømmen - og den vart eg litt skuffa over. For meg vart det for mange og for "utydelege" karakterar å halda styr på i den boka - dessutan var handlinga for usannsynleg og oppkunstruert etter min smak.
Mykje av det usannsynlege er også til stades i Djevelanger - men historia har nerve og er komponert på ein veldig bra måte. Ho er spennande, har gode natur- og miljøskildringar, godt driv - og ein dramatisk og uventa vri på slutten. Språkleg sett er boka betre enn dei føregåande, men når det gjeld dialogane har forfattaren enno mykje å henta. Dei er ofte dårlege og kunstige, tykkjer eg. Hovudpersonen Rino Carlsen er ein utradisjonell og dyktig etterforskartype, men han oppfører seg ofte som ein umoden gutunge. Eg har ikkje heilt fått "tak på" denne typen enno. Ikkje fekk eg heilt sansen for den nye partneren hans, Guro Hammer, heller. Og Rino sine forsøk på å få i gang ein flørt med Guro, er heilt håplause. Men det er vel kanskje også meininga..?
6 år gamle Ida vert borte medan ho er ute og leikar eit stykke frå heimen. Alt tyder på at ho er kidnappa, og Rino vert sett på saka saman med den nytilsette Guro. Det vert henta fram to uløyste barneforsvinningar frå fleire år tilbake i det same distriktet. Kan det vera ein samanheng? Foreldra til Ida oppfører seg merkeleg; mora er fortvila og forknytt, faren - ein manipulerande emissær - er like roleg og fortel at han har "sett" at Ida vil komma tilbake om tre dagar. Kan det vera faren som står bak det heile? Har han konstruert eit "bevis" på sine eigne "synske" evner?
Djevelanger er ein pageturner; spenninga vert gradvis oppbygd gjennom korte kapittel, mange "trådar" og skiftande perspektiv. Sjølve hovudhistoria er neglebit-spennande, - det vert gjerne ekstra intenst når det handlar om eventuelle ugjerningar mot barn. Tematikken er ubehageleg og ekkel og har - dessverre - parallelle trekk med historiar frå den verkelege verda.
Eg har lytta til lydbokversjonen og likte godt Nils Johnson si opplesing. Det nordnorske tonefallet hans understrekar liksom det "eksotiske" og nordnorske i historia.
Tusen takk til Lydforlaget som sende meg lytteeksemplar.
Andre bloggmeiningar om Djevelanger: Anita, Tine, Anette, "den andre" Berit

Frode Granhus,
krim,
lydbok,
Lydbokforlaget,
Norsk krim
12. mars 2014
Omslagsonsdag: Oransje
Ein artig utfordring som eg fann på ein svensk bokblogg; Bokpotaten - via Bokföring enligt Monika. Utfordringa går ut på å finna og visa fram omslag innan ulike tema, og denne veka er tema
fargen oransje.
Her er mine utvalde bøker med oransjefarga omslag. Utvalet er litt tilfeldig, men prega av at eg les mest innan krimsjangeren. Eg har lest og anbefalar alle desse.
Eg les ein del svenske bokbloggar - fordi det her er mange tips å henta for meg som er så glad i svensk krim. Ein annan grunn er at eg rett og slett ønskjer å forstå meir og å bli betre i det svenske språket. Kanskje såpass bra at eg kan lesa ei heil svensk bok - på svensk.
Eg har prøvd ein gong, men ga opp; det var for mange enkeltord eg ikkje skjønte tydinga av - og difor vart lesinga stadig avbroten av at eg måtte slå opp og sjekka kva ordet betydde. Boka vart fullført etter ei tid, - i norsk oversetjing.

11. mars 2014
Bokomtale: Gravrøys av Johan Theorin
Gyldendal 2014
464 sider
Oversetjar: Kari Bolstad
Originaltittel: Rörgast
Kjelde: Lånt privat
Johan Theorin har fullført "Ölandkvartetten" med stil! Den siste boka Gravrøys er eit verdig punktum for ein svært velskriven og lesverdig serie. Bøkene er frittståande og treng ikkje nødvendigvis lesast kronologisk. Eg anbefalar bøkene sterkt, for det fyrste fordi dei er spennande og dramatiske, men også fordi Theorin skildrar landskap og menneske på ein så god måte; med innsikt, innleving og varme. Dei fire årstidene er effektfulle "rammer" for handlinga i bøkene; i den fyrste, Skumringstimen, er det haust, i Nattefokk er det vinter og handlinga i Blodleie er lagt til våren.
I Gravrøys er handlinga lagt til sommaren 1999; turistane og feriefolket har innteke hytter, hotell, feriehus og campingplassar på Öland. Mellom dei som skal opphalda seg på øya i sommarferien, er 12-åringen Jonas - han er ein av hovudpersonane og den eine forteljarstemma i boka.
"Hovudrolla" i serien og den som bind saman dei ulike forteljingane i Gravrøys - i fortid og notid - er det gamle Gerlof som har. Kroppen hans er skrøpeleg, men i sitt 85. år er Gerlof enno klår i hovudet og kjapp i tankegangen. Han skjønnar instinktivt at Jonas er einsam og har det litt vanskeleg, og tek seg av den unge feriegjesten. Jonas høyrer til den velståande storfamilien Kloss, og Gerlof minnest si eiga ungdomstid og opplevinga han hadde for nesten 70 år sidan då han jobba som kyrkjegardsgravar. Under gravferda til Edvard Kloss, ein slektning av Jonas, høyrde fleire personar, mellom dei den unge Gerlof, bankelydar frå kista. Kista vart opna og sjekka - men mannen var død. Tilbake i "notid", sommaren 1999, grunnar Gerlof framleis på dette. Samstundes vender ein person med sterke og bitre hevntankar tilbake til Öland - nærare bestemt til familien Kloss.
Theorin har lagt vekk mesteparten av dei overnaturlege elementa som han av og til har "krydra" bøkene sine med. Heldigvis. Eg vil helst ha ein rasjonell forklaring på historiar/mysteriar og er ikkje spesielt begeistra for spøkelsar og gjenferd. Spøkelsane skremmer meg ikkje, dei berre irriterer meg..
Gerlof er ein slags mannleg ölandsk versjon av Miss Marple; observant, analytisk og klok. Han er ein "krimhelt" utanom det vanlege, og Theorin sine romanar skil seg då også ut frå vanleg tradisjonell nordisk krim. Forteljarstilen er langsam - men også drivande. Med skiftande perspektiv og hurtige sceneskift vert spenninga bygd opp mot eit dramatisk avsluttande klimaks.
Eg vurderer Gravrøys til terningkast fem pluss!

8. mars 2014
Jentehelsing på 8. mars
3 år: Hun ser seg i speilet og ser en dronning!
8 år: Hun ser seg i speilet og ser Askepott
15 år: Hun ser seg i speilet og ser en Stygg Stesøster (Mamma, jeg kan ikke gå på skolen når jeg ser sånn ut!)
20 år: Hun ser seg i speilet og ser "for tjukk/ for tynn, for kort/ for lang, for rett/ for krøllete" - men bestemmer seg for å gå ut likevel.
30 år: Hun ser seg i speilet og ser "for tjukk/ for tynn, for rett/ for krøllete" - men finner ut at hun ikke har tid til å fikse det, så hun går ut likevel.
40 år: Hun ser seg i speilet og ser "for tjukk/ for tynn, for kort/ for lang, for rett/ for krøllete" - men sier til seg selv "jeg er i det minste ren", og går ut likevel.
50 år: Hun ser seg i speilet og ser "jeg er", og går dit hun har lyst til å gå.
60 år: Hun ser seg i speilet og minner seg selv om alle de som ikke kan se seg i speilet lenger. Hun går ut og erobrer verden.
70 år: Hun ser seg i speilet og ser visdom, latter muligheter. Hun går ut og nyter livet
80 år: Hun gidder ikke se. Hun putter på seg en lilla hatt og går ut for å ha det gøy med verden.
- Ukjent

7. mars 2014
Bokomtale: Buddhas barn av Torbjørn Færøvik
Cappelen 2007
Speletid 14:59
Speletid 14:59
Opplesar: Trond Brænne
Torbjørn Færøvik fortel i denne boka om ei fascinerande ferd gjennom Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma. Reisa går gjennom skiftande landskap og kulturar, møte med mange forskjellige menneske og samfunn - og ikkje minst: ulike historiske hendingar.
Buddhas barn er inga vanleg turist- og reiseskildring. Færøvik ser meir og vidare enn dei fleste andre og set ting i samanheng: Han fortel om korleis tilhøva i desse landa er i dag og flettar i tillegg inn både nær og fjern historie. Dette gjer han på ein elegant og pedagogisk måte. Færøvik fortel om religion, kultur og natur. Om kolonitid, Vietnamkrig og Røde Khmer. Om jungel, templar og munkar. Om opium, regnskog og elefantar.
Boka vitnar om at forfattaren har omfattande historiske kunnskapar og at han har gjort sine refleksjonar. Lesaren/lyttaren får mykje politisk og kulturhistorisk informasjon, men språket i boka er enkelt og ganske uhøgtideleg. Eg oppfattar boka som svært lærerik og interessant - samstundes som ho er underhaldande. Reisa gjennom dei fire landa vert skildra på ein god måte. Eg tykkjer det er spesielt fint at forfattaren har snakka med så mange ulike menneske og fått dei til å fortelja om sine tankar og opplevingar.
Ein dokumentar som dette egna seg bra som lydbok og stemma til Trond Brænne var behageleg å lytta til. Å ha internett, atlas og andre oppslagsverk tilgjengeleg medan ein les er eit must.
Buddhas barn er inga vanleg turist- og reiseskildring. Færøvik ser meir og vidare enn dei fleste andre og set ting i samanheng: Han fortel om korleis tilhøva i desse landa er i dag og flettar i tillegg inn både nær og fjern historie. Dette gjer han på ein elegant og pedagogisk måte. Færøvik fortel om religion, kultur og natur. Om kolonitid, Vietnamkrig og Røde Khmer. Om jungel, templar og munkar. Om opium, regnskog og elefantar.
Ein dokumentar som dette egna seg bra som lydbok og stemma til Trond Brænne var behageleg å lytta til. Å ha internett, atlas og andre oppslagsverk tilgjengeleg medan ein les er eit must.
Etikettar:
bokomtale,
dokumentar,
lydbok,
Torbjørn Færøvik
2. mars 2014
Smakebit på søndag: Oppdrag Mottro
Denne søndagens smakebit frå meg er frå ei bok eg las ut for nokre dagar sidan. Eg har lyst til å dela nokre linjer frå og tankar om denne fine boka av Linda Eide.
Spartacus forlag 2012
195 sider
Kjelde: Kjøpt sjølv
Linda Eide er journalist og forfattar, radiostemme og TV-person - og er herleg ujålete og morosam. Ho har gitt ut bøker før; med titlar som Då gamlemor baka seg i hel og Kvardagstraume i utval har ho skrive seg inn i hjarta til folk som har sans for satire i kåseriform.
For ti år sidan måtte Linda ta ein "naudtelefon" til mor si. Ho jobba då som journalist, deadline nærma seg og ho hadde ikkje peiling på kva ho skulle skriva om. Telefonsamtalen med mor vart til ein artikkel - og samstundes vart det starten på ein serie telefonsamtalar som resulterte i boka Oppdrag Mottro - med undertittel jakta på gamle dagar. Linda Eide vart forundra over at det mora fortalde frå hennar eigen barndom slett ikkje likna på den barndommen Linda sjølv hugsa:
Vil du testa ut fleire smakebitar så ta ein tur innom bloggen til Mari - Flukten fra virkeligheten.

"Den nye innsikta var såleis at Mottro hadde hatt eit liv før meg. Kall meg gjerne ureflektert og naiv, men dette var fyrste gongen at det verkeleg sokk inn i meg og nådde heilt fram: Mottro sitt liv starta faktisk ikkje med meg, tvert imot. Eg representerte slutten."Linda Eide lagar i denne boka eit fint og originalt portrett av mor si, og lesaren forstår at forholdet dei har er varmt og humoristisk. Mottro er ein usentimental, klok og ærleg person. Ei heilt alminneleg kvinne som likevel er spesiell. Samtalane dei har inneheld skråblikk på samfunnet - slik det var og slik det er blitt. Oppdrag Mottro er ei lettlest og underhaldande bok, skriven på den underfundige måten som er så typisk for Linda Eide, - men er inga humorbok. Bak det sjarmerande og ironiske ligg det alvor og meining. Kvart kapittel inneheld ei telefonsamtale mellom mor og dotter, og samtalen kan t.d. starta på denne måten:
Tast tast tast (ringjer Mottro)Bak i boka finn ein ei ordbok som inneheld oversetjingar av litt spesielle vossaord og -uttrykk. Sidan eg er sogning har eg ikkje noko bal med språket - vossamål og sognamål er ganske likt. Linda skriv elles same slag nynorsk som meg sjølv; nokså konservativt med me og a-endingar - som er heilt naturleg ut frå den dialekta me har.
Mottro: Ja?
Meg: Hei, det er meg.
Mottro: Å, er det deg?
Meg: Ja. Du må fortelja om stress.
Mottro: Åh, eg veit ikkje om eg har tid til det.
Meg: Haha, godt forsøk. Sei meg, når høyrde du ordet stress fyrste gongen?
Mottro: Det veit eg ikkje, altså. Men eg høyrde det aldri då eg var unge, og ikkje då eg var ungdom. Mor og far brukte det i alle fall aldri så lenge dei levde. Eg trur det kom smygande. På 80-talet var det vel blitt heilt vanleg.
Meg: Så seint? Men hugsar du ikkje den songen til Odd Børre i Melodi Grand Prix, «Stress»?
Mottro: Nei. Eller vent, meiner du den der «må må må må»?
Meg: «skynde meg å gå gå gå gå gå gå»
Mottro: «Slik at jeg kan nå nå nå nå» Jo, jo, men eg visste ikkje at den heitte «Stress». Når kom den songen, sa du?
Meg: 1968.
Mottro: Ja ja. Men det kom vel stress til Oslo før det kom til Voss.
Vil du testa ut fleire smakebitar så ta ein tur innom bloggen til Mari - Flukten fra virkeligheten.
Etikettar:
bokomtale,
Linda Eide,
nynorsk,
smakebit på søndag
Abonner på:
Innlegg (Atom)