Påbyrja i oktober, fullført i november: Jens Henrik Jensen - Mørke menn - Dansk krim - Papirbok fått i gåve Kaveh Rashidi - Kanskje du er frisk? - Norsk sak/fakta - Lyd Storytel
Lest i november: Gunnar Staalesen - 2020 Post festum - Norsk roman - Lånt papirbok privat Jan-Erik Fjell - Ringmannen - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites Sven Petter Næss - Skyldig - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites Benedicte Ingstad - Eventyret - en biografi om Helge Ingstad - Biografi - Lyd Storytel Benedicte Ingstad - Oppdagelsen - en biografi om Anne Stine og Helge Ingstad - Biografi - Lyd Storytel Tove Alsterdal - Rotvelte - Svensk krim - Lånt ebok BookBites Anne Holt - Det ellevte manus - Norsk krim - Lånt papirbok privat Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - Som man sår - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites Camilla Grebe - Alle lyver - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i november, fullførast i desember: Aslak Nore - Havets kirkegård - Norsk krim - Lånt ebok BookBites Nils Johan Stoa - Kjødets lyst - Norsk historisk dokumentar - Lyd Storytel
Eg har lagt bak meg ein svært bra lesemånad. Av totalt 11 leste bøker har eg gitt 5 x terningkast 5 og resten terningkast 4. Det er langt frå normalt at eg hamnar på eit så høgt snitt. Skal eg plukka ut eitt høgdepunkt i november må det bli 2020 Post festum.
Biografiane som Benedicte Ingstad har skrive om foreldra sine er absolutt leseverdige. Ho har hatt eit enormt kjeldemateriale til rådvelde, men har klart å formidla det heile på ein god måte.
Kanskje du er frisk? av (TV-)legen Kaveh Rashidi er ei god, viktig og nyttig bok. Her går forfattaren - fullt fortent - i strupen på m.a. alternativbransjen, vaksinemotstandarar og deler av media. Veldig bra etter mi meining, men han kjem ikkje med så mykje nytt. I alle fall ikkje for oss som har lest Placebodefekten av Gunnar Tjomlid.
Det ellevte manus var eit gledeleg nytt møte med den eksentriske Hanne Wilhelmsen. Omtale, om enn i ei forkorta utgåve (samleomtale), kjem i løpet av desember.
I desember skal eg lesa Aslak Nore, Jørgen Jæger, Liza Marklund og Stefan Ahnhem sine nyaste bøker, samt Kim Leine sin tredje og avsluttande historiske Grønland-roman, Etter åndemaneren.
Men. Kan hende vert det endringar i planane. Ein veit ein aldri kva som dukkar opp av bøker som fristar..
To danske og tre svenske krimbøker i denne samleomtalen.
Mørke menn av Jens Henrik Jensen
Aschehoug 2018
580 sider
Papirbok fått i gåve
- OTS - Ei omfangsrik bok som har stått ulest i hylla i lang tid. Kan passa inn i Boktanker-utfordringa Bokhyllelesing 2021, for runde 5, 6/7 og/eller 10.
- Andre bok i serien om soldatveteranen Oxen.
- Dansk villmark, gamle slott, hemmeleg brorskap.
- Vakre kvinner og barske menn. Samt onde kvinner og feige menn.
- Meir lettlest og fortlest enn sidetalet kunne tyda på.
- Høgt tempo, stadige sceneskift, korte kapittel.
- Kul hovudperson og tøff forteljarstemme.
- Terningkast 5.
Satans sommer av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2021
522 sider
Papirbok lånt privat
- Andre del i serien om politimannen Martin Juncker, dansk småby- og storbykrim. - Interessante karakterar med både vanlege og uvanlege utfordringar.
- Heilt nødvendig å lesa bok 1 før denne, mange handlingstrådar frå den boka held fram i denne (og den neste)
- Godt plott, logisk oppbygging og mange overraskingar. - Ikkje så mykje action som i den fyrste boka. - Skiftande tempo, skiftande spenningsnivå.
- Stort sett godt språk, men ein pinleg dårleg sexscene trekker ned.
- Tidvis for mykje tørrprat. Boka ville blitt betre med litt oppstramming. - Terningkast 4+.
Tre dager av Anders Roslund
Cappelen Damm 2020
Speletid 12:59
Lydbok Storytel
- Bok nr. 9 i Ewert Grens-serien, og den 5. i det som kan kallast Grens/Hoffmann-serien. - Den andre som Roslund skriv åleine etter at Hellström gjekk bort. - Etter kvart er det Hoffmann, familien hans og oppdraga hans som er hovudfokus i serien, medan Grens er ein viktig bakgrunnsfigur. - Både 'Tre dager' og undertittel 'Gid hun lenge leve må' passar godt til handlinga. - Velskriven og velkomponert, som alltid. - Intenst, drivande og veldig spennande, som alltid. - Svensk kvalitetskrim/thriller på sitt beste. - Prikken over i'en (eller +teiknet etter 5'aren): Fabelaktig innlesing av Jan Martin Johnsen. - Terningkast 5+.
Stormvakt av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2021
474 sider
Lånt ebok BookBites
- Fyrste bok i ny serie. - Svensk småbykrim. - Hovudpersonen heiter August Strindberg(!) og er brukthandlar.
- Stødig og gjennomarbeida, og tildels originalt plott. - Gjennomgåande tema: Vald i nære relasjonar. - Skiftande perspektiv og fleire handlingstrådar.
- Dette skapar brukbar flyt, så lesinga går unna.
- Til tider noko repeterande og overforklarande.
- Heilt OK bok. Eg kjem sikkert til å lesa meir av denne serien.
- Terningkast 4.
Rotvelte av Tove Alsterdal
Gyldendal 2021
399 sider
Lånt ebok BookBites
- Litt usikker på om overskrifta "seriekrim" stemmer her, men eg håpar dette kan bli starten på ein serie og ikkje berre ei enkelt bok. - Svensk bygdekrim, og kan dermed både i stil og innhald likna på bøkene til Stina Jackson, Camilla Grebe og Lina Bengsdotter.
- Hovudperson og (hovud)forteljarstemme Eira er eit spennande nytt bekjentskap. - Gode miljø- og personskildringar. - Tittelen 'Rotvelte' har både ei bokstaveleg og ei symbolsk tyding. - Roleg tempo, noko som passar til forteljinga. - Ny sak og gammal sak, nye spor og gamle spor. Kva er sant og kva er løgn? Kvar er rykter og kva er fakta? - Vinnar av Glassnøkkelen 2021, og eg kjenner litt på at eg muligens hadde (for) store forventningar til boka. - Eg landar på terningkast 5-.
Også denne hausten er det utgitt ein del bra norske krimbøker. Her er mine inntrykk, kort oppsummert, når det gjeld tre av dei.
St. Avenger av Heine Bakkeid
Aschehoug 2021
Speletid 10:50
Lånt lydbok BookBites
- Bok nummer 4 i serien om Thorkild Aske. - I denne boka får me svar på kvifor Aske mista jobben og vart rusmisbrukar og suicidal. - Eit likfunn fører til ny etterforsking i ei gammal sak. - Treg start, men bihistoria frå fortida held på interessa. - Overraskande vinklingar og truverdige karakterar. - Framleis trist og dyster stemning, men ein anar eit visst håp når det gjeld Aske sin situasjon. - Eg skjønnar ikkje tittelen. St. Avenger?? Kva er det? Gjekk eg glipp av noko medan eg lytta til boka? - Lydboka er forøvrig opplest av Ivar Nergård, på sedvanleg stødig vis. - Terningkast 4.
Skyldig av Sven Petter Næss
Aschehoug 2021
Speletid 6:03
Lånt lydbok BookBites
- Tredje bok i serien om Harinder Singh - Sympatisk og rimeleg truverdig hovudperson. - Handling kort fortalt: Ein person vender tilbake til heimplassen etter å ha sona ferdig straffa si. Var det rett person som vart dømt den gongen? Harinder tek saka. - Heilt grei krim: Stødig, skikkeleg, godt oppbygd. - Hemmelegheiter og mystiske hendingar - men manglar ein del når det gjeld intensitet og nerve. - Den beste i serien til no. Terningkast 4+.
Ringmannen av Jan-Erik Fjell
Strawberry 2021
Speletid 10:44
Lånt lydbok BookBites
- Nummer 8 i Anton Brekke-serien. - Men her er det kollegaen Magnus Torp som egentleg har hovudrolla, Anton er sett på sidelinja etter hendingar i forrige bok.
- Eit brutalt drap har skremmande likskapar med eit tidlegare uoppklart drap på ein annan kant av landet. Korleis kan det henga saman? - God parallell-historie. - Ringmannen er opplest av ein ringrev; Helge Winther-Larsen.
- Saknar den tørre humoren frå tidlegare bøker. Her er det dystert heile vegen.
- Har gitt enkelte av bøkene i serien karakter 5, men denne når ikkje heilt opp der. - Terningkast 4.
Mellom 1997 og 2000 ga Gunnar Staalesen ut dei tre bøkene «1900 Morgenrød», «1950 High Noon» og «1999 Aftensang». No i 2021 er den frittståande oppfølgjaren «2020 Post festum» her. Pussig nok vart dette ei slags jubileumsbok for meg; den 100. leste boka mi dette året.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Gyldendal 2021 502 sider Lånt papirbok privat
Høgst overraskande - og veldig gledeleg - kom ein oppfølgjar, vel 20 år etter at 1999 Aftensang kom ut. 2020 Post festum vart såleis eit lenge etterlengta møte med gamle kjenningar. Eller - kjenningar og kjenningar: Det vart nesten som når ein treffer folk ute i det verkelege livet etter 20 år; nokre av dei kjenner du att med ein gong, andre er blitt heilt framande.
Den fyrste me møter er Varg Veum, og han "kjenner eg" veldig godt sidan eg har "møtt han" ved fleire høve og i ulike situasjonar gjennom mange år. Familiane Moland, Brandt og Nesbø vart eg elles raskt kjent med på nytt. Nokre personar har falle frå, nye generasjonar har komme til. Slik er jo livet. I tillegg møter me nokre heilt nye familiar og karakterar, og på ulikt vis kryssar deira liv personar frå "hovudfamiliane" sine liv. Dei fiktive karakterane er er knytta til - og plassert inn i - verkelege hendingar som har funne stad dei siste 20 åra. I tillegg vert enkelte handlingstrådar frå dei tidlegare bøkene henta fram.
22. juli er sentralt i handlinga, noko illustrasjonen på omslaget indikerer. Nokre av dei unge karakterane "våre" deltek på Utøya, og ikkje alle kjem heim, for å sei det slik. Staalesen skriv om opptakten til terroren, sjølve angrepa og etterspelet på ein opplysande og respektfull måte.
På tilsvarande vis plasserer forfattaren andre karakterar i andre meir eller mindre dramatiske hendingar som har funne stad, både globalt, nasjonalt og lokalt.
2020 Post festum er ein roman med dokumentariske trekk og det historisk korrekte bakteppet er fletta fint inn i forteljinga. Boka er innom saker som flyktningkrise, klimakrise og finanskrise, samt terrorisme, ekstremisme og pandemi. Saker som angår samfunnet vårt og den daglege samfunnsdebatten påvirkar oss alle, også karakterane i denne boka.
Ein annan tanke som slo meg medan eg las var at det knapt fantes sosiale media for 20 år sidan, men no for tida er det ofte der dagsorden vert sett.
Gunnar Staalesen er krimforfattar og mest kjend som opphavsmannen til Varg Veum. Og Veum er som sagt med, denne gongen óg. Han dreg på åra, men til liks med jamgamle Joe Biden held han framleis koken. Skal tru om Veum kan løysa det lenge uløyste mysteriet om kvinna i Isdalen?
Med sine vel 500 nokså tettskrivne sider tek lesinga litt tid, men eg tykte aldri at boka var kjedeleg, stilleståande eller tung. Tvert imot.
Forlaget og forfattaren presenterer 2020 Post festum slik:
Har du ikkje lest Gunnar Staalesen sin århundretrilogi? Då er du heldig, for då har du nokre veldig bra bøker "til gode".
Påbyrja i september, fullført i oktober: Val McDermid - Brennende hat - Britisk krim - Lyd Storytel Kristina Ohlsson - Stormvakt - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Lest i oktober: Val McDermid - Dødes tale - Britisk krim - Lyd Storytel John Harvey - Stilleben - Britisk krim - Lyd Storytel Abid Raja - Min skyld - Norsk sjølvbiografi - Lånt ebok BookBites Cara Hunter - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites Heine Bakkeid - St. Avenger - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites Gert Nygårdshaug - Den grønne øya - Norsk roman - Lånt ebok BookBites William Shaw - Dødeland - Britisk krim - Lyd Storytel William Shaw - Gravens hemmeligheter - Britisk krim - Lyd Storytel
Påbyrja i oktober, fullførast i november: Jens Henrik Jensen - Mørke menn - Dansk krim - Papirbok fått i gåve Kaveh Rashidi - Kanskje du er frisk? - Norsk fakta - Lyd Storytel
Oktober vart ein ny lesemånad på det jamne. Ein haug med britisk krim, pluss eitt norsk og eitt svensk innslag innan same sjanger. Pluss ein sjølvbiografi og ein roman. Av dei ti bøkene var det berre ei papirbok. Eg er (som så mange andre) ein lesar som gradvis har endra lesevanar og format; frå papir til ebok og lydbok.
Nesten berre terningkast 4-bøker altså, og eg føler at den eine 4'aren må forklarast. Det gjeld Den grønne øya av Gert Nygårdshaug. Det er (egentleg) ei veldig god bok, ei kort og lettlest forteljing med eit alvorleg tema til ettertanke. "Normalt sett" ville eg nok gitt den ein 5'ar. Men dette er frå ein forfattar som har produsert SÅ mykje bra - alt frå Honningkrukken til Mengele Zoo, frå Fortellerens marked til Den tredje engelen - og eg forventa noko meir. Meir originalitet, meir kompleksitet, meir absurd humor, meir uforutsigbart innhald. Det var altså mine høge forventningar som gjorde at eg landa på terningkast 4 i dette tilfellet.
Abid Raja får terningkast 5. Ikkje fordi han skriv så eksepsjonelt godt, men fordi han er så grenselaust open og ærleg og fordi han syner ei uvanleg evne til sjølvinnsikt. Ein kan sei mykje om Raja; til dømes at han tek (for) mykje plass, - men dette er han veldig klar over sjølv. Og i boka får me vita kvifor. Eg trur Min skyld - en historie om frigjøring er den mest leseverdige politiske sjølvbiografien eg har lest nokon gong.
I november skal eg lesa ei anna bok som eg har skyhøge forventningar til, og som eg er veldig spent på. Det er Gunnar Staalesen si oppfølgingsbok av hundreårstrilogien; 2020 Post festum. No er det omlag 20 år sidan eg las den nemnde trilogien (1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang) og den tilhøyrande Hundreårsboken (som er ei "handbok" med kart, slektstavler og bilete knytt til trilogien) - og det er begrensa kva eg hugsar av innhaldet. Det eg hugsar - og veit - er at eg var vilt begeistra for bøkene den gongen og at eg alltid tenkjer på dei som nokre av mine absolutte favorittar.