Piken på toget av Paula Hawkins
Bazar 2015
332 sider (lånt ebok)
Eit enkelt og treffande cover og ein norsk tittel som er litt merkeleg. Det heiter vel jenta på bokmål òg - ikkje piken?? Dessutan er det heller ikkje ei jente det handlar om - men ei vaksen kvinne.
Boka har fått mykje merksemd - og eg er usikker på om det er fortent. Piken på toget er fiffig konstruert, med tre ulike forteljarstemmer og med hopp fram og tilbake i tid. Dermed tek det ei tid før lesaren får tak i samanhengen og det store bildet i denne historia.
Ut frå førehandsomtalar og hype vart eg ein smule skuffa over boka. Eg hadde forventa meir hjertebank og spenning enn det eg fekk. Eg likte boka, men ho er slett ikkje så fantastisk som enkelte hevdar. Avslutninga er grei, men forfattaren trekker det veldig langt ut.. Terningkast 4.
VIP-rommet av Jens Lapidus
Cappelen Damm 2014
479 sider (lånt ebok)
Knallbra start på ny serie! Velskrive, elegant, overraskande og rått frå mannen bak
Stockholm noir-trilogien. Denne er litt annleis i stilen enn dei nemnde tre bøkene, men er vel så god. Stadige scene- og perspektivskift og fram og tilbake i tid gjer lesinga ein smule krevjande, men det skjer noko heile tida - så boka er likevel grei å lesa. Lapidus er spesielt dyktig når det gjeld å byggja opp truverdige karakterar og miljø. Språket er prega av gode og kjappe dialogar.
VIP-rommet handlar om ei kidnappingssak i notid, ei barnepornosak i fortid og eit fengselsopphald i fortid. Korleis desse sakene heng saman er uklart lenge - men så byrjar det å demra for lesaren - og ein må tenkja over det ein har lest tidlegare på nytt, på ein måte. Mot slutten, når ein trur ein har full oversikt, tek handlinga enno ein ny tvist. Herleg!
Eit sterkt terningkast 5.
Høyt henger de av Lene Lauritsen Kjølner
Schibsted 2014
287 sider (papirbok fått av forfattaren)
Eg var stor i kjeften i eit kommentarfelt for ei tid tilbake då eg skreiv at eg var "allergisk mot kosekrim". Forfattar Kjølner fanga opp denne uttalelsen og sende meg debutboka si. Det var hyggeleg gjort.
Vel - eg kosa meg ikkje så veldig og er ikkje særleg imponert, men det skal bemerkast at eg las denne parallellt med
VIP-rommet, boka over - og då datt
Høyt henger de sjølvsagt fullstendig igjennom.
Eg kan oppsummera boka med lite spenning, forutsigbar handling og ein uinteressant hovudperson. Plottet er svakt og humoren er tam.
På den positive sida kan nemnast at boka inneheld enkelte fine miljøskildringar og at ho er uhyre lettlest og fortlest.
Eg er snill når eg gir boka terningkast 3.
Din eneste venn av Jan Mehlum
Publicom 2012
345 sider (kjøpt papirbok)
I likskap med Kjølner si bok over, samt den meir kjende Jørn Lier Horst sine bøker om William Wisting, er det Vestfold-kysten som er bakgrunnskulissa for Mehlum sin serie om Svend Foyn. Elles har gjennomgangsfiguren hans mykje til felles med Gunnar Staalesens Varg Veum, tykkjer eg.
Som alltid stødig frå Mehlum, men eg vart av ein eller annan grunn ikkje så engasjert i handlinga som eg pleier å bli av bøkene hans. Eg føler at han
vil for mykje når det gjeld
Din eneste venn. Ein annan ting som trekker ned leseopplevinga er skriftstorleiken i den hefta utgåva som eg har; den er for liten.
Svend Foyn er ute i hardt ver og får verkeleg køyrt seg i denne boka som m.a. handlar om gamle synder og justismord. Her er gode personskildringar og eit språk som er effektivt og med snert. Terningkast 4.
Ikke ville se av Jan Guillou
Vigmostad & Bjørke 2014
397 sider (lånt ebok)
Enno ein Jan, denne gongen Jan Guillou og hans 4. avsnitt i prosjektet
Det store århundret der han fortel historia om den norsk-svensk-tyske storfamilien Lauritzen. Samstundes er dette historieundervisning frå ei ganske nær fortid.
I
Ikke ville se er me komne fram til krigsåra 1940-45. Trass i at Sverige liksom var "nøytrale", og trass i at dei velståande brødrene Lauritz, Oscar og Sverre er busette i landet, får den pågåande verdskrigen store konsekvensar for heile familien. Størstedelen av formuen til den opphaveleg norske familien er knytta til eigedommar i Dresden i Tyskland - og me kjenner vel alle til kva som skjedde med og i den byen..
Spesielt for eldstemann Lauritz vert krigsåra dramatiske på mange måtar - og det er han som "ikkje vil sjå". Han får oppleva store gleder, men også store sorger.
Eg likte boka godt, men ho er litt treg. Terningkast 4.
Lindemans tivoli av Kjell Ola Dahl
Lydbokforlaget 2008
Speletid 14:41 (lånt lydbok)
Frittståande oppfølgjar til
Lindeman & Sachs. Me møter att det same miljøet og nokre av dei same personane frå forrige bok. Om oppturar og nedturar i finansmiljø og næringsliv, om vellukka og feilslåtte val, maktspel og intrigar - og den evige jakta etter pengar. Samt om å "mista seg sjølv" i alt dette jaget.
Ikkje fullt så engasjerande som den fyrste boka, men ganske underhaldande og treffande.
Ei midt-på-treet leseoppleving til terningkast 4 minus.
Barnepiken av Kathryn Stockett
Cappelen Damm 2010
Speletid 17:42 (lånt lydbok)
Ei ganske fin forteljing om eit viktig tema og ein spesiell periode i amerikansk historie. Årstalet er 1963, segregeringslovene står framleis sterkt i delstaten Mississippi og menneskeretts-forkjemparane har starta kampen sin.
Tema er hushjelper og fruer, svarte barnepiker og kvite barn, raseskille, klasseskille og fordommar. Boka er grei og forholdsvis underhaldande, men eg tykkjer ho er noko langtekkeleg. Det "dameroman-aktige" i historia har eg heller ikkje så mykje til overs for. Eit svakt terningkast 4.
- - - - - - - - - - - - - - -
Fleire samleinnlegg med sommarlesing: