Samlaget 2014
251 sider
Lånt på biblioteket
Finne ly er meir som ei lang novelle enn ein roman. 250 sider, stor skrift, mykje luft og fleire blanke sider innimellom gjer boka rask å lesa. Truleg er desse blanke sidene meint å vera ein "pause" frå sjølve lesinga - ei tid til ettertanke for lesaren.
Boka inneheld fleire fine naturskildringar, i eit nærast poetisk språk. Ho kan samanliknast med Britt Karin Larsen sine bøker om skogfinnane, men eg tykkjer ikkje Basso får fortalt like mykje som Larsen - verken på eller mellom linjene.
Historia vert fortalt på ein stillferdig måte, men ein skjønnar raskt at det kjem til å bli ein dramatisk og tragisk utgang. Handlinga går føre seg i Finnskogen rundt 1850. Romanen har to eg-forteljarar; taterjenta Hanna og bondesonen Johannes.
Gjennom desse to personane sine tankar og handlingar får Basso fortalt korleis livet for romanifolket var og om dei fastbuande si frykt for det framande. Skildringa av Johannes si angst og uro er ganske sterk, men kjærleikshistoria og trekantdramaet det vert fortalt om klarar eg ikkje heilt å tru på.
Forfattaren set altså fokus på framandfrykt og fortel om undertrykking av romanifolket i tidlegare tider. Dessverre er temaet høgst aktuelt framleis.
Finne ly er slett inga dårleg bok, men mi leseoppleving var ikkje av det heilt store. Eg likar betre bøker som har meir innhald, som har meir varierte og konkrete handlingar og fleire innfallsvinklar. Eg oppfatta det lyriske i språket som kunstig og svulstig. Dei mange skildringane av skog og natur er greie nok, men blir nokså kjedeleg etter kvart. Det blir for mykje av det, rett og slett. Lesinga blir òg trasig av den mørke og dystre stemninga.
Finne ly er på kortlista til Bokbloggerprisen 2014, og no i mars vert boka "samlest" av mange bokbloggarar. Absolutt alle omtalane eg har lest av denne boka hittil har vore kjempepositive. Difor føler eg meg kynisk, dum, slem og sær som ikkje likte boka meir enn berre sånn passe. Men slik er det; dette er mi ærlege meining.
Har du lyst til å lesa kva andre (overbegeistra) bokbloggarar meiner om boka kan du klikka deg inn på nettsida til Bokbloggerprisen.
Viser innlegg med etiketten Aina Basso. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aina Basso. Vis alle innlegg
3. mars 2015
1. mars 2015
Oppsummering februar
Påbyrja i januar, fullført i februar:
Jens Lapidus - Livet de luxe - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Jeffrey Archer - Bare tiden vil vise - Britisk historisk roman - Lånt ebok
Richard Herrmann - Med kniv om natten og andre mord - Kjøpt lydfil
Lest i februar:
Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - Den stumme jenta - Svensk krim - Lytteeksemplar
Aina Basso - Finne ly - Norsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
A.J. Kazinski - En hellig allianse - Dansk roman - Papirbok lånt på biblioteket
Joakim Zander - Svømmeren - Svensk thriller - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Jeffrey Archer - Fedrenes synder - Britisk historisk roman - Lånt ebok
Monica Kristensen - Ekspedisjonen - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
M.J. Arlidge - Bro bro brille - Britisk krim - Papirbok fått i gåve
Tom Kristensen - Dødspakten - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Edvard Hoem - Mors og fars historie - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jens Lapidus - Mamma forsøkte - Svensk krim/noveller - Kjøpt ebok
Sigmund Falch - Falcheblikk - Humor - Papirbok lånt på biblioteket
Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Harlan Coben - Tilgi meg - Amerikansk krim - Kjøpt pocketbok
Reidar Müller - Det som ble Norge - fakta/populærvitenskap - Lånt ebok
Arnaldur Indridason - Reykjaviknetter - Islandsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Ein ny fin lesemånad: Eg las 5 lydbøker, 6 papirbøker og 3 ebøker i februar.
Månadens desidert største høgdepunkt vart den utruleg fine boka Mors og fars historie.
Ingen av bøkene eg las var direkte dårlege, men Fedrenes synder, bok nummer to i Clifton-krøniken, vart berre ei middels leseoppleving. Det same vart Finne ly (omtale av denne kjem seinare) og En hellig allianse, som hadde så merkeleg/dårleg avslutning.

Abonner på:
Innlegg (Atom)