Gyldendal 2016
354 sider
Kjelde: eBokBib
Fyrste bok i ny historisk serie frå Ekeberg - som eg fann lite fengande. Tidlegare har eg lest den fyrste boka i den forrige serien, "I sverdets tid", men heller ikkje den fenga meg noko særleg, så det vart med den eine boka.
Krigens læregutt fekk eit overraskande terningkast 6 i Dagbladet (eg lenkar ikkje, og eg har ikkje lest grunngjevinga sidan det er ein betalingsartikkel), og det gjorde meg nysgjerrig sidan eg har stor sans for historiske romanar. Men - eg skjønnar ikkje dette høge terningkastet. Truleg har den anmeldaren aldri lest noko av Vera Henriksen. For samanlikninga er ikkje til å unngå sidan ein her møter den same tidsperioden og fleire av personane som Henriksen har skildra så fint i mange av sine historiske romanar.
I boka møter ein både historiske og fiktive personar og hendingar. Hovudperson er Harald Sigurdson, bror til Olav den heilage og som seinare vart kjent som Harald Hardråde. Livet hans var prega av konfliktar, krig og strid, og i denne boka møter me ungguten Harald som vert oppfostra og oppdratt som krigar og kongsbror. Han deltok i sitt fyrste slag som femtenåring på Stiklestad i 1030, var norsk konge i 20 år og enda livet sitt i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Dette sistnemnde slaget vert av historikarar sett på som slutten på Vikingtida her i landet. Handlinga i denne boka er lagt til omlag 1026-30.
Eg tykkjer det er interessant å lesa om denne epoken (sein vikingtid og tidleg middelalder), om tidene som var urolege og omskiftelege, om (den valdelege) innføringa av den nye religionen kristendommen og om dei samfunnsmessige og menneskelege konsekvensane dette hadde.
Medan Ekeberg her fokuserer på dei macho/action/dramatiske sidene av historia tok Vera Henriksen i sine bøker meir fatt i det tidlause. Ho skreiv også mykje om dette med ansvar og ære, men skildra menneske, miljø og kjensler på ein måte som notidsmenneske kan kjenna seg att i. Enkelte har samanlikna Jan Ove Ekeberg sine historiske romanar med Vera Henriksen og Jan Guillou sine - men det er heilt feil - og frykteleg urettferdig ovanfor Henriksen og Guillou. Ekeberg befinn seg i ein heilt annan - og lågare - divisjon.
Så - i staden for Krigens læregutt vil eg heller rå folk til å lesa nyleg avdøde Vera Henriksen sin "Sigrid-trilogi"; Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen, samt dei enkeltståande romanane Dronningsagaen og Kongespeil. Alle desse bøkene har også handling frå 1000-talet og har det felles at ein får sjå historia meir i kvinneperspektiv. Henriksen skildrar ansvarsbevisste, sterke og stolte kvinner som hadde makt - men der skikkane og familiane si ære sette grenser for kva som kunne gjerast. Ekeberg sine kvinner i denne boka er stereotype og virkar heller hjelpelause og svake. Det gjeld også kongsmora Åsta Gudbrandsdatter, som i andre samanhengar vert framstilt på ein heilt annan måte.
Boka er - totalt sett - ikkje dårleg, og forfattaren har heilt sikkert brukt mykje tid og ressursar på research og gransking, men eg vart ikkje fortruleg verken med skrivestilen eller med den vinklinga Ekeberg har til det historiske materialet. Forfattaren er heller ikkje konsekvent i språkbruken sin. Somme stader vert historia fortalt i tilnærma/tilgjort sagastil, i andre sekvensar er språkbruken altfor moderne - og det virkar veldig rart. Skildringa av Harald Sigurdson sin seksuelle debut er for eksempel "Ken Follett-pinleg".
Eg kjem neppe til å lesa neste bok i serien sidan eg ikkje fann heilt ut av det med denne. Men lesinga har inspirert meg til å ta for meg Vera Henriksen sitt forfattarskap på nytt. Eg har lest bøkene i Sigrid-trilogien mange gonger, men det er fleire år sidan sist. Denne gongen går eg for lydbøkene.
19. juni 2016
Smakebit på søndag: De usynliges by
Det er lenge sidan eg har delteke i smakebit-utfordringa til Mari og Flukten fra virkeligheten, men her kjem omsider eit lite bidrag.
Tiden 1998
604 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat
Denne helga har eg lest ut bok nummer to i Tatertrilogien til Britt Karin Larsen. Mellom ein heil del andre kvalitetar som denne boka har, er at ho er så sitatvenleg. Larsen skriv så godt at ein lesar brukar ekstra lang tid; enkelte avsnitt er så vakre, så sterke og så gripande at ein må lesa dei om igjen, gjerne fleire gonger, - for liksom å ta innhaldet inn over seg, fullt ut.
På denne tida (1920 og 30-talet) byrja også storsamfunnet å ta grep; dei styrande krov at taterfølgja skulle busetja seg av omsyn til skuleplikt og registreringsplikt. I mange tilfelle tok styresmaktene seg av borna - i beste meining får ein tru, men ofte brått og brutalt. Når det gjaldt enkelte "vanskelege" vaksne vart dei gjerne "behandla" med lobotomi og kastrasjon.
Overgangen mellom dei enkelte småhistoriane og forteljarstemmene er ikkje alltid heilt klåre. Alt dette fører til at boka ikkje er lettlest - men likevel altså; dette er ei sterk, lærerik og leseverdig forteljing.
Har du lyst til å ta ein titt på andre søndagssmakebitar?
Klikk deg inn i Flukten fra virkeligheten!

"Tiden, den som ubønnhørlig haster videre, med alderdom og død i sine fotspor, tiden blir til noe lokkende og vakkert når den kan betraktes i et åpent urverk, kan sees som det sitrende og tikkende hjertet i et dobbeltkapslet lommeur av gull"Handlinga i De usynliges by - som er eit framhald av De som ser etter tegn (1997) - er lagt til tida ca. 1925 - 1945. Med klokskap og engasjement fortel Britt Karin Larsen vidare om taterkulturen generelt og "Akselfølget" spesielt.
"Velsignet være vannet, for sin svalhet, skjønnhet, evne til å gjennomstrømme, bære, men aller mest velsignet er vannet når det renser, frelser, redder liv."Det handlar om familie og ære, handel og vandel, kultur og natur, kulde og svolt, kjærleik og hat, liv og død.
"Det finnes lykkelige og ulykkelige netter, det finnes kvinner som pines fordi en mann kommer til dem som vil dem noe, og kvinner som pines fordi en mann lar være å komme, fordi plassen ved siden av dem er kald og tom, natten igjennom."Motsetningane mellom dei reisande og dei fastbuande var mange og store. Bøndene var både fascinert av og redd for den stolte og framande romanikulturen. Dei fastbuande trong gjerne tenestene og varene deira, men ville elles ikkje ha noko med tatrane å gjera. (Og så kan ein gjerne dra parallellar til vår eiga tid og den skepsisen og framandfrykten ein ser..)
På denne tida (1920 og 30-talet) byrja også storsamfunnet å ta grep; dei styrande krov at taterfølgja skulle busetja seg av omsyn til skuleplikt og registreringsplikt. I mange tilfelle tok styresmaktene seg av borna - i beste meining får ein tru, men ofte brått og brutalt. Når det gjaldt enkelte "vanskelege" vaksne vart dei gjerne "behandla" med lobotomi og kastrasjon.
"- De har gjort noe med meg, sier han, - slik at jeg ikke er farlig for noe kvinnfolk lenger. Du vet det, ikke sant? Hun nikker med øynene fulle av tårer. Denne vakre mannen, med en kropp som gudene kunne misunt ham, skal aldri få noe avkom, og heller aldri begjære en kvinne på den måten Gud mente det."Forteljarmåten og skrivestilen i Tatertrilogien er gjenkjenneleg frå Finnskogserien, men her nyttar forfattaren meir dialogar, skrivne på dialekt og med enkelte romani-ord.
Overgangen mellom dei enkelte småhistoriane og forteljarstemmene er ikkje alltid heilt klåre. Alt dette fører til at boka ikkje er lettlest - men likevel altså; dette er ei sterk, lærerik og leseverdig forteljing.
Har du lyst til å ta ein titt på andre søndagssmakebitar?
Klikk deg inn i Flukten fra virkeligheten!
Etikettar:
bokomtale,
Britt Karin Larsen,
smakebit på søndag
15. juni 2016
Biolesesirkel: Kampene - Et portrett av Kim Friele
Tema for Moshonista sin biografisirkel i juni er I rettferdighetens navn, dvs. at me i denne runden skal lesa biografiar om/av folk som har kjempa for rettferd, likskap og likestilling. Kort sagt: Personar som har kjempa for det gode. Eg har lese Ola Henmo sin biografi om den kjende samfunnsdebattanten og homoaktivisten Kim Friele.
Cappelen Damm 2015
159 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib
Du er eit av mine store førebilete, og ei kvinne som har gjort Norge til eit klokare og rausare land, sa kronprinsesse Mette-Marit til Kim Friele då dei to og biografen Henmo samtala på Gol bibliotek tidlegare denne månaden. Det er ikkje vanskeleg å vera enig med kronprinsessa i det.
Arrangementet på Gol var sett i stand i samband med at Litteraturtoget 2016 hadde utanforskap som tema. (Ein kan meina mangt og mykje om det kongelege litteraturtoget, men eg tykkjer at litteratur er av dei meir fornuftige tinga ei kronprinsesse kan engasjere seg i..)
Så mykje nytt byr ikkje biografien/portrettet til Henmo på. Friele ga ut sin eigen sjølvbiografi alt i 1990, så ein kan sei at det meste er kjent frå før. Det er likevel ganske interessant - og ofte morosamt - å lesa om hovudpersonen sine kampar og historia om homorørsla.
Karen-Christine Wilhelmsen vart fødd i Bergen i 1935. Førenamnet vart etter kvart forkorta til Kim og etternamnet gifta ho seg til i 1959. Ekteskapet vart kortvarig, for Kim "fann seg sjølv" etter ei tid. Takka vere tolerante foreldre og ein trygg oppvekst hadde ho også det motet som skulle til for å stå fram offentleg som homofil i ei tid då dette var tabu.
I dag er vel dei fleste av den oppfatning at kjærleik er kjærleik, same kva legning den enkelte har. Men slik har det slett ikkje alltid vore. Heilt fram til 1972 var homofile handlingar mellom menn forbode. (Kvinner/lesbiske var ikkje nemnde eingong i straffelova § 213. Ein kunne ikkje tenkja seg at det gjekk an å ha sex utan at ein mann var med i biletet..) Fram til 1978 var homofili definert som ein psykiatrisk diagnose. I 1981 vart homofile lovbeskytta mot diskriminering - og i 1993 fekk dei rett til partnerskap. Kim Friele bidrog aktivt i alt dette arbeidet sidan ho hadde ei sentral rolle i Det norske forbundet av 1948 og seinare i Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring. Kim Friele er med rette blitt hylla og dekorert for innsatsen sin, men ho har også trakka på nokre tær opp gjennom åra. Det legg ikkje Henmo skjul på i denne boka. Friele brukar "stor plass" og kan nok oppfattast som skarp og stri.
Det er framleis vanskeleg for mange å komma ut or skapet. Difor er det flott at det finst menneske som Kim Friele, som har kjempa og stått på barrikadane på vegne av alle homofile og lesbiske - i ein kvinnealder. Kim Friele og hennar partner og store kjærleik Wenche Lowsow fyller år på same dato. Nyleg (27. mai) vart Kim 81 år og Wenche 90. No er Wenche sterkt redusert av sjukdom, men dei har halde saman i nær 40 år, i gode og onde dagar.
Om få dagar opnar Oslo Pride 2016. Festivalen kjem sikkert til å bli prega av den grusomme hendinga i Orlando for nokre dagar sidan. Ekstremt homohat og homofrykt eksisterer i enkelte fundamentalistiske miljø. Me er komne langt når det gjeld likestilling og likeverd i landet vårt, men homofili er framleis ulovleg i 75 land. Homokampen er framleis aktuell.

biografi,
biolesesirkel,
biosirkel,
Kim Friele,
Ola Henmo
8. juni 2016
Samleinnlegg: Sommarlesing 2016 del 1
Tre kjappomtalar av tre aktuelle sommarbøker. Her får du vita kva du bør lesa - og kva du bør styra unna.
Broren av Joakim Zander
Gyldendal 2016
441 sider, eBokBib
Denne er knallgod! - så god at boka fortener ein meir fengande/skildrande tittel og eit meir spennande omslagsbilete enn det ein ser her. Originaltittelen er Orten (staden, eller som i dette tilfellet: forstaden) og nettopp; eit søskenpar sin oppvekst i ein sliten og tildels ghettofisert forstad er sentral i handlinga.
Broren er skremmande aktuell, frykteleg spennande og uhyre velskriven. Boka er eit frittsåande framhald av Svømmeren, men det er egentleg ikkje naudsynt å lesa den på førehand.
Ein får følgja tre parallelle historiar som heng nøye saman og der informasjonen vert porsjonert ut i akkurat passe dosar. Ikkje spesielt lettlest, men sidene flyg av garde likevel. Handlinga er tempofylt og intens og føregår i Stockholm, New York, London - og i Syria. Terningkast 5.
Sjå boktrailer
Les utdrag frå boka
De som fortjener det av Peter Swanson
Cappelen Damm 2016
317 sider, biblioteklånt papirbok
Ei bok som har fått ganske mykje merksemd og som fortener det. Sidan omslaget er "pryda" med blurbs frå folk som Tom Egeland, Ingvar Ambjørnsen og Asbjørn Slettemark, var eg skeptisk-spent då eg starta lesinga.
Historia fengar frå fyrste stund og interessa vert halden oppe gjennom heile boka, ikkje minst fordi forteljarstemmene og synsvinklane er så skiftande. Boka endrar stemning alt etter kven som fortel. Det at lesaren ikkje heilt kan stola på forteljaren gjer at boka har høg sidevendarfaktor.
De som fortjener det er ein krimthriller som - ikkje utan grunn - er blitt samanlikna med andre bøker med "upålitelege" forteljarstemmer, t.d. Flink pike, Piken på toget og Sannheten og andre løgner. Men denne er betre enn dei her nemnde!
Avslutninga er noko forutsigbar, men alt i alt vart dette ei god leseoppleving til terningkast 5.
Boka om Baltimorefamilien av Joël Dicker
Lydbokforlaget 2016
Speletid 13:56, opplesar Bendik Østbye Johannessen. Lytteeksemplar.
Enno ei bok som har fått ei viss merksemd - men denne innfridde ikkje på nokon måte forventningane mine. Etter den geniale Sannheten om Harry Quebert-saken gledde eg meg til å ta fatt på denne - og vart skikkeleg skuffa. Dette er så tregt, så saktegåande og så lite spennande - at eg ikkje skjønnar at eg har klart å fullføra. Eg gjekk og venta på at boka "skulle ta seg opp" etter kvart - noko som berre skjedde til ein viss grad. Boka er sikkert meint som - og kan oppfattast som - ei gripande familieforteljing, men for meg vart dette ein meiningslaus og melodramatisk såpeopera. Slutten er så klissete at eg vrir meg i ubehag. Trass i at forfattaren er sveitsisk er handlinga grusomt amerikansk.
Lydboka baud likevel på ei positiv oppleving: Opplesaren har ei behageleg stemme, han les i eit passe tempo og med god innleving. Men boka fortener berre terningkast 2.

Joakim Zander,
Joël Dicker,
Peter Swanson,
samleomtale
1. juni 2016
Oppsummering mai
Påbyrja i april, fullført i mai:
Pierre Lemaitre - Vi ses der oppe - Fransk roman - Lånt papirbok biblioteket
Harlan Coben - Når noen bare forsvinner - Amerikansk krim - Lydbok Storytel
Helga Flatland - Vingebelastning - Norsk roman - eBokBib
Lest i mai:
Odd Harald Hauge - Everest - Norsk krim - eBokBib
Henning Mankell - Svenske gummistøvler - Svensk roman - Lytteeksemplar
Jens Lapidus - Sthlm delete - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Bjørn Olav Jahr - Hvem drepte Birgitte Tengs? - Norsk krimdokumentar - eBokBib
Ola Henmo - Kampene: Et portrett av Kim Friele - Biografi/dokumentar - eBokBib
Peter Swanson - De som fortjener det - Amerikansk krimthriller - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Joël Dicker - Boka om Baltimorefamilien - Sveitsisk roman - Lytteeksemplar
Joakim Zander - Broren - Svensk krim - eBokBib
Oppsummert:
Månadens høgdepunkt:
Vi ses der oppe, De som fortjener det og Sthlm delete.
Månadens nedtur:
Vingebelastning.

- 4 ebøker, 2 lyd, 3 papir
- 7 lånt, 1 lytteeksemplar, 1 abonnement
- 4 krimromanar, 3 andre romanar, 1 biografisk dokumentar, 1 krimdokumentar
- 4 norske, 2 svenske, 2 amerikanske, 1 fransk
- 8 menn, 1 kvinne
- "Nye" forfattarar: Hauge, Jahr, Henmo, Swanson
Vi ses der oppe, De som fortjener det og Sthlm delete.
Månadens nedtur:
Vingebelastning.
Abonner på:
Innlegg (Atom)