Lenge sidan sist Dikt og slikt-innlegg her på bloggen - men til gjengjeld deler eg her og no det finaste diktet eg veit om.
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Frå samlinga Dropar i austavind (1966)
Diktet er (naturlegvis) også med i samlinga Olav H. Hauges vakraste dikt (Samlaget 2014).
Forlaget presenterer boka slik:
"Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar. Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok.
Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar."

