Eg har sagt det før, men må berre gjenta:
eBokBib er eit supert tilbod. Eit par tastetrykk på mobilen eller nettbrettet - og vips så får ein ferske bøker, rett i fanget, heilt gratis. I løpet av dei to åra eg har hatt tilgang til eBokBib har eg lånt omlag 70 bøker på den måten. (Ikkje alle har falle i smak, men då har eg berre levert dei inn igjen, delvis leste eller uleste, med eit nytt kjapt klikk).
For kort tid tilbake vart fire av årets norske krimbøker tilgjengelege på eBokBib. Den fyrste - og absolutt beste - var
En femte årstid av Torkil Damhaug. Den boka ga eg
terningkast 5+, sjå samleinnlegget
Påskelesing. Her er mi meining om dei andre tre.
Paradisplaneten av Jørgen Brekke
Juritzen 2016
493 sider, lånt ebok eBokBib
Eventuelle forventningar om ei realistisk kriminalhistorie må leggjast vekk før ein les bøkene i Singsaker-serien. Jørgen Brekke sine bøker er av typen underhaldningskrim og må lesast og vurderast deretter. Dette er bok nummer fire i serien.
Forfattaren har mykje på hjartet og fortel om spektakulære og blodige drap som vert "sausa i hop med" finurlege historiske og filosofiske forklaringar. Stikkord er avhogde hovud, hemmelege brorskap, mystiske kodar og konspirasjonar, samt vitenskapshistorie og kulturhistorie. Handlinga er tidvis ganske actionfylt og går føre seg i forskjellige miljø, på fleire ulike tidsplan og vert fortalt frå mange synsvinklar.
Stakkars Odd Singsaker får verkeleg prøvd seg i denne historia. Brekke har ei forholdsvis stø hand over det heile og let lesaren gradvis få ei oppklaring av dei ulike trådane.
Terningkast 4.
Paradisbakken av Marit Reiersgård
Gyldendal 2016
399 sider, lånt ebok eBokBib
Trass i likskap i tittelen, er denne boka av eit heilt anna slag enn Brekke si bok. Dette er krim meir i
Karin Fossum og
Unni Lindell-gata: Velskrive, finurleg, kvardagsleg - men også (eller kanskje nettopp difor) uhyggeleg. Det er tydeleg at Reiersgård legg vekt på å skapa grundige og gjennomarbeida historiar med truverdige karakterar.
Bok nummer tre i serien om etterforskarparet Bitte og Verner er bra. Dei mange forteljarstemmene gjer at ein ser dei ulike hendingane frå "alle" kantar - og ein får den eine overraskinga etter den andre. Historia endrar karakter alt etter kva som skjer og kven som fortel. Hendingar i notid heng saman med hendingar i fortid, men gjerne på andre måtar enn ein fyrst har trudd.
Boka er spennande utan å vera spesielt heseblesande. Reiersgård gir lesaren tid og rom for ettertanke. Ei god leseoppleving til
Terningkast 4+.
Maestro av Geir Tangen
Mata forlag 2016
372 sider, lånt ebok eBokBib
Nok ein underhaldningskrim. Denne er av den lettbeinte typen, med action, overraskingar og pussige situasjonar, - lettlest og fortlest.
Forfattaren har vore heilt open på at han har
pøst på med kjende krimlitteratur-klisjéar i boka si. Det er greit nok, men eg vil hevda at klisjéane er like irriterande om dei er skrivne "med vilje".
Me møter mange gjenkjennelege karakterar, for eksempel: Nysgjerrig journalist med nerve- og rusproblem. Den deliriske sjefen hans. Dyktig kvinneleg etterforskar med utfordringar i privatlivet. Den sjølvgode Kripos-etterforskaren. Samt ein hevngjerrig og utspekulert seriedrapsmann. Me har lest om dei før, mange gonger..
Historia har bra driv og er godt komponert, men med litt for mange krumspring mot slutten etter min smak.
Det eg likar
minst i denne boka er stilen. Du kan godt vera tøff i trynet om du heiter Jo Nesbø eller Harlan Coben. Her er det dumt, rart og påtatt. Men dette har òg med klisjéar å gjera.
Plottet er fiffig, men ikkje genialt og ikkje særleg elegant. Og - om ein har lest
Iréne; heller ikkje spesielt originalt.
Konklusjon: Ein del å gå på, men likevel OK tidtrøyte og godkjent debut av
Bokbloggeir.
Terningkast 4 minus.